

Kvart kapittel startar med eit samtaleoppslag. Her er det dei munnlege ferdigheitene som blir vektlagde. Gjennom rike illustrasjonar får elevane moglegheit til å skape ei førforståing av temaet dei skal i gang med, ved å studere, fabulere og samtale om kva dei ser på bildet.
Til kvart kapittel finn du fire differensierte lesetekstar. Kvar tekst finst på to nivå, desse er merkte med og . I Lærarens bok finn du oppgåver til kvar tekst som skal sørge for systematisk progresjon og djupnelæring.
-tekstane er for elevar som har automatisert sambandet mellom lyd og bokstav, og som er i ferd med å automatisere ein del av dei høgfrekvente orda.
-tekstane er for elevar som les på ortografisk nivå, men som framleis treng å øve for å få flyt i lesinga.
Snakk om-orda nedst på sida er for arbeid med ord- og forståing av omgrep. I Lærarens bok finn du igangsettarar for arbeid med ord og omgrep, som utfordrar språkforståinga til elevane.
Kattar
Kattar er populære kjæledyr. Dei er rovdyr som jaktar på mus, rotter og småfuglar. Kattar ser og høyrer veldig godt. Dei er raske, og dei kan hoppe fem gonger si eiga høgde.
Det finst mange typar rasekattar, for eksempel norsk skogkatt, persar, german rex og
over vegen. I det gamle Egypt var kattar heilage, og dei blei balsamerte etter at dei døydde. Det finst kattemumiar på museum.
Katten med støvlane
Det var ein gong ein fattig møllar som hadde tre søner, eit esel og ein katt. Då møllaren døydde, fekk den eldste sonen mølla, den mellomste fekk eselet, og den yngste fekk katten. – Skaff meg eit par støvlar! sa katten. Katten fekk støvlar og gjekk for å fange rapphøns. Rapphønsa leverte han på slottet til kongen.
– Dette er rapphøns frå grev Carabas, sa katten. Kongen blei glad, og katten fekk med seg gull heim. Møllarsonen blei glad då katten kom med gullet.
– Eg sa til kongen at du er greve, sa katten. Ein dag skulle kongen køyre langs sjøen.
– Bli med og ta eit bad, sa katten til møllarsonen. Medan møllarsonen bada, gøymde katten kleda hans. Då kongen kom køyrande, ropte katten: – Hjelp! Ein tjuv har stole kleda til greven! Kongen skaffa klede og bad greven opp vogna til seg og prinsessa. Katten sprang forvegen til ei stor eng. – Kven eig denne enga? spurde katten.
– Den store trollmannen, svarte dei som jobba der.
– Når kongen spør kven eigaren er, seier de «Grev Carabas», sa katten. Elles riv eg hovudet av dykk! Det
han då han kom til ein åker og ein skog.
LESETEKSTAR mølle – ein stad der korn blir knust og male til mjøl rapphøns – fuglar i fasanfamilien
Tidleg ein morgon rir Mio, Jum-Jum og hesten Miramis over Morgonlyset si bru. Brua blir trekt inn kvar kveld og ut kvar morgon.
Mio, min Mio
Den brua vi reid på, var den høgaste og lengste heile verda. Gullfakset til Miramis glinsa sola. Fortare, fortare, fortare sprang han, høgare og høgare og høgare opp på brua kom vi. Under hovane på Miramis dundra det som torevêr. Herleg var det, alt saman, og snart no, snart, snart skulle eg få sjå Landet på den andre sida av vatnet.
«Jum-Jum», ropte eg, «Jum-Jum, er du ikkje glad, er det ikkje herleg …?»
Det var då eg fekk sjå kva som heldt på å skje.
Det forferdelege som heldt på å skje! Miramis galopperte rett mot ein avgrunn. Brua tok slutt. Midt lufta tok brua slutt, bruvaktarane hadde ikkje felt ho skikkeleg ned enno. Brua nådde ikkje over til Landet på andre sida av vatnet, det var eit stort gap der det ikkje var bru, berre eit uhyggeleg, ope djup. Så redd har eg vel aldri vore før. Eg ville rope til Jum-Jum, men greidde det ikkje.
Eg rykte i taumane til Miramis og prøvde å få han til å stanse, men han lydde meg ikkje.
14 Fantasi eller verkelegheit?
Homonym er to ord som blir skrivne eller uttalte likt, men som har ulik betydning. Ordet bein er eksempel på eit homonym. Det kan bety bein vi har kroppen. Det kan også bety at noko er rett.
Ryggen til Stein Du er så flott, vesle guten min, Stein. For ryggen din er så inderleg bein! Så rak, og rett som ein strek. Eg følte meg dum som eit nek! Eg såg meg spegelen, og kika meg bak og leita etter beinet på ryggen så rak. Eg ser ikkje beinet! Eg byrja å stamme. Sveitten den silte og henda vart klamme. Er det vanleg med eitt tredje bein for gutar som heiter Stein? Christian Wiik Gjerde
Han knegga vilt og galopperte vidare rett mot døden medan det dundra under hovane. Så redd som eg var!
Snart kom vi til å styrte ned avgrunnen, snart ville eg ikkje høyre hovslaga til Miramis lenger, berre skriket hans når han med gullfakset flagrande stupte ned djupet. Eg lét att auga og tenkte på faren min, kongen. Under hovane på Miramis dundra det som torevêr.
Men brått dundra det ikkje lenger.
Eg høyrde hovslaga, men det lét annleis.
Det knitra liksom rundt dei, som om det Miramis galopperte på, ikkje var fast.
Eg opna auga så vidt, og då såg eg at Miramis galopperte lufta. Å, Miramis min med gullfakset, han ferdast lufta like lett som på marka! Han kunne springe over skyene og hoppe over stjernene om han ville. Ein slik hest er det nok ingen andre enn eg som har. Og ingen kan fatte korleis det er å sitte på ryggen hans og liksom flyte fram gjennom lufta og få auge på Landet på den andre sida av vatnet solskinet langt under seg. Astrid Lindgren: utdrag frå Mio, min Mio
eller mål eit
av Mio og Miramis når dei rir over Morgonlyset si bru.
Kvart kapittel inneheld ein Skriveverkstad. Her møter elevane tekstar i ulike sjangrar som dei skal utforske.
Oppgåvene gir elevane ein steg-for-steggjennomgang av skriveprosessen.
Eksempeltekstane gir elevane støtte når dei skal skrive sin eigen tekst.
Kvart kapittel inneheld eit Vi les samanoppslag. Her stiftar elevane kjennskap med forskjellige høgtlesingstekstar som kan gi felles leseopplevingar og opne for refleksjon og samtale rundt ulike tekstar og tema.
Nedst på sida er det oppgåver som stimulerer til munnleg og skriftleg omarbeiding av høgtlesingstekstane
I Salto 2 introduserte vi Saltos lure leseknep I denne boka jobbar vi vidare med desse lesestrategiane. På Vi les saman-oppslaget oppfordrar vi læraren til å snakke med elevane om kva vi kan gjere før, under og etter at vi les. Ved tidleg å få trening i desse lesestrategiane er det større sjanse for at dei etter kvart blir ein del av den automatiserte leseferdigheita til elevane.
Oppgåver 1 Skriv ulike betydningar desse orda kan ha: dyr, tre, fyr, blad, rose, lam, liste. 2 Kva for nokre homonym er viktige å forstå for at vitsane skal bli morosame?
Forklar skilnaden i betydning mellom desse orda: gjerne og hjerne jul og hjul jorde og gjorde 5 Skriv setningar med
I Språkverkstaden blir elevane introduserte for språklege emne med tilhøyrande oppgåver som skal bidra til å reflektere over språket som system og styrke lese- og skriveutviklinga til elevane.
9 På reise
10 Utanfor verda
Lesetekstar Å reise med tankane 6−9
Skriveverkstad
11 Menneske og dyr
Vi lagar bildebok «Førstemann som pissa på månen» av Endre Lund Eriksen og Torill Kove
Lesetekstar Kvar skal eg reise? 12−15
Saltos lure leseknep Å lese bilde «Kva er spesielt med Hellas?» av Kari Gjæver Pedersen
Vi les saman «Ut på tur» av Linde Hagerup
Lesetekstar «Fisken» av Erlend Loe 20−23
Språkverkstad Faste uttrykk 24−25
Lesetekstar Helsing frå reisa 26−29
Lesetekstar Stjerneklart
Skriveverkstad Vi skriv faktatekst
Lesetekstar Ut i verdsrommet
Saltos lure leseknepTankekart
Vi les saman «Den lille prinsen» av Antoine de Saint-Exupéry42−43
Lesetekstar Segn om himmelkvelvingen
Språkverkstad Ord som sluttar på m
Lesetekstar «Sølvmånen» av Sissel Horndal
Lesetekstar Buster er borte 54−57
Skriveverkstad
Vi bruker gjentakingar «Galopp» av Lotta Olsson og Eva Lindstrøm «Lokkelek» av Bjørnstjerne Bjørnson «Apen» av E. Kittelsen (red.) 58−59
Lesetekstar Julius 60−63
Saltos lure leseknepÅ lese heilord 64−65
Vi les saman «Dyr du skulle ønske ikkje fanst» av Jo Nesbø 66−71
Lesetekstar «Apestjerna» av Frida Nilsson 72−75
Språkverkstad
12 Liten, mindre, minst
13 Vi bygger!
Småord «Jeg vil ha en liten hund» av Kicki Oscarsson og Thore Skogman
76−77
Lesetekstar Mennesket sin beste venn 78−81
Lesetekstar «Eit lite frø» av Ruth Lillegraven 82−85
Skriveverkstad
Vi skriv eventyr «Den lille andungen som ville snakke pent» omarbeidd av Marjorie la Fleur og Solveig Gaarder
86−87
Lesetekstar «Tommeliten» av Asbjørnsen og Moe 88−91
Saltos lure leseknepÅ lese mellom linjene 92−93
Vi les saman «Dustefjerten og andungen» av Rune Belsvik 94−95
Lesetekstar Minstemann 96−99
Språkverkstad Sj-lyd 100−101
Lesetekstar «Småtrolla og den store overfløyminga» av Tove Jansson 102−105
Lesetekstar Trehytta 106−109
Skriveverkstad Vi bygger ut setningar 110−111
Lesetekstar Naturens byggmeistrar 112−115
Saltos lure leseknepNøkkelord 116−117
Vi les saman «Flekkmonsteret bygger harefelle» av Vetle og Hallgeir Opedal
Lesetekstar «Gutane i det enorme trehuset med 39 etasjar» av Andy Griffiths og Terry Denton
Språkverkstad Dobbel konsonant «Hytte» av Ruth Lillegraven
118−119
120−123
124−125
Lesetekstar «Vesle Virgil» av Ole Lund Kirkegaard 126−129
14
Fantasi eller virkeligheit?
15
Sjå, det spirer og gror!
Lesetekstar Fride og Kalle
16 Naboar
17 Leik og spel
18 Smil og tårer
130−133
Skriveverkstad Vi lagar bøker 134−135
Lesetekstar Kattar «Katten med støvlene» av Brødrene Grimm
136−139
Språkverkstad Homonym «Ryggen til Stein» av Christian Wiik Gjerde 140−141
Vi les saman «Mio, min Mio» av Astrid Lindgren
Lesetekstar Svartedauden Segna om Jostedalsrypa
142−143
144−147
Språkverkstad På biblioteket 148−149
Lesetekstar «Drakeherren» av Josefine Ottesen 150−153
Lesetekstar Det er vår! 154−157
Skriveverkstad Vi skriv figurdikt «Sola» av Kjartan Hatløy og Inger Lise Belsvik
158−159
Lesetekstar Veksetid 160−163
Saltos lure leseknep Finnespørsmål og tenkespørsmål
Vi les saman «Solvoktaren» av Maja Lunde
Lesetekstar Det spirer og gror
Språkverkstad Stum D «Glimt av gull» av Ruth Lillegraven
Lesetekstar «April» av Kerstin Matz
Lesetekstar Naboar
Skriveverkstad Vi skriv lesarinnlegg
Lesetekstar Nabospråk
Saltos lure leseknep Leitelesing
Vi les saman «Garmanns gate» av Stian Hole
Lesetekstar Vitsar om naboar
Språkverkstad Ng-lyd
Lesetekstar Tvillingar «Tvillingbokstavar» og «Eventyrreise» av Olaf Husby
Lesetekstar Lego
Skriveverkstad Vi lagar teikneseriar
Lesetekstar Leik i skulegarden
Språkverkstad Å snakke på ein hyggeleg måte «Takk» av Margrethe Munthe
Vi les saman «Hedvig!» av Frida Nilsson
Lesetekstar Leikar og spel
Språkverkstad Kj-lyd
Lesetekstar Leik og spel i mellomalderen
Lesetekstar Somme kjem, somme går
Skriveverkstad Vi skriv femradersdikt
Lesetekstar «Latter» av Dagny Holm
164−165
166−169
170−173
174−175
176−179
180−183
184−185
186−189
190−191
192−193
194−197
198−199
200−203
204−207
208−209
210−213
214−215
216−217
218−221
222−223
224−227
228−231
232−233
234−237
Språkverkstad Repetisjon substantiv, adjektiv og verb 238−239
Vi les saman «Hihihi» av Erna Osland
Lesetekstar «Ikkje lov å le» av Kine Jeanette Solberg
Språkverkstad Repetisjon E for Æ, U for O, O for Å
Lesetekstar Raptus og Bruno
240−241
242−245
246−247
248−251
– Henrik! roper mamma.
Det kjem ikkje noko svar.
Mamma roper ein gong til.
– Eh, ja! svarer eg etter ei stund.
– Kvar var du no? spør mamma.
– Her, svarer eg.
– Ja, kroppen din var her, seier mamma, men tankane dine var ein annan stad.
Mamma ser litt oppgitt ut.
– Reiste du med tankane dine igjen?
Du høyrer jo ikkje kva eg seier.
– Ja, men det er så gøy, seier eg.
– Og så kan eg reise utan å pakke.
tanke – ein idé som blir laga i hovudet oppgitt – lei
Eg, Henrik Holm, har ein eigen, liten hobby.
Han er forferdeleg irriterande, meiner mamma, pappa og læraren min.
Eg synest hobbyen er morosam og spennande, og eg kan gjere han overalt.
Eg berre set meg ned og
lèt tankane reise.
Ofte reiser dei til framande land eller byar.
Det er ein fin hobby, og han gjer at eg aldri kjedar meg.
Det treng heller ikkje å ta så lang tid.
Eg har vore på mange turar som berre har vart i fem minutt.
Og så er det heilt utan kostnader!
Kvifor er det så irriterande for andre?
Jo, fordi tankane mine gjer som dei vil.
Dei bestemmer sjølv når dei vil reise på tur.
Tankane høyrer ikkje lenger på meg, dei drar berre av stad.
Og ofte drar dei når eg ikkje har tid.
Sånn som i dag, då eg eigentleg skulle gjere lekser.
Då blei mamma skikkeleg oppgitt og sa at eg måtte slutte med dette.
Men no har eg gjort alle leksene, så no kan tankane få fly til eit spennande land. Bli med, så skal du få sjå:
Eg reiser til eit land som heiter Godteri.
Det er eit land med kvite, høge fjelltoppar og sitronduftande vatn.
Eg har vore der fleire gonger.
Fjella er laga av sjokoladepudding, og dei kvite fjelltoppane er av piska krem.
Det er deilig å ta seg ein dukkert i vatnet.
Lukta er himmelsk, og vatnet smaker sitronbrus.
Husa er måla i alle fargane til regnbogen.
Husveggene er laga av tynn karamell.
Alle med sterke tenner får ta seg ein liten bit.
Trea har stammar og greiner av sjokolade, og alle blada er av ekte marsipan. Blomstrane er slikkepinnar.
Du kan plukke med deg ein heil bukett. Grusen du går på, er laga av lakriskuler og brune, gode drops.
Eg er alltid mett når eg kjem heim frå turen.
Då passar det dårleg at mamma roper:
– No er det middag!
Kvifor liker Henrik å besøke landet Godteri, trur du?
Bruk sansane dine og beskriv eit anna godteriland.
Dei nærmar seg.
Neil styrer og held auge med karta og bileta. Buzz følgjer med på høgdemålaren og gir posisjonen. Han synest ærleg talt det er urettferdig. Kvifor skal Neil alltid få dei kule jobbane?
– Kva skal du eigentleg gjere når vi kjem dit? spør Buzz.
– Det veit du, seier Neil. – Vi skal plante flagget, ta prøvar, fotografere …
– Eg meiner, har du ikkje ein ting du skal gjere, noko spesielt? Eg trur eg skal prøve å hoppe.
– Det har eg ikkje tenkt på. Eg har nok av andre ting å tenke på. Kva eg skal seie, for eksempel.
– Hæ?
– Vi skal på tv. Millionar av folk kjem til å høyre på. Eg kan ikkje berre seie kva som helst.
Neil viser han baksida av sjekklista. Han har skrive veldig mange setningar. Og stroke over alle saman.
Endre Lund Eriksen og Torill Kove: utdrag frå Førstemann som pissa på månen
Vi skriv – steg for steg
Du skal lage ei bildebok om ei reise.
1 Skriv ei liste over stader du kan tenke deg å reise til.
2 Vel éin av stadene, og lag eit tankekart over kva bildeboka kan handle om.
Australia jungelen Nordpolen ørkenen
JUNGELEN lian slange krokodille ape
3 Planlegg handlinga i boka, med innleiing, hovuddel og avslutning.
4 Finn ut kva for illustrasjonar du vil ha i bildeboka. Lag skisser før du begynner å teikne.
5 Lag bildeboka.
EKSEMPELTEKST
– Hjelp! Kva gjer eg no?
Eg må komme meg over på den andre sida.
Eg kan ikkje snu; den sinte apen kjem etter meg.
Han likte ikkje at eg tok bananane
– Iaah, eg tar sats.
Eg held meg fast så godt eg kan.
Eg håper berre at lianen er lang nok og sterk nok.
Landet ligg i Norden.
Det grensar til Noreg og Finland.
Hovudstaden i landet heiter Stockholm.
Pengane i landet blir kalla kronor.
Astrid Lindgren er frå dette landet.
Ho har skrive mange barnebøker.
Bøkene er kjente over heile verda.
Nokre av dei handlar om Pippi og Emil.
Landet er også kjent for dalahesten.
Trehestane har blitt laga i over 400 år.
Kvar skal eg reise?
Svar: Sverige
Astrid Lindgren Pippi Langstrømpe
Norden – Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige hovudstad – den viktigaste og ofte den største byen i landetLandet grensar til Noreg, Sverige og Russland.
Hovudstaden heiter Helsinki, og pengane blir kalla euro.
Landet blir kalla «Dei tusen sjøars land» fordi det har så mange innsjøar.
Den kjente forfattaren Tove Jansson kjem frå dette landet.
Ho har skrive om Mummitrollet.
I dette landet kan ein også besøke Mummidalen.
Kvar skal eg reise?
Svar: Finland
Landet ligg i Europa
og har fleire hav rundt seg.
Hovudstaden i landet heiter Roma, og pengane blir kalla euro.
Kartet over landet ser ut som ein støvel.
Landet er veldig kjent for ein spesiell matrett. Han er populær over heile verda.
Det var i dette landet pizzaen blei funnen opp.
Kvar skal eg reise?
Svar: Italia
innsjø – vatn som er samla i ei fordjuping i jorda støvel – ein sko som går opp til leggen
Landet ligg i Norden og er ei øy.
Hovudstaden i landet heiter Reykjavík, og pengane blir kalla króna.
Dette landet har mange vulkanar.
Nokre av dei mest kjente vulkanane
heiter Hekla, Grímsvötn, Katla og Eyjafjallajökull.
Landet har også geysirar.
Dei sprutar varmt vatn og damp frå hòl i bakken.
Kvar skal eg reise?
Svar: Island
Geysiren Strokkur har ofte utbrot. Han sprutar kokande vatn 20 meter opp i vêret.
Landet ligg i Stillehavet og består av fire øyar.
Hovudstaden i landet heiter Tokyo, og pengane blir kalla yen.
Innbyggarane i landet elskar fisk, og dei liker å ete han rå.
Landet er kjent for teikneseriar som blir kalla manga. Det blir også laga mange teiknefilmar i landet.
Landet har ein kjent nasjonalsport som heiter judo.
Kvar skal eg reise?
Svar: Japan
Kva for eit av desse landa kan du tenke deg å reise til?
Grunngi svaret ditt.
Skriv dine eigne reisegåter.
innbyggarar – dei som bur i eit land
rå – ikkje kokt eller steikt
I mange tekstar er det bilde.
Bilda hjelper oss med å forstå teksten. Ofte kan bilda fortelje meir enn det orda i teksten fortel.
Det er lurt å sjå på bilda og lese bildetekstane først.
Då blir det enklare å lese og forstå resten.
Det har budd menneske i Hellas i tusenvis av år. Det var store oppfinnarar og tenkarar her lenge før det var det i andre land. Det er nesten ingen land i Europa som har så mykje gammalt å fortelje om, som Hellas.
Det kjem mange TURISTAR til Hellas, så du kan høyre mange rare språk der. Dei fleste skjønner du sikkert ikkje eit ord av.
HELLAS har vore både stort og lite. Landegrensene har flytta seg alt etter kva slags folkeslag som har vore mektigast, og som har vunne dei ulike krigane.
Det er varmare i Hellas enn i Noreg, så viss du kjem om sommaren, vil du sikkert synest det er varmt. Eller VELDIG VARMT
Det er varmare i vatnet her også.
Superblikk
Alt eg veit
Lesemåte
Tenkestopp
Oppsummering
1 Kva for eit år startar og sluttar tidslinja?
2 I kva for periode levde Sokrates?
3 Kva blei øydelagd i 1687?
4 Kvifor er teksten laga som ei tidslinje, trur du?
Min reise til Hellas av Kari Gjæver Pedersen
Skal vi reise til Paris
på ein diger julegris?
Vi skal ete masse is når vi kjem til Paris.
Skal vi reise til Brasil i ein lilla panserbil?
Vi skal køyre sæggestil når vi kjem til Brasil.
Skal vi reise til Peru på ei gammal, tenksam ku?
Huttetu, vi vil nok snu når vi kjem til Peru.
Skal vi reise til Médoc med ein diger ulveflokk?
Mange vil nok få eit sjokk når vi kjem til Médoc.
Skal vi reise til Iran på ein flygande divan?
Vi skal køyre heisekran når vi kjem til Iran.
Skal vi reise til Hong Kong i ein kjempestor ballong?
Vi skal helse på King Kong når vi kjem til Hong Kong.
Skal vi reise til Montreux i ein ubåt som er raud?
Vi skal ta eit stort adjø når vi kjem til Montreux.
LindeHagerup
1 Øv på å framføre diktet for nokon andre.
2 Skriv eit dikt som begynner slik: Skal vi reise …
Kurt jobbar som truckførar på kaia.
Til kaia kjem det skip.
Skipa har store kassar med varer.
Kurt fraktar kassane frå skipa og i land med trucken sin.
Ein dag finn Kurt ein fisk på kaia.
Han er kjempestor!
Kurt får fisken av sjefen sin og tar han med heim.
Fisken smaker veldig godt.
Han er så stor at familien har mat i mange veker.
Kurt og kona hans bestemmer seg for å reise på tur med fisken.
Barna og trucken blir også med.
Solteksten er henta frå Fisken av Erlend Loe.
truck – eit lite køyretøy som kan løfte for eksempel kassar kai – ei brygge ved ei hamn som båtar kan legge til ved
Kurt og familien har vore i New York og Brasil, og no får dei lyst til å dra til ein annan stad.
Kan vi ikkje dra til Afrika, spør Helena.
Jo, kvifor ikkje? seier dei andre.
Kurt spør ein gammal mann om han veit i kva for retning Afrika ligg, og mannen peiker rett ut mot havet.
Så ber det til havs igjen.
Denne gongen er det mykje vind og litt utriveleg.
Heile familien sit inne i trucken og speler
kort eller fortel kvarandre eventyr.
Det regnar, og Kurt må ha på vindaugsviskarane heile tida, så han kan følge med, slik at dei ikkje krasjar med Afrika.
Etter nokre dagar begynner Kurt å bli engsteleg.
Det er berre hav å sjå på alle kantar, og det blir ikkje varmare, men kaldare.
Og det blir veldig mykje kaldare.
Anne-Lise må opne koffertane og finne fram vinterklede.
Snart sit dei med tjukke jakker og luer og skjerf alle saman.
Eg trudde det skulle vere varmt i Afrika, seier Helena. Dette er ikkje Afrika, seier Kurt.
Dette er ein heilt annan plass og ikkje
Afrika i det heile.
Ein morgon når dei vaknar, har all brusen til Vesle-Kurt frose i flaskene, og dei ser isfjell som flyt i sjøen.
Jøss, seier Anne-Lise, no bomma vi vel stygt.
Dei har komme til Antarktis.
Etter ei stund er det slutt på havet, og dei ser berre is.
Dei køyrer opp på isen og et middag.
Heldigvis har dei kokeapparatet som dei kan varme seg på.
Bud spring rundt og synest det er godt å sjå snø og is igjen. Det er nesten som heime i Noreg.
Han finn ein pingvin og spør om han kan få ta med seg han heim, men det får han ikkje.
Nei, Bud, seier Anne-Lise strengt, den pingvinen må du sette tilbake der du fann han.
[...]
Så set dei seg inn i trucken, skrur på varmeapparatet og køyrer tvers over Antarktis. Landskapet er kvitt og stort om dagen og mørkt og stort om natta. Og kaldt er det heile tida.
Men det er spennande. Dei er heilt aleine. Det einaste dei ser, er nokre store fuglar og nokre små fuglar og nokre selar. Ingen menneske.
Og viss ingen i familien seier noko, og viss Kurt stoppar trucken, blir det heilt stille rundt dei.
Så stille kan det nok berre bli i Antarktis.
Og kanskje på Nordpolen.
Erlend Loe: utdrag frå Fisken
Kvar ville du reist med den store fisken? Grunngi svaret ditt.
Skriv kva du trur skjer vidare med Kurt og familien i Antarktis.
Det er mange faste uttrykk i språket vårt.
Du har kanskje høyrt nokre av dei:
– Å stå som sild i tønne.
– Å ha det som plomma i egget.
– Ein sydentur kostar skjorta, seier mamma.
– Frå no av blir det andre bollar, no skal vi berre spare pengar.
Eg ser spørjande på mamma.
– Spare!? seier eg.
– Blir det ikkje godteri i helgene!?
– Du får ta det med ei klype salt, seier pappa.
– Så klart det blir laurdagsgodteri.
– Vi kan dra på telttur, seier eg.
– Ja! seier pappa.
– Det kostar ein slikk og ingenting.
Mamma ser på oss.
– No får eg bakoversveis, seier ho.
– Eg som har mast om telttur i så mange år.
– Vi blir med i år, seier pappa og eg i kor.
– Då skal vi ha det som plomma i egget!
Oppgåver
1 Les «Ferieplanar».
a Finn dei faste uttrykka og skriv dei.
b Skriv av teksten og byt ut dei faste uttrykka med andre ord.
2
a Stokk orda rett slik at det blir eit fast uttrykk.
blir andre det no bollar! ein auget time på. vegen i kva er?
b Forklar kvarandre kva utrykka betyr.
3 Prøv å forklare desse uttrykka for kvarandre.
a Å henge med hovudet.
b Håper det smaker!
c Det gjekk opp eit lys for meg.
d Å ta det med ei klype salt.
