Olav H. Hauge og trea

Page 1

OLAV H. HAUGE OG TREA

Om å sjå naturen – og klimakrisa no!

OLAV H. HAUGE

Om å sjå naturen – og klimakrisa no! OG TREA essay Efrem 2021

© Efrem forlag 2021 www.efremforlag.no

OmslagsbildeR: Nikolai Astrup: «Kari. Motiv fra Sunde» og «Vårnatt i hagen», Wikimedia Commons

FORFattaRFOtO: Kvinnheringen gRaFikk: Freepik Omslag Og sats: Lerø design tRykkeRi: LivoniaPrint skRiFt: Tisa Pro 11/14 PaPiR: 100g Munken Premium Cream 1,5 Forfattaren har mottatt støtte frå Det faglitterære fond isbN 978-82-92922-73-6 Boka er trykt på miljøvennleg papir

Innleiing – Dagbøker og frukthage 9 Klimafornekting 12 Oppdaging 17 Grunnstammer/ greiner 21 Samanheng? 32 Romantikk/ antroposentrisme/ økokritikk 38 Tilbake til jorda 47 Endring i jordbruket 52 Lån eller eigedom? 58 Skogbading 71 Å leva av tre 75 «Ser me naturi»? Om Olav H. Hauge 88 Plant eit tre 114 Dei vanskelege tala 117 Kontakt med naturen? 124 Kva gjev meining for framtida? 131 Litteratur 140

5 INNHALD

«Me kviler ikkje i tidi og naturi, har ikkje ro til å gå i gang med sjølvgløymande arbeid. Kvar er so febrilsk uppteken med å gjeva uttrykk for sitt eige ego, sine tankar, sitt vesle sjeleliv og driftsliv, lenger rekk me ikkje. Og so kjem det usæle: Ser me naturi anten det no er hav eller stjernor, fjell, skog, so er det oss sjølve me ser, våre lengslor og draumar, våre sorger og sjuke tankar, me speglar oss i naturi. Landskapet, naturi for hennar eigi skuld, ser me ikkje, gjev oss ikkje av med å prøva skildra og gjeva att. Me er ego-sentrert, har aldri ofra oss sjølve, me (er) alltid det viktigaste i kva me gjer, me har gløymt å tena, det er det som er saki. Me kan då heller ikkje tena kunsten.»

7

– Dagbøker og frukthage

I dei siste åra har eg brukt ein del tid med forfattaren Olav H. Hauge sine dagbøker. Gjennom lesinga har eg funne at han ofte opplevde å vera fortvila over manglande respekt for naturen. Det vart naturleg å tenkja på vår eiga tid der klimaspørsmålet stadig har kome nærare. Synlege teikn i naturen og rapportar frå mange hald om naturkatastrofar, gav, og gjev, meir og meir ubehag.

Ein haustdag i 2019 såg eg at Folgefonna hadde endra seg. Eg kunne sjå blåisen frå hagen vår i Hardanger. Eg kjende uhygge og byrja å skriva om det; ville setja meg meir inn i kva som er i ferd med å skje i naturen. Olav H. Hauge vart den jordnære støttespelaren som eg har henta svært mange sitat frå. Eg ville syna fram tankar frå Hauge som eg meiner er nyttige i vår tid med klimakrise. Eg såg også nærare på nokre av dikta hans og kom til å lesa tekstane i eit meir økokritisk perspektiv. Olav H. Hauge er kjend for å vera ein viktig lyrikar, men han var også gartnar og fruktbonde. Hauge si forankring i

9 INNL e IIN g

naturen hjelper oss til å sjå tilbake og gjev perspektiv framover. Eg er takksam for at Det Norske Samlaget gav ut dagbøkene til Hauge i år 2000.

