Ein alvorleg sjukdom

Page 1



Cecilie Almberg Størkson

Ein alvorleg sjukdom


© CAPPELEN DAMM AS, Oslo 2021 ISBN 978-82-02-67028-3 1. utgave, 1. opplag 2021 Omslagsdesign og illustrasjon: Ann-Kristin Stølan Sats: Type-it AS, Trondheim 2021 Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2021 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no




Det siste vanlege eg skriv om: At eg skjer meg på eit østersskjel mens eg vassar i strandlinja. For å utlikne denne hendinga knuser Joakim ein levande østers han viser meg held opp den tunge steinen det smadra skjelet har vakse på. Det dannar seg ei hoven stripe i gnagsårplasteret eg brukar for å lukke såret mens eg stryk fingrane over konturen ser eg ei heilt lik kvit stripe på himmelen.

7



Meldinga



Det skal vise seg at eg har ein alvorleg sjukdom han kjem ikkje umeld.

11


Eg blør litt ekstra får mykje meir utflod i byrjinga likar eg det eg har alltid vore på den tørre sida Eg byter truseinnlegg fire gonger om dagen blir nøydd til å bruke bind om natta Eg pleidde å sove naken no kjøper eg fine pysjamassett lurer bindet av for å ligge med Joakim

12


Ein gynekolog sa til meg for mange år sidan at underlivet er som eit fjøs kor det bur dyr som et og drit jo fleire som bur der jo meir må det møkast

13


Eg skal til å sette inn ein tampong når noko er nytt eller har livmorhalsen min alltid strekt seg så langt ned? eg googlar dette og mange på internett meiner at livmorhalsen flytter seg i løpet av syklusen ein kan få framfall men det er mest vanleg om ein har født eller er gamal eg stikk fingeren inn att og kjenner meg fram til ein asymmetri noko er ruglete og hardt ved sida av er det glatt og mjukt

14


Eg googlar livmorhalstappen han er vanskeleg å få eit realistisk bilde av treffa er stort sett berre teikna plansjar tverrsnitt som ikkje liknar noko frå ein verkeleg kropp eg finn ingen skildringar frå kvinner som stikk fingeren opp i skjeden og kjenner på livmorhalstappen eg har hatt fingrane i skjeden tusen gonger men plutseleg hugsar eg ikkje korleis det pleier og skal kjennast

15


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.