4 Skriv setningar der desse uttrykka er med.
a Å vere grøn av misunning.
b Å ha sommarfuglar i magen.
c Å fly i taket.
d Å ha begge beina på jorda.
Hei Tone! 12. januar
I går kom vi fram til Danmark.
Vi måtte køyre over ei lang bru mellom Sverige og Danmark.
Ho heiter Øresundbrua.
Heldigvis bles det ikkje så mykje, så turen gjekk fint.
I dag har vi vore i ein dyrepark.
Eg fekk legge ut mat til elefantane.
Vi gøymde maten deira i sanden.
Elefantane fann maten med ein gong dei kom inn.
Håper alt er bra med deg!
Klem frå Frida
Tone Rostad Makrellveien 4
6244 Nes NOREG
Kjære oldemor Teresina, Brasil 24.1
No har vi komme fram til Teresina, og vi har det fint hos Gustav og Salma.
Flyturen gjekk veldig fint, sjølv om det var langt å fly.
Vi måtte mellomlande i Portugal
og ein stad i Brasil.
Heile turen tok 38 timar!
Heldigvis hadde eg med puta mi og nokre bøker.
Eg og pappa bytte på
å sitte ved vindauget, slik at vi kunne sjå ned på skyene.
Tenk at du aldri har flydd, oldemor.
Eg trur du ville ha likt det.
Du må bli med neste gong.
Gustav henta oss på flyplassen i Teresina.
Han køyrde oss heim til huset sitt.
Ruth hadde allereie komme.
Dei to er så like – det er enkelt
å sjå at dei er systrer.
Ho blei veldig glad for å sjå oss
og spurde etter deg heile tida.
Salma hadde pynta så fint i huset.
Ho hadde laga mange småretter
som er vanlege å ete i Brasil.
Den eine retten med kylling var best.
I dag viste Ruth og Gustav oss barneheimen som dei driv.
Det var veldig fint, og alt såg heilt nytt ut.
Husa var kvite utanpå, og inne hadde dei måla med mange fargar. På veggene hang det morosame bilde.
Barna var nysgjerrige då vi kom, og alle ville halde meg i handa.
Dei viste meg rundt på barneheimen.
Vi var med då dei åt lunsj.
Då fekk dei ris og kylling.
Etterpå hadde dei songstund, og då song dei mange songar på portugisisk.
Eg forstod ikkje så mykje, men det var moro å høyre på.
Det er veldig fint å vere her.
I morgon skal Salma ta oss med på ei strand.
Eg gleder meg til å bade, for det er skikkeleg varmt her.
Eg håper du har det bra heime.
Vi sest snart!
Klem frå Susanne
Kvifor skriv mange heim når dei er på tur, trur du?
Tenk deg at du er på ei reise og skal skrive til nokon heime. Kva har du lyst til å fortelje? Skriv teksten.
Det er vinter og kaldt. Mari og Nima sit ute.
Dei ser opp på stjernehimmelen. Det glitrar.
– Pappa seier at alle prikkane er små soler, veldig langt borte, seier Mari.
– Verdsrommet er stort, og vi er så små.
Når eg ser på stjernene, gløymer eg tinga eg tenker på.
Ute i verdsrommet går alt vidare.
Heile tida, uansett.
– Verdsrommet er uendeleg stort.
Og det einaste eg klarer å tenke på, er: Kvar kjem alt dette frå? seier Nima.
Stjernehimmelen er aller finast ei klar vinternatt. Du ser stjernene best viss du drar langt til skogs eller til fjells der det er heilt mørkt.
Du treng ikkje stjernekikkert for å sjå dei, men eit stjernekart kan vere lurt å ha.
Jorda beveger seg rundt seg sjølv og rundt sola.
Sjølv om stjernene er der ute heile tida, er ikkje stjernehimmelen vi ser, alltid den same.
Nokre stjerner ser vi berre om vinteren, andre ser vi berre om sommaren.
Reiser du til andre delar av jordkloden, ser du ein heilt annan stjernehimmel enn i Noreg.
Menneska har alltid sett på stjernehimmelen.
Dei har trekt usynlege strekar mellom stjernene, laga stjernebilde av dei – og historier som passar til.
Det er ikkje alltid lett å sjå stjernebilda.
Du må bruke fantasien for å førestille deg dei.
Viss du lærer deg namna, er det ofte lettare å kjenne dei igjen.
Dei mest kjente stjernebilda er også lettast å sjå.
Det er fordi stjernene i desse bilda lyser sterkt.
Karlsvogna er ofte lett å finne.
Det ser ut som ei vogn utan hjul. Rett over dei to bakarste stjernene i Karlsvogna finn du Polarstjerna.
Polarstjerna står alltid mot nord, difor blir ho også kalla Nordstjerna. Polarstjerna er den einaste stjerna som står på den same staden heile natta.
I gamle dagar brukte sjøfararar denne stjerna for å finne vegen på havet.
Rett ved Polarstjerna finn du eit stjernebilde som ser ut som ein stor W.
Det er Kassiopeia.
Orion er eit anna stjernebilde.
Det liknar på ein mann med eit belte rundt livet. Dei tre stjernene i beltet er ofte lette å finne.
Samane har eigne namn på stjernebilda.
Det viktigaste samiske stjernebildet er Elgen.
Det blir kalla Sarvva på samisk.
Kan du sjå elghorna i stjernebildet?
Kvifor ser vi ikkje dei same stjernebilda over heile jorda?
Skriv noko du veit om stjernebilde.
sjøfarar – ein som reiser på havet
Overskrift
Underoverskrift
Månen snurrar
Månen snurrar rundt jorda. Det bruker han fire veker på.
Frå jorda ser vi alltid den same sida av månen. Månen er den nærmaste naboen til jorda, men er nesten 400 000 kilometer unna.
Måneflekker
Avsnitt
Månen har store sletter, fjell og dalar. Overflata er dekt av steinar, sand og støv.
Utan luft
Månen har ikkje luft eller vatn, difor finst det heller ikkje liv der.
Månen er ein stor spegel
Månen lyser ikkje av seg sjølv.
Det er sola som lyser på månen, og så blir solstrålane sende til jorda, akkurat som frå ein spegel.
Før trudde folk at dei mørke flekkene på månen var hav, og kalla dei for månehav. I dag veit vi at månehava er store sletter av støv og stein.
Vi skriv – steg for steg
Du skal skrive ein faktatekst om noko i verdsrommet.
1 Skriv ei liste over tema du vil skrive om. Vel eitt av dei.
2 Finn informasjon om temaet.
3 Planlegg kva for underoverskrifter teksten skal ha, og kva du vil skrive.
4 Skriv faktateksten.
Ufoar
Kva er ein ufo? Finst det ufoar?
sola meteorar nordlys ufoar romvesen Mars Neptun svarte hol stjerner
5 Teikn eller sett inn bilde til teksten og lag bildetekstar.
EKSEMPELTEKST
Kva er ein ufo?
Ufo betyr «uidentifisert flygande objekt».
Det betyr at vi ser noko i lufta som vi ikkje veit kva er.
Finst det ufoar?
Mange seier at dei har sett ufoar eller tatt bilde av dei.
Mange vitskapsmenn har leita etter dei, men det har aldri blitt bevist at dei finst.
Somme er heilt sikre på at ufoar er romskip frå andre planetar. Andre trur det dei ser, har ei naturleg forklaring.
Ein ufo blir også kalla ein flygande tallerken.
Menneska har alltid undra seg over kva som finst utanfor jorda.
Dei har undra seg over sola og månen, stjerner og planetar.
For lenge sidan trudde folk at sola og månen var gudar.
I oldtida bygde folk observatorium. Der såg dei korleis planetane bevegde seg.
Planetane og stjernene fekk namn etter greske heltar og gudar.
På 1500-talet blei teleskopet funne opp. Då oppdaga forskarane nye planetar, stjerner og månar.
Forskarane blei meir og meir sikre på at alle planetane gjekk rundt sola.
Forskarane trur at dei gigantiske steinane i Stonehenge i Storbritannia blei brukte for å berekne årstider.
observatorium – ein stad der ein kan sjå på stjerner og planetar teleskop – ein stor og sterk kikkert
Forskaren Galileo Galilei viser korleis ein bruker eit teleskop.Menneska har forska mykje på verdsrommet. Teleskopa har blitt større og stadig betre, og litt etter litt har vi fått vite meir.
I 1950-åra begynte forskarane
å planlegge reiser til verdsrommet.
Dei hadde mange spørsmål. Kor langt kunne eit romskip reise?
Ville eit menneske kunne bli med på ferda?
I 1957 blei verdas første satellitt skoten opp.
Han heitte Sputnik.
Ein månad seinare sende forskarane eit levande vesen rundt jorda for første gong.
Det var ein hund som heitte Laika.
Laika døydde etter seks timar fordi ho blei for varm.
Sjølv om Laika døydde, var forskarane ganske sikre på at eit menneske ville tole turen opp i rommet.
12. april 1961 blei Jurij Gagarin den første til å fly i bane rundt jorda. Ferda varte i 108 minutt. Gagarin overlevde turen og
blei ein folkehelt.
Romalderen kunne begynne for alvor.
Å reise til månen var ein draum for mange.
Sommaren 1969 blei målet nådd.
Dei tre amerikanske astronautane Neil Armstrong, Michael Collins og Edwin «Buzz» Aldrin reiste med eit romskip som heitte Apollo 11.
Ferda til månen tok tre dagar.
Den 21. juli 1969 gjorde dei seg klare til å lande.
Armstrong og Aldrin gjekk inn i «Ørna».
Landingsfartøyet skulle bringe dei ned til månen.
«Ørna» likna ein kjempestor metalledderkopp.
Michael Collins blei igjen i romskipet.
Han køyrde rundt i verdsrommet aleine.
astronaut – ein romfarar fartøy – eit framkomstmiddel
Apollo 11 Mannskapet på Apollo 11: Neil Armstrong, Michael Collins og Edwin «Buzz» Aldrin 38 Kapittel 10 Utanfor verdaDet var vanskeleg å lande på månen.
Det var krater og store steinar overalt.
Men Armstrong klarte å lande utan problem.
Før dei gjekk ut, måtte Armstrong og Aldrin
gjere «Ørna» klar til å lette, slik at dei kunne forlate månen raskt.
Dei visste ikkje kva som venta dei.
Så hjelpte dei kvarandre på med romdraktene og var klare for den mest spennande spaserturen nokon gong.
Armstrong var nervøs då han skulle klatre ut.
Han håpte at dei ville finne fast grunn under føtene.
Då han klatra ned frå stigen
og sette foten sin ned på den harde bakken, sa han orda som seinare har blitt berømte:
«Det er eit lite steg for eit menneske, men eit gigantisk sprang for menneskeslekta».
Edwin «Buzz» Aldrin på månen.
«That´s one small step for a man, one giant leap for mankind.»
Kva meinte Armstrong med det han sa, trur du?
Tenk deg at du var med på den første måneferda. Skriv om opplevingane dine.
Vi kan bruke tankekart for å få orden på tankane våre.
Vi kan bruke tankekart når vi skal finne ut kva vi veit om ein ting, planlegge kva vi vil seie eller skrive, og hugse noko vi har lese.
Superblikk
Alt eg veit
Lesemåte
Tenkestopp
Oppsummering
finne ut kva eg veit
halde orden på tankane
planlegge
hugse hugse kva eg skal seie
1 Kva veit du om romforskarar? Lag eit tankekart.
2 Les teksten på side 41.
3 Kva veit du om romforskarar no? Fullfør tankekartet.
Kapittel 10 Utanfor verda
Romforskarar har verdsrommet som jobb.
Nokre romforskarar undersøker stjerner og planetar.
Dei bereknar kor langt det er til ulike stjerner, og kor gamle stjernene er.
Desse romforskarane blir kalla astronomar.
Astronomane bruker enorme teleskop.
Dei kan ta bilde av stjerner som ligg fleire millionar milliardar mil herfrå.
Andre romforskarar reiser ut i verdsrommet.
Dei blir kalla astronautar, kosmonautar eller romfararar.
Romforskarane må trene og gå på skule i mange år.
Dei må vere friske og sterke og gode til å løyse problem.
I verdsrommet er det ein romstasjon som heiter ISS.
Her jobbar det romforskarar frå heile verda.
På ISS gjer forskarane undersøkingar.
Dei studerer vêret og miljøet på jorda og korleis menneskekroppen taklar livet i rommet.
Forskarane er mest inne på stasjonen, men av og til jobbar dei ute i verdsrommet.
På ISS er romforskarane på jobb i seks månader før dei reiser ned til jorda igjen.
Den vesle prinsen bur aleine på asteroide B 612. Den einaste vennen hans er ei rose. Planeten er liten, og rosa er irriterande og ganske slitsam. Ein dag reiser den vesle prinsen ut i verda. På jorda møter han ein jagarflypilot. I denne teksten fortel piloten frå møtet med prinsen.
Å, du vesle prins!
Litt etter litt begynte eg å forstå det vesle, triste tilværet ditt.
I lange tider hadde du ikkje hatt anna å fordrive tida med enn å sjå på solnedgangen.
Dette fekk eg vite den fjerde morgonen, for då sa du til meg:
– Eg er så glad i solnedgangar. Kom, så går vi og ser på ein solnedgang …
– Men då må vi vente …
– Vente? På kva?
– Vente på at sola går ned.
Kapittel 10 Utanfor verda
Først såg du forbløffa på meg, men så lo du av deg sjølv.
Og så sa du:
– Eg trur alltid at eg er heime hos meg sjølv!
Alle menneske veit jo at når det er midt på dagen i Amerika, held sola på å gå ned i Frankrike.
Viss ein kunne reise til Frankrike på eitt minutt, kunne ein få sjå solnedgangen der.
Dessverre ligg Frankrike og Amerika altfor langt frå kvarandre.
Men oppe på den vesle planeten din kunne du berre dra stolen din eit par steg, og så kunne du sjå på ein solnedgang så ofte du ville.
– Ein gong såg eg sola gå ned fireogførti gonger.
Og litt etterpå la du til:
– For du veit …, når ein er svært trist, er det så godt å sjå på ein solnedgang … – Den dagen du såg fireogførti solnedgangar – då var du altså svært trist?
Men den vesle prinsen svarte ikkje på det.
Antoine de Saint-Exupéry: utdrag frå Den lille prinsen.
1 Fortel kva du ville gjort viss du var aleine på ein asteroide.
2 Skriv eit kort til den vesle prinsen med forslag til kva han kan gjere for å bli mindre trist.
Til alle tider, overalt i verda, har menneske kikka på himmelkvelvingen.
Dei har sett på skuggane, vinden, lyset, stjernene og planetane.
Så har dei laga forteljingar om dei.
I vikingtida trudde folk at guden Tor bestemte vêret.
Når det tora, trudde dei at han køyrde over himmelen med vogna si.
Det kalla dei for «Tor-drønn».
Når det lynte, trudde dei at han slo med hammaren sin, Mjølner.
segn – ei forteljing som gir seg ut for å vere sann himmelkvelvingen – den delen av himmelen vi kan sjå.
Månekaninen
Ein gong for lenge sidan levde det ein berømt bogeskyttar som heitte Hou Yi.
Pilene hans kunne drepe dei verste udyr.
Hou Yi var gift med ei vakker kvinne.
Ho heitte Chang-O.
Ein gong hjelpte Hou Yi keisaren med eit viktig oppdrag.
Som takk for hjelpa gav keisaren han ei pille.
Ho skulle gi han evig liv, men han kunne ikkje ete henne før det hadde gått eitt år.
Hou Yi tok med pilla heim og gøymde henne.
Ein dag mannen var borte, fann Chang-O pilla.
Ho svelgde henne og begynte å sveve med det same.
Akkurat idet Hou Yi kom heim, flaug Chang-O ut av vindauget og opp mot himmelen.
Først då ho kom til månen, stoppa ho.
På månen budde det ein kanin.
Då Chang-O såg kaninen, blei ho så forskrekka at ho hosta opp pilla.
Chang-O bad kaninen om å knuse pilla og lage ei til, slik at ho kunne dra tilbake til mannen sin.
Men ser du opp på månen, vil du sjå at kaninen framleis står der og knuser piller.
Kinesisk segn
Sjå for deg at du levde på vidda for to hundre år sidan.
Det er snø så langt du kan sjå, og du er aleine med reinflokken.
Plutseleg blir himmelen flerra opp av raude, grøne og lilla flammar.
Hjartet slår eit ekstra slag.
Blodet stivnar i årene.
Reinen rautar uroleg.
Du huker deg ned og dekker til håret.
Nordlyset må ikkje få tak i deg.
Du må inn. Fort!
Før i tida såg samane nordlyset som eit vondt varsel.
Dei trudde at nordlyset var sjelene til dei døde.
Nordlyset kunne strekke seg ned og føre folk med seg til himmelen, eller rive håret av dei, trudde dei.
Difor torde ikkje folk
å peike på nordlyset.
Og i alle fall ikkje rope eller joike.
Det kunne terge nordlyset.
terge – å erte, gjere narr av raute – å lage lyd
Visste du at:
I dag veit vi at nordlyset er små lyspartiklar som blir slyngde frå sola mot jorda. Når dei kolliderer med atmosfæren, lyser det vakkert opp på himmelen.
Tusenvis av turistar reiser kvart år til nord for å sjå nordlyset. Veldig mange av dei er japanarar. Det er ikkje så rart, for ifølge japansk overtru bringar nordlyset lykke og gir dei vakre barn.
Kvifor har menneska laga forteljingar om himmelkvelvingen, trur du?
Skriv vidare på segna om Månekaninen.
Vi skriv alltid berre éin m i slutten av ord: fem, klem, fram
Snart kan det som før var ein draum, bli verkelegheit. Eit firma i USA planlegg eit hotell som snurrar rundt i verdsrommet.
Når du kjem fram, får du hotellrom med seng, dusj og magisk utsikt.
Om morgonen kan du ete mat i restauranten, og kanskje ein frysetørka iskrem.
Du kan springe, hoppe og trene i eit eige gymrom – med mindre tyngdekraft vil det nok bli ekstra gøy!
Og prisen? Det er ein høg sum. Faktisk skyhøg!
Oppgåver
1 Skriv kva du ser på bilda.
2 Finn ord som sluttar på m i teksten på side 48.
3 Vel fem ord frå skya. Skriv setningar med dei. om bom dam dum fem kam kom kum
lam lem rom som tam tom fram slem skum trim klem
gram
4 Fullfør setningane. Bruk ord frå skya.
a I romskipet bevegde dei seg for å få litt ...
b Dei var ... astronautar som jobba i lag.
c Neil Armstrong ... seg til månen.
d Når dei kom heim, ville dei gi barna sine ein …
5 Lag oppgåver til kvarandre der det manglar ord som sluttar på m.
6 Øv på å skrive øveorda rett. Éin les, og éin skriv. Så byter de roller.
som kom om klem dum
Teksten er henta frå
Sølvmånen av
Sissel Horndal.
Kven har ikkje undra seg over månen?
Denne vakre, blanke skiva, som har så mykje kraft at ho kan flytte all verdas hav.
Men det finst historier om ein annan måne.
Ein måne som skin som sølv.
Ein farleg måne.
Som kanskje ikkje er ein ekte måne.
For ting er ikkje alltid det dei ser ut til å vere.
50 Kapittel 10 Utanfor verda
Det var ein gong ei jente som gjette rein i fjellet. Ho var ikkje redd.
Ho hadde gjort det før. Mange gonger.
Ho var godt kledd og sat i ei lun grop fylt med bjørkeris.
Framfor henne spraka det i eit bål.
Av og til slo ho staven i ein stein. Hoia litt.
Om det var varg eller andre udyr i nærleiken, skulle dei vite at det var folk her.
I handa heldt ho ein handtein.
Og i lyset frå bålet spann ho den finaste tråd.
Ho var så dyktig til å spinne lin, denne jenta. Handteinen hadde ho alltid med seg når ho var ute i marka.
Ho hadde fått han av bestemora si.
«Ta godt vare på denne, ungen min», hadde ho sagt.
«Han er ikkje laga av sølv eller gull. Men kanskje blir han meir verd likevel.»
Då fekk ho plutseleg sjå noko som blinka og flimra oppe i Steinfjell.
Var det folk og gjekk i fjellet på denne tida?
Kanskje det var røvarar?
Røvarar med faklar i hendene som kom for å stele rein?
Ho reiv til seg vasskjelen som stod klar, og sløkte bålet.
Røyken velta opp og svei i auga.
Men då han la seg, skjønte ho at det ikkje var folk med faklar ho såg.
Plutseleg var det som dei blafrande lysa smelta saman.
Smelta saman til ei rund og lysande kule, som svevde gjennom lufta, langsetter fjellet.
Noko sånt hadde ho aldri sett. [...]
vasskjele – kanne med vatn langsetter – langs med
Kva var dette for slags trollskap?
Kvar blei det av månen?
Då fekk ho sjå ein stor, mørk skugge som kom ut frå skogen og ut på myra.
Reinen blei uroleg.
Skuggen kom nærmare, rett mot henne.
Dette var ikkje eit vanleg menneske.
Jenta reiste seg og greip etter staven sin.
Hjartet slo hardt i brystet.
No skjønte ho kven det var.
Kufta hans skein som om ho var gjord av stål.
Han hadde sølvbelte, og i beltet hang ein stor kniv med sølvskaft.
I handa heldt han ei øks.
Då hugsa ho kva bestemora brukte å seie: «Stallo søv ikkje når sølvmånen skin.»
Det var Stallo! Trollet Stallo, vond og sterk.
Så sterk at han kunne knekke eit menneske i to.
Stallo som plyndra og stal og drap folk.
Sissel Horndal: utdrag frå Sølvmånen
Kva var den lysande kula jenta såg?
Beskriv korleis
Stallo ser ut. Teikn til.
Har du sett Buster?
Han forsvann 3. februar
frå Fjellveien 17.
Buster
Buster er verdas søtaste dvergkanin.
Han er kvit og lodden i pelsen og veldig god å kose med.
Pelsen er litt brunare på øyra.
Han har raude auge og eit blått halsband med glitter.
Han lyder ikkje namnet sitt, og spring ganske fort, men kjem viss du lagar smattelydar.
Ring eller send SMS til Trine tlf. 114 67 558
– Sånn! sukkar Trine
og pressar inn den siste teiknestiften.
– No seier i alle fall nokon frå viss dei har sett han.
Trine tenker på Buster.
Han er borte, og det er iskaldt ute.
– Vi finn han nok, trøystar Ida.
Kaninar pleier jo ikkje å gå så langt viss dei først stikk av.
Ho fortset: – Og no, som det er lyst, blir det sikkert lettare å finne han.
Trine sukkar tungt.
Hadde ho berre ikkje vore så dum!
Idet ho opna døra, smatt han ut.
Alt ho rakk å sjå, var den lòdne, kvite dotten som hoppa bortover i snøen.
Han spratt bak ein busk, og så var han borte.
Etter ei stund kom mamma og Mats ut for å hjelpe til med leitinga, så kom pappa og Ida.
Til og med naboane kom, med lommelykter, pusestemmer og smattelydar.
Dei leita over alt.
Under terrassen og inne i dokkestua, under hekken og langs heile gjerdet.
Til inga nytte.
I dag tidleg storma Trine ut for å leite.
Det var fullt av spor i snøen, men ingen små kaninspor.
Jentene leitar langs vegen heilt frå butikken.
Når dei kjem heim, set Trine seg på terrassen.
Snøen glitrar i den klare februarsola. – Å, Buster! Kvar er du? seier Trine.
Trine tenker på det tomme kaninburet.
Ho tenker på minusgradane og på dei alvorlege auga til mamma då ho sa at kaninar og kuldegradar ikkje passar så godt saman.
Så ser ho det.
Langs kanten av den eine snøhaugen er det nokre små, nytråkka spor.
Dei lagar ein sti mot terrassen.
Trine lyttar.
Ho bøyer seg ned og kikkar under terrasseborda. Der sit han.
Kvit og lòden, og tydeleg lei av å vere på eventyr.
Kva trur du mora til Trine meinte då ho sa at kaninar og kuldegradar ikkje passar så godt saman?
Skriv di eiga etterlysing av eit dyr.
Kom så: Stig opp! Av stad! No skal vi ri. Først skrittar vi. Først skrittar vi. Først skrittar vi. Trave, trave, trave, trave, trave.
Og galopp! Og galopp! Og galopp! Og galopp! Prrro!
gjentakingar
Lotta Olsson og Eva Lindströmgjentakingar 58 Kapittel 11 Menneske og dyr
Kom bukken til gutten, kom kalven til mor, kom mjauende katten i snehvite skor.
Kom andunger gule, kom frem ifra skjule’, kom kyllinger små, som neppe kan gå, kom duene mine med fjærene fine. Se, gresset er vått, men solen gjør godt. Og tidlig, tidlig er det på sommer’n, men rop på høsten, så kommer’n.
Bjørnstjerne Bjørnson
Vi skriv – steg for steg
Du skal skrive eit dikt med gjentakingar.
Diktet skal handle om dyr.
1 Lag ei liste over dyr du vil skrive om.
Vel eitt eller fleire.
2 Finn ut kva du vil skrive om dyret ditt, og kva du vil gjenta fleire gonger.
3 Skriv diktet og teikn til.
Eg ønsker meg
EKSEMPELTEKSTAR
Eg ønsker meg ein elefant.
Eg ønsker meg ein sjiraff.
Eg ønsker meg ein ape.
Eg ønsker meg ein krokodille.
Eg ønsker meg ein slange.
Eg ønsker meg ein sebra.
Eg ønsker meg ein dyrepark.
• ape
• sjiraff
• elefant
• krokodille
• slange
• sebra
• mus
• katt
Apen
Apen klatrar, apen sklir, apen hoppar, apen spring, men kva gjer vi?
Vi skriv, vi ler.
Amin, 3. trinnet
Julius er ein spesiell ape.
Han blei fødd i Dyreparken i Kristiansand jula 1979.
Han blei kalla Julius.
Kort tid etter at han blei fødd, blei mora lei av å vere mor.
Ho gav han ikkje mjølk eller omsorg.
Ein dag blei Julius funnen med ein avbiten finger.
Han heldt på å bli utstøytt av flokken.
Legen frykta at Julius skulle døy.
Han tok med seg Julius heim.
Julius fekk drikke mjølk frå ei tåteflaske og måtte ha på seg bleie.
Han fekk sove i ein banankasse.
Julius fekk vekse opp heime hos
både legen og direktøren i Dyreparken.
Julius bada saman med barna og fekk godteri og sitronbrus på laurdagane.
Og sjølvsagt måtte han pusse tennene.
Han fekk vere med ut i snøen på akebrett og likte godt å måle saman med barna.
Som andre småbarn åt han også på leikene, velta blomsterpotter og drakk frå vaskebøtta.
Fosterforeldra gløymde ikkje at Julius var ein ape.
Dei ville at han skulle tilbake til sjimpansane. Difor var Julius ofte på besøk i Dyreparken.
Ein dag tok ein av sjimpansane direktøren i handa.
Han såg lenge på den høgre peikefingeren til direktøren. Så beit han av tuppen og sende han rundt i flokken.
Etter kvart blei Julius stor og sterk og kunne vere farleg for menneske.
Julius måtte tilbake til Dyreparken.
Det blei vanskeleg for han å komme tilbake.
Han ville vere leiaren i flokken, men flokken hadde allereie ein leiar.
