Issuu on Google+

Rebecca Nedregotten Strand June R. Johansen

52 opplevingar på Sunnmøre

isbn: 9 78-8 2-7959-176- 4

Rebecca Nedregotten Strand June R. Johansen

opplevingar på Sunnmøre opplevingar på Sunnmøre


9 Flemsøya/ Skuløya Haramsøya

13 Lepsøya

Brattvåg 38 Skjeltene

Vigra

G

GISKE

Giske Godøya

41 30 3 2 25 4 44 36 46 47 ÅLESUND 45

19

12 43 35

3

Leinøya

Fosnavåg

ØRSKOG

24

14 Sykkylven 20 S t r au 8 msda

Hareid HAREID

len

Hareidlandet

37

ndfj

Vartdal

31

a nd

ada l en

SANDE

29 Ørsta

Øye N o 4 ra

ST R A N DA

ng

33

sd

Eidsdal

r

1 ge

en

ei

38 G Hellesylt

n

32 Bjørke

a

VA N Y L V E N

6 Muldalen 7 Norddal

en

39 Volda

10 Alstad

N O R D DA L

Tafjord 40

VO L DA

Dalsfjord 15

21 Valldal

al

51 Hakallestranda

ST O R DA L

Liabygda

r S u n n y l v s f j o de n

Str

n

Åram

27 Larsnes 38

Stranda 23 26

de

Voksa Kvamsøya

52

42 Stordal

Linge

or

Ø R S TA

Gurskøya

SY K K Y LV E N

øru

Sandsøya

Sjøholt

5

17

Flø

49 Ulsteinvik

16

28

48

50 Spjelkavik

Hj

HERØY

Skodje

SULA

ULSTEIN

Nerlandsøya

SKOD JE

Skodjebruene 18

Storf j o r den

Runde

rden rytafjo

Ålesund Ellingsøya

11

34

Vatne

HARAM

r fjord

22 Geiranger


Innhald

Natur/Nature

1 Geirangerfjorden 2 Borgernes Vei 3 Runde 4 Norangsdalen 5 Ytste Skotet 6 Muldalen 7 Melchiorgarden 8 Straumsdalen 9 Ulla fyr 10 Juvet landskapshotell

Historie/History

11 Giske kyrkje 12 Devold 13 Columbinebukta 14 Møbelbygda 15 Dalsfjord Fyrmuseum 16 Herøy 17 Ishavsmuseet 18 Skodjebruene 19 Dybvik 20 Sykkylven Naturhistoriske Museum

Smak/Taste

21 Norsk Bærindustri 2 Geiranger Sjokolade 2 23 Tind Spekevarer 24 Gode Greier 25 Jacu kaffibrenneri 26 Slogen Mat

8 12 16 20 24 28 32 36 40 44

50 54 58 62 66 70 74 78 82 86

92 96 100 104 108 112

27 Steingodt gardsbakeri 8 Sunnmøre Røykeri 2 29 Søst 30 Klippfisk-NM 31 Trollbryggeriet

Kultur/Culture

32 Bakketunet på Bjørke 3 Ivar Aasen-tunet 3 34 Alnes fyr 35 Flø 36 Jugendstilsenteret 37 Den julianske borg 38 Ferjereise 39 Volda Elektriske Mylne 40 Gjerdeløa 41 Molovegen 42 Rosekyrkja

Aktivitetar/Activities

43 Sjøsafari rundt Runde 4 Hotel Brosundet 4 45 Atlanterhavsparken 46 Sunnmøre Museum 47 Borgundfjordfisket 48 Storfjord Hotel 49 Ulstein Expo 50 Turheisa i Spjelkavik 51 Hakallegarden 52 Flatøy Holidays

116 120 124 128 132

138 142 146 150 154 158 162 166 170 174 178

184 188 192 196 200 204 208 212 216 220


Forord

Ein ser seg lett blind på det som er aller nærast. Det er ei uro i kroppen. Kjensla av at dei beste opplevingane er langt heimanfrå. Utferdstrongen får styre i jakta på neste eksotiske reisemål, men like under nasetippen ligg det ein lett gløymer: skattar som kanskje ikkje glitrar mest ved fyrste augekast, men som gjer djupt inntrykk om du ser nærare etter. Bli med på ei reise dit, til alt Sunnmøre rommar. Eit lite, rikhaldig område som utfordrar alle sansar. Ta deg tid til å sjå, lytte, kjenne, smake og oppleve. Reisa tek deg frå ville fjell til endelaust hav, gjennom yrande bygater til einbølte gardar, frå dei minste einmannsføretaka og inn i nokre av Noreg sine store industribedrifter. Utan menneske med brennande engasjement hadde det ikkje blitt det same. Dei som gjer sitt beste kvar einaste dag for å skape og utvikle. Ho som vil ta slåttemarkane i Storfjorden tilbake. Han som håper at kaffien han lagar skal bli den beste du har smakt. Alle som gjev av sin spesialkompetanse for at menneske over heile verda skal kvile rumpene sine i lene-

