Religionshermeneutikk

Page 1

religionshermeneutikk

religionshermeneutikk

Forståing i ei polarisert tid

Universitetsforlaget

Øystein
Brekke

© Universitetsforlaget 2023

ISBN 978-82-15-06549-6

Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller avtalar om kopiering gjorde med KOPINOR, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.

Spørsmål om denne utgåva kan rettast til:

Universitetsforlaget AS

Postboks 508 Sentrum

0105 Oslo

www.universitetsforlaget.no

Omslag: Tank Design Tromsø

Sats: ottaBOK

Trykk og innbinding: Aksell

Boka er sett med: Minion 11/15

Papir: 90 g Munken Print White 1,5

NO - 1470
Til Georg og Bernhard
7 innhald Føreord ...................................................... 11 Inngang ...................................................... 13 Eit tidsbilete: Religionsstudiar i postmoderniteten ................ 17 Del 1 Til debatt: Religion og kunnskap .................................. 23 Kapittel 1 Utgangspunktet ...................................... 27 Om metode og humanistisk forskingspraksis .................... 32 Tesar for arbeidet ........................................... 41 Synspunkt utfordra: Det finst ingen mellomveg mellom ei religiøs og ei sekulær tilnærming i skulefaget ............................. 48 Kapittel 2 Ein religionsvitskapleg didaktikk set fart ................. 50 Kva er kunnskap når det gjeld religionar og livssyn? ............... 55 Religionsfaglege verdsbilete ................................... 61 Synspunkt utfordra: Læring av religion inneber ei religiøs tilnærming til feltet 68 Kapittel 3 Religion i kunnskapsfeltet: tileigningsproblemet ........... 73 Hermeneutiske perspektiv i religionsforskinga ................... 74 Å iverksetja skiljet mellom religiøst og sekulært .................. 85
8 innhald Synspunkt utfordra: Ei sekulær tilnærming sikrar likehandsaming av religionar og livssyn i faget .................................... 94 Kapittel 4 Det opposisjonsvitskaplege innsteget i religionsforskinga ... 97 Spørsmålet om religion er eit eige fenomen ...................... 100 Å sjå religion som ein konstruksjon ............................ 103 Teologi som retorisk topos .................................... 108 Kapittel 5 Religionsteori og vitskapsfilosofi: verdsreligionsmodellen ... 122 Vitskapsfilosofisk eksepsjonalisme ............................. 130 Pluralisme, sekularisering og andregjering ....................... 132 Kritikken av verdsreligionsmodellen er også ein vitskapskritikk ..... 136 Kapittel 6 Religionsteori og vitskapsfilosofi: sui generis-problemet 146 Teologisering av vitskapsfilosofien ............................. 149 Floken: dei «to polane» i faget ................................. 158 Å løysa på knuten ........................................... 165 Del 2 Ei religionshermeneutisk tilnærming til skulefaget ................... 171 Påstand fremja: Skulefaget må ha ein brei kulturanalytisk innfallsvinkel ................................................. 174 Kapittel 7 Ei religionshermeneutisk tilnærming til fagområdet ........ 181 Eit kulturanalytisk RLE-fag ................................... 182 Til støtte for eit utforskande skulefag ........................... 183 Frå medvit til kommunikasjon – og tilbake? ..................... 185 Ei religionshermeneutisk orientering av skulefaget ................ 196 Kapittel 8 Ein kritisk og sjølvkritisk samtale om religion og livssyn .... 202 Norsk skule som normativt danningsprosjekt .................... 202 Endra kunnskapsteoretiske vilkår for samfunnsdebatten ........... 203
innhald Ricoeur: tolkingar i konflikt ................................... 204 Normative perspektiv i RLE ................................... 210 Påstand fremja: «Objektiv, kritisk og pluralistisk» undervisning kallar på ei polyangulerande tilnærming .......................... 222 Kapittel 9 Perspektivveksling og ulike fagtradisjonar i klasserommet ... 225 Ei polyangulerande tilnærming ................................ 227 Teologiske fagperspektiv i RLE-faget . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 231 Religionsvitskapen i det konglomerative samspelet . . . . . . . . . . . . . . . . 239 Idéhistoriske linjer i faget ..................................... 242 Eit konglomerativt RLE-fag ................................... 243 Oppdraget til RLE-læraren: pedagogisk innramming 245 Kapittel 10 Eit humanistisk danningsfag med global orientering ...... 252 Eit humanistisk religionsstudium .............................. 254 Objektivismen og studiet av mennesket ......................... 256 Frå epistemologi til ontologi .................................. 259 Religion og livssyn som humanistisk tema i skulen ................ 262 Eit slag for nysgjerrigheita .................................... 268 Påstand fremja: Faget treng ein livssynsopen fagontologi . . . . . . . . . . . . . 274 Kapittel 11 Verda er til på fleire måtar ............................. 277 Ei verd er alltid ei meiningsverd ............................... 278 Naturvitskapen overser førstehandsperspektivet .................. 281 Fenomenet lukkar seg dersom verkelegheitsstatus er bestemt på førehand .............................................. 283 Spørsmålet om fagontologi ................................... 285 Å vera upartisk: ei sekulær bestemming av religionsfeltet? .......... 287 Ein livssynsopen klasseromsontologi 297 Kapittel 12 Religionar og livssyn som studieobjekt og samtalepartnarar i det pedagogiske arbeidet ....................... 303 Kva er religion som diskursiv størrelse? ......................... 303 Den diskursive konteksten: føresetnader for religion og
innhald ikkje-religion i vår tid ...................................... 305 Andre straumdrag ........................................... 313 Å læra med religionar og livssyn? ............................... 318 Resonnementet rekapitulert. Eit religionshermeneutisk perspektiv på RLE-faget .................................................. 323 Appendiks: Praktisk RLE ....................................... 329 Litteratur ..................................................... 333 Indeks ....................................................... 349

