Førdefestivalen familiebrosjyre 2014

Page 1

ival Fest ile e for h ien l fami

NYTT! Shantirafting på Jølstra!

Bli med shantifantane på elvesafari frå Førde camping. Ved landgang på Langebrutorget ventar ramsalte sjømannsongar frå dei sju hav i eit herleg gjenhøyr med Storm Weather Shanty Choir! Raftinga skjer i trygt samarbeid med Jølster Rafting. TORSDAG 3. JULI Kl. 14.00 Arrangementet startar med buss frå Førdehuset (bussen stoppar på Langebrutorget) til Førde Camping. Nedre aldersgrense: 7 år.

Førdefestivalen | lokal - global

fordefestival.no


Torgscena

Ute ert s Gratis kon

Torgscena ved Elvetorget er staden for den som vil ha smakebitar av eit fantastisk festivalprogram! Alle minikonsertane er gratis. I år inviterer vi også til ein times jubileumskonsert, laurdag 5. juli kl. 11.00, med King Ayisobi & band. Velkomen!

Cigdem Aslan

Amsterdam Klezmer

Bassekou

King Ayisoba

TORSDAG 3. JULI 11.00

Torgscena

Cigdem Aslan

11.15

Torgscena

To Tobi

11.30

Torgscena

Amsterdam Klezmer Band

FREDAG 4. JULI 10.30

Torgscena

Bhanwari Devi ensemble

11.00

Torgscena

Bassekou Kouyate & Ngoni Ba

11.30

Torgscena

Talent 2014 Venezuela

LAURDAG 5. JULI

2

08.30

Festplassen

Festivalfrukost: Ferro Gaita

10.30

Sentrum

Festivalparade frå Førdehuset til Torgscena

11.00

Torgscena

King Ayisoba & band – GRATIS jubileumskonsert!

Dersom dårleg vêr gjer at vi må avlyse festivalparaden, vil det bli minikonsertar på Torgscena laurdag 5. juli kl. 10.30. NB! Vi tek atterhald om endringar!


Hanne B. Oftedal

Morgonstund har gull i munn!

Ute konse-r t

Oppen poppen, spelemann i toppen Sprang over gjerdet, stal seg ei pære Delte den i sju Ein, to, tre, fire, fem, seks, sju Du er ein stor tjuv! -Dette er regle som har vandra, fortel Hanne Oftedal. -Slik er det med eventyr, segner og regler. Dette er det eg veit: Den er etter Marie Ryssdal frå Davik. Elin Grytting har skrive den ned, eg lærte den av henne for mange år sidan. No er den med meg anten eg fortel ho på Majorstua, i Gloppen eller i Østerdalen. Denne skal vi leike oss med kvar morgon. Ute i det fri! I Vieåsen barnehage på onsdag, i gapahuken på Flatene torsdag og fredag morgon skal vi vere i barnehagen på Sunde. Forteljingane er både frå Sogn og Fjordane og frå resten av verda, det finst så mykje å ta av, programmet blir heilt sikkert ikkje det same kvar dag, lovar forteljaren Hanne Oftedal. Ta med frukosten og start dagen på eventyrleg vis saman med Hanne! Alder: frå 3 år. Onsdag 2. juli

kl. 09.00-09.30

Vieåsen, avd. Tussero

Torsdag 3. juli

kl. 09.00-09.30

Gapahuken på Flatene

Fredag 4. juli

kl. 09.00-09.30

Barnehagen på Sunde

Pris for vaksne kr 50. Alle born går gratis på konserten i følgje med vaksne.

3


Fordefestivalen i det fri! Ute ert s n o k

Ut på tur, aldri sur! Barnas turlag og Førdefestivalen går hand i hand til Haldbrendstøylen. Vi inviterer små og store med på vandring, mat og musikk. Unni Løvlid syng og fortel om huldrer og troll! Ta med sitjeunderlag og mat til grilling på bålpanne. Onsdag 2. juli

kl. 16.00-19.00

Start og slutt på Reset i Halbrendslia

Billett kr 150/90/50 Billettsal også v/start på Reset frå kl. 15.30.

