Skip to main content

Nynorske litteraturdagar avis 13

Page 1

Aurland 1.- 3. november

Geirr Lystrup

ll

Are Kalvø

Desse, og alle dei andre som skal vera med oss, kan du lesa om inne i avisa. www.nynorskelitteraturdagar.no

Bjørn Jensen

Linn T. Sunne

Linda Gytri

Jan Roa

r Leikvo

Audestad

Åsleik Engmark & Jon Rørmark

Charlotte


Velkomen til Nynorske litteraturdagar! I år er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og me heidrar han og storverket hans: eit skriftspråk tufta på dei norske dialektane. Å bruka eit språk som fell naturleg for oss, gjev oss identitet og styrkjer sjølvkjensla.

Glimt frå Nynorske litteraturdagar 2012

Aurland kommune er ein aktiv nynorskkommune som alltid skal vera med på å ta vare på og utvikla det nynorske skriftspråket. Me skal syta for at nynorsken kan stå trygt på eigne bein, tola debatt og ha ei rik framtid. Nynorske litteraturdagar er no så rotfesta at tiltaket i framtida kan stå støtt i ein ny organisasjon. Aurland kommune går frå å vera eineeigar til å bli ein samarbeidspartnar. Ei breiare eigarplattform vil heilt sikkert vera med på å styrkja litteraturdagane. Den 10. februar 1922 var det møte i Aurland heradstyre. I protokollen står dette: ”Fyre dette møte byrja vart ordf. spurd om han ikkje som ei prøve ville føra møteboki på landsmaal i dag. Ordf. var villeg til dette, men tok seg ret til seinare aa føra møteboki paa riksmaal um han fann landsmaalet for tungt aa handsama for seg.” Protokollføringa gjekk greit og ordførar Sævartveit førde etter dette møteboka på nynorsk, eller landsmål som dei då sa.

Barnestund

Fyrste møteboka på nynorsk kom såleis heile 26 år etter at Ivar Aasen døydde, og lenge etter Stortinget i 1885 jamstilte landsmål og riksmål. ”Målsagen” vart drøfta i Aurland ungdomslag allereie 6. november 1887. Laget sitt motto: ”Norskdom, fridom, framsteg” vart trykt på fana i 1899, og Ivar Aasen sitt skodespel ”Ervingen” vart synt fram i 1900. Ungdommen gjekk føre, men heradsstyret kom med til slutt. Den ungdommelege iveren for nynorsken er framleis viktig som drivkraft. Nynorske litteraturdagar, med sitt spennande og tidsaktuelle program, løfter nynorsken framover, inn i ei tryggare og rikare framtid! Eg vonar retteleg mange finn vegen til Nynorske litteraturdagar 2013! Noralv Distad Ordførar i Aurland kommune

Poesikonsert

Arrangementsorganisasjon Det er Aurland kommune som står bak Nynorske litteraturdagar. Følgjande personar er engasjert i det daglege arbeidet med arrangementet: Haakon Skjerdal Prosjektansvarleg for arrangementet i Aurland kommune Arve Tokvam Prosjektleiar (Aurland Prosjektteneste AS) Ragnhild Hauglum Skahjem Prosjektmedarbeidar - Media og marknadsføring Hallgeir Høydal Prosjektmedarbeidar Kontaktinformasjon www.nynorskelitteraturdagar.no

Bokbad

3


Arrangement i barnehagar og skular

Billettinformasjon Førehandssal Aurland Rådhus, resepsjonen, måndag – fredag 08.00 – 15.30 Tlf. 57 63 29 00 | E-post: billett@nynorskelitteraturdagar.no

På dagtid fredag vert det eigne arrangement i skular og barnehagar i Aurland kommune. An-Magritt Lindtner og Marit Heier Lajord besøkjer barnehagane, medan Gunvor Rasmussen, Oddrunn Marie Drage og Kristian Bjørkelo tek turen innom skulane.

Me sender billettar i posten til publikum busett utanfor kommunegrensene, dersom desse ikkje kan henta billettane sjølve. Betalingsinformasjon vert gjeve ved bestilling. Billettsal under arrangementet Under heile arrangementet føregår billettsalet i billettsekretariatet i konferansedelen på Fretheim Hotel. I tillegg vert det selt billettar ved inngangen til dei ulike arrangementsstadene før arrangementsstart. Arrangementa har eit avgrensa tal publikumsplassar og kan bli utselde før festivalen startar.

Opningsarrangement med mange ingrediensar I år syner kalenderen så vidt november når Aurland kommune for åttande gongen inviterer til kulturhelg med språk, litteratur, musikk og mykje humor. Med eit mangfald av opplevingar og eit feststemt publikum, skal me lysa opp inngangen til den mørke årstida.

Skrivekonkurranse for ungdom I 2013 fyller Sogn og Fjordane fylke 250 år. Dette har vore markert og feira på ulikt vis i jubileumsåret. I samband med jubileet har dei tre litteraturfestane Jakob Sande-selskapet, Gloppen litteraturfest og Nynorske litteraturdagar gått saman om ein skrivekonkurranse for ungdom. Formålet har vore å skapa eit rom for litterære talent, stimulera til litterær skriving og gje høve til publisering. Konkurransen har vore open for ungdom i alderen 16 til 26 år, som er oppvaksne i fylket eller busett i fylket no.

Linda Gytri

Me presenterer vinnarane av skrivekonkurransen, der temaet var Mysterium. Det kom inn 60 bidrag frå 30 ungdomar i to klassar: dikt og noveller. Me får møta vinnarane og høyra dei lesa frå tekstane sine. Juryleiar Ove Eide skal losa oss gjennom presentasjonen, og får god hjelp av forfattar Arnfinn Kolerud, som også har vore med i juryen. Linda Gytri spelar til opning og avslutning.

© Oddleiv Apnes

FREDAG Tid: 18.00 – 19.30 Stad: Fretheim Hotel Pris: 150 kr

Fram i lyset

eth

Opningsarrangementet på Fretheim Hotel markerer starten på ei kulturhelg med mange ingrediensar. Også i år skal nokon foreta den offisielle opninga av festivalen, men kven denne personen er, vil vera ein løyndom heilt fram til 1. november. Resten av opningsprogrammet skal me fortelja om. Ei av dei som skal setja oss i festivalstemning er Linda Gytri. Det skal ho gjera med varm, lyrisk, virtuos og nyskapande trekkspelmusikk, inspirert av folk og sterk natur. Forfattaren Kjartan Hatløy skal føra oss inn i det litterære skattkammeret med sitt originale og leikande språk, prega av språkglede, djup innsikt og klokskap. Opningsarrangementet vert avslutta med musikalske og verbale sprell frå Bjørn Jensen, kjent frå mellom anna Salhus Vinskvetten og Ausekarane, ein humoristisk forsmak på showet han seinare på kvelden held på Ægir.

