Sosialistisk framtid nummer 2 2022

Page 4

La oss snakke fred no

Av Jeremy Corbyn, medlem av det britiske underhuset, tidlegare leiar for det britiske arbeidarpartiet og grunnleggjar av the Peace and Justice Project, 27. april 2022 Med russiske bombar regnande ned i ukrainske byar, ein utrygg situasjon i Jemen, åtaket på palestinarar i bøn i Jerusalem og mange andre konfliktar kringom verda, kan det verke litt upassande å snakke om fred. Men, når ein krig går føre seg, er det absolutt på tide å snakke om fred. Korleis kan me elles hindre stadige tap av liv, eller fleire millionar menneske på flukt andre plassar i verda? Det er kjærkome at FN endeleg har tatt initiativ. Generalsekretær António Guterres ber om personlege møte mellom den russiske presidenten Vladimir Putin og den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj. Det må bli våpenkvile i Ukraina med ein gong, med ei etterfølgjande tilbaketrekking av russiske soldatar og ei semje mellom Russland og Ukraina om framtidige tryggleiksordningar. Alle krigar endar med forhandling av noko slag – kvifor ikkje no? Alle veit at dette er det som kjem til å skje etter kvart. Det er ingen grunn til å utsette forhandlingar, for det vil bli fleire bombar og drap, fleire flyktningar og fleire sør-

4

Sosialistisk framtid nr. 2 - 2022

gjande familiar i Ukraina og Russland. Men i staden for å oppfordre til fred har dei europeiske landa brukt moglegheita til å trappe opp krigsforsyningar, mate krigsmaskina og auke aksjeprisen til våpenprodusentane.

den store godhugen til vanlege folk viser det beste frå menneskeheita vår.

Nesten 10 % av det ukrainske folket er no i eksil, der dei lid traume, tap og frykt. Dei fleste europeiske land har støtta dei ukrainske flyktningane. Den britiske regjeringa latar også som dei gjer det, men dei fangar dei i innanriksdepartementet sitt labyrintaktig og marerittskapande byråkrati for å skremme dei vekk.

Men når det er tale om behandlinga av desperate flyktningar som kjem frå krigar der Storbritannia har eit direkte ansvar, som Afghanistan, Irak, Libya og Jemen, er historia smertefullt annleis. Om folk er så desperate at dei risikerer å krysse den engelske kanal i ei farleg, skrøpeleg jolle, fortener dei sympati og støtte. I staden er innanriksdepartementet sin plan å sende dei til Rwanda. Om me trur på humaniteten, og rettane til flyktningar, bør dei alle bli behandla likt og ordentleg og få lov til å bidra til samfunnet vårt, og ikkje bli kriminalisert og fengsla. Om Storbritannia sitt konservative regjeringsparti kjem seg unna med denne utkontrakteringa, kjem fleire europeiske land til å følgje etter. Den danske regjeringa har allereie snakka varmt om dette grufulle og ugjennomførlege forslaget.

I staden bør ukrainske flyktningar bli støtta og ønskt velkomne. Det er det det britiske folket stort sett ønsker å gjere også;

Dei politiske og emosjonelle effektane av denne krigen kjem til å bli enorme, ikkje minst for verdas institusjonar. Dei Sa-

Det er også på tide å snakke om humaniteten vår, eller mangelen på den. Mange menneske er i djup naud som eit resultat av denne væpna konflikten, og dei får krenka rettane sine. I tillegg møter mange ein kvernande fattigdom som eit resultat av det globale økonomiske systemet.

«Det er ingen grunn til å utsette forhandlingar, for det vil bli fleire bombar og drap, fleire flyktningar og fleire sørgjande familiar i Ukraina og Russland.»


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.