Dei andre sjimpansane godtok han ikkje.
Dyreparken laga eit lite hus til Julius.
Dei kalla det Juliusgrotta.
Han klarte å rømme fleire gonger frå grotta.
Ein gong sprang han ut til ein trampoline og hoppa saman med andre barn.
Ein annan gong sprang han til kiosken og tok ein is.
Då leiaren i flokken døydde,
fekk Julius sleppe inn til dei andre sjimpansane.
Etter litt knuffing blei Julius godtatt som leiar.
Julius er framleis glad i å måle.
Han liker å bruke gul farge.
Når han er i dårleg humør, målar han med mørke fargar.
I dag er Julius leiaren av sjimpanseflokken.
No lever han saman med flokken sin.
Julius får framleis mykje merksemd på bursdagen sin.
Fosterforeldra til Julius besøker han framleis, men dei kan ikkje gå inn til han.
Når dei kjem, skal han vise at han er sjefen.
Då hamrar han på rutene, brøler høgt og spring fram og tilbake og kastar stein. Slik viser Julius at han er ein god leiar.
Fosterforeldra er glade for at det har gått bra.
Dei ville ikkje at Julius skulle bli eit menneske.
Dei er stolte over at dei fekk han tilbake til flokken, og glade for at han var litt deira undervegs.
Dette bildet blei tatt på Julius sin 40-årsdag.
Kvifor kunne ikkje menneska behalde
Julius når dei var så glade i han?
Skriv spørsmål du lurer på om Julius.
Nokre ord les vi ofte, for eksempel eg, også, ikkje og eller.
Slike ord er det lurt å kunne lese som heilord. Jo meir vi les, desto fleire heilord hugsar auget vårt. Og jo fleire heilord auget vårt hugsar, desto lettare blir det å lese og forstå teksten.
1 Les teksten på neste side høgt for ein annan i eitt minutt.
Les så nøyaktig og fort du kan. Den andre følger med på om du les orda rett.
Superblikk
Alt eg veit
Lesemåte
Tenkestopp
Oppsummering
2 Finn ut kor mange ord du las.
3 Les to gonger til. Kor mange ord les du no? Kva skjer?
4 Byt roller. Kva skjer?
Eva var storesystera til Bulle.
Ho var femten år, og når ho ikkje kjeda seg, var ho sint.
«Visste du at blodhunden er verdas dummaste hund?» sa Bulle.
«Han er så dum at når han tar maten frå dvergpuddelen, som tilfeldigvis er verdas klokaste hund, skjønner han ikkje at han blir lurt.»
«Hald kjeft», sa Eva.
Men Bulle heldt ikkje kjeft.
«Når dvergpuddelen veit at blodhunden luktar brødskive med salami, og at ho er på veg for å ta henne frå han, pleier han å smørje slim frå elefantsniglar på undersida av brødskiva.»
«Elefantsniglar?» snøfta Eva med eit mistenksamt blikk.
Dessverre for henne var det slik at Bulle las bøker og difor visste ein god del ho ikkje visste, og ho kunne difor aldri vere heilt sikker på om det han sa, berre var Bulleoppspinn eller noko frå dei teite bøkene. For eksempel kunne dette vere noko frå den boka Bulle las mest i, ei tjukk, gammal og støvete bok etter bestefar som heitte ‘DYR DU SKULLE ØNSKE IKKJE FANST’.
«Har du ikkje sett elefantsniglar?» ropte Bulle. «Det er berre å sjå ut av vindauget, det er flust av dei på plenen.
Svære, nifse typar. Når ein pressar dei mellom to bokpermar, tyter det ut noko som kan minne om det gulgrøne snørret som renn ut av nasen på folk med Bejing-influensa av tredje grad.
Det finst ikkje verre snørr enn ei ekte tredjegrads
Bejing-snørr.
Ja, bortsett frå elefantsnigelslim, då.»
Jo Nesbø: utdrag frå Doktor Proktors Prompepulver
Doktor Proktors Prompepulver
Doktor Proktors sensasjonelle samling av dyr du skulle ønske ikke fantes
(Slimopoda babar)
TYPE DYR: Blautdyr og blant dei største i gruppa sniglar (Gastropoda) .
UTBREIING: Først og fremst i Midtvesten i USA, men finst også i hagar i resten av verda.
BESKRIVING: Elefantsnigelen er ein enorm snigel med eit klissete og nærmast gjennomsiktig ytre. ES produserer store mengder slim, og når han flyttar på seg, lèt han etter seg ei elv av gulgrøn guffe der han kryp. Er spesielt glad i mais, og det skjer stadig at millionar av elefantsniglar angrip maisåkrar i Minnesota og et opp kvart einaste maiskorn. Dette førte i si tid til utviklinga av den genmanipulerte Minnesota supersize spyfluga (sjå s. 34).
ELEFANTSNIGEL I NOREG: Kryp hekk- og hagelangs over heile landet, først og fremst sidan elefantsnigelegg stadig blir importerte gjennom maiskorn (sjå under).
DIFOR SKULLE DU ØNSKE HAN IKKJE FANST: I tillegg til at han angrip maisåkrar, viser nyare forsking at elefantsnigelen ofte legg egga sine inne i maiskorn (blir sprøyta inn gjennom følehorna). Et du mais med elefantegg inni, vil egga føre til ei kraftig slim- og snørrdanning i kroppen din – og Folkehelseinstituttet antar dette er ei av dei vanlegaste årsakene til Beijinginfluensa av tredje grad (snørret er då også så å seie identisk med sliminnhaldet til ein elefantsnigel).
Jo Nesbø: utdrag frå Doktor Proktors sensasjonelle samling av dyr du skulle ønske ikke fantes
tennene blir ofte oydelagde av all steinetinga.
tennene blir ofte ødelagt av all steinspisingen r ofte ød te ød .
Jo Nesbø: utdrag frå Doktor Proktors sensasjonelle samling av dyr du skulle ønske ikke fantes
Kapittel 11 Menneske og dyr
(Rhino prosit)
TYPE DYR:
Hovdyr i nashornfamilien (Placentale pattedyr).
UTBREIING:
Lever i Kalahariørkenen aust i Namibia (Omaheke-regionen).
BESKRIVING:
Det sotflekkete namibiske nashornet lever i ørkenen og et mykje sand, stein og grus. Dette gjer at SNN blir uforholdsmessig tungt og bevegar seg seint. SNN er i tillegg ein skikkeleg stabeis, så når Kalahariørkenen fløymer over i oktoberregnet kvart år, blir det sotflekkete namibiske nashornet ståande på botnen og halde pusten (det har aldri lært seg å symje).
SOTFLEKKET NABIBISK NASHORN I NOREG: Ikkje observert.
DIFOR SKULLE DU ØNSKE DET IKKJE FANST:
På grunn av dei lange periodane det oppheld seg under vatn, er det sotflekkete namibiske nashornet ofte kraftig forkjøla til langt uti april. Snørr og slim renn kontinuerleg frå nasen, og SNN er i dette tidsrommet i uvanleg dårleg humør og går til angrep på alt som rører seg. Med jamne mellomrom nys det òg så kraftig at bakken ristar og det heile slår ut på Richters skala. Dei nervøse og lettskremde namibiske ørkenrottene fell som regel døde om av sjokk på grunn av smellet, og SNN får seg eit sjeldant kjøtmåltid.
1 Finn stader i teksten der du skjønner at elefantsnigel og sotflekka namibisk nashorn ikkje er ekte dyr. Vis og forklar til ein annan.
2 Lag din eigen faktatekst om eit fantasidyr.
Jonna er ni år og bur på barneheim. Styrarinna på barneheimen heiter Gerd og er ikkje spesielt glad i barn.
Jonna lengtar etter ei mamma som blir lei seg når ho får skrubbsår, og ein pappa som kjøper teikneseriar når ho er sjuk.
Ein dag køyrer det ein gammal Volvo i veldig fart framfor barneheimen. Ut av bilen kjem ein svær gorilla, stor som ei tønne rundt magen, med eit svart, klumpete hovud og slaskete mamelukkar på beina.
Barna er overbeviste om at gorillaen skal adoptere barn for å ete dei.
72 Kapittel 11 Menneske og dyr
Solteksten er henta frå Apestjernen av Frida Nilsson.
styrarinna – kvinneleg sjef mamelukkar – halvlange underbukser
Der stod han, Gorillaen, og drog i dei fuktige mamelukkane sine.
Gerd var der også, raud som ei julestjerne i ansiktet og med auge som lynte.
«Flaks at vi to er slanke», kviskra Aron.
«Han vel nok nokon med kjøtt på …»
Sakte og forsiktig begynte det å røre på seg i salen.
Alle slepte seg ut på golvet for å stille seg på rekke.
Eg stilte meg langt ute på kanten.
Så heiste eg opp skuldrene og prøvde å sjå krokrygga og sur ut.
Krokrygga og sure barn var det ingen som ville ha.
Gerd stavra seg framover.
«Ja vel!» ropte ho.
«Då vil eg sjå litt glade ansikt!
Og så må de vere høflege når Gorill … hrmft, når dama her vender seg til dykk.»
Ho snudde seg nervøst mot Gorillaen.
Gorillaen gav henne eit avmålt blikk før ho vrei på hovudet og såg på oss.
Knea mine skalv.
Nokon i rekka rygga då Gorillaen tok eit par steg fram. Ho var så stor.
Ansiktet var skrukkete som hos ein gammal sjømann, og pelsen skein
som om ho hadde smurt han inn med olje.
«Stå i ro!» freste Gerd. «Og ver høflege!»
Ho verka nesten hysterisk
– trudde kanskje at ho sjølv kom til å bli adoptert viss Gorillaen ikkje syntest nokon av ungane fall i smak.
Gorillaen gjekk fram og tilbake framfor rekka.
Då ho kom bort til meg ute på kanten, stoppa ho.
Eg stirte i golvet og bøygde ryggen så det kjentest som om han skulle knekke på midten.
Gorillaen blei ståande.
Det kjentest som ei æve, og ingen sa så mykje som eit pip.
«Nei men, Jonna!»
Det var Gerd som til slutt vågde å opne munnen.
Ho sende Gorillaen eit smigrande augekast før ho steig bort til meg.
«Sa eg ikkje at du måtte vaske dei skitne nevane dine?
Kanskje det er griseveka på Reinfaret utan at eg veit om det?»
[…]
Kapittel 11 Menneske og dyr
Eg visste ikkje kva eg skulle seie.
Tårene brann under augelokka, og alle glante på meg, som vanleg.
Gerd sukka og sette hendene i sida.
«Eg beklagar så mykje», sa ho til Gorillaen.
«Sånn mellom oss sagt, er denne ungen heilt håplaus.
Ein av dei ein aldri blir kvitt, så å seie.
Ho har vore her sidan ho var ein liten skrott og blei sett på trappa.
Eg har ikkje klart å lure henne bort til nokon på ni år.»
Ho bøygde seg fram mot meg.
«Høyrde du det?» sa ho.
«No veit du kvifor du aldri kjem deg ut herfrå!
Det er fordi du insisterer på alltid å vere så møkkete!»
Ho kikka opp på Gorillaen med eit smil
som betydde at dei to var heilt einige om at eg var ein kjempedum unge.
Gorillaen la armane i kors over den store magen.
Så nikka ho mot meg.
«Ho der blir bra», sa ho.
Frida Nilsson: utdrag frå Apestjernen
Finn stader i teksten som fortel at styrarinna ikkje liker barn.
Skriv kva du trur skjer vidare med Jonna og gorillaen.
Mange ord med kort vokal skal ha dobbel konsonant.
Men nokre småord med kort vokal blir skrivne med berre éin konsonant: vil, men, kan, skal, til
Men ... her er det jo berre menn menn!
Jeg ønsker jeg hadde en liten venn, en liten snill og lurvete en.
Jeg synes at en liten hund er fin, men det synes ikke pappaen min.
Og mamma hun sier du må forstå at slik en ting kan du ikke få. Du har jo så mye fra før, og den er ikke noe for oss, min venn.
Men jeg vil ha en liten hund.
Jeg vil ha en liten hund.
Jeg tenker på hunden hver dag, hvert sekund. Jeg vil ha en liten hund.
Kicki Oscarsson og Thore Skogman
Oppgåver
1 Skriv orda i teksten på side 72 som har kort vokal, men blir skrivne med éin konsonant.
2 Skriv setningar der du bruker begge ordpara i same setning
a vil – vill
b men – menn
c han – hann
Eg vil klappe henne!
3 Skriv orda vil, vill, men, menn, han og hann på papirlappar. Trekk ein lapp og bruk ordet i ei setning.
EKSEMPEL: Eg har gått meg vill. Snakk saman om ordet er brukt rett.
4 Sitt saman i grupper på tre. Éin finn på ei setning med eit av øveorda nedst på sida, for eksempel «Løva vil leike». Så seier han eller ho berre øveordet «vil». Dei to andre skriv øveordet. Samanlikn det de har skrive. Byt roller og vel eit nytt ord.
Er du galen?
Den løva er jo villvill!
Skal du ete skalet skalet?
vil men kan han til
Visste du at …
• I Noreg er det cirka 250 hunderasar.
• Dei minste hundane veg under éin kilo. Dei største over hundre kilo.
• Ein greyhound kan springe opptil 70 km/t.
• Ein husky kan springe 160 km utan stopp.
• Ein kvalp er fødd blind, men opnar auga etter ti dagar.
• Hundar ser ikkje fargar som oss.
• Hundar har veldig god luktesans. Dei kan lukte ting djupt under vatn.
• Ein hund lever i cirka 10–13 år.
78 Kapittel 11 Menneske og dyr
oppdrettar – ein som har som jobb å avle og fø opp dyr
– Der er det! Eg er så spent, seier Trym.
Trym og pappa svingar inn på tunet til eit stort og kvitt hus.
«Dancewood» står det på eit messingskilt.
Trym ser kvalpane med ein gong.
Dei ser ut som små, kvite snøballar.
Kvalpane er heilt like, men har ein farga tråd rundt halsen.
– Hei, smiler oppdrettarane.
Dei heiter Mona og Allan.
– Då var den store dagen her, seier Mona.
– Er de spente?
– Det var ni kvalpar i kullet, seier Allan.
– Fire tisper og fem hannhundar.
– Eg tenkte den med grøn tråd kan passe til dykk.
Berre gå inn!
Trym går forsiktig inn i hundegarden.
Kvalpane kjem bort til han med ein gong.
Dei er overalt. Dei snusar og hoppar opp på han.
Den eine bit i buksebeinet hans.
Trym set seg ned til dei.
kull – dyreungar som er fødde samstundes tispe – ein hund som er hodyr
– Golden retriever er eigentleg ein jakthund, seier Allan.
– Men sidan han er lettlært, sosial og snill, er han mest vanleg som familiehund.
Men du må hugse på at det ikkje er eit kosedyr.
Ein hund er først og fremst eit dyr.
Alle hundar stammar frå ulvane, men for mange tusen år sidan blei dei tamme.
Hunden var nok det første husdyret mennesket hadde.
Kanskje ville dei bruke kjøttet og pelsen til hunden, eller kanskje syntest dei at dei var nyttige?
Nokre hundar var gode gjetarar, nokre var gode vakthundar, medan andre var gode å ha med på jakt.
– Eller kanskje dei ville ha ein venn? seier Trym.
– Blir han ikkje kalla mennesket sin beste venn?
– Jo, smiler Mona.
Hundar er flinke til å lese kroppsspråket vårt.
Dei kan merke om vi er lei oss, redde, glade og forstår kva vi meiner når vi peiker og snakkar. Hundar kan gjere menneske rolege og glade, difor blir dei brukte på sjukeheimar og i fengsel.
– Stakkars kvalpen, som skal forlate mammaa si, seier Trym.
– Ja, han blir nok litt betutta i kveld, seier Allan.
– Men akkurat no er hjernen hans i full utvikling, så det passar fint for han å få ein ny heim no.
La hunden bli med deg på vanlege ting, lær han å møte nye menneske og uvante lydar.
Så blir han trygg etter kvart.
Og hugs at det er du som bestemmer. Hunden må ikkje få bli sjefen i familien.
– Ha det, vesle venn, seier Mona og gir kvalpen eit kyss.
– Dette er den første dagen i resten av livet ditt.
– Lykke til, seier ho. Vi held kontakten.
– Velkommen til oss, kviskrar Trym til kvalpen.
– Eg trur du kan bli min aller beste venn.
Kva meiner Allan når han seier at hunden ikkje er eit kosedyr?
Skriv korleis det går når Trym kjem heim med hunden.
betutta – forvirra eller forfjamsa
eg var eg var eg var
eit bitte lite frø i magen
frøet voks og voks
blei ein baby som voks og voks
så starta alt så starta eg
eit lite menneske på ein diger jordklode rundt og rundt i eit endå større verdsrom
altfor stort til å tenkje på for eit bitte lite frø
som eg
Ruth Lillegraven
Filip skal bli storebror.
I magen til mamma ligg det ein bitte liten baby. No er babyen stor som ein seigmann.
I dag skal Filip vere med på sjukehuset.
Mamma skal på ultralydundersøking.
Etterpå skal Filip, mamma og pappa på kafé.
Legen som undersøker mamma, heiter Tonje.
Ho ber mamma legge seg ned på ein benk og dra opp genseren så magen er berr.
Tonje smør ein blank gelé på magen til mamma.
Filip kjenner forsiktig med peikefingeren.
Geleen er kald.
Tonje har eit slags handtak med ein leidning.
– Dette blir kalla eit lydhovud, seier ho.
Tonje fører lydhovudet rundt på magen medan ho peiker og forklarer på dataskjermen.
– Her ser de hovudet og to armar og to bein.
Filip synest ikkje det er så lett å sjå kva det er, medan når Tonje peiker, ser han det betre.
– Og dette er hjartet til babyen.
Tonje peiker på nokre svarte flekker på skjermen.
– Det har fire kammer, og det dunkar fint.
Tonje undersøker og skriv på datamaskinen.
– Vil de vite kva for kjønn det blir?
spør Tonje.
Mamma og pappa nikkar.
Kapittel 12 Liten, mindre, minst
ultralydundersøking – å sjå på noko som er inni kroppen
Tonje flyttar litt på lydhovudet og ser på skjermen.
– Det ser ut som om det er ei lita jente.
– Det manglar vi! seier Filip.
No er Tonje ferdig med undersøkinga.
Ho skriv ut nokre bilde.
– Her er veslesystera di! seier ho til Filip og gir han bilda.
Om kvelden når Filip skal legge seg, sit mamma litt hos han.
– Kan eg få vere med når babyen blir fødd?
spør Filip. Mamma ristar på hovudet.
– Nei, då er det nok best at du er heime.
– Gjorde det vondt når eg blei fødd? spør Filip.
– Ja, men det gløymde eg med ein gong.
Vi var berre glade for å få den finaste babyen i verda.
– Var eg finare enn Oliver? spør Filip.
– Nei, det er det som er så rart, seier mamma.
– Foreldre synest alle barna sine er aller finast.
– Er det på ein måte delt førsteplass? spør Filip. – Ja, smiler mamma. – Akkurat sånn er det.
Når mamma har gått, tenker Filip
at dei må finne namn til veslesyster.
Kanskje ho skal heite Sofie, sånn som Sofie i klassen?
Ja, ja, det er lenge til august, tenker Filip.
Så sovnar han. Kven trur du Oliver er?
Skriv ei liste over forslag til namn på veslesystera til Filip.
Eit svangerskap varer 40 veker. Dette fosteret er 10 veker gammalt.
30 veker gammalt foster
kammer – eit rom. Eit hjarte har fire kammer.
Startar med
Noko skjer tre gonger
Noko vi kan lære
Det var ein gong ein katt, ei mus og ei lita raud høne.
Ein dag sa den vesle raude høna:
– Skal vi steike ei pannekake og halde selskap?
– Ja! sa katten og musa.
– Kven skal gå til kverna etter mjøl? spurde den vesle raude høna.
– Ikkje eg, sa katten. – Ikkje eg, sa musa.
– Då får eg gjere det, sa den vesle raude høna.
Og så gjekk ho til kverna etter mjøl.
– Kven skal lage røre til pannekaka? spurde den vesle raude høna.
– Ikkje eg, sa katten. – Ikkje eg, sa musa.
– Då får eg gjere det, sa den vesle raude høna.
Og så laga ho røre.
– Kven skal steike pannekaka? spurde den vesle raude høna.
– Ikkje eg, sa katten. – Ikkje eg, sa musa.
– Då får eg gjere det, sa den vesle raude høna.
Og så steikte ho pannekaka.
– Kven skal ete pannekaka?
sa den vesle raude høna.
– Eg vil! sa katten. – Eg vil! sa musa.
– Nei, det gjer eg, sa den vesle raude høna.
– No har eg henta mjøl og laga røre og steikt pannekaka, og no et eg henne også.
Og det gjorde høna.
Folkeeventyr
Vi skriv – steg for steg
Du skal skrive eit eventyr om eit lite dyr.
1 Skriv ei liste over dyr du har lyst til å skrive om.
2 Vel eit av dyra og lag eit tankekart over kva eventyret kan handle om.
• elefantunge
• kattunge
• mygg
• mus
• ekorn
3 Planlegg eventyret, med innleiing, hovuddel og avslutning.
4 Skriv eventyret og teikn til.
EKSEMPELTEKST
Det var ein gong ein liten andunge som møtte ein katt.
– Mjau! sa katten.
– Sånn vil eg også snakke, sa andungen.
Men han klarte berre å seie mj-akk, mj-akk.
Bedrøva gjekk han vidare.
Etter ei stund møtte andungen ein hund.
– Vov-vov! sa hunden.
– Eg vil snakke sånn som deg, sa andungen.
Men han klarte berre å seie v-akk, v-akk.
Så møtte andungen ein fugl oppe i eit tre.
– Tvi-vitt, tvi-vitt! song fuglen.
– Eg vil synge sånn som deg! sa andungen.
Men han klarte berre å seie tv-akk, tv-akk.
Kva skal bli gjentatt tre gonger?
Kva kan vi lære av eventyret?
Korleis skal eventyret starte og slutte?
– Alle dei andre dyra snakkar så fint, sukka andungen.
Plutseleg fekk han auge på mamma and borti vegen.
– Kvakk, kvakk, ropte mamma and.
– Sånn vil eg snakke! kviskra andungen lykkeleg.
Og det klarte den vesle andungen så fint, så fint.
Omarbeidd av Marjorie la Fleur og Solveig Gaarder
Det var ein gong ei kone som hadde ein einaste son.
Han var lang som ein tommelfinger.
Difor kalla dei han Tommeliten.
Då han blei eldre, sa mora at han måtte finne seg ei kone.
Ja, så drog dei i veg til ein kongsgard.
Der budde det ei prinsesse.
På vegen blei Tommeliten borte.
Mora gret og bar seg.
– Pip, pip! sa Tommeliten.
Han hadde gøymt seg i mana på hesten.
Tommeliten måtte love at han ikkje skulle gøyme seg igjen.
88 Kapittel 12 Liten, mindre, minst
man – nakkehåra på hesten
Då dei hadde køyrt eit stykke vidare, var Tommeliten borte igjen.
Mora leita og ropte og gret, men borte var han.
– Pip, pip! sa Tommeliten, og ho høyrde at han kniste og lo, men sjå han kunne ho ikkje.
– Pip, pip! Her er eg jo! sa Tommeliten og kom fram frå øyret på hesten.
Han måtte love at han ikkje skulle gjere det igjen.
Men då dei hadde køyrt eit stykke, så var Tommeliten borte igjen.
Mora, ho leita og gret og ropte på han, men borte var han, og borte blei han, og alt ho leita, så kunne ho ikkje finne han.
– Pip, pip, her er eg jo! sa Tommeliten.
Men ho kunne ikkje skjønne kvar han var, for det lét liksom så rart.
Ho leita, og han sa pip-pip, og han lo og mora seg fordi ho ikkje kunne finne han.
Men rett som det var, naus hesten, og så naus han ut Tommeliten, for han hadde sett seg i det eine naseboret.
No visste ikkje mora betre råd enn å putte han ned i ein pose, og der blei han sittande. Dei kom vel fram til kongsgarden, og det blei snart forloving av det, for prinsessa syntest det var ein vakker, liten gut, og det varte ikkje lenge før det blei bryllaup òg.
Ved bryllaupsbordet sat Tommeliten ved sida av prinsessa, men han var nok ille stelt, stakkar, for då han skulle til å ete, kunne han ikkje nå opp, og hadde ikkje prinsessa hjelpt han opp på bordet, ville han nok ikkje fått matbeten.
vere ille stelt – ha eit problem bete – bit
Det gjekk både godt og vel så lenge han kunne ete av tallerkenen.
Men så bar dei inn eit stort grautfat, og då kunne han ikkje rekke opp.
Då visste han ikkje betre enn å sette seg på kanten.
Men smørauget midt ute i fatet
kunne han ikkje få tak i, og så måtte han sette seg på kanten av smørauget.
Men rett som det var, kom prinsessa med ei stor skei
og skulle dyppe grauten sin i smøret. Og så kom ho nær Tommeliten, slik at han dumpa uti og drukna i smørauget.
Asbjørnsen og Moe
Korleis forstår du at denne teksten er eit eventyr?
Skriv og teikn kva som stod i avisa dagen etter at Tommeliten drukna i smørauget.
smørauge – smørklatt i ein
tallerken med graut
Nokre gonger fortel ein tekst alt vi treng å vite. Andre gonger fortel teksten berre litt.
Då må vi vere detektivar.
Vi må studere teksten og bilda nøye og finne ut kva dei betyr til saman.
Då les vi mellom linjene.
Å lese mellom linjene blir også kalla detektivlesing.
Superblikk
Alt eg veit
Lesemåte
Tenkestopp
Oppsummering
Maur
Mauren er eit insekt.
Alle insekt har seks bein.
På hovudet har mauren antenner.
Då har vel mauren seks bein?
Ja, det stemmer med bildet!
Den minste fuglen i Noreg heiter fuglekongen.
Han er 9 cm lang og kan kjennast igjen
på dei farga fjørene i panna og dei lyse banda på vengene.
Det er mogleg å sjå forskjell på hannar og hoer.
Nokre fuglekongar er trekkfuglar.
Andre blir igjen i Noreg om vinteren.
Fuglekongen liker seg best høgt oppe i trea.
Han lagar ofte reir ytst på ei grein oppe i ei gran.
Fuglekongen et bladlus og edderkoppar.
Fuglekongehann
Fuglekongehoe
Stader der fuglekongen bygger reir.
1 Det er berre éin lett synleg skilnad på fuglekongehannar og -hoer. Kva for ein?
2 Kvar i Noreg liker fuglekongen seg?
Kvifor er det slik, trur du?
3 Kvifor er fuglekongen sjeldan å sjå på fuglebrettet, trur du?
Andungen bur hos Dustefjerten.
Der har han budd sidan han kom ut av egget sitt.
I dag kjedar andungen seg.
– Du kan jo ta deg ein tur til berghøna, sa Dustefjerten.
– Berghøna? gapte andungen.
– Ja, du hugsar vel berghøna, sa Dustefjerten.
– Sjølvsagt hugsar eg henne.
Eg har prøvd å gløyma henne ut, men eg har aldri fått det til.
– Har du prøvd å gløyma henne ut? Kvifor det?
– Ho er skummel.
– Er ho skummel?
– Ja. Ho ligg langt ute i skogen om natta, og …
Eg trur ikkje eg er blitt så stor likevel.