© Oddleiv Apneseth

«… endeleg opnar ei strålande bok»

FREDAG Tid: 20.00 – 21.00 Stad: Fretheim Hotel Fri inngang

y

Kjartan Hatlø

4


& me skal bli omskapte

Kvardagshumor er viktigare enn tran, seier Jens Brekke. Han er lærar, kulturarbeidar og forfattar av 17 årgangar av heftet Illustrert tyleskap. Under Nynorske litteraturdagar slepper Selja Forlag Destillert tyleskap. Dette er ei bok der dei beste historiene er samla mellom to permar. Her er meir enn hundre utvalde stubbar, utvikla og foredla på Vestlandet. - Er du noko til kar skal du skøya, sjølv om du ligg på det siste. Det blir rekna som verbalt karstykke, og du blir hugsa for det i lange tider. Du lever rett og slett vidare på folkemunne lenge etter at gravsteinen er mosegrodd. Humor er som salt i maten. For mykje og for lite smakar ikkje. Saltet er der berre for å spissa smaken. Som saltet treng mat for å gjera seg gjeldande, treng humoren ein situasjon rundt seg. Det kan vera ein kaffikopp på kjøkenbordet med ektemaken, ferjetur med ungane, grendafest eller bryllaup. Humor er kjærkome i alle situasjonar, seier Brekke. Musikaren Ola Bremnes, mangeårig illustratør av Illustrert tyleskap, vil også vera til stades og krydra boksleppet. FREDAG | Tid: 21.30 – 22.30 Stad: Ægir Bryggeri og Pub | Fri inngang Selja Forlag

Den fargerike musikaren Gabriel Fliflet har besøkt litteraturdagane ved fleire høve. Gong etter gong har han bergteke publikum med sine unike komposisjonar og sitt hjarte for folkemusikken. Denne gongen framfører han Valseria – ein hyllest til Valseland. Dette var Gabriel sitt tingingsverk til Vossajazz 2013, der store deler av musikken vart laga til tekstar av Kjartan Fløgstad og Einar Økland. Komponisten sjølv skreiv tekstar spesielt til Valseria. Vals er ikkje stampande, dunkande, hoppande eller marsjerande. Vals flyt. Likevel kan vals vera mykje forskjellig, og er ein av få dansar som vert utført både i ballsalar i Wien, på vestlandske bryggjekantar og Folkets Hus, ved den russiske fronten under dei to verdskrigane eller på franske gatefestar. Saman med Jorunn Marie Kvernberg, Jørgen Sandvik og Kristoffer Chelsom Vogt vil han servera valsar om kjærlege sommaropplevingar, kyrkjegardar og saltstenkte svaberg. Pluss litt bruremarsjar, latinorytmar og rumenskrytmisk string swing – berre for å skjerpa sansane. Sidan Valseland er eit venleg land, er også melodiar i heilt andre taktar og rytmar invitert inn i varmen. Kontrastar må til! FREDAG | Tid: 23.00 – 24.00 | Stad: Fretheim Hotel | Pris: 200 kr

Bjørn Jensen: On my ovn

Bjørn Jensen og Klabbetrynet Bjørn Jensen er kjent som Bertel’n og frontfigur i Vinskvetten. No står han heilt åleine på scena med einmanns-showet Bjørn Jensen: On my ovn. Han trødde barneskoa sine i Rothåla, ei verkeleg bygd som ligg ein plass bak fabrikken i Salhus. Der møtte han alle dei merkverdige skruene han fortel om i viser som Ronny Bruvik, Ferjebillettøren, I fyr’n og mange fleire. Bjørn er ein stolt representant for strilekulturen, og er utan tvil ein av dei fremste salhusværingane i vår tid – spesialt innanfor området humor, musikk og humormusikk. Meir ukjent er det kanskje at han har 13 års erfaring frå Salhus Tricotagefabrikk som strikkar, og stod for fleire strikktease på fabrikken. Han spelte også i bandet Zaro på slutten av 60-talet, eit danseband som spela hardrock. Tidleg på 80-talet dukka han opp i Salhus Mannskor, som seinare fusjonerte med damekoret og vart til Salhuskoret. Med gruppa Salhus Vinskvetten Vodka Cinzano kom I Fyr’n til, som vart den første Vinskvett-låta som som fekk eit liv for ettertida. Du får garantert høve til å trimma lattermusklane under einmanns-showet Bjørn Jensen: On my ovn. Bjørn Jensen har med seg musikaren Svein Tore Hindenes i shower. FREDAG | Tid: 23.00 – 24.00 | Stad: Ægir Bryggeri og Pub | Pris: 250 kr

5

Gabriel Fliflet

© Oddleiv Apnes

Jens samlar verka sine

Ein hyllest til Valseland

© Heiko Purnhagen

eth

rgsmo © Trym Ivar Be

Destillert tyleskap (bokslepp)

FREDAG | Tid: 21.30 - 22.30 | Stad: Fretheim Hotel | Fri inngang Det Norske Samlaget

Valseria

Jens Brekke

Ola Bremnes

© Mariell Øyre

Under ein luftballong, i ein butikkvegg i Covent Garden, ligg det eit brev til Jakob Hov. Han er chocolatier i Paris og arveprins i familieverksemda, men når gamleonkelen hans døyr, lyt han til London og ta imot ein arv han ikkje har bedt om. Der treffer han Lucy, tremenningen han nesten hadde gløymt, men som slett ikkje har gløymt han. Og så er det Grace, som bur på loftet over butikken, utan at nokon heilt veit kven ho er. På nokre dagar blir alt snudd på hovudet, og Jakob finn ut at det ikkje berre er dei levande som har sterke meiningar om kva han bør gjera med livet sitt. & me skal bli omskapte er forteljinga om vestlendingen Jakob og sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om familieband med lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den vanskelege kampen for å få bestemma over sitt eige liv. Forfattarane bak boka er årdølen Mariell Øyre og lærdølen Jostein Avdem Fretland. Mariell er fotograf, bloggar og redaktør, og held vanlegvis til på verdas største nynorskblogg, hjartesmil. Jostein er utdanna komponist, i tillegg til å vera musikar og skrivar. Me møter dei i samtale med Olaug Nilssen.

Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland

Kjærleik og luftballongar


Prøv dei nye menyane på Ægir!

Bjørn Jensen kjem til Ægir 1. november.

Bestill julebord på Flåmsbrygga i dag!

Ægir Bryggeri & Pub – alltid noko spanande

Nynorske litteraturdagar 1.– 3. november

Julebord, ølog akevittsmaking

OPE KVAR DAG FRÅ KL. 18.00 Nye øltypar, nye menyar, smårettar, middag og Á la carte. Velkomen!