Det vart naturleg å starta i frukthagen mellom trea der eg sjølv var, men det vart også logisk å reflektera omkring livsgrunnlaget til folk på Vestlandet som tradisjonelt var jordbruk og fruktdyrking, men også skogsdrift som har vore leveveg for svært mange i Noreg. Skogen er i eit spenningsfelt når det gjeld omsyn til karbonlagring og skogvern i motsetnad til omsynslaus utbygging og vekstideologi. Små gardsbruk er under sterkt press, og svært mange er nedlagde.

Eg har vore knytt til trea, landskapet og jordbruket frå eg var barn. Dette er derfor ei forteljing om å høyra til i ein kultur og i ein natur som eg har eit sterkt ønske om å leva i og vidareføra til andre etter oss. Arbeidet med denne teksten har ført meg nærare klimaforsking og naturfilosofi som igjen har gjeve meg ei overtyding om at klimasaka og klimavenleg matproduksjon er dei viktigaste kampane vi må ta framover.

Vi er opplærte til å tru at naturen verkar uavhengig av

10

oss menneske. Det er ikkje slik. Alle planter, dyr, artar og økosystem er avhengige av omgjevnaden og er dermed også risikoprosjekt. Om eit ledd i prosessen vert borte, kan liv forsvinna. Ved å sjå nærare på vilkåra til alt som skal leva, aukar vi kunnskapen om å høyra til i ein heilskap. Det er ei god kjensle som gjev meining, men også ansvar.

11

Det er haust. Eg plukkar plommer i Hardanger. Det er varmare enn det brukar å vera på denne tida. Den første hauststormen har vore her, men så kom sommaren tilbake med uvanlege temperaturar. Eg likar sol når eg skal hausta inn, men eg likar ikkje at det er uvanleg. Det uroar meg. Eg vil ha det normalt.

Snart kjem regnbygene som følgje av dei høge temperaturane. Då er det risikabelt for oss å ferdast på vestlands-vegar. Styrtregn kan gje ras. Eg tenkjer på dei som lever og arbeider i bygdene langs desse fjordane. Dei har mange farlege, smale vegar å køyra på. I tillegg har dei no fått aukande rasfare. Eg er trass alt heldig som berre er her for å henta frukt i hagen ved sommarhuset vårt i Norheimsund.

Neste dag kjem med varme og sol att. Eg sit i ein frukthage der trea bognar av mogne plommer og veksande eple og pærer. Eg har henta ned det vi skal ha. Eg tenkjer at alt det andre kan gå til insekt og fuglar som også skal leva. Det som fell ned gjev næring og ny vekst. Så fint at det er slik. Hardangerfjorden ligg med lys blå, silkemjuk overflate. Ender sym langs landet, og lenger ute ligg eit svanepar som vanlegvis brukar å vera

12 KLIMAFORN e KTIN g

nærare land. Det har kome sild eller brisling i fjorden. Måkene vaktar på stimane som vert jaga av større fisk. Dei høge fjella på andre sida av fjorden ligg stødige og verkar milde på ein dag som dette. Mellom fjella over Jondal ser vi Folgefonna, men har Folgefonna fått ein gråare farge? Er ho i ferd med å smelta? Er det blåisen som skaper denne litt gråare fargen?

I dei siste åra har eg nyoppdaga trea fordi eg veit at dei er viktigare enn eg trudde. Eg merkar at eg er redd for frukttrea om våren. Vil det koma normale temperaturar? Vil det koma humler og bier som kan pollinera? Eg ser på fruktbløminga med ny respekt. Angsten ligg like under når eg går slik og observerer. Kor lenge vil dette vara? Klarar vi å halda liv i biene? Har humlene alltid vore så små? Det var mest ikkje veps dette året. Kvar er vepsen?

