Segner frå Nordhordland

Page 1

KJERSTI ISDAL

designar, utdanna ved Kunsthøgskulen i ­Bergen. Ho er også utdanna landskaps­forvaltar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Isdal har ­tidlegare illustrert bøkene Segner frå Sogn (2004) og Soga om Håkon den Gode (2001).

Folketrua er full av mytiske vette og magiske råd for å verne seg mot desse. Spora etter magien finst i gamle bygningar, i skikkar og folkekunst. I segnene lever usynlege vesen livet sitt parallelt med menneska. Dei går under namn som julereia, huldrefolk og tussar. Ting må gjerast på rett måte og til rett tid, viss ikkje kan det gå ille. Men det finst ­eldgamle magiske verktøy ein kan nytte for å verne seg. Boka samlar eit breitt utval av segner frå Nordhordland og tek oss med inn i den magiske verda til forfedrane våre.

ISBN 978-82-7959-367-6

ISBN 978-82-7959-367-6

9

788279

593676

SEGNER FRÅ NORDHORDLAND

Kjersti Isdal (f. 1972) er illustratør og ­grafisk

Kjersti Isdal

SEGNER

FRÅ NORDHORDLAND Mytiske vette og kulturhistorisk magi


Samla og illustrert av Kjersti Isdal Bokarbeidet har fått tilskot frå: Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse Vestland fylkeskommune Alver kommune

Bokdesign

Kjersti Isdal

Papir

Munken Lynx 150 gr

Fontar

Minion Pro, The Sans

Trykk

Livonia, Riga

© SKALD 2023 www.skald.no ISBN 978-82-7959-367-6 Forsats: Kart over Nordhordland (Søndre Bergenhus Amt), 1750. Kartverket.


Kjersti Isdal

SEGNER

FRÅ NORDHORDLAND Mytiske vette og kulturhistorisk magi

Skald 2023


Føreord Segnene i denne boka er henta frå Vestlandet, med kjerne i Nordhordland. Dei er leita fram frå gløymsla, frå mange ulike kjelder. Her møter vi vette som huldrefolk, tunkallen og julereia, slik dei er forma av kulturtradisjon og landskapet i Norhordland. Segna fortel oss om korleis menneska har levd her gjennom hundrevis av år, i ei tid då evna til å tilpasse seg naturen ein levde i, betydde liv eller død. Den sterke folketrua speglar levemåten, og har sett mange spor etter seg, både fysiske og immaterielle, med røter tilbake til eldgamle tider. I arbeidet med illustrasjonane har eg leita etter spora som segnene har etterlate seg i Nordhordland. Det kan vere teikn og riss på bygningar, gjenstandar, stadnamn og kulturtradisjonar. Dei spring ut ifrå menneska si åndeverd, folketrua, og er med å gje liv til segnene og vetta. Dei fleste av segnene er ukjende for dei som veks opp i dag. Kanskje denne samlinga kan vere med på å formidle segnene vidare til nye generasjonar, slik at vi blir betre kjende med forfedrane våre og kan byggje bru mellom fortid og notid. Kjersti Isdal


Innhald 7

Forteljingar på vandring

81 Jelltveittussen

Sjøvette og troll

82 Tussane i Føssmarkjæ

139 Marmælen

Julereia

85 Trødlkadlen i Hoplandsurå

141 Krakje

19

Mongsmøssnattæ

90 Figurkrot i kvernhus og løer

143 Sjøorm

21

Jolerætlå

23

Dei gamle tunrekkjene

25

Raudbergreia

95 Tuftekallen på Hosdal

29

Sjølv brende meg!

