Førdefestivalen 2013 katalog

Page 28

Besh o droM Ungarn Futuristisk balkanbryllaupsband! Besh o droM er frå Budapest og kjem med ei herleg røre av musikkstilar og instrument. Det er klezmer, sigøynar, arabisk og balkan i ei salig blanding. Musikk frå land som i dag ikkje nødvendigvis lever i fred og harmoni med kvarandre. Besh o droM spelar både gladlåtar og nokre alvorlege. Noko er morosamt, noko er gripande. Det er litt akustisk og litt elektro. Musikken er frå bygda eller byen. Frå aust eller vest. Dei er ukuelege, og spelar kvar tone med sjel. Til taktfast fottramping og med ei speleglede som mange band kan misunne dei, leverer dette futuristiske balkanbryllaupsbandet konsertar du seint gløymer. Balkanmusikk à la Besh o droM er både skrullete og skranglete, men sprutar av energi!

Gergely Barcza saksofon, EWI, kaval Monika Miczura vokal Peter Papesch bass Adam Pettik vokal, darbuka Vilmos Seres klarinett, trekkspel Attila Sidoo gitar Peter Vadasz trommer

Fredag 5. juli 22.00 – 02.00 Le Vent du Nord/Besh o droM/DJ 99 Festplassen Ved regn vert konserten flytta til Rica Sunnfjord Hotel & Spa

The great eight-man Balkan wedding band Besh o droM from Hungary is a must-have experience. Inspired by Bulgarian, Greek, Jewish and Egyptian music, they provide a musical cocktail of which you have never heard the like. Refreshing and modern. They are on fire from the first note!

28


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.