føreord

Eg vil gjerne få takka gode kollegaer ved grunnskulelærarutdanninga (GFU) og

barnehagelærarutdanninga (BLU) på OsloMet, som har gitt eit stimulerande fagleg miljø å vera ein del av. Ikkje minst har kollegaene ved RLE-seksjonane begge stader gitt betydningsfullt med- og motspel til mange av dei refleksjonane som har funne vegen inn i denne boka. Så må eg likeins få takka studentar på ulike nivå i utdanningane våre, som gir nødvendig energi til arbeidet, som stiller nysgjerrige spørsmål, og som bringar inn eigne erfaringar på særs opplysande vis i den faglege samtalen som går.

Min anonyme fagfelle, saman med Robert W. Kvalvaag, Åge Schanke og Per Bjørnar Grande, har lese og gitt fine innspel i avsluttande fase av arbeidet – stor takk! Heidi Norland ved Universitetsforlaget tok vel imot prosjektet, medan Thomas Brodahl tok over redaktørjobben i ein tidleg fase og har gitt energi og gode perspektiv på tekst og presentasjon.

Eg vil også få nytta høve til å retta takk til André Bialk og Gry Kjersti Lied ved biblioteket vårt ved OsloMet. Betydninga av eit godt støtteapparat for forskingsarbeidet kan ikkje overvurderast, og eg kjenner meg i ein privilegert situasjon som tilsett ved OsloMet. I same leia vil eg understreka betydninga av å ha ein stad som Nesodden bibliotek i nærmiljøet, som tilbaud arbeidsplassar gjennom store delar av pandemitida i 2019 og 2020, med husrom og venleg assistanse.

Eg har i perioden hatt verdifulle samtalefellesskap med andre, mellom anna med Ida Roggen, Halvard Johannessen, Ragnar Misje Bergem, Knut Ove Æsøy, Ingmar Mæland, Ingar Roggen og Njål Ølnes. Til sist takkar eg vener og familie for viktig samvær og støtte undervegs. Ida og gutane våre, ikkje minst.

Oslo, februar 2023

Øystein Brekke

11

Forfattaren Jan Kjærstad sine romanar om den fiktive mediekjendisen Jonas

Wergeland dreier i alle sine delar kring spørsmålet: «Korleis heng eit menneskeliv saman?» Hovudpersonen i forteljinga, den Oskeladden-aktige Jonas, har ein bror som er religionsforskar. Og denne broren er ikkje berre opptatt av religion som forskingstema, men er grunnleggjande oppsett på å finna ut korleis ‘det heile’ heng saman. Ikkje mindre.

Ein av teoriane til broren, Daniel, er at det internasjonale Dewey-systemet som alle bibliotek er organiserte etter – kvart kunnskapsfelt nøye nummerert og sortert på ei rekkje – set skrankar for kva vi menneske greier å tenkja. Om vi berre evna å organisera kunnskapen vår på ny, slik at insektlæra stod rygg ved rygg med bøker om mystikk og kunstlitteraturen flaut direkte over i idrettslæra, ville vi også kunna sjå verda på ny. For kva vi ser, og kva vi reknar som verda si naturlege innretning, er avhengig av nettopp kva vi er lært opp til å sjå, og korleis vi er oppdratt til å sortera tilværet. Ifølgje Daniel.

Boka du held i hendene, dreier seg om korleis eit skulefag kan bidra til at elevar kan sjå og sortera verda på ny. Studien som blir presentert, er ein refleksjon over korleis religions- og livssynsfaget i skulen ser ut i vår tid, litt på avstand. Eit viktig referansepunkt i arbeidet har vore undervisning eg sjølv har på mastergradsemne i RLE (religion, livssyn og etikk) ved lærarutdanninga på OsloMet, staden der eg jobbar.

I det første emnet som møter studentane våre på masterstudiet, prøver vi å ta eit lite skritt tilbake frå den umiddelbare klasseromspraksisen vi har arbeidd med på grunnkursa. Tanken er at vi saman skal få eit skjerpa blikk på korleis

RLE-klasserommet ser ut i ein breiare samanheng: Kva er den kulturelle konteksten for dette skulefaget i vår tid? Kva for samfunnsmessig relevans har faget? Og kva for kunnskapstypar er det nettopp dette skulefaget gir elevane tilgang på?

Føremålet er med andre ord å auka medvitet vårt om skulefaget sin kulturelle, samfunnsmessige og vitskaplege kontekst.