100 Tunkallseng i bu og loft

30

Jolareidi i Osterfjorden

103 Markavettet

151 Olavs-skjepet og Kjeringasted'n

35

Julereiæ utfor Yksnaberje

105 Tunkadlane so slost

153 Kjedlestein

36

Jul, midtvinter og solkverv

107 Tussen som øydela juleølet

155 Kyrkja i Eivindvik

108 Ølbrygging

157 Kyrkjestad og Gulating

145 Storormen i Instefjord

Tunkall

Huldrefolk

147 Frøkle

Kongar og røvarar

159 Kyrkjeflytting

Attegangarar

45

På vitjing i ein huldregard

47

Huldrejenta

117 Varsel om storm

163 Dei tre skottejentna

49

Huldrekua vart vraka

119 Utburden får namn

164 Legenda om St. Sunniva

53

Det heilage kornet

55

Huldregåva

59

Tussebordet på Seim

121 Svartabokjæ

173 Tjuane i Tjuasundet

60

Huldreelsk

123 Honnakjæringe frå Lindås

175 Svartedauen

63

Hermann og huldra

124 Helbreding

177 Frostvinter

66

Jonsok, midtsommar og solkverv

127 Åtgjerd mot ålskot

179 Merkedagar gjennom året

69

Tussefriaren

129 Dragedokka

71

Rike-Magne og dei underjordiske

131 Trollkattspya

185 Kjelder

72

Kritkrot i stova

133 Bjørnegrava

189 Notar

79

Bytingjen

135 Mara i nota

161 Kyrkjeklokkene i Sandnes

167 Hjelvikkongen og Havrakongen

Trolldom

171 Alskokongen og Lurekongen



Dei trudde tilværet var fullt av slike krefter so ein nok ikkje kunde høyra eller sjå alltid, men som ein jamt kunde merka verknaden av.1 M A S FJ O R D E N

Forteljingar på vandring Til alle tider har menneska hatt trong til å finne forklaringar på det som verkar uforståeleg. På mørke kveldar, rundt elden, har dei gode forteljingane blitt til. Forteljingar som har vandra frå stad til stad, gjennom land og over kontinent. Slik er det òg med segnene frå Nordhordland. Mange av segnene er vandresegner frå den store verda, omforma gjennom hundrevis av år. Andre har djupe røter i vår norrøne arv. Mange av dei har fått si heilt eiga utforming i Nordhordland. Segner gjev seg ut for å vere sanne, og er ofte nemnde med stad og namn på personar. Naturmytiske segner handlar om møte mellom menneske og underjordiske eller overnaturlege makter. Folketrua er full av mystiske vette, og magiske råd for å verne seg mot desse. Huldrefolk, tussar og underjordiske, det er alt samen namn på usynlege, sosiale naturvesen som ifølgje folketrua heldt til overalt der folk ferdast i haugar, berg, urer, steinar, tre, under fjøs og stall, på stølane og i naustet. Dei er ikkje alltid så lette å skilje frå einannan, men vi kallar dei gjerne for

7


vette, eller som i Nordhordland, tussar. Dei er ofte knytte til garden og arbeidslivet på ein eller annan måte, i kyststrøka like mykje til sjøbruk og fiske som til jordbruk og seterdrift. Historiske segner og opphavssegner tek ofte utgangspunkt i verkelege personar, hendingar eller naturkatastrofar. Til dømes segner om Olav den heilage, om røvarar eller om svartedauden. Til saman utgjer segnene våre ei skattkiste full av skumle skapningar og magi, og står ikkje tilbake for den verda som er skapt gjennom kjende bøker og filmar. PÅ S K A T T E J A K T – S P O R E T T E R S E G N E N E

Finst det ein samanheng mellom folketrua slik vi finn henne i segnene, og kulturarven vår? Folketrua har sett mange immaterielle spor etter seg i skikkar og arbeidsmåtar, i ord og uttrykk, vers og songar, og som forklaring på namn i landskapet. Men vi finn òg fysiske spor. Enkelte segner nemner gjenstandar som framleis finst, som Tussebordet på Seim, eller tunkallsenga, slik vi finn henne på garden Brakvatne på Osterøy. Det kan vere symbol brukte som motiv i folkekunst, på gjenstandar, på riss og krot i gamle bygningar, og i mønsterbordar på tekstilar som åkle. Mange av symbola er kjende verneteikn brukte mot vonde makter, og her ligg noko av magien. Gjennom segnene får vi eit blikk inn i livet til forfedrane våre. Dei trudde sterkt på at overnaturlege krefter styrte verda, og var opptekne av både å verne seg mot og halde seg på godfot med vetta. Det var viktig å kunne tyde alle teikn kring seg. Dei høyrde og såg førevarsel for alt slag som skulle hende. Dei underjordiske vart i mange tilfelle utrykk for farlege krefter og prosessar i naturen som folk ikkje kjende til og var redde for.