I desse dagane brenn skogen i Amazonas. Avskoginga auka med 80% i løpet av juni. Det er i så høgt tempo at forskarar er redde for kollaps og ørkendanning. Presidenten i Brasil har opna opp for at folk kan starta brannane for å dyrka området som av nokre vert kalla jorda sine lunger. Mange rasar over klimafornektaren i Brasil som avslo pengestøtte frå G7 landa for å stoppa brannane, men sanninga om skuld er meir komplisert. Det handlar om kampen om ressursar som skal til for å vera med i det økonomiske kappløpet. Europa og EU er den nest største importøren av soya frå Brasil. Norsk

13

landbruks- og oppdrettsnæring importerer også store mengder. Slik er ein med på å legitimera den miljøfiendtlege politikken som m.a. Brasil fører i dag. Temperaturen stig på jordkloden, og klimaforskarar flest meiner at det er menneskeskapt. Vi aukar CO2nivået og slepper ut fossilt brennstoff slik at trea, havet og kloden ikkje kan ta nok opp i seg for å skapa den naudsynte avkjølinga som skal til for å gje god balanse. Breane smeltar, tørkekatastrofar og verendringar skadar jorda si evne til å produsera mat. Varme og tørke sender menneske bort frå landområde, og det ser ut til at vi er inne i ein farleg spiral. No handlar det om at ein skal nå dei såkalla klimamåla for å stagnera og stoppa den uheldige utviklinga. Miljøorganisasjonar og klimaforskarar er einige om at det er krise. FN sitt klimapanel har konkludert med at klimagassutsleppa må verta reduserte med 45% innan 2030.

Eg tenkjer på selskapet eg var i for nokre dagar sidan, der vi byrja å snakka om miljø og klima. Ein av gjestene hevda med styrke at klimaendringane er naturlege. Det er ikkje noko vi kan gjera med det. Det har alltid vore klimaendringar, noko dei fleste er klar over, men frå hans side vart det «menneskeskapte» avvist. Eg opplevde at fleire heldt seg rolege og skeptiske, men etter kvart kom utsegner som «det er jo lite vi kan gjera» og «bilane våre må vi jo få køyra» og «det må jo vera ungdomen som kjem til å gjera noko med dette». Eg følte på ubeha-

14

get og gav uttrykk for det. Eg såg plutseleg på oss som ein gjeng egoistiske, halvgamle selskaps- og ferieløver med eit framtidig overblikk: Kva vil dei seia om oss?

Er det fortrenging vi snakkar om? Sigmund Freud tok som kjent utgangspunkt i seksualdrifta når han forklarte korleis menneska kan fortrenga og omdanna psykiske prosessar. Kulturen sine normer og reglar hindrar at ein kan leva etter lystprinsippet. Fortrenging er at driftsimpulsar møter motstand. I vårt tilfelle kan det sjå ut til at vi sår tvil om motstanden sin relevans, eller at vi utset motstanden mot klimaendringane fordi vi heller vil leva etter lystprinsippet. For at lysta skal verta fortrengd, må ulystmotivet oppnå større makt enn tilfredsstillingslysta, meinte Freud. Når vert ulystmotivet stort nok i vårt tilfelle? Det er likevel ikkje så underleg at vi skyv frå oss ubehaget når vi vert konfronterte med redsle for framtida og kjensle av skuld og hjelpeløyse. Vi menneske har behov for å ha balanse i kvardagen vår. Det krev mykje av oss å endra på det livet vi har. Vi vil gjerne skyva frå oss det vonde og tenkja på noko anna, slik eg gjer når eg helst vil leggja dette til sides og konsentrera meg om trea.