13
inngang

For på same vis som verda sine ulike kunnskapsfelt – for Daniel – får meining ut frå kva for andre kunnskapsfelt desse er brakt i berøring med, er også den kunnskapen som finn vegen inn i skulen, avhengig av kva for samanheng denne kunnskapen er sett inn i. Handlar kunnskap om ulike religionar og livssyn om å bli betre kjent med dei andre – eller dreier det seg om at elevane skal bli kjende med seg sjølve? Høyrer religionskritikk heime i klasserommet? Er eiga tru og livssynsorientering eit tema som elevar og lærarar bramfritt skal diskutera i klasserommet – eller høyrer det berre heime på den private arenaen? Og kviler skulen og undervisninga eigentleg på sekulære eller religiøse verdiar, eller er det ei blanding? Ei grunnleggjande problemstilling som rører ved desse meir avgrensa spørsmåla, er den som gjeld religions- og livssynsfeltet som kunnskapsområde. Kva tyder det, med andre ord, å gi elevar kunnskap om religion, livssyn og etikk i vår tid?

Ein ting er sikkert: Kunnskap i skulen er alltid kvalifisert kunnskap. Kunnskap i skulen er aldri nøytral kunnskap, det er alltid kunnskap som vil ein stad, som ønskjer noko. Og som ønskjer noko normativt og ikkje-nøytralt. Skulen er og blir eitt av dei sentrale ideologiske prosjekta i samfunnet. Skulen er ein av dei stadene der samfunnet, normativt og med overlegg, søkjer å påverka born og unge til å tenkja og sjå verda på ein særleg måte. Ikkje for å gjera born og unge til viljelause robotar. Men – ideelt sett – med eit ønske om å hjelpa elevar til å orientera seg i verda, med eit mål om at dei skal skjøna meir av samfunnet ikring seg, og med ein vilje til å gi dei reiskapar til å forma og la seg forma i sine liv – på kreative, betydningsfulle måtar.

Så kjem vi til det vanskelege spørsmålet, men også – for vår del – til det spennande spørsmålet: Kva tyder skulefaget knytt til religion, livssyn og etikk som del av det normative, ideologisk formande prosjektet som skulen er? Kva er det vi som samfunn ønskjer med dette faget? Kva type danningsprosessar er det vi vil setja i sving hos elevar – og har vi i det heile tatt lov til å påverka born og unge slik innafor eit fag som skal vera i tråd med menneskerettar og foreldre sin rett til å stå for dei unge si livssynsmessige og moralske danning?

Denne boka skal romstera kringom i slike spørsmål. Målet er å leggja nokre synspunkt på bordet, gå etter nokre linjer i debatten, stilla nokre vonleg relevante spørsmål og søkja å bringa klarare fram i pannelappen dei vilkåra som omgir religions- og livssynsfaget i vår tid. Analysane og drøftinga er gjorde med eit todelt publikum i tankane. På den eine sida er boka meint som eit innspel til den religionsdidaktiske grunnlagsdebatten som går blant oss fagfolk i feltet. På den

14 inngang

andre sida, og særleg med tanke på faget i framtida, er det eit ønske om at boka skal bli lesen av interesserte studentar i faget.

Den femårige lærarutdanninga som er komen på plass i nyare tid, legg vekt på at studentar på masternivå ikkje berre set seg inn i sentrale diskusjonar som går i faget. Studentane skal også bli sett i stand til, med sine mastergradsarbeid av ulike slag, sjølv å delta i dei debattane som går. Såleis er det kan henda grunn til at vi prøver oss litt fram i faglitteraturen, for å sjå om det er mogleg å leggja seg litt slik i grenselandet mellom ei forskingsbasert fagbok og undervisningsorientert lærebok. Denne boka er i alle tilfelle eit forsøk på å leggja seg på ein stad med overlapp med læring så vel som forsking.

Utfordringa med eit slikt dobbelt sikte er openberr. Vi som arbeider i feltet, som fagfolk og undervisarar på utdanningsløpa, blir fort miljøskadde. Og denne skaden er noko vi som arbeider med studentar, heldigvis blir mint på: Vi misser etter kvart – ganske raskt – evna til å skilja mellom vårt eige faglege stammespråk og kva som er del av eit forståeleg kvardagsspråk. Det at eit fagfelt utviklar sitt eige spesialiserte fagspråk, er det inkje feil med. Det er tvert om både ein viktig og nødvendig del av det å kunna å skilja og sjå presist innafor eit fagområde. Men det at vi misser sansen for kva som er normale og gode ord for dei som finn seg utanfor fagtradisjonen, og kva som er spesialiserte og tekniske fagord blant stammefrendar – slik som «sekularisering» eller «essensialisme» – er ei utfordring.

I denne boka har eg lagt vekt på å bruka eit levande fagspråk. Men eg har også ønskt å invitera inn til deltaking i dette fagspråket, også for dei som ikkje enno er blitt heilt husvarme. For å gjera fagteksten meir tilgjengeleg har eg difor laga ei – litt uhøgtidleg – ordliste fortløpande etter kvart kapittel i boka. Vonleg vil studentar og andre kunna finna forklaring på nokre av dei mindre kvardagslege uttrykka i teksten, som det også vil vera eit poeng å læra seg for det vidare arbeidet med RLE-faget. Idealet har vore å gi ei brukbar forklaring omtrent på same vis som vi nyttar fortløpande i undervisningssamanheng. Forklaringane er såleis ikkje meinte å vera uttømmande, men anvendelege i arbeidet. I læreplanen si skildring av grunnleggjande ferdigheiter som elevane skal tileigna seg i faget vårt, blir det gjentatte gonger utfordra til arbeid med fagspesifikke omgrep, faglege problemstillingar og faglege tekstar. Så her er det berre å bretta opp ermane!

