Innhald
Landsbyen som blei borte
6
Hå. Som ein storfamilie —— 98
—— 19
Hopehavet i Opedal
7
8
2
Eidbo Tvedestrand. Det maritime tunet —— 60
3
Gare Lindesnes. Landets lengste? —— 68
4
Lista: Vere, Stave, Borhaug Landsbyane på Lista —— 76
5
Sogndalstrand Sokndal. Bytunet —— 88
Aga Ullensvang. Ein storgard frå mellomalderen —— 120
Lunde Tvedestrand. Fellestun med fantestove —— 54
Vik Klepp. Fleire drivhus enn jærhus —— 110
—— 45
1
Hårr
9
Reiseter, Rogdo, Kråkevik, Kvestad, Velure, Kambestad, Brandstveit Ullensvang. Fleire fellestun ved Sørfjorden —— 142
10 Hjølmo Eidfjord. Reinskjøt til middag seks dagar i veka —— 156
11 Ystås Granvin. Røykstoverekord —— 164
12 Mølster Voss. Vossingar mobiliserte for Mølstertunet —— 172
13 Havrå Osterøy. I drift på gamlemåten —— 180
14 Isdal Lindås. Lemstovene prydar tunet —— 192
15 Grønsberg Vik i Sogn. Med gode minne som drivkraft —— 200
16 Otternes Aurland. Stort og komplett —— 208
17 Henjatunet Leikanger. Mangesysleri på fruktgarden —— 220
18 Nedrebø Jøster. Berga Bensentunet i siste liten —— 228
19 Osmundnes Gloppen. Vernemurane tryggar tunet —— 236
20 Myklebust Gloppen. Med steingarden som kjennemerke —— 246
21 Indre Fure Stad. Var saman om det meste —— 252
22 Kvarberg Vågå. Femti hus til to familiar —— 260
23 Øvre Egge Gran. Ny låve hindra flytting —— 266
24 Alnes Giske. Ein teig her og ein teig der —— 272
25 Fet Sykkylven. Klyngetun med tre møbelfabrikkar —— 282
26 Riise Ørsta. Snøskred knuste tunet —— 288
36
27 Frøysa
36 Bleik
39 37
Hellesylt. Oppsynsmann på omgang —— 294
Andøya. Løftar i lag på Bleik —— 380
38
35 34
28 Møll
37 Sørrollnes
Geiranger. Ein bratt liten landsby —— 304
Ibestad. Jaktar hare på dugnad —— 392
32 33 31
29 Gjørva
31 Misvær
Geiranger. Historisk tun midt i turistløypa —— 314
Bodø. Sju aktive bønder i tunet —— 330
30 Eikesdal
32 Oldereid
Nesset. På rad og rekke i Romsdal —— 322
Bodø. Velståande skippertun —— 340
38 Steinsland Skånland. Museet ved Tjeldsundet —— 400
39 Dale Harstad. Frå fjøra til fjellfoten —— 408
33 Sjønstå 24
25 27 21 26 28 19 20 29 18 17 15 12 11
14 13
8 9
7 6
30
4
3
34 Unstad Vestvågøy. Surfeparadiset —— 356
16
10
Landsby eller ikkje —— 419
22
23
1 5
Fauske. Klyngetunet ved Sulitjelma —— 346
35 Eggum Vestvågøy. Tunet fullt av innerstar —— 368
Ein renessanse for klyngetunet? —— 425
Kjelder —— 442
2 Bilete s. 8–9: Osmundnes, S. 10: Hjølmo. S. 11, 12, 13: Aga. S. 14–15: Sjønstå.
94
95
Bakom og mellom husa er det fine uterom med grønt gras og tronge trapper.
126
127
Klyngetunet på Aga viser vestnorsk byggeskikk frå mellomalderen og fram til vår tid. Tunet var lenge delt i to. Ei storstove var felles bustadhus i det øvste tunet, i nedste delen av tunet var Lagmannsstova felles. Etter kvart fekk bøndene i tunet kvar sine hus. Ved utskiftinga i 1938 var det ni gardbrukarar på den gamle storgarden. Fellestunet hadde eige kapell til i 1811, seinare har det vore skule, landhandel, postkontor og telegrafstasjon på garden.
132
Ørjan Aga er leigebuar i Agatunet. Det fungerer fint å fara mellom husa på ein segway.
133
134
Til venstre: Agatunet teikna av Arne Berg. Henta frå boka Norske gardstun.
Over og til høgre: Mot fjorden hadde Lagmannsstova lenge ein skut langs murveggen. Innimellom husa i tunet har det alltid vakse frukttre. Både Widerøes Flyveselskap og fotograf Normann såg postkort-potensialet i det gamle klyngetunet. Eigar av bileta: Stiftelsen Agatunet.