Teambuilding & kurs SOMMAR OG HAUST 2013

Frå fjord til fjells – med Ægir til kvelds! Bygg lagånd og samhald, og vekk konkurranseinstinktet! Fjordsafari – sykkeltur – vandring konkurranse – rebus – peiskos – lukt – smak – nyt!

1. NOVEMBER 2013

FRÅ 29. NOVEMBER 2013 ➝

Tradisjonelt julebord i Flåmstova Restaurant eller kjøkensjefens øl og mat i tråd med vår matfilosofi: – det skal vere Ægir øl i og til maten. Ølsmaking og akevittsmaking i Ægir Bryggeri.

ÆGIR BRYGGERI: Bokslepp frå Selja forlag: «Destillert tyleskap» – Jens Brekke. Konsert med Bjørn Jensen: «On my ovn: Bjørn åleine!» Mannen bak «Ferjebillettøren», «Ronny Bruvik» og mange fleire. ANDRE ARRANGEMENT: • Møte med forfattarane Jan Roar Leikvoll og Linn T. Sunne. • Konsert med Charlotte Audestad. nynorskelitteraturdagar.no

Sviggum Design | Foto: Thor Brødreskift

OKTOBER – DESEMBER 2013

Teambuilding og kurs er gode investeringar.

Pris julebord: Frå kr 595,- pp.

© Nærøyfjorden Verdsarvpark

© Nærøyfjorden Verdsarvpark

© Petter Solheim

© SAKTE Sognefjord, Kyrre Wangen

© SAKTE Sognefjord, Petter Solheim

Verdsarven kan opplevast på mange måtar

© Nærøyfjorden Verdsarvpark

Pb 44 | 5742 Flåm | T: 57 63 20 50 | mail@flamsbrygga.no | flamsbrygga.no

www.karlsens.no

I Nærøyfjorden Verdsarvpark dyrkar me dei gode møta mellom naturen, kulturen og menneska. Me vil ivareta og byggje berekraftige lokalsamfunn og landskap ut frå vår felles verdsarv.

© Nærøyfjorden Verdsarvpark

© Nærøyfjorden Verdsarvpark

© Nærøyfjorden Verdsarvpark

© Nærøyfjorden Verdsarvpark

naroyfjorden.no

6


Men kva veit vi om barna?

Om barn i utsette posisjonar Novellesamlinga Men kva veit vi om barna? inneheld ti noveller som alle ligg tett på barn sitt perspektiv. Novellene handlar om mangel på venskap, ønske om venskap, frykt for venskap. Me møter barn i tre ulike univers, dei er i barneskulealder og av begge kjønn. Boka er registrert som skjønnlitteratur for vaksne, men forfattaren trur likevel eldre ungdom kan lesa novellesamlinga med utbyte. Personar som jobbar i skule- og hjelpeapparatet kan også finna utgangspunkt for refleksjon i novellene.

Det fleirspråklege Noreg

Kaos eller identitet? I år er det språkår, og me feirar språklege skilnader og mangfald. Noreg har alltid vore fleirspråkleg, og språkmangfaldet har blitt endå større dei siste ti-åra. I samarbeid med Språkåret 2013 har SKALD gjeve ut boka Det fleirspråklege Noreg. Boka syner eit samtidsbilete av språkbruken i den norske kvardagen. Gjennom 30 portrett gir boka eit innblikk i det fleirkulturelle Noreg og viser at fleirspråklegheit i dag er meir ein regel enn unnatak. Inger Johanne Sæterbakk, prosjektleiar i Språkåret 2013, innleiar arrangementet som er sett saman av to delar:

Forfattaren Rakel Solstad har pedagogikk hovudfag, og har i 25 år arbeidd som pedagogisk-psykologisk rådgjevar i skulen, eit arbeid ho har vore sterkt engasjert i. Etter at ho slutta i jobben for nokre år sidan, har ho fått tid til å skriva. Men kva veit vi om barna? er den første skjønnlitterære boka hennar. Me møter ho i samtale med Olaug Nilssen.

Del 1: Fleirspråkbrukarar frå Sogn og Fjordane i samtale med Oddrun Midtbø. Kort pause Del 2: Fagleg føredrag ved språkforskar Øystein Vangsnes.

LAURDAG Tid: 11.00 – 12.00 Stad: Peisestova på Furukroa Pris: 100 kr Det Norske Samlaget

Det vil vera høve å delta i samtalen og til å stilla spørsmål. LAURDAG | Tid: 10.00 – 12.00 | Stad: Fretheim Hotel | Pris: 100 kr Skald forlag

Rakel Solstad

Smokkefeen Tutta

Norske ulykker og katastrofar

Frå Loen til Kings Bay

Song- og eventyrstund Tutta er fe. Ho er tynn og høg, og det beste ho veit er smokkar. Raude smokkar, gule smokkar, grøne smokkar, nye smokkar, gamle smokkar – smokkar i alle slags fargar og former. Thea er òg veldig glad i smokkar. Ho har alltid minst to smokkar med seg, men ofte tre eller fire og i tillegg har ho gøymt nokon på hemmelege stadar, for å vera trygg på at ho alltid har ein smokk i nærleiken. Ein dag reiser Thea på ferie, og Tutta legg i veg mot huset med dei mange, fargerike smokkane i. An-Magritt Lindtner er forfattaren av boka Smokkefeen Tutta. Ho inviterer born og vaksne til høgtlesing og song- og eventyrstund. An-Magritt er oppvaksen i Bergen, og bur no i Aurland kommune. Der har ho og mannen sett i gang eit stort rehabiliteringsprosjekt av gamle gardsbygningar som dei ynskjer å bruka til kulturelle aktiviteter. Ho er utdanna sjukepleiar med master i helsefremmande arbeid. Smokkefeen Tutta er hennar debutboka. Arrangementet høver best for born mellom 3 og 5 år. LAURDAG | Tid: 12.00-13.00, dørene opnar kl. 11.30 Stad: Krutt & Kanel, Aurlandsvangen | Fri inngang Skald Forlag

