Krigens laboratorium
Unni Eikeseth
Forfattaren har fått støtte frå Fritt Ord og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO). Intervju i Ukraina er gjennomført av frilansjournalist Dyveke Undertun Aarhus. O M S L AG S D E S I G N : Andreas Töpfer SAT S : Øystein Vidnes F O N TA R : tt Hoves og 11 / 14,7 pkt Flecha, av Rui Abreu PA P I R : 80 g Munken Print Cream T RY K K O G I N N B I N D I N G : Livonia Print
© S K A L D 2026 www.skald.no I S B N 978-82-7959-411-6
For humans, making peace is as natural as making war. F ra n s de Waal (1990)
Innhald Innleiing 9 Eksplosiv 15 Panserbrytande ammunisjon 27 Missil og rakettmotorar 41 Kjemiske våpen 55 Biologiske våpen 71 Atombomba og ideen om eit supervåpen 85 Autonome våpen og dronesvermar 105 Vitskap for fred 113 Utdanning for fred 125 Myten om ein krigersk art 143 Takk! 155 Notar 159 Litteratur 163
Innleiing
E s s e x , Sto r b r i ta n n i a , 1 9 8 9. 20 år gamle Stuart Parkinson
er i tredje året av fysikk- og elektroingeniørutdanninga si, og som del av studiet skal han jobbe på eit prosjekt i ei bedrift dette året. Stuart sitt prosjektarbeid er hos GEC, som på dette tidspunktet er Storbritannias største våpenprodusent. Prosjektet hans handlar om å utvikle teknologi for å forsterke lys, nærare bestemt å lage utstyr som skal installerast på rifler slik at soldatar kan skyte menneske i mørket. I starten synest Stuart at arbeidet er ganske spennande. Han gjennomfører eksperiment i eit romfartsprega miljø der arbeidarane må ha på heildekkande drakter og skotrekk, og der han må gå gjennom ei luftsluse for å sikre at materiala han produserer er ultrareine. Men kjensla av spenning dabbar raskt av etter kvart som han tenker meir og meir over dei etiske sidene av det han held på med. Det er vanskeleg å la vere å tenke på at han arbeider med teknologi som skal drepe menneske. Etter nokre veker finn han også ut at teknologien han jobbar med blir eksportert til land med historie for å vise lite respekt for menneskerettar. Han er lova jobb i selskapet etter fullført utdanning, men kjem han til å klare å jobbe med dette? Dei fleste som startar på ei utdanning ønsker å bruke kunnskapen sin på ein god måte, til å bidra til eit betre samfunn. Dette er 9
k rig en s l a bor atori u m
bygd inn i føremålet til naturvitskapleg og teknologisk utdanning. I vitskaps-eden som er utarbeidd av Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitenskap og teknologi (NENT) står det «Jeg skal etter beste skjønn bruke mine kunnskaper og ferdigheter til beste for menneskeheten og for en bærekraftig utvikling.» Det manglar ikkje verdsproblem å løyse for unge menneske som skal velje høgare utdanning i dag: Ei menneskeskapt klimakrise som medfører raske klimaendringar og ekstremvêr, tap av biologisk mangfald og utrydding av artar i eit valdsamt tempo, utslepp og spreiing av plast og miljøgifter som øydelegg natur og fører til auka risiko for sjukdommar som kreft, overvekt og diabetes. Alt dette truar med å rive beina under eksistensgrunnlaget vårt, avhengige som vi er av fungerande økosystem som vi kan hauste av og bygge våre liv på. Vi treng ny kunnskap og utvikling av nye løysingar for å kutte klimautslepp, produsere fornybar energi, restaurere natur eller finne alternative miljøvenlege materiale som ikkje forgiftar dyr og menneske. Samtidig er nyutdanna studentar også attraktive for verksemder som driv med våpenutvikling. Kunnskapar og ferdigheiter i vitskap og teknologi trengst for å utvikle nye og stadig betre våpen. Vitskapleg og teknologisk utvikling har alltid vore heilt sentralt i våpenkappløpet, frå katapultar i antikke Hellas og Romarriket til stridsgassar brukt i skyttargravene under den første verdskrigen, dei første langtrekkande missila under den andre verdskrigen, utviklinga av atombomba og vidare til dronar og autonome våpen basert på kunstig intelligens (KI) i dag. Krigen i Ukraina etter Russland sin fullskalainvasjon har ført til sterk vekst i sal av våpen i Europa – og ikkje minst i Noreg.1 Frå 2023 til 2024 auka den norske våpeneksporten med 36 prosent, frå 11,9 til 16,2 milliardar kroner.2 Sjølv om Noreg ikkje pleier å flagge det høgt, så har vi nemleg fleire store og små våpenbedrifter som sel til ein internasjonal marknad. Kongsberg Gruppen produserer 10
Innleiing
