Oddvar Torsheim – lyst & last

Page 1

L ARS E LT O N

O D D VA R

TORSHEIM

I S B N 978 - 8 2-7 959-2 8 2-2

L A ST & LY S T

LY S T & L A S T L A R S E LT O N

TORSHEIM O D D VA R


Oddvar Torsheim i huset til foreldra, Naustdal 1970.

6


FO RO RD I 2017 fekk Sogn og Fjordane Kunstmuseum ei gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane til innkjøp av verk frå Oddvar Torsheim. Dette førde til at museet si Torsheim-samling vart utvida med 33 verk. Utvalet vart gjort i samråd med kunstnaren. Nokre år tidlegare, i samband med jubileumsutstillinga til Torsheim i 2013, gjekk dåverande avdelingsdirektør Morten Johan Svendsen gjennom skissehaugen heime hjå Torsheim og fann der teikningar frå 1960-talet som ikkje tidlegare hadde vore viste. Han vart særleg imponert over verka frå Mykonos. I arbeidet med jubileumsutstillinga og innkjøpet oppdaga vi nye sider ved kunstnarskapet til Torsheim, og vi ønskte difor meir informasjon om kunstverka, særleg frå den første tida. Då kunstmuseet tok til å planleggje å markere 80-årsdagen til Torsheim, inviterte avdelingsdirektør Janne Kathrine Leithe kunstkritikar Lars Elton til å gjere eit djupdykk i kunstnarskapet hans med sitt kritiske og engasjerte blikk. Dette arbeidet resulterte i manuskriptet til denne boka. Oddvar Torsheim har alltid med seg notatblokka si. Til saman har han fylt om lag 500 blokker med tankar, observasjonar og kommentar. Eit omfattande og komplekst kunstnarskap med ein strek som har fått fram både tidsånd og til tider vore svært framsynt. I over 60 år har den samfunnsengasjerte kunstnaren fått oss til å tenke og le. Målet vårt er at «Oddvar Torsheim – Lyst & last» kan bidra til å gjere oss enda betre kjende med Oddvar Torsheim og hans særeigne blikk på verda. Sogn og Fjordane Kunstmuseum vil takka Lars Elton, Oddleiv Apneseth, Oddvar Torsheim og Jorunn Torsheim for det gode samarbeidet i prosessen for å få denne boka realisert. Vi vil også retta ei spesiell takk til våre eigne tilsette, Berhanu Mekonen, Inghild Marie Venås og Janne Kathrine Leithe. Førde, september 2018 Kjartan Aa Berge Musea i Sogn og Fjordane


INNHALD

I

II

s. 11

s. 97

Verk i utval 1959–1985

Oddvar Torsheim – Pop, erotikk og politikk Av Lars Elton Eit heilt karneval for seg sjølv s. 99 Kontroversane og kunst(nar)en s. 100 Oppveksten, tantene og reklameteiknaren s. 104 Debut og studiar i København s. 108 Popkunst og brytningstid s. 111 Den epokegjerande utstillinga s. 114 Romfartsfantasiar s. 117 Frigjering og heimlengt s. 121 Mysteriet kvinna s. 125 Kvinna som leiemotiv s. 127 «Eit dekorativt helvete» s. 131 Skandalen i Førde s. 134 Synd og skam og slikt og sånn s. 138 Ein ekte 68-ar? s. 141 Notar s. 144


III

Appendix

s. 147

s. 241

Verk i utval 1971–2015

Verksliste s. 242 Oddvar Torsheim kronologi s. 247 Tabula Gratulatoria s. 251


Nato-glimt! (1962) Tusj på papir 45 × 58 cm

16



Frå högsongen (kjærleikens) (1966) Litografi 37 × 41 cm

58



Solveig og Susanna (1971) Serigrafi 44 Ă— 68 cm Pornonassis (1971) Serigrafi 57,5 Ă— 45 cm

