Lektorbladet #5 2017

Page 14

14

aktuelt    # 5

Roar Hove utanfor skulen sin i Sykkylven på Sunnmøre. Hove er ein av over 1000 nye medlemmer i 2016.

Medlem nummer 6 000 Roar Hove, lektor på Sykkylven vidaregåande skule, sparte 2 000 kroner i månaden på å flytte boliglånet då han skifta fagforeining. Dermed vart han medlem nummer 6 000 i Norsk Lektorlag. TEKST | Inger Johanne Rein

HOVE KJEM FRÅ Vatne i Haram kommune. I dag bur han med

sambuar og to born i Ålesund, og pendlar derfrå over Storfjorden med ferje til Sykkylven vidaregåande skule. Dette er ein kombinert skule med snaue 300 elevar. Her er utdanningsprogram innan studiespesialisering, helse og sosial, teknikk og industriell produksjon samt elektrofag.

Helst vidaregåande skule Studiekarrieren starta med psykologi grunnfag, men han gjekk over til historie og sosiologi. I masteroppgåva i historie såg han på bruken av lobotomi som behandlingsform i Noreg. – Eg hadde deltidsjobb på Sandviken sjukehus medan eg studerte, og det var her eg fekk ideen om å skrive om norsk

100043 GRTID Lektorbladet 1705.indd 14

psykiatrihistorie, fortel han. Etter eit semester som ryggsekk­ turist i Asia og Australia, tok han PPU ved Universitetet i Bergen. Han hadde praksis på Bergen katedralskule og på Hop ungdomsskule utanfor Bergen.

Måtte ha norsk Det viste seg å vere vanskeleg å få fast jobb som lektor med fagkombinasjonen historie, samfunnsfag og psykologi, difor bestemte han seg for å ta nordisk grunnfag i tillegg. – Eg fekk då eit vikariat på Sykkylven vidaregåande skule i 2009, fortel han. Deretter følgde eitt år på Spjelkavik ungdomsskule, før det opna seg ei fast stilling på Sykkylven vidaregåande skule. Og sidan har han jobba her i møbelbygda som ligg rett under Sunnmørsalpane.

25/10/2017 14:00


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.