Eg trur eg er like liten, Dustefjerten.
– Du, nei. Du veks kvar dag.
– Ja, men viss eg var blitt stor, då ville eg vel ikkje vera redd for ei berghøne!
– Du kan bli like redd fordi om du er stor.
Eg er litt redd for berghøna, eg òg.
– Er det sant?
– Ja.
– Men kvifor ber du meg gå til berghøna då?
Viss du er redd for henne?
94 Kapittel 12 Liten, mindre, minst
– Det er ikkje derfor eg ber deg gå til henne. Det er fordi ho er ein klok fugl, som sikkert har greie på slike fuglegreier som du lurer på.
Andungen ville at Dustefjerten skulle løfta han opp og halda han fast. Han ville at Dustefjerten skulle skjøna at det var det han ville. Men Dustefjerten sto berre og stirde ut glaset og stønna. Då kjende andungen seg så aleine.
Han kjende at han byrja ein stad midt inni seg, og så slutta han ute på tuppen av alle fjøra sine. Utfor der var det noko anna alt saman. Han var liten.
Same kor stor han kom til å bli, så ville han vera skrekkeleg liten i forhold til alt det andre.
Rune Belsvik: utdrag frå Dustefjerten og den store vårdagen
1 Øv på å lese replikkane med ulikt tonefall.
2 Vel ei setning i teksten og skriv henne. Lag ei teikning som passar til. Tenk spesielt på kva for fargar du ønsker å bruke i teikninga.
Eg er eigentleg stor, men iblant vil eg vere liten.
Då sit eg på fanget til pappa.
Og eg seier at såret gjer vondt, endå det eigentleg har gått over.
Så seier eg at eg blei redd for ein stor hund, endå han ikkje var så stor.
Etter det seier eg med den finaste stemma mi:
– Det kunne vore godt med sjokolade no!
Då ler pappa og seier – tøysekopp!
Men nokre gonger hentar pappa sjokoladen.
Og så skundar vi oss å ete nokre bitar før mamma kjem og ser oss.
Då er det lurt å vere liten!
Eg heiter Jakob. Eg er 8 år og minst.
Det er forskjell på yngst og minst. Minst handlar om storleik, og yngst handlar om alder.
Men eg er både minst og yngst.
Eg er fødd 29. desember, og eg er yngst, kortast og lettast på 3. trinnet.
I familien min er eg veslebroren til Kjetil og Helene. Yngst der også, og minst.
Kjetil og Helene synest aldri eg er flink.
Når eg klarer noko, så har dei klart det før meg. Eg var sistemann til å lære å sykle og sistemann til å køyre snøbrett.
Eg var førstemann til å ta salto på trampoline, men det syntest dei ikkje var viktig.
For det er dei eldste og største som bestemmer kva som er viktig.
Onkel Morten er også yngst. Han er veslebroren til pappa.
Onkel Morten seier at vi ikkje skal bry oss om dei. – Det er fint å vere yngst.
Då er det ingen som stressar med oss, dei blir berre veldig overraska når vi får til noko. Og det gjer vi jo sjølvsagt, seier han.
Onkel Morten er den kulaste onkelen eg har. Og det er sant at pappa ikkje reknar med han.
– Morten, ja! seier pappa, når onkel Morten drar jorda rundt i staden for å jobbe.
Eg skjønner godt at han drar jorda rundt.
Det er faktisk meir spennande å høyre på når onkel Morten fortel frå ei reise, enn når pappa fortel om ein dag på kontoret.
Onkel Morten har ridd på kamelar i Sahara og dykka etter korallar i Thailand.
Og han har sjekka damer på Cuba.
98 Kapittel 12 Liten, mindre, minst
korallar – ein type dyr som lever på havbotnen
Når eg blir stor, skal eg gjere som onkel Morten. (Ikkje det med Cuba, men det andre.)
Eg skal reise rundt og surfe på dei høgaste bølgene og køyre i dei brattaste bakkane.
For vi som er yngst, får til ganske mykje!
Og når Kjetil og Helene blir gamle og ikkje klarer å moke snøen sjølv, så kan dei ikkje spørje meg om hjelp.
For då er eg på veg for å stige opp på Kilimanjaro. Eg er nemleg framleis den yngste.
Når synest du det er fint å vere liten?
Skriv ein tekst om noko du har lyst til å gjere når du bli vaksen.
Sj-lyden har ikkje sin eigen bokstav.
Han kan skrivast på mange måtar.
Dei vanlegaste måtane er:
• sj- som i sjø
• sk- som i ski og sky
• skj- som i skje
Vi lagar oss ein sj-bokstav! sa veslebror ein gong.
Då slepp vi å tenke på at lyden er så vrang.
Då bruker vi bokstaven når vi skriv og vil seie:
Sjimpanse, sheriff, sky, Jeanette, gelé og skje og ski.
Bokstaven kan jo kanskje sjå ut slik som denne her:
Og kjem det ein sj-lyd, berre skriv vi han der.
Det ville jo bli ganske gøy å lese sånn som det: ∫impanse, ∫eriff, ∫y, ∫eanette, ∫elé og ∫i og ∫e.
Oppgåver
1 Skriv kva du ser på bilda.
2 De skal finne ut korleis det er vanlegast å skrive sj-lyden.
c Finn ei bok. Les høgt frå henne. Stopp kvar gong de kjem til eit ord med sj-lyd.
d Skriv ordet i rett søyle.
e Stopp når ei søyle har fått fem ord.
f Samanlikn med andre elevar. Er det den same søyla som har flest ord hos alle?
g Fann de andre ord med sj-lyd som ikkje passa i søylene? Kva for nokre?
sj-sk-skjsjø ski
a Lag tre søylediagram. Søylediagramma skal ha fem ruter oppå kvarandre.
b Skriv sj-, sk- og skj- under søylene.
3 Øv på øveorda. Skriv dei på lappar. Snu lappane. Éin av dykk trekker ein lapp og les ordet. Den andre skriv ordet. Byt roller og sjekk at de har skrive rett.
sjokolade sjuk forskjellig skjønne sjekke
SPRÅKVERKSTAD
Bøkene om mummitrolla er skrivne av Tove Jansson.
Ho var finsk.
Ho var eigentleg teiknar og målar, men ein dag ville ho skrive ei bok.
Den kalla ho Småtrollene og
den store oversvømmelsen.
Det blei den første boka om mummitrolla.
Mummitrolla bur i Mummidalen.
Dei søv heile vinteren.
Dei passar godt på kvarandre og dei som kjem på besøk. Menneske kan lære mykje av mummitroll.
Solteksten er henta frå Småtrollene og den store oversvømmelsen av Tove Jansson.
Det må ha vore utpå ettermiddagen ein gong mot slutten av august at mummitrollet og mammaa hans kom inn i den djupaste delen av storskogen. Der var det heilt stille og så mørkt mellom trea, som om skumringa allereie hadde falle. Her og der voks kjempeblomstrar som skein med eit rart lys som likna blafrande lampar, og langt inne mellom skuggane var det små, kaldgrøne punkt som bevegde seg.
«Sankthansormar», sa mammaa til mummitrollet, men dei hadde ikkje tid til å stoppe opp for å sjå nærmare på dei.
Dei var nemleg ute for å leite etter ein hyggeleg og varm stad der dei kunne bygge eit hus til å krype inn i før vinteren kom.
Mummitroll toler absolutt ikkje kulde, så huset måtte vere ferdig seinast i oktober. Så vandra dei vidare, lenger og lenger inn i stilla og mørket.
Etter kvart blei mummitrollet engsteleg og spurde kviskrande mammaa om ho trudde det var nokon farlege dyr der inne. «Neppe», sa ho, «men det er kanskje likevel best at vi går litt fortare.
Men eg håper vi er så små at vi ikkje blir lagde merke til viss det skulle dukke opp noko farleg.»
Plutseleg tok mummitrollet mammaa hardt i armen.
«Sjå!» sa han og var så redd at halen stod rett ut.
To auge stirte på dei frå skuggane bak ein trestamme.
Først blei mammaa redd, ho også, men så sa ho roande:
«Det er nok eit svært lite dyr. Vent, så skal eg lyse på det.
Alt ser verre ut i mørket, skjønner du.»
Og så plukka ho ein av dei store blomsterlampane og lyste med han inn i skuggen.
Då såg dei at det verkeleg sat eit svært lite dyr der, og at det såg vennleg ut og litt oppskremt.
«Der ser du», sa mammaa til mummitrollet.
«Kven er de?» spurde det vesle dyret.
«Eg er eit mummitroll», svarte mummitrollet, som hadde fått tid til å bli modig igjen.
«Og dette er mammaa mi.
Eg håper vi ikkje forstyrra deg!»
(Du ser at mammaa har lært han å vere høfleg.)
«Det gjer ingenting», sa det vesle dyret.
«Eg sat og følte meg ganske melankolsk og lengta etter selskap. Har de det travelt?»
«Ja», sa mammaa til mummitrollet.
«Vi held nemleg på med å leite etter ein god, solfylt stad å bygge hus på.
Men du har kanskje lyst til å bli med?»
«Det er sikkert og visst», sa det vesle dyret og skunda seg bort til dei.
«Eg har gått meg bort og trudde at eg aldri ville få sjå sola igjen!»
Så fortsette dei alle tre og tok med seg ein stor tulipan for å lyse på vegen.
Tove Jansson: utdrag frå
Småtrollene og den store oversvømmelsen
Kva trur du mummimamma meiner med at alt ser verre ut i mørke?
Skriv om ein gong du følte deg liten og redd.
oppskremt – nervøs, redd melankolsk – trist
Sverre ser på snikkarane.
Dei balanserer på stillaset.
Dei måler og sagar og skyt med spikarpistolane.
Dei bygger så fort.
I dag har dei sett opp alle takstolane.
– Tenk å bygge eit heilt hus, seier Sverre.
– Det kan vel vi også? seier Blomma.
– Vi tre? Særleg.
Sverre himlar med auga.
– Kan de vel, seier den eine snikkaren.
Han snur seg mot barna og peiker.
– Bygg ei hytte i det treet der.
De kan få materialar av oss.
Sverre ser på treet.
Det er kanskje ikkje umogleg?
Barna hentar plankar. I massevis.
Dei er lange og korte, smale og breie.
– Kappet kan de gjerne ta, ler snikkarane.
Dei får esker med spikrar.
Så hentar dei hammar og sag.
– Sjå her, seier snikkaren
og slepper seg ned frå stillaset.
– De bør lage ei arbeidsteikning først.
– God planlegging er halve jobben.
Det er lettare å bygge
når alle veit korleis det skal sjå ut, smiler han. Han legg ein blyant bak øyret til Sverre og ler.
– Her kan stova vere, seier Blomma.
– Og der kan vi ha kjøkken, peiker Alexander.
– Det skal vere så stort som dette, seier han og tel skritta medan han går.
Sverre måler og teiknar.
– Doen trur eg nesten må vere utandørs.
kapp – plankebitar som ikkje skal brukast
108 Kapittel 13 Vi bygger!Barna måler, sagar og hamrar.
Det begynner å bli mørkt
Snikkarane er i ferd med å pakke saman.
– Er ikkje vi også ferdige no? seier Blomma.
Gutane nikkar.
– Einig, seier dei.
Sverre roper bort til snikkarane:
– Vil de komme på innflyttingsfest?
Snikkarane vinkar: – Gjerne, seier dei.
Så kjem dei bort til hytta.
Dei har med seg kjeks og brus.
– De takkar vel ikkje nei til ei etande
innflyttingsgåve? seier dei.
– Å nei, seier Alexander.
Det gjer vi så visst ikkje.
Det er heilt på sin plass!
Snikkarane set seg på stovegolvet
og studerer arbeidsteikninga nøye.
– Ho blei kanskje ikkje heilt som de hadde tenkt dykk, eller? smiler dei.
– Ikkje akkurat, humrar Sverre.
– Men mykje koselegare!
Kva kunne du tenke deg å bygge?
Lag ei arbeidsteikning som viser draumetrehytta di.
Blomma og pappa bygger eit fly.
Det er eit modellfly.
Blomma set saman flyet sjølv.
Pappa hjelper berre litt.
Blomma limer på vengene.
Ho må vere nøyaktig.
Limet er klissete.
Flyet skal vere lilla.
– Ingen fly er lilla! seier pappa.
– Jo, mitt, så! seier Blomma.
Ho ser på pappa.
Snart skal dei ut og prøve flyet.
For lilla fly kan også fly!
Vi skriv – steg for steg
Du skal bygge ut setningane nedanfor.
1 Les teksten:
Gustav og eg bygde ei trehytte.
Vi henta plankar hos farfar.
Vi bar plankane inn i skogen.
Vi fekk lov til å bruke drill.
På den måten fekk vi vår eiga hytte.
2 Planlegg korleis du kan bygge ut setningane i teksten du las:
– Korleis kan du beskrive plankane, drillen og hytta?
– Korleis kan du bygge ut setningar med ordet «som»?
3 Skriv teksten på nytt.
Blomma og pappa bygger eit fly.
Det er eit veldig fint modellfly.
Blomma set saman
det vesle flyet sjølv.
Pappa hjelper berre litt.
Blomma limer på vengene
som skal stå på tvers.
Ho må vere heilt nøyaktig.
Limet er forferdeleg klissete.
• liten
• stor
• kul
• tung
• lang
• fin
Ei hytte
• som var verdas finaste
• som vi hadde ønskt oss lenge
• som var vår hemmelegheiteiga
EKSEMPELTEKST
Når dyr skal bygge seg ein bustad, gjer dei som oss menneske.
Dei leitar etter ein god stad å bu.
Mange dyr er dyktige byggmeistrar.
Dei bygger seg ein stad der dei kan få fred frå fiendane sine, og varme og ly for vinden, og ein god stad å sove.
Nokre dyr lagar fleire inngangar til bustaden, slik at han liknar eit leilegheitskompleks.
Dyra bruker gras, blad, kvistar, fjør, mose, steinar og til og med plast.
Dei lagar mørtel med spytt og gjørme.
Dyra bygger med dei reiskapane dei har: nebb, klør og potar.
Kråkene lagar store reir.
Mauren ber byggematerialar.
Beveren er ein dyktig byggmeister.
Han bygger store hytter og demningar og grev gangar og hol i jorda.
Tennene og hendene er dei viktigaste reiskapane til beveren.
Når beveren skal lage ei hytte, grev han først eit lite basseng i vasskanten.
Så dekker han bassenget med stokkar og kvistar og tettar igjen med jord og mudder.
Nokre stader lagar han også luftekanalar.
Beveren lagar fleire rom i hytta.
Ei matstue ved bassenget og eit tørrare rom høgare oppe.
Inngangen ligg under vatn, slik at ingen rovdyr kan komme inn.
Inni beverhytta er det tryggare for beverungane.
Beverhytta er eit imponerande byggverk.
Edderkoppen er også ein flittig byggar.
Han bruker silke til å bygge med.
Silken er flytande inni kroppen til edderkoppen.
Edderkoppen spinn nett med silketråden.
Når insekt flyg inn i nettet, sit dei fast.
Edderkoppsilken er veldig lett, men veldig sterk.
Han er faktisk sterkare enn stål.
Nokre edderkoppar spinn trådane sine rundt visne blad, slik at det blir som ein sovepose.
Der gøymer dei seg midt i spindelveven.
Når edderkoppen får ungar, lagar han eit barnerom i eit nytt blad.
Vassedderkoppen bruker silken til å lage ei dykkarklokke.
Mange edderkoppar lagar seg smarte gøymestader der dei kan vente på byttet sitt.
114 Kapittel 13 Vi bygger!
Vepsen bygger bol.
Dronninga begynner på eit nytt bol kvart år.
Bola kan vere bitte små, eller fleire meter høge.
Vepsen lagar papiraktige vegger
ved å gnage på treverk og tygge det saman.
Vepsane laga faktisk papir
lenge før menneska fann på å lage papyrus.
Også fuglane er gode til å bygge.
Skjora bygger eit stort reir av kvister, ofte høgt oppe i eit tre.
Reiret har éin eller to inngangar, og nokre gonger tak.
Vevarfuglen i Sør-Afrika vev elegante reir av tynne trådar av blad, gras og kvister.
Reiret har tronge inngangar, slik at ikkje fiendane kan komme inn.
Reira kan bli ganske store og har mange rom
med plass til fleire hundre fuglar.
Nokre reir har vore brukte i over hundre år.
Kva for eit dyrebyggverk synest du er mest imponerande? Grunngi svaret ditt.
Skriv om bustaden til eit fantasidyr.
I ein tekst er nokre ord viktigare enn andre.
Dei kan fortelje oss noko om innhaldet i teksten.
Slike ord kallar vi nøkkelord.
Nøkkelorda kan hjelpe oss til å hugse kva ein tekst handlar om.
viktige ord hugse betre nøkkelord
Superblikk
Alt eg veit
Lesemåte
Tenkestopp
Oppsummering
nøkkelord
Taj Mahal blir rekna som ein av dei vakraste
bygningane i verda.
Bygget stod ferdig i 1648 .
Ein herskar som heitte Shah Jahan, bygde det til minne om den døde kona si.
Taj Mahal er bygd i kvit marmorstein .
Det tok over 16 år å bygge det.
Kvart år kjem det fleire millionar turistar til Agra for å sjå det vakre bygget.
116 Kapittel 13 Vi bygger!
Pyramidane i Egypt blei bygde i oldtida.
Dei var gravplassar for faraoane og familiane deira.
Vi veit mykje om pyramidane, men vi veit ikkje korleis dei blei bygde.
Pyramidane har millionar av steinblokkar.
Kvar steinblokk veg fleire tonn.
Steinblokkane blei henta frå steinbrot langt unna og frakta på Nilen.
Enkelte meiner egyptarane brukte rampar som dei dytta steinane opp på.
Andre meiner dei laga store heisekraner.
Heilt sikre på korleis pyramidane blei bygde, blir vi kanskje aldri.
Men pyramidane viser at vi menneske kan bygge akkurat det vi vil – med god planlegging og mykje innsats.
1 Finn nøkkelord i teksten.
2 Bruk nøkkelorda til å gjenfortelje teksten.
Ein dag vaknar Flekkmonsteret og er kjøttsvolten. Han drar på biblioteket for å finne ei bok om korleis ein bygger ei harefelle.
Flekkmonsteret tok ned ei bok om harefeller, og gøymde henne i den store flekkpelsen sin.
Han plystra seg forbi den høge skranken og tusla opp att til mosehytta.
Der sette han seg til å lese.
I boka stod det at han først måtte hente ein spade.
Så grov han eit djupt hòl.
Så las han i boka at han måtte legge furukvister over hòlet.
Men flekkmonster bur alltid høgt til fjells, og så høgt til fjells veks det ikkje furu.
Han drog kniven fram frå pelsen og skar ned nokre vindskeive fjellbjørker i staden.
Dei la han over hòlet.
Over kvistene la han mose, og like før han hadde lagt mose over det heile, kraup Flekkmonsteret nedi og sette seg til å vente. No var han heilt svimmel av svolt.
Ei lang stund gjekk utan at nokon hare ramla nedi.
– Her må ein berre vere tolmodig, sa Flekkmonsteret.
Etter ei endå lengre stund høyrde Flekkmonsteret at det rasla i mosen, og brått braka det i kvister, og ned i fella ramla eit raudbrunt vesen med kvit haletipp.
Kapittel 13 Vi bygger!
Flekkmonsteret blei forfjamsa, og det same blei det raudbrune vesenet. Dei såg skremte på kvarandre. skreik Flekkmonsteret.
– Veit eg vel, bjeffa det raudbrune vesenet.
– Ja men, skjønner du ingenting, din dustemikkel. Dette er ei harefelle.
– Ei harefelle? Men eg er jo ein rev, sa det raudbrune vesenet og forsøkte å smile lurt.
– Nettopp. Og dette er ikkje noka felle for revar, sa Flekkmonsteret.
Han var sur og sint på reven, og sa at han skulle ha seg opp igjen med ein einaste gong.
Men det var lettare sagt enn gjort. Veggene var høge og bratte, og reven klarte ikkje å klatre opp.
Så han sette seg til slutt saman med Flekkmonsteret. Han rekte fram poten og sa at han heitte:
– Mikkel.
– Flekkmonsteret, sa Flekkmonsteret.
Det viste seg snart at også Mikkel likte harekjøtt.
– Det er faktisk det beste eg veit, sa Mikkel.
Dei sat stille saman og kviskra om kor godt harekjøtt var.
Det gjekk ikkje lang tid før dei høyrde at det rasla i mosen.
Flekkmonsteret og Mikkel heldt pusten.
Vetle og Hallgeir Opedal: utdrag frå Flekkmonsteret bygger harefelle
1 Beskriv korleis harefella ser ut. Lag ei teikning og forklar til ein annan kva du har teikna.
2 Skriv korleis det går vidare med Flekkmonsteret og harefella.
Før var Andy Griffiths lærar.
Elevane hans ville ikkje lese på fritida.
Dei ville heller spele dataspel.
Andy bestemte seg for å vise dei at bøker kan gi glede.
Han tok seg fri frå jobben og skreiv i to år.
Så gav han ut «Gutta i trehuset», saman med vennen sin, Terry.
Det første trehuset hadde 13 etasjar.
Så blei det 13 til. Og 13 til. Og 13 til.
Og slik fortsette det.
Etter kvart som trehuset blei større, blei påfunna til gutane rarare og sprøare.
No har huset blant anna
ein etasje for kvikksand, ein etasje for motorsag-sjonglering og ein treningsbane for ninja-sniglar.
Andy Griffiths
Solteksten på side 122 og 123 er henta frå Gutta i det enorme trehuset med 39 etasjer av Andy Griffiths.
120 Kapittel 13 Vi bygger!
kvikksand – sand som plutseleg kan bli flytande sjonglere – trikse, eller leike med fleire ting samstundes
Barna i Australia elska bøkene om gutane i trehuset.
Men nokre vaksne blei bekymra. Dei meinte bøkene var for skumle og tøysete, og at dei kunne skade barn. Dei var redde for at barna skulle herme etter dei rare påfunna til Andy og Terry.
På nokre skular var bøkene til og med ulovlege.
Andy smilte av dei vaksne. Han ville skrive rare og morosame historier, for mange barn liker det som er annleis.
– Barn klarer fint å skilje fantasi og verkelegheit. Det er ingen barn som set fyr på rumpa si eller klipper av tommeltottane sine, berre fordi det står i ei bok, sa han. – Og det meste endar jo bra til slutt.
Hei, eg heiter Andy.
Dette er vennen min Terry.
Vi bur i eit tre.
Men altså: Når eg seier «tre», meiner eg eigentleg ei trehytte, og med trehytte meiner eg ikkje ei kva som helst hytte i eit tre, men eit 39-etasjes trehus!
(Det var 26 etasjar før, men no har vi bygd på med 13 etasjar til.)
Kva ventar du på? Bli med opp!
Vi har bygd på med ein trampoline (utan nett), ein sjokoladefoss, ein aktiv vulkan (som ikkje får utbrot), eit heilt operahus, ein leikepark med babydinosaurar, og Andy og Terry sitt Tru det … elles!-museum, ein boksande elefant som heiter Snabelator (som kan slå deg rett ut med eit treff frå den sterke snabelen), ein ikkje spesielt morosam karusell, eit røntgenrom (der du kan sjå ditt eige skjelett), eit diskotek med lysande dansegolv og ei gigantisk spegelkule, eit høgteknologisk kontor med laserviskelêr, halvautomatiske stiftepistolar og kontorstolar med jetmotor.
Og verdas skumlaste berg-og-dal-bane (han går så fort, er så farleg og skremmande at til og med dei døde er redde for å køyre han), og i tillegg til alt det kjem ein etasje som er så ny at Terry ikkje er ferdig med han enno. Eg gleder meg til å sjå kva det blir!
Andy Griffiths: utdrag frå Gutta i det enorme trehuset med 39 etasjer
Synest du barn bør lese tøysete og skumle bøker? Grunngi svaret ditt.
Skriv og teikn om noko du ville ha bygd i trehuset.
Ord som har kort vokal, blir ofte skrivne med dobbel konsonant: bygge, snikkar, hammar, drill
Hytte
eg ser nokre gamle plankar skjelettet av ei hytte
ja! seier eg knekkjer greiner
legg dei på plass
lag på lag og grein på grein
til hytta er eit kjempestort reir
Ruth Lillegraven
Oppgåver
1 Sjå på illustrasjonen nedst på sida. Skriv namn på ting som har dobbel konsonant.
2 Skriv orda med dobbel konsonant i teksten «Hytte» på side 124.
3 Lag setningar med orda nedanfor. Du kan bruke fleire ord i same setning.
mine minne fine finne bake bakke mate matte flyte flytte hyle hylle
4 a Finn ord i klasserommet som blir skrivne med dobbel konsonant. Skriv ei liste.
b Samanlikn lista med ein annan.
5 Kor mange ord med dobbel konsonant som har med «Vi bygger» å gjere, kjem de på?
a Skriv ei liste.
b Samanlikn med eit anna par til slutt.
6 Gjennomfør ein diktat med øveorda. Den eine les, den andre skriv. Så byter de roller.
eller oppå ikkje dobbel alltid
Vesle Virgil bur i eit hønsehus, med ein hane som berre har eitt bein.
Han drikk brus til frukost og vaskar seg aldri.
Det er bakaren som eig huset, men vesle Virgil får bu der heilt til det fell ned.
Ein dag kjøper bakaren plankar, så vesle Virgil kan bygge eit større hus.
Vennene Carl Emil og Oskar hjelper til som snikkarar.
Dei hamrar stort sett på fingrane sine.
Etter tre timar er dei tomme for plankar.
Dei bestemmer seg for å rappe plankar frå gjerdet til Kullemannen.
Solteksten er henta frå Vesle Virgil av Ole Lund Kirkegaard.
Kapittel 13 Vi bygger!
Heile formiddagen slepte og bar vesle Virgil og Carl Emil bord frå Kullemannen, medan Oskar sat høgt opp på tårnet og spikra dei fast. Tårnet blei høgare og høgare.
«Det er jammen eit flott tårn», sa vesle Virgil då dei hadde henta dei siste borda frå huset til Kullemannen.
«Sjølv om det er litt skeivt.»
«Det er eit eller anna rart med det», sa Carl Emil.
«Eg veit berre ikkje kva det er for noko, men noko merkeleg er det med det tårnet».
Vesle Virgil stirte på tårnet.
«Ja, du seier noko», sa han.
«Eg ser også at det er noko rart med det. Liksom det manglar noko.»
Gutane stirte på tårnet for å finne ut kva det var som var gale.
«Kanskje det hjelper når vi får på taket», sa vesle Virgil.
«Det er kanskje berre det som manglar.»
Gutane klatra opp og spikra på taket.
Då dei kom ned igjen, sa Oskar:
«Det er framleis noko merkeleg med det. Men kanskje det er fordi vi aldri har sett noko tårn før.»
«Eg skal hente teikninga mi», sa vesle Virgil.
«Då kan vi nok sjå kva som er gale.»
Då vesle Virgil var kommen inn i hønsehuset, høyrde dei andre at han sette i eit forferdeleg hyl.
«VINDAUGE!» ropte han og kom farande ut.
«Vi har gløymt å sette vindauge i tårnet!»
Gutane stirte livredde på byggverket.
Det var heilt rett som vesle Virgil sa.
Dei hadde gløymt vindauga.