Kvar del og kvart kapittel byrjar elles med ein tekst som introduserer det som kjem. Denne er tenkt som ein nøkkel til drøftinga som følgjer i det kapittelet. På liknande vis avsluttar eg kvart kapittel med ei lita oppsummering. Eit lurt triks kan vera å sjå fort gjennom oppsummeringa før du går i gang med kapittelteksten,

15 inngang

så får du ein peikepinn på kor eg vil med dette kapittelet. Bak det siste kapittelet i boka finn du ei samanstilling av det overordna resonnementet som boka kviler på. Truleg kan dette vera til hjelp i arbeidet med dei ulike kapitla.

Det vi no skal gjera, er å gå over til eit slags ‘preludium’ før vi tar fatt på hovudteksten. I denne korte teksten teiknar eg eit tidsbilete av min eigen inngang til studiet av religion, livssyn og etikk kring millenniumsskiftet – og framover. Tanken med å byrja her er å gi ein liten tidskoloritt for studiet av feltet i nyare tid. Men det ligg også eit anna sikte under.

For ofte snakkar vi om endringa i konteksten for skulefaget ut frå eit skjema som tilseier at før var Norge eit samfunn som var kristent og/eller humanistisk orientert, noko skulefaga også spegla, medan vi no er blitt eit fleirkulturelt og fleirreligiøst samfunn med eit anna mangfald enn tidlegare. Denne grunnforteljinga er eg ikkje usamd i, tvert om er det eit narrativ eg sjølv gjerne nyttar i eiga undervisning.

Poenget er berre at det også har skjedd ei spennande utvikling i tida etter denne overgangen frå ein monokultur til ein multikultur som har relevans for måten vi forstår skulefaget på i vår tid. I den følgjande tekstsnutten prøver eg difor å knyta denne seinare utviklinga – den som har funne stad dei siste par tiåra – til ei endring i dei intellektuelle og kulturhistoriske vilkåra for det å ha kunnskap om religions- og livssynsfeltet i vår tid. Endringa i tankekontekst for skulefaget, som eg særleg koplar til slutten av 1990-talet og fram til vår tid, knyter eg i mi forteljing særleg opp mot omgrepa postmodernitet, ny-scientisme og postsekularitet.

Då eg viste den følgjande teksten til kollegaer i feltet, var fleire særs entusiastiske og opplevde han som ein fest å lesa. Då eg lét masterstudentane mine lesa teksten, skjøna dei lite og kjende seg heilt på glattisen. Dette har ikkje å gjera med kor smarte dei ulike lesargruppene er. Men det har å gjera med kva for referansar dei ulike lesarane sit med. Særleg tar det ei stund å få oversikt over kva dei mange namngitte forskarane i teksten eigentleg meinte om det eine og hitt.

Men kanskje kan du uansett la teksten få ein sjanse – om du kjenner på motstand – og heller sjå han som ein inspirasjon til å læra meir om den vidare konteksten til skulefaget i nyare tid. Han er i alle fall ikkje skriven for at lesaren skal kjenna seg dum. Då får du heller skulda på skrivaren. Du kan elles utan problem springa over og gå rett på hovudteksten. Men ta gjerne ein kikk på teksten ved seinare høve. Og bruk ordlista etter det første kapittelet: Der finn du både postmodernitet, ny-scientisme og postsekularitet forklart. God ferd!

16 inngang

eit tidsbilete: religionsstudiar i postmoderniteten

Vi er kommet ut på glattisen, der friksjonen mangler, så betingelsene i en viss grad er ideelle, men der vi derfor heller ikke kan bevege oss. Vi vil bevege oss, da trenger vi friksjonen. Tilbake til den grove bakken!

Som universitetsstudentar på det friksjonsfrie 1990-talet såg vi med lengt tilbake til dei engasjerte 1970-åra. Vi kjende etterklangen av betydning, som studentpopulasjonen hadde vore omgitt av. Parisopprør, hippiekollektiv og studiesirklar med slitne Pax-pocketar. Krig, fred og eit skjerpa utsyn i tilværet. For oss som levde på 1990-talet, var det lite luft igjen i ballongen. Tony Blair var statsminister i Storbritannia, Diana var død, og trip-hop-en summa av behageleg, visjonslaus urbanitet. Men etter som millenniet nærma seg og verda venta på alle tings digitale kollaps med overgangen til 2000-talet, fekk også vi noko sjeldsynt i gåve. Også vi fekk leva i ei turning of the tides, ei tid der opp og ned, verdssyn og rasjonalitet, flott og fult var i forvandling. Vi levde med eitt i ei postmoderne verd, og vi som humanistar, filologar og dekonstruktivistar fann oss på toppen av verda. Vi hadde utsynet, skarpsynet og fjernsynet til å gjera mor Nille til ein stein og tilbake igjen, med eit kryss og ein parentes og eit par godt plasserte gåseauge.