stolar frå Sykkylven. Desse og uendeleg mange fleire har vi møtt. Inntrykket dei gjorde vil sitje att lenge. No kan du møte dei også, i denne boka og på turane vi håper du blir inspirert til å ta. Hugs å ha ope blikk, for det er truleg perler vi ikkje har fått med. Nye opplevingar ventar alltid, og ein kan jamvel bli inspirert til å skape sine eigne. Det har i høgste grad vore inspirerande å samle inn stoff til denne boka. Journalisten er utflytta sunnmøring, medan fotografen er innflyttar. Begge har oppdaga nye sider ved distriktet vi syntest vi kjente så godt. Beundringa har stige med kvar oppleving. Vi beundrar og takkar redaktør Brit Aksnes i Skald forlag også, for gode råd og solid vegleiing gjennom prosjektet. God tur inn i 52 opplevingar på Sunnmøre og vidare ut dit skattane ventar deg. Rebecca Nedregotten Strand June R. Johansen 5


24 natur


Ytste Skotet

5

Her veks det solblom. Den lokka ei ung kvinne dit ingen har budd på meir enn 50 år.

Forma minner om ein prestekrage, men blomen er heilt gul og står i fare for å drukne ut av den norske floraen. KariAnne Nilsen er på veg dit solblomen lokka henne. Ho har kjole og kvit strømpebukse, trass i at ho skal krysse ein fjord og gå 225 høgdemeter. Dette er jo berre vegen heim. Ingen grunn til å gjere noko nummer ut av det. Du kjem deg opp du også, og er velkomen når som helst, spesielt når sola varmar og dagane er lange. Ei kort fjordkryssing, og så ein bratt, men vakker veg til topps. Etter ei stund kjem ein til ei gamal utmarksløe. «Her kan ein sjå solblom frå mai til august,» fortel Kari-Anne. Vegen vidare går oppover og oppover, heilt til fjellsida flatar ut. Dette er Ytste Skotet, ein av mange gardar på usannsynlege plassar langs Storfjorden. Ein gong var garden ein av dei største kornprodusentane i Stordal kommune, og den var i drift heilt fram til dei siste flytta herifrå i 1954. I dag eig Storfjordens Venner garden, og Ytste Skotet høyrer til under stiftinga Sunnmøre Museum. Kari-Anne Nilsen er museumsstyrar, men også mykje meir. Ho nøyer seg ikkje med å halde hus i dei eldgamle tømmerbygningane i sommarsesongen, slik tidlegare styrarar har gjort. Heile året bur ho her, trass rasfare og einsemd. Ikkje for å bevise < Kari-Anne Nilsen klarer seg utan straum og innlagt vatn.

at det går an, men for å drive garden. «Buuak, buuak, buuak!» Matmor kryssar tunet i stor fart, for ei høne er i naud. Utbrytaren rømer frå hønsehuset fleire gonger for dag, men angrar seg alltid, og då treng ho hjelp til å kome inn att til flokken. Når redningsaksjonen er gjennomført, finn Kari-Anne fram ved og tenner opp i omnen. Her er verken straum eller innlagt vatn. All mat­laging skjer på gamlemåten. I løa ventar haugar med høy som ikkje er så tørt som det burde vere. Sola er på sjeldan vitjing, og høyet blir flytta ut for å lufte seg. Deretter ber det vidare inn i skogen, der Josefine gøymer seg. Ei hostande og astmatisk ku, men sprek likevel. Når lauva blir gule, går ho og kalven hennar lett den lange vegen over fjellet til Ramstaddalen, for å vere på vinterbeite i Sykkylven. Tre fjellgardar klorar seg fast her oppe, Ytste Skotet, Me-Skotet og Inste Skotet. På Inste Skotet ventar saueflokken. Ein kravstor gjeng. Vêren stangar om han ikkje får kos. Under lamminga krinsar ørna forbi på jakt etter bytte. Då er buhunden god å ha. Han veit å seie frå, og ikkje berre om ørn. Skjor, linerle eller eit jetfly; Buster gøyr uansett. Når hausten kjem skal lamma slaktast, og då må dei båtvegen til Stranda. Om eitt av dei stikk av på vegen, tek natur 25


44 natur


Juvet landskapshotell

10

Ein stad du kan sove så nær naturen som du kan kome, utan å vere ute.

