Issuu on Google+

«Det er ingen som skriv slik Rolf gjer, heller ikkje eg gjer det. Han har si røyst. Men kanskje har eg lært noko om korleis det vestlandske kan sjåast av å høyra på den røysta.» Jon F o sse , Bergens Tidende «Som lesar får eg kjensla av at for­ fattaren ikkje berre overraskar meg, men også seg sjølv undervegs.» brit bildøen, Klassekampen «Kvifor er det ikkje meir snakk om Rolf Sagen?» r agna r hovland, Klassekampen

Rolf Sagen kjøper ein båt på Nordvestlandet, og med den tidlegare sjømannen Arthur som reisekamerat, legg han ut på ferd langs norske­ kysten, ei ferd som skal vise seg å endre liva til dei to reisande. I den lyriske romanen ms Liv, basert på ei loggbok frå sommaren 1970, møter den ald­ rande forfattaren Rolf Sagen seg sjølv i ung utgåve. I skildringa hans verkar landskapet nytt, fylt av framtid og poesi, men òg av fortid som han nøler med å nærme seg.

ro lf s ag en • ms liv

Om Rolf Sagen:

ro l f sag en

MS LIV

rolf sagen (f. 1940) har gitt ut meir enn 30 bøker i mange sjangrar sidan han debuterte med diktsamlinga Dørklinker i 1968 som han fekk Tarjei Vesaas debu­ tantpris for. Sagen blei fødd i Vadheim i Høyanger kommune, men voks opp i Sykkylven. Sagen var tidleg ute med å med å blan­ de dokumentarstoff og skjønnlitteratur, t.d. i collagen Kvengedal frå 1970. Roma­ nen Mørkets gjerninger, som fekk Kri­ tikarprisen i 1976, blei eit gjennombrot. Blant dei viktigaste bøkene i livsverket hans er den elleville kultboka Springfart ved fjorden og den kritikarroste roma­ nen Lyden av vatn. Rolf Sagen grunnla Skrivekunstaka­ demiet i Hordaland i 1985 og verka som lærar og dagleg leiar der fram til han pensjonerte seg hausten 2007.


[ 4 ]


rol f sagen

MS   LIV Lyrisk roman

Med etterord av Erlend O. Nødtvedt

skald 2014


Dette er Loggbok for MS LIV. Fyrst med handskrift, sidan på maskin og no endeleg digitalt.

[ 7 ]


Å sende blomar er kanskje litt påklistra, men Oddveig tek til takke.

[ 8 ]


Welle Blomster Welle 246 Postgiro 84613 Sykkylven «Si det med blomster» Bestiller: Rolf Sagen Bestillingsdato 29.6.1970 2 nellikar Kort/band: God dag, god dag Rolf 8,10 1,50 9,35 18,95 Betalt P. Aurdal Sendt på vår toårs bryllaupsdag.

[ 9 ]


Rovdeskjeret. Her brende dei ei heks ein gong. Der står eit sjømerke (steinvarde). Må bruke kikkert for å sjå det tydeleg. Kanskje var det om kvelden. Ein sommar som no. Larsnes. Det er der folk er så fæle til å køyre i fylla (Arthur). Ein stor laks hoppa eit stykke frå båten. Ein låg, grå båt over eit sund, sakte. Hegren. Eit kvast skrik. No kjenner vi lukta av havet. Rovdefjorden heilt still. Båtar ligg spreidde kring ei grunne. Ein bryt ut i ein stor boge og set kursen mot land. Sola er raud som ein ost og sender ei eldsøyle mot oss over havet. Den svarte eggen til ein holme langt ute gjen­ nom skiva. Himmel grå. Lette skyer lågt over øyane. Fjorden skiftar i brunt. Sjøen liknar olje, grønt nærast båten. Lenger borte flyt fargane saman i ei mørk uro. Høgt oppe: To havmåsar nordover. Motoren hamrar oss fram i det store, stille landskapet. Så kjem den mør­ ke vinden. Ein flokk terner kjem med vinden og slår sine bogar over vatnet. Steglar med skrik og stuper. Ein svartbak flyg lågt med tunge venger. Det friskar på. No høyrer vi at det vaskar om baugen.

[ 16 ]


30.6. 03.00 Natt. Vi er trøytte og motlause. Det har hendt mykje. Eg orkar ikkje nemne det no. Vi har vore uheldige –. 08.30 Vi har nett vakna. Eg er svolten. Morgonen har gjeve oss ein lys idé! (Rart vi ikkje har tenkt på det før. Vi kan jo bruke stål­ plasten.) Det var toppopninga som rauk. Heldigvis var vi ikkje ut på Vanylvsgapet då det hende. Dette var det andre uhellet. (Før det måtte vi skifte trykkventil.) Toppen er så rusta at vi ikkje maktar å få laus mutrane. Ikkje med vårt verktøy. Men vi har stålplast. No skal vi tette lekkasjen. Vi har ete frukost med godt humør. Fisken smaka like godt som i går. Ein del sjø no, men vinden er spak. Det verste er at vi ikkje var tidleg nok oppe til å høyre vêrmeldingane. Vi prøver utover igjen. Vi er alt på veg no.