135
138
Arkitekt Fasting målte opp og teikna alle husa i tunet. I tillegg måla han akvarellar som formidlar stemninga i den tette husklynga. Dei fleste akvarellane selde han til Stiftelsen Agatunet. Han teikna også andre tun i bygda mot betaling. Alle teikningane er tekne vare på blant anna hos Riksantikvaren, og dei kjem ofte til nytte for forvaltaren av tunet, Hardanger og Voss Museum. – Teikningane fungerer som ein fasit for tunet. Vi går heile tida til dei for å sjå etter opphavlege løysingar. Seinare tiltak og inngrep kan ha endra det opphavlege, difor rettar vi oss etter desse teikningane når det no er snakk om tilbakeføring, forklarer bygningsvernkonsulent Anne Lise Brask Eriksen. Ho seier det er krevjande å vedlikehalda dette tunet. Husa i tunet er gjenstandar i museet, og må handsamast deretter. Vedlikehaldet kostar, og Brask Eriksen etterlyser meir pengar til kulturminnevernet. Det var ein sommardag i 1943 at arkitekten kom til Aga med pikk og pakk. Han kom med båt frå byen med kone, tre born og hund. Bagasjen vart lempa på land og køyrt gjennom frukthagen opp til tunet med hest og kjerre. I 1943 var det fem–seks år sidan tunet var freda, men dei fleste eigarane budde her framleis. Fasting-familien fekk leiga Isakstova. Dei fann seg vel til rette. For borna var Aga eit sommarparadis, for foreldra gjorde krigen at det var enklare å skaffa mat her enn det var i byen. Fiske i fjorden redda mange middagar. Ofte kom vener og kollegaer frå byen på besøk for å dela dei landsens godene. Dei fastbuande på Aga var på denne tida blitt vane med at framande ofte kom innom tunet. Dei tok vel imot byfolket, men tykte at dei var litt originale. På Aga leita Georg Fredrik Fasting seg tilbake til mellomalderen. Som arkitekt elles var han til dels hypermoderne, og teikna bustader og kontorbygg i modernistisk stil. Mest
kjend er han for den raude telefonkiosken. Han vann konkurransen til Telegrafverket i 1933, og dei raude boksane kom etter kvart opp overalt. Frå 1949 var Fasting fylkesarkitekt i Nord-Trøndelag. Då han i 1966 fekk tilsvarande jobb i Hordaland, vende han tilbake til Aga. Han leigde Ådnesbua som feriebustad til midt på 1980-talet. I denne perioden sat han i styret for Stiftelsen Agatunet, fleire år som leiar. Han skaffa pengar til vedlikehald og til store reparasjonar etter stygge husbukkåtak på mange av bygningane. Fasting var framsynt og planla tiltak og tilrettelegging i dei freda husa. Av ulike årsaker vart ikkje planane gjennomførte. Fleire av forslaga hans om å gjera tunet tilgjengeleg ville neppe vore gangbare i dag, no når alt ein gjer skal vera reversibelt, og alle endringar skjer i tett samarbeid med Riksantikvaren.
Stabburet til Jostova. Oppmålingsteikning av arkitekt Georg Fredrik Fasting frå 1945.
139
156
Hjølmo
Reinkjøt til middag seks dagar i veka
Då Jan Vivelid, redningsmannen til klyngetunet på Hjølmo i Eidfjord, vaks opp her innunder Hardangervidda, fekk han reinkjøt til middag seks dagar i veka. Om sundagen diska mora opp med sauekjøt.
Eidfjord
Midt i ura, mellom kampesteinane inst i Hjølmodalen i Eidfjord, ligg klyngetunet.
157
158
Jan Vivelid (til høgre) har berga barndomstunet. Den pensjonerte Nordsjø-arbeidaren har reparert hus her inne sidan han overtok eitt av sju bruk i 1980. Barnebarnet Torbjørn Storaas (til venstre) og Joakim Taranger er med på helgetur til Hjølmo.