«Då kan vi jo ikkje sjå nokon ting inne i tårnet», sa Oskar.
«Det er eit heilt mørkt tårn å komme inn i.»
«Korleis kjem vi inn i det?» sa Oskar.
«Kvar er døra hen, vesle Virgil?»
«Ja, døra!» sa vesle Virgil.
«Du milde måne! Ja, kvar er døra?
Vi kan jo ikkje krype gjennom taket på hønsehuset.»
Gutane sette seg på den siste bordbiten som var igjen og berre stirte på tårnet.
«Eit tårn utan vindauge er jo ikkje noko», sa vesle Virgil.
«Eg får berre håpe at smeden ikkje kjem forbi akkurat no.
Han vil sikkert le av oss viss han oppdagar at vi har gløymt å lage dør og vindauge.»
«Viss vi tar vekk nokre av borda», sa Oskar, «så veltar heile huset.»
«Vi kunne jo lage ein lem i taket på tårnet», sa Carl Emil.
«Og så krype ned gjennom han.»
«Sjølvsagt», sa vesle Virgil.
«Det er jammen godt vi har deg, Carl Emil.
Du er bestandig så god til å finne på idear.
Så klart vi lagar ein lem i taket og kryp ned den vegen.»
«Men det er framleis eit mørkt tårn», sa Oskar.
«Vi heng berre ei lampe der inne», sa vesle Virgil.
«Det blir mykje hyggelegare også.
Og så behøver vi ikkje blomstrar eller gardiner heller.
Og behøver ikkje å pusse vindauge.»
«Bravo, vi er jammen heldige!» ropte Oskar.
«Tårnet ditt blir det finaste huset
i heile byen, vesle Virgil!
Smeden kjem til å bli heilt misunneleg når han ser det.»
Ole Lund Kirkegaard: utdrag frå Vesle Virgil
Treng eit hus vindauge? Grunngi svaret ditt.
Viss du skulle bygge eit tårn, korleis skulle det sett ut? Lag ei arbeidsteikning med forklarande tekst til.
bibliotek – ei boksamling
anakonda – ein type kvelarslange
Fride og Kalle er på biblioteket. Dei har funne kvar si bok. Fride les om slangar. Ein type kvelarslange heiter anakonda.
Kalle les om eit monster som heiter Otto.
– Anakondaen kan bli mellom åtte og ti meter lang, seier Fride. Det er lengre enn huset vårt!
– Otto Monster er morosam, seier Kalle.
– Han vil bli sjuk, han, for då får han grønsj og ferie.
– Eg liker ikkje monster, seier Fride. – Eg blir berre redd.
– Eg vil heller treffe Otto Monster enn ein anakonda, seier Kalle.
– Det er ikkje sant! roper Fride.
Kalle berre finn på! Han lyg!
Tante kjem springande. – Kva er det, Fride?
– Kalle seier han har sett eit monster i kjellaren, og det er ikkje sant.
Han seier det berre for å skremme meg.
– Nei! roper Kalle.
– Eg såg det! Det ER sant!
Tante tar Kalle på fanget.
– Har du sett eit monster, Kalle, eller skulle du ønske du hadde sett eit?
– Eg har …, begynner Kalle. Men så seier han:
– Eg skulle ønske eg hadde det.
Det hadde vore så gøy!
– Men du laug! seier Fride.
Tante tenker seg om eit augeblikk.
– Nokre gonger trur eg Kalle ønsker noko så sterkt, at han nesten trur på det sjølv.
Er det sånn, Kalle?
– Ja, mumlar Kalle.
– Fantasi er noko rart, seier tante.
– Vi bruker fantasien heile tida:
Når vi tenker ut lure ting eller lagar noko.
Kunstnarar har ekstra god fantasi.
Dei lagar noko heilt nytt.
Kanskje ein song, eller ei bok, eller eit bilde.
132 Kapittel 14 Fantasi eller verkelegheit?
kreativ – å ha mange idear grufull – forferdeleg
Vi seier at kunstnarar er kreative.
– Eg liker ting sånn som dei er, seier Fride.
– Og eg liker best det som er sant.
– Ja, seier tante.
– Det er nok difor du liker matematikk.
Men du kan ikkje rekne utan å vere kreativ. Du må finne ut korleis du kan løyse ei oppgåve.
Og dessutan liker du å bygge hytte, seier tante.
– Då må du også vere kreativ. Fride nikkar.
– Du, Kalle, fortset tante.
– Kanskje du kan skrive ei forteljing om det grufulle monsteret?
Eller lage ein song, eller teikne det?
Vi vil gjerne vite korleis det ser ut!
Kalle tuslar bort og finn teiknesakene.
– Det har grøne auge som lyser i mørket, seier han.
– Det har fire fingrar på kvar hand, med klør som liknar på teiknestiftar.
Han snur seg mot Fride.
– Eg ville ikkje skremme deg, seier han.
– Men viss det hadde vore på ordentleg, då hadde du blitt skikkeleg redd!
Kvifor er Fride redd for monster, trur du?
Vil du helst treffe eit monster eller ein anakonda? Skriv argument for og imot.
• Eg vil treffe ... fordi ...
• Eg vil ikkje treffe ... fordi ...
faktabok
Kvitveis
Kvitveisen kjem om våren.
Kvar stengel har tre blad og ein blomster.
Blomstrane er kvite.
Ein blomster har ofte 6–8 kvite blad.
Fride
skjønnlitterær bok
Kvitveisen har rot, stengel, blad og blomster.
Ein liten kvitveis strekte seg så høgt han kunne og titta seg forundra omkring. Han hadde akkurat sprunge ut, og det var tidleg om våren.
– Så fint det er her! sa den vesle kvitveisen. Då høyrde han nokon som snakka.
Kalle
Kvitveisen er som ei lita stjerne som lyser i skogen.
Vi skriv – steg for steg
Du skal lage ei bok.
1 Skriv ei liste over noko du har lyst til å skrive om.
2 Bestem om boka skal vere ei faktabok eller ei skjønnlitterær bok.
3 Vel kva du vil skrive om, og lag eit tankekart med kva boka skal handle om.
• dyr
• yrke
• dinosaur
• kosedyr
• verdsrommet
4 Skriv teksten til boka. Teikn eller finn bilde som passar til.
Yrke: politibetjent
Fakta om ein politibetjent Ei forteljing om eit mysterium som blir løyst
Ein politibetjent passar på så alle kan vere trygge. Politibetjentar gjer mykje forskjellig.
Dei passar på at ingen køyrer for fort, og dei etterforskar når det har vore innbrot.
For å bli politibetjent må ein gå tre år på ein politiskule.
EKSEMPELTEKSTAR
Aldri hadde nokon klart å fakke Gamle-Gustav.
Han var den mest kjente tjuven i byen og gjorde innbrot etter innbrot. No hadde den nye politibetjenten i byen, Tora, fått saka.
Viss du fangar Gamle-Gustav, blir du berømt, hadde sjefen sagt.
– Ja vel, sa Tora og smilte. Men ho smilte ikkje søtt.
Gustav har gjort det siste innbrotet sitt! tenkte ho.
Kattar er populære kjæledyr. Dei er rovdyr som jaktar på mus, rotter og småfuglar.
Kattar ser og høyrer veldig godt. Dei er raske, og dei kan hoppe fem gonger si eiga høgde.
Det finst mange typar rasekattar, for eksempel norsk skogkatt, persar, german rex og siamesar.
I gamle dagar trudde nokon at dei fekk gjester viss katten gjespa.
Andre trudde at det ville skje ei ulykke viss ein svart katt gjekk over vegen.
I det gamle Egypt var kattar heilage, og dei blei balsamerte etter at dei døydde.
Det finst kattemumiar på museum.
136 Kapittel 14 Fantasi eller verkelegheit?
heilag – opphøgd, guddommeleg balsamert – behandla slik at det ikkje ròtnar
Persar Norsk skogkatt Siamesar German rexDet var ein gong ein fattig møllar som hadde tre søner, eit esel og ein katt.
Då møllaren døydde, fekk den eldste sonen mølla, den mellomste fekk eselet, og den yngste fekk katten.
– Skaff meg eit par støvlar! sa katten.
Katten fekk støvlar og gjekk for å fange rapphøns. Rapphønsa leverte han på slottet til kongen.
– Dette er rapphøns frå grev Carabas, sa katten.
Kongen blei glad, og katten fekk med seg gull heim. Møllarsonen blei glad då katten kom med gullet.
– Eg sa til kongen at du er greve, sa katten.
Ein dag skulle kongen køyre langs sjøen.
– Bli med og ta eit bad, sa katten til møllarsonen.
Medan møllarsonen bada, gøymde katten kleda hans. Då kongen kom køyrande, ropte katten:
– Hjelp! Ein tjuv har stole kleda til greven! Kongen skaffa klede og bad greven opp i vogna til seg og prinsessa.
Katten sprang i forvegen til ei stor eng.
– Kven eig denne enga? spurde katten.
– Den store trollmannen, svarte dei som jobba der.
– Når kongen spør kven eigaren er, seier de «Grev Carabas», sa katten.
Elles riv eg hovudet av dykk!
Det same sa han då han kom til ein åker og ein skog.
Til slutt kom katten til slottet til trollmannen, og han sa til trollmannen:
– Eg har høyrt at du kan forvandle deg til alle slags dyr, men eg trur ikkje du kan forvandle deg til ei løve!
Og, vips, så stod det ei løve på golvet.
– Storarta! sa katten.
Men ei mus kan du vel ikkje forvandle deg til?
Og, vips, så pilte det ei lita mus over golvet.
Katten kasta seg over musa og åt henne.
No var kongen, grev Carabas og prinsessa komne til enga.
Kven eig denne enga? spurde kongen.
– Grev Carabas, svarte mennene.
Og det same svarte mennene ved kornåkeren og mennene i skogen.
138 Kapittel 14 Fantasi eller verkelegheit?
greve – ein adelsmann, ein rik mann
Endeleg kom dei til slottet til trollmannen. Der stod katten og venta på dei og sa: – Velkommen til slottet til grev Carabas!
Grev Carabas førte prinsessa inn i salen, som strålte av gull og diamantar.
Og slik blei prinsessa forlova med greven, og då kongen døydde, blei greven konge.
Og katten med støvlane blei statsminister.
Grimm-brørne
Korleis skjønner du at «Katten med støvlane» er eit eventyr?
Skriv kva du meiner vi kan lære av dette eventyret.
Homonym er to ord som blir skrivne eller uttalte likt, men som har ulik betydning.
Ordet bein er eksempel på eit homonym.
Det kan bety bein vi har i kroppen.
Det kan også bety at noko er rett.
Du er så flott, vesle guten min, Stein. For ryggen din er så inderleg bein!
Så rak, og rett som ein strek.
Eg følte meg dum som eit nek!
Eg såg meg i spegelen, og kika meg bak og leita etter beinet på ryggen så rak.
Eg ser ikkje beinet! Eg byrja å stamme.
Sveitten den silte og henda vart klamme.
Er det vanleg med eitt tredje bein for gutar som heiter Stein?
Christian Wiik Gjerde
Oppgåver
1 Skriv ulike betydningar desse orda kan ha: dyr, tre, fyr, blad, rose, lam, liste.
2 Kva for nokre homonym er viktige å forstå for at vitsane skal bli morosame?
Har du høyrt om gaukungen som datt ut av reiret og blei heilt ko-ko?
Læraren: Kan du seie namnet på eit dyr?
Per: Kaffi.
Læraren: Men kaffi er jo ikkje eit dyr?
Per: Jo, mamma sa at kaffien har blitt dyr!
Veit du kvifor det er så bråkete i fjøset? Fordi alle kyrne har horn.
3 Forklar skilnaden i betydning mellom desse orda: gjerne og hjerne jul og hjul jorde og gjorde
4 Skriv setningar med orda i oppgåve 4.
Tidleg ein morgon rir Mio, Jum-Jum og hesten Miramis over Morgonlyset si bru.
Brua blir trekt inn kvar kveld og ut kvar morgon.
Den brua vi reid på, var den høgaste og lengste i heile verda. Gullfakset til Miramis glinsa i sola.
Fortare, fortare, fortare sprang han, høgare og høgare og høgare opp på brua kom vi.
Under hovane på Miramis dundra det som torevêr. Herleg var det, alt saman, og snart no, snart, snart skulle eg få sjå Landet på den andre sida av vatnet.
«Jum-Jum», ropte eg, «Jum-Jum, er du ikkje glad, er det ikkje herleg …?»
Det var då eg fekk sjå kva som heldt på å skje.
Det forferdelege som heldt på å skje!
Miramis galopperte rett mot ein avgrunn.
Brua tok slutt. Midt i lufta tok brua slutt, bruvaktarane hadde ikkje felt ho skikkeleg ned enno.
Brua nådde ikkje over til Landet på andre sida av vatnet, det var eit stort gap der det ikkje var bru, berre eit uhyggeleg, ope djup.
Så redd har eg vel aldri vore før.
Eg ville rope til Jum-Jum, men greidde det ikkje. Eg rykte i taumane til Miramis og prøvde å få han til å stanse, men han lydde meg ikkje.
142 Kapittel 14 Fantasi eller verkelegheit?
gullfaks – man som er farga som gull
Han knegga vilt og galopperte vidare rett mot døden medan det dundra under hovane.
Så redd som eg var!
Snart kom vi til å styrte ned i avgrunnen, snart ville eg ikkje høyre hovslaga til Miramis lenger, berre skriket hans når han med gullfakset flagrande stupte ned i djupet.
Eg lét att auga og tenkte på faren min, kongen.
Under hovane på Miramis dundra det som torevêr.
Men brått dundra det ikkje lenger. Eg høyrde hovslaga, men det lét annleis.
Det knitra liksom rundt dei,
som om det Miramis galopperte på, ikkje var fast.
Eg opna auga så vidt, og då såg eg at Miramis galopperte i lufta.
Å, Miramis min med gullfakset, han ferdast i lufta like lett som på marka! Han kunne springe over skyene og hoppe over stjernene om han ville.
Ein slik hest er det nok ingen andre enn eg som har. Og ingen kan fatte korleis det er å sitte på ryggen hans og liksom flyte fram gjennom lufta og få auge på
Landet på den andre sida av vatnet i solskinet langt under seg.
Astrid Lindgren: utdrag frå Mio, min Mio
1 Gå saman i par. Lag eit intervju med enten Mio eller Miramis. Kva for nokre spørsmål vil de stille?
2 Teikn eller mål eit bilde av Mio og Miramis når dei rir over Morgonlyset si bru.
Har du høyrt om svartedauden?
Svartedauden var ein pest.
Pest er ein smittsam sjukdom.
– Pesten har vore her, sa folk.
Det betydde at mange var døde.
Smitten spreidde seg fort.
Først var smitten på lopper.
Loppene saug blod på rotter.
Då blei rottene smitta.
Rottene sprang der menneska var.
Då blei menneska smitta.
Pesten spreidde seg frå land til land.
Når ein sjukdom spreier seg på denne måten, blir han kalla ein pandemi.
pest – smittsam sjukdom som mange døyr av
«Pesta drar» (1900) av Theodor Kittelsen «Pesta farer landet rundt» (1904) av Theodor Kittelsen– Har eg fortalt deg om svartedauden, Inga? seier bestemor.
– Nei, seier Inga og kryp opp i fanget hennar.
Ho elskar å høyre når bestemor fortel.
– Det heile starta i Bergen, begynner bestemor.
– Då heitte Bergen Bjørgvin og var ein kjent handelsby.
Ein dag i år 1349 kom eit engelsk skip til byen.
Mannskapet på skipet var smitta av ein pest.
Litt etter at skipet kom, blei folk sjuke.
– Korleis merka dei det? spør Inga.
– Dei fekk svarte byllar på kroppen og kasta opp blod, sa bestemor.
– Så døydde dei.
Heile familiar kunne døy. Pesten spreidde seg til nesten heile landet, unntatt lengst nord.
– Det var bra! seier Inga. – Då blei ikkje alle sjuke.
– Nei, ikkje alle, seier bestemor.
– Og nokre prøvde å flykte frå pesten.
Dei drog opp i fjellet.
– Det er ei segn om ei lita jente som var den einaste overlevande i familien sin.
Ho blei funnen heilt aleine, oppe i fjellet.
Ho blei kalla Jostedalsrypa.
– Fortel! seier Inga.
Kapittel 14 Fantasi eller verkelegheit?
byll – ein klump på kroppen med verk i overlevande – ein som ikkje døydde
Dette er ei segn om ei jente frå Sogn. Segna fortel at familien til jenta flykta til Jostedalen for å sleppe unna svartedauden.
Då dei drog heimanfrå, sa dei til alle at ingen fekk komme så lenge pesten varte.
Viss nokon ville seie dei noko, måtte dei bruke ein stein som dei kalla «Brevsteinen».
Under den kunne dei legge eit brev.
Men familien blei likevel smitta av pesten.
Etter at svartedauden var over, lurte folk på kvifor det kom dyr over fjellet frå Jostedalen.
Nokre menn bestemte seg for å dra dit.
Då dei kom fram, stod alle husa tomme.
Det var ikkje røyk å sjå frå ei einaste pipe. Plutseleg såg mennene menneskespor i snøen.
Så fekk dei sjå ei lita, redd jente. Ho prøvde å rømme, men dei tok henne igjen.
Det einaste ho klarte å seie, var: – Mor, vesle rypa.
Difor fekk ho namnet Jostedalsrypa.
Forklar korleis smitten spreidde seg under svartedauden.
Skriv eit brev som kan ha lege under «Brevsteinen».
Eit bibliotek er ei samling bøker.
Her finst alle typar bøker, både skjønnlitteratur og faktabøker.
Ein bibliotekar kan hjelpe oss med å finne bøker og med å søke på internett.
Bibliotekaren har ofte gode lesetips.
Skjønnlitteraturen på biblioteket er sortert etter etternamnet til forfattaren.
Faktabøkene er ordna etter tema.
148 Kapittel 14 Fantasi eller verkelegheit?
Oppgåver
1 På kva for ein bokstav må du leite etter ei bok av Ragnar Hovland?
2 På hva for ein bokstav må du leite etter ei bok av Rune Belsvik?
3 Kva for ei bok står først av Pippi går til sjøs av Astrid Lindgren og Tvillingsyster av Liv Marie Austrem?
Desse oppgåvene må du gjere på eit bibliotek:
4 Kvar på biblioteket finn du skjønnlitteratur?
5 Kvar finn du faktabøker?
6 Finn ei bok av: a Maria Parr b Roald Dahl
7 Finn Mio, min Mio av Astrid Lindgren.
8 Skriv ned tre titlar som står under bokstaven M.
9 Finn ei bok du har lese og likte godt. Skriv tittelen på boka og namnet til forfattaren.
0 Lån ei bok du har lyst til å lese, og les henne.
Dian bur i Terra.
Der herskar den vonde Nagir.
Nagir vil vere konge, men folket ventar på den ekte prinsen.
Prinsen som skal fri dei frå Nagir.
Dei håper han er i live. Drakeherren.
Kvart år plukkar Nagir ut ein ung mann.
Han skal vere offeret til draken.
Ein gong i året ved fullmåne
kjem draken fram.
Dette året blir Dian plukka ut.
Mennene til Nagir tar Dian til offerplassen.
Der ventar dei på draken.
herske – å styre, bestemme offer – ein person som må lide for andre
Han hugsar kva bestemor har fortalt.
Den vonde Draken kan brenne opp alt med den gloheite pusten sin.
Berre ein Drakeherre kan halde han borte.
Gamlekongen heldt Draken borte.
Han var Drakeherre, som alle kongar før han.
Men gamlekongen døydde for mange år sidan.
Brutale orkar angreip Terra.
Dei tok byen Rai og drap kongen.
Og dei tok med seg den vesle prinsen.
Lukta er den verste når Draken nærmar seg.
Han set klørne i skjorta hans.
Dian kastar opp.
Tauet han er bunden med, ryk som ein tynn tråd.
Dei store vengene raslar tørt.
Åkrane i Terra ligg under han.
Vinden jagar gjennom marg og bein.
Dian kan sjå store saueflokkar på slettene.
Dei lyser i skjæret frå månen.
Plutseleg rivnar skjorta til Dian.
Draken merkar det.
Han slepper med den eine kloa for å få betre tak.
Dian vrir seg i smerte.
Så rivnar det morkne stoffet heilt.
Han lèt seg gli ut av skjorta.
Skriket frå Draken skjer gjennom lufta.
Han stuper ned etter han,
men når han ikkje.
Kva vil skje når han treffer bakken?
Så blir alt svart rundt han.
Dian vaknar til lyden av eit høgt skrik.
Det er Draken.
Det tek eit augeblikk før han kjem til seg sjølv.
Han har falle ned i eit hòl i bakken.
Men han er ikkje skadd.
Han landa i ein haug med tørt gras.
Over seg ser han klørne til Draken.
Dei rekk ikkje ned til han.
152 Kapittel 14 Fantasi eller verkelegheit?
No kjem hovudet hans til syne.
Han sprutar eld ned i hòlet.
Dian rullar seg vekk,
men det tørre graset tek fyr.
Han gøymer seg i ei rivne i berget.
Der er han trygg.
Draken kan ikkje nå han.
Han er galen av raseri.
Langt om lenge blir det stilt.
Dian ventar ei god stund.
Til slutt vågar han seg ut av den smale rivna.
Oska er framleis varm.
Han kikkar opp gjennom hòlet.
Det er ikkje mogleg å kome seg opp den vegen.
Det er altfor bratt.
Men kanskje nokon kan hjelpe han?
Josefine Ottesen: utdrag frå Drageherren
Boka Drageherren er fantastisk barnelitteratur. Liker du fantastisk litteratur? Grunngi svaret ditt.
Skriv vidare på forteljinga om Dian.
Det er vår!
Ling og Yen rakar bort lauv.
Lauvet fall frå trea i fjor haust og har lege under snøen. Det luktar ikkje så godt, men det gjer ingenting.
Det er vår!
Fuglane kvitrar, og trea har små, grøne knoppar.
Under lauvet finn jentene gras og små insekt.
Dei finn biller, spretthalar og skrukketroll.
Insekta har nok kost seg under vinterteppet, tenker Ling.
Ling og pappa er på veg heim frå skulen.
– Sjå, seier pappa og peiker.
– Ser du hestehoven? No har våren komme.
– Ja, seier Ling ivrig.
Ho ser mange hestehovar i grøftekanten.
– Kven har sådd hestehovane? spør Ling.
– Sådd? seier pappa og smiler.
– Det er ingen som har sådd dei, fortset han.
– Korleis har dei komme seg hit, då? spør Ling.
– Eg har lese om nokon som sår blomstrar.
– Ja, det er rett at vi kan så blomstrar, seier pappa.
– Men nokre blomstrar ordnar opp sjølv.
Sånn som hestehoven.
Pappa fortel: – Inni hestehoven er det små frø.
I frøa er det små, lange, fine hår som heng fast i blomsteren.
Når det blæs, blir frøa spreidde med vinden.
Dei lange, fine håra fungerer som ein fallskjerm.
Han hjelper frøa med å lande roleg på bakken.
Ut frå det vesle frøet veks det nye blomstrar.
– Dei sår seg sjølv dei, då, seier Ling.
– Ja, seier pappa. – Det er det dei gjer.
Ling søker etter hestehov på internett.
Ho finn mange fine bilde av blomsteren.
Ling les at hestehov har fått namnet etter blada sine, som ser ut som hestehovar.
Det forstår ikkje Ling. Ho spør pappa.
Pappa forklarer at ordet hestehov også kan vere namnet på foten til ein hest.
Då forstår Ling. Bladet ser ut som ein hestefot.
Ling les at hestehov blei brukt som medisinplante i gamle dagar.
Han blei brukt som hostefordrivar.
– Kva er hostefordrivar, pappa? spør Ling.
– Det er noko som jagar bort hosten, forklarer pappa og fortset:
– Hestehov blir også kalla for leirfivel, leirfiol eller leirgull fordi han trivst best i leirjord.
På latin heiter han tussilago farfara.
– Korleis veit du alt dette, pappa? spør Ling.
– Eg har levd ei stund eg, veit du, svarer pappa.
– I tillegg kan eg google, smiler han lurt.
leirjord – jord som inneheld mykje leire
google – å søke på internett
Korleis sår hestehoven seg sjølv?
Skriv ein faktatekst om hestehov.
Sola har ein boge av gull, største bogen i verda
den skyt ho solstrålar med, ned til deg
av og til synest eg solskin er noko eg kan ta på meg
så du kan gå i solskin ei heil mil
Vi skriv – steg for steg
Du skal skrive eit figurdikt.
1 Skriv ei liste over kva du vil skrive dikt om.
2 Finn ut kva for figur diktet skal ha.
3 Lag eit tankekart med kva diktet kan handle om.
4 Lag eit riss av figuren, og sett inn teksten.
5 Skriv diktet slik at det blir ein figur.
• sol
• blomster
• fugl
• tre • veps
EKSEMPELTEKST
Greineneventarpåvåren . V å r e n gi r grøne sk ot . Skota blir tilblad. Blada raslar i vinden.
Stammen ber mange greiner
Med sin sterke stamme.
– Kan eg ta ein til? spør Martin. – Bollane dine er så gode!
– Ja, ver så god, seier bestefar.
– Berre et!
Akkurat som blomstrar og plantar treng du næring om våren.
Sjå her, ta litt meir saft også, du. Bestefar heller raud saft i glaset.
– Du er verdas beste bollebakar, og veldig snill, seier Martin.
– Utan mat og drikke duger helten ikkje.
Bestefar ler og rufsar Martin i håret. – Eg passar berre på helten min, eg.
duge – å vere flink helt – ein person som er modig, som ein ser opp til
160 Kapittel 15 Sjå, det spirer og gror!Martin ser ut av vindauget, snøen er borte, og sola skin frå ein skyfri himmel. Endeleg tid for joggesko, tenker Martin.
Men kvar er dei? Det er det berre éin som veit.
– Mamma, kvar er joggeskoa mine? roper Martin.
– Dei er i bua, roper mamma.
Martin går i bua og begynner å leite i virvaret.
Mamma er mykje flinkare til å leite,
men Martin har ikkje tid til å vente på henne.
Plutseleg er mamma i døra.
– Vi la dei i ei eske, seier ho.
Martin og mamma leitar høgt og lågt.
– Åh, her er eska, under juletrefoten, seier mamma og gir henne til Martin.
Han løftar dei opp,
dei deilige, blå joggeskoa som han fekk før snøen kom.
Martin set høgre fot nedi høgre sko.
– Au! roper han. – Skoen er for liten.
Martin set venstre fot nedi venstre sko.
Det klemmer like mykje der.
Mamma bøyer seg ned for å kjenne på stortærne.
– Oi, her er det verkeleg nokon som har vakse i vinter, ler mamma.
– Vi må på handletur i dag, vi.
Vel heime med nye, grøne joggesko er Martin storfornøgd. Han sparkar ball på graset.
Så tenker han plutseleg på sykkelen sin.
Den har han også lyst til å teste i dag.
Han kavar litt før han får han fram frå vinterdvalen inst i garasjen.
Martin må flytte på både snøfresar og sparkar før han får lirka sykkelen ut.
Han hentar sykkelhjelmen, set seg på sykkelen og begynner å tråkke.
Det er ikkje så enkelt som det var før snøen kom. For kvar gong han tråkkar, kjem knea hans borti styret. Kva er det som har skjedd?
Har sykkelen blitt øydelagd?