Postmoderne entusiasme

Med tolkingskompetansen frå humaniora og teologien var perioden for oss i det religionsfaglege feltet ei uatterhalden storheitstid. Og det kjendest, for oss som levde i tida. Med fornuftskritikken til Nietzsche og Derrida, Žižek og Irigaray skjøna vi at religionen, som fornufta sin ekskluderte veslebror, ikkje lenger kunne avfeiast som mindre rasjonell. Og at opplysningsrasjonalismen sitt kalde klarsyn heldt seg skjerpa berre ved vald og eksklusjon.

Vi lærte om Gud ikkje så mykje som ein metafysisk berggrunn, men som eit ope spørsmål om eit fleirtydig tilvære og om mennesket som mineralog. Populærkultur stod høgare enn elitær smak for det fine. Vi forstod at lågt var like høgt som høgt, og at livet i Andeby kunne vera like ansporande som reisa til Ithaka. I Edinburgh køyrde professoren min raud sportsbil, hadde lang hestehale og three-

inngang 17

piece suit. Han hadde slått seg gjennom på 1960-talet som Gud-er-død-teolog med arbeidet sitt om «Christian faith without belief in God.» Fart, stil og spenning. Sjølv om vi i ettertid skjøna at dette var eit postkulturelt jubelår med røter tilbake allereie på 1980-talet, dempa det eigentleg ikkje kjensla av at vi var del av noko akutt og nytt. Men samstundes – ganske raskt – dukka det også opp tvil og tvisyn. Vi som dreiv med religionsstudium med utgangspunkt i ei kjønns- og kulturkritisk interesse, såg korleis ein postkritisk agenda i historiefaget passa urovekkjande godt med reaksjonære forsøk på å skjerma bibeltekstane frå historisk-kritisk belysning. For alle tolkingar er vel like usanne (og/eller ‘sanne’) uansett? Og kva er det som eigentleg sikrar den kulturopne postmodernismen sin homoliberale, maktkritiske og fleirkulturelle profil når ein først oppgir fornufta som kritisk instans? Kunne ein ikkje like gjerne koma med ei anna forteljing om verda, i eit klima der mennesket er oppløyst som forpliktande størrelse?

Tvil til trass, den postmoderne vårløysinga kjendest som eit forfriskande vassskyll som kasta om kull antatte samanhengar og egga til debatt. Vi gav oss i kast med oldkyrkjelege treeiningsformular så vel som buddhistisk filosofi og konfutsiansk samfunnteori. Modernitetens rasjonalitet og konforme livssynsavgrensing mellom kristendom og ateisme i Norge var avslørt som trongsynt, hegemonisk tankegods, mogent for bokkassar på Fretex og loppemarknadene sine posesal.

Vitskapen får ein ny vår som verdsbilete

Men så henda det noko. Kan henda var det alvoret i kjølvatnet av tvillingtårna og 9/11, eller London eller Madrid. Eller det var internasjonale invasjonar, børskrakk og flyktningproblematikk. Eller var det det at det popkulturelle, språkspelet og hermeteikna plutseleg blei opplevd som gamalt nytt? Sikkert er det at frå mitt faglege utsyn framstod nyateistane og eit arbeid som Gud – en vrangforestilling (2006) av Richard Dawkins som ei absolutt overrasking og ein krøll for tanken. Dawkins presenterer med denne boka ikkje berre eit gudsfritt, men også eit humaniorafritt perspektiv på tilværet. Eit blikk som, med stødig blikk og klar tale, heldt fram ein ny og vitskapleg visjon for verda. Sidan Gud si verksemd i verda ikkje lar seg prova, og naturvitskapen gir oss det meste vi treng, er religiøs tru å rekna som både usakleg og upassande.

Det kom ikkje som ei overrasking at slike religionskritiske perspektiv fekk ei stemme i det offentlege ordskiftet, og heller ikkje eigentleg måten perspektivet blei argumentert fram på. Men den begjærlege mottakinga og det kulturelle gjennomslaget som desse perspektiva syntest å ha, var overraskande. For oss som

18 inngang

heldt saman, i to-spann, maktkritiske blikk på religionen og fornuftskritiske perspektiv på rasjonalismen, og meinte oss framme ved ein meir kompleks analyse av både religionen og fornufta, var sjølve spelebrettet endra.

Positivismekritikk er passé

Borte er Hans Skjervheim sin heroiske kamp mot positivismen i menneskevitskapane. Ut vindauga er filosofar, teologar og religionsvitarar sine omfangsrike arbeid på språk, symbol og metaforiske univers. Under vegvalsen er Immanuel Kant sin kritisk sondrande fornuftsteori og vitskapen si verdilading hos Max Weber. Til inkje er antropologane sine forsøk på å avdekkja alternative rasjonalitetar på kloden og vitskapsfilosofane si påpeiking av naturvitskapen sine eigne ufornuftige premissar. På same vis som den postmoderne bølgja i mitt hovud rulla inn over akademia og kulturen som ein uimotståeleg tsunami, syntest den nyscientistiske, nypositivistiske og nyateistiske bølgja å feia over både allmennkultur og intellektuelle tilværediagnosar med brei skumføring.

