Inkludering og utvikling – førebyggande intervensjonar i barnehage og skule rettar seg mot studentar på masterutdanningar i pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi, barnevern og liknande, studentar på vidareutdanning og forskarar innan same fagområda. I tillegg vil tilsette i PPT, skuleleiarar, lærarar og skuleadministrative tilsette på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå ha nytte av boka.
Ertesvåg • Eng • Frønes • Kjøbli (red.)
Boka er ei av fire som drøftar intervensjonar retta mot barn og unge. Bøkene tek føre seg evidensbaserte metodar i eit samfunnsperspektiv. I tillegg presenterer og drøftar bøkene ulike familie-, individ-, barnehage- og skulebaserte intervensjonar.
INKLUDERING OG UTVIKLING
Systematisk arbeid for å førebygge negativ psykososial utvikling er sentralt for utvikling av gode læringsmiljø i barnehage og skule. Så enkelt, så vanskeleg. Val av tiltak og intervensjonar har tradisjonelt vore prega meir av pedagogiske moteretningar enn av forskingsbasert kunnskap om kva som gir resultata ein ynskjer. Boka tek føre seg kriterium som ligg til grunn for at intervensjonar har dokumentert effekt, drøftar ulike intervensjonar som har vist dokumentert effekt og vurderer andre intervensjonar i barnehagar og skular i høve til kriteria for dokumentasjon. Boka gir forskingsbasert grunnlag for å velje tilnærmingar som kan styrke læringsmiljøet i barnehagar og skular.
1 Tiltak i barnehage og skule – val av effektive tiltak sit langt inne 2 PALS – en innsatsmodell for et inkluderende, problemforebyggende og positivt læringsmiljø i skolen 3 Olweus-programmet mot mobbing og antisosial atferd 4 Respekt – eit skuleomfattande tiltak for å redusere problemåtferd og styrke læringsmiljøet
Sigrun K. Ertesvåg • Helene Eng • Ivar Frønes • John Kjøbli (red.)
INKLUDERING og UTVIKLING – førebyggande intervensjonar i barnehage og skule
5 VIP – Veiledning og Informasjon om Psykisk helse 6 Å mestre hverdagens utfordringer med Zippys venner 7 De Utrolige Årenes skole- og barnehageprogram 8 Andre tiltak for barnehage og skule