159
Hjølmo ligg som i ei djup gryte med stupbratte, glattskura fjellsider på eine sida av elva. På den andre har husklynga funne seg til rette med urer på alle kantar. Overalt ligg kjempesteinar store som hus. Også i tunet, innimellom husa, ligg digre steinar. Ein av dei har Jan Vivelid gjort seg nytte av på fleire måtar. Steinen er fjerde veggen i eine eldhuset han har restaurert. Då han skulle føra straumkabel fram til husa nedom steinen, bora han like godt hol til kabelen gjennom steinen. Og då han trong ein vasskrane i tunet, bora han endå eit hol, til vasslangen. Slangen er ikkje synleg, det er det berre kranen som er. Og han er godt festa i steinen. Sidan han overtok eitt av dei sju bruka på Hjølmo i 1980, har Jan Vivelid, som no bur i Kvinnherad, redda og restaurert falleferdige hus her inst inne i Hjølmodalen. Han har arbeidd jamt og trutt, og til no har han sett i stand seks av dei 15 husa i tunet. Til sommaren skal stova i barndomsheimen, som er samanbygd med løa, få nytt tak. – Det hjelper på innsatsviljen å vera fødd og oppvaksen her inne, seier han. Som Nordsjø-arbeidar har han hatt mange friveker til disposisjon for Hjølmo. Her har han hatt så mykje å ta seg til at det var berre så vidt han hadde tid til å reisa på arbeid, spøkjer han. I tillegg til familiebruket har han kjøpt husa til næraste naboen lengst nede i tunet. Fleire av dei bygningane han har teke hand om, var ramla ned, andre var i ferd med å gå i kne. Løa til naboen var teken av vinden og låg knust nedi ei ur. Den har han bygd opp att, blant anna med kledning frå ein stall han har rive på Dyranut. Ikkje berre har han redda nesten halve tunet, Jan Vivelid er også ein slags vaktmeister for heile tunet. Fire– fem gonger om sommaren slår han dei skrånande grasbakkane mellom husa.
– Det er så mykje kjekkare å vera her når det ser skikkeleg ut, seier han. Fleire av dei andre eigarane i tunet bur langt unna og har ikkje høve til å vera her så mykje som han, som dessutan no er pensjonist. Over Hjølmotunet krøllar fjellvegen seg opp det bratte Hjølmoberget mot Vivelid og Veigdalen. Tidlegare kunne dei som ville til fjells, ta ein avstikkar ned i tunet for å kjøpa kaffi. Kaféen er ikkje open lenger, men det hender folk kjem ned i tunet for å sjå seg om. Då tek Jan Vivelid dei gjerne med på ei omvising. – Eg likar å sjå meg rundt når eg kjem til nye stader, så då må ein venta det same når framande kjem hit, seier han. Dei eldste bygningane i tunet er frå sist på 1700-talet. I 1794 vart husa på Hjølmo knuste av eit stort ras. Etter det flytta dei tunet litt framover i dalen. Ingen tok skrekken, alle sju brukarane bygde opp nye heimar. Her hadde dei nokre få kyr, sauer og geiter, og så hausta dei alt fjellet hadde å by på. Dei jakta, plukka bær, og sommarstid fiska dei i elva. Fråflyttinga frå Hjølmo starta på 1950-talet. Jan Vivelid var nest siste ungen som vaks opp her, han budde heime til han drog i militæret i 1967. Foreldra hans budde her til 1972. Då hadde faren lenge reist vekk på arbeid. Med tida blei menyen i barndomsheimen til Jan Vivelid noko meir variert. Men viltkjøt er framleis det beste han veit.
190
Over: Brakekledde og steintekte løer ligg i utkanten av tunet, gjerne langt frå tilhøyrande bustadhus. Klyngetunet demonstrerer lokale byggemåtar og materialbruk, og viser at utedoen var eit påheng på husa som
nesten stengde gata mellom dei. Langs bekken, som lenger nede deler tunet i to, går den gamle geila, fegata, der dei førte buskapen til og frå utmarka.
Høgre side: Geir Sundal og Magne Vikne slår av ein prat med Sverre Havre (til høgre). Han vaks opp i klyngetunet og er ofte innom. Havre er ei viktig kjelde til kunnskap om korleis dei levde i Havråtunet tidlegare.
191
212
har hatt tilhald her fleire veker i strekk for å læra om handverk og tidlegare tiders gardsarbeid. No meiner styret at det er uforsvarleg å ha ope så lenge det ikkje finst brannsikring i tunet. – Men vi vil svært gjerne ha liv i tunet, med folk og dyr. Blant anna diskuterer vi med Sogn jord- og hagebruksskule om det er mogeleg å gjera Otternes til ein lærestad for småskala landbruksturisme, seier Skjerdal. Styreleiaren er klar for eit kjempeløft, men treng medspelarar og ein pengesekk som kan syta for kontinuerleg restaurering av fellestunet til dess heile bygningsmiljøet er sett i forsvarleg stand. Om husa er stengde, så er tunet ope for dei som vil vandra i det spesielle bygningsmiljøet. Kring 150 cruiseskip kjem til Flåm kvar sommar. Nokre av passasjerane tek turen ut til Otternes, og kvar sommar plar etterkomarar av dei som utvandra til Amerika, dukka opp i klyngetunet.