Det var uventa, kulturanalytisk sett, men også grenselaust interessant: «Religiøse forestillinger er et vitenskapelig spørsmål» (Dawkins). Så retro, så kompromisslaust, så fascinerande bastant.

Å reflektera over konteksten for skulefaget

Skulefaget knytt til religionar, livssyn og etikk, som eg sjølv også arbeider med, er i støypeskeia i Norge og internasjonalt. Her dannar særleg refleksjon kring livssynspluralismen i vår tid eit viktig bakteppe. Men som eg har ønskt å antyda med forteljinga så langt, har vi ikkje å gjera med overgangen frå eit evig før til eit tidsrett no i fagutviklinga. Fagsyn og kontekstforståing for RLE-faget i skulen tar farge av kulturelle debattar i samfunnet elles. Når vi i desse dagar tenkjer gjennom kva eit reorientert RLE-fag i skulen både kan og bør vera, må også vi tenkja hardt og grundig gjennom kva den samfunnsmessige stoda i vår tid inneber for klasseromsarbeidet.

Vi kan ikkje enkelt sko oss i dag på bakgrunn av kulturarvsideologi frå 1984, postmoderne fornuftskritikk frå 1999 eller scientistisk hard talk frå 2006. Vi tar med oss desse momenta i eigen kulturkontekst og eiga faghistorie, men vi må vera på høgd med den tankemessige og kulturelle samanhengen som omgir skulefaget i våre dagar. I dette landskapet skal vi så finna ut kva unge menneske treng å læra om etikk, om forholdet mellom individ og tradisjon og om kva for språkspel religionar og livssyn gir til kulturar og for den einskilde. Boka du held

inngang 19

i hendene, vil bidra til å tematisera denne konteksten og utforska nokre moglege måtar vi kan orientera oss på i lys av dette. Målet er ikkje å levera endelege svar, men å leggja noko på bordet og invitera til debatt. Viktig refleksjonsarbeid er allereie gjort med fagfornying og kjernekompetansar i faget. Men ein god del orienteringsarbeid står att. For kva er det eigentleg som står på spel når vi i klasserommet tematiserer religionar og livssyn som aktuelt tema? Kva tyder skulen som danningsarena i møte med kunnskapstradisjonar som auser av andre kjeldespring enn vestleg modernitet? Og korleis kan vi realisera klasserommet som ein arena for møte og utveksling, der spørsmåla er like viktige som svara vi fortløpande også møter på? Og, ikkje minst, kor står vi eigentleg i vår tid?

Postsekulær pluralisme

For nokre år sidan heldt Jürgen Habermas sin takketale for Holbergprisen i Bergen. Her tematiserte den tyske filosofen på overraskande vis «Religion i den offentlege sfæren» som eit presserande tema i tida. Frå å ha vore sjølverklært tonedøv andsynes religionen byrjar Habermas på denne tida å retta merksemd mot religiøse posisjonar i det offentlege ordskiftet, som stemmer som ikkje berre kjem til å forsvinna av seg sjølv. I den situasjonen som den vestlege kultursfæren no finn seg oppe i – som Habermas kallar det postsekulære samfunnet – må også plassen til religiøse aktørar i det offentlege rommet tenkjast gjennom på ny.

På same tid publiserer den kanadiske idéhistorikaren Charles Taylor ein omfattande studie av same fenomen, med følgjerike perspektiv for oss alle. Med tanke på kva tru og livssyn er og kan vera i vår tid, understrekar Taylor korleis vilkåra for tru så vel som for vantru har endra på seg. Nytt for alle – religiøse, agnostikarar og ateistar – er at ingen lenger kan tenkja på sitt eige livssyn som sjølvinnlysande sanning. Med dette blir det også vanskelegare å visa til eit heilt beskytta rom for eiga private tru og eigen tanke. Og dette er ei stode vi alle no lever i.

Den ideologiske forflytninga og skulen

For nærverande refleksjon, som tar føre seg skulen sitt arbeid med religionar, livssyn og etikk i eit livssynspluralt tilvære, dannar denne kulturelle bevegelsen frå postmoderne entusiasme til kvass ny-scientisme og postsekulær pluralisme ei viktig referanseramme. Kva tyder denne forflytninga i landskap for korleis samtalen blir ført i klasserommet? Kva inneber normer og verdival, demokratisk danning og berekraft, ytringsfridom og foreldrerett i eit samfunn karakterisert

20 inngang

som postsekulært? Er også det sekulære – forkynt som fellesarena – avslørt som fleirtalets føretrekte ideologi og skjult livssynspromotering? Er også det sekulære blitt gamalt nytt?

Det sekulære som fellesarena Eg trur ikkje vi er ferdige med det sekulære som vilkår for både tru og tanke. Men vi finn oss kan henda på den andre sida av det sekulære som eit uomtvista vilkår. Vi finn oss med andre ord i ei tid der også eit sekulært perspektiv må gi grunnar for sitt eige perspektiv. Og der ein politisk sekularisme må argumentera fram fornufta i sine eigne synspunkt – i brytning med andre synsmåtar i ein samtale som ikkje er endegyldig eigd av éin part. Vi må forhalda oss til eit mangfald, og dette er eit mangfald vi ikkje berre skal læra å handtera. Det er eit mangfald vi sjølve er ein del av. Eit slikt perspektiv utfordrar både kristent kulturhegemoni og sekularistisk common sense til å forstå sin eigen situasjon på ny.