62



Norsk nordmann i Danmark (1970) Lakk på plate, mixed media 125 × 95 cm

84



98


O D D VA R T O R S H E I M – P O P, E R O T I K K OG POLITIKK

E I T H E I LT K A R N E VA L F O R S E G S J Ø LV

Det er lett å gå seg vill i møtet med Oddvar Torsheim. Du vil fort måtte stille deg spørsmålet: Er det kunsten eller kunstnaren som er viktigast? Kunstnaren har fascinert meg i lang tid. Men eg kjende kunsten hans før eg blei kjend med både mennesket og det offentlege biletet av personen. Etter som tida har gått, kan det synast som om kunstnarpersonen har teke større plass i offentlegheita enn kunsten hans. Det er ikkje så rart. Oddvar Torsheim er trass alt noko heilt for seg sjølv. Ein original som ikkje kan samanliknast med nokon. Du finn ikkje hans make, verken som biletkunstnar, musikar eller skøyarfant. Så har han då også, med si sære røyst, oppnådd stor popularitet som musikkartist. Men det er som biletkunstnar han har skapt seg ei stemme. Og det er biletkunsten som har gjeve han den profilen han har i dag. Det skal vi ikkje gløyme, du og eg, når vi no er på veg inn i denne boka. Gjennom  år har Oddvar Torsheim forma eit rikt og tvitydig visuelt univers med underfundig humor og skarpe kommentarar. Han utvikla tidleg ein heilt spesiell og personleg strek, som han gjerne kombinerte med tekst. Han er ein kunstnar som har gått sine eigne vegar. Biletverda hans er eit oppkome av humoristisk samfunnssatire og poengterte observasjonar av distriktspolitikk, oljeutbygging og miljøvern, alkoholpolitikk og seksualmoral, feminisme og venleikstyranni. Oddvar Torsheim skildrar kvinner slik dei ser seg sjølve, utan dikkedarar og med stor kjærleik. Og så har han eit nært forhold til vestlandsfanden: Vestlendingens tradisjonelle verdiar får gjennomgå når Oddvar Torsheim lèt dei møte dei mange moderne kulturuttrykka. Oppgjer med dobbeltmoral og offentleg makt blir ramma inn av Vestlandets spesielle topografi, som gjev bileta ei visuell ramme med smale fjordar og høge fjell. Så kort og godt: Oddvar Torsheims biletverd er eit heilt karneval for seg sjølv. Frå sitt utsiktspunkt i Førde har han krydra og tilført norsk kunstog kulturoffentlegheit ein straum av bilete og musikalske krumspring. Dei høgst personlege versjonane hans av populære Beatles- og Bob Dylan-melodiar er utan like i norsk musikkflora. Baksida av medaljen er


I katalogen skriv utstillingskuratorane, Lars Mørch Finborud og Thomas Flor, om Torsheim i to samanhengar: vitjinga på popkunstutstillinga på Louisiana i  og deltakinga på utstillinga «Gruppe » i Bergens Kunstforening i . Bileta Oddvar Torsheim viste i Bergen kan ikkje karakteriserast som popkunst. Det er derfor grunn til å tru at dei to kuratorane ikkje kjenner denne delen av Torsheim sin produksjon. Dette opplever eg som lettare ironisk fordi den eine av dei er son av Dagbladets mangeårige kunstkritikar Harald Flor28 (som døydde under sluttarbeidet med denne teksten). Han står som forfattar av den første boka om (og ikkje av) Oddvar Torsheim. Harald Flor si bok frå  heiter «Susanna frå Sunnfjord».29 Lakkmåleriet på framsida (datert ) har gjeve namn til boka, og med sine stiliserte element, klart avgrensa fargefelt og populærkulturelle referansar tilfredsstiller det utan særleg tvil dei formale krava til eit popkunstverk. Fleire bilete i boka, som «Gullkjeppen» (), «Norskmannen», «Frøydis og Fido», «Passop og Trufast luftar seg» og nemnde «V – for Vestlending» (alle frå ), kan samlast under popkunstomgrepet. Så det er ikkje vanskeleg å argumentere for at han burde vore med på den viktige mønstringa på Høvikodden i . Oddvar Torsheim blei aldri ein sentral popkunstnar i det norske miljøet. For det første budde han i København og, frå sommaren , i Førde. For det andre brukte han popkunstens verkemiddel på lokale fenomen (sjølv om dei etter mi meining er universelle nok), i motsetnad til – til dømes – Gras-gruppas protestar mot Vietnamkrigen og andre meir aktuelle og direkte politiserte tema. Dette har kanskje gjort sitt til at denne delen av produksjonen hans er blitt undervurdert, for ikkje å seie ignorert, i den rådande kunsthistorieskrivinga? Han er til dømes ikkje nemnd med eit ord i det sju band sterke verket «Norges kunsthistorie», som blei utgjeve tidleg på -talet. Den anonyme skribenten i ei melding av Oddvar Torsheims utstilling i Bergens Kunstforening i januar  er inne på den same tanken: Oddvar Torsheim er den mest heil-norske pop-kunstner vi kjenner. (…) Men virkeligheten er annerledes i Norge enn i USA. Det har de fleste norske pop-kunstnere glemt. De kopierer amerikanske hotdogs og cola-kapsler, og glemmer at vi har vår egen virkelighet, som også trenger å prøves og granskes, på ny og på ny. Oddvar Torsheim går annerledes til saken. Han flykter ikke fra seg selv. Tvert imot bruker han pop-kunstens enkle metodikk til å nærme seg og hitte rede i en floke av komplekse problemstillinger, som umiddelbart oppleves som sterkt personlige anliggender og samtidig super-norske i mer almen forstand.