Frå Otternes i Aurland er det utsyn inn fjorden mot Flåm. Cruiseturistar og andre interesserte tek gjerne turen for å sjå det spesielle tunet.
213
214
Over: Tunet pĂĽ Otternes teikna av Arne Berg. Henta frĂĽ boka Norske gardstun.
215
216
Over: Eilertstova er ei halvlemstove. I staden for full lem med trapp, fører ein stige opp til eit galleri i andre høgda. Der står det senger langs veggene med soveplass til seks.
Høgre side: Det yngste huset på Otternes er frå 1860. Dei fleste bygningane er mykje eldre. Nede i Eilertstova er det ein liten kjøkenkrok ved vedomnen. Møblane i Guttormstova fortel at her har
det vore velstand. Den gongen det budde folk i desse husa, var det alltid geranium bak heklegardinene.
217
220
Henjatunet
Mangesysleri på fruktgarden
– Velkomen til Henjatunet, eit av dei få klyngetuna på Vestlandet som framleis er i drift, seier Marit Henjum Halsnes kvar gong ho tek imot ein ny flokk med engelske turistar. Ho gaidar dei mellom husa og gjennom frukthagen, fortel om livet i tunet og serverer ein smak av Sogn i form av eigenprodusert sider, eplejus og to bitar lefse. Som sauebonde, fruktdyrkar og turistvert med eigen gardsrestaurant held Marit Halsnes ved like mangesysleriet i fellestunet.
Leikanger
Gjestene til Marit Henjum Halsnes likar å sitja her ute ved grua før dei går inn til middag i gardsrestauranten.
221
244
245
Nedst i tunet er det ingenting som minnar om faren frĂĽ fjellet.
256
257
Hit, men ikkje lenger g책r vegen. Framleis er det fastbuande p책 Indre Fure, men det er uvisst om neste generasjon vil busetja seg her. P책 ytste neset ser vi husa p책 den veglause garden Ytre Fure.
330
Misvær
Sju aktive bønder i tunet
Ein diger traktor rullar inn på tunet og parkerer i den eldste delen av klyngetunet på Misvær. Her møter det moderne landbruket spora etter mellomalderen.
Bodø
331
338 Tunet i MisvĂŚr teikna av Arne Berg. Henta frĂĽ boka Norske gardstun.
339
346
Sjønstå
Klyngetunet ved Sulitjelma
Vil du til Sjønstå, det einaste freda klyngetunet nord for Dovre, må du til Fauske i Nordland og køyra i retning Sulitjelma. Heilt for seg sjølv, på ei landtunge nede ved Øvervatnet, ligg den torvtekte husklynga. Riksantikvaren har brukt sju millionar kroner på restaurering av dette tunet.
Fauske
Klyngetunet på Sjønstå hadde lenge ein støyande nabo på andre sida av elva. Men utskipingshamna for jarnmalm frå Sulitjelma er for lengst nedlagd og fråflytta. I dag er Sjønstå ein svært fredeleg plass. Det restaurerte klyngetunet er dels museum, dels feriebustad.
347
350
Det er brukt mange millionar kroner pĂĽ ĂĽ berga dette klyngetunet. Arbeidet tok til etter eit initiativ frĂĽ Gisle Jakhelln i Fortidsminneforeningen si avdeling i Nordland kring 1980. I 2006 blei tunet fre-
da. Tove Wensell har lenge vore styreleiar i den private stiftinga som eig halve tunet. Ho er oppteken av at det no trengst pengar til drift av det restaurerte tunet.
351
380
Bleik
Løftar i lag på Bleik
Det er mange gode grunnar til å dra til Andøya og til Bleik, landsbyen ved den kritkvite sandstranda. I dag er Forsvaret ein viktig arbeidsplass for mange av dei 450 som bur her, fiskarbonden har drege inn årane og kvitta seg med buskapen. Men det var han som skapte klyngetunet, utgangspunktet for den vesle landsbyen som i dag er ein attraksjon ved den nasjonale turistvegen.
Andøya
Landsbyen Bleik ligg ved den nasjonale turistvegen på Andøya, litt sør for Andenes.
381
386
Etter garddelinga på Bleik er det i dag 86 grunneigarar som ikkje berre eig hustomta si, men også litt av innmarka på garden. Desse har også rettar til jakt, fiske og beite i utmarka som framleis er felles. Men ingen av dei driv
lenger med landbruk. Egon Olsen fortel om ein barndom då folk gjekk inn og ut hos kvarandre. I dag går dei mindre på besøk, men mange møtest i kafeen som er ein del av daglegvarebutikken.