blant anna missil, våpenstasjonar og komponentar til F-35-jagarfly. Kongsberg Gruppen var på 80. plass på lista over verdas største våpenprodusentar i 2024.3 Nammo, som er basert på Raufoss i Innlandet, produserer blant anna ammunisjon og rakettmotorar, og er i desse dagar i gang med å utvide produksjonen med stort, nytt produksjonsanlegg.4 Ein av dei største eksplosivprodusentane i Europa, norske Chemring Nobel, planlegg å ta i bruk eit 3000 mål stort naturområde i Hurummarka i Asker for å utvide produksjonen og levere større mengder eksplosiv til marknaden. Auka produksjon krev også meir arbeidskraft. Parallelt med dei fysiske utbyggingane føregår det ei jakt på dei beste hovuda på utdanningsinstitusjonane. Nammo åleine annonserte i 2024 at dei trong opptil 700 nye tilsette. Våpenprodusentane jobbar aktivt inn mot høgare utdanningsinstitusjonar for å vise seg fram for studentane. Kongsberg Gruppen får blant anna profilere seg ved landets største teknisk-vitskaplege utdanningsinstitusjon, NTNU, og Universitetet i Sørøst-Norge, USN, gjennom den populære årlege konkurransen Your Extreme, med påfølgjande prisutdeling og trerettars middag. Begge universiteta har ein samarbeidsavtale med Kongsberg Gruppen som blant anna gjeld forsking, utdanning og kompetanseheving. Slike samarbeid har lenge vore vanleg i Storbritannia. Våpenindustrien har store økonomiske musklar enn andre bransjar, og dei kan dermed kjøpe seg betre tilgang til kandidatar i utdanningssystemet.5 I desember 2025, idet denne boka blei sendt til trykk, skreiv Universitetsavisa at avtalen mellom NTNU og Kongsberg Gruppen formelt blir avslutta i april 2026. Årsaka er at Kongsberg Gruppen blir splitta i to selskap, og vi veit ikkje enno om avtalen kjem til å bli vidareført med eitt av dei. Situasjonen kan vere med på å starte ein viktig diskusjon om slike avtaler. Studentar kan også bli involverte i våpenutvikling via utdanninga si. Sjølv om rektor ved NTNU seier at Kongsberg-avtalen berre rettar seg inn mot sivile aktivitetar, finst det fleire døme 11
k rig en s l a bor atori u m
på bachelor- og masteroppgåver og PhD-avhandlingar gjort i samarbeid med Kongsberg Gruppen som er knytt direkte til våpenproduksjon. Ei undersøking frå Storbritannia viser samtidig at britiske studentar føretrekker sivilt arbeid dersom det er like tilgjengeleg som arbeid i våpenindustri.6 Det er grunn til å tru at dette også gjeld norske studentar. Vi har avgrensa menneskelege, økologiske og økonomiske ressursar. Satsinga på forsvar og våpenproduksjon betyr nødvendigvis at det blir mindre pengar til andre viktige føremål. I 2024 blei det globalt brukt 2718 milliardar dollar til militære føremål.7 Til samanlikning er det berekna at 2400 milliardar dollar i grøne investeringar ville vere nok til å nå klimamåla.8 Organisasjonar som britiske Scientists for Global Responsibility (SGR) har lenge åtvara mot at militære aktivitetar konkurrerer om både fagfolk og ressursar med klimasektorar som fornybar energi eller energiøkonomisering. I dagens militariserte samfunn er det lett å ta slagorda og forteljingane vi blir serverte for gitt – slik som NATOs mantra om at våpen er vegen til fred. Men vitskapen si rolle er å stille dei store, kritiske og nysgjerrigheitsdrivne spørsmåla om krig og fred. Vi har til dømes bruk for ny kunnskap for å forstå korleis vi kan løyse konfliktar på fredeleg vis. Ved å sjå vitskapleg på historia om samfunn i kriser kan forskarar seie mykje om kva som har ført til fredelege løysingar framfor krig og konflikt. Eit hovudfunn i denne forskinga er at samfunn som har gjort tiltak for å minske ulikheit, har i større grad lukkast med å unngå konflikt. Her kan vi verkeleg lære av historia.9 Forsking viser at ikkjevaldeleg motstand oftare fører til suksess, blant anna fordi det kan mobilisere ein større del av samfunnet.10 Stuart Parkinson byrja å stille spørsmål ved det han var med på i sitt første møte med ein arbeidsgivar. Han oppdaga at utdanninga hans ikkje hadde førebudd han på å handtere dei etiske dilemmaa 12
Innleiing
han møtte som ingeniørstudent. Han måtte finne ut av det åleine. Kva for kompetanse bør studentar få gjennom utdanninga for å kunne handtere etiske dilemma og eksistensielle spørsmål om kva dei kan bidra til gjennom arbeidet sitt? Denne boka utforskar kva rolle vitskapsfolk og teknologar speler i våpenutvikling, men også i forsvar og nedrusting. Føremålet med boka er å invitere til å reflektere over kva vi brukar samfunnets ressursar til. Skal vi utdanne menneske i naturvitskap og teknologi for å utvikle våpen, eller kunne vi brukt denne kunnskapen på ein annan og betre måte?