112

V for Vestlending (1971) Serigrafi 70 × 50 cm → s. 83

Gullkjeppen (1969) Olje og lakk på plate 52,5 × 67 cm → s. 72


Torsheims viktigste våpen når han legger ut på forskerferd i verden, er en særegen og merkelig sammensatt og dobbeltbunnet humor. Den er aggressivt ironisk når det lukter av forløyen romantikk og moralsk hykleri, og varm og bejaende når det gjelder å verne om enkle og «banale» livsverdier.30 Oddvar Torsheims popkunstperiode varte uansett ikkje lenge. I , året for den første folkeavstemminga om Noregs medlemskapssøknad til EF (EF står for De europeiske fellesskapene, som EU heitte den gongen), laga han eit av sine siste popmåleri, spraylakkmåleriet «Nedkomsten». Motivet er ei gruppe glade kyr, og mange har tolka dette som eit «Nei til EF»-måleri. Den store kua i midten, med ein stige opp til ein kalv i magen, var forresten modell for skulpturen av Geir Hjetland som blei oppført i barndomsbygda Naustdal i . Men det er no ein gong slik at verken lakkmåleriet eller originalarbeidet til «ei kyr»31, som dei kallar skulpturen i Naustdal, var tenkt som ein del av motstanden mot EF. Originalen er ei teikning frå . Oddvar Torsheim laga teikninga som ei hyllest til dåverande kronprinsesse Sonja då det blei kunngjort at ho var gravid med det seinare kongeparet sitt første barn, som blei født som prinsesse Märtha Louise . september .32 Kumotivet blei populært i EF-kampen, men då i form av ei teknologiinfisert ku i «Eit vettugt naut», som blei spreidd i stort opplag som plakat. Glade kyr dukkar opp i bileta hans også seinare. Men det er eit anna politisk dyr som markerer slutten på Oddvar Torsheims popkunstperiode. I  laga han (etter det eg har funne ut) det siste popbiletet i form av «Høgrepusen», eit lakkmåleri der ein trugande, blå katt tårnar over ein skremd, svart fisk på raske bein som prøver å gøyme seg bort i solnedgangen. Etter at Oddvar Torsheim hadde debutert på både Vestlandsutstillinga og Høstutstillingen i , deltok han på fleire utstillingar medan han var student i København. Han hadde blant anna ei utstilling i Nikolaj Kirke (kyrkja midt i sentrum av København som no heiter Nikolaj Kunsthal), der han etter det han sjølv seier, selde alle bileta. Då han ikkje blei anteken på Høstutstillingen i , blei han med på utstillinga «Noen unge refuserte kunstnere», organisert av Willibald Storn og Ørnulf Opdahl, som opna . oktober i Håndverkeren i Oslo. Sjølv om Oddvar Torsheim blei anteken året før, var juryeringa til Høstutstillingen prega av eit konservativt kunstsyn. I katalogen til «POP ETC.»-katalogen skriv Thomas Flor «gubbevelde» om haldningane som dominerte i utstillingsromma og avisspaltene.33 Det var lite interesse for nye straumdrag ute i verda, og dei som styrte norsk kunstliv, hengde framleis att i diskusjonen om figurasjon kontra abstraksjon. Protestutstillinga hausten  viste i hovudsak arbeid frå folk i «Skippergata-miljøet», rundt okkupasjonen av ein kondemnert bygard