Hafstadfjellet 706 moh: Trio Teriba

Bli med Indre Sunnfjord turlag på ein topptur utanom det vanlege! Fram på fjellhylla stig tre vakre kvinner frå Benin. Afrikansk fleirstemt song, spontan dans og kreativ perkusjon tek deg med til eit anna kontinent, sjølv om Førde ligg fast under føtene dine. Laurdag 5. juli Konsert på toppen kl. 13.00-13.30 Kr 150/90/50 Buss frå Førde busstasjon til Hunsrasta kl. 11.00 PRESIS! Fottur til toppen, og ned til Bruland og bussretur etter konserten.

4

Trio Teriba

U kon teser

t


Barneverkstad: Torget i Marrakech Svaiande slangar, jøglarar, fløytespelarar og dansarar – bli med Aissa til torget i Marrakech! På torget møtest menneske og musikk frå heile Marokko, og her er eit yrande liv! Aissa har med seg instrument og musikk av mange slag, som sintir, lotar, bendir, rebab, karkab, tbal, darbouka og oud. Veit du ikkje kva slags instrument dette er seier du? Kom då, så får du både sjå og prøve nokre av dei! Kanskje får du prøve ein dans eller to òg? Og så får du sikkert høyre nokre gode røvarhistorier frå Atlasfjella... Alder: 3-10 år. Laurdag 5. juli

kl. 13.30 - 14.15

Førde barneskule

KR 100/50* (*pris med festivalpass)

To Tobi

To Tobi familiekonsert Bli med på Aissa og Abderrahime Tobi si fantastiske rytmereise til heimlandet Marokko. Gjennom gnawamusikken dei lærte av bestefaren alt som 10-åringar, og musikk dei har komponert etter at dei kom til Norge, teiknar dei eit fargerikt bilete av eit fargerikt land. To Tobi elskar å spele for og med born – så kanskje duoen vert eit stort orkester til slutt? Alder: 2-8 år. Fredag 4. juli

kl. 17.30 - 18.10

Festsalen, Førdehuset

KR 220/130/50

5


Fri entre i Forde by

Gratis

Laurdag morgon spankulerer festivalen til byen med spanderbuksene på! Etter ein god festivalfrukost på festplassen, svinsar han glad gjennom gatene i festivalparaden. Jubileumskonserten på torgscena er målet for den spandable festivalen som merkar alt dette med: ”Fri entré”! Det store festivalhjartet bankar så heile byen kjenner pulsen slå.

Festivalfrukost 08.30 - 10.00 Start dagen med frukost i det grøne! Saman med våre gode samarbeidpartar, Kokkenes Meisterlaug og Bondens Marknad, ønskjer festivalen velkomen til gratis frukost og frisk festivalmusikk i parken. Dersom det blir regn, vert frukosten flytta under taket på rådhuset.

Festivalparade 10.30 - 11.00 Den tradisjonelle festivalparaden med lyd og rytmar frå heile verda, går i år frå Førdehuset til Førde Torg.

Jubileumskonsert på torgscena 11.00 - 11.45 Alle er hjarteleg velkomne når festivalen inviterer til gratis jubileumskonsert med energiske King Ayisoba frå Ghana, som kjem rett frå Roskildefestivalen til Førde! GRATISkonserten med King Ayisoba skjer på Torgscena ved Førde Torg. Små og store er velkomne til å nyte ein type vestafrikanske rytmar som aldri før har vore spelt i Førde. Dans med oss, då vel!

6


Familiesøndag

Gratis

I dag er små og store velkomne til gratis mini-konsertar og verkstader inne og ute i Førdehuset. Festivalartistar byr på musikk og dans frå heile verda: Sivan Perwer, Ferro Gaita, Væromslaget, Aissa og Abderrahime Tobi, Cherifa og King Ayisoba. Det vert og eventyrstund og songverkstad for dei minste (0-3 år) med Hanne Oftedal. Søndag 6. juli

kl. 13.00 – 14.30

Fargespill: FargeFest i Førde!