Panserbrytande ammunisjon
Rau fo s s r o u n d - a m m u n i sj o n e n er eitt av dei mest kjente
produkta frå Noreg. Populariteten har rot i at denne type ammunisjon kan brukast til å sprenge gjennom veggar og gjennom pansra skrog på tanks og føre til stor skade på innsida. Raufoss Round blir produsert av Nammo, eit internasjonalt konsern som ifølgje eigne nettsider er ein av verdas leiande produsentar av ammunisjon og rakettmotorar. Konsernet er eigd 50 % av den norske stat og 50 % av Finland, og har 3700 tilsette i 11 land, blant anna i USA. Men hovudkvarteret er på vesle Raufoss i Vestre Toten i Noreg. Her låg i si tid Rødfos patronfabrikk som produserte ammunisjon til det norske forsvaret frå 1896 og fram til ammunisjonsproduksjonen gjekk inn i Nammo-konsernet. Nammo har altså lang erfaring med å produsere ammunisjon. Viss du søker på nettet etter Raufoss Round, dukkar det opp hundrevis av videoar. Her er videoar av amerikanske soldatar som fyrer av skot etter skot mot Taliban-mål i fjella i Afghanistan, men også snuttar frå testar på skytefelt rundt om i verda. Det blir skote mot mur og murstein, mot bilar, mot metallplater, mot vannmelonar, mot modellar av menneskeoverkroppar og menneskehovud. I ein slik video på sosiale medium står ei kvinne i 40–50-åra på skytebanen, med øyreklokker, solbriller og svart kaps med eit 27
k rig en s l a bor atori u m
amerikansk flagg på. Ho har stilt opp ei rifle på ei kabelsnelle for å demonstrere effekten av ei såkalla «Raufoss-Round». Ho siktar og fyrer av mot eit mål nokre hundre meter borte, snur seg mot kamera og kommenterer at det gjekk akkurat som det skulle. Så går ho bort og peiker med fingrar pryda med raud naglelakk på det svære holet kula har laga i metallplata. Ho samanliknar med det langt mindre holet frå ei vanleg kule med same kaliber. Etter å ha gått gjennom metallplata, har kula også sprengt bort ei murblokk som stod bak plata. «It most definitely also took out our threat», seier ho. I sakte film ser vi korleis kula går gjennom metallplata, sprenger murblokka bak og så eksploderer og set fyr på ei kanne bensin som står bak metallplata. Kula går deretter vidare inn i modellen av menneskehovudet som får skote av toppen av skallen mens noko som liknar blod sprutar ut i sakte film. Modellhovudet må ha blitt fylt med raudmaling for dramatisk effekt. Raufoss Round, Mk211 og 12,7 mm er alle namn på den same ammunisjonen, ein av Nammo sine største suksessar. Det er ikkje tvil om at den har mange fans omkring i verda, og særleg i USA. Ammunisjonen er «combat proven» som det står i Nammo sine salsbrosjyrar, noko som betyr at den har vore brukt og vist seg å fungere i krigssituasjonar. Når eit prosjektil på berre 43 gram kan ha så sterk verknad, er det fordi det ligg eit stort utviklingsarbeid og mykje teknisk og vitskapleg kunnskap pakka inn i kula. Bakgrunnen for utviklinga av denne typen ammunisjon, som òg blir kalla multipurpose-ammunisjon, var frykta for sovjetisk invasjon for over 50 år sidan. I ei masteroppgåve i historie frå NTNU i 2023 skildrar Maria Konow korleis multipurpose-ammunisjonen blei utvikla i 1960- og 1970-åra, som del av endringar i trusselbiletet.13 På denne tida bygde Sovjet opp flåtestyrkar og viste fram kva dei var i stand til i fleire omfattande og urovekkande militærøvingar. I øvinga Sever i juli 1968 segla ei flåte på over hundre fartøy og jagarar ut frå Austersjøen og oppover langs heile Norskekysten. 28