Vi overtok ein frukthage og hus etter bestefar til mannen min. I dei seinare åra har vi vore meir medvitne om at trea også skal stellast. Det betyr klipping i løpet av vinteren og tidleg vår, det betyr gjødsling, og ikkje minst tynning når det byrjar å verta frukt. Seinare

15

er det å fjerna årsskot som trekkjer næring frå frukta, og gjerne ny tynning. Det er i det heile svært mykje arbeid med frukttre om ein skal gjera det etter oppskrifta. Det er like før eg byrjar å snakka med trea no, sa eg til ei av dei to døtrene våre i telefonen sist eg snakka med henne. Vi opplever glede over samspelet og har oppdaga at samspel går to vegar. Før trudde vi at trea skulle gje oss frukt og at vi berre skulle ta imot. Det er ikkje slik. Vi må gje omsorg og næring til kvart tre for å få godt resultat tilbake. No ser vi kor mykje omsorga og samspelet betyr. Vi har fått eit betre fellesskap med trea. Vi tek bilete og frydar oss over bløminga om våren. Vi er stolte når vi plukkar og smakar på frukta om hausten. Kvart eple skal leggjast varleg ned i kassane. Vi har lært at eple skal behandlast som egg.

16

Dei første barneåra budde eg på Hatlestrand i Kvinnherad. Det er ei lita bygd ved Hardangerfjorden med utsikt mot fjorden og til Folgefonna. Det var eit lite småbruk med frukt- og lauvtre og med åsar og fjell i bakgrunnen. Det var ein rik variasjon av ulike tresortar. Far min laga disse (huske) til meg i eit stort eiketre. Der hadde eg ein gong det eg kan kalla ei slags mystisk oppleving. Eiketreet var stort med brei krone og kraftige greiner. Det stod like ved løa vår, og frå dissa kunne eg sjå bakkar, fjorden og vågen der båtar for inn og ut. Best hugsar eg ospetrea i nærleiken av huset vårt som vart heilt gule om hausten. Eg hugsar raslinga frå dei runde blada i vinden og den blå himmelen over det heile. Eg hugsar også gråskodde og regnbyer som skapte alt om til «tusse- og trollskog». Eg hugsar alle hasseltrea. Eg og ei veninne hadde kvar vår grein i eit stort tre. Der sat vi og speida utover fjorden på ferja og andre båtar. Om hausten henta vi mengder av hasselnøtter som vi slo sund med steinar for å henta ut kjernane. Det smaka fantastisk. Eg hugsar også alle kirsebærtrea som kom med strålande, blanke og gjennomsiktige raudfarga kirsebær i mørkegrønt lauvverk. Mest av alt hugsar eg likevel eiketre-

17 OPPDA g IN g

et eg hadde disse i. Det kom ei strålande sol gjennom lauvverket på den store eika. Eg trur eg må ha vore ein fem-seks år. Det vert sagt at slike opplevingar skal ein ikkje tolka eller snakka om. Eg veit berre at det var ei spesiell oppleving. Alt eg kan beskriva er ei god kjensle av kontakt med naturen. Eiketreet var ein ven. Eg følte meg trygg der. I diktsamlinga Når dei vakne ser frå 1999 har eg ein tekst med utgangspunkt i dette:

Det er når eg skal lytte til mitt eige mørke at eg strekkjer meg som om det var greiner ned frå himmelen. I det store eiketreet eg hadde disse i som barn, var det eit villare lys, eit mjukare mørke. Alt det eg hugsar har eg på vekta som dinglar fram og tilbake, og i barnet som no er borte. Eg held det tomme tauet, kastar meg ut i rørsla som parerer røter og greiner eg trass alt må innsjå har ei byrjing og ein slutt. Universet mitt no er utanom dette. Der skal eg gripa meg sjølv.

Far min laga også lauvhytte til oss då vi var små. Eg hugsar lukta av turrhøy og lauv. Det må ha vore ein fin sommar. Far laga små høybører til oss ungane som vi bar inn i løa. Vi hadde jonsokbryllaup der store og små spela ulike roller og hadde midtsommarfeiring. Lauvhytta vart borte med vinden og regnet då hausten og vinteren kom. Då eg seinare i livet las «Lauvhytter og Snøhus» av Olav H. Hauge, var eg tilbake til landskapet i min eigen barndom:

18

LAUVHYTTOR OG SNØHUS

Det er ikkje mykje med desse versi, berre nokre ord, røysa saman på slump. Eg synest likevel det er gildt å laga dei, då har eg som eit hus ei liti stund. Eg kjem i hug lauvhyttone me bygde då me var små: krjupa inn i dei, sitja og lyda etter regnet, vita seg einsam i villmarki, kjenna dropane på nasen og i håret –Eller snøhusi i joli, krjupa inn og stengja etter seg med ein sekk, kveikja ljos, vera der i kalde kveldar.

