Motmæle 2.19

Page 27

27

og når forfattaren i eit anna høve lyt spørja stølsfolk om drikke, heiter det at: Da vi ba om melk, ble vi først ikke forstått. Så gikk det et lys opp for en av beboerne, og han sa: «Å, mjølk, – ja!»

Dette er ein snodig, men forvitneleg særsvip hjå boka, som eg tykte om, trass i det veldig konservative bokmålet som boka er omsett til. Det er òg litt gøy å jamføra den norske tilmåtinga med den engelske originalen. Gudbrandsdalsmålet laut ha låte veldig eksotisk til Slingsby sine øyro, sidan han kjende trong til å informera lesaren om kor underleg det lokale ordet for det han kjende som ‘melk’, var: Murk skreiv han ned. Merkeleg ord, ja, men med litt godvilje skjønar me at han høyrde rett: Ø-ljoden i ‘mjølk’ er veldig lik ljoden ein ofte noterer med u i engelsk rettskriving (t.d. church), medan den tjukke l-en i ‘mjølk’ noterte han med r, ikkje so rart med tanke på korleis den engelske r-en høyrest ut. Trass i dette hadde Slingsby sjeldan vanskar med å skjøna kva dei lokale sa. Straks ein la vekk dansken og prøvde seg på norsk so vart det ingen problem med å både forstå andre og gjera seg forstått. Denne påstanden minte meg på Jacques-Louis de la Tocnaye (1767-1823), ein fransk adelsmann som seint på 1700-talet vart ein av dei fyrste turistane i Noreg. Han skreiv nemleg at: Til tross for at folk fra de forskjellige fjordarmene snakker ulike dialekter, forsto jeg hele tiden hva de sa. Språket er en varierende blanding

av engelsk, svensk og islandsk, og hvilken blanding jeg møter, er ikke så vesentlig. Danskene, derimot, som ikke har noe annet språk enn sitt eget, har vanskelig for å forstå norsk (frå En franskmann i Norge i 1799, Cappelen, 1980).

Her tenkte han sikkert på trekk som i dag er særlege nynorskformer, t.d. tek (engelsk take), ar-endingane i verb (som i svensk), pronomenet eg (som i islandsk) o.a. Kor kult er det at ein utlending for over 200 år sidan skjønte at nynorsk speglar det felles norske språket betre enn bokmål, til og med før nynorsk faktisk fanst?! I FJELLET FOR 150 ÅR SIDAN Tilbake til reiseskildringa hans Slingsby no, for ho gjev ogso ei framifrå skildring av friluftslivet i Noreg før DNT fanst. Slikt kan visst fengja mest merksemd hjå den norske lesaren. Stølane vart som oftast nytta som leirar, der turgåarane kunne skaffa seg kost og husrom hjå budeiene . Småe setergrender som i dag ikkje har noko å seia for den jamne fjellvandraren, var på den tida heilt naudsynlege og avgjerande for at turane skulle lukkast. Gode døme på dette er stølane Murane (Muradn i boka, overraskande nok på skikkeleg sognemål) og Guridalen: […] before the middle of July it’s useless to attack Skagastølstind, because there will be no folk at the sæters of Muradn, Skogadalsbøen, Vormelid or Guridal, which are the only places where we can get food and shelter […]

seier Knut Lykken, reinjeger og bonde frå Lykkja i Valdres,

som var fjellførar for Slingsby og Emanuel Mohn den vidgjetne sumaren 1876. I dag er Guridalen nedlagd og eit par av sela er vortne private hytter, medan i Murane finn ein nesten ikkje noko spor etter dei gamle stølshusa. Dei fleste klatrarar og turfolk bur på Turtagrø Hotell, Spiterstulen o.a., som i si tid var viktige stølsgrender. Nokre fåe turisthytter fanst alt då Slingsby reiste til Noreg for fyrste gong. Gjendebu i vestenden av Gjende vart bygd i 1871, og Eidsbu i vestenden av Bygdin vart bygd av Aa.O. Vinje i 1868, same år som DNT vart skipa. I dag heiter staden Eidsbugarden, der Vinjerock går av stabelen kvar sumar; eit fint og stort høgfjellshotell ligg der, men stoda var annleis på den tida då Slingsby ferdast der: [Eidsbu] takes the place of a wretched and almost invisible ‘fælæger’ […] and thought I have spent many nights there, and I have been glad of its shelter, I cannot help expressing a doubt if there be a more draughty or a colder site in all of Scandinavia.

BRIGDE I KLIMAET Det er interessant å lesa ei slik bok ogso når det gjeld dagens endringar i vêrlaget jorda rundt. Skildringane av breane er særskilt påfallande. Slingsby var van med å nytta dei som naturlege oppgangar for å koma so nær dei høgaste tindane som det råd var. Ei sovoren åtferd var heilt vanleg i Alpane på den tida, men vart rekna for rein galskap her i Noreg. Fjellfolka frå Jotunheimen ville heller slita seg i

hel oppetter rasfarlege berghamrar, enn setja fot på den stødige, men lumske isen. Forfattaren vår var difor raus med omtaler av brevandringar, so fleire skulle læra seg om dette. Eit heilt kapittel skildrar ei kryssing av Jostedalsbreen frå Tunsbergdalen til Lodalen. Tunsbergdalen er neddemd i dag, men ei gamal setergrend ligg framleis i nordvestenden av vatnet, oppå ei hylle i ein hengjande sidedal – Tverradalen. Det er noko skremmande i å lesa kor mykje større breen var på den tida: Då Slingsby gjekk der, strekte den sørlege fronten seg innåt stølen i Tverradalen, heile to kilometer frå der han ligg no. Det same galdt for den nordlege fronten, som fylte botnen av Kjenndalen inst i Lodalen og stogga ved foten av Nonsnibba, om lag halvannan kilometer frå den lægste bretunga i dag. Det er òg svært underleg å lesa om ein tur frå Utladalen i Årdal til Fortunsdalen i Luster, på tvers av Hurrungane: Brefronten låg den gongen nede i botnen av Stølsmaradalen, og gav lett tilgang til Ringsskar (vasskilet) med bratt, men jamn stiging. Står ein i same botnen om sumaren i dag, ser ein på ein stupbratt, naken vegg med mange hjellar, og breen som glitrar liggjande oppå den øvste hjellen. Om ein so freistar koma seg lenger aust, der breen er meir tilgjengeleg, finn ein eit hav av stygge sprekkar. Litt mindre hyggjelege omstende enn i 1870-åra.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.