Sosialistisk fremtid nr 1 2003

Page 15

FATTIGDOM “Kapitalens frie flyt må erstattast med grenselaus og fri flyt av arbeidarsolidaritet.” bustadmarknad. Sjølv om politikarane støtt snakkar om mangelen på arbeidskraft, er det trass alt om lag 100 000 arbeidslause her til lands, eit nivå som i tidlegare tider vart sett på som totalt uakseptabelt. Og arbeidsmarknaden er segmentert, samansett av ulike marknader. Innan mange ulike bransjar og yrkesområde er det betydeleg arbeidsløyse. Vi ser at tradisjonelle arbeidsplassar i industrien vert bortradert. Arbeidskjøparar flaggar utsjølv om bedrifta går med overskot for å hauste høgare profitt i utlandet. Dessutan ser vi at arbeidslivet vert stadig meir brutalt og ekskluderande, og mindre tolerant og inkluderande. Det pågår ei storstilt utestenging og utstøyting av arbeidskraft som ikkje vert opplevt som høgproduktiv, og det skal stadig mindre til for å bli nekta innpass eller for å bli ekskludert. Eit første tiltak for å avskaffe fattigdommen må difor vere å skape eit meir tolerant og inkluderande arbeidsliv der det er plass for alle arbeidsføre menneske altså arbeid for alle og full sysselsetting. Retten til arbeid er fastslått i Grunnlova, paragraf 110. Det er også slått fast som ein grunnleggjande menneskerett i FN si menneskerettserklæring, artikkel 23. Arbeidsløysa er såleis lovstridig og er eit brot på menneskerettane. Borgarlege politikarar slår på stortrommanår det gjeld brot på dei politiske og sivile menneskerettane, særleg under andre himmelstrøk, men ignorerer FN- konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle menneskerettar, som er like viktige. Her er organisasjonen FIAN er positivt unntak, men no har også Amnesty varsla eit linjeskifte i slike spørsmål, og det er bra. Når det gjeld bustadspørsmålet er også dette ei fattigdomskjelde. Å bu er ein grunnleggjande menneskerett, og i Noreg stiller vi krav til bustandard. Imidlertid er det stor bustadmangel i norske storbyar og tettstader, og dette fører til at ein må ut med nærare ein million for ein burettslagsleiligheit. Private hushaiar skor seg på bustadmangelen og tek urimelege leiger. Noreg utmerkar seg ved at vi har urimeleg få utleigebustader. Ved å setje i verk ei storstilt sosial bustadbyggjing, og å sikre ein distriktspolitikk som stoppar tilstrøyminga til storbyane, kan ein løyse ein stor del av det norske fattigdomsproblemet. Det vil likevel vere eit mindretal som fell utanfor sosialt av mange ulike grunner. Sosialhjelpstakstane bør difor straks hevast til eit anstendig nivå, til dømes likt med minstepensjonen, som også må hevast. Det er her tale om eit latterleg lågt beløp som skal til, om lag som lommerusk i forhold til dei formuane samfunnet råder over. Dette ville kunne gitt dei fattigare eit langt meir verdig liv. Imidlertid er det eit stort spørsmål om ein ikkje likevel kunne ha lagt ned sosialkontora i si noverande form. Dei er overleivningar etter den gamle fattigkassa, og svært mange opplever det som nedverdigande å