Tanken og møtet

Den jødiske filosofen Emmanuel Lévinas (1906–1995), ein kjent etikar, hadde byrja dra på åra og opplevde ein minkande krins kring seg i sitt tilvære i Paris.

Ein dag blei han observert i studentmylderet utanfor føredragssalane ved det katolske universitetet i byen. Han venta, utan avtale, på den protestantiske filosofen

Paul Ricoeur (1913–2005), som gjorde seg ferdig med førelesingsøkta si. Til ein forbipasserande kjenning avslørte Lévinas ærendet han hadde i universitetskorridorane: «Eg hadde lyst til å sjå andletet til Ricoeur ein gong til før eg døyr.»

Desse to tankemessige gigantane frå førre hundreåret, Lévinas og Ricoeur, hadde gjennom lange karrierar funne seg i djup respekt, men også på kritisk avstand til einannan. Den første, språkløysa og den radikale annaheita sin tenkjar, og den andre, kommunikasjonen og rimelegheita sin filosof, hadde gjennom eit livsløp hatt glede av dei oppriktige møta, andlet til andlet, som overgår all tankekraft, men som kan henda også mogleggjer nettopp denne krafta. I tida vi sjølve lever i, spennande og urovekkjande, trøysteslaus og håpefull, treng vi å gjera rom i skulen for ettertenksame møte. For born og unge sin del, men også med tanke på oss sjølve.

inngang 21

DEL 1 til debatt: religion og kunnskap

Ved inngangen til det som er første halvdel av denne boka, kan det vera nyttig –for deg som lesar – å få ei førebels forståing av kva eg ønskjer å få til med dette arbeidet. Å jobba med eit slikt bokprosjekt er litt som å prøva å byggja om på ein båt medan båten framleis er på vatnet og ein sjølv sit midt oppi farkosten. Ein kan i ein slik situasjon aldri byggja om på alle delar av båten på ei og same tid. Ein må arbeida seg fram bit for bit. På same vis kan ein forstå den vekselvise gangen mellom del og heilskap i det arbeidet som har ført fram til boka som no ryddig finn seg mellom to permar.

Eg har vel aldri kjent meg heilt på tørt land med full oversikt og tilgang til alle delar av byggverket, men har snarare måtta tilpassa arbeidet til ein slags førebels heilskap, ein konstruksjon i kontinuerleg endring, som gradvis og i sin tur har gitt meining til dei ulike delane av arbeidet.1 Såleis har føremålet med denne boka blitt klarare også for meg sjølv først undervegs i arbeidet.

Éin stad å starta for å nærma oss poenget med teksten er kan henda å byrja med tittelen på boka: Religionshermeneutikk. Kva ligg i det ordet, og kvifor er merkelappen gitt ein så sentral plass i arbeidet at han er blitt hovudtittel på boka? Hermeneutikk tyder kunsten å tyda noko, å tolka eitt eller anna. Religionshermeneutikk peikar såleis i retning av kunsten å tyda noko i tilværet som vi kallar religion. Som sentralt stikkord for ei bok som handlar om religions- og livssyns-

24
1 Biletet med båten som ein byggjer om på medan ein framleis finn seg til sjøs, er eit bilete på korleis ei tolking av noko alltid allereie er undervegs før vi medvite set i gang med arbeidet. Eg meiner at eg har biletet frå den norske filosofen Harald Grimen (1955–2011).

faget i norsk skule, peikar ordet mot ei interesse for kva det vil seia å fortolka og forstå religionar og livssyn innafor ramma av eit skulefagleg arbeid med feltet.

I boka som du har føre deg, er eg med andre ord opptatt av å seia noko om kva type tema religion og livssyn er, som kunnskapsfelt i skulen. Eit sentralt spørsmål i denne første delen av boka dreier seg difor om korleis forholdet mellom religion og kunnskap er å forstå. I kapittelet som skal få setja det heile i gang, kapittel 1, er poenget å førebu grunnen for det som følgjer. Her seier eg noko om dei diskusjonane som har motivert meg til å skriva denne boka, eg seier noko om kva for materiale som kjem til å bli viktig, og eg reflekterer over framgangsmåten min i arbeidet. På slutten av kapittelet presenterer eg også seks synspunkt på det skulefaglege feltet som får ei slags strukturerande rolle for drøftinga i sin heilskap. Tre av desse synspunkta ønskjer eg å utfordra, medan tre av dei ønskjer eg sjølv å forsvara som viktige orienteringspunkt for religions- og livssynsfaget framover. Dei seks synspunkta er tenkt lauseleg organiserande for heilskapen, snarare enn som akademiske tesar i streng tyding. Føremålet er ikkje minst å tydeleggjera min eigen posisjon med tanke på den større samtalen i det religionsdidaktiske feltet.

