
3 minute read
utgangspunktet
Nye læreplanar i RLE-faget
Denne boka stig ut av ein ganske konkret problematikk. Hausten 2020 fekk norsk skule nye læreplanar i alle fag, også i RLE-faget.2 Til grunn for det som hende, låg det politiske føringar om ei fagfornying med djupnelæring og kjerneelement som viktige grep.3 I oppkøyringa til det nye faget, med høyringsrundar og avisdebatt, står dette spørsmålet sentralt: Kva tyder det å gi elevar relevant kunnskap om religions- og livssynfeltet i vår tid?
Her legg somme i feltet vekt på RLE-faget sin verdi som interkulturell danning for born og unge, der det å øva sans for andre måtar å sjå verda på er eit viktig læringsmål. Andre understrekar ei verdinøytral tilnærming i klasseromsarbeidet og at elevane primært skal oppøva analytisk evne i møte med feltet. Og mange finn seg ein stad imellom.
Dette komplekse, men også relativt fokuserte spørsmålet, ønskjer eg at vi tar i nærare augesyn i denne boka: Kva tyder kunnskap for noko i tilknyting til religionar og livssyn – og kva følgjer har dette for arbeidet vårt i RLE?
Spørsmål om kva som er relevant kunnskap i skulefagleg samanheng, er elles éin av dei måtane vi kan konkretisera spørsmålet på om kva kunnskap det er relevant å ha i samfunnet, meir overordna. Og med meir spesifikk tanke på fagområdet vårt: Er religionar og livssyn primært noko å halda seg orientert om, men elles ei sak for privatlivet? Eller er også religiøse og livssynsbaserte stemmer relevante for den større, felles samtalen i samfunnet?
2 I denne boka nyttar eg RLE (= religion, livssyn og etikk) som nemning på det skulefaglege feltet. I 2022 heiter faga i skulen høvesvis KRLE (i grunnskule) og Religion og etikk (i vidaregåande skule). Som kjent skiftar faga i skulen namn ved jamne mellomrom, men innhaldet i fagfeltet lar seg meiningsfullt sirkla inn ved nemninga religion, livssyn og etikk. Det er tanken at dei skulefaglege refleksjonane i det som følgjer, har relevans både for faget i grunnskulen og for faget i vidaregåande skule.
3 Sjå Bråten og Skeie 2020 for ein analyse av endringar i RLE-faget med særleg blikk på desse to elementa.
Tru må ikkje påverka samfunnsverdiane våre
I 2016 publiserer Bård Vegar Solhjell og Ketil Raknes frå Sosialistisk Venstreparti eit religionspolitisk manifest der dei argumenterer for at det i dag er typisk norsk å vera ikkje-religiøs. Med bakgrunn i denne innsikta skal vi i Norge respektera menneske som trur annleis, men i spørsmål om rett og galt må det vera fornuft og vitskap som ligg til grunn og ikkje tradisjonsborne oppfatningar: «Difor er det også eit tett og ubryteleg samband mellom vitskapleg tenkemåte og sekulære samfunn. Vi menneske må tru på det vi vil, men det skal ikkje prege samfunnet sine verdiar og avgjerder» (Solhjell og Raknes 2016).
I eit liknande oppgjer med religiøse tenkjemåtar i skulen gjer religionsdidaktikaren Wanda Alberts ein analyse av det ho ser som skjult indoktrinering i skulefagleg samanheng, der særleg kristendom har ein privilegert status i måten det norske faget er lagt opp på. Alberts avvisar tanken om at ei livssynspluralistisk tilnærming til feltet er mogleg, og meiner at berre ein sekulær religionsvitskap kan gi den uhilda tilgangen til feltet som eit skulefag må ha i eit sekulært samfunn. Dersom ein ikkje avgrensar skulefaget til eit slikt vitskapleg og ikkje-religiøst utgangspunkt, vil faget ufråkomeleg fremja ei skjult form for indoktrinering, anten på vegner av kristendommen spesifikt eller religion som fenomen meir overordna (Alberts 2019a).
Sekularisme i svenske klasserom
Ei undersøking av det svenske skulefaget syner at den dominerande oppfatninga av religionar og livssyn i svenske klasserom – blant elevar så vel som lærarar – er at religion generelt er ein utdatert fortidsleivning som står i motsetnad til ein moderne svensk identitet. Der sjølvidentifisering som ikkje-religiøs i klasserommet framstår som uproblematisk, vil elevar med religiøs identitet i liten grad gi dette til kjenne. Å vera religiøs er i svenske klasserom å vera utypisk svensk (Flensner 2015a).
Desse raske referansane peikar oss i retning av 1) at det ikkje er sjølvsagt at religionar og livssynsrelaterte synspunkt er rekna som relevante for ein felles samtale om verdiar og avgjerder i samfunnet, 2) at eit fleirreligiøst perspektiv kan i det skjulte promotera religiøse preferansar, og 3) at eit livssynsnøytralt perspektiv kan i det skjulte promotera livssynssekulære preferansar.
Mot ein meir reindyrka religionsvitskapleg didaktikk
Både Alberts og Flensner har ein religionsvitskapleg fagbakgrunn og går inn i ein større europeisk samtale om kva eit relevant skulefagleg arbeid med RLE-