VIL DU VITE MEIR OM... ...berekraft? ...teknologi? ....klima? ...naturvitskap? ...energi?
Ei satsing på neste generasjon Kva er eit vitensenter? Vitensentra inspirerer barn og vaksne til å utforske og søke ny kunnskap, og samarbeider med skuleverket om å utvikle kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida. Eit vitensenter rettar seg i hovudsak mot barnehagar, skular og alle andre som ønskjer seg meir realfagkompetanse.
Kvifor Vitensenter i Sogn og Fjordane? Vi har i dag 10 vitensenter i Noreg. Etablering av eit senter på Kaupanger i Sogndal kommune er geografisk utfyllande til desse, og gjev gode synergiar med forsking- og utdanningsinstitusjonar, offentlege etatar og næringslivet. Dette vil skape ein arena for idemyldring mellom unge mennesker og desse aktørane. Senteret vert samlokalisert med nasjonal linje for transport og logistikk ved Sogndal Vidaregåande Skule.
Vitensenteret har fått namnet
ViteMeir.
ViteMeir om berekraft Berekraftig utvikling handlar om å tilfredstille menneskeleg behov og skape rettferd utan at dette går på kostnad av miljøet si toleevne. Ein kan oppnå berekraftig utvikling gjennom å forbetre prosessar og teknologi, endre samfunnet eller unngå unødvendig ressursbruk. Teknologi og naturvitskap er sentralt for å skape berekraftig utvikling i næringsliv og samfunnet elles, til dømes gjennom å skape miljøvennlege løysingar. ViteMeir ønskjer å bidra til å stimulere til gode idear for framtidas samfunn og vil difor ha berekraftig utvikling som ein overordna profil. Berekraft er også eit sentralt tema i læreplanane frå 2020.
Tematisk profil ViteMeir vil ha kompetanse i interaktiv formidling og vere ein ressurs innanfor barnehage-, lærar og dei teknisk-naturvitskapeleg utdanningane. Senteret skal vera tufta på Sogn og Fjordane sine unike ressursar innafor næringar som:
REISELIV
ENERGI
INDUSTRI & TEKNOLOGI
NÆRINGSMIDDEL
TRANSPORT
Den tematiske profilen vil prege installasjonar og aktivitetar ved senteret, som får eit totalareal på 2000 m2, inkludert 1200 m2 utstillingsareal.
Arena for nettverksbygging for næringslivet ViteMeir vil også innehalde næringsaktivitet. I tillegg til samlokalisering med nasjonal linje for transport og logistikk ved Sogndal Vidaregåande skule, omfattar planane: • innovasjonslab med møterom • kontorplassutleige • kafé • areal for firmaarrangement • sportsimulator • auditorium • VR-lab ViteMeir skal vere ein arena for nettverksbygging, innovasjon og samarbeid i regionen.
Bli ViteMeir-partnar Vi har knytta til oss samarbeidspartnarar som alle er opptekne av at regionen i framtida skal vere konkurransedyktige på moderne teknologi og som trur på visjonen om at berekraft bør vere heilt sentralt for næringslivet i regionen. Desse ViteMeir-partnarane er med pr. jan 2019: • • • • • • • • • • • • • •
Hydro Aluminium Høgskulen på Vestlandet Vestlandsforsking Innovasjon Norge Lerum Difi Holen Installasjon Jatak Toyota Sogn Quality Sogndal Hotel Nordbohus Sogn Sognenett Daco Mekaniske Vesterland Feriepark
Vil du bli ViteMeir-partnar? Saman om eit berekraftig nĂŚringsliv i regionen.
gasta.no
ViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane as Skarpeteigvegen 1 6854 Kaupanger TROMSØ/ALTA
www.vitemeir.no
TRONDHEIM
KAUPANGER HAMAR
BERGEN OSLO SANDNES/ NÆRBØ
ÅS SARPSBORG PORSGRUNN
ARENDAL/ KRISTIANSAND
Kontakt: Prosjektleiar Marianne Jevnaker Tel: +47 48 18 94 38 E-post: mj@vitemeir.no