Olav H. Hauge, frå Spør vinden (1971).

19

Eg kjende meg att. Dei små tilfeldige husa som gav vern og vegger ei lita stund. Det var spennande å byggja og fint å koma inn og sitja i byggverket etterpå. Ein brukte naturen sine materialar og kunne kjenna på tilhøyrsla og tryggleiken. «Å vita seg einsam i villmarki» skriv

Olav H. Hauge og opnar også eit element av vekst og erkjenning. Det er ei spenning ved det å kjenna på einsemd. Poeten samanliknar hyttebygginga med tilfeldig versbygging. Det er ei leikande glede ved det å byggja vers og små hytter. Det er både trygge og utrygge element i diktet.

20

I antikken var eika rekna for å vera heilag. Treslaget vart knytt til guden Zevs som var gud for himmelen, regnet og toreveret. Eika kunne snakka. Orakelet heldt til der. Trea vart omtala som Quercus (eikeslekta). Ordet stammar frå gresk og tyder styrke eller kraft. Også i norrøn mytologi var eika knytt til toreguden, Tor. Den som søkte tryggleik ved ei eik i torever, vart verna av guden Tor. Nøtter og bork av eik vart rekna for gode lækjemiddel, kan ein lesa i diktet Håvamål. I tidlegare tider var eikenøtter viktig sikringskost. Svært mange hadde eik som tuntre, men også lind, rogn og alm har vore vanlege tuntre. Tuntrea skulle verna folket og livet i tunet. Det var knytt overtru til det å få tuntreet skadd. Skaldane i vikingtida brukte tresymbolet flittig. Egil Skallagrimsson omtalar den døde sonen sin som ei broten grein på slekta si stamme. Tuntrea sine greiner skulle ein ikkje saga ned eller bryta. Det kunne bety død i familien. Det kunne bety ulukke eller død for folket på garden. Det var også vanleg å planta tre knytt til fødsel og død. Ved klostergarden på Halsnøy kloster vart det planta to store bøketre etter to jenter som døydde av dysenteri i 1842. Bror til jentene heitte Niels. Han hadde kanskje overlevd sjukdommen, det er usikkert om han

21 g RUNNSTAMM e R / g R e IN e R

hadde dysenteri, men han skal ha vore sjukeleg i oppveksten. Niels ville også ha eit tre. Dette treet vart planta mellom dei to store trea. Det skulle visa seg at treet fekk for lite kraft og lys. I 1993 fall eit av trea ned. Det synte seg at alle trea hadde dårleg rotsystem, og alle vart felte etter at det første hadde falle.

Mange har framleis tuntre, og tuntrea har fleire funksjonar. Kanskje treng vi dei symbolske trea eller noko som er større og høgre enn oss? Kanskje kjennest det trygt med det som er der, men som også held fram når vi ikkje er her lenger? Eiketreet frå barndommen min står der framleis. Eg ser alltid etter det når vi reiser forbi. Eg er glad for å sjå det. Trea held landskapet og minna på plass. Trea skjermar for vind, regn og lyn. Trea kan strekkja seg og breia seg ut som tak over oss. Men ikkje minst, trea strekkjer seg nedover og utover i jorda. Dei har røter nedover og held kontakten med jorda. Det kjennest stabilt og trygt med eit stort tuntre. Dronning Ragnhild frå Snorre sine kongesoger drøymde om røter. Ho drøymde store draumar og var ei klok kvinne, skreiv Snorre. Ho drøymde at ho tok ein torn frå kjolen sin. Han vaks til ein tein og til ei grein som sette røter i jorda. Etter kvart vart greina til eit stort tre som breidde seg oppover og utover heile Noreg. Stamma var grøn og fager, skreiv Snorre, men nedste delen var raud som blod, og oppe i greinene var det kvitt som snø. Ein draumetydar fortalde at Ragnhild skulle