Det gjer ingenting om regnet fell stritt eller vinden bles hardt. Utsikta er vakker uansett, bak glasveggane på Juvet landskapshotell. Ei isblå, frådande elv, sylslanke bjørkestammar, mosegrodde steinar og saftig bregne. Landskapet er invitert på besøk i kvart einaste av dei sju rektangulære reira, som kviler langs elva Valldøla utan å setje spor. Kvart reir har si utsikt. Dei gigantiske glasflatene dannar eit vidvinkelfotografi i evig endring. Frå eitt kan du fylgje elva sin uendelege vassflaum, frå eit anna ser du ut på eit trolsk motiv med skjelvande lauv og dansande linerler. Det er det ytre som tel, men det er vakkert inne også. Ein neddempa venleik som ikkje skal ta glansen frå utsikta. Frå enkle, men komfortable designmøblar kan du lene deg tilbake og ha underhaldning i timevis. Berre sjå ut vindauga. Ein kan takke ein veg for at denne landskapsutstillinga i hotellform finnest. Vegen går forbi like ved og kryssar juvet som har gjeve hotellet namn. På Alstad går Valldøla gjennom eit trongt og dramatisk gjel. Det er berre nokre få meter over juvet, men meterane er lange nok og elva stri nok til at ein vil tenke seg om både ein og to gonger før ein freistar å hoppe over. Det gjorde ikkje Gudbrand. Segna seier at han tok sats for å kome unna med brurerovet sitt. Difor har naturattraksjonen langs vegen som slynger seg opp Valldalen og seinare blir til den berømte Trollstigen fått namnet Gudbrandsjuvet. Heilt sidan Trollstigen opna i 1936 har dette vore ein populær stoppestad. I samband med vegvesenet si ambisiøse satsing på nasjonale turistvegar fekk stoppestaden eit arkitektonisk andletslyft.

Jan Olav Jensen og Børre Skodvin har skapt ei plattform som skal gje turistane best mogleg utsikt til juvet, utan at naturen tek skade av populariteten. Eit bølgjande byggverk i rusta metall snirklar seg over elva. Jensen & Skodvin hadde fleire idear. Dei drøymte om å skape eit hotell i dette landskapet, med små rom på pålar i naturen. Knut Slinning elskar naturen her. Han drøymte om næringsutvikling i området og tente på ideen. Timinga var god, han hadde fått tilbod om å kjøpe Burtigarden på Alstad, ein av dei største og eldste gardane på Indre Sunnmøre, med røter tilbake til 1500-talet. Passeleg nær den nasjonale turistvegen. Midt i den overveldande naturen. Dei gamle husa vart bevarte, i kufjøsen kan du ete og i stallen kan du ha fest. Likevel er det nybygga som vekkjer oppsikt, og oppsikta strekk seg langt. Juvet landskapshotell opna i 2010. Allereie før det var ferdig hadde verdas mest kjende arkitektur- og interiørmagasin, Wallpaper, skrive om det. Sidan har hundrevis av artiklar om det vesle hotellet i Valldal kome til. «Design er ein større attraksjon enn raudvin», seier Knut Slinning. Omtalen er gull verd. Folk kjem frå Japan, Argentina, Brasil, ja, heile verda for å oppleve dette. Om dagen legg hotellsjefen til rette for at dei skal få kome endå tettare på den utsikta dei vaknar opp til. Fjella trakk Knut Slinning hit og dei deler han gjerne med gjestane. Opp til den 1762 meter høge Trollkyrkja, og ned att på puddersnøen. Ein kan også få nærkontakt med ville stryk i Valldøla. Valldal Naturopplevingar sender natur 45


Nybrente kaffibønner.

Før og etter brenning.

Månadene det tek frå modent kaffibær blir ferdig bønne kan øydeleggast på nokre få minutt om ein ikkje bryggar med omsorg. Gunnar Lillevold er både omsorgsfull og nøyen. Han veg kaffien og vatnet, før brygginga skjer på ideal­temperaturen 96 grader i mellom to til tre og eit halvt minutt. Du kan også kjøpe med deg ein pose nybrente bønner heim, men hugs å behandle den fint, for oksygen er kaffien sin verste fiende. Smaken byrjar å endre seg så snart ein kverner bønnene. Difor bør dei behandlast som ei ferskvare, kvernast for kvar gong ein skal lage seg ei kanne og helst vere oppdrukne innan ein månad. Perfeksjonismen rår på Ålesund sitt einaste kaffibrenneri, men også ei lun stemning, herlege lukter og smakar det er vanskeleg å motstå. Skiltet utanfor seier det meste: God kaffi, punktum.