Førdehuset

Fargespill

Etiopisk skulderdans møter norsk gangar. Fallturillturalltura møter habibi habibi og klappeleikar frå heile verda vert samla i eit einaste stort polyfonisk fellesskapsmantra. Prosjektleiarane Ole Hamre og Sissel Saue spør ikkje borna kva dei manglar når dei kjem til Noreg. Dei spør kva dei har. Kva dei kan. Søndag 6. juli kl. 15.00 - 16.00 Idrettshallen Meir enn 70 aktørar frå Norge og Verda stiller på scena når Fargespill kjem til Førde med framsyninga FargeFest i Førde! Framsyninga er eit ledd i festivalen si markering av grunnlovsjubileet - men først og fremst er dette ei feiring av mangfaldet i landet vårt. Og som borna vert ynskte velkomne som artistar på ei scene, ynskjer dei i sin tur publikum velkomne til tankevekkande opningsstrofer frå folketonen som ein gong vart nedteikna av Geirr Tveitt: Ver no velkomne – med æra! Kr 300 / - / 50 Tips for Firda-abonnentar: Familiepakke for 2V + 2B kr 500,- (ordinær kr. 700,-) Ekstra barnebillett kr 50,-

7


Førdfestivalen feirar 25 år og vil ha både små og store med på festen! Her fylgjer eit oversyn over program for alle i familien, men sjå gjerne fullstendig programoversyn på heimesidene våre www.fordefestival.no.

Onsdag 2. juli 09.00 16.00

Morgonstund har gull i munn! Vieåsen bhg, avd. Tussero Ut på tur, aldri sur! Gå med Barnas Turlag til Halbrendstølen. Familiekonsert med Unni Løvlid. Grilling av medbragt mat!

Torsdag 3. juli 09.00 11.30 16.00

Morgonstund har gull i munn! Gapahuken, Flatene bhg Musikk i sentrum Torgscena Gratiskonsertar med festivalartistar. Storm Weather Shanty Choir Langebrutorget Utekonsert med dei beste norske sjantifantane i verda!

Fredag 4. juli 09.00 10.00

Morgonstund har gull i munn! Sunde bhg Musikk i sentrum Torgscena Gratiskonsertar med festivalartistar.

Laurdag 5. juli 08.30 10.30 11.00 15.00

Festivalfrukost Festplassen Festivalparade Førdehuset-Torgscena Gratis jubileumskonsert med King Ayisoba Torgscena String Sisters Festplassen Festkonsert med verdas beste kvinnelege felespelarar!

Søndag 6. juli 13.00 15.00

Familiedag med gratis minikonsertar og verkstadar i Førdehuset. FargeFest i Førde! Idrettshallen, Førdehuset Fargespill med musikk, dans og over 70 born og unge frå heile verda på scena!

Born kr 50 på vanlege konsertar. Morgonstund har gull i munn er gratis for born; vaksne kr 50.

for heile familien!

Born kr 190* Ungdom/student kr 430** Vaksne kr 890

BILLETTAR Festivalpasset gjev fritt tilgjenge til 5 konsertar - Opningskonserten, Ana Moura, String Sisters, Jubileumsgalla – Gjensynsglede! og Fargespill: Fargefest i Førde! - (unummererte billettar). Tillegg kr 40,- for plassbillett i Idrettshallen. (Tlf. 57 72 19 40) Med festivalpass (vaksen og ungdom/ student) får du inntil 50% rabatt (eks. avgift) på andre konsertar og kurs. Alle barnebillettane til kurs og konsertar kostar kr 50. Unntak: Shantirafting på Jølstra torsdag og lunsjkonsert med MP3 på Rådhusterrassen fredag. Billettkontoret i Førdehuset opnar måndag 30. juni kl. 09.00 Billettbestilling: tlf 57 75 19 40 eller Billettservice.no (tlf 815 33 133) og Narvesen. *under 14 år, **14-20 år eller gyldig studentleg. Legitimasjonsplikt. Sjå fordefestival.no for rabattavtalar med DNT, BT, Firda og BoB.

gasta.no

Familiefestivalguide Festivalpass


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.