8


Segnene ser ut til å ha hatt ein oppdragande funksjon. Folk var avhengige av å nytte dei stadeigne naturressursane, men naturkreftene kunne vere nådelause, med kalde somrar og uår. Arbeidet på garden måtte gjerast til rett tid og på rett måte for å berge Nokre folk hadde jamvel eit avlingane, det betydde liv eller død. Ofte hadde den «fylgje» som gjekk framføre ein, so dei stundom kunde høyra som vart utsett for truande krefter, brote ei eller anna stega av den som kom – ei tid før samfunnsnorm, enten det gjaldt oppførsel, arbeid utført han sjølv var framkomen.2 på feil tidspunkt eller anna. Vetta kunne ha ei rolle som M A S FJ O R D E N vaktar av normer slik at ingen skulle bryte dei. Primstaven, den evigvarande kalenderen, hjelpte folk å hugse kva tid dei skulle gjere kva, gjennom merkedagar som alle visste om. I segnene ligg det mykje gløymd kunnskap om korleis leve av dei ressursane ein har rundt seg, kunnskap som kanskje kan vere til inspirasjon for oss i den tida vi lever i no. Enkelte tema går att og fortel oss at dette var av stor betydning. Eit døme er det livsviktige kornet – «Gusslånet» – som vart rekna som heilagt. Segnene skildrar ofte arbeidet med kornet, som ved hausting, maling på kverna og ved ølbryggjing. Det var mykje som kunne gå gale når ein bryggja, og då var det ofte dei underjordiske som fekk skulda. SEGNER FRÅ VESTLANDET OG NORDHORDLAND

Denne boka samlar segner frå Vestlandet, med kjerne i Nordhordland. Omfanget av segner er eit stort, men heller ukjent materiale. Mykje ligg i arkiva til Norsk Folkeminnesamling (NFS). I enkelte område finn vi mykje segner, i andre lite. Folketrua var nok like sterk overalt, men mengda av segner syner oss om det var nokon til å skrive dei ned. Mange av segnene er her attgjevne slik dei vart nedskrivne. Nokre er omsette til nyare språkdrakt.

9


14


Monsmessnatta I natt kjem Julareia og varslar om at jula nærmar seg. Aka baka tit, baka tont, baka ront som sola. Edleve nette frå Monsmessnatta til jola. I Monsmessnatta då va allting laust fallera, eg stod dar ned med god’faren sitt naust fallera. Då kom no Julareia bust og fæl fallera. Eg trudd’ ho skulle trakka meg i hel fallera. (Frå Øygarden)13

15


U T F OR ST U PET- SE G N Ei segn fortel om korleis julereia vart lurt utfor stupet ved Yksnaberget på Osterøy. Motivet går att i mange vandresegner, om fiendar som vert lurte utfor eit stup for å redde bygdefolket.33 Forteljingane er ofte knytte til namngjevne stup, som Kvenfloget i Nordland og Midjåfjellet i Trøndelag. Det finst endå ei slik segn frå Yksnaberget, men då er det ein splint som vert lurt utfor kanten av stupet.34 Her er garden Nedrefjellet nemnt, ein øydegard som låg på kanten av stupet.

34


Yk

sn ab e

rg

et

Julereiæ utfor Yksnaberje (Osterøy) julereiæ kom til Reigstad julafta. Ho snakte til ein mann der og

so bad han visa ho vegen til Votlo. Ja, han var trugen og kveikte i ei sjålykt. Det gjekk godt til dei kom inn på høgaste Yksnaberget. «Her er ei liti brekka», sa han. «Du får kjøra snabt her!» Og so hivde han lykti utfor berget. Ho køyrde etter utfor berget som var so høgt at anten slo ho seg ihel eller drukna på sjøen. Sidan har ho ikkje vore å sett. Ei anna segn fortel at Juldags mårån då kyrkjefolk kobm om Kvestihedlå, då såg dei ho kobm siglande idnyve fjoren på ein kvednastein, mæ mastræ i kvednaua. Å ho hadde heist stakkjen sin te segl.

I gamle dagar skal der ha budd folk på Nedrefjellet ved Yksnaberget, sør for Reigstad (Osterøy). Garden låg eit stykke ifrå kanten på det høge og bratte Yksnaberget som går beint i fjorden under. I Bergens Kalvskinn, ei liste over kyrkjegods i Bjørgvin bispedømme på 1300-talet, er garden «Yxnabærgh» nemnd under presten i Hamre. Segna seier at garden vart lagd øyde under svartedauden.36 Spor etter garden syner enno på kanten oppe på Yksnaberget.