Boka Norske ulykker og katastrofar skildrar mange av dei mest dramatiske hendingane som har ramma det norske folket opp gjennom tidene. Forfattar Gaute Losnegård ynskjer å visa oss den historiske utviklinga både innanfor kvar type ulykke og meir samla. Til dømes framhevar han korleis teknologiutviklinga har ført til at me kan verna oss stadig betre mot mange typar ulykker, men også korleis teknologien har påført oss nye typar ulykker (transportulykker, eksplosjonsulykker og så vidare). Teksten i boka vekslar derfor mellom å formidla historier om enkeltulykker og å skildra den historiske utviklinga sett meir i fugleperspektiv. Boka er delt inn i to hovuddelar; naturkatastrofar og menneskeskapte katastrofar. Sidan forfattaren skriv om ulykker i Noreg, forutan særlege ulykker som har ramma nordmenn i utlandet, legg han særleg vekt på ein del ulykkeskategoriar som råkar oss av naturgjevne årsaker, til dømes ras. Det har også vore særleg mange skipskatastrofar på grunn av den lange kysten, og fordi vi har vore ein stor sjøfartsnasjon. Nokre av dei mest kjende ulykkene som er skildra i boka er bybrannane i Bergen og Ålesund, samt Kings Bay- , Scandinavian Star- og Alexander Kielland-ulykkene. Også Tsjernobyl-katastrofa og tsunamien i SøraustAsia i 2004 har fått sin plass i boka sidan dei fekk konsekvensar for så mange nordmenn. Me møter Gaute i samtale med Brit Aksnes. Han vil også syne bilete frå boka, og det vert høve til å stille spørsmål. LAURDAG | Tid: 12.30 – 13.30 | Stad: Fretheim Hotel | Pris: 100 kr Skald Forlag

7


Ta deg tid til Nynorske Litteraturdagar Les sakte, snakk sakte, et og drikk sakte. draum sakte. del minna dine på instagram: #saktesognefjord www.sakte.no facebook.com/sakte sakteblogg.com instagram: #saktesognefjord twitter: @saktesogn e: maybritt@sakte.no

Sognefjorden Næringshage – samarbeidspartnar til gründerar og næringsliv i regionen

Nye Aurlandsko?

e: maybritt.solheim@sognefjordennh.no m: 95868210 Følg oss på facebook

– Me er til stades på Nynorske litteraturdagar

www.sognefjordennh.no

Støttespelar for lokalsamfunnet & lokal leverandør av rein energi Tlf: 57 63 20 80 • Feilmelding: 57 63 20 88 • post@aev.no

F:57632080 FAX:57632081 post@aev.no

N LOKALE KRAFTLEVERANDØR

8

aurland-energiverk.no


© Tove K. Breistein

Tett på tunge tema

Om eit forfattarskap Linn T. Sunne er ein barne- og ungdomsforfattar med heile to Brageprisar. Ho debuterte tilbake i 2000 med boka Stjernestøv, der me møter ei jente som verken vert sett av foreldra eller han ho er forelska i. I Under morelltreet (2001) misser Nora bestevenninna i kreft, og i Luna (2003) blir mor råka av alvorleg fødselsdepresjon. Fire år seinare gav ho ut Happy som ho fekk Brageprisen for same året. I 2009 kom Mystiske gjester, og året etter Venner og uvenner. I 2012 mottok ho igjen Brageprisen for beste ungdomsbok med boka Lille ekorn. Linn har skrive mange bøker for barn og ungdom, og under litteraturdagane møter me ho i samtale med Øystein Vidnes. Tema vil vera forfattarskapen og ungdomsbøkene hennar. Bøkene er kjenneteikna av at Linn kjem tett innpå, og på glimrande vis skildrar kjærleik, sorg, vennskap og kjensla av at alt endrar seg. Ho tek opp alvorlege tema som mellom anna overgrep og trakassering, og kor vanskeleg endringa frå ungdom til vaksen kan vera. Arrangementet høver både for vaksne og ungdommar. LAURDAG | Tid: 12.30 – 13.30 | Stad: Peisestova på Furukroa | Pris: 100 kr Det Norske Samlaget

Marit Lajord

© Guro Kjorstad

Avis og bok - gratisreklame eller litteraturmisjon og folkeopplysning?

Linn T. Sunne

Debatt om bokmeldingar i avisene

© Eirik Thue

Bokmeldingar ser ikkje ut til å vera eit like prioritert stoffområde i alle avisredaksjonar. Det kan også synast som om slike meldingar kjem noko sporadisk, og sjeldan gjev dei få forfattarane våre den tilbakemeldinga og merksemda som dei eigentleg fortener.

Songfuglen

Vakkert om det litt farlege Jan Roar Leikvoll kjem denne gongen med Songfuglen, ein underfundig roman om ein by der det berre bur kvinner, medan hovudpersonen og forteljaren er ein gut som har levd som ei jente. No som han veks til, vert sjølvsagt løyndomen vanskelegare å skjula. Samstundes med at han utviklar songtalentet sitt, opplever han korleis det er å forelska seg, og etter kvart står Jakob overfor to val,

Olava og bestefar

Varmt og vakkert om livet, døden og bestefar

Jan Roar

Poengerte bokmeldingar er likevel godt avisstoff, og burde heilt klart koma inn under den samfunnsoppgåva pressa har. Men korleis bør meldingane vera, kva form skal dei ha: Litteraturmisjonerande med berre positive adjektiv eller kvass kritikk, såkalla bokslakt? Me inviterer til debatt om dette temaet under litteraturdagane. I panelet sit både litteraturkritikarar og representantar frå ulike aviser. Debatten blir leia av historikar, skribent og bokmeldar Johs. B. Thue. LAURDAG Tid: 14.00 – 15.15 Stad: Fretheim Hotel Pris: 100 kr

Det vert fyrst ei opplesing med framsyning av illustrasjonar frå boka, etterfølgd av ein samtale om besteforeldre, døden og ting som kan vera fint å undra seg over i tilværet. Marit Lajord (f. 1990) er debutant. Ho har gått på forfattarutdanninga i Bø, studerer jus og skriv for ungdom på nettstaden Framtida.no. Både arrangementet og boka høver for born mellom 6 og 8 år. LAURDAG Tid: 14.00 – 14.45 Stad: Peisestova på Furukroa Fri inngang Det Norske Samlaget

9

Breistein © Tove K.

Johs. B. Thue

Olava er 7 år, bestefar Olav er 70. Dei gjer fine ting saman, og bestefar lærer Olava å ro. Men så blir han sjuk, så sjuk som berre gamle blir. Boka om Olava og bestefar fangar samspelet mellom born og besteforeldre på ein varm og jordnær måte, og formidlar opplevinga av sorg og avskjed gjennom synsvinkelen til barnet. Med Line Halsnes sine vakre illustrasjonar, inviterer boka til fine samtaler om liv og død og slekters gang.

