Lektorbladet #1 2007

Page 29

– Aukande interesse for norsk i Tyskland – Medan interessa for tysk i Noreg er dalande, har talet på tyskarar som vil lære norsk aldri vore så høgt. Interessa er først og fremst stor på mange universitet, men no går det også an å velje norsk som valfag på ein vidaregåande skule i Berlin!

Svein Magne Sirnes lektorbladet@norsklektorlag.no

D

et er lektor Anne-Lise Slettvold ved U. Pihls skole i Bergen som seier dette til Lektorbladet. Ho underviste ved Camille-ClaudelOberschule i Berlin i åra 2003 til 2006, og før det var ho norsklektor i Sveits. Norsk natur, litteratur, kunst og musikk – Kva er det som får tyske og sveitsiske ungdomar til å velje norsk? – Det er fleire ulike grunnar. Mange er fascinerte av alt som har med Norden å gjere, t.d. naturen. Andre er svært opptekne av kunst, musikk og litteratur. Det er bilete av Munch i gangane, og lærarar og elevar er interesserte i både Ibsen og Grieg. – Er interessa for norsk litteratur avgjerande? – På universiteta er det tilfellet, men ikkje i vidaregåande skule. I dag er det faktisk over 20 tyske universitet som har tilbod om norskundervisning. I tillegg er det fleire private språkskular som har norskkurs for t.d. legar. Noreg er jo etter

kvart blitt svært interessant, ikkje minst for den yrkesgruppa. Norsk som valfag Norsk har sidan 1994 vore eit valfag ved Camille-Claudel-Oberschule, som ligg i bydelen Prenzlauer Berg i Berlin. Det er i dag rundt 20 elevar som les norsk, og dei er fordelte på to grupper. Den norske ambassaden i Berlin synest dette er eit svært positivt tiltak og har støtta skulen med mellom anna bokgåver. – Brukar skulen norske lærebøker? – Nei, det er eit par gode lærebøker i norsk som er gitt ut på tyske forlag. Fleire av elevane har for resten latin som fag og set seg fort inn i språklæra.

Anne-Lise Slettvold.

interessa har hittil ikkje vore stor nok på norsk side.

– Berlin er populær blant norske skuleelevar som gjerne vil besøke ein europeisk storby. Kjem mange til CamilleClaudel-Oberschule også?

Bru til Europa Dei åra Anne-Lise Slettvold budde i Berlin, vart det klart for henne kor viktig Tyskland er for norsk kulturliv.

– Det blir ein del besøk i løpet av eit skuleår, og dei set både lærarar og elevar sjølvsagt pris på, men dei har også måtta takke nei, for det kan bli for mange.

– Historisk har Tyskland vore som ei bru som knyter Noreg til kontinentet, ja, som opnar norsk kultur for heile verda. Slik er det faktisk den dag i dag også! Det er mykje om Noreg i tyske medium, og landet blir framstilt i eit svært positivt lys. Tyskarane har sjølvsagt oppdaga Jon Fosse, og dei er interesserte i Edvard Grieg og Henrik Ibsen, no som før.

Skulen har også fått til ei utvekslingsordning med Oslo katedralskole som går ut på at fire elevar frå kvar skule byter skule og heim i eit haustsemester, men

Lektorbladet nr. 1-07

29


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Lektorbladet #1 2007 by Lektorbladet - Issuu