Named after an exotic South American bird, Jacu Coffee Roasters is run by Oliver Hanken, Anne Birte Bjørdal Hanken and Gunnar Lillevold, and is the only coffee roasting shop in Ålesund.The Jacu (penelope ochrogaster) flies around the coffee plantations of South America, only eating the best berries from the coffee plants. Established in 2011, Jacu is perfect for the discerning coffee drinker. The beans used are handpicked and dried, before being roasted. Lillevold experimented in his kitchen at home before the roasting machine arrived at Jacu. Split second timing makes the difference between caramel and coal, and Lillevold recalls with a smile how often his smoke alarm went off. Coffee beans pop similar to popcorn as they are roasted and the initial small, green beans grow to twice their size and turn dark brown. Today, the burning profile established by Lillevold has been keyed into a computer, which regulates the roasting and airflow through the machine. Just as much care is taken when making the cup of coffee with the water and coffee being carefully weighed, and the water being heated to 96°C. All this attention has led to Jacu’s reputation spreading to the US, where the American blog “dearcoffee­ iloveyou” recorded flattering comments in 2011.

Fakta: • På 1950-talet var det minst fire kaffibrenneri i Ålesund. • Noreg ligg på verdstoppen i kaffidrikking. Allereie på 1850-talet åtvara legestanden mot kaffikonsumet i norske heimar. • Kaffien kom til Noreg 1600-talet, men slo ikkje an før midt på 1800-talet.

110 smak

Gunnar Lillevold bryggar kaffi. >


smak 111


Slogen Mat

26

Luggen når omtrent ned til snuten, horna er digre og dei er nesten altetande. Tøffare kyr skal du leite lenge etter.

Ein knøttliten, rufsete kalv syg seg systematisk frå spene til spene. Han veg under 20 kilo, mor har minst bikka 500. Like ved står storoksen, med ein gedigen hornprakt og ei kroppsvekt på meir enn 700 kilo. Alle har lang brun pels og let seg ikkje affisere av nokre minusgrader. Dyra som beitar rundt Tore-garden på Engeset i Stranda kommune er av det hardføre slaget. Heilt sidan 1800-talet har høglandsfeet beita i skotske fjellsider. Dei kan overleve meir vêrharde forhold enn anna fe. Pelsen held kulda ute, og det meste som veks er god nok føde. Små grantre, einer, tistlar og røter er litt av det som står på menyen. Trass i at dei er som skapt for det, er det ikkje mange år sidan dei fyrste dyra av rasen skotsk høglandsfe kom til Noreg. No står ein hårete flokk og kranglar venskapleg om høyet som matfar Råger Engeset har tatt med. Førebels er det vinter og rolege dagar i tunet. Når sommaren kjem, ventar det mange beundrande blikk. Garden er den siste før Habostaddalen, eit populært utgangspunkt for turen til Patchellhytta og fjellet Slogen. Det er også ein sjanse for å møte feet i matpakken som skal gje den næringa ein treng for å nå toppen. Mange delikatesser tek nemleg form på gardskjøkkenet til Astrid og Råger. Kjøtet frå høglandsfeet har ein litt annan smak enn vanleg oksebiff. Eit hint av det ville livet dei likar å leve, med ein rikhaldig meny og friskt luft døgnet rundt. Litt av kjøtet deira er også å finne i Slogen Mat sin versjon av i eit ekte sunnmørsk tradisjonsprodukt, mòr eller 112 smak