Leikvoll

enten å velja songen, eller å leva ut kjærleiken sin. Jan Roar Leikvoll debuterte i 2008 med romanen Eit vintereventyr. Med Fiolinane (2010) og Bovara (2012) stadfesta han at han er ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samstundes vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert med nådelaus realisme. Det er verdt å merka seg at Songfuglen er mykje lysare enn dei førre utgjevingane. Leikvoll er ein original forteljar som torer å gå heilt eigne vegar, og for dette har han hausta samstemt ros frå kritikarar og lesarar. Under litteraturdagane kan du møta han i samtale med Øystein Vidnes. LAURDAG | Tid: 15.30 – 16.30 Stad: Ægir Bryggeri og Pub | Pris: 100 kr Det Norske Samlaget


Den litterære fylkestoppen

Framlegg til ein litterær kanon for Sogn og Fjordane Ove Eide er kulturarbeidar og forfattar frå Gloppen. Han jobbar til dagleg ved Firda vidaregåande skule. Eide er kjend som forfattar av biografien om Jakob Sande, og har elles skrive mange bøker og artiklar med kulturhistoriske emne. Denne gongen tek han oss med på ei litterær vandring gjennom 250 år i fylket, og presenterer (minst) 10 forfattarar som alle bør kjenna til. Forfattaren Kjartan Hatløy deltek i arrangementet, der han les sine eigne tekstar. Hatløy kjem frå Hyllestad og er framfor alt lyrikar. Etter mange år som skipsrøyrleggjar ved Løland Verft/Havyard Leirvik, vart han etter kvart heiltidsforfattar. Han har gjeve ut heile ni diktsamlingar etter debuten med Solreven i 1996. I 2012 vart han nominert til Brageprisen.

Ove Eide

LAURDAG | Tid: 17.00 – 18.00 | Stad: Fretheim Hotel | Pris: 100 kr

One Night Stand Up

Ekstremisme og terrorisme

Dagsaktuell debattbok

Kva er terror, og finst det døme på legitim terror? Kva kan me kalla ekstreme ytringar, og når blir ein ekstremist? Det skal vera lov å ville endre verda, men kva tid går ein for langt? Forfattar Kristian Bjørkelo er aktuell med Ekstremistboka. Dette er ei debattbok for ungdom som tek opp ekstremisme og terrorisme i eit historisk perspektiv. I denne debattboka for ungdom diskuterer forfattaren kva ekstremisme og terror er. Gjennom intervju, fargerike døme og historie gjev forfattaren ein bakgrunn for å forstå ekstremistar og motiva deira. Kristian er utdanna folklorist, og har følgt ulike ekstreme miljø i over ti år. Han kombinerar fagleg innsikt med humor og snert. Han har skrive blogg og artiklar i fleire år, og i 2013 redigerte han Gi meg en scene!, ein antologi om norsk blogging. Me møter Kristian i samtale med Heidi Hattestein. Arrangementet høver best for elevar på vidaregåande og vaksne. LAURDAG Tid: 17.00 – 18.00 Stad: Ægir Bryggeri og Pub Pris: 100 kr Det Norske Samlaget

Stand Up-komikaren Åsleik Engmark er på Noregsturné i haust – og legg på ny turen innom litteraturdagane. Åsleik har reist landet rundt i snart 20 år, og han er spesialist på lokalkunnskap og improvisasjon. I haust handlar kvar førestilling berre om staden han besøkjer og menneska som er i salen den kvelden. På scena har han med sin gode ven og musikar Jon Rørmark. Saman skapar dei ein ellevill lokalpolitisk satire, absurde songar om publikum og urimelege skildringar om den konkurrerande nabobygda. Mange kjenner kanskje Åsleik frå Lompelandslaget og Det Norske Teateret. Han blei kjend for det allmenne publikummet gjennom medverknaden sin i satireprogrammet Egentlig som gjekk på NRK på nittitalet. For mange er Åsleik også kjend som Severin Suveren og som Disney si mest brukte norske dubbestemme, mellom anna i Løvenes Konge, Istid, Knerten og Toystory. Han jobbar også som regissør, skodespelar, tekstforfattar, songar og komponist - men det er som komikar på scena han bør opplevast! LAURDAG Tid: 21.30 – 22.45 Stad: Fretheim Hotel Pris: 300 kr

10

© Paal Audestad

Åsleik Engmark & Jon Rørmark

Kristian Bjørkelo

Charlotte Audestad

© John Andresen

© Arnfinn Pettersen

Åsleik Engmark

På feil si’ av vei’n

Fengande melodiøs kvardagspoesi Charlotte Audestad gav i mars i år ut debutalbumet På feil si’ av vei’n, ei plate som har hausta strålande tilbakemeldingar både frå publikum og musikkmeldarar. Den 29 år gamle hitterværingen sjarmerer publikummet sitt med personlege tekstar som treffer deg både i hjarte, mage og hovud. Charlotte skriv ekte, moderne og med kvardagen sine mangfaldige undringar om livet og kjærleiken. Humor, varme, alvor, lidenskap og sjølvironi er fem gode stikkord som skildrar tekstane hennar. Musikken vert karakterisert som melodiøs, lettfatteleg og fengande. Dette er trøndersk kvardagspoesi som set seg på hjernen og inneheld alt frå botnlaus kjærleikssorg til euforisk ekstase! LAURDAG Tid: 23.00 – 24.00 Stad: Ægir Bryggeri og Pub Pris: 250 kr


Fretheim Hotel i Flåm, 22. – 23. oktober

Au Rlands

Hovudtema på årets konferanse

• Regionale utfordringar og regionalt samarbeid • Entreprenørskap og utvikling

konferansen 2013

Det regionale perspektivet og fleire suksessrike gründerar pregar årets Aurlandskonferanse. Regionalt samarbeid vert viktigare og viktigare. Det er samstundes avgjerande at vi ser moglegheitene og dyrkar fram gründerane og det entreprenørielle tankesettet. Aurlandskonferansen sine slagord er Framover … saman, ei vektlegging av at framgang ofte blir skapt gjennom godt samarbeid, felles mål og retning. Aurlandkonferansen er eit samarbeid mellom Aurland Næringsutvikling AS, Aurland Sparebank, Nynorske litteraturdagar og Sogn regionråd.

Framover... saman

Sjå www.nynorskelitteraturdagar.no for fleire detaljar om Aurlandskonferansen.

Bu godt under Nynorske Litteraturdagar! Me ynskjer alle festivaldeltakarane velkomne til Fretheim Hotel. Bu godt i historiske omgivnader, og gå i Per Sivles fotspor. Få med deg mange spanande arrangement på Fretheim Hotel, møt bl.a. Gabriel Fliflet, Åsleik Engmark, Geirr Lystrup og Are Kalvø.

