Vener av Bernhard

Page 1

s c H warzen B ac H

vener av B ern H ard a nnemarie
a nnemarie Schwarzenbach
BERNHARD frå ty S k ved r una k val S und S kald 2024
VENER AV

Skrifttypane i denne boka – Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk – er utvikla spesielt for Skalds klassikarar av skriftdesignaren Stefan Ellmer. Dei er ei indirekte omsetjing av dei ikoniske skrifttypane Nicolas Jenson utvikla i Venezia rundt 1470, med inspirasjon frå den britiske og amerikanske rørsla av uavhengige forlag som tidleg på 1900­talet utvikla sine eigne versjonar av desse gamle skrifttypane. Målet med skrifttypen Skald er å presentere dei nye omsetjingane i Skalds serie på ein klar, unostalgisk, open og inviterande måte, men likevel med særpreg.

Støtta og innkjøpt av Norsk kulturråd.

orig inal verk : Freunde um Bernhard (Amalthea-Verlag, Zürich 1931)

t ek S t : Annemarie Schwarzenbach o m S etjar : Runa Kvalsund, mno

S eriede S ign : Andreas Töpfer & Øystein Vidnes

S at S : Øystein Vidnes

i llu S tra S jon : Andreas Töpfer

f ontar : Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk av Stefan Ellmer

Pa P ir : Munken Print Cream 1.8, 90 g

t rykk og innbinding : Livonia Print

© S kald 2024 www.skald.no

i S bn 978 ­

7959 ­ 368 ­ 3

82
97 882 79 59 36 83
9788279593683
ISBN

Klokka tolv middag S tid trenger folk seg ut av arbeidsplassane sine, bussane og trikkane dannar køar, på dei store plassane står politifolk i kvite hanskar og regulerer trafikken, syklistar skyt seg fram mellom bilane som står på rekke og rad ved eit kryss, stadig nye straumar av folk trenger seg ut av opne dører, skundar seg ned trappene og blandar seg med folkemengda som hastar forbi ute på fortauet. Ei spedbygd, fornem dame prøver uvørdent å presse seg fram mellom dei ventande bilane, ein ung mann sit ved rattet i bilen sin, tutar og vinkar mot henne. Han har ikkje hatt på seg, så det mørke håret ramlar ned i panna, han er solbrend, sjølv hendene på rattet er brune, det kan ein sjå fordi han køyrer utan hanskar. Endeleg gir politibetjenten klarsignal, utolmodig gir Gert gass og køyrer i ein lang kø tvers over plassen. Akkurat då kjem ungguten Bernhard ut frå ei sidegate. Han kjem frå pianotime og ber mappa klemd under venstre arm. Han har heller ikkje på seg hatt, men det blonde håret hans er

7

velkjemt og let den klåre panna synast. Han følgjer knapt nok med på vegen, han kjenner han inn og ut, han går inn i ein roleg allé, der huset til bestemora ventar i enden, bak ein brei gitterport. I mellomtida har menneska spreidd seg utover, berre enkelte bilar trillar gjennom gatene, restaurantane fyller seg opp, ein høyrer tallerkenar som klirrar, og gjennom vindauga ser ein serveringsjenter og kelnerar med høgstabla brett. Det ryk frå alle skorsteinar, i rolege kvartal stig svartkledde menn ut av bilane sine, sjåførane helsar og køyrer vidare, det knasar i grusen, og hundane gøyr rasande bak gitteret.

Den kvite hunden Flock, som er frykteleg skiten og nettopp heimattkomen frå tur, hoppar opp på Ines, ho dyttar han vekk og opnar ytterdøra. Ein ung tenar ilar til, tar hunden i halsbandet og fortel at husets herre allereie er på plass i spisestova. Framfor spegelen børstar Ines det mørkblonde håret som har ein vakker, matt glans. Så går ho inn i spisestova, der tenaren akkurat er i gang med å servere, og kyssar far sin, som sit og ventar.

Middagsroa breier seg over byen.