Hans Binningsbø, 1958 35

35


HULDREKYR Dei underjordiske har fine bølingar, kyrne deira er vakre, og dei mjølkar godt. Det hende dei såg huldrekyr som gjekk ute, både einslege og i flokk, ikkje berre om sommaren, men om vinteren òg. Av og til gjekk kyrne deira i lag med folket sitt. Kunne dei då komme huldrebeista så nær at dei fekk kaste ein kniv eller anna stål over ryggen på dei, så fekk dei leie dei med seg heim, eller kvar dei ville. Då vart dei eigarar av huldrekyr, som

48

huldra ikkje meir ville ha. Ho jaga dei beint vekk frå bølingen sin om dei seinare kom att. Huldrekyrne er ofte kollete (utan horn), blåe, gråe eller droplete. Huldrene kunne ta kyr inn til seg i berget. Då var dei snausvidde når dei kom ut att (Modalen).59 Helst er det dei kvite og gråe dei vil ha, dei raude og svarte kunne dei ikkje ta (Bruvik).60 Det kunne hende at huldra ville gi folk ei ku i gåve, viss dei berre hadde vit til å ta imot.


Huldrekua vart vraka (Gulen) i brosvik hadde dei før ein støl som heitte Kissebærhola. Der er

eit lite gjel som går opp mot ein bratt fjellvegg. I gamle dagar stod det eit fjøs i nedste enden av dette gjelet. Segna seier at ein kveld då budeia kom og skulle stelle i dette fjøset, stod det ei stor framand ku der og ville inn. Budeia ville ikkje sleppe inn den framande kua, men jaga henne vekk. Då kom ei hulder og kalla på kua og sa til budeia: Stakkars deg, du di tøle, som ikkje slapp inn henne Søle. Ho hadde ikkje vorte deg berre på bytte god, men på kvartel eller to. Ivar Kleiva 61

49


BYTING Dei underjordiske kunne ta menneske­ born før dei var døypte, og bytte om med sine eigne i staden. For å verne borna, la dei stål og ei salmebok i vogga. Nokre brukte å brenne randa av ein flatbrødleiv og svinge han tre gonger rundt barnet sitt hovud, gjere krossteikn over ansikt og bryst og gøyme flatbrødstykket i kleda til barnet. Men det beste middelet var å få barnet døypt, og derfor søkte ein til kyrkja med barnet så snart som mogleg. Bytingane var annleis enn andre born. Segnene om bytingar er eit godt døme på at noko naturleg får si tolking i samsvar med folketrua, og vert grunnlaget for ei segn.106 Dersom eit barn var noko underleg, eller var sjukt, tenkte folk at det kan ikkje vere rett menneske, det måtte vera bytt om. Og då måtte det vere haugfolket som hadde gjort det. Segnene fortel ofte korleis bytet gjekk til,

78

eller korleis dei vart kvitt han att. Om ein hadde vore så uheldig å fått barnet bytt om, så skulle ein ta huldrebarnet ut på mottingen og gje det ris, så det skreik. Då ynka huldremora over sitt barn og slengde menneskebarnet frå seg på mottingen og tok sitt eige med seg igjen. Om bytingar vert det fortalt frå Sund: Da hadde hendt, at dei hadde gløymt å læggja bok med gudsor i, å stål å havrabrø på trøge, å då va hulda ute med snitte sitt å bytta badne med huldabadn. Da gjækk no føre seg både på Sonde hos paktaren dar å are plasse. På Sonde va då siste «bytingjen», so me veit om. Han livde omlag te 1820 — elde so på lag. Han va kje nåke lystela å sjå, han. Men so fæl so han va i adle andre måta, so hadd ’an ikje rompa likavel.107


Bytingjen (Lindås) Da va ei kåna , so hadde ett ungt badn, å da hadde ho mæ

sæg i ei vogga, ho so mång' ara [andre], når ho va på markjene å arbeidde. So va da eingång ho hadde gjengje frå voggene, mæ badne sov, å når ho kom att, då va badne vekktikje, å eit anna lagt att istaen, so va både lite å stygt, å so svart so da vøre tå jor. Då ropte ho te mann, å han kom mæ samma, å so tok han upp badne å bar da ut på markjæ, å ropte burt i skogjen, at dei so åtte

