Førdefestivalen 2019 - familiebrosjyre

Page 1

Festival for heile familien

fordefestival.no


Ut på tur, aldri sur!

Onsdag 3. juli kl. 16.00 - 19.00 Halbrendstølen På aller første festivaldag inviterer vi små og store til å bli med til idylliske Halbrendstølen, ein fin fottur frå Reset i Førde. På Halbrendstølen blir det høve til å grille medbragt mat. Den musikalske menyen er det trommisen Jens Linell som står for. Han ‘fortel’ historia om ein gut som ved hjelp av ein tamburin og andre trommeinstrument klarer å redde seg ut av kinkige situasjonar. Turen startar og sluttar på Reset i Halbrendslia. Ta med sitjeunderlag og mat til grilling på bålpanner. Alder: Alle. 2


Krasjkurs for born: Norsk dans

Torsdag 4. juli kl. 16.30-17.15 | Storsalen scene, Førdehuset Instruktørar: Arne og Asbjørg Sølvberg

Norsk intro for små føter - Å danse er så utruleg kjekt! Det meiner Arne og Asbjørg Sølvberg, som har dansa så å seie heile livet, både på dansefestar, på kappleikar og i alle andre samanhengar der det har vore høve til å svinge seg. Gjennom tallause kurs og samlingar opp gjennom åra, har dei to undervist i bygdedans og runddans til born, unge og gamle, land og strand rundt. Arne er også ein av dei beste felespelarane i landet, så her blir det heller ikkje mangel på god danse-musikk. No har DU sjansen til å vere med i danseringen med desse legendariske danse-instruktørane. Her trengst ingen forkunnskapar, har du lyst, har du lov. Og vi i Førdefestivalen meiner at ALLE ungar skal ha høve til å lære nokre av dei flotte norske dansetradisjonane våre, så dette kurset er heilt GRATIS! 3


Morgonstund har gull i munn Ta med frukosten og start festivaldagen ute! ONSDAG 3. JULI KL. 09.00 TUSSERO, VIEÅSEN BARNEHAGE TORSDAG 4. JULI KL. 09.00 HALBREND BARNEHAGE FREDAG 5. JULI KL. 09.00 SOLSIDA, TOENE BARNEHAGE Dei populære morgonstund-konsertane festivalen arrangerer i samarbeid med barnehagar i Førde, kjem i år til Tussero i Vieåsen, Halbrend og Solsida på Toene. I år får vi vitjing av musikarane Bente Hemsing og Stein Villa, som i tillegg til mange seljefløyter, feler og andre instrument, også har med seg bamsen Brom. Brom er ein roleg kar og blir berre så glad når han får vere med på tur. Ekstra moro syns han det er når han vår vere i lag med ungar. Då blir han litt øsen, og det hender han gløymer seg litt og lurer seg vekk. Då må Bente og Stein få med seg alle til å leite etter han. Ta gjerne med sitjeunderlag. Alder: frå 3 år. Alle morgonstund-konsertane er gratis! 4


Familieframsyning:

Den Underlege Draken Bli med inn i den spennande drakehola

TORSDAG 4. JULI KL. 18.00 FREDAG 5. JULI KL. 18.00 FESTSALEN, FORDEHUSET

Draken som mytisk dyr fenger stadig nye generasjonar. Frå Katla i Brødrene Løvehjerte og Smaug i Hobbiten, til drakane i Harry Potter, Game of Thrones og Dragetemmeren. Draken er framleis høgst levande i folkediktinga vår. Så kvar oppstod eigentleg draken, og korleis hamna han på bygningar over heile verda, på norske vikingskip og stavkyrkjer? Og kvifor er draken så spanande, tusenar av år etter mytene oppsto? Kan det vera at vi møter oss sjølv i draken? ”Den Underlege Draken” er ei nyskapande familieframsyning der tradisjonelt norsk slattespel og nyskriven musikk moter dans, improvisasjon og live elektronikk. Publikum vert invitert inn i drakens hole, ei hole av lyd og rørsle... ”Den Underlege Draken” er eit tingingsverk av Gro Marie Svidal og Hildegunn Hovde i samarbeid med Førdefestivalen og Riksscenen. Produksjonen er støtta av Norsk Kulturråd og FFUK. GRO MARIE SVIDAL hardingfele, lyre, elektronikk • HILDEGUNN HOVDE song, floyte, zither, elektronikk • SILJE RISDAL LIAHAGEN dans, song 5