HELGEPAKKE:

Fredag 01.11 – søndag 03.11 2 overnattingar inkl. frukost Middag fredag kveld Festivalmiddag laurdag kveld Pris: Kr. 1995,- pr person i dobbeltrom

Foto: Karina Lange

Booking på telefon 57 63 65 45 ingvild.asvang@fretheimhotel.no

11


Tre konsertar med

folkekjære Geirr Lystrup Allsong og viser med Geirr

Honninghumler og varme viser

Barnekonsert Visesongaren Geirr Lystrup er ein kjend og kjær trubadur blant born over heile landet. Han har god kontakt med ungane, og førre gongen han besøkte litteraturdagane, var det liv og røre medan allsongen stod i taket. Historien om Maurits og den store Barnålkrigen vil vera kjend for dei fleste. Denne CDen/boka er spela som teaterstykkje over heile landet. Ei hyggeleg landeplage blei også oppfølgaren Brakar og Joanna. Den handlar om veslejenta som tar med seg sjølvaste storbamsen Brakar heim frå blåveislia. Ingen spøk for mamma å få ein vaskekte bjørn heim på frukost! Geirr kjem frå Vinje i Telemark, og har vore aktiv visesongar sidan han tok artium. Dei siste åra har Geirr vore husdiktar hjå utvekslingsorganisasjonen FORUT. Han har reist til Afrika og møtt vesle Yebo, på Sri Lanka møtte han Vasana og i Nepal barneheimsguten Omis. Alle blei det forteljingar og CD om. Desse tre ungane har vorte heltar i norske skular og barnehagar, og gode ambassadørar for born i den tredje verda. Me får nok møta dei alle saman på konserten… Barnekoret Kor Blå frå Aurland deltek på konserten. LAURDAG Tid: 15.00 – 16.00 Stad: Flåmstova Restaurant Pris: 100 kr

Spelemannen, diktaren og trubaduren Geirr Lystrup debuterte i 1972 med plata Ti på taket og Måltrostblues. Sidan har det kome nye LPar/CDar på rekkje og rad frå denne produktive og folkekjære artisten. Tjuefem utgjevingar har det blitt og ikkje mindre enn fem Spelemannprisar. Geirr vaks opp i Vinje i Telemark med austlandsforeldre. Det har gitt han den språklege fordelen det er å handtera både nynorsk og bokmål. Mange vil kjenna att tittelen Ha ti dæ! CDen med gammaldansmelodiar frå Lom der Geirr budde i fem år. Her skreiv han saftige tekstar om bygdelivet. Tretti år sidan, men like aktuelle den dag i dag. Kanskje syng han óg Honninghumla og Wenche med c frå Songen om kjærligheta. Den skiva spelte Geirr inn saman med legendariske Det Norske Kammerkor, der han var husdiktar gjennom mange år. I haust kjem han med Konrad åh Konrad, visebok og plate om ein lettare tilårskomen Konrad som strevar litt i livets motbakke med pengar, jobb og kvinnfolk. Og som litt for ofte har ”sofan på hengeren igjen”. Rått, humoristisk og sangbart. Dette er ein konsert for å lena seg tilbake og nyta. Gled dykk!

Festivalmiddag

Tid for å nyta

© Fretheim Hotel

Geirr Lystrup

© Gunnar Klingwall

LAURDAG | Tid: 23.00 – 24.00 Stad: Fretheim Hotel | Pris: 200 kr

Musikalsk samvere

Seniorkonsert Geirr Lystrup er ein allsidig trubadur med appell til både born og vaksne. På den uformelle kafekonserten i direkte dialog med publikum trivst han aller best. Her er det rom for både eigne og andres viser, ein trudelutt på gitaren og eit stev frå Vinje i Telemark der Geirr vaks opp. Geirr kallar konserten sin eit samvere. Her er det rom for både skjemt og alvor og ikkje minst allsong: Blåmann Blåmann, bukken min og kanskje Mari du bedåre. Og kor mange vers hugsar me på Kallen og katten hans Jokob Sande? Velkomen! SØNDAG | Tid: 13.00- 13.45 | Stad: Aurland Helsetun | Fri inngang

12

Tradisjonen tru vert det også i år festivalmiddag laurdag kveld. I år vert middagen på herskaplege Fretheim Hotel. Kanskje får du oppleva ei kulturell overrasking. Middagen vil vera ferdig før Åsleik går på scena. LAURDAG | Tid: 19.00 Stad: Fretheim Hotel | Pris: 495 kr


Christer Lundberg Nes er vinterentusiast og forfattar av boka Skikompis – Snøskred og trygg ferdsel. Dette er ei skredbok med ei heilt ny vinkling og presentasjon av temaet. Skikompis handlar mellom anna om å vera minst to personar på tur, og korleis ein bør snakka saman om kva ein ser i terrenget rundt seg. Med utgangspunkt i boka, vil forfattaren halda eit foredrag om korleis ein kan ferdast tryggare i vinterfjellet. Han vil gje gode råd og praktiske tips til alle som driv fjellskiløping, går toppturar eller køyrer offpiste. Terrengforståing og gode rutinar for å nytta terrenget er sentralt for trygg ferdsel, og forfattaren fortel meir om skredterreng eksponeringsskala som eit hjelpemiddel til turplanlegging og organisering på tur. Christer vil og fokusera på dei gode opplevingane som ein kan få dersom ein kjenner kunsten å finna dei tryggaste turane/linjene – med den beste snøen! Christer er frå Volda, og er tilsett i Friluftsrådet for Ålesund og omland, med ansvar for skredkurs og opplæring i trygg ferdsel i vinterfjellet. Han er godkjend Tindevegleder, UIAGM/IVBV/IFMGA mountain guide, og har brei erfaring frå organisert redning gjennom Norges Røde Kors Hjelpekorps, og har hatt godkjend lavinehund i Norske redningshunder. Nes har mange års erfaring som fjellførar i firmaet ”SunAlp mountain guides”. Christer fekk Fjellskikkprisen i 2013 frå Norges Røde Kors Hjelpekorps. SØNDAG | Tid: 12.00 – 13.00 | Stad: Fretheim Hotel | Pris: 100 kr Selja Forlag

Monsterboka

Monstersprell Monsterboka er den fjerde boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar – antologiane som etter kvart har blitt klassikarar og samleobjekt i mange hus. Etter dei tre kritikarroste og prislønna første bøkene Godnattboka, Eventyrboka og Trøysteboka, har forfattarane i denne boka utforska monsterunivers på humoristisk og nokre gongar litt skummelt vis. Dei har spora opp både gigantisk store og bitte små, snille og slemme, triste og glade monster. Også denne gongen er boka illustrert av Gunvor Rasmussen, som må seiast å vera uvanleg glad i nettopp monster. Dette er ei fantasifull og fargerik bok for heile familien, og fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing. Gunvor Rasmussen debuterte som bokillustratør med barnebokantologien Godnattboka (2007), og har sidan vore fast illustratør i antologiane Eventyrboka (2009) og Trøysteboka (2011). Med Eventyrboka vann Rasmussen sølv i Årets Vakreste Bøker 2010. Lena Skjerdal les og trallar, medan Gunvor Rasmussen tryllar fram monster med fargar og former. Arrangementet høver for små og store barn. Teikn ditt eige monster etterpå! SØNDAG Tid: 13.00 – 14.00 Stad: Peisestova på Furukroa Fri inngang Skald Forlag