Nedkomsten (1972) Lakk og spray på plate 57 × 77,5 cm → s. 88

Nei, eit vettugt naut (1972) Plakat 47 × 61 cm


ginalteikninga. Her har katten fått eit meir tvitydig uttrykk i andletet, med større auge og ein forførande trutmunn. Det er ingen tvil om kven som sit med makta, og i denne versjonen blir den skremde musa mellom låra og ikkje minst «smykket» rundt halsen – eit fiskeskjelett – ei klar åtvaring til mannekjønnet. Det er også verdt å merke seg at han utvikla motivet ytterlegare i akvarellen «Den nakne Maja på ridetur» (). Her er hovudpersonens andletstrekk og kropp gjort om frå dyr til menneske, men dyret mellom beina er i ein like pressa situasjon. I andre verk brukar Torsheim endå meir karikerte verkemiddel. Teikninga «Tips for rypejakten» () viser eit uvanleg breitt kvinnegalleri med ei rekke karikerte typar: alt frå «Fabrikk-rype fra Slidre» med skaut og traktorsko, via «Fransk ballongrype» med Brigitte Bardot-utsjånad og påfallande struttepuppar til «Sosse-ryper» i nøye utforma kostyme. Denne teikninga er elles eit framifrå døme på kor frodige skissebøkene hans kan vere. Han har alltid éi med seg, og dei utgjer ein eigen sjanger i kunstnaren sin mangfaldige uttrykksrikdom. Eitt av Oddvar Torsheims mest ikoniske verk er måleriet «Feminin-år». Det er – sjølvsagt – måla i , året FN erklærte som Det internasjonale kvinneåret. Det er eit grimt motiv der kvinna står i profil mot ein svart bakgrunn, som om ho skulle vere i helvete. Nett den tolkinga er ikkje så merkeleg, for inne i den høggravide magen sit ekte(?) mannen med eit glas skummande øl og skrik etter meir. I den eine handa har ho ein skurekost, og i den andre heng ein skrikarunge. Kvinna er gul i huda og har slitne drag rundt auga og munnen. Men ho er rak i ryggen og stirar verda rett i auga. For verre enn dette kan det vel ikkje bli? Ein teikna versjon av «Feminin-år» figurerer på baksida av det feministiske tidsskriftet Sirene88 i . Her er ikkje framstillinga fullt så grim, men derimot er figuren dobla i ein spegelkomposisjon med to høggravide kvinner, mage mot mage. Dette motivet er på mange måtar eit unnatak blant Oddvar Torsheims mange bilete med kvinnetema. Han har også, rett nok, laga nokre usympatiske kvinneportrett, som «Babylons sjöge» (). (Han laga også eit svært usympatisk portrett av «Job» på same tid). Litografiet «Solveigs song» framstiller den kvinnelege sangsolisten i ein mellomposisjon, med eit uregjerleg hår fylt av merkverdige detaljar. Hovudtendensen i kvinneskildringane hans er ei sympatisk framstilling av kvinna som den sterke i tilhøvet mellom kjønna. I tillegg til å ha ei humoristisk tilnærming er den gjennomgåande tendensen i Oddvar Torsheims kvinneskildringar respektfull og lovprisande. Ikkje minst er ein serie teikningar av hans høggravide ektefelle og den nyfødde dottera framifrå vakre. Det er enkelt å innvende at nett desse teikningane er vakre og fulle av vørdnad på grunn av omstenda, men det finst

130

Katt og mus (1979) Litografi 47 × 31 cm → s. 190

Feminin-år (1975) Olje på lerret 73 × 63 cm → s. 161


nok av positive døme i resten av produksjonen hans. Til dømes akvarellane «Fru Ginseng» () og «Hulder i nettingstrømper» () og teikninga «Draumekvinner» (, som kan sjåast som ein variant av Edvard Munchs «Kvinnen i tre stadier»). Utover på - og -talet er døma på positive framstillingar av kvinner så mange at vi ikkje treng liste dei opp. Ikkje minst er serien med «Ymsedamer» framifrå døme. Dei har blitt særs populære eg er distribuert i store opplag både som bok og i kalendrar. Til slutt i denne bolken vil eg peike på Oddvar Torsheims evne til å karakterisere kroppen sin anatomi med nokre få, enkle og samanhengande strekar. Utover på - og -talet utvikla han dette med stor meistring. «Raude Rosa på strandtur» og «Fru Ginseng m/strandball» (begge frå ), og «Par m/smileband» og «Kvinne m/spiral-moro»89 (begge frå ) viser fine variasjonar over Oddvar Torsheims lange og samanhengande, karakteriserande liner. Spesielt mannen inne i spiralen i sistnemnde bilete er verdt eit lite studium. Mannens andlet, armar, kropp og bein er teikna med éin einaste, samanhengande strek. Til og med auget er inkludert i streken. Det einaste som måtte føyast til med separate strekar, er hendene og øyret.