Barneverkstad Afrikansk for dei små Instruktør: Dizu Plaatjies

Hei alle born! Bli med til Afrika! På denne verkstaden kan du få lære spennande songar og rytmar frå Sør-Afrika, og du får lære av ein av dei mest vidgjetne folkemusikarane derfrå, Dizu Plaatjies. Han tar med seg nokre av musikarane i bandet sitt òg til verkstaden. Typisk for songtradisjonen i Sør-Afrika er «rop og svar»-songar, og på verkstaden får du lære kva det betyr! Du må gjerne ta med mamma eller pappa eller ein annan vaksenperson, dersom du ikkje vil gå åleine. Verkstaden passar for born i alle aldrar! Laurdag 6. juli kl. 10.00-11.00 Eventyrrommet, Førdehuset Dizu Plaatjies er ein vidgjeten musikar, musikk- og instrumentsamlar og utrøytteleg ambassadør for den Sør-Afrikanske musikk- og dansearven. Han er son til ein tradisjonell healer og vaks opp i Cape Town. Han grunnla den legendariske gruppa Amampondo som i 15 år turnerte på festivalar og store scener på alle kontinent, og mellom anna spelte på bursdagsfest for Nelson Mandela på Wembley stadion i London.

6


Barneverkstad

Vaskebrettkurs med Sarah Savoy Fredag 5. juli kl. 10.00 -11.00 | Festsalen, Førdehuset. Kan vi ikkje spele på vaskebrett, seier du? Jau, sjølvsagt kan vi det – og no kan du få prøve det du òg! Kanskje veit du ikkje eingong kva eit vaskebrett er? Det var eit hjelpemiddel til å vaske klede på før vaskemaskina overtok jobben. Vaskebrettet var ikkje berre ein arbeidsreiskap, men var og er brukt som instrument av musikarar, frå den norske visegruppa Vømmøl frå Norge, til Sarah Savoy trio frå Lousiana i USA. Og det er ho du skal få møte som instruktør på vaskebrettverkstaden! Har du ikkje vaskebrett å ta med, gjer det ingenting, for på verkstaden lagar du ditt eige vaskebrett av papp, og lærer å spele på det med ei skei. I tillegg får du lære nokre artige songar, på ekte Cajun-fransk! Kurset passar best for born frå 5-10 år! 7


FRI ENTRÉ I FØRDE BY Musikk i sentrum på Torgscena Frå Torgscena ved Elvetorget får du smakebitar frå det omfattande festivalprogrammet. TORSDAG 4. JULI KL. 11 RURA Germán Lopez & Antonio Toledo Folkemusikk Ung Valdres

FREDAG 5. JULI KL. 10.30 Floating Sofa Quartet Sara Correia SVER

Familiesøndag Vi inviterer til minikonsertar, dans, leik og moro i og utanfor Førdehuset. Alt er gratis. Kafé og bibliotek er ope. Program for familiedagen vert annonsert på fordefestival.no, i sosiale medium og på oppslag i Førdehuset. SØNDAG 7. JULI KL. 13.00-14.30 | FØRDEHUSET (INNE OG UTE)


LAURDAG 6. JULI KL. 11.30-13.30 | PARKEN, FESTPLASSEN

Festivalbrunsj I år inviterer vi for aller første gong til festivalBRUNSJ i parken på Festplassen ved Jølstra. Saman med Norske Kokkers Landsforening avdeling Sogn og Fjordane (tidlegare Kokkenes Mesterlaug) riggar vi til bord og benker, og brunsj-buffé med brødmat, pålegg, kaffi med meir, og ønskjer små og store velkomne til å nyte laurdagsføremiddagen i Førde sin grøne oase. Og sidan festivalen har bursdag i år - 30 år høyrer også bursdagskake frå Naustdal Dampbakeri med! Frå scena blir det konsertar med fleire festivalartistar, og i tillegg kan du delta i konkurransen der du kan vinne den flotte KOKK-HEIM-premien frå kokkelauget. KOKK-HEIM premien inkluderer mat til ein trerettars middag for inntil 8 personar, og to kokkar som kjem heim og lagar til maten. Konferansier: Guttorm Andreasen 9