mør. Dei smaksrike pølsene finnest i ein tørka variant som blir brukt som snacks og til pålegg, medan dampemòren er ein så viktig del av julemiddagen at utflytta sunnmøringar legg ned stor innsats for å få den på bordet til høgtidskvelden. Også på sunnmørske gatekjøkken får du kjøpt ulike variantar av mòr; i brød, med potetstappe eller chips. På Engeset har dei si eiga oppskrift. Benken i gards­ kjøkenet er dekt med plastkasser fulle av ulike kjøtstykke. Fårekjøt, svinekjøt, kjøt frå høglandsfe, samt svin- og storfe­ hjarter. Dette skal bli til Slogenmør. Fyrst blir kjøtet måla til ein grov farse. Neste steg er hurtighakka, der ein diger, roterande kniv mel farsen i endå mindre bitar. Krydderblandinga blir dryssa oppi, og snart fyller lukt av allehånde, pepar og salt rommet. Til slutt litt vatn, og så er farsen klar. I ein liten balje ligg tørrsalta tynntarm frå storfe i blaut. Råger trer tarmen inn på stappemaskina og priser seg lukkeleg over at den er elektrisk. Då han starta opp gardskjøkkenet for få år sidan, brukte han ei stappe som måtte sveivast for hand. Hardt arbeid når ein lagar store mengder mat i gongen. Snart kveilar mòren seg ut av stappa, og 100 kilo farse blir til 100 meter med pølse. Astrid står klar med trepinnar som mòren skal hengast opp på. Eit døgn til tørk, så blir den varmrøykt og er klar til å dampast. Fisk røykjer dei også. Dei budde lenge i Canada før dei flytta tilbake til Stranda. Der dreiv Råger Engeset oppdrett og foredling av laks. Produkta hans var nyskapande og Skotsk høglandsfe. >


smak 113


vakre, for slik gav ein alle moglegheit til å omgje seg med estetiske gjenstandar. I realiteten var handverket som skulle til for å skape dei så forseggjort at dei vart for dyre for dei fleste. Daglegdagse gjenstandar er kunstverk. Eit bokomslag i skinn der to svanehalsar møtest. Vasar i matt glas med djupe relieff og sølvteskeier med fargerike emaljerte skaft. Nokre tok det enda lengre. Valentin Axel Kielland sitt skap er tydeleg inspirert av den verdsberømte spanske arkitekten Gaudi. Her er det ikkje ein einaste rett vinkel, kvar ei krå er organisk, og to kliss nakne kvinner prydar skapdørene. Det er med jugendstil som med stilar flest. Den har vore umoderne den også, og då gjekk mykje tapt. Direktøren for Jugendstilsenteret, Nils Anker, fortel at minst 20 prosent av jugendstilbygga i Ålesund er borte. I tillegg har mange detaljar forsvunne med modernisering og utbygging. Omlag 350 murbygg i jugendstil står att. Både dei og jugendstilsenteret er verd ei vitjing, men hugs: Hald blikket høgt, så du ikkje går glipp av noko! Fakta: • Bybrannen strakk seg frå Aspegata i vest til Gjerdegata i aust. • Bortimot femti arkitektar kom for å vere med på oppattbygginga. Den mest hektiske byggeperioden var frå 1904–1907. • Jugendstilsenteret er nasjonalt senter for art nouveau/jugendstil.

156 kultur

On 23 January 1904, tragedy struck Ålesund as it was largely destroyed by fire, but the city rose from the ashes like a phoenix. Some fifty architects arrived to rebuild in the contemporary Art Nouveau style, resulting in the city becoming an attraction in itself. One of the most beautiful buildings is to be found at Apotekergata 16, where no expense was spared during reconstruction. Today, what was once a pharmacy is now the Art Nouveau Centre. When his pharmacy was destroyed in the fire, pharmacist Jørgen Anton Johnsen Øwre employed the leading architect Hagbarth Schytte-Berg to design his new business premises and home. It was one of the first private houses in Norway to have granite walls, and the design draws on references to stave churches and the Viking era as well as international influences. Schytte-Berg was also involved in the interior design and furnishing of the building. When walking around Ålesund, the visitor should look up to take in all the Art Nouveau influences; intricate flower displays carved above wide entrances, dragons resting around windows and female faces peeping from roofs. The aim of the art nouveau/jugenstil was that everyday objects were to be beautiful making the aesthetic accessible to all. In reality, the work involved in creating such beauty unfortunately meant that the ordinary person could not afford it. Today, modernisation and extension have led to about 20% of the Art Nouveau buildings in Ålesund being lost, but much has been preserved at the Art Nouveau Centre.


