Page 5

Forord

Ein ser seg lett blind på det som er aller nærast. Det er ei uro i kroppen. Kjensla av at dei beste opplevingane er langt heimanfrå. Utferdstrongen får styre i jakta på neste eksotiske reisemål, men like under nasetippen ligg det ein lett gløymer: skattar som kanskje ikkje glitrar mest ved fyrste augekast, men som gjer djupt inntrykk om du ser nærare etter. Bli med på ei reise dit, til alt Sunnmøre rommar. Eit lite, rikhaldig område som utfordrar alle sansar. Ta deg tid til å sjå, lytte, kjenne, smake og oppleve. Reisa tek deg frå ville fjell til endelaust hav, gjennom yrande bygater til einbølte gardar, frå dei minste einmannsføretaka og inn i nokre av Noreg sine store industribedrifter. Utan menneske med brennande engasjement hadde det ikkje blitt det same. Dei som gjer sitt beste kvar einaste dag for å skape og utvikle. Ho som vil ta slåttemarkane i Storfjorden tilbake. Han som håper at kaffien han lagar skal bli den beste du har smakt. Alle som gjev av sin spesialkompetanse for at menneske over heile verda skal kvile rumpene sine i lene-

stolar frå Sykkylven. Desse og uendeleg mange fleire har vi møtt. Inntrykket dei gjorde vil sitje att lenge. No kan du møte dei også, i denne boka og på turane vi håper du blir inspirert til å ta. Hugs å ha ope blikk, for det er truleg perler vi ikkje har fått med. Nye opplevingar ventar alltid, og ein kan jamvel bli inspirert til å skape sine eigne. Det har i høgste grad vore inspirerande å samle inn stoff til denne boka. Journalisten er utflytta sunnmøring, medan fotografen er innflyttar. Begge har oppdaga nye sider ved distriktet vi syntest vi kjente så godt. Beundringa har stige med kvar oppleving. Vi beundrar og takkar redaktør Brit Aksnes i Skald forlag også, for gode råd og solid vegleiing gjennom prosjektet. God tur inn i 52 opplevingar på Sunnmøre og vidare ut dit skattane ventar deg. Rebecca Nedregotten Strand June R. Johansen 5

52 opplevingar på Sunnmøre  

Vakre, spennande Sunnmøre! NRK-journalist Rebecca Nedregotten Strand skildrar turar i fjellet, vêrharde fyrtårn, kajakkpadling på fjorden...

Advertisement