387
394
Charles Lindvall og Rolf Bakkelund fortel om den årlege harejakta som skaffar inntekter til fellestiltak på Sørrollnes, og om det grove tømmeret frå Bardu i Troms som har blitt til løer her på garden.
395
Tunet vart romslegare etter utskiftinga i 1870-åra då mange hus vart flytta på. Men dei fleste vart buande på haugen og langs gamlevegen, med bustadhus nedom og løe oppom vegen. Kvart gardsbruk har ei smal stripe med jord som strekker seg frå stranda, gjennom tunet og opp til steingarden som er grense mot utmarka. Nede ved sjøen ligg nausta på rad og rekke. Mellom stranda og tunet er det komen ny bilveg, gamlevegen er delvis grasgrodd. Dei fleste sommarfjøsa oppe ved utmarksgjerdet er borte. Sørrollnes ligg på ei låg landtunge lengst sørvest på øya Rolla. Frå gardane Rollnes søndre og Rollnes nordre er det utsyn over fjorden vestover mot Harstad. Området er eit eldorado for arkeologar, for her er det spor etter lang tids busetting. Folk har levd av fiske, jakt og jordbruk. Fiskeværet vart avvikla då motoren tok over for seglet, her var ikkje hamn for nymotens fiskebåtar. Jordbruk er det smått med i dag, ein aktiv bonde slår all marka. Men jaktar gjer dei fleste. Sørrollnes har det beste rypeterrenget i Troms, fortel Charles Lindvall, leiaren i grunneigarlaget. Og det kryr av hare her. Dei kan sjå 15–20 harar om gongen. Grunneigarane plar ha dugnad om hausten for å få skote mange nok. Det finst ikkje rev på øya, så det må jobbast for å halda bestanden nede, forstår vi. Lindvall fortel at han eit år skaut 43 harar. – Vi åt alle saman, men så gjekk det mange år før vi på ny smaka hare, medgjev han. Grunneigarlaget sel jaktkort til utanbygds jegerar. Ingen tek ut jaktpengar til privat bruk, dei samlar seg opp og blir brukte til fellestiltak som skogrydding og vedlikehald av vegen. Den gongen dei fleste hadde to til fire kyr og åtte til ti sauer, heldt dei også hest. Nokre hadde «halv hest», altså delte dei han med naboen. Til saman var det på det meste 22 hestar på Sørrollnes.
– Etter kvart kvitta alle seg med hesten og skaffa seg traktor. Då hadde dei fôr nok til eit par ekstra sauer fortel Charles Lindvall. Han var liten gut då bestefaren fekk første firhjulstraktoren med slåmaskin. Han slo for naboane om dagen og sine eigne bøar om natta. Lindvall viser oss løene på gardshaugen. Fleire av dei er store, med romsleg fjøs, lafta av tømmer frå Bardu. Han som vaks opp her, og framleis har adresse Sørrollnes, har mange minner frå oppveksten. Blant anna fortel han om dei arbeidssame kvinnene, dei som alltid måtte nytta tida, og som strikka når dei gjekk gjennom tunet på veg til og frå mjølkestellet. Vi får høyra om dugnaden, at dei som bur her, er kjende for det gode samarbeidet. I 1947 laga grunneigarane vassverk i lag, frå gammalt var det vanleg at dei hjelpte kvarandre med slåtten. I dag bur det knapt femti menneske på Sørrollnes, nokre i klynga, andre i nyare hus nærare ferjekaien. Der sør ligg også grendehuset, som eit resultat av ein dugnad der læstadianarane sitt gamle bedehus blei flytta og bygd saman med skulehuset. Skulen blei nedlagd i 1968. Posten og butikken er også borte. Men garden eig kapellet som var nytt i 1976. Og no har mange av dei som bur her kjøpt aksjar i Fabeløya naturlekepark, ein leikepark som er bygd oppe i utmarka. Parken er blitt svært populær – 7000 små og store kom med ferja for å leika i parken i 2016.
440
447
Boka har blitt til takka vera økonomisk støtte frå Sparebanken Vest Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse Riksantikvaren Fylkesmannen i Hordaland Hordaland fylkeskommune Sogn og Fjordane fylkeskommune Møre og Romsdal fylkeskommune Forfattaren har motteke støtte frå Det faglitterære fond. Grafisk design: Silje Nes Font: TT Tricks & Futwora Pro Papir: Munken Lynx 130 g Trykk: Livonia Print, Riga © SKALD 2018 e-post: forlag@skald.no www.skald.no ISBN 978-82-7959-268-6