Pa n serbry ta nde a mm u ni s jon
Då flåten kom nord for Finnmark slutta fleire fartøy seg til, og på Kolahalvøya demonstrerte dei sovjetiske styrkane landsetting frå landgangsfartøy i ein såkalla amfibieoperasjon med tanks.14 Dette førte til bekymring i det norske forsvaret for angrep langs Norskekysten. Frykta blei ikkje mindre av den sovjetiske invasjonen i Tsjekkoslovakia i august 1968, der sovjetiske «militærøvingar» i nabolanda plutseleg blei til eit verkeleg militært angrep. Samtidig var amerikanarane opptatt i Søraust-Asia, og det var vanskeleg for Noreg å få nokon lovnad om allierte forsterkingar. Luftforsvaret i Noreg blei derfor endra til å legge meir vekt på forsvar mot sjøinvasjon. Dei hadde fly og ammunisjon frå USA, men den amerikanske ammunisjonen tilfredsstilte ikkje behovet til det norske forsvaret ved ein potensiell sjøinvasjon.15 Ammunisjonen kunne nemleg ikkje trenge gjennom sidene på skip og skade materiellet på innsida. Derfor kontakta Luftforsvaret Raufoss Ammunisjonsfabrikker for å utvikle ein ny type ammunisjon. Avdelinga «ballistisk kontroll», leia av Kåre Strandli, starta med å undersøke effekten av den amerikanske ammunisjonen som var brukt av Luftforsvaret. Dei fann at den høgeksplosive ammunisjonen eksploderte i møte med skroget, men utan å trenge gjennom det. Den panserbrytande ammunisjonen dei hadde fått frå USA derimot gjekk riktignok gjennom panseret, men gjorde minimalt med skade på innsida. Strandli og kollegaer byrja derfor å teste nye typar ammunisjon med utgangspunkt i øvingsammunisjonen frå USA. I boka Fred er ei det beste fortel Dag Hoel at Raufoss Ammunisjonsfabrikker ikkje hadde noka utviklingsavdeling før Kåre Strandli kom dit.16 Det var derfor nok å ta seg til for den nytilsette ingeniøren og marineoffiseren, og her kunne han bruke alt han hadde av innovasjonskraft. Det var ei tilfeldigheit at gruppa oppdaga at det å fylle ammunisjonen med pyrotekniske stoff kombinert med høgeksplosiva var det som skulle til for å få ei kule som både kunne bryte gjennom panser og eksplodere på innsida.17 29
k rig en s l a bor atori u m
Konow nemner også at ein svært vellykka test blei viktig for å få fleire delar av Forsvaret interessert i multipurpose-ammunisjonen. Hæren skulle bytte frå kanonar med 40 mm breidde på løpet til 20 mm-kanonar og var derfor interessert i å teste ny 20 mm-ammunisjon. I ein test på Raufoss med gjester frå Forsvaret til stades blei det skote mot eit gammalt fly. Eitt skot med multi purpose var nok til å skyte gjennom fly-vengja og sette flyet i brann på innsida av flykroppen. Slik effekt av ammunisjon var ikkje vanleg, og det var nok ei overtydande framsyning. I 1970 blei det sett i gang produksjon av ammunisjonen til Hæren og Luftforsvaret. Raufoss var også tidleg opptatt av å marknadsføre produktet internasjonalt, og fekk blant anna ein stor ordre av ammunisjonen frå Hellas i 1974. Denne ordren kom i stand etter ei prøveskyting på ei badestrand ved Marathon, der Strandli og kollegaer klarte å konkurrere ut tysk ammunisjon, noko som var ein sensasjon.18 USA var også svært interessert i multipurpose, og i 1979 kjøpte den amerikanske regjeringa alle rettar til konseptet for bruk i USA. Ein viktig del av avtalen var at det skulle vere fri flyt av data om forskings- og utviklingsaktivitet som omhandla den nye ammunisjonen. Multipurpose-teknologien blei deretter tilpassa til andre ammunisjonsstorleikar, og nest ut var 12,7 millimeter kaliber. Denne kalibertypen