Ungguten Bernhard, som av venene sine har fått kjælenamnet Berchen, sit ved pianoet i stova til bestemora om ettermiddagen og øver. Pianotimen gjekk greitt nok, men læraren sa at skalaane hans minte meir om ein tursti enn ei jamn og bein asfaltgate, og denne samanlikninga, som ikkje var til å misforstå, fekk Bernhard til å ta den tøffe avgjersla om å øve skalaar ein time kvar dag. Etterpå, som løn, skulle han få gå laus på det vanskelege, men

8

lykksalege studiet av ein fuge av Bach, den store meisteren, som Bernhard inntil nyleg ikkje hadde sett særleg pris på, heilt til det openbert mektige ved Bach plutseleg hadde gripe tak i og overvelda han. Ta for eksempel den fjerde fugen frå «Det veltempererte klaver», som fylte han med audmjuk ærefrykt og gjorde kjenslene hans reine, og som han ikkje kunne kalle anna enn overjordisk. Men førebels øver Bernhard altså skalaar. Samvitsfullt prøver han å hugse alt som læraren med evigvarande tolmod har prenta inn i han, kvar oppløyste spenning, kvart lette og like fullt intensive trykk ned på tangentane, kvar jamne og smidige rørsle bortover med armen. Læraren gjentok for han at han måtte trenge inn i pianoet, som om tonane var til å ta og føle på, til å forme, halde fast. «Il faut modeler le piano» er eit av favorittuttrykka hans, frå Paris, for han er fransk og har planar om å returnere til sin sårt sakna fødeby i nærmaste framtid. Han ville gjerne ha med seg eleven sin, Bernhard, den einaste unge tyskaren med eit talent han verdset, og som han med glede vil utdanne vidare.

Bernhard har ikkje så reint lite lyst til å bli med, men han er usikker på om foreldra hans vil gå med på den underlege planen. Han er knapt sytten år gamal og skuldar dei all lydnaden til ein som enno ikkje er ferdig med skulegangen. Ein kunne også tenkje seg at dei av mangel på pengar ikkje ville la han studere i utlandet; atskillege kommentarar frå faren har fått Bernhard til å trekke denne slutninga, sjølv om dei har ein stor eigedom på landet med hestar og bilar og lever behageleg, med tilsynelatande

9

god økonomisk tryggleik. Bernhard blir på ingen måte uroleg av tanken på å vere mindre rik enn han tidlegare har trudd. Dei fleste av venene hans har ingen pengar, særleg ikkje konservatorieeleven Ferdinand, som har eit spel som begeistrar han og gjer han misunneleg. Gert har derimot rike foreldre og eig ein bil, og Ines er sjølvsagt også rik og bortskjemd; det ville vere absurd å førestille seg Ines i noka form for armod. Men som sagt, Gert og Ines er unntaka, dei andre et på slutten av månaden alltid i ei lita kneipe, der ei jente som heiter Anna, serverer, og der ein berre får kjøpt pølse og øl.

I omgangskrinsen til Bernhard er det også nokre skulekameratar som alltid er pent kledde, og som har ein anstendig slump vekepengar til rådvelde. Dei er ikkje like nære som den nettopp nemnde Ferdinand og hans musikalske studievener. Bortsett frå guten som heiter Karl. Ein gong i veka inviterer foreldra hans Bernhard på middag, og dei gjer latinleksene saman. Og det er også den vesle, blonde og barnslege Hans Ahlberg, som har ei stor, vakker mor. Ho har uvanleg glatte hender, med handflater mjuke som fløyel. Bernhard gløymer aldri den gongen ho besøkte han då han var sjuk, og korleis ho strauk det varme ansiktet hans. Karl og Hans Ahlberg er dei einaste venene han har frå skulen, for Bernhard lever på eit vis eit delt liv, og jamført med musikken, hans eigentlege hjartebarn, spelar skulen ei ganske lita rolle. Det betyr ikkje at Bernhard er ein dårleg elev, han gjer skulearbeidet flittig og utan strev og synest dei fleste faga er interessante. Riktig nok er denne interessa tett knytt til lærarane,

