Så lenge folk har halde seg med båtar, har det vore bruk for naust som ly for vind og vêr. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men i dag er det annleis. Mykje tyder på at det norske naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinne, og det i eit høgt tempo.
Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth bestemte seg for å reise langs heile norskekysten for å finne ut korleis det eigentleg står til med nausta våre, og på vegen fann dei både forfall, håp, og ein overraskande mangfaldig og rik tradisjon.
Gjennom tekst og bilete dokumenterer dei den utsette og ofte nedproiriterte delen av kulturhistoria vår for ettertida, men vi får òg møte eldsjeler som går føre med gode eksempel på korleis naust kan bergast gjennom restaurering og vern.
ISBN 9788279594055, 24,0 x 23,0 cm
452 sider, NOK 699,-