[ 17 ]


11.30 Helvete! Vi har hatt full stopp i motoren. Vi må snu, og gå for halv maskin. På Haugsholmen har dei verktøy. Ut igjen. Men kvifor ville Arthur så nødig inn igjen til Haugsholmen? Å gå over Stadten for halv maskin og med ein motor som kan stogge når som helst, det er galskap. Han veit det. Det friskar på. Vinden dreiar mot sørvest. Vi er usikre på kva dette kan bli til –. 20.30 Måløy. På hamna driv det sildefeitt. Kvit som mjølke. Det legg seg inn til båtsida. Har funne ein plass ved brygga. Vi er våte og trøytte. Eg verker i høgre kneet og i ryggen. Er ikkje van med hardt arbeid. I fleire timar har eg stått og aust vatn frå lasterommet med ei bøtte. Båten vår er slått lekk. Sjølv no når vi ligg i ro, må vi pumpe med kor­ te mellomrom. Men ute på Stadhavet strakk det ikkje til med handpumpa. Ein måtte stå i rommet og ause med ei bøtte. I strekk heile tida. Når båten la seg hardt over til sida, kom vatnet inn mellom dei øvste borda i sku­ tesida. Der er sprekkene så store at vi kan sjå gjennom. Men i tillegg lek ho no i botnen. Det verkar som botnen held på å losne. Vi kunne ikkje snu no. Vi hadde alt gjort for mange vendereiser. Vinden auka. Kom vi berre for­ bi Buholmen, skulle det bli betre, sa vi. Det er nett her. Det er straumen akkurat her. Det var høg stampesjø. For ikkje å ta sjansar gjekk vi for halv maskin. Det var då vi merka det. Ho tok inn meir og meir vatn. Vi ville ikkje snu no vi var komne så langt. Vinden syntest å spakne litt. Men på det siste stykket vart sjøen grovare. [ 18 ]


I rommet hadde vi to fulle oljefat. Om eit av dei sleit seg, kunne båten bli knust. Heile tida gjekk vi med denne otten. Vi fekk sjøen på sida. Det hende at båten la seg meir enn førtifem grader. Sjøen fossa over rekka. Vi kjende ingen trøyttleik. Berre hurtige rørsler. Hurtige tankar som vi freista halde borte. Hadde eg vore ålei­ ne, ville det gått gale denne gongen. Éin mann kunne ikkje klart det. Arthur sa lite. Han verka heilt spak. Om eg hadde foreslått å snu, ville han sikkert late seg over­ tale. Men vi leitte begge etter gode grunnar for å halde fram. Sa det høgt, ropte til kvarandre. Det høyrdest ut som ein samtale, men det var to redde menn som tala til seg sjølv. Vi var heldigare enn vi kunne vente, vinden spakna. Skydekket letna. Sola kom til syne bak eit tynt skylag. Ein snurpar dukka opp bak oss. Tryggare det òg. Men sjøen var like grov. Og båten tok inn vatn. Seinare, komne langt inn i Sildegapet, såg vi at sjøen mørkna igjen medan Bukketjuvane gliste kvitt der ute. Stadtlandet likna ein knyttneve ut i havet. Den farleg­ aste strekninga på heile Norskekysten. Dei mørke bergveggene står steile. Tek imot havet og kastar det tilbake. Ingen kan kome seg opp der. Det bryt kraftig kring nokre skvalpeskjer. Sjø­sprøyten står høgt til vêrs. Fargen skiftar frå djupgrønt til kvitt. Berre no og då kan vi sjå den mørke hoggtanna –. Vi var heldige. Havet ville ikkje ha oss. Ikkje denne gongen.

[ 19 ]


Søndagsmorgon. Alt er vått av nyleg regn. Fjorden ski­ nande i morgonsola. Her er så stilt, og vi er heilt innfan­ ga i det store bildet. Vi dreg inn den kjølige lufta, som ein drikk vi aldri blir utyrste av. Vi er utvakte og i bakrus. Hadde berre lagt oss ned for ei stund. Men Arthur had­ de sovna. Då eg fekk han i, var han så frostig, forbanna og aggressiv: Kvifor faen kunne eg i helvete ikkje ha stengt av gassen. Eg har aldri sett han slik før. (Korleis skal eg ta dette? Eg kutta minnet og lét som eg sov.)

[ 20 ]


1.7. 03.15 Eg hadde sovna likevel. Tørnar ut for å ause. 07.30 Arthur ligg og blæs