Are Kalvø

Trygg ferdsel i vinterfjellet

© Geir Henning Hopland

Skikompis

Ny grunnlov

Ny og betre grunnlov frå Kalvø Den norske grunnlova blei laga for nesten to hundre år sidan av ein gjeng ureinslige menn på seminar på Eidsvoll. Are Kalvø meinte han kunne gjera ein betre jobb, og reiste ut i landet for å laga ei ny grunnlov, som bygger på det folk i dag meiner. Resultatet blei ei ny og sjølvsagt mykje betre grunnlov, men òg ein tv-serie som dokumenterer arbeidet, som blei vist på NRK i år med tittelen Riksforsamlinga, og boka Ny grunnlov. Boka inneheld den nye grunnlova, historia om korleis grunnlova blei til, men òg mange ulike slags forsøk - nokre av dei direkte tøvete - på å finna ut kva folk i dag eigentlig meiner om til dømes likskap, demokrati, monarki, religion og ytringsfridom. Boka inneheld fleire vitsar og søkte teoriar og er illustrert med ganske overraskande fotografi. Are Kalvø set oss inn i den nye grunnlova som er laga i samarbeid med folket. Are Kalvø er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå opp-komikar. SØNDAG | Tid: 14.00 – 15.00 | Stad: Fretheim Hotel | Pris: 150 kr Det Norske Samlaget

Frå Beatles til Olav Stedje

Ei musikalsk tidsreise gjennom 50 år Til årets finale har arrangøren utfordra det lokale song- og musikkmiljøet i Aurland til å vera med på ei musikalsk reise gjennom dei siste 50 åra. Musikklag, songkor, spelemannslag og unge song- og musikktalent skal framføra 20 ulike nummer i eitt vidt spektrum av sjangrar. Konserten er regissert og koordinert av rektor i musikk- og kulturskulen, Martin Hendriks. Språkåret 2013 legg opp til ei inkluderande feiring av språkmangfaldet i Noreg, så her byr me publikum på både utanlandske og norske slagerar i både nynorsk og anna språkdrakt. SØNDAG | Tid: 17.00 – 19.00 | Stad: Aurlandshallen | Pris: 100 kr


Camilla L. Haukedal og Anthony B. M. Tessier

Sal og utstillingar på Fretheim Hotel

• Bokutstillingar og boksal • Kunstutstilling av

Festivalkunstnarar Kunstnarduoen Haukedal, Tessier, som består av Camilla L. Haukedal (Aurland) og Anthony B. M. Tessier (Nantes, FR), vert i år festivalkunstnarane våre, og er no i gang med å laga ei eiga utstilling spesielt for Flåm og litteraturdagane. Haukdal.Tessier sine arbeid kan skildrast med omgrepa overgang og transformasjon. Duoen ynskjer å undersøkja fenomen i tid og rom, i fortid og notid. Dette inkluderer både samarbeidet og utvekslinga dei i mellom som kunstnarduo. I dette (sam)arbeidet ligg og eit ynskje om å byggja bru mellom den norske og den franske kulturelle identiteten.

Camilla L. Haukedal og

Anthony B. M. Tessier

• Aurlandskoen • Glaskunst frå Merete Rein

Haukedal.Tessier har jobba saman sidan 2009, og har mellom anna delteke på arrangement som Vevrings-utstillinga og Høstutstillinga. Tidlegare har dei og hatt eit bestillingsverk for B-post Kunstjournalen si 2011-utgåve, og er no inviterte til å bidra i neste nummer av kunstmagasinet LandEscape Art Review.

Prosjekteigar

Syltetøy med stjernesmak Tilskotsytarar:

Generalsponsor

Sponsor Lerums Utvalde syltetøy vart nyleg tildelt to gullstjerner i Superior Taste Award, ein pris som blir omtala som Michelin-guiden i matverda. Den blir tildelt årleg av eit omfattande dommarpanel med nokre av verdas dyktigaste kokkar og vinkelnarar. Lerums Utvalde bringerbærsyltetøy, kirsebærsyltetøy og jordbærsyltetøy hausta to gyldne stjerner i blindtesten, ei utmerking som berre blir gitt til spesielle produkt som scorar svært høgt i smaksbedømminga. Prøv vårt prisbelønte syltetøy du og!

14

Ekte vare smakar best


… og lukke til vidare! Aurland kommune vil takka alle som på ein eller annan måte bidreg til

Årets Nynorske litteraturdagar er det siste med Aurland kommune som einearrangør. Kulturfesten skal no vidareførast med anna organisering, med kommunen som samarbeidspart. Når arrangementet går av stabelen første helga i november, er det truleg teke avgjerd om korleis dette skal skje. Parallelt med å finna ny organisering, blir det også endringar i den gruppa som til no har jobba med arrangementet. Fleire av oss takkar av etter årets festival, og inn kjem det nye krefter som skal ta arrangementet vidare.

Nynorske litteraturdagar: • Forfattarane og alle dei andre aktørane som

skapar innhaldet i arrangementet

• Forlaga • Tilskotsytarane Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk Kulturråd

Me er stolte av å ha utvikla eit kulturarrangement som har synt seg «liv laga», og som samlar meir og meir publikum. Me er også trygge på at den nye organisasjonen vil utvikla arrangementet vidare - at ”nye kostar” vil byggja på det fundamentet som er etablert og samstundes setja sitt eige preg på innhaldet.

• Generalsponsor Aurland Sparebank og sponsor E-CO Energi • Gasta design & kommunikasjon • Alle som har kjøpt annonseplass i programavisa vår • Alle dei flotte arrangementsstadene og dei som jobbar der • Dei som er med som frivillige under arrangementet

Me takkar alle som har hatt eit forhold til Nynorske litteraturdagar fram til no for fantastiske år, storveges opplevingar, godt samarbeid og mykje moro.

Og sist men ikkje minst, de som er der som PUBLIKUM!

Lukke til vidare! Ragnhild, Arve, Haakon og Hallgeir

Aurland Prosjektteneste har koordinert arbeidet med Nynorske litteraturdagar. E-CO Energi er sponsor av Nynorske litteraturdagar 2013

Takk til Aurland kommune for eit kjempespennande oppdrag!