22

verta mor til ei kongeætt som skulle ha makt over landet. Rotnettet frå draumen var symbol på kongemakta der éin mann skulle vera større og betre enn alle andre. Det var Olav den heilage. Yggdrasil, verdstreet, er det fremste kosmiske symbolet i norrøn mytologi. Det vert omtala som livstre, lagnadstre og verdstre. Verdstre som bilete på livet og verda er eit universelt, kosmisk symbol. I Det gamle testamente finn vi tresymbolet i to utgåver, som livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt. Adam og Eva åt av treet til kunnskap om godt og vondt og gjorde noko ulovleg. Menneska vart kasta ut av Edens hage på grunn av dette. Dei hadde fått kjennskap til kva som var vondt og kva som var godt. Syndefallsmyten fortel kvifor menneska lever med harde vilkår på jorda. Gud ville ikkje at dei skulle eta av livsens tre fordi menneska då kunne verta udødlege. Verdstreet utgjer ei søyle i midten av jorda og bind saman himmelen, jorda og underverda. Slike oppfatningar finst i mange mytar og kulturar. Verdstreet Yggdrasil fungerer som eit gedigent økosystem, ifølgje myten. Treet syg vatn frå Nornebrønnen og det fuktige breier seg heilt ut til dei ytste greinene. Frå greinene dryp dogg over heile jorda. Alle elvane i verda spring ut frå treet og kjelda i midten. Verdstreet er eit fantastisk bilete på korleis det finst ei kosmisk lov som er oppretta av gudane. Dette er ikkje eit statisk og idyllisk bilete. Det

23

finst farlege krefter som tærer på Yggdrasil. Fire hjortar beitar i lauvet, dyr gneg og tærer på greinene, ein orm gneg på røtene. Eit lite ekorn, Ratatosk, spring opp og ned i treet og fører med seg sladder medan tida sjølv tærer på Yggdrasil som også vert eldre og kan bryta saman. Kanskje myten om dei tærande kreftene har vore utgangspunkt for dette diktet av Olav H. Hauge?

FJELL ER TUNGE Å FLYTTA PÅ

Fjell er tunge å flytta på, eikeroti seig å rikka, kven vågar seg i kast med dei store sakene i verdi? Uksar og elefantar ber dei på ryggen lange vegar, ørnar flengjer ut blodige stykke og fyk til ufser og avgrunnar, ulvane rivst um dei revane har dei til åte, flugene skit dei til, skjori stel sylvet, ormen ber kruna.

Olav H. Hauge, frå Janglestrå (1980).

Heilagstaden til gudane er ved asken Yggdrasil. Der skal

24

dei ha domsmøte kvar dag. Asken er den største og beste av alle tre ifølgje myten. Han har tre røter som held han oppe, og som spreier seg særs vidt. Det er også ein myte i norrøn mytologi at ein gud, Odin, hengde seg i verdstreet for å få tak i runene, som betyr kunsten å skriva og tyda skrift. Det skulle ein visdomsgud til som kunne ofra seg, gjennom smerte og død, for å føra fram kunnskap til gudar og menneske. Verdstreet hadde også ein samfunnsmessing funksjon då tingplassen låg ved treet der gudane skulle samla seg for å rådslå. Det var plassen for lov, orden og forhandlingar. Ein måtte inn til grunnstamma for å sjå heilskapen. I indisk mytologi er røtene til verdstreet festa i himmelen. Gudane oppheld seg der. Det er interessant å merka seg at i både norrøn og gresk mytologi, samt i mange religionar og filosofi, prøvde ein å femna om eit kosmisk verdsbilete. Det vert nærliggjande å koma tilbake til klimaendringane og naturlovene knytt til kosmos og samanheng.