1

2

3

4

1. Detalj fr책 husvegg. 2. Vasar p책 Jugendstilsenteret. 3. Trappeoppgang i Apothekergaarden. 4. Apotekergata.

kultur 157


ligg det ei gjestebok som lokkar fram raudfargen i kinna. Ein prikk seier meir enn mange ord, i helsinga: «Dette vart ei heilt spesiell natt … ». «If the lighthouse is rockin’, don´t come knockin’», har ein lukkeleg amerikanar skrive. Den nytrulova femtiårsjubilanten Jayne fortel om Graham frå Storbritannia, som like godt fridde på fyrtrappa. Dette er ingen stad for krangling, her er det ikkje plass til å furte. Kanskje sikrar jordbæra og sjampanjen som ventar når du sjekkar inn, god stemning. Ein kan undre seg på kva dei tilsette i Ålesund hamnevesen hadde sagt til at det praktiske fyret dei bygde har blitt ein stad for bryllaupsnetter og heit romantikk. Fakta: • Hotel Brosundet er ein del av De Historiske, ein medlemsorganisasjon for 42 hotell og 19 etestader i Noreg. • Arkitektkontoret Snøhetta vart etablert i Oslo i 1989. • Dei har også teikna Operahuset i Oslo og Ground Zero-museet i New York.

190 aktivitetar

Located in the art nouveau area of Ålesund, Hotel Brosundet is a converted warehouse on the waterfront. After the city fire of 1904, Peder Devold, the wholesaler, employed architect Jens Zetlitz Monrad Kielland to design a new warehouse in Apotekergata 5. Completed in 1907, the building had business premises on the roadside and warehousing on the waterfront. It continued to function as a fish factory when it was taken over by T. Berset, and was protected by the heritage authorities in 1993. In 2006, it was purchased by Flakk Invest AS and it now stands as a fish restaurant and boutique hotel. The rooms are modern, but retain many historic details. Room 47 is particularly atmospheric as it is situated in the lighthouse at the end of Molja pier. Though tiny, this room is intimate and romantic to which the guest book bears testament. Newly-engaged, 50-year-old Jayne describes how Graham proposed on the steps of the lighthouse. And the unfinished ‘This was a very special night…’ says it all. Maybe it is the size of the room that means that arguments and sulking are impossible or maybe the strawberries and champagne that await the guests on arrival ensure a good atmosphere.

Rom 47, Molja fyr. >


aktivitetar 191


Aina og Marit Moldskred Krakset på ponnitur.

dyra. Langbeinte, langhalsa og langvegsfarande. Dei ser ut som forvaksne sauer og har pels som kan bli til dei mjukaste strikkeplagg. Alpakka er eit søramerikansk klauvdyr, ein nær slektning av lamaen. Inkafolket var så begeistra for dyra sine at dei tilbad dei. Dei blir tilbedne her også, av lattermilde tilskodarar. Alpakkaane har underbit, alle saman, og kjem gjerne bort om du held fram ein godbit. Så rare er dei at ein lett kan slå i hel ein heil time berre med å stire på dei. Tida går fort på Hakallegarden. Fakta: • Hakallegarden ligg i Vanylven, som er den sørvestlegaste kommunen på Sunnmøre. • I kommunesenteret Fiskå kan ein sjå metallskulpturen «Verdas største solsikke». • På Åheim finnest ein av verdas største og reinaste førekomstar av bergarten olivin. Den blir utvunne og mellom anna brukt i råjernsindustrien. Dessutan kan olivin absorbere fleire ulike miljøgifter.

218 aktivitetar

Legend has it that Hakallestranda was so devastated by the Black Death that only one woman survived, Havkatle. She lit a bonfire on the beach to provide some comfort and the flames were seen by a young man at Stadlandet, on the other side of the fjord. Having survived the plague, he thought he was the only person left on earth. He hurried over to be with Havkatle, and today the area still bears her name. Hakallegarden is a colourful farm in Hakallestranda in Vanylven. The Moldskred Krakset family have gathered a wonderful collection of animals: a donkey, a fjording horse, ponies, pot belly pigs, silkies, goats, angora rabbits, geese, peacocks, highland cattle and alpacas to enchant visitors, young and old alike. Several hundred children visit each week and enjoy petting Hjalmar the pig or being pulled in a cart behind Lars, the cashmere goat. On the farm, there is also a successful café furnished with colourful crockery and linen. From the café on the upper floor of the barn, the animals can be viewed through glass floors. During the summer, the barn becomes an art gallery.


1

2

3

4

1. Stor og liten p책fugl. 2. Kanadisk hengebuksvin 3. Per Nytun Moldskred p책 eseltur. 4. Alpakka.

aktivitetar 219


Rebecca Nedregotten Strand June R. Johansen

52 opplevingar på Sunnmøre

isbn: 9 78-8 2-7959-176- 4

Rebecca Nedregotten Strand June R. Johansen

opplevingar på Sunnmøre opplevingar på Sunnmøre


52 opplevingar på Sunnmøre