Når eit badn va fødd, la dei allti ei songbok i voggå, da måtte ikkje gløymast. Dei måtte aller ganga frå ei barseng­kona dei fyste åtte dagane. Og dei laut passa vel på badne so ikkje hudlane skudle reisa mæ da.109 HAUS

da, sku ta da att, å bera hass eigje badn heimatt; gjore ikkje dei da, so skulle dei aldre meir få fri [fred]; han skulle forfara skogjen mæ skot å brot, so at all mark sku skjelva. Darmæ let han badne liggja, å sjøl gjekk han på arbeie att. Men best so han skodde attum sæg, såg han ei hulla, so kom å bytte bodnæ umatt, å smette sæg innatt i skogjen, snøggast ho kunne. Men både han å kånå hass vorte fegne, so ventane va, at dei fengje badne sitt att. Ivar Aasen, 1921 108

79


TUNKALLSENGA Tunkallen er hissig. Om du ikkje viser tunkallen den respekten han fortener, kan det gå rett ille. I verste fall forlèt han garden i harme. Særleg kunne dette skje om han ikkje fekk ha senga si i fred. Senga skulle alltid vere oppreidd og måtte for all del ikkje nyttast av andre, same kor fine gjester ein måtte ha. Den som la seg i ei slik seng, var ille ute. Det er fleire som har lagt seg i tunkallen si seng, og så vorte slengde ut av senga på mystisk vis om natta. Gjerne opptil tre gonger – då forstår sjølv den tregaste gjest at det er lurt å leggje seg ein annan stad. På Hopsdal høyrer vi om reisande som la seg i senga hans.

94

Dei hadde ei tussaseng; ho stod i bui eller på bualemmen. Dei skulde gjera henne upp kvar dag, elles kom det ei ulukka yver huset. Ho Gamla-Kristi var vond når nokon vilde leggja seg i tussasengi.128 BRUVIK


Tuftekallen på Hosdal (Alver) i bygdene er der gjerne mange segner um haugfolk, tuftekallar og

(Hopsdal) i Hamre skulde der vera tilhelde for slike, etter som folk

Dar va ei tunkadlseng i kvert hus i tidlegare ti. Den siste sengjæ på Blom va hjå Tysnes'n.129

sa. Han som hev fortalt meg dette, heitte Lars Elsås – og var frå

OSTERØY

ymist anna som gjeng att, som ein segjer. I gamle­budi på Hosdal

Seim i Alversund. Han var ein klok og morosam kar. Ein sers flink forteljar var han og - anten so han fortalde um tuftekallar – «piskri» – eller andre sjeldsynte ting og hendingar. Han er død for fleire år sidan. Denne soga hans lydde soleis: Umlag 100 år sidan, so attholda [etter] jol, skulde der vera auksjon på Hosdal. Til denne auksjonen kom ogso han Lars. Men då det på den tid var jol til «Kjønnesmøss» og ein soleis midvinters hadde god tid, gjekk han heimanfrå dagen fyreåt. Han kom fram um kvelden. Han vart vel motteken hjå Askild. – Dei var vener og kjenningar frå fyrr. Og då dei på gamal norsk vis hadde ete og prata litegrann – gjekk han Askild i kjellaren for å sjå um det «slong litegrann att i kaggen» etter joleølet. Rett svært var det ikkje, nei! Men då det leid so langt på kveld at det var tid til å roa seg, snudde kona i huset seg til han – um ho skulde laga flatseng og bol åt han

95


112


Brunt i botnen, og kvitt i toppen kritlar under åkle, og gjere godt i kroppen? – Det er når ølet går i gilsåen (Gåte frå Hosanger)152

Mange ølkjenger er utstyrte med dyrehovud. Hesten var i gammal tid heilag, og hestehovud åtte ei veldig magisk kraft (jf. nidstong med hestehovud). Det har og mellom anna vore nytta som eit vernande teikn mot eldsvåde og lynnedslag.151

113


LINDORM Lindormen, frå norrønt linnormr, er eit stort ubeist av ein orm og er i nær slekt med sjøorm og drakar (oldnorsk dreki). Som draken var lindormen skattevaktar i holer i fjellet. Lindormen var overherre over alle ormar. Når ormen vart stor så han ikkje kunne gøyme seg på land, rende han i sjøen. Ofte var dei så plaga av orm. Når dei hadde slege tre ormar på ein stad, vart det so fullt av dei at det var ikkje råd å slå fleire. Drap dei for mange ormar, kom lindormen

144

og tok dei. Før dei la seg til å kvile i marka, spytta dei tobakksråk rundt ikring seg. Det var til å verje seg mot ormen. Ormen døyr ikkje før sola går ned. Når dei ville få ormen ut or hola, meig dei inn i dei. Då vart han fælt sinna.191 Ein måte å drepe ein lindorm på var å lokke ormen på bålet. Ei utbreidd segn om lindormen og ormemanaren vert fortald frå fleire stader, i Nordhordland finn vi segna i Bruvik, Osterøy192 og i Gulen.