25

utgangspunktet

Nye læreplanar i RLE-faget

Denne boka stig ut av ein ganske konkret problematikk. Hausten 2020 fekk norsk skule nye læreplanar i alle fag, også i RLE-faget.2 Til grunn for det som hende, låg det politiske føringar om ei fagfornying med djupnelæring og kjerneelement som viktige grep.3 I oppkøyringa til det nye faget, med høyringsrundar og avisdebatt, står dette spørsmålet sentralt: Kva tyder det å gi elevar relevant kunnskap om religions- og livssynfeltet i vår tid?

Her legg somme i feltet vekt på RLE-faget sin verdi som interkulturell danning for born og unge, der det å øva sans for andre måtar å sjå verda på er eit viktig læringsmål. Andre understrekar ei verdinøytral tilnærming i klasseromsarbeidet og at elevane primært skal oppøva analytisk evne i møte med feltet. Og mange finn seg ein stad imellom.

Dette komplekse, men også relativt fokuserte spørsmålet, ønskjer eg at vi tar i nærare augesyn i denne boka: Kva tyder kunnskap for noko i tilknyting til religionar og livssyn – og kva følgjer har dette for arbeidet vårt i RLE?

Spørsmål om kva som er relevant kunnskap i skulefagleg samanheng, er elles éin av dei måtane vi kan konkretisera spørsmålet på om kva kunnskap det er relevant å ha i samfunnet, meir overordna. Og med meir spesifikk tanke på fagområdet vårt: Er religionar og livssyn primært noko å halda seg orientert om, men elles ei sak for privatlivet? Eller er også religiøse og livssynsbaserte stemmer relevante for den større, felles samtalen i samfunnet?

2 I denne boka nyttar eg RLE (= religion, livssyn og etikk) som nemning på det skulefaglege feltet. I 2022 heiter faga i skulen høvesvis KRLE (i grunnskule) og Religion og etikk (i vidaregåande skule). Som kjent skiftar faga i skulen namn ved jamne mellomrom, men innhaldet i fagfeltet lar seg meiningsfullt sirkla inn ved nemninga religion, livssyn og etikk. Det er tanken at dei skulefaglege refleksjonane i det som følgjer, har relevans både for faget i grunnskulen og for faget i vidaregåande skule.

3 Sjå Bråten og Skeie 2020 for ein analyse av endringar i RLE-faget med særleg blikk på desse to elementa.

27 kapittel
1

Tru må ikkje påverka samfunnsverdiane våre

I 2016 publiserer Bård Vegar Solhjell og Ketil Raknes frå Sosialistisk Venstreparti eit religionspolitisk manifest der dei argumenterer for at det i dag er typisk norsk å vera ikkje-religiøs. Med bakgrunn i denne innsikta skal vi i Norge respektera menneske som trur annleis, men i spørsmål om rett og galt må det vera fornuft og vitskap som ligg til grunn og ikkje tradisjonsborne oppfatningar: «Difor er det også eit tett og ubryteleg samband mellom vitskapleg tenkemåte og sekulære samfunn. Vi menneske må tru på det vi vil, men det skal ikkje prege samfunnet sine verdiar og avgjerder» (Solhjell og Raknes 2016).

I eit liknande oppgjer med religiøse tenkjemåtar i skulen gjer religionsdidaktikaren Wanda Alberts ein analyse av det ho ser som skjult indoktrinering i skulefagleg samanheng, der særleg kristendom har ein privilegert status i måten det norske faget er lagt opp på. Alberts avvisar tanken om at ei livssynspluralistisk tilnærming til feltet er mogleg, og meiner at berre ein sekulær religionsvitskap kan gi den uhilda tilgangen til feltet som eit skulefag må ha i eit sekulært samfunn. Dersom ein ikkje avgrensar skulefaget til eit slikt vitskapleg og ikkje-religiøst utgangspunkt, vil faget ufråkomeleg fremja ei skjult form for indoktrinering, anten på vegner av kristendommen spesifikt eller religion som fenomen meir overordna (Alberts 2019a).

Sekularisme i svenske klasserom

Ei undersøking av det svenske skulefaget syner at den dominerande oppfatninga av religionar og livssyn i svenske klasserom – blant elevar så vel som lærarar – er at religion generelt er ein utdatert fortidsleivning som står i motsetnad til ein moderne svensk identitet. Der sjølvidentifisering som ikkje-religiøs i klasserommet framstår som uproblematisk, vil elevar med religiøs identitet i liten grad gi dette til kjenne. Å vera religiøs er i svenske klasserom å vera utypisk svensk (Flensner 2015a).

Desse raske referansane peikar oss i retning av 1) at det ikkje er sjølvsagt at religionar og livssynsrelaterte synspunkt er rekna som relevante for ein felles samtale om verdiar og avgjerder i samfunnet, 2) at eit fleirreligiøst perspektiv kan i det skjulte promotera religiøse preferansar, og 3) at eit livssynsnøytralt perspektiv kan i det skjulte promotera livssynssekulære preferansar.

Mot ein meir reindyrka religionsvitskapleg didaktikk

Både Alberts og Flensner har ein religionsvitskapleg fagbakgrunn og går inn i ein større europeisk samtale om kva eit relevant skulefagleg arbeid med RLE-

28 del 1 til debatt: religion og kunnskap
9 788215 065496

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.