Lektorbladet # 6 2018

Page 32

32

aktuelt   lb # 6-18

Status vidareutdanning Høgt utdanna lektorar set meir pris på vidareutdanning, enn lærarar i grunnskulen som er pressa til vidareutdanning i norsk, engelsk og matematikk som følgje av kompetansekrava frå 2014. DEN STATLEGE SATSINGA på vidare-

Det faglege nivået

utdanning, Kompetanse for Kvalitet, presenterte nyleg tal frå brukarundersøkinga for 2018. – Ikkje overraskande er det i hovudsak lærarar som ikkje oppfyller kompetansekrava for å undervise i norsk, matematikk og engelsk som i størst grad får av midlane, seier Dagne Nordli. Ho er Norsk Lektorlag sin representant i referansegruppa for Kompetanse for kvalitet. I tillegg går vidareutdanningstilbod til høgt utdanna lærarar som manglar 60 studiepoeng i faga dei underviser i. Dette er typisk sivilingeniørar og sivil­ økonomar som har tatt jobb i skulen, og som ønskjer å undervise i matematikk. – I tillegg er det lektorar og lærarar som oppfyller kompetansekrava, men som ønsker fagleg påfyll, eller vil ta eit ekstra undervisningsfag, fortel ho.

Det er elles interessant å merke seg frå kandidatundersøkinga at 31 prosent meiner nivået i vidareutdanninga er unødvendig høgt. Dette gjeld primært deltakarane som må ta vidareutdanning for å oppfylle kompetansekrava for å undervise. Desse saknar ei meir praktisk tilnærming i vidareutdanninga med konkrete undervisningsopplegg. – Det kan sjå ut til at dei som opplever seg tvungen til å ta vidareutdanning jamt over er meir misfornøgde med vidareutdanninga, konstaterer Nordli.

Kutt i vidareutdanninga Norsk Lektorlag er særs kritisk til at det er foreslått eit kutt på 93 millionar kroner i forslaget til statsbudsjett for 2019.

– Dette er svært underleg med tanke på kor mange som har søkt og ikkje får den vidareutdanninga dei ønsker, seier Rita Helgesen. Berre 9 prosent av skulemedlemmene i Norsk Lektorlag deltok på vidareutdanning gjennom Kompetanse for kvalitet i 2017. Nesten 20 prosent av medlemmene søkte om vidareutdanning i 2017 – halvparten (47 prosent) vart ikkje prioritert av skoleleiinga. – Vi har i alle år ønska kompetansekrav for å undervise – i alle fag og på alle nivå. Vi er derfor svært positive til at det vert satsa mykje på vidareutdanning av lærarar i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrav for å undervise. Men det betyr ikkje at det er greitt at lektorar som både etterspør og treng fagleg påfyll ikkje får tilbod, seier Helgesen.

Skifte i Oslo-skolen I NOVEMBER BLE det klart at Astrid

Søgnen skulle gå av som sjef for Utdanningsetaten i Oslo kommune. I en overgangsperiode er Kari Andreassen konstituert som direktør for Oslo-skolen. Hun har bakgrunn som bydelsdirektør og rådmann. Skoleråd Inga Marte Thorkildsen ble frifunnet for anklager fremsatt i anonyme varsler. Thorkildsen har, ifølge Vårt Oslo, uttalt at «det ikke blir snakk om å hente opp noen av direktørene som har tjenestegjort på nivået under

Astrid Søgnen,» og at hun vanskelig så for seg at det blir hentet en ny utdanningsdirektør fra utdanningsetaten. «Vi ønsker jo noen forandringer.» Thorkildsen har senere fått kritikk for at hun med disse uttalelsene diskvalifisere nærmere 20 ledere og et par hundre ansatte i Utdanningsetaten. – Nå er det viktig at den som kommer inn som øverste leder etter Astrid Søgnen både har høy skolefaglig kompetanse og egenskaper som kan bidra til å endre en kultur og en tenkemåte.

Jeg opplever at etaten har mange svært kompetente folk i ledelsen, men det er naturlig å tenke seg at etter 18 år med samme toppledelse og samme filosofi har mulighetshorisonten blitt innsnevret. Det er en annen grunn til at det kan være klokt med et skifte nå, sier fylkesleder i Oslo, Øystein Hageberg. Stillingen som permanent erstatter for Astrid Søgnen vil bli lyst ut på ordinært vis. Det blir utlyst som åremålsstilling, og ikke i en fast stilling – slik Søgnen hadde.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.