Storormen i Instefjord (Gulen) I eldgammal tid var det mykje orm på gardane her i krinsen. Men

verste ormeholet var Instefjordmarka. Dette var meir enn ille både for folk og bufe. Til slutt vart folka også visse på at sjølve Storormen låg inne i fjellet ein stad mellom Høgefjellet og Storeskardet, men ingen kunne skjøne korleis dei skulle greie å tyne han der. Då var det trollfinnen kom rekande, og den karen kunne meir enn mate seg. Finnen sa seg viljug til å gjere ende på ormen for all tid, så sant bøndene var viljuge til å løne han vel for det. Dei vart så forlikte om at kvar bonde skulle gje finnen anten ein gild ukse eller ei kvige. Finnen skulle då brenne opp all ormen. Til det laga dei så eit uhorveleg stort bål på Kallhagneset. Då det veldige bålet var ihoplagt og kveikt, lyste eldskjæret opp både himmel og jord. Folka i Instefjord sprang i båtane sine og rodde frå land. Trollfinnen stelte seg opp på utsida av storbålet og byrja å trolle og mane ormane ut or urd og mark og opp i eldmyrja. Røyken vart tung og kv149elande, og det stanka fælt. Best det var, sprengde Storormen seg ut or Styggegjelet. Med bulder og brak gjekk steinraset nedetter fjellsida, og etter skreda glei det fæle ormeutysket ned gjelet og heim elva. I veldige buktingar rende han rett på bålet og finnen. Det vart ein ofseleg strid mellom ormen og finnen. Ormen greidde å sluke finnen, men vart så forbrend av bålet at han òg døydde. Men sidan har det aldri vore orm i Instefjordmarka. Ivar Kleiva 193

145


H E I L A G - O L AV Helgenkongen Olav den heilage vart den kristne arvtakaren av den norrøne tradisjonen med gudar og jotnar som hadde overnaturlege kjempekrefter. Frå jotnane overtok han evna til å setje kraftige merke etter seg i naturen. Kjelder sprang fram på hans påbod, sund opna seg, og han sette spor langs land og strand. Olav den heilage vart erstatning for guden Tor som trolla sin

hovudfiende, og segner om troll han skapte om til stein, finst over heile landet.199 På si ferd for å kristne landet fekk han bygd kyrkjer. Olavs-skipet «Oksen» kunne segle over land, og ein ser far etter kjølen i fjordar og sund som Olav har opna. Slik er det med segna om korleis Olav laga «innsta leiæ», eller Radsundet.

Det står i forteljinga om Torstein Oksefot at det var førkristen lov at «ingen skulle ha skipsstamn med hovud på til havs, men dersom nokon hadde det, så skulle dei ta det av når dei såg land, og ikkje segle til lands med gapande hovud og ginande gap, slik at landevetta vart redde.»198

150


Olavs-skjepet og Kjeringasted'n (Alversund) Da va den tiæ St. Olaf fór jønå bygdena her. So kobm han frå bydn å skudle nor te Lurå i motvenn å soren felsen, so da va kje gøtt å kobma framb. So jekk han frabm i stab'n på Oksnæ, da va nabne på sjepe, før da hadde eit oksehøve i kver ænne. Å so tok han i hødne å sa: No ska du ga frabm dar eg leie deg. Å dar me no laga veg, ska da allti vera farannes herætte. Å so kobm dei frabm te sønste tongane på Raæ, å tverst ijønå fór da. Å soleisna laga han innsta leiæ. Han vidle sigla tvert ijønå me Letleskare å beint på Lurå. Men følkje dar sætte seg så mykkje imot at han let da vera. Men skare han laga ser du enndå. So då han skudle søætte att, so prøvde han seg på norsiå tå Skare, men han klarde da ikkje. So jekk han opp te Skare, å dar møtte han ei kjering me ein kalvetryl i neven, sjeten å fel. So sa han Olaf: «Eg e tøsst, kan du je meg nåke å drekka?» Ho slengde trylen bort te han: «Her ha du te drekka tå, å dar nere e Skarsvatne. Ga å drekk dar du.» Då sa han Olaf: «Eg sjøna at da e edn stednnatur i deg, å dafør ska du verta te stedn. Gakk opp i høgaste fjedlæ å sta dar te evi ti.» Å dar står ho enddå, ein stor stedn so kallast Kjeringasted'n, å dar står ho å ser ner på Letleskare den dag i dag. Fjedle ha hatt nabne Kjeringafjedle ætte den ti. Brynjulf Alver, 1994 151