tigge om behovsprøvd stønad frå sosialkontoret. I staden kunne kontantutbetalingar overførast til arbeids- og trygdekontor, og sosialkontora kunne ha konsentrert seg om andre oppgåver, til dømes førebyggjande verksemd og ymse livsproblem. Tanken om borgarløn er også interessant, men representerer eit nederlag i forhold til målet om å sikre alle arbeidsføre menneske eit meiningsfullt arbeid. Å vere i løna arbeid har også mange andre psykososiale fordelar enn løn. I produksjonen vert det skapt eit overskot i form av meirverdi (den verdi som arbeidaren produserer ut over verdien av si arbeidskraft vara er verd meir enn kapitalisten sine produksjonskostnader) og profitt (kapitalisten si forteneste). Både når det gjeld profitten og arbeidsløna skjer det ei primær- og sekundærfordeling. Ved sekundærfordelinga vert kapital- og lønsinntekter omfordelt i form av avgifter og skattar via det offentlege apparat. Ved primærfordeling er det tale om fordeling mellom løn og profitt. I Noreg har vi enno ikkje fått fattige arbeidande, som i USA, men det vert vel det neste. Utbyttinga av arbeidskrafta er stor og veksande i Noreg. Men ein langt større del av overskotet skulle blitt fordelt til det offentlege si kasse, til løysing av samfunnsmessige problem, mellom anna fattigdom. Dessutan kunne ein oppnå mykje ved å gjeninnføre progressiv skatt. Vi har nett sett skattelikninga. I min barndom var det å vere millionær nesten uoppnåeleg. I dag talar vi om milliardærar, og dess meir du tener, dess mindre skatt betaler du. Skatten er blitt regressiv. Vi kommunistar vil snu dette og ta frå fattige og lågtløna skattebøra og la dei velståande og rike få betale mykje meir. Vi veit at dei sosiale og økonomiske skilnadene er veksande i Noreg, og gapet mellom fattig og rik er enormt, t.d. målt med desilforholdstalet, det vil seie forholdstalet mellom den tiandedelen som tener best og den som tener minst. Så langt har eg tatt for meg ein del reformer innanfor ramma av det samfunnssystemet vi har i Noreg: Sysselsettingspolitikk, bustadpolitikk, sosialpolitikk, skatte- og fordelingspolitikk. Den revolusjonære arbeidarrørsla har alltid kjempa for sosiale reformer til beste for fattigfolk, arbeidsfolk, den jamne kvinne og mann. Og denne kampen må halde fram. Vi må vere revolusjonære. Vi trur ikkje at desse problema let seg løyse innanfor ramma av eit kapitalistisk samfunn. Dagens kapitalisme brukte vi å kalle statsmonopolkapitalisme, men eg trur at ei betre nemning i dag kan vere transnasjonal monopolkapitalisme jamfør globaliseringsbegrepet. For det første er kapitalismen basert på privat eigedomsrett til produksjonsmidlane. Alt her ligg kimen til og grunnlaget for menneskeleg ulikskap og fattigdom. Eit fåtal eig produksjonsmidlane. Det store fleirtalet lever av å selje det einaste dei har si eiga arbeidskraft mot ei løn som er mindre

enn det dei skapar av verdiar. Overskotet tilfell kapitalisten. Og mange er ikkje ein gong lønsmotakarar dei lever av smular frå offentelge overføringar. Kapitalismen si grunnlov er profittmaksimering. Det er ei drepande kraft som trugar menneske og miljø og som skapar sosiale problem, konfliktar og krig og som driv fram miljøøydeleggingar og ei meiningslaus militarisering som også tek liv på slagmarkene og avdi desse pengane kunne vore brukt til sivile føremål. For eit enkelt jagarfly kan ein mette tusener og vaksinere endå fleire. Den herskande klassen og eliten under dette systemet er ikkje interessert i full sysselsetjing og avskaffing av fattigdommen. Dei treng arbeidsløysa og fattigdommen som demoklessverd for å truge menneske til å halde ut i slitsame og helsefarlege lågtlønsjobbar utan å mukke. Når arbeidsløysa minkar peikar børsverdiane nedover. Verksemd som gjev profitt vert prioritert framfor sosial velferd. Privatisering er berre interessant så lenge det gjev profitt. For det andre er det slik at den globale turbokapitalismen har fjerna den nasjonale sjølvråderetten og ført til ei deregulering som gjer det umogeleg å oppnå ei demokratisk styring mot samfunnsmessige mål. Nasjonalstaten har alltid vore ramma for velferdspolitikk, til dømes i forhold til fattigdom. Ein kan sjølvsagt vone at det vert etablert internasjonale styringsorgan for å gripe fatt i slike problem og prøve å løyse dei, til dømes på FNnivå. Likevel må den nasjonale sjølvråderetten gjenvinnast, slik at vi ikkje vert prisgitt eit upersonleg, udemokratisk og ofte beint fram idiotisk byråkrati på EU-/EØS-nivå. For Noreg vert det difor viktig å unngå framtidig EUmedlemskap, og EØS-avtalen må seiast opp. Ei verd utan stengler av noko slag, med kapitalens grenselause og frie flyt, kan aldri bli forsvarleg frå ein økologisk synsstad. Økologien si grunnlov, nærleiksprinsippet, kan då ikkje etterlevast. Ei slik verd vil måtte bli dominert av dei store økonomiske gigantane, dei multinasjonale konserna og deira støttespelarar, som WTO. Vi ser ein voldsom konsentrasjon av rikdom og makt her, og det er lenge sidan kapitalismen var prega av fri konkurranse. Slepper du ulven inn i hønsegarden er det ikkje tale om ein rettferdig og lik kappestrid. Kapitalens frie flyt må erstattast med grenselaus og fri flyt av arbeidarsolidaritet. Vi kommunistar kjempar for utvida demokrati, ikkje minst i det økonomiske liv, og arbeider for ei brei mønstring av ei rekke ulike motstandskrefter i ein slik antimonopolistisk strategi. Denne kampen vil bane vegen for sosialismen, som er ein etappe på veg mot det klasselause samfunnet, kommunismen, der mennesket yter etter evne og får etter behov. Då finst det ikkje lenger fattigdom.

Sosialistisk fremtid nr. 1 - 2003

15


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.