« E I T D E KO R AT I V T H E LV E T E »

Sjølv om denne skriftlege framstillinga for lengst har skifta til å bli ei tematisk orientering, er det grunn til å søke tilbake til kronologien. Vi nærmar oss returen til Noreg, og vi skal sjå at kunstnaren føler seg sterkare knytt til gamlelandet. Etter «Gruppe » var Oddvar Torsheim stadig med på utstillingar i Noreg, både gruppe- og separatutstillingar. Av det siste slaget har vi allereie nemnt utstillingane i  og , inkludert den separate utstillingsdebuten i Oslo, Trondheim og Førde. I  følgjer han opp med separatutstillingar i kunstforeiningane i Bergen og Oslo, i høvesvis januar og april, pluss på Sunnfjord hotell i Førde i sommarsesongen. I tillegg deltek han på den internasjonale grafikkbiennalen i Rostock i DDR90, og på Jazzfestivalen i Molde har han utstilling saman med Ørnulf Opdahl. Han er også med i eit radioprogram på NRK, saman med lyrikaren Eldrid Lunden, under tittelen «Avstengt bygd – ung kunst». Samtidig skal vi ikkje gløyme at sjølv om han no snart forlèt København, kuttar han ikkje alle band til det danske miljøet. Han blir blant annet tatt opp i Corner Gruppen, ei samanslutning som først og fremst dyrkar figurativ kunst. Dei arrangerer ei årleg utstilling som er svært populær i den danske hovudstaden. Oddvar Torsheim har deltek i Corner-utstillingen ved fleire høve, sist i  med god dekning i NRK Sogn og Fjordane.

Solveigs song (1984) Litografi 37 × 51 cm → s. 208

Kvinne med spiralmoro (2007) Tusj på papir 57 × 76 cm → s. 226


mande kulturhuset. Og det var altså bileta til Torsheim som var ramme for kulturkvelden. Slagkrafta i bileta hans viste seg med full effekt. Dei visuelt slåande motiva, som peika på dobbeltmoral, religionens overtak, sosiale konvensjonar og problem og urkreftene i mennesket, blei ein katalysator for utfordringane frå det moderne samfunnet andsynes inngrodde haldningar, forkvakla seksualmoral og religiøs vanetenking. Dei trykte på diverse ømme punkt i vestlendingens syn på seg sjølv. Her blei vestlendingens verdigrunnlag og moralpraksis sett under eit skarpt lys. Avsløringa blei for sterk for enkelte. Då silketrykkutstillinga blei vist i Intimgalleriet i Bergens Kunstforening same haust, peika Harald Flor på at bilete som «Norskmannen», «Susanna frå Sunnfjord» og «V – for Vestlending» ikkje var vondskapsfulle: Styrken i Torsheims arbeider ligger likevel først og fremst i det at han skildrer et miljø med menneskelige reaksjonsmønstre som han kjenner innenfra. Det er derfor ingen hovmodig malise (som er kjennetegnet for en utvendig ovenfra-og-nedad-skildring) man her finner, men en rammende påvisning av visse miljømessige faktorers innvirkning på drifts- og følelsesmessig utfoldelse og dermed sosiale handlinger. At han anvender en harselerende form, at han karikerer situasjonen, endrer ikke denne problematikkens egentlige karakter. Derimot tydeliggjør han den.100 Det er verdt å merke seg at Harald Flor skriv spesifikt om Oddvar Torsheims tilknyting til stad og miljø, noko kritikaren meiner kunstnaren har til felles med andre «vestlandskunstnarar» – slik det ofte blir hevda at dei gjerne er bundne til – som han passar på å få med. Det frigjerande med Oddvar Torsheim sine bilete er nett det at han brukar konturar av typisk vestlandsk natur og klisjeane om «vestlendingen» til å handsame og kommentere haldningar. Den vestlandske mentaliteten og det regionale grunnlaget er blitt brukt mot han. Men det stemmer jo ikkje. For dette er fenomen som er allmenne og gyldige for menneske i ulike miljø. Frå mitt synspunkt er dette ein uventa plusseffekt. Det er i grunnen ganske enkelt: Det er ikkje bileta som er absurde, men fenomena dei peikar på. Eller for å sitere Harald Flor på nytt: «Torsheim registrerer og utleverer en virkelighet hvor menneskelig utfoldelse blir ledet vekk og tvunget inn i mønstre som i sin forkvaklethet, forløyethet og irrasjonalitet nærmer seg det absurde.»101 Lakkmåleriet «Susanna frå Sunnfjord» () er kanskje det mest berømte biletet Oddvar Torsheim har laga. Harald Flor skriv i boka med same namn at det er «mer enn en vestlandsk versjon av den klassiske mot-