I det gamle Hellas såg filosofane mennesket som ein del av kosmos. Ordet kosmos tyder den rette ordenen i eit sosialt fellesskap. Filosofane såg altets kosmos, samfunnets kosmos og sjelas kosmos i samanheng. Desse instansane var med på utviklinga av demokratiet og humanismen. Mennesket si danning var ein del av tenkinga for å utvikla den gode staten i pakt med kosmos. Hos filosofen Platon er attråens dygd måtehald, viljens dygd er mot, fornuftas dygd er visdom. Desse dygdene

25

er med og gjev rettferd. Lengten etter det gode, sanne og rette er eit mål for enkeltmennesket si utvikling slik dei tenkte det i pakt med samfunnet og naturen. Har vi tapt innsikta om at vi er i ein stor samanheng?

Det ser ut til at «klimafornektinga» blant folk flest er mykje meir vanleg enn eg trudde. Ho er også svært omfattande, meiner Kari Marie Norgaard som har forska på dette. I 2011 gav ho ut boka Living in Denial, Clima Change, Emotions, and Evryday Life. Vi menneske høyrer om klimaendringane og kjenner til mange fakta. Likevel har vi «selektiv merksemd» for å verna oss. Det skjer så mykje vondt i verda at det må haldast på avstand. I tillegg er ‘fake news’ meir og meir vanleg, og vi har eit demokrati- og informasjonsproblem som får oss til å stengja av for merksemd på problema. Det er normalt å vegra seg, meiner forskaren.

Vi høyrer og ser klimaunngåinga gjennom kommentarar og spørsmål der det stadig vert sådd tvil om det eigentleg er noko vi treng bry oss med. Vanlege verkemiddel er fordummande latterleggjering og skeptiske ytringar om menneske og politiske parti som brukar tida på det grøne skiftet. Eg spør meg sjølv kvifor mange synest å vera redde for dei grøne partia og hentar fram eit debattsitat av Kåre Willoch frå nettavisen.no i 2018: «Tror du at huset ditt kommer til å brenne? Svaret er nei, men du tegner jo brannforsikring. Ja selvfølgelig.

26

Sånn er det også med klimapolitikk. Er det risiko for at mennesket påvirker klimaet, så er den risikoen så fatal at vi er nødt til å gjøre det vi kan, og så vil vi oppdage at en effektiv klimapolitikk vil koste en bagatell i forhold til den gigaskade som vi risikerer å skape hvis vi ikke fører en effektiv og litt kostbar klimapolitikk.»

I frukthagen i Hardanger hentar eg igjen fram poeten og tenkjaren Olav H. Hauge som skreiv såkalla åndeleg dagbok heile livet:

Jakt på kultur av dei rike og kulturlause, njotarane, dei rotlause, sterile pengefolki! Dette er og jakt og øyding av resursane i verdi. Den skapande evne lyt ha gropunkt og veksestad. Dei vert færre og færre.

Dette skreiv han i dagboka påskeaftan 1974.

Tidleg på 70-talet var gruppa av «pengefolk» ei anna enn det ho er no. No er mange av oss så mykje pengefolk og «njotarar» at det halve kan vera nok. Vi veit det, men mange orkar ikkje å gjera noko med det?

Den finske filosofen Georg Henrik von Wright har beskrive korleis det økonomiske systemet og kapitalismen er lausriven frå ein stadig tapande stat som kan forsvinna heilt. Kapitalismen søkjer forbruk, og forbruket «øyder» slik Hauge skreiv. Von Wright har kome med nokre forslag som kan snu utviklinga. Han meiner at dei multinasjonale storselskapa står utanfor

27

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.