var svært interessant for Hæren i Noreg, som sat med 3000 eldre Browning-mitraljøser som blei gitt som våpenhjelp frå USA til Noreg. Desse mitraljøsene var vurdert skrota, men kom til nytte igjen då nokon fekk ein idé om at ein kunne montere dei på beltevogner. Saman med multipurpose-ammunisjonen gjorde det at Hæren fekk eit våpensystem som kunne utgjere ein trussel mot angrepshelikopter, i tillegg til å vere meir nyttig i bakkestrid. Så kva er det som er så spesielt med Mk211-ammunisjonen? Viss du ladar ei rifle med ein Mk211-patron skjer følgjande: I det rifla blir trekt av, tenner eksplosiv i patronen slik at prosjektilet 30
Pa n serbry ta nde a mm u ni s jon
med grøn tupp blir skote ut med ein fart på rundt 900 meter i sekundet. Når prosjektilet treffer ein murvegg eller stålet på ein pansra tanks, kjempar dei to materiala om kven som er sterkast. Men Mk211 har ei hemmelegheit: Inne i prosjektilet er det ein kjerne av tungmetallet wolfram, med ei tettheit på 19 gram per kubikkcentimeter, omtrent 2,5 gongar tettheita til jern, og denne tunge, harde kjernen har i tillegg enormt høg rørsleenergi. Prosjektilet vinn og går gjennom. Så skjer det som er kjenneteiknet for denne ammunisjonen: Samanstøyten med veggen fører til at eit brennbart stoff i tuppen av prosjektilet tenner, noko som igjen set fyr på høgenergetiske eksplosiv i prosjektilet. Til slutt tar det også fyr i eit metallpulver av grunnstoffet zirkonium som brenn som eit fyrverkeri i fleire sekund. Denne eksplosjonen skjer etter at prosjektilet har gått gjennom veggen. Altså gir eit panser eller ein murvegg lite beskyttelse dersom dei som skyt har denne ammunisjonen. I starten forstod ikkje utviklarane fullt ut fysikken bak ammunisjonen, men det viktigaste var at han virka som han skulle.19 I dag har utviklarane betre verktøy og større kunnskap om kva for effekt ulike ammunisjonstypar har. Sjølv om Nammo er nøgd med multipurpose, så står ikkje utviklinga stille. Det er mange folk som jobbar med å forbetre og lage nye produkt. To av dei er Anders Nyhus og Erlend Brekke. Nyhus er direktør for mellomkaliber ammunisjon og har vore i Nammo i 18 år. Brekke har vore der i ti år. Han er utdanna maskiningeniør ved NTNU, og tar for tida ein mastergrad ved Defence Academy i Storbritannia ved sida av jobben. Eg møter dei på Teams saman med kommunikasjonssjef Thorstein Korsvold. Alle dei tre er trivelege folk som eg tenker at eg gjerne kunne hatt som kollegaer. Vi pratar saman om ulike aspekt ved produksjon av ammunisjon, og kjem også inn på kva dei tenkjer om å drive med våpenproduksjon. 31
Vitskapsfolk er sentrale i dagens våpenkappløp, samstundes som dei jobbar for å redde liv på andre felt. Med klok og engasjerande penn utforskar forfattar o g kjemikar Unni Eikeseth dette paradokset. Ho møter forskarar som utviklar nye våpen, og redningsarbeidarar som må handtere konsekvensane av moderne våpenteknologi.
Ei viktig og tankevekkande bok om vitskap, etikk og vår felles tryggleik.
978-82-7959-411-6 9 788279 594116
Unni Eikeseth
Gjennom historiene om ulike våpentypar og vitskapsfolka som skapte dei, ser Eikeseth med kritisk blikk på det vitskaplege grunnlaget for dagens militære opprusting og tryggleikspolitikk. Ho stiller det krevjande spørsmålet: Skal norske universitet og forskingsinstitusjonar delta i utviklinga av moderne våpen?
Krigens laboratorium
Kven har ansvaret når kunnskap får livsfarlege konsekvensar?
Krigens laboratorium
Unni Eikeseth