Ein leiande kraftprodusent - kompetent og skapande

www.e-co.no

15


09.00 – 12.00 Arrangement i barnehagar og skular Med An-Magritt Lindtner, Marit Heier Lajord, Gunvor Rasmussen, Oddrunn Marie Drage og Kristian Bjørkelo. 18.00 – 19.30 «… endeleg opnar ei strålande bok» Opningsarrangement med Linda Gytri, Kjartan Hatløy og Bjørn Jensen. Fretheim Hotel, kr 150 20.00 – 21.00 Fram i lyset Me presenterer vinnarane av skrivekonkurransen i jubileumsåret for Sogn og Fjordane fylke. Med Ove Eide, Arnfinn Kolerud og Linda Gytri. Fretheim Hotel, fri inngang 21.30 – 22.30 & me skal bli omskapte Forfattardebutantane Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland i samtale med Olaug Nilssen. Fretheim Hotel, fri inngang 21.30 – 22.30 Destillert tyleskap Boklansering frå Selja Forlag. Ei samling av dei beste historiene frå heftet Illustrert tyleskap. Med forfattaren Jens Brekke og illustratøren og visesongaren Ola Bremnes. Ægir Bryggeri og Pub, fri inngang 23.00 – 24.00 Valseria - ein hyllest til 3-takten og Valseland Konsert med Gabriel Fliflet, Jørgen Sandvik, Jorunn Marie Kvernberg og Kristoffer Chelsom Vogt. Fretheim Hotel, kr 200 23.00 – 24.00 On my ovn: Bjørn åleine! Show med Bjørn Jensen. Ægir Bryggeri og Pub, kr 250

Laurdag 2. november 10.00 – 12.00 Det fleirspråklege Noreg: Kaos eller identitet? Hovudboka i språkåret Det fleirspråklege Noreg gir eit innblikk i språkmangfaldet i Noreg. Innleiing ved Inger Johanne Sæterbakk, leiar for Språkåret 2013. Fleirspråkbrukarar i samtale med Oddrun Midtbø. Foredrag av språkforskar Øystein Vangsnes. Fretheim Hotel, kr 100 11.00 – 12.00 Men kva veit vi om barna? Noveller om hendingar mellom barn der mangel på venskap, ønske om venskap og frykt for venskap blir livstrugande spørsmål. Forfattaren Rakel Solstad i samtale med Olaug Nilssen. Peisestova på Furukroa, kr 100 12.00 – 13.00 Smokkefeen Tutta Tutta er fe, og det beste ho veit er smokkar. Forfattaren An-Magritt Lindtner les og fortel frå boka. Høver best for born mellom 3 og 5 år. Krutt & Kanel (kafeen på Aurlandsvangen), fri inngang

12.30 – 13.30 Tett på tunge tema Barne- og ungdomsforfattar Linn T. Sunne skriv ofte om alvorlege og vanskelege tema. Me møter ho i samtale med Øystein Vidnes. Peisestova på Furukroa, kr 100 14.00 – 15.15 Avis og bok - gratisreklame eller litteraturmisjon og folkeopplysning? Skal bokmeldingar berre vera positive adjektiv eller krass kritikk, såkalla bokslakt? Debatt om bokmeldingar i avisene, med Johs B. Thue som debattleiar. Fretheim Hotel, kr 100 14.00 – 14.45 Olava og bestefar Om besteforeldre, livet og døden – høgtlesing og samtale for born. Med forfattaren Marit Heier Lajord. Høver best for born mellom 6 og 8 år. Peisestova på Furukroa, fri inngang 15.00 – 16.00 Allsong og viser med Geirr Barnekonsert med Geirr Lystrup. Flåmstova Restaurant, kr 100

Søndag 3. november 12.00 – 13.00 Skikompis – snøskred og trygg ferdsel Christer Lundberg Nes gjev praktiske råd for tryggare ferdsel i vinterfjellet. Fretheim Hotel, kr 100 13.00 – 14.00 Monstersprell Lena Skjerdal les og trallar, og Gunvor Rasmussen tryllar fram monster med fargar og former. Teikn ditt eige monster! Høver for små og store barn. Peisestova på Furukroa, fri inngang 13.00 – 13.45 Musikalsk samvere Seniorkonsert med Geirr Lystrup. Aurland Helsetun, fri inngang 14.00 – 15.00 Ny grunnlov Are Kalvø set oss inn i den nye og mykje betre grunnlova, som han har laga i samarbeid med folket. Fretheim Hotel, kr 150 17.00 – 19.00 Frå Beatles til Olav Stedje Ei musikalsk tidsreise frå 1963 til 2013, med lokale kulturaktørar i Aurland. Aurlandshallen, kr 100

Med atterhald om at det kan koma endringar i programmet.

G A S TA www.gasta.no

12.30 – 13.30 Frå Loen til Kings Bay: Ulykker og katastrofar i Noreg Ulykker og katastrofar har prega Noreg og det norske folket opp gjennom tidene. Forfattaren av boka Norske ulykker og katastrofar Gaute Losnegård i samtale med Brit Aksnes. Fretheim Hotel, kr 100

15.30 – 16.30 Songfuglen Om livet og litteraturen. Jan Roar Leikvoll er ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Me møter han i samtale med Øystein Vidnes. Ægir Bryggeri og Pub, kr 100 17.00 – 18.00 Den litterære fylkestoppen Ove Eide tek oss med på ei litterær vandring gjennom 250 år i fylket, og presenterer (minst) 10 forfattarar som alle bør kjenna til. Undervegs les forfattaren Kjartan Hatløy sine eigne tekstar. Fretheim Hotel, kr 100 17.00 – 18.00 Ekstremisme og terrorisme Det skal vera lov å ville endre verda, men når går ein for langt? Forfattaren Kristian Bjørkelo i samtale med Heidi Hattestein. Ægir Bryggeri og Pub, kr 100

Festivalpass Helgepass (fre-søn): kr 1200 Laurdag: kr 700 Festivalmiddagen er ikkje inkl. i festivalpassa.

19.00 – 21.15 Festivalmiddag Fretheim Hotel, kr 495 21.30 – 22.45 One Night Stand Up Ei førestilling om staden og menneska som er i salen denne kvelden. Med Åsleik Engmark og Jon Rørmark. Fretheim Hotel, kr 300

Følg oss på Facebook

23.00 – 24.00 Honninghumler og varme viser Konsert med Geirr Lystrup. Fretheim Hotel, kr 200 23.00 – 24.00 På feil si’ av vei’n Konsert med Charlotte Audestad. Ægir Bryggeri og Pub, kr 250

www.nynorskelitteraturdagar.no

Kontaktinformasjon: www.nynorskelitteraturdagar.no

Fredag 1. november

Foto framside: Oddleiv Apneseth • Paal Audestad • Geir Henning Hopland • Tove K. Breistein • Gunnar Klingwall • John Andresen • Frikk Musikk

Programoversikt


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Nynorske litteraturdagar avis 13 by Hilde Nes - Issuu