136

Teologisk konflikt II (1967) Olje på plate 110 × 78 cm → s. 70


setningen mellom skjønnheten og udyret. Sjablongskarp i formen og symmetrisk i komposisjonen treffer det øyet med plakatens effekt. Men du blir sittende i fascinasjonens fangarm.»102 Han trekker fram at biletet, med kvinna og djevelen som hovudmotiv og slangen nedst, har ein ikonografi som peikar mot den bibelske paradismyten. Men gjennom tittelen hintar Oddvar Torsheim også om ein annan bibelsk myte, kjend som «Susanna i badet» eller «Susanna og gamlingane». Der blir Joakims vakre kone skulda for utukt av to eldre menn som attrår og kikkar på henne i skjul. Men skuldinga mot Susanna blir til slutt avslørt som falsk. I Daniels bok i Det gamle testamentet i Bibelen sigrar rettferda. I Oddvar Torsheims bilete er utfallet av konfrontasjonen mellom Susanna og fanden ope. Djevlefiguren kan tolkast som ein versjon av vestlandsfanden, men utfallet av kampen mellom den fagre Susanna og fanden er ikkje gitt. Kunstnaren har gitt henne eit tvitydig drag som gjer at ho verkar sjølvsikker. Ho er ei kvinne som kan hamle opp med den andletslause djevelen, men samstundes er det eine auget hennar retta mot tilskodaren, som slik blir lokka inn i biletet. Det anonyme andletet nedst i biletet kan representere oss alle, anten vi er kikkarar eller ikkje. Og biletet kan tolkast slik Jorunn Veiteberg gjer i boka «I nynorskens skog»: «[I] Torsheim si verd er slike kvinnetypar gjerne forbunde med synd og skam. (…) Slik blir eit klassisk kunsthistorisk motiv gitt ein lokal vri samstundes som spørsmål om synd og skam med dette grepet blir aktualisert.»103

Norskmannen (1971) Serigrafi 49,5 × 70 cm → s. 82

SYND OG SK AM OG SLIKT OG SÅNN

Synd og skam er ein vesentleg del av bakgrunnen til Oddvar Torsheim. Han fekk det prenta inn i seg i barndommen. Foreldra, Jenny og Herman, var total-fråhaldsfolk, og i heimen var det synd med dans, jazz, kortspel, sminke et cetera. Samstundes er det verdt å minne om at synd og skam er allmenne fenomen. Men det er uansett verdt å ha i bakhovudet når vi ser på enkelte andre av kunstnaren sine hovudverk. Akvarellen «Disco-Lars med laurdagsfeber» () er ein harselas med eit kunstverk, ei framstilling av ein typisk og historisk allmenn ungdomsproblematikk om dei ubehagelege følgjene av å gå på fylla: Lars står bokstavleg tala krokbøygd og spyr ut over den kulturen han sjølv er det beste uttrykket for. Det som gjer «DiscoLars» til ei så herleg tolking, er Oddvar Torsheim si framstilling av kulturkollisjonen mellom vestlandsk landskap, mentalitet og tradisjon på den eine sida, og variantane hans av moderne, importerte fenomen, som «Ytrebygd Discoteque», «Gordons turr gin», «Pepsi for you» og ««Pizza love» Steak-house kring nova» på den andre sida. På typisk vis gjer kunstnaren