F RO S N E F J O R DA R Kvart år drog fjordfolket utover til Øygarden og Fedje og la seg til å fiske på skallane der. Slik hadde dei drive det i uminnelege tider.228 Det var vanleg for gardar inne i fjordane og sunda å ha ei stove ståande ute i strandkanten ved havet, kalla fjæremannshus. Her heldt mennene til når dei var til havs på fiske. Ein gong i gammal tid, seier segnene, trefte det inn med ein sterk frostvinter. Isen la seg frå dei inste fjordar og heilt ut til havet. Så sterk var isen den vinteren at folk

176

frå fjordane måtte gå eller køyre med hest over sjøisen ut til Øygarden og Fedje. Fisket skulle vera særs rikt. Utan fare var det ikkje, isen ville før eller seinare gå opp, og ein måtte komme seg over isen og heim i tide. Vi finn segner om dette frå Gulen, Øygarden og Osterfjorden. Kva tid dette skal ha hendt, veit vi ikkje. Ein lang periode vart kalla «Den vesle istida», prega av kjølege somrar og vintrar med mykje nedbør. Særleg ille skal det ha vore på 1600- og 1700-talet.


Frostvinter (Fedje) I gamal tid var det eingong at det var so kaldt at isen låg like til

Feie so folk kjørde derut. Ein kveld der var samla mange folk som hadde kjørt dit ut om dagen, kom det ein gamall mann inn i eit rom der mange menn var samla. Ingen kjende den gamle. Han tok til ords og sa: Dei so vil koma att om Feiefjorden på isen, må fara straks. Det var mykje lått og ståk. Veret var stilt og fint og isen var sterk. Då ståket stilna noko, tok den gamle uppatt: Dei so vil koma om fjoren må fara straks. Dermed gjekk han ut og sågst ikkje meir. Dei andre gjekk og ut, og endå dei tykte det var ingen grunn til å fara, gjekk mange til øykerne [hestane] sine og laga seg til å fara. Det drog etter med dei andre og so til rest var alle farne. Um natti rauk det op med ein storm, so om morgonen var Feiefjorden open. Dei siste som for frå Feie greidde berre med «nau og neppe» å koma seg innum fjorden før isen gjekk sund. Folk trudde helst at i slike høve var det eit slags «godvetring» – godvette – landvette so var her ute for å hjelpe folket. Dei gamle trudde at her var fullt på av allslags yvernaturlege væsen, vette, draugar, attegangarar, huldrer m.m. Dei hadde både gode og vonde, og der var eitslags styre eller øvrigheit millom dei, so løna både ilt og godt. Ola Midtbø, 1953 229

177


KJERSTI ISDAL

designar, utdanna ved Kunsthøgskulen i ­Bergen. Ho er også utdanna landskaps­forvaltar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Isdal har ­tidlegare illustrert bøkene Segner frå Sogn (2004) og Soga om Håkon den Gode (2001).

Folketrua er full av mytiske vette og magiske råd for å verne seg mot desse. Spora etter magien finst i gamle bygningar, i skikkar og folkekunst. I segnene lever usynlege vesen livet sitt parallelt med menneska. Dei går under namn som julereia, huldrefolk og tussar. Ting må gjerast på rett måte og til rett tid, viss ikkje kan det gå ille. Men det finst ­eldgamle magiske verktøy ein kan nytte for å verne seg. Boka samlar eit breitt utval av segner frå Nordhordland og tek oss med inn i den magiske verda til forfedrane våre.

ISBN 978-82-7959-367-6

ISBN 978-82-7959-367-6

9

788279

593676

SEGNER FRÅ NORDHORDLAND

Kjersti Isdal (f. 1972) er illustratør og ­grafisk

Kjersti Isdal

SEGNER

FRÅ NORDHORDLAND Mytiske vette og kulturhistorisk magi


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.