Martin syklar heim og finn mamma og bestefar. – Det er noko som har skjedd med sykkelen, stotrar Martin.
Mamma og bestefar blir med ut for å sjå. – Åå, her er det ein gut som har vakse mykje i løpet av vinteren, humrar bestefar.
162 Kapittel 15 Sjå, det spirer og gror!
– Kva har du eigentleg i dei bollane dine, pappa? spør mamma medan ho ler.
– Veksemjøl, ler bestefar.
– No må Martin også le, sjølv om han eigentleg er heilt oppgitt.
Han som hadde gledd seg til å sykle.
– Vi får ta ein tur på nettet og sjå om det er nokon fine, brukte syklar til sals, seier mamma.
Kva er fordelane og ulempene med å vekse?
Skriv om ein gong du merka at du hadde vakse.
Det finst ulike typar spørsmål til tekstar.
Nokre spørsmål finn vi svaret på med ein gong vi les teksten. Desse spørsmåla kallar vi finnespørsmål.
Andre spørsmål må vi tenke sjølv for å finne svaret på. Desse spørsmåla kallar vi tenkespørsmål.
Gauken er ein trekkfugl.
Han kjem tilbake til Noreg i mai.
Det er enkelt å kjenne han igjen i skogen, i alle fall hannen, som gjel ko-ko.
Superblikk
Alt eg veit
Lesemåte
Tenkestopp
Oppsummering
Eit finnespørsmål kan vere: – Når kjem gauken tilbake til Noreg?
Eit tenkespørsmål kan vere:
– Kvifor gjel hannen i skogen, trur du? 164 Kapittel 15 Sjå, det spirer og gror!
Gauken bygger ikkje reir som andre fuglar, og han rugar ikkje på egga sine.
Gauken legg egga sine i andre sine reir og lèt andre fuglar ruge på dei.
Gauken etterliknar egga til andre fuglar. Når fuglane som bur i reiret, er borte, legg gauken egget sitt der.
Så et han eitt av dei andre egga i reiret.
Gaukungen blir klekt tidlegare enn dei andre ungane i reiret.
Han kastar ut dei andre egga før dei blir klekte.
Foreldra i reiret ser difor ikkje at gaukungen er annleis enn dei andre fugleungane.
Gaukungen får god plass og maten for seg sjølv.
Han bur i reiret til han klarer seg aleine.
1 Kvar legg gaukane egga sine?
2 Kvifor kastar gaukungen dei andre ut av reiret?
3 Kvifor legg gauken egga sine i andre sine reir, trur du?
4 Kva trur du foreldra i reiret tenker når dei ser det berre er éin fugl igjen (gaukungen) i reiret?
5 Kva for nokre av spørsmåla du har svart på, er finnespørsmål? Kva for nokre er tenkespørsmål?
Lilja og bestefaren bur i ein landsby der det ikkje finst sol. Det er regn og skumring heile døgnet, kvar dag, heile året.
Så lenge eg kunne hugse, hadde eg drøymt om at noko skulle skje som kunne endre alt. At noko skulle forandre seg, i livet mitt, og i verda, slik at alt ville bli betre. Den aller største draumen eg hadde, nest etter ikkje å vere foreldrelaus, var å få oppleve våren.
«Kan du fortelje om årstidene?» spurde eg bestefar ein gong på sengekanten då eg var ganske liten. «Kan du fortelje meg om sommar, haust og vinter? Og om våren?»
Same dag hadde eg høyrt nokre av dei store gutane på torget snakke om at året hadde vore delt inn i fire delar, som vi kalla årstider. Og heldigvis ville bestefar fortelje. Han fortalde om sommaren, som gav blomstrande teppe og lyse netter i juni, juli og august. Om hausten, september og oktober, som var den rikaste årstida, då jorda stod fulle av havre og kveite og grønsakbeda bogna. Han fortalde om rimet som la seg mjukt over byen vår i november, og om vinteren sitt tjukke lag av snø som dekte alt det stygge og grå gjennom dei mørke månadene desember, januar og februar.
Han fortalde om våren, den aller beste årstida, då heile verda vakna frå vinterdvalen og naturen med eitt endra seg så raskt, om månadene mars, april og mai, om frøa som spirte, om trea som fekk blad, og om svarttrosten som dukka opp og song dei lange, vakre trillene sine. Og så fortalde han om sola. Den lysande ballen av eld på himmelen som bevegde seg frå aust til vest, som forsvann om natta og så kom tilbake neste morgon. Det var ho som fekk alt til å vekse fram frå ingenting om våren. Det var ho som fekk naturen til å sprute av liv heile sommaren, før ho trekte seg tilbake om vinteren. Då leikte ho gøymsel med oss, sa bestefar, blei bleikare og kjøligare, forsvann nesten fullstendig og lét frosten få sleppe til. Og så kom ho tilbake neste vår, like sterk og kraftfull som før.
Vår, tenkte eg, den som kunne få oppleve våren!
Den som kunne få oppleve at noko faktisk endra seg, at ikkje verda berre var den same, alltid.
«Og eg har sett sola?» spurde eg bestefar.
«Eg har kjent henne, har eg ikkje?»
«Jo, Lilja››, sa han. «Jo, du har vel det.»
Bestefar snakka ofte langsamt. Han var bestandig så sliten og trøytt etter arbeidet, det var nok difor. Eller fordi han var trist, ugjennomtrengeleg trist over alt vi hadde mista. Han bevegde seg sakte og forsiktig, som om han gjekk gjennom ei eng med brennesle, ei uendeleg eng han aldri ville komme seg vekk frå.
«Det aller første året du levde, var sola her», sa han.
Maja Lunde: utdrag frå Solvokteren
1 Beskriv den årstida du liker best. Forklar kvifor.
2 Teikn eller mål våren slik bestefar beskriv han. Skriv ein tekst til.
Levi les høgt:
– Fyll ei potte med jord.
Sett eit frø i midten av potta.
Legg eit teppe med jord over frøet.
Vatn potta og sett potta lyst.
Potta kan gjerne stå i eit vindauge.
Trym følger med på det Levi les.
Han fyller ei potte med jord.
Så trykker han frøet ned i potta og legg litt jord over det.
Så heller han på kaldt vatn
før han set potta i vindaugskarmen.
– No er det min tur, seier Levi og finn fram ei ny potte.
potte – ein behaldar som ein kan fylle jord oppi vindaugskarm – ei hylle under vindauget
170 Kapittel 15 Sjå, det spirer og gror!Trym og Levi studerer pottene i vindaugskarmen.
– Kanskje det ikkje er nok sol her, seier Trym.
– Eller kanskje vi må vatne meir, seier Levi.
Mamma ristar på hovudet og smiler til gutane.
– Det tar litt tid før det spirer, seier ho.
– Eg trur det er både nok sol og vatn.
Ho kjenner med ein finger nedi kvar potte.
– De skal i alle fall ikkje vatne meir no, seier ho.
Etter nokre dagar skjer det noko i potta til Levi.
Levi oppdagar det tidleg om søndagsmorgonen.
– Trym! roper han. – No kjem tomaten.
Trym er ikkje heilt vaken,
men det tar ikkje lang tid før han er oppe.
Han stikk det bustete hovudet sitt oppi potta.
– Det der er vel ingen tomat, ler Trym.
– Du trudde vel ikkje at det skulle komme tomatar rett opp frå jorda?
Trym ler så han må halde seg på magen.
Levi ler ikkje. Han seier irritert:
– Det har ikkje komme noko oppi potta di.
– Nei, ikkje enno, nei. Trym ler framleis.
– Men snart får eg masse tomatar.
Trym synest det er litt kjedeleg at Levi fekk ein spire først.
Men han prøver å ikkje vise det.
Trym trudde at frøa skulle spire på likt.
Dei sådde jo frøa på same dag med berre eit par minutts mellomrom.
Dagen etter kjem det endeleg noko grønt i potta til Trym. Det er ei bitte lita spire.
Spira til Levi har blitt lengre enn i går.
No har Trym lært han at det må bli ein plante før det kjem tomatar.
Gutane steller med spirene sine.
Dei passar stadig på at dei får nok sollys og vatn.
Mamma kallar dei for dei små gartnarane sine.
Ho seier at ho gleder seg
til å smake på heimedyrka tomatar.
Mamma finn fram måleband, blyantar og papir.
Det er på tide å dokumentere litt.
Ho viser dei korleis dei kan måle, først spira og etter kvart planten.
Mamma lagar eit diagram etter at ho har målt.
Det heiter søylediagram.
Diagrammet viser kor mykje plantane veks kvar veke.
gartnar – ein person som held på med hagestell dokumentere – å bevise
172 Kapittel 15 Sjå, det spirer og gror!Kvifor spirte det først i potta til Levi, trur du?
Skriv ein tekst om korleis det går med plantane til Levi og Trym.
Nokre ord har stum d.
Det betyr at vi skriv ein d i ordet, men vi uttaler han ikkje.
174 Kapittel 15 Sjå, det spirer og gror!
i bekken ligg raude og gule grå og blå steinar
nokre store nokre små
eg vassar uti det kalde bøyer meg ned
har sett noko som blenkjer og skin der nede eit glimt av gull
det vil eg fange
Ruth Lillegraven
stum d
Oppgåver
1 Les diktet «Glimt av gull» på side 174. Skriv orda med stum d.
2 Sjå på illustrasjonane nedst. Skriv alle orda med stum d.
3 Finn alle orda med stum d i leitekrysset. Leit bortover og nedover.
5 Skriv setningar med desse orda: god hard hund beskjed land
6 a Les orda i boksen høgt.
gjerde brød strand med bondegard glad hund hand kveld
b Skriv orda på små lappar. Trekk ein lapp etter tur. Forklar kva som står på lappen, utan å seie ordet. La ein annan gjette.
4 Les side 170 og 171.
Skriv alle orda med stum d.
7 Arbeid med øveorda. Ein av dykk seier eit øveord, og den andre stavar ordet høgt.
jord bondegard bord gjerde land
Elin har ikkje hage utanfor huset som ho bur i.
Men farmora til Elin bur på landet og har ein stor hage.
Nesten kvar helg drar Elin og veslebror Pelle til farmor.
Elin får vere med og stelle i hagen.
– No har det blitt april.
Då brenner ein bråte, seier farmor. Ho finn fram kvister som ho har klipt frå ripsbuskane.
Farmor og Elin lagar eit stort bål med kvistene.
Etterpå grillar dei pølser på glørne.
Solteksten er henta frå I farmors hage av Kerstin Matz.
Kapittel 15 Sjå, det spirer og gror!
bråte – ein haug med kvister glør – noko som brenn utan flammar
– Bjørkene har fått musøyre, seier farmor. – No må vi klippe rosene.
Elin ser og ser, men kan ikkje sjå nokon musøyre i trea. Ikkje éi einaste mus, faktisk.
Farmor ler: – Det er berre ein talemåte, vesle frøken.
Når bjørkeblada held på å springe ut og er store som musøyre, då skal vi skjere ned rosene.
Alle tørre stilkar må bort og eit stykke av dei friske, grøne stilkane også viss dei er for lange.
Farmor er veldig glad for at alle rosene hennar har overlevd vinteren, til og med Whisky-rosa, som ikkje toler så mykje kulde og frost.
– Ho har så vakker, mørk gyllengul farge og så morosamt namn, seier ho.
– Ikkje noko med dronningar eller filmstjerner.
Men no skal du få sjå nokre andre roser, Elin.
Farmor rekker fram handa, og der ligg det nokre store, brungrå frø.
Elin sår frøa på sørsida av huset til farmor, og etterpå vatnar ho dei med den vesle, rosa vasskanna si.
stilk – plantedel som sit mellom blad og stengel filmstjerne – kjent filmskodespelar
Snart vil frøa spire med små, grøne stilkar, og før nokon veit ordet av det, vil dei bli solsikker, høgare enn Elin sjølv.
– Kom så går vi bak vedbua og plukkar nesle til suppe, seier farmor og tar på seg eit par gamle hanskar.
– Vi kan ikkje ete nesler, meiner Elin.
– Då brenn vi oss i munnen.
– Det gjer vi slett ikkje, seier farmor.
– Det er kjempegodt med neslesuppe.
Men farmor må plukke aleine.
Aldri i livet om Elin vil røre dei små, grøne, stikkande blada, sjølv ikkje med vantar på.
Og aldri i livet om ho vil ete dei.
Farmor skyl neslene
og koker dei i fleire minutt.
Så hakkar ho dei opp, lagar buljong og blandar fløyte og grasløk i den grøne massen.
– Eg vil ha same velling som Pelle, masar Elin
når neslesuppa står på bordet.
– Smak litt, seier mamma.
– Du får vaflar etterpå.
Då tar Elin ei bitte lita skei og smaker.
– Det smaker grønt og godt, seier ho.
Kerstin Matz: utdrag frå I farmors hage
178 Kapittel 15 Sjå, det spirer og gror!
vante – hanske velling – suppe av havregryn kokt i vatn eller mjølk
Kva anna kan vi ete som veks i hagen?
Teikn og skriv om draumehagen din.
Oskar bur på den eine sida av gata.
Stine bur på den andre sida.
Dei er naboar.
Og dei er heilt forskjellige.
Stine er lita, Oskar er stor.
Stine er tynn, Oskar er tjukk.
Stine snakkar, Oskar lyttar.
Stine spring fort, Oskar går sakte.
For Oskar er gammal, og Stine er ung.
– Hallo, nabo! seier Stine.
Ho blunkar med det eine auget.
– Hallo, nabo! seier Oskar, og blunkar med det andre auget.
Så ler dei.
Og ingenting er forskjellig lenger.
– Du kan vel ikkje ha ein gammal venn! seier Anna.
Ho er bestevenninna til Stine.
Stine trekker på skuldrene.
– Kanskje ikkje venn, men Oskar er naboen min.
– Ein treng ikkje vere venn med naboar, seier Anna.
– Pappa og fru Lie er for eksempel ikkje venner.
Men det er berre fordi dei kranglar om eit høgt tre.
Tenk å krangle om eit tre, då!
– Vaksne er rare, seier Stine.
– Men ikkje når dei blir gamle. Oskar er vanleg.
Han skjønner korleis eg har det og sånn.
Når Anna har gått, går Stine over vegen til Oskar.
Våren har endeleg komme, og det har bokfinken også.
– Kvifor heiter fuglen bokfink? spør Stine.
– Det er vel nokon som berre har funne på det, seier Oskar.
Sånn er han. Heilt vanleg.
Viss det hadde vore pappa, så hadde han sikkert prøvd å lære henne noko om trekkfuglar.
Og at dei andre fuglane heiter standfuglar.
Men Oskar berre svarer. Det er deilig.
Oskar et lakrisbåtar også. På ein måndag.
Dei er søte og set seg fast i tennene.
trekkfugl – ein fugl som flyg til varme strøk om vinteren lakrisbåtar – ein type godteri
182 Kapittel 16 NaboarMen ikkje eingong mamma har sagt at det er farleg med båt i tennene, tenker Stine. Ho puttar ein lakrisbåt til i munnen og smiler.
I morgon er det 17. mai, Noregs bursdag.
Då Oskar var liten, var det krig i Noreg.
– Dei som har opplevd krig, blir ekstra glade i landet sitt, seier Oskar.
– Og i naboane sine? spør Stine. Oskar nikkar.
– Men fru Lie er ikkje glad i naboar sjølv om ho har opplevd krigen, seier Stine.
– Kanskje ho har dårleg minne, seier Oskar.
Og Stine tenker at i overimorgon skal ho og Anna gå bort til fru Lie og snakke litt om krigen.
– No må eg gå, seier Stine. – Mamma var kjempesint og sa at rommet mitt må ryddast til 17. mai. – Hm, seier Oskar.
– Hadde ho grunn til å vere sint, då? Stine ser på han.
– Ja, men mamma er vaksen og bør beherske seg. Oskar ler. Men ikkje på ein dum måte. Berre vanleg.
– Du ryddar sjølv, du, seier Stine. Det er bra! Ha det, nabo!
På kva for måtar er Stine og Oskar forskjellige? På kva for måtar er dei like?
Lag ein teikneserie om ein annan gong Stine og Oskar møtest.
hukommelse – det som gjer at vi hugsar ting beherske seg – å halde igjen, kontrollere
Lesarinnlegg
Kva handlar innlegget om?
Kvifor er det viktig?
Forslag til løysing
– Vi må bli flinkare til å ikkje lage så mykje søppel
Menneske lagar søppel
heile tida. Noko av søppelet hamnar i skogen, i gatene, i elvane og i havet.
Fisk og dyr kan tru at søppel som hamnar i naturen, er mat og ete det. Då kan dei døy. Viss alle av éin dyreart døyr, blir den dyrearten utrydda. Det er ikkje bra!
Éin ting ein kan gjere for å bli kvitt søppelet, er å reise rundt og plukke søppel. Alle kan plukke søppel rundt der dei bur.
Ein kan også vere flink til å kaste søppel i søppeldunkar og sortere rett. Når ein sorterer rett, kan materiala som tinga er laga av, bli brukte om igjen. Då blir det mindre søppel.
Det er også lurt å reparere øydelagde ting i staden for å kaste dei. Klede som ikkje passar lenger, kan ein gi til andre som treng dei. Gamle leiker du ikkje sjølv treng, kan vere morosamt for andre å få.
Vi må bli flinkare til ikkje å lage så mykje søppel og heller bruke ting om igjen enn å kjøpe mykje nytt.
2. trinnet på Stavsberg skule, Ringsaker
Vi skriv – steg for steg
Du skal skrive eit lesarinnlegg.
1 Lag eit tankekart med kva du kan skrive lesarinnlegg om.
LESARINNLEGG
Ta med hundepose på tur! Barn må få bestemme sjølv når dei skal legge seg
2 Vel ein av ideane og skriv ei liste med gode grunnar for kvifor dette er viktig.
3 Finn eit forslag til løysing.
4 Skriv lesarinnlegget.
EKSEMPELTEKST
I nabolaget vårt i Furulia er det ingen ballbinge.
Då vi var seks år, stod det i avisa at det skulle bli bygd ein.
Det har det ikkje blitt.
Det er viktig at det kjem ein ballbinge no. Vi har talt, og det er 44 barn som er mellom 6 og 15 år i Furulia.
Det er mange barn i Furulia
som vil spele fotball i ein ballbinge.
Vaksne: legg vekk mobilen!
Ta med hundepose på tur!
• det stinkar
• nokon kan tråkke i bæsjen
• det ser stygt ut når snøen smeltar
Sigrid og Helene
Det er viktig at vi har noko å gjere, og det er sunt å vere ute og halde på med ein sport. Det er plass til ein ballbinge mellom butikken og skulen.
Viss de skal vente med å bygge ein ballbinge, kan det vere for seint for desse 44 barna.
Ballbingen må komme no!
Dansk, svensk og norsk er nabospråk. Språka er så like at folk forstår kvarandre på tvers av landa.
Dei fleste orda er like eller høyrest like ut.
Vi må likevel lære nokre nye ord viss vi skal forstå kvarandre.
For eksempel heiter bondesjakk luffarschack på svensk.
På dansk heiter det kryds og bolle.
Nokre lydar er også ulike, og det kan vere vanskeleg å forstå.
luffar (svensk) – omstreifar kryds (dansk) – kryss
Vi gjorde mål! Vi scorede! Vi skåra! 186 Kapittel 16 NaboarSkandinavia er eit felles namn for Danmark, Sverige og Noreg, og norsk, dansk og svensk er skandinaviske språk. Dei skandinaviske landa
deler litt på forfattarane sine, og mange norske barn har lese bøker av danske og svenske forfattarar.
Då blir bøkene omsette til norsk.
Astrid Lindgren og Frida Nilsson er populære forfattarar frå Sverige.
Og mange barn har lese eller høyrt bøker av Ole Lund Kirkegaard og Kim Fupz Aakeson frå Danmark. Svenske og danske barn har kanskje lese nokre av desse bøkene av norske forfattarar.
Veit du kva bøkene heiter på norsk?
Viss vi reiser på ferie til eit
anna skandinavisk land, er det fint å kunne tala.
Nedanfor ser du tal på norsk, svensk og dansk.
Kan du finne likskapar og skilnader?
TalletNorsk
Svensk Dansk
1 ein ett en
2 to två to
3 tre tre tre
4 fire fyra fire
5 fem fem fem
6 seks sex seks
7 sju sju syv
8 åtte åtta otte
9 ni nio ni
10 ti tio ti
20 tjue tjugo tyve
30 tretti trettio tredve
40 førti fyrtio firti (førr)
50 femti femtio halvtreds
60 seksti sextio tres
70 sytti sjuttio halvfjerds
80 åtti åttio firs
90 nitti nittio halvfems
100 hundre hundra hundre
2 7 5 3 8 1
Svensk
Eit språk som alle forstår i alle land, er song. Nedanfor ser du teksten på Fader Jakob på svensk, dansk og norsk.
Jakob søv tydelegvis like godt i alle land.
Broder Jakob, Broder Jakob, sover du, sover du?
Hör du inte klockan? Hör du inte klockan? Ding, ding, dong! Ding, ding, dong!
Dansk
Mester Jakob, Mester Jakob, sover du, sover du?
Hører du ei klokken? Hører du ei klokken?
Bim, bam, bom! Bim, bam, bom!
Norsk
Fader Jakob, Fader Jakob, søv du, søv du?
Høyrer du ei klokka? Høyrer du ei klokka? Ding, dang, dong! Ding, dang, dong!
Forklar kva vi meiner med nabospråk.
Lag ei ordliste der du skriv ord du kan på svensk og dansk.
Av og til leitar vi etter noko heilt spesielt i ein tekst.
Det kan vere eit spesielt ord, eit namn eller andre ting.
Då treng vi ikkje lese alle orda like nøye.
I staden leiteles vi.
Selje pølserLeie sekkeløpRydde
Anne Sofia Lea
Stian Lukas Niklas
Karsten Ragna Emilia
Ismail Carl Jon
Ines Wilma Alicja
Superblikk
Alt eg veit
Lesemåte
Tenkestopp
Oppsummering leitelesing
Kapittel
Ragna sjekkar kva for arbeidsoppgåve ho skal ha 17. mai.
1 Kva for nokre land grensar Noreg til?
2 Kor mange land er det i Norden?
tvätte – vaske kör – køyrer
– Hur tvattar norrman bilen?
– Den ena håller i slangen och den andra kor fram och tillbaka med bilen.
Vi nordmenn har fleire gode naboar.
Noreg grensar til Sverige, Finland og Russland.
Vi reknar også Danmark og Island som nabolanda våre, sjølv om det er hav mellom.
Det er fem land i Norden:
Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island.
Vi liker å erte kvarandre, akkurat som søsken.
Då fortel vi vitsar om kvarandre.
Norden – eit felles namn på Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island
Frimerkemannen er ein gammal postmann som bur inst i gata til Garmann.
Han har kjellaren full av brev og hovudet fullt av tankar som ikkje er sorterte.
Det er skummelt å gå inn i villhagen til Frimerkemannen.
«Livet er aldri heilt trygt», har pappa sagt.
Å gå inn i hagen til Frimerkemannen er nesten som å gå inn i ein mørk skog, eller gå aleine inn i kjellaren, tenker Garmann.
Men inne i villhagen har han sett både revebjøller og hundetunge, som han manglar til herbariet sitt.
Så Garmann våger seg innanfor.
Der inne høyrer han ei låg stemme bak ryggen sin.
Det er Roy som dukkar opp frå ingen stader.
«Du tør ikkje!» kviskrar Roy til Garmann.
«Din vesle feiging.»
Roy puttar ei fyrstikkeske i handa hans. […]
Garmann brenner seg og slepper fyrstikka.
Ho dett ned på bakken, og før han rekk å tenke, så har det tatt fyr i det tørre graset.
Garmann sluttar å puste, kråkene teier stilt, og Roy blir bleik.
Det luktar søtt og skarpt av graset som brenn. Det knitrar, og elden spreier seg lynraskt.
Snart er flammane på alle kantar, og sporvane lettar frå hekken.
«Det var du som gjorde det», seier Roy og er vekk.
[…]
Det tar ikkje lang tid før brannmennene har sløkt grasbrannen.
Etterpå får Garmann kaldt vatn og plaster på brannsåra.
«Sju utrykkingar til no i dag.
Synd at Gud stengde av vatnet før han reiste på ferie», høyrer Garmann brannkonstabelen seie til ein av dei vaksne idet han trekker
slangane tilbake over den svartsvidde bakken.
«Du stakk i alle fall ikkje av», kviskrar Frimerkemannen til Garmann når alt er over og alle naboane har gått heim.
Garmann ser ned i bakken.
Den gamle mannen puttar fyrstikkeska i lomma utan at mamma ser det.
Garmann er sveitt, skitten og heilt tom i hovudet.
Frimerkemannen går inn og låser døra.
Stian Hole: utdrag frå Garmanns gate
1 Kva får du vite om Garmann i denne teksten?
2 Kva meiner du om det Garmann gjorde? Grunngi svaret ditt.
3 Skriv kva som stod i avisa dagen etter brannen.
Det var ein gong ein kannibalfamilie.
Ein dag sit familien rundt middagsbordet.
Plutseleg roper Veslebror:
– Eg liker ikkje naboen!
– Nei vel, seier mora.
Men et opp potetane dine, i alle fall.
Solteksten er henta frå Barnas beste.
Svensken, dansken og nordmannen-vitser.
Naboen: Er det din ball som er kommen inn i hagen min, Fredrik?
Fredrik: Er det knust nokon ruter?
Naboen: Nei.
Fredrik: Då er det min ball.
194 Kapittel 16 Naboar
kannibal – ein menneskeetar
Svensken, dansken og nordmannen krangla om kven som bygde dei høgaste husa.
– Vi har så høge hus at om eg slepper ned ei bøtte vatn, så tar det ein halv time før ho treffer bakken, sa dansken.
– Barnemat, sa svensken, slepper eg ut ei bøtte vatn, rekk eg å gå på jobben og komme heim før ho treffer bakken.
– Er det noko då? spurde nordmannen.
– Vi har så høge hus at slepper vi ned ein baby, kan han bli køyrd rett på gamleheimen når han kjem ned.
Svensken, dansken og nordmannen skulle sjå kven som kunne vere lengst inne i eit grisehus.
Svensken skulle prøve først.
Etter berre eit halvt minutt kom han ut, heilt grøn i ansiktet.
– Grisen prompa, sa han. Dansken klarte seg litt lenger, men kom ut, ganske bleik.
– Grisen prompa, sa han også.
Nordmannen gjekk inn, og det varte og det rakk.
Så kom grisen sjanglande ut og sa:
– Nordmannen prompa.
Det var svensken og dansken og nordmannen som konkurrerte om kven som kunne tisse høgast.
Svensken prøvde først, og han tissa eit langt stykke opp på veggen.
Så prøvde dansken seg, og tissa heilt opp til takrenna.
Så prøvde nordmannen seg, og han tissa over heile huset!
Då ropte ein mann på den andre sida av huset: – Kvar kjem dette gule regnet frå?
Kapittel 16 Naboar
varte og rakk – tok lang tid
Svensken og dansken og nordmannen konkurrerte om kven av dei som hadde det høgaste gjerdet i hagen sin.
– Eg har så høgt gjerde at eg må bruke ein stige for å klatre over det, sa svensken.
– Gjerdet mitt er endå høgare, for eg må bruke helikopter for å komme over, sa dansken.
– Det er ingenting, sa nordmannen.
– Eg har så høgt gjerde at eg må krype under.