Ta med borna på festival - lev litt! BARNEBILLETT KR 50,- PÅ ALLE KONSERTAR. OPNINGSKONSERT: Verda i Førde! Torsdag 4. juli kl. 20.00 | Idrettshallen, Førdehuset Ta med borna og lat dei oppleve dans og musikk frå heile verda! 706 m.o.h.: VASSVIK | laurdag 6. juli kl. 11.00 | Hafstadfjellet Kjekk fjelltur til Hafstadfjellet i godt følgje med Indre Sunnfjord Turlag, og tøff samisk musikk på toppen! Otava Yo | laurdag 6. juli kl. 15.30 | Festplassen Sprø og glad musikk frå Russland - ei oppleving! Gjensynsgalla: 30 år utan grenser! Laurdag 6. juli kl. 20.30 | Idrettshallen, Førdehuset Flott gjensyn med artistar publikum har ønskt å sjå igjen i Førde. Marko Markovic Brass Band | søndag 7. juli kl. 15.00 | Festplassen Etter familiedagen i Førdehuset (sjå side 8) MÅ du få med deg verdas beste trompetist og hans livlege band frå Serbia! Last ned vår gratis festivalapp, og hald deg oppdatert på festivalprogrammet!

10


Samurai Accordion

Otava Yo Marko Markovic Brass Band

VASSVIK

11


Billettinformasjon Barnebillettar til alle konsertar og kurs KR 50. Kjøp billettar til konsertar og kurs på TicketCo.no, fordefestival.no eller på festivalkontoret som opnar i Førdehuset måndag 1. juli.

FESTIVALPASS KR 980 Festivalpasset inkluderer 5 konsertar (verdi kr 1800,- sjå under) og gjev STOR rabatt på alle andre konsertar og kurs! Opningskonsert

torsdag 4. juli kl. 20.00

Idrettshallen (inkl. dansearr.) Idrettshallen (inkl. dansearr.)

Sara Correia

fredag 5. juli kl. 19.30

Otava Yo

laurdag 6. juli – kl. 15.30 Festplassen

Gjensynsgalla

laurdag 6. juli – kl. 20.30 Idrettshallen (inkl. dansearr.)

Marko Markovic Brass Band søndag 7. juli – kl. 15.00 Idrettshallen

Festivalpassbillett må bytast i armband på billettkontoret i Førdehuset. Festivalpasset er personleg.

DAGPASS LAURDAG KR 830 NB! Avgrensa tal! Dagspass laurdag gjev billett til fire konsertar laurdag 6. juli (Verdi kr 1410,-): kl. 15.30

Otava Yo

Festplassen, Førde

kl. 17.00

Muzsikas & Muzykanci

Storsalen, Førdehuset

kl. 20.30

Gjensynsgalla

Idrettshallen, Førdehuset

kl. 23.00

Dansefest!

Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Laurdagspassbillett må bytast i armband på billettkontoret i Førdehuset.

PLASSBILLETTAR I IDRETTSHALLEN, FØRDEHUSET Tilleggspris for plassbillett på golvplan kr 50. Unummererte plassar på tribuner og galleri. Alle andre arenaer har unummererte plassar. ENKELTBILLETTAR Enkeltbillettar kan kjøpast til alle konsertar. Sjå prisar i festivalguiden. BARNEBILLETTAR Born under 14 år kr 50 på alle konsertar. UNGDOM/STUDENT Gode ungdoms –og studentrabattar på alle enkeltarrangement! Alder 14-20 år/student (under 30 år) Sjå pris i festivalguide. Legitimasjonsplikt.

BILLETTKONTORET I FØRDEHUSET Måndag - tysdag: 09.00 - 20.00 Onsdag: 09.00 - 22.00 Torsdag - laurdag: 09.00 - 24.00 Søndag: 10.00 - 18.00

Last ned Førdefestival-appen og hald deg oppdatert på alt som skjer under festivalen.

Fullstendig informasjon om billettar og program finn du på fordefestival.no

gasta.no

Tlf. billettkontor: 46 90 50 10


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.