Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal utdrag

Page 31

Eitt hogge omfar som også er sveia

Neste steg i utviklinga mot fjølabåt er båtar som har ein hoggen omgang som også er sveia. Der har vi to klare døme som ligg temmeleg parallelt. Det eine er åfjordsbåten (Eldjarn og Godal, 1990, band 3). Han har hoggen hals, men som også lyt pressast i form ved hjelp av halstre og skorder. Typen kom som eit tydeleg svar på overgang til saga material. Den hogne halsen kompenserte for ein

del av det tapet i form som oppstod ved denne overgangen. For å få til eit fint nok innlaup er lotta strekte, og stamnen går nesten rett opp frå halsoddane. Då kan remma (andre omfaret) tvinnast meir enn om stamnen hadde vore runda som på ein geitbåt. Åfjordsbåten vart delvis bygd og bruka i Aure i Møre og Romsdal, men elles først og fremst innafor den nordlege delen av det gamle Nordmørefylket som strekte seg til

Fig. 0.21., 0.22., 0.23. og 0.24. Johan Hårstad høgg hals til ein åfjordsfæring av eit 5/4 toms granbord. Dels har han det i telbenk lagt på stabbe, og dels held han fritt. Halsen blir også tvinna og pressa med halstre før han er på rett plass i båten.

27


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.