Fortel ein vits til ein annan. Vel mellom vitsane i boka, eller ein du kan frå før.
Lag ein teikneserie av éin av vitsane i boka.
Ng-lyden har ikkje ein eigen bokstav.
Når vi skriv ng-lyden, treng vi to bokstavar, sjølv om det berre er éin lyd.
Oppgåver
1 a Studer teikninga på side 198. Skriv ord med ng-lyd.
b Vel ut fem av orda. Skriv rimord til orda.
2 Skriv ord som rimar på lang. Kor mange ord klarer de å finne?
3
a Finn fem substantiv med ng-lyd. Lag kven er eg-gåter om substantiva.
b Gjett gåtene til kvarandre.
4 Skriv ti ord med ng-lyd på lappar. Bland lappane i ein haug. Den eine trekker to lappar, den andre lagar ei setning som inneheld begge orda. Byt roller. Fortset til de har brukt alle lappane.
5 Finn ei bok og leit etter ord med ng-lyd. Kor mange ord klarer de å finne på fem minutt? Samanlikn med andre grupper etterpå.
6 Øv på øveorda. Du seier ordet høgt, og ein annan stavar det høgt for deg. Etterpå byter de.
Eg har fire bein, eg blir brukt om natta, og det er plass til deg oppi. Kven er eg? Ei seng!
treng krangle ting mange gong
Ingrid og Eirik er tvillingar.
Dei var naboar i same mage, og dei åt av den same maten.
No bur dei på same rom, men dei et kvar sin mat.
Eirik blei fødd først.
– Det er fordi eg er raskast, seier han.
Men det stemmer ikkje lenger.
For det er Ingrid som rekk bussen, og som rekk leksene før handballen.
Omtrent kvar 80. fødsel er tvillingfødsel.
– Flaks at det blei oss! seier Eirik.
Fødslar i altEnkeltfødslarTvillingfødslarTrillingfødslar og over 52 397
Fødslar i Noreg i 2020
Kapittel 16 Naboar
Elbrus er det høgaste fjellet i Europa.
Det ligg i Russland og er 5642 meter over havet.
Elbrus består av to nabotoppar
som blir kalla tvillingtoppane.
Elbrus er ein del av fjellkjeda Kaukasus.
Kaukasus lagar ei grense mellom Europa og Asia.
Elbrus er eit populært mål for fjellklatrarar.
Når ein skriv på norsk, hender det at ein må skrive to like bokstavar etter kvarandre.
Du kan sjå det i ordet etter.
Gløymer du ein t, blir det plutseleg eter.
I ord som budde, tøff, leggen og så vidare finn vi slike bokstavar.
Ein kan også finne to like bokstavar etter kvarandre i samansette ord.
Det første ordet kan for eksempel ende på h og det neste begynne på h, slik som i vorstehhund.
H-ane her er ikkje ekte tvillingar, men søsken, det er dei.
Olaf Husby: utdrag frå Ordleiksboka
Sommarferien var spennande.
Eg var på eit guteeventyr med pappa og farfar.
Først var eg med på å fange sjøaure i ei lakseelv.
Seinare fiska vi makrell for å undersøke
om han hadde ete raudåte eller blååte.
Sola skein kvar dag, og varmen var nesten uuthaldeleg.
Sjølv om eg går på friidrett og har god kondis, sveitta eg mykje.
Om kveldane fortalde farfar skjemteeventyr ved bålet.
«Kjerringa mot straumen» var fæl!
Olaf Husby
Kva for nokre ord har tvillingar i seg?
Kva pleier vi vanlegvis å kalle det når tvillingbokstavane er to konsonantar?
Skriv din eigen tekst der du bruker mange tvillingbokstavar.
Karsten liker å bygge ting.
Best av alt liker han å bygge Lego.
Han bygger byar, festningar og bilar. I ferien skal familien til Legoland.
Karsten tel ned dagane.
Karsten gleder seg til å sjå romskipa.
Og så vil han besøke Atlantis.
Tenk, ein by av Lego under vatn med hai og andre fiskar rundt!
Vilde gleder seg mest til spøkelseshuset.
Pappa vil berre sjå Bergen.
– Bryggen, seier han, med drøymande blikk.
– Det er berre fordi du kjem derfrå, ler Karsten.
Bryggen i Bergen i Legoland.
Ein gong i 1930-åra budde det ein fattig snikkar i Billund i Danmark.
Snikkaren heitte Ole Kirk Christiansen. For å få pengar laga han møblar som han selde.
I tillegg likte han å lage leiker av tre.
I 1934 kalla Ole bedrifta si Lego.
Det er ei forkorting for ei dansk setning: Leg godt.
På dansk heiter leik leg.
Sonen til Ole, Godtfred, var med i bedrifta.
Etter kvart ville dei prøve å lage leiker av plast.
Dei kjøpte nokre plastklossar
frå utlandet for å sjå om det kunne vere ein idé.
Ole og Godtfred laga
nye plastklossar som kunne settast fast i kvarandre
og takast frå kvarandre igjen.
I 1958 kom dei fram til ei løysing dei var fornøgde med.
Dette blei legoklossen sitt fødselsår.
Klossane hadde små røyr på undersida.
Røyra gjorde klossane sterke
og lette å feste til kvarandre.
Etter kvart kom det fleire
og fleire typar klossar, og Lego blei ei stor bedrift.
206 Kapittel 17 Leik og spel
I dag finst det over 400 milliardar legoklossar rundt omkring i verda.
Det betyr at viss vi hadde delt likt, hadde alle på jorda hatt cirka 60 legoklossar kvar.
Det finst Lego-fabrikkar fleire stader i verda, men det blir framleis laga legoklossar i Danmark. Legoklossane er laga av plast, og dei må lagast veldig nøyaktig.
Det er for at klossane skal vere akkurat passe harde å sette saman og ta frå kvarandre. Plasten blir smelta og hatt i former.
Formene må vere heilt perfekte, og dei kostar mange hundre tusen kroner. Når formene ikkje kan brukast meir, blir dei støypte inn i grunnmuren i bygningar. Det er for at andre som har lyst til å lage Lego, ikkje skal få tak i dei.
Mange jenter og gutar liker å bygge Lego. Det finst også klubbar for vaksne legobyggarar.
Dei har det aldri kjedeleg.
Kvifor har ikkje alle på jorda like mange legoklossar, trur du?
Skriv noko du har lært om Lego.
Mamma, kan eg få det spelet?
Nei, det er altfor dyrt. Kanskje du kan ønske deg det til bursdagen din? Det er så lenge til!
Eg vil gjerne kjøpe det der. 208 Kapittel 17 Leik og spel
Vi skriv – steg for steg
Du skal lage ein teikneserie om nokon som leiker eller speler noko.
1 Lag ei liste over kva teikneserien kan handle om.
2 Vel ein av ideane og lag eit tankekart med kva som skal skje i teikneserien.
3 Bestem kva som skal vere i kva for rute.
4 Lag teikneserien.
– Spele kort – Leike med hunden min – Hoppe på trampoline
EKSEMPELTEKST
Reglar for gris:
1 Alle står i ein stor ring.
2 Ein person kastar ball til ein annan.
Den andre tar imot ballen.
Det er om å gjere å ikkje miste han.
3 Når nokon ikkje klarer å ta imot, får han eller ho ein G.
Neste gong blir det ein R.
4 Den som får GRIS, er ute.
5 Den siste som er igjen, har vunne.
Prøv ikkje å kaste spesielt vanskeleg!
Du treng:
• to eller fleire personar • ein ball
Tok det for kort tid?
Prøv med KROKODILLE.
210 Kapittel 17 Leik og spelOlav gleder seg.
I dag skal farfar hente han på skulen.
– Kva gjer du i friminutta, då? spør farfar på veg heim.
– Eg liker best å spele fotball, seier Olav.
– Men det er vanskeleg viss dei store er med. Dei sparkar så hardt. Då vil ingen stå i mål.
– Kva pleidde du å gjere på skulen? spør Olav.
Farfar tenker seg om.
– Eg likte også å spele fotball, seier han.
– Og så bygde vi hytte i ein skog ved skulen.
– Akkurat som oss! seier Olav.
– Kva likte du aller best, då?
– Det var å kaste på stikka, seier farfar.
– Kva er det? spør Olav.
Farfar forklarer:
– Å kaste på stikka var ein konkurranse.
Vi kasta femøringar mot ein pinne eller vegg.
Det var pinnen som blei kalle ei stikke.
Femøringane var store og passe tunge.
Det var om å gjere å komme nærmast pinnen eller veggen med ein av myntane sine.
Når alle hadde kasta, samla vinnaren alle myntane i handa.
Så valde han «krone» eller «mynt» og kasta myntane opp i lufta.
Viss han hadde valt krone, fekk han myntane som landa med krona opp.
Viss han hadde valt mynt, fekk han myntane som landa med «5 øre» opp.
Så sa den som kom nest nærmast
stikka eller veggen, «krone» eller «mynt».
Han kasta resten av myntane i lufta.
Slik fortsette vi til alle myntane var fordelte.
Nokon kasta bort sparepengane sine.
Det var jo ikkje så bra.
– Vi hadde nok ikkje fått lov til å kaste på stikka, seier Olav.
– Vi får ikkje lov til å ha med pengar på skulen.
Farfar ler.
– Nei, eg kan tenke meg det, seier han.
– Vi fekk heller ikkje lov til å kaste på skulen, men vi gjorde det likevel når ingen såg på.
Men vi kasta mest etter skuletid og i helga.
Og gøy var det!
femøring – ein mynt verd fem øre. Han blei fjerna i 1982. krone og mynt – namnet på dei to sidene av ein mynt
Femøre frå 1952. Mynt KronKvifor fekk ikkje farfar lov til å kaste på stikka på skulen, trur du?
Skriv kva du liker å gjere i friminuttet.
Det finst mange måtar å snakke med kvarandre på. Nokre måtar er hyggelegare enn andre.
Då oldemor og oldefar var små, måtte dei neie eller bukke.
På skulen måtte barna stå når dei blei høyrde i leksa.
Ein av songane dei song på skulen, var:
Takk
Jeg takker borte, jeg takker hjemme, å sie takk, vil jeg aldri glemme!
Om jeg er liten, om jeg er stor, så må jeg takke, det sier mor, så må jeg takke, det sier mor.
Og alle gutter når de skal takke, de bøyer vakkert sin lille nakke, og alle piker, ja bare se hvor pent de neier og bøyer kne, hvor pent de neier og bøyer kne!
Margrethe Munthe
214 Kapittel 17 Leik og spel
– Gratulerer med siger’n! seier Akim.
Han gjer ein high five med Niklas.
Endeleg har A-klassen vunne over B-klassen i fotball.
– Det var gøy å vinne ein gong, seier Niklas.
– Dei er jo alltid betre enn oss.
– Det er så mange i klassen vår som går på fotball, seier Akim.
– Kanskje det er difor.
– Høyr på dei gutane der, då! seier Frode.
Han er lærar og Brann-supporter.
Frode klappar gutane på skuldra.
– Her er det ingen som klagar på feige lag, eller blir overlegne når dei vinn.
Det kallar eg god sportsånd!
Akim smiler.
– Neste friminutt skal eg lære deg overtrekksfinte, seier Niklas.
– No får eg det til!
Oppgåver
1 Kva kan vi lære frå tida då oldemor og oldefar var små?
2 Korleis er det hyggeleg å snakke når vi vinn eller taper?
3 Kva gjer du for å snakke på ein hyggeleg måte?
Om kvelden skal ho prøve ut det nye
Ronja Røvardotter-spelet saman med mamma og pappa.
Dei set seg i stua og faldar ut spelebrettet.
Snart har dei komme seg djupt inn i den mørke Mattisskogen.
Det gjeld å komme levande fram til Bjørnehòla så fort som mogleg.
Kvar gong ein har kasta terningen, skal ein trekke eit kort frå bunken på bordet.
Korta er skumle. Der kan det stå ting som: Villvetter! Alle må rygge mange ruter eller
Underjordisk skodde! Farleg, farleg!
Kast terningen og sjå om du døyr!
Av og til står det berre: Ikkje noko spesielt skjer.
Hedvig sit som på nåler kvar gong ho skal trekke eit kort.
Bak kvar einaste stubbe lurer nye farar.
Ho vil helst komme rett til Bjørnehòla, utan å møte alt det nifse på vegen.
Mamma og pappa synest ikkje at noko er farleg.
Dei berre trekker på skuldrene når dei heng ned frå Helvetesgapet med ei ynkeleg skinnreim om magen.
Men Hedvig held snart på å svime av!
Og heilt plutseleg er det blitt sånn at ho juksar.
Ho har vel ikkje heilt lagt merke til korleis det skjedde, ho berre veit at ho ikkje klarer eit sekund til i Mattisskogen,
216 Kapittel 17 Leik og spel
med alle monstera som vil ete henne.
Alt kjennest heilt som på ekte, ho må jukse, elles døyr ho!
Ho tek eit kort frå bunken.
Ho ser ikkje eingong etter kva det står.
«Ikkje noko spesielt skjer», seier ho lynraskt og legg kortet tilbake under bunken.
Etterpå er det pappa sin tur. Deretter er det mamma sin tur og så Hedvig sin tur igjen. «Ikkje noko spesielt skjer.»
Ho legg kortet under bunken.
Snart har Hedvig sprunge strake vegen gjennom
Mattisskogen utan å møte så mykje som ein liten maur.
Mamma og pappa synest det er merkeleg at dei får farlege kort så ofte, medan Hedvig knapt får eit einaste eitt.
Når Hedvig seier «ikkje noko spesielt skjer» for fjortande gong og skal til å slenge kortet tilbake, er mamma kjapp.
«Få sjå», seier ho og snappar til seg kortet.
Etterpå les ho: «Digerfossen. Hopp rett uti.»
Mamma og pappa blir sinte.
Dei synest ikkje at det er morosamt å spele med ein juksepave.
Hedvig stirer sint i golvet og kjenner tårene komme.
Det er faktisk ikkje så lett å vere barn i Mattisskogen som dei trur! Korleis kan dei krevje at ein som berre er åtte år, skal hoppe ut i Digerfossen med ein gjesp og eit Tarzanbrøl?
Frida Nilsson: utdrag frå Hedvig!
1 Fortel om ein gong du eller nokon andre juksa.
2 Skriv om noko du liker å spele.
Eg kastar alltid berre einarar i ludo.
I yatzy blir alle terningane forskjellige.
I stigespelet rasar eg nedover stigen.
I vriåttar får eg aldri åttarar.
I Uno må eg trekke fire kort.
I Monopol må eg betale dyrt.
I sjakk mistar eg dronninga.
I Den forsvunne diamanten har diamanten forsvunne.
Og i biljard er det berre den svarte kula som vil ned i hòlet.
Den som har uhell i spel, har hell i kjærleik, seier mamma. Men eg vil vinne!
218 Kapittel 17 Leik og spel
1 Kast ballen sju gonger i veggen.
2 Kast ballen seks gonger i veggen med sprett i bakken.
3 Sprett ballen i bakken fem gonger.
4 Kast ballen fire gonger under beinet og i veggen.
5 Kast ballen i veggen medan du klappar éin gong i hendene. Så klappar du to gonger og til slutt tre gonger.
6 Kast ballen to gonger i veggen medan du klappar framfor deg, bak deg og framfor deg.
7 Kast ballen éin gong i veggen. La han sprette i bakken medan du snurrar rundt.
Hinkelinke Hoppetau, heisann kor det går, tauet tel krøllene
i Hinkelinke sitt hår.
Finbekk og Fia på landevegen drog, Finbekk hadde støvlar, og Fia hadde sko.
Rett som det var, måtte Finbekk på do, Fia stod utanfor og fniste og lo: ho, ho, ho!
Engelske bamse står på eitt bein, eitt bein.
Engelske bamse står på to bein, to bein.
Engelske bamse står på tre bein, tre bein.
Engelske bamse står på fire bein, fire bein.
Hopp ut!
Ola i bakken (ta i bakken)
fire lus i nakken (ta i nakken)
eigde ein gris (lag stor mage med hendene) grisen han spente (spark ut i lufta)
Ola han skjente (hytt med peikefingeren): – Øy, møy, i mårra må du døy (stopp tauet mellom beina)
220 Kapittel 17 Leik og spel
Hopp tau og sei hoppetaureglane saman.
Skriv dine eigne hoppetaureglar og hopp dei etterpå.
Kj-lyden har ikkje ein eigen bokstav.
Han kan skrivast på mange måtar.
Dei vanlegaste måtane er
kj- som i kjegle
ki- som i kiste
ky- som i kylling
222 Kapittel 17 Leik og spel
Oppgåver
1 Studer bildet på side 222. Skriv namn på ting som har kjlyd.
2 Finn ei bok. Finn ti ord med kj-lyd. Blir dei skrivne med kj-, ky-, eller ki-? Skriv orda i tre forskjellige lister.
3 a Finn fem substantiv med kj-lyd. Skriv Kven er eg-gåter om substantiva.
b Gjett gåtene til kvarandre.
4 a Skriv ti ord med kj-lyd på lappar.
b Bland lappane i ein haug. Den eine trekker to lappar, den andre lagar ei setning som inneheld begge orda. Byt roller. Fortsett til de har brukt alle lappane.
5 Lag ei setning med kvart av øveorda. La ein annan finne ordet med kj-lyd i kvar setning. Skriv ordet.
6
Lag avisoverskrifter som inneheld flest mogleg ord med kj-lyd.
Kjempestor kylling køyrde kjelke i kjøleskapet!
kiste kjempe kjøpe kjent kjedeleg
Kubb er eit spel frå mellomalderen.
Rita skal lære Viktor å spele.
– Det er to lag, og vi må spele ute, seier Rita.
– Og så er det fire hjørnepinnar, seks kastepinnar, ein konge og ti kubbar.
– Kva er kubbane til? spør Viktor.
Rita forklarer:
– Dei ti kubbane er riddarar.
Du skal prøve å kaste ned riddarane mine.
Og eg skal prøve å kaste ned dine.
Til slutt skal vi prøve å velte kongen.
Ein må sikte og kaste passe hardt.
– Ok, seier Viktor. Eg vinn!
3. trinnet skal ha mellomalderdag.
Dei skal vere ute heile dagen, og alle må kle seg ut i mellomalderklede.
Elevane diskuterer kva dei skal gjere.
– Vi kan koke ein stor kjele graut, seier Aron.
– Så kan vi ha graut til lunsj.
Han kan vi ete i riddarleiren vår.
– Vi kan ha konkurransar, seier Amalie.
– Ja, femkamp, seier Yousuf.
– Med pil og boge-skyting og stokkekamp.
Då må vi lage blinkar.
Kanskje vi kan finne nokre stokkar i skogen.
– Det må vere øksekasting også, seier Tomas.
– Dei kasta økser på riddarturneringane.
– Stopp! seier Astrid. Alle ler.
Astrid er læraren.
Ola gleder seg:
– Vi treng nokre hestar, seier han.
– Eg skal ha mitt eige våpenskjold med eit mønster for familien min.
Så skal eg ha sverd og lanse.
Og hesten min skal ha eiga rustning.
Eg kjem til å ri frå dykk, for eg er den tøffaste riddaren.
– Ikkje ver dum, seier Lea.
Lea kan mykje om riding, for ho rir tre gonger i veka.
Det skal nok mykje til at Ola slår henne.
– Kanskje du kan starte på ein kjepphest, Ola, seier Astrid.
– Han blei funnen opp på slutten av mellomalderen.
– Eg synest vi skal ha litt underhaldning også, seier Jakob.
– Kanskje nokon kan vere ein sjonglørtropp. Det synest dei andre er ein god idé.
– Eg fekk sjonglørsaker til bursdagen min, seier Hanna.
– Eg kan ta dei med.
Kanskje vi kan lage noko å sjonglere med også.
– Og så må vi synge mellomalderballadar, seier Jorunn.
– Dei handlar om kjærleik og sånn.
Håvard himlar med auga.
– Men det er éin ting som må vere forskjellig frå mellomalderen, seier Janne.
– Jenter kan vere med på alle aktivitetane. Det er dei andre jentene heilt einige i.
– Vi kan leike Jeanne d’Arc, seier Josefine.
– Då har ikkje gutane ein sjanse!
Kvifor fekk ikkje jentene vere med på aktivitetar i mellomalderen, trur du?
Skriv noko du veit om mellomalderen.
226 Kapittel 17 Leik og spel
– ei folkevise frå mellomalderen Jeanne d’Arc – ei jente som leidde Frankrike i krig
balladetåre – ein drope som kjem ut av auget kinn – områda som er på kvar si side av nasen
– Smil og tårer går hand i hand, kviskrar mormor.
– Ho ser på den vesle systera mi som søv søtt i senga si. Mormor smiler omsorgsfullt.
Men tårene renn nedover kinna hennar.
Det har dei gjort ei stund. Eg veit at mormor saknar morfar.
Men så er ho så glad for at Lea har komme. Dei har liksom bytt plass, tenker eg. Morfar og Lea.
Heile familien gjekk og gledde seg.
Eg gledde meg nok aller mest.
Dette hadde eg venta på i ni år.
Endeleg skulle eg bli storesyster.
Ekstra stas var det at det var ei veslesyster som skulle komme.
Tre månader før Lea skulle bli fødd, skjedde det noko.
Morfar fekk plutseleg veldig vondt i hjartet.
Han var gammal, men likevel kom det brått.
Sjukebilen kom og køyrde han til sjukehuset.
På sjukehuset fann dei ut at det var fleire ting som ikkje verka i kroppen til morfar.
Difor måtte han bli igjen på sjukehuset.
Eg besøkte han fleire gonger.
Det var så rart å sjå den morosame morfaren min ligge stille i ei sjukeseng.
Sjølv om han ikkje var oppe og gjekk, kunne han framleis synge tøysesongar.
Og det gjorde han når eg var på besøk.
Legane og sjukepleiarane prøvde alt dei kunne for å få morfar frisk.
Men etter seks veker døydde han.
230 Kapittel 18 Smil og tårer
uventa – noko som skjer plutseleg verke – fungere
Nokre veker etter kom Lea.
Ho kom litt for tidleg, men var akkurat så stor som ho skulle vere.
Det var morfar som bestemte namnet hennar.
Han sa det rett før han døydde: – Hels Lea frå meg.
Det var første gongen morfar sa namnet, og eg visste ikkje kven det var.
Men mormor fortalde at bestemora hans heitte det.
Mamma og pappa har mykje å gjere med vesle Lea.
Dei rekk ikkje å sørge over at morfar er død.
Men nokre gonger kan eg høyre mamma gråte på badet.
– Ho har mista pappaen sin, veit du, forklarer pappa til meg.
Eg veit jo det. Men likevel svarer eg: – Å ja.
Då nikkar pappa til meg og skundar seg å ta opp Lea, sjølv om ho ikkje græt.
Eg snakkar mykje med mormor.
Sjølv om ho er veldig lei seg orkar ho å snakke med meg.
– Trur du morfar måtte gi plass til Lea på jorda? spurde eg ein dag.
Mormor smilte medan tårene rann nedover kinna.
– Eg veit ikkje, sa ho.
– Men eg veit at somme kjem, og somme går.
Kva kan vi gjere når vi er lei oss?
Skriv om ein gong du var trist.
sørge – å vere lei seg
Sommar
sola skin
eg badar mykje
kroppen min vil meir
Sommar
Sola
steikande varm
alle vil solbade
eg blir så lei
Sola
Regn
kalde dropar
vatnar tørre plantar
øydelegg den fine strandturen
Regn
Vi skriv – steg for steg
Du skal skrive eit femradersdikt.
1 Les oppskrifta for femradersdikt.
2 Skriv ei liste over kva diktet kan handle om.
3 Finn ut kva du skal skrive på dei ulike linjene.
4 Skriv diktet og teikn til.
EKSEMPELTEKST
Is iskald sak smelter i munnen munnen min smiler stort
Oppskrift for femradersdikt
1. linje: Eitt ord, som er temaet
2. linje: To ord, som beskriv temaet
3. linje: Tre ord, som beskriv ei handling
4. linje: Fire ord, som beskriv kjensler
5. linje: Eitt ord, som er temaet
Mamma tørkar tårene.
Det er ikkje første gongen, men kanskje tredje eller fjerde.
Pappa ler, han også, men ikkje så veldig.
Vi ser på ein engelsk film.
Eg forstår ikkje så mykje, og teksten blir så fort borte.
No får mamma endå ei latterkule.
Ho ler så kroppen hennar ristar, og så må ho fram med papiret igjen.
Det er så moro å høyre på.
Ikkje den engelske filmen, men mamma som ler.
Det er kanskje ikkje noka stor nyheit, men barn ler oftare enn vaksne.
Kor ofte ler du?
Svaret er at du sannsynlegvis ler ganske mange gonger i løpet av ein dag.
Forskarar har funne ut at det finst mange ulike lattertypar:
1 Vi ler fordi noko er morosamt.
2 Vi ler fordi andre ler.
3 Vi ler ein vondskapsfull latter.
4 Vi ler fordi vi er redde.
5 Vi ler fordi vi blir kilte.
Det er nesten umogleg å le når du kiler deg sjølv.
Men når du blir kilt av andre, er det nesten umogleg å la vere å le.
Latteren er lik over heile verda.
Folk ler på nesten same måte enten vi kjem frå Noreg eller Japan.
Vi bruker 15 ulike ansiktsmusklar når vi ler. Det er hjernen som set i gang og sender «latterbeskjedar» til resten av kroppen.
Hjartet slår fortare medan du ler, og musklane i bryst og mage jobbar.
Men dei slappar godt av etterpå.
sannsynlegvis – truleg kile – å ta på følsame delar av kroppen som gjer at ein ler
Forskarar har også funne ut at vi ler mest når vi er saman med andre menneske.
Somme seier at latter er eit lim som bind menneske saman.
Somme seier også at ein god latter forlenger livet.
Det er ikkje bevist, men vi veit i alle fall at dei som stort sett er glade, held seg friskare.
forlenge – å gjere noko lenger bevise – å dokumentere
236 Kapittel 18 Smil og tårerSjimpansen er eitt av dyra som liknar mest på menneske.
Viss sjimpansar blir kilte eller leiker veldig, slepper dei ut ein spesiell lyd som dei ikkje bruker elles.
Når dei lagar denne lyden, viser dei samstundes andre leike-uttrykk. Det er derfor mange ekspertar som er einige om at sjimpansane ler, sjølv om det høyrest meir ut som sagelydar enn vanleg menneskelatter.
Vi menneske kuttar opp latteren i bitar, med fleire ha-ha-ha på kvar utpust.
Sjimpansar lagar éin lyd for kvar utpust, og dei ler også når dei trekker pusten inn. Det at sjimpansane ikkje greier å dele opp utpusten i bitar, men berre har éin lyd, er kanskje ein av grunnane til at dei ikkje kan snakke!
Dagny Holm, nysgjerrigper.no
Kvifor ler barn oftare enn vaksne, trur du?
Skriv om ein gong du fekk latterkrampe.
utpust – å puste ut grunn – årsak
Substantiv er namn på ting, personar og stader, for eksempel: Trine, draum, sol, Asker
Adjektiv er ord som beskriv korleis noko er eller ser ut, for eksempel: trist, gul, glad, mjuk
Verb er ord som fortel om det vi gjer, eller kva som skjer, for eksempel: hoppe, danse, falle, lese
Kristin leitar over heile skulen.
Ho finn ikkje den blå jakka si.
Den nye allvêrsjakka
som eigentleg var litt for dyr.
Mamma kjem til å bli rasande.
Kristin går sakte heim.
Ho gruer seg til å fortelje om jakka.
Mamma møter henne i døra.
Ho smiler til Kristin.
– Fraus du i dag? spør mamma.
– Du gløymde jo den nye jakka heime.
238 Kapittel 18 Smil og tårer
Oppgåver
1 Skriv setningar til bildet. Bruk substantiv, verb og adjektiv.
2 Lag ein tabell og sorter orda i teksten «Phu!» på side 238.
Kristin
3 a Skriv to setningar. Kvar setning skal innehalde minst tre substantiv.
b Skriv tre setningar. Kvar setning skal innehalde minst to adjektiv.
c Skriv tre setningar. Kvar setning skal innehalde minst to verb.
4
a Skriv eit substantiv, eit verb og eit adjektiv som seier noko om kva du gjorde i går.
For eksempel: rulleskøyter, hoppe, små
b Byt ord med ein annan. Skriv kva du trur den andre gjorde i går, ved å bruke orda du fekk.
For eksempel: Du hoppa med for små rulleskøyter.
c Les opp setningane for kvarandre og sjå om det stemmer.
5
a Skriv ti ord kvar på lappar, eitt ord på kvar lapp. Det skal vere både substantiv, verb og adjektiv.
b Lag kvart dykkar bingobrett med 4 x 4 ruter. I rutene skriv de «substantiv», «verb» eller «adjektiv».
c Trekk lapp annankvar gong og kryss av for kva slags ord du trekker.
d Den som først får tre kryss på rad, vinn.
Hihihi
Eli sit i sofaen.
Ho græt. Huhuhu.
Ho græt.
Ho græt.
Men ho veit ikkje kvifor.
Og det gjer henne enda meir lei. Huhuhu.
Men far hører henne.
– Kvifor græt du, Eli?
– Eg veit ikkje, svarer Eli.
– Eg set meg, eg, seier far.
Så set han seg i sofaen, han òg.
Far sit.
Eli græt. Huhuhu.
Da kjem mor.
Ho spør kva som er på ferde.
– Eg veit ikkje, seier far.
– Så får vi vente, seier mor.
Mor og far ventar.
Eli græt.
Huhuhu.
240 Kapittel 18 Smil og tårer
Brått er storebror Bjørn der også.
Han vil vite kvifor Eli græt.
– Vi veit ikkje, seier far.
– Så vi ventar, seier mor.
Bjørn begynner å le. Hihihi.
Da veit ikkje Eli kva ho skal gjere. Le?
Eller gråte?
Huhuhi, kjem det frå Eli. Huhihi.
Hihihi.
Eli ler.
Far ler.
Mor ler.
Og Bjørn.
Alle ler.
Hihihi i heile sofaen.
Erna Osland
1 Kva liker du at andre gjer når du er lei deg?
2 Skriv ein tekst som har med orda hihihi og huhuhu.
Kaia hadde ein uheldig episode på den gamle skulen.
Mora bestemte at dei skulle flytte, slik at Kaia skulle få ein ny start.
Kaja synest det er vanskeleg å få venner på den nye skulen.
Det er enklare å bli venn med naboen Grete.
Ho er vaksen og gjer som ho vil.
Grete seier at Kaia må opne seg opp.
Då er det enklare å få venner.
Kaia følger rådet og fortel om seg sjølv til Linn.
Kaja fortel at ho ikkje hadde nokon venner på den gamle skulen.
Og at ho blei kalla Kløne-Kaja.
episode – noko som har skjedd kløne – ein person som er klossete
Kaja har lyst til å gi ei gåve til Linn. Ho låner pengar av naboen Grete og kjøper slim i alle fargane i regnbogen.
Eg går mot henne.
Gåva gjer at sekken min kjennest tyngre enn vanleg, og tyngda minner meg om at noko fint skal skje.
For kvart skritt kjenner eg sekken som daskar det fine og spennande mot ryggen min, og så spreier det seg utover i heile meg.
Kanskje det er sånn julenissen føler det heile tida.
Når eg nærmar meg, høyrer eg noko som gjer at det fine forsvinn.
Det er Espen som roper, han sit rett bak Linn. – Kløne-Kaja, roper han. – Der er Kløne-Kaja!
Eg stivnar. Eg trur eg beveger munnen, men det kjem ingen lyd ut av han.
– Eg høyrde det var det du heitte på den førre skulen, seier han.
– Og så høyrde eg at du tryna utanfor matbutikken. Korleis var det igjen?
Så går han nokre steg fram, lagar ein helse-bevegelse med handa og begynner å virre rundt, før han snublar og fell med store og klønete bevegelsar. Alle ler. Espen fortset å rope ting, men eg høyrer ikkje kva han seier.
Eg ser berre på Linn.
Ventar på at ho skal gjere noko, seie noko. Kanskje sende meg eit blikk som seier unnskyld.
Unnskyld for at eg fortalde hemmelegheita di, skal blikket hennar seie, men ho ser ikkje på meg.
Ho ler. Ho ler med Espen. Ler av meg.
Eg tar av meg sekken og slenger han ned på bakken.
Eg riv opp gåvepapiret og fiskar opp den første slimboksen eg finn. Han er grøn.
Så skjer alt fort og nesten av seg sjølv.
Eg opnar lokket, tar slimklumpen i handa og går mot henne.
Alt anna blir borte, eg ser berre Linn.
Også gjer eg akkurat som Grete har sagt:
Eg går ned til røtene.
Linn skrik og legg hendene over det fine lange håret, som no har svære, klissete kladeisar med grønt slim inst ved hovudbotnen.
Ho skrik så høgt at det gjer vondt.
Ho bruker berre vokalar.
Eg trur ho bruker nesten alle. − A! E! I! O! U! Æ! Ø! Å!
Kine Jeanette Solberg: utdrag frå Ikke lov å le
Kva synest du om det Linn gjorde?
Kva synest du om det Kaja gjorde?
Skriv kva som skjer vidare med Kaja og Linn.
Mange ord i språket vårt blir skrivne
på ein annan måte enn vi seier dei.
Nokre ord med æ-lyd skriv vi med e.
Nokre ord med o-lyd skriv vi med u.
Nokre ord med å-lyd skriv vi med o.
Gøymsel på
Tonje går inn i slottet.
Ho sukkar. Det er enormt.
Her er det sikkert hundre rom.
Korleis skal ho finne prinsen?
I gangen møter ho kongen.
– Han er nok på badet, kviskrar han.
Kongen peiker på døra med hjartet.
Tonje luskar nedover gangen.
Prinsen må ikkje merke at ho er der.
– Fann deg, roper Tonje og riv opp døra.
Under alt skummet ser ho ein liten hårtust. Og opp av vatnet sprett hovudet fram.
Prinsen gapskrattar.
– Var ikkje dette ein flott gøymestad?
Skift til badedrakt og hopp oppi.
Oppgåver
1 Skriv kva du ser på bilda.
2 Les teksten «Gøymsel på slottet» på side 246.
a Skriv alle orda som blir skrivne med e for æ-lyd.
b Skriv alle orda som blir skrivne med u for o-lyd.
c Skriv alle orda som blir skrivne med o for å-lyd.
3 Bruk orda i oppgåve 1.
a Skriv orda i alfabetisk rekkefølge.
b Skriv orda som har dobbel konsonant.
4 Skriv ordlister med
a ord som blir skrivne med e for æ-lyd
b ord som blir skrivne med u for o-lyd
c ord som blir skrivne med o for å-lyd
5 Bruk orda frå ordlistene i oppgåve 4.
a Skriv setningar om å vere glad.
b Skriv setningar om å vere trist.
6 Arbeid med øveorda. Ein av dykk seier eit øveord, og den andre stavar ordet høgt.
stjerne plukkar oss sukkar tom
Herman græt. Håkon trøystar. – Hugsar du då vi fekk rottene?
spør Håkon. Herman nikkar.
– Raptus og Bruno, full rulle, seier Håkon, og slår ut begge armane.
– Det var rett og slett kaos!
Herman tørkar tårene og smiler.
– Mamma var heilt fortvila, ler han.
Herman etterliknar stemma til mamma og roper: – Rottene gneg på alt!
Dei kan ikkje vere i sofaen!
Begge gutane ler.
– Godt vi fekk bur til dei, seier Håkon.
– Å, eg saknar Raptus, seier Herman.
fortvila – å føle at noko er håplaust etterlikne – å herme etter noko eller nokon
248 Kapittel 18 Smil og tårerHerman stryk Bruno over pelsen og seier:
– Kvifor måtte dei leike så veldig?
Rotta ser på han. Herman fortset:
– Ja, eg veit at du ikkje meinte det, og at du saknar Raptus like mykje som meg.
Bruno hoppar ned frå fanget til Herman og går inn i buret sitt.
– No trur eg han blei fornærma, seier Håkon.
– Fornærma? seier Herman.
– Eg sa jo at det ikkje var hans skyld.
– Ja, men du prata om Raptus, seier Håkon.
– Eg må vel få lov til det, utan at Bruno blir fornærma, seier Herman sint.
– Bruno kan ikkje bestemme kven eg skal snakke om. Og det er eigentleg hans skyld at Raptus er død.
Herman reiser seg og spring hulkande ut av rommet.
Håkon sit igjen og er lei seg.
Han synest det er dumt at Herman skylder på Bruno. Bruno beit Raptus, men det var medan dei leikte.
Det bruker ikkje å bli infeksjonar i slike sår, men det blei det denne gongen.
Det var infeksjonen Raptus døydde av, ikkje bitet.
Håkon har lyst til å rope det ut, slik at Herman høyrer det, men han gjer det ikkje.
fornærma – å føle seg såra infeksjon – ein betennelse
I staden går han for å finne Herman.
Han finn han i kjellaren.
Der står Herman og snakkar med den døde Raptus som ligg i frysaren.
– Unnskyld, kviskrar Håkon.
– Så klart du skal få snakke om Raptus.
Herman ser på Håkon og så på Raptus.
– Vil du hjelpe meg og bere han ut? spør Herman.
– Han kan ikkje ligge her lenger, mamma har mast på meg fleire gonger i dag.
Ho orkar ikkje å ha ei død rotte i frysaren lenger, sjølv om det er Raptus.
– Klart eg vil, seier Håkon.
– Kan Bruno få vere med også?
– Ja, så klart. Det var jo bestevennen til Raptus.
Herman løftar Raptus ut av frysaren.
På veg opp trappa møter dei mamma.
– Så no er tida kommen, seier ho.
Mamma klappar forsiktig på pelsen til Raptus.
– Farvel, vesle venn, kviskrar ho.
Skal eg bli med dykk? spør ho gutane.
Herman ristar på hovudet:
– Dette klarer vi sjølv.
– Ver forsiktige, då, seier mamma.
– Ja, det er berre Raptus som skal ut på reise, smiler Herman sørgmodig.
250 Kapittel 18 Smil og tårer
kjellar – eit rom som er under eit hus frysar – eit skap eller ein boks som held maten iskald
Kva trur du Herman og Håkon skal gjere med Raptus?
Skriv eit brev frå Bruno til Raptus.
s. 10 Eriksen, Endre Lund og Torill Kove (ill.): Førstemann som pissa på månen. Aschehoug, 2009. *
s. 16−17 Pedersen, Kari Gjæver: Min reise til Hellas Damm, 2004. *
s. 18−19 Hagerup, Linde: «Ut på tur» frå Verdens største gorilla og andre rim. Cappelen Damm, 2008. *
s. 20−23 Loe, Erlend: Fisken.
J. W. Cappelens Forlag, 2004.
s. 42−43 de Saint-Exupéry, Antoine: Den lille prinsen. Oversatt av Inger Hagerup. Aschehoug, 1998. *
s. 50−53 Horndal, Sissel: Sølvmånen CálliidLágádus, 2016. *
s. 58 Olsson, Lotta: «Galopp» frå Det har komme ein komet. Nordiske dikt for barn. Oversatt av Arnt Birkedal. Det Norske Samlaget, 2003.
s. 58 Bjørnson, Bjørnstjerne: «Lokkelek» frå En glad gutt Gyldendal, 2002.
s. 59 Kittelsen, E. (red.): «Apedikt» frå Den magiske skolen. Lesebok ved elever på Vahl skole Aschehoug, 2009. *
s. 66−67 Nesbø, Jo: Doktor Proktors Prompepulver. Aschehoug, 2007. *
s. 68−71 Nesbø, Jo: Doktor Proktors sensasjonelle samling av dyr du skulle ønske ikke fantes. Aschehoug, 2010. *
s. 72−75 Nilsson, Frida: Apestjernen
Oversatt av Nina Aspen. Aschehoug, 2021. *
s. 76 Oscarsson, Kicki (tekst) og Thore Skogman (melodi): «Jeg vil ha en liten hund». Oversatt av Gerd Åsta Hjelm Arnesen. © EMI Music Publishing Scandinavia AB. Trykket med tillatelse av Sony Music Publishing Scandinavia/Notfabriken Music Publishing AB.
s. 83 Lillegraven, Ruth: «Eit lite frø» frå Eg er eg er eg er. Samlaget, 2016.
s. 87 la Fleur, Marjorie og Solveig Gaarder: «Den lille andungen som ville snakke pent» frå Historier til fortelling, lek og teater i barnehagen. Eureka Forlag, 2007. *
s. 88−91 Asbjørnsen og Moe: «Tommeliten» frå Damms eventyrserie. Asbjørnsen og Moe Damm, 1993. *
s. 94−95 Belsvik, Rune: Dustefjerten og den store vårdagen J. W. Cappelens Forlag, 1996.
s. 103−105 Jansson, Tove: Småtrollene og den store oversvømmelsen. Oversatt av Gunnel Malmström. Cappelen Damm, 2017. *
s. 118−119 Opedal, Hallgeir og Vetle Opedal: Flekkmonsteret bygger harefelle Det Norske Samlaget, 2004.
s. 122−123 Griffiths, Andy og Terry Denton (ill.): Gutta i det enorme trehuset med 39 etasjer Oversatt av Hege Mehren. Fontini Forlag, 2014. *
s. 124 Lillegraven, Ruth: «Hytte» frå Skogen den grøne. Samlaget, 2018.
s. 127−129 Kirkegaard, Ole Lund: Vesle Virgil. Oversatt av Oddmund Ljone. Gyldendal Tiden, 2004. *
s. 140 Gjerde, Christian Wiik: «Ryggen til Stein», 2021.
s. 142−143 Lindgren, Astrid: Mio, min Mio. Oversatt av Odd Bang-Hansen. Cappelen Damm, 2004. *
s. 151−153
Ottesen, Josefine: Drageherren.
Oversatt av Carina Westberg. De norske Bokklubbene, 2006. *
s. 158 Hatløy, Kjartan og Inger Lise Belsvik: «Sola» frå Sølvbåt og stjernevind. Den nye barnediktboka Mangschou, 2011. *
s. 166−169 Lunde, Maja: Solvokteren Kagge Forlag, 2020. *
s. 174 Lillegraven, Ruth: «Glimt av Gull» frå Skogen den grøne. Samlaget, 2018.
s. 177−178 Matz, Kerstin: «April» frå I farmors hage. Oversatt av Lisbet Jacobsen. Damm, 1998. *
s. 192−193 Hole, Stian: Garmanns gate Cappelen Damm, 2008.
s. 195−197 Barnas beste. Svensken, dansken og nordmannen-vitser Kagge Forlag, 2011. *
s. 202−203 Husby, Olaf: Ordleiksboka. Skald Forlag, 2008.
s. 214 Munthe, Margrethe: «Takk» frå Kom skal vi synge. J. W. Cappelens Forlag, 1996.
s. 216−217 Nilsson, Frida: Hedvig! Oversatt av Cecilie Winger. Cappelen Damm, 2009. *
s. 235−237 Holm, Dagny: Tekster om latter frå nysgjerrigper.no *
s. 240−241
Osland, Erna: Hør! 21 forteljingar om Eli. Aschehoug, 2012.
s. 243−244 Solberg, Kine Jeanette: Ikke lov å le. Aschehoug, 2021. * * Omsett til nynorsk for denne utgivinga.
Illustrasjonar: Side 6, 7, 8, 9: Charlotte Helgeland, 10: Torill Kove, 11: Charlotte Helgeland, Fotolia (bakgrunn), 12 ø.v.: Shutterstock, ø.h.: Bildmakarna Berg, Björn Berg / Cappelen Damm, m.: Istock, n.v.: Kamerareportage / TT / NTB, n.h.: Pressend Bild / AFP / NTB, 13 ø.: Shutterstock, ø.m.: © Moomin Characters ™, n.: Shutterstock, 14 ø.v.: Shutterstock, ø.h.: Klaus Vedfelt / Getty Images, n.: Rusian Stepanov / Getty Images, 15 ø.v., ø.h.: Shutterstock, n.v.: CasarsaGuru / E+ / Istock/ Getty Images, n.h.: Istock, 16, 17: Gry Moursund (illustrasjoner) / Christine Istad (foto) / Damm, 18, 19: Thore Hansen / Cappelen Damm, 20 ø.: Cappelen Damm, n.: Kim Hiorthøy / Cappelen Damm, 21, 22, 23: Kim Hiorthøy / Cappelen Damm, 24, 25: Charlotte Helgeland, 26 ø.: Pikelus, n.: Ritzau / NTB, 27, 28: Istock / Getty Images, 29: Charlotte Helgeland, 30, 32, 33: Irene Marienborg, 34 n.v.: Getty Images, n.h.: Istock / Getty Images, 35: Science Photo Library / NTB, 36 ø.: Wikimedia, n.: Istock, 37 ø.: Science Photo Library / NTB, n.: Ulstein Bild / Getty Images, 38, 39: NASA, 41 ø.: Istock / Getty Images, n.: Science Photo Library / NTB, 42: Antoine de SaintExupéry / Aschehoug Forlag, 43: Aschehoug Forlag, 44: Erik Ødegård, 45: Wikimedia, 46, 47: Erik Ødegård, 48 v.: Istock / Getty Images Plus, h.: imaginima / E+ / Getty Images, 49: Erik Ødegård, 50, 51, 52, 53: Sissel Horndal / (CálliidLágádus - Forfatternes Forlag), 54, 55: Thomas Grønbukt, 55 ø.: Istock, 56, 57: Thomas Grønbukt, 58 ø.: Eva Lindström / Samlaget, n.: Thomas Grønbukt, 59 v.: Thomas Grønbukt, h.: frå boka “Dikt om dyr” / Jasmin, 60 ø.: Billy Glad / Dyreparken i Kristiansand, n.: Arild Jakobsen / Dyreparken i Kristiansand, 61: Arild Jakobsen / Dyreparken i Kristiansand, 62: Dyreparken i Kristiansand, 63: Christian Nørstebø / Dyreparken i Kristiansand, 64: Thomas Grønbukt, 66: Per Dybvig / Aschehoug Forlag, 67: Aschehoug Forlag, 68, 69, 70, 71: TRY katalogdesign / Aschehoug Forlag, 72 ø.: Aschehoug Forlag, 72 n., 73, 74, 75: Per Dybvig / Aschehoug Forlag, 76, 77, 78, 79, 80, 81: Thomas Grønbukt, 82, 83, 84, 85 ø.: Silje Granhaug, 85 m., n.: Science Photo Library / NTB, 86, 87, 88, 89, 90, 91: Silje Granhaug, 92 v.: Fotolia, h.: Imgorthand / E+ / Getty Images, 93 v.: Jan Rabben / Samfoto / NTB (2 stk), h.: Norsk Ornitologisk Forening, 94, 95: Lisbeth Narud / J. W. Cappelen Forlag AS, 96, 97, 98, 99, 100, 101: Silje Granhaug, 102 ø.: Tove Jansson / Cappelen Damm, n.: © Moomin Characters ™, 103, 104, 105: © Tove Jansson 1945, Moomin Characters ™, 106, 107, 108, 109, 110, 111: Erik Ødegård, 112 ø.h.: Ingo Arndt / Nature Picture Library / NTB, n.v.: Yakov Oskanov / Alamy Stock Photo / NTB, n.h.: Tore Wuttudal / Samfoto / NTB, 113 ø.: Ingo Arndt / Nature Picture Library / NTB , n.: Kurt Môbus / imageBroker / NTB, 114 ø.: Marko Kônig / imageBroker / NTB, n.: Nigel Killeen / Getty Images, 115 ø.: Steinar Myhr / Samfoto / NTB, m.: holgs / Getty Images, n.: Matt Mawson / Getty Images, 116: Shutterstock, 117: Alamy / Imageselect, 118, 119: Per Dybvig / Samlaget, 120 ø.h.: Fontini Forlag AS / Pan Macmillan Australia, n.: Fontini Forlag AS, 121, 122, 123: Terry Denton / Fontini Forlag AS, 124, 125: Erik Ødegård, 126 ø.: Gyldendal Norsk Forlag, n.: Ole Lund Kirkegaard / Gyldendal Norsk Forlag, 127, 128: Ole Lund Kirkegaard / Gyldendal Norsk Forlag, 130, 131, 132, 133: Erik Ødegård, 134 ø.v.: Shutterstock, ø.h., n.v.: Erik Ødegård, n.h.: Istock, 135 v.: Image Source / Getty Images, h.: Erik Ødegård, 136 n.v.: sarahwolfephotography / Getty Images, ø.h.: Tracy Morgan / Imageselect, ø.h.m.: Gerard Lacz / Imageselect, m.: eriklam / Imageselect, n.h.: eriklam / Imageselect, 137, 138, 139, 140, 141: Erik Ødegård, 142: Cappelen Damm, 143: Ilon Wikland / Cappelen Damm, 144, 145: Theodor Kittelsen / foto ©O.Væring Eftf. AS, 146, 147, 148: Erik Ødegård, 149: Håkon Mosvold Larsen / NTB, 150, 151, 152: Niels Bach / Damm, 154, 155, 156, 157: Thomas Grønbukt, 158: Inger Lise Belsvik / Elisabeth Moseng, 159: Shutterstock, 160, 161, 162, 163: Thomas Grønbukt, 164: Thomas Hinsche / imageBroker / NTB, 165 ø.: Mike Jone / imageBroker / NTB, n: Pål Hermansen / Samfoto / NTB, 166: Kagge Forlag, 167, 168, 169: Lisa Aisato / Kagge Forlag, 170, 171, 172: Thomas Grønbukt, 174: Shutterstock, 175: Thomas Grønbukt, 176, 177, 179: Andréa Räder / N.W. Damm&Søn AS, 180, 182, 183: Charlotte Helgeland, 184 ø.: Aftenposten Junior, h.: Dobrila Vignjevic / E+ / Getty Images, 185: Ingvill Krogstad Svanes, 186: Charlotte Helgeland, 187 n.v., n.m.v., n.h.: Bonnier Carlsen (Sverige), n.m.h..: Alvilda (Danmark), ø.h..: Turbine (Danmark), 188: Shutterstock, 189, 190: Charlotte Helgeland, 192 ø.: Charlotte Helgeland, n.: Shutterstock, 192, 193: ©Stian Hole / BONO 2023, n.: Cappelen Damm, 194 ø.: Kagge Forlag, m., n.: Charlotte Helgeland, 195, 196, 197, 198, 199, 200: Charlotte Helgeland, 201: ø.v.: Shutterstock, ø.h., n.: Istock, 202 ø.: Skald Forlag, m., n.: Stina Langlo Ørdal, 203: Stina Langlo Ørdal, 204 ø.v.: Shutterstock, n.v.: Legoland Billund, 205: Alamy / Imageselect, 206, 207: Photos used with permission. ©2015 The LEGO Group. All information is collected and interpreted by the authors and does not represent the option of The LEGO Group, 208, 209, 210, 211: Erik Ødegård, 212: Norges Bank, 213: Follo Avis / Ski Historielag, 214, 215: Erik Ødegård, 216, 217: Stina Wirsén / Cappelen Damm, 218, 219, 220: Erik Ødegård, 221: Erik Werenskiold / foto ©O.Væring Eftf. AS, 222, 223, 224, 225, 226, 227: Erik Ødegård, 228, 229, 230, 231, 232, 233, 234: Silje Granhaug, 235 ø.: Semy Pernebjer / Maskot / NTB, m.: Tom foto / Shutterstock, n.: Jacob Lund / Shutterstock, 236 ø.: Arthur Fuhrer / Shutterstock (off set), n.: skynesher / Istock / E+ / Getty Images, 237 ø.: Holger Leue / The Image Bank / Getty Images, m.: Anup Shah / Stone / Getty Images, n.: Kletr / Shutterstock, 238, 239, 240, 241: Silje Granhaug, 242 ø: Aschehoug Forlag, n.: Silje Granhaug, 243, 244, 245, 246, 247, 248, 249, 250, 251: Silje Granhaug.
© Gyldendal Norsk Forlag AS 2021 2. utgåva, 3. opplaget
Denne boka er ein del av læreverket Salto 1−7. Læreverket dekker måla i læreplanen for norsk 1.–7. trinnet etter LK20.
Printed in Latvia by Livonia Print SiA, 2023
ISBN 978-82-05-53758-3
Redaktør: Åse Ulltveit-Moe Norrud
Bilderedaktør: Kari Anne Hoen
Design: Hanne Dahl Design / Hanne Broen
Layout: Hanne Broen
Omslagsdesign: Lise Mosveen
Logo: Hanne Dahl Design
Omslagsillustrasjon: Erik Ødegård
Nynorsk omsetting: Dag Kristian Ellingsen
Materialet i denne boka er beskytta etter føresegnene i åndsverkloven. All kopiering, avfotografering eller anna form for framstilling av eksemplar og tilgjengeleggjering av materialet i denne boka er berre tillate dersom det finst lovheimel eller er inngått særskild avtale med Gyldendal Norsk Forlag AS.
Verksemder som har inngått avtale med Kopinor, kan kopiere, fotografere av osv. innanfor rammene av avtalen (inntil 15 % av sidetalet i boka). Det er ikkje tillate å kopiere frå arbeidsbøker (eingongshefte).
Utnytting i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndraging, og kan straffast med bøter eller fengsel.
Alle spørsmål om utgivingane til forlaget kan rettast til: Gyldendal Undervisning Grunnskoleredaksjonen
Postboks 6860 St. Olavs plass 0130 Oslo
E-post: undervisning@gyldendal.no www.gyldendal.no/undervisning
Alle bøkene til Gyldendal er produserte i miljøsertifiserte trykkeri. Sjå www.gyldendal.no/miljo
2. utgåve
I Salto blir dei grunnleggande ferdigheitene fletta inn i norskundervisninga. Det gode samspelet mellom digitale og papirbaserte læremiddel sikrar ei variert og engasjerande undervisning.
Salto 3B Elevbok inneheld
• differensierte lesetekstar innanfor meiningsfylte, spennande og fagovergripande tema
• høgtlesingstekstar til oppleving og samtale
• illustrasjonar som engasjerer, motiverer og støttar opp om leseopplæringa
• varierte og differensierte skriveoppgåver med modelltekstar
• vidareføring av Saltos lure leseknep
• systematisk arbeid med ord og omgrep
Salto 3 består av
• Elevbok A og B
• Arbeidsbok A og B
• Lærarens bok A og B
• Bokstøtte i Skolestudio
• Saltos bokhylle
Sjå www.gyldendal.no/salto for komplett oversikt over læreverket.
Boka finst også som heildigital utgåve i vårt digitale læringsmiljø Skolestudio. www.skolestudio.no