Susanna frå Sunnfjord (1969) Olje og lakk på plate 114 × 94 cm → s. 75


Veit ikkje! II (1973) Gouache 65,5 × 47 cm Tango N.R.F. (1977) Serigrafi 54 × 52 cm

150



Kverna som står og mel og mel på havsens botn (1977) Tusj på papir 21 × 22 cm Tryggare bu-plattform (1980) Tusj på papir 26 × 23 cm

174



Likestilt (1983) Litografi 33 Ă— 46 cm

186



Katt og mus (1979) Litografi 47 × 31 cm Katt og mus II (1982) Akvarell på papir 45 × 32 cm

190



Rotur i Raud-regn (2006) Akvarell 97 × 73 cm

222



234



Forfattar Lars Elton takkar Oddvar Torsheim for gjevande samtalar og tallause oppmodingar om å ta det med ro og å lyge så godt eg kan. Jorunn Torsheim for hjelp til å skaffe meg oversikt og for gode innspel. Janne Kathrine Leithe for at ho ga meg tilliten og oppdraget med å skrive denne boka. Kunstnarane Elsebet Rahlff og Olav Herman-Hansen for å dele med meg kunnskapen sin om kunstscena i Bergen på 1960-talet. Forfattarar og skribentar som har skrive om Oddvar Torsheim i ulike bøker: Harald Flor, Katrine Sele, Jorunn Veiteberg og Einar Økland. Nordisk Kunstnarsenter i Dale for lån av husvære i innspurten av arbeidet med boka. Og ikkje minst takk til kona mi, Kirsten Eli Bergersen, som har halde ut med meg i skriveperioden.


Foto Oddleiv Apneseth: s. 5, 10, 12a, 12b, 13, 14, 15, 16–17, 18–19, 20, 21, 23, 25, 26, 27, 28–29, 30, 31, 33, 34–35, 36, 37, 38, 39, 40, 41, 42–43, 44a, 44b, 45, 46, 47, 49, 50–51, 52, 53, 54, 55, 56–57, 58–59, 60, 61, 62, 63, 65, 66–67, 68–69, 72, 73, 74, 75, 76, 77, 78, 80, 81, 82, 83, 85, 87, 88, 89, 90, 91, 95, 102, 104, 105a, 107, 108, 109a, 109b, 110a, 110b, 112a, 112b, 113a, 113b, 115, 117, 118a, 118b, 124, 125a, 125b, 126a, 126b, 127a, 127b, 128, 129a, 130a, 131a, 131b, 134, 135a, 135b, 137a, 137b, 138, 141, 149, 150, 151, 152–153, 154–155, 156–157, 162, 163, 165, 166, 167, 169, 170, 171, 172, 173, 174, 175, 177, 178, 179, 181, 182, 183, 184, 185, 186–187, 188, 189, 190, 191, 192, 193, 194, 195, 196–197, 198, 199, 200, 201, 202, 203, 204–205, 206, 207, 208, 209, 210–211, 212, 214, 217, 219, 221, 223, 225, 226, 227, 232–233, 234, 235, 236, 237, 238, 239, 240, forsats Magnhild Arstein (utlån): s. 6 Reiakvam: s. 70, 71, 79, 93, 105b, 114, 129b, 130b, 136, 158-159, 161, 213, 215, 228a, 228b, 229, 231 Nasjonalmuseet: s. 106b Nasjonalmuseet / Morten Thorkildsen: s. 106a

Boka er utgitt av Sogn og Fjordane kunstmuseum i samarbeid med Skald forlag.

Prosjektet er støtta av Førde kommune Sunnfjord hotell as

Opphavsrett til alle verk av Oddvar Torsheim © BONO 2018 Tekst: Lars Elton Omsetjing til nynorsk: Atle Kleppe Prosjektkoordinator: Janne Leithe Grafisk design: Silje Nes Font: Brown & Schoolbook Papir: Munken Lynx og Multi Art Silk Trykk: Livonia Opplag: 3000 © SKALD 2018 e-post: forlag@skald.no www.skald.no ISBN 978-82-7959-282-2


L ARS E LT O N

O D D VA R

TORSHEIM

I S B N 978 - 8 2-7 959-2 8 2-2

L A ST & LY S T

LY S T & L A S T L A R S E LT O N

TORSHEIM O D D VA R


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.