Moment kapittel 1-3

Page 52

44

MOMENT 1

Når vi seier at noko kan symbolisere noko, kan det verke litt vagt, og det er det faktisk også. Mens metaforen overfører meining frå eitt område til eit anna, er symbolet meir samansett. Symbolet er noko konkret som samtidig viser til noko abstrakt. Den enklaste forma for symbolbruk i litteraturen har vi når det blir vist til symbol vi allereie kjenner til. Roseeksempelet ovanfor er eit typisk eksempel. Dua som symbol på fred er også velkjent. Mørke, lys og ulike fargar har også gjerne ein symbolsk meirverdi. Om du lurer på om noko har symbolsk betydSjå for eksempel Hans Biedermann: Symbol­ leksikon (1992). Boka er digitalisert og du kan lese i ho på nettsida til Nasjonalbiblioteket (www.nb.no).

ning, kan du slå opp i eit symbolleksikon, som beskriv etablerte symbol. Samtidig er slike «kjente» symbol ofte ikkje så enkle å forstå, sidan vi må sjå dei i forhold til samanhengen eller konteksten dei opptrer i. Dessutan endrar dei seg etter kvart, dei varierer frå kultur til kultur, og dei kan også variere stort innanfor éin og same kultur. Viss du slår opp i eit symbolleksikon, vil du for eksempel sjå at fargen kvit kan symbolisere uskyld, men også død. Og raudt blir nytta i samband med kjærleik, men også hat. Eit oppslagsverk gir oss ikkje alltid klare svar, derfor må vi fortolke symbol innanfor den samanhengen dei inngår i. I skjønnlitteraturen kan vi også finne symbol som ikkje allereie er kjente i kulturen vår, men som blir til i den enkelte litterære teksten. Slike symbol opp-

Novella «Kanskje for alltid» kan du lese i tekstsamlinga og vi kjem også tilbake til ho i kapittel 7.

står oftast ved hjelp av gjentaking. Det finst mange slike symbol i litteraturen, og dei er ofte knytte til noko i naturen: dyr plantar, fjell, tre osv. I leseeksempelet frå Ingvild Rishøis novelle «Kanskje for alltid», som du finn på nettsida, kan du sjå eksempel på denne typen symbol, og i Vg2 vil vi jobbe meir med dei.

OPPGÅVER UNDERVEGS: 1. Gå saman i grupper på tre, og ta for dykk fargeskalaen. Diskuter kva dei ulike fargane symboliserer. 2. Har nokon av fargane heilt eintydige symbolverdiar? 3. Kjenner de til tekstar (skjønnlitteratur, sakprosa, teikneseriar, reklame osv.) der fargesymbolikk blir brukt? Oppsummer i klassen.

Allusjon Ein allusjon er ein referanse til ein tekst, eit kjent kunstverk, ei historisk hending eller ein kjent person. Allusjonar kan vere meir eller mindre direkte, noko som påverkar kor enkle eller vanskelege dei er å kjenne igjen. Om du vil skylde nokon for å svikte vennene sine for å oppnå fordelar, kan du bruke namnet Judas, som er ein direkte allusjon til bibelforteljinga om korleis Judas svikta Jesus. Du kan


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.