10

særleg i matematikken, som til å begynne med valda han mang ei bekymring, og som verka nokså uforståeleg, til det omsider dukka opp ein ny lærar, ein klårtenkt ung mann med ei behageleg stemme ein gjerne ville lytte til. Han greidde å få nydeleg meining i dei innvikla og tidlegare så uforståelege setningane, alt passa saman på forbløffande vis, og dessutan kunne ein ane at alle tilfella han nemnde, berre var enkelteksempel på eit større prinsipp som dei alle var styrte etter. Sanne, gripande perspektiv openberra seg, samanhengar dukka opp og synte til sjuande og sist fram heile verdsaltet som eit enno ikkje klårt forståeleg, men overveldande, beundringsverdig system, som fylte ein med andakt og brennande interesse.

I slike augeblikk tenkte Bernhard på dei kunstferdig slyngande og feilfrie fugane til Johann Sebastian Bach, dei svinga seg mot himmelen. Men tankane rota seg bort innimellom, og han vart fullstendig forfjamsa då den unge læraren ein gong brått ropte han opp og bad han om å gjenta det han nettopp hadde forklart. Bernhard tagde forvirra, og læraren spurde kva det var han hadde tenkt på. Han skulle gjerne fortalt kor matematikken hadde ført han hen, men samanhengen verka uklår, og han var redd for å bli misforstått. Læraren spurde venleg om Bernhard hadde forstått oppgåva, og han reiste seg modig opp og gjekk fram for å skrive formelen på tavla. Elles var Bernhard utan tvil ein smule overarbeidd, for i tillegg til skuleoppgåvene øvde han flittig, og på kveldane måtte han dessutan gjere teorioppgåver, som kravde si tid. Han vart vekt tidleg om morgonen, men sovna att,

11

før han vakna forskrekka, kasta seg ut av senga, kledde på seg mens han fraus og storma av stad, utan frukost, til skulen – som han alltid rakk i siste sekund.

Gert hevda at det var usunt å arbeide så mykje, særleg når ein studerte musikk, måtte ein unne seg nok søvn, og det å gjere oppgåver om natta var bortkasta. «Kvifor skal du i det heile ta artium», seier han, men Bernhard insisterer på at han må gå ferdig skulen etter farens ønske og for å gjere han tilfreds, uavhengig av om han sjølv vil det eller ikkje. Det skal seiast at Bernhard er ein ærgjerrig unggut, han blir smigra av å bli oppfatta som talentfull på fleire område, og han vil gjerne meistre alle utfordringar. I rak motsetnad til Gert, som gjer narr av sånt, som om han foraktar alle tilløp til ambisjon. Det kan ikkje berre henge saman med at Gert har pengar og eig ein bil, eller at han er ven med Ines. Han er ikkje innbilsk i vanleg forstand, han er til og med plaga med hyppig og bitter sjølvkritikk, for det einaste han er interessert i, er å måle, som han har ei uttalt dragning mot og sikkert òg eit talent for. Men han blir i liten grad oppmoda til å drive med det av dei rundt seg. Foreldra vil at han skal kome i gang med ein karriere, og han bestemte seg derfor tilsynelatande fullstendig uinteressert for å studere juss. Men han tar det ikkje på alvor, han er sjeldan å sjå på førelesingane, han bruker heller tida på å teikne skisser. I lys av dette er det slett ikkje merkeleg at han stiller seg likeglad og nærmast foraktfull overfor læringsiveren til sin unge ven Bernhard. På den andre sida driv han med kunsten sin i skjul og lever derfor

12

støtt i tvil om han kan rettferdiggjere slik verksemd. Det betyr at Gert ofte tviler på talentet sitt, og at han skjuler denne uvissa bak ei freidig og dominerande framferd. Han er frykteleg kjenslevar, han elskar venene sine Bernhard og Ines høgt, særleg Ines kjenner betre enn nokon grunnen til den ofte forstyrra, feminin­sarte sensitiviteten som grensar til liding, og ho veit korleis ho kan skåne han. Bernhard beundrar han og er lykkeleg over venskapen. Gert på si side elskar Bernhard på ein uvanleg og urovekkande måte, han synest han er vakker og blir treft av hans slåande ungdom. Det finst ikkje større glede for han enn å få teikne Bernhard og å få ha han nær seg. Det er ikkje utan grunn at han har fått for vane å reise ut av byen kvar laurdag saman med han og Ines. Til å begynne med hadde Bernhard berre dratt bort til Gert etter middag, men han syntest det var kjedeleg å sitje still, så han føreslo at Gert heller kunne kome til han, så kunne han teikne han mens han øvde på piano – då ville ingen av dei sløse bort tida. Etter det begynte Gert å kome temmeleg ofte. Bestemor til Bernhard likte han godt, for han var velseda og tok lite plass, og ho oppmoda han innimellom til å bli til middag.

Mens han teikna, kom Gert ofte med små kommentarar som gjorde Bernhard flau. Støtt sa han ting som: «Berchen, gut, du har eit pokker så vakkert hovud», så Bernhard raudna og senka blikket blygt ned på tangentane. Ein gong la Gert merke til dette, reiste seg og tok hovudet til Bernhard mellom hendene sine. «Det er inga skam å vere vakker», sa han, og då Bernhard prøvde å vri

13

seg forsiktig laus, bøygde han ansiktet hans litt opp og kyssa han sakte på munnen.

På laurdagar er det ikkje teikning. Etter middag ventar Bernhard i spenning på den velkjende tutinga og tar imot dei innstendige oppmodingane til bestemora om å køyre forsiktig, ikkje miste toget om kvelden og om å helse til foreldra. Kvar laurdag drar nemleg Bernhard heim til foreldra, ein rutine han aldri kjem til å vike frå, sjølv om det hindrar han frå å takke ja til Gerts invitasjonar til å bli med på større utfartar. Det plagar han, for Bernhard kan ikkje tenkje seg noko finare enn å reise gjennom det sommarlege landet med dei kjære venene Gert og Ines, der dei et på små vertshus under store lindetre, søv i grove senger som luktar nyvaska sengeklede, der sola trenger inn gjennom vindauget om morgonen, og der dei høyrer lyden av ein sildrande brønn ute på tunet.

Men førebels må Bernhard nøye seg med laurdagsettermiddagane, han blir køyrd til byen om kvelden og følgd til toget, for så å reise heim med handkoffert og skuleveske, slik det sømer seg for velseda gutar. Denne siste setninga stammar sjølvsagt frå Gert, men er ikkje slemt meint.

I dag skal Ines vere med. Det skjønar Berchen fordi Gert er merkeleg presis og tutar vilt utanfor huset. Bestemora blir forskrekka, ho ropar at Bernhard må skunde seg, ein skal ikkje la vener vente. Og Berchen styrtar ned trappene og rett inn i bilen, der døra allereie står open. Først no kjem han på at han har gløymt skuleveska si og vil springe inn att, men Gert seier: «Tøys, ver no

14

berre glad for at du slepp å arbeide for ein gongs skuld, ditt bleiknebb», og så køyrer han av stad, utan å bry seg om Berchens tydelege fortviling. Ines ventar utanfor døra, ho har på seg ei lys kåpe og lyse hanskar, og ho har Flock i band ved sida si. Flock, som Bernhard av og til går tur med, er ein ganske liten hund av tvitydig opphav, med ein pels som skal haldast kvit, og som det derfor er ganske mykje jobb med. I dag er han gråmelert, og Ines unnskylder seg, ho har dessverre ikkje hatt tid til å vaske han, og Franzl, hustenaren, har fri. «Venen din, Franzl», seier ho til Gert, «som eg skulle helse frå.» Gert har eit godt auge til Franzl, som er ein vakker, ung mann, høg og blond og mykje sterkare enn Berchen, sjølv om han berre er eit år eldre. Ines liker ikkje Gerts forkjærleik for tenaren, sjølv om ho ikkje har noko imot Franzl. Men det plagar henne, som ho seier, at ho ikkje veit om Gert eigentleg berre kjem på besøk til henne for å få sjå Franzl. «Men altså», protesterer Gert, mens han tar den strilynte Flock mellom føtene sine, «du kan jo ikkje bruke Franzl som sjalusigrunn», men Ines seier, heilt utan latter, at ho kan gjere som ho vil, for ho er eldst, og dessutan blir Franzl forkjælt og frekk når Gert driv og gir han sigarettar og i det heile skjemmer han bort. Bernhard, som synest diskusjonen er latterleg, merkar på stemma til Ines at dette eigentleg handlar om noko meir, og han teier brydd og klappar Flock. Men i mellomtida har Ines blitt opptatt av noko anna, ho legg armen sin rundt skuldra til Berchen, flyttar seg litt til sida for å gi han plass, og no ligg byen bak dei, åkrane breier seg utover, den mørke skogslinja

15

strekker seg langs horisonten, støvet kvervlar, barna i vegkanten vinkar og ropar, og vinden tar nesten pusten frå Bernhard.

Det er ganske slitsamt å sitje mellom Gert og Ines, for Bernhard må støtt fungere som mellomledd mellom dei: «Ines», ropar Gert, «hald styr på Flock, han er i vegen», og Ines, som ikkje forstår: «Kva seier han, Berchen?», mens Bernhard allereie har bøygd seg over Flock og tar han opp i fanget. Så begynner Ines: «Kvifor kom du ikkje i går? Professoren din var der, og han sa at han ikkje har sett deg på førelesing på tre veker, det hadde vore veldig klokt av deg å ta ein prat med han!» Gert ropar: «Eg forstår ikkje eit ord», og Berchen gjentar: «Det hadde vore veldig klokt av deg …», men Gert avbryt han igjen, klok var eit forbode ord på laurdagar, dessutan hadde han allereie kasta vekk sjansane sine.

I dag har dei reist langt, og då dei sit og drikk kaffi under eit stort lindetre, oppdagar Bernhard plutseleg at klokka allereie er fem, og at han kjem til å miste toget. Gert synest det er herleg. «Då må du bli her med oss», seier han, «du kan velje om du vil sove hos meg eller Ines, og så kan vi ringe foreldra dine og late som om vi er eit gamalt ektepar!»

Berchen er fortvilt, men han tør ikkje seie det, for Gert kjem berre til å le av han. Ines, som ser ansiktet hans, seier: «Kjem foreldra dine til å bli veldig sinte?»

«Ja.»

«Sjølv om eg ringer dei?»

«Ja.»

16

Det ligg ei slags uforklårleg fortrylling over romanen Vener av Bernhard , skriven av den tjuetre år gamle sveitsiske forfattaren Annemarie Schwarzenbach i 1931. Som lesar blir ein tatt med rett inn i ein sprell levande storby og ei intens, innkapsla ungdomstid, der alt synest å stå på spel. Kraftsenteret er den 17 år gamle musikkonservatoriestudenten Bernhard, og rundt han ein omgangskrins av unge vaksne i Berlin og Paris. Som var dei magnetiske, blir dei dratt mot og vekk frå kvarandre – og kunsten. Dei er på jakt både etter meining og seg sjølve, denne «tapte» etterkrigsgenerasjonen, og er desperate etter å vise «at dei duger», slik Bernhards veninne Ines formulerer det. Den overveldande kjensla av einsemd prøver dei å lindre med kjærleik, ofte ulykkeleg. Dei er forelska, produktive, uverksame, frustrerte, skamfulle, ulykkelege, fulle av pågangsmot og til tider destruktive, og dei kjempar fåfengt for å ikkje la seg bli definerte av andre, både foreldregenerasjonen og jamaldringane, og for å lausrive seg frå kjenslene sine.

Vissa om kva som skjer i Europa utover i 1930­åra gjer sjølvsagt noko med lesaropplevinga, og har kanskje ikkje så reint lite å

183 merknad

seie for denne kjensla av fortrylling som oppstår i møte med boka. Det er som forteljaren i boka, som følgjer ungdommane berre nokre månader, lar oss få sjå inn i ein tidskapsel. Berlin på denne tida var enno ein fristad for kunstnarar og skeive, og boka er i mine auge – trass i at ho også rommar eit djupt eksistensielt alvor – fylt av ei kjensle av at alt er mogleg, ei dirrande framtidstru, slik eg les det. Storpolitikken og samfunnskritikken er på ingen måte fråverande, men drivkrafta opplever eg snarare som grunnleggande menneskeleg: som ein leit etter å høyre til, etter ein plass i noko eller hos nokon, og eit forsøk på å forsvare den. Språket er direkte, utilslørt, moderne; og det overraska meg då eg las boka første gong – nesten hundre år etter ho vart skriven. Som omsetjar må ein alltid tolke, utsegn, samtalar, hendingar og personar, så også her. Eg har prøvd å ikkje miste på vegen det som eg i lesinga opplevde som så nærverande.

Boka er sagt å vere sjølvbiografisk, og kjensla av å ikkje høyre til kan vi truleg rekne med ikkje var ukjent farvatn for forfattaren. Ein kan lese om den sveitsiske forfattaren og journalisten Annemarie Schwarzenbach som var fødd i 1908 i Zürich, at ho vaks opp i ein rik industrifamilie med slektsband til Bismarck. Som 23­åring vart ho ferdig med ein doktorgrad i historie (same år som ho skreiv debuten Vener av Bernhard ), og ho var sjølv ein aspirerande pianist. Schwarzenbachs liv vart kort og eventyrleg, fylt av lysande talent og ulykkeleg kjærleik. Ho var nær ven av forfattaren Thomas Mann og familien, og saman med sonen Klaus Mann og dottera Erika Mann, som ho var djupt forelska i, engasjerte ho seg i antifascistisk arbeid. Ho måtte ta avstand frå sin eigen familie som var nazisympatisørar. Når ho døyr i ei sykkelulykke som 34­åring, i 1942, har ho reist Europa og Asia

184

rundt som journalist og fotograf, budd fleire år i Teheran (i eit fornuftsekteskap med den homofile, franske diplomaten Claude Clarac), hatt forhold til mange kvinner og vore avhengig av morfin i årevis. Bilda av henne viser at ho hadde eit androgynt oppsyn, og fråsegner frå dei som kjende henne, vitnar om at ho var eit ikon i kunstnarkrinsane både i levetida si og etter. Kallenamnet ho ofte fekk, var engel, om det var den herjande eller den utrøystelege –eller erkeengelen Gabriel.

Av alt dette kan ein sjå for seg at ho hadde ei magnetisk kraft på omgivnadene sine, at ho var vanskeleg å sette i bås og at ho var modig, lidenskapeleg, skjør og søkande, alt på same tid – ikkje ulikt slik vi har lært å kjenne Bernhard og fleire av venene i krinsen rundt han. For det er i boka eg først og fremst opplever å møte forfattaren: i Ines, dottera frå den respekterte familien som nektar å gifte seg; i Gert, den lidenskapelege kunstnaren som aldri lever opp til sine eigne krav; i det talentfulle søskenparet Leon og Christina med den androgyne og suggererande framtoningen (kanskje inspirert av Mann­søskena?) som vekker merksemd overalt der dei går, og til og med den grenseoverskridande og utsvevande Charles, dømt til å vere ulykkeleg. Og i Bernhard, sjølvsagt, den sarte, unge pianisten som reiser aleine til Paris, elska av alle – Schwarzenbach var sjølv ein dyktig pianist. Felles for dei alle er kjensla av å ikkje passe inn.

Runa Kvalsund

oS lo, februar 2024

Livet vårt er eit einaste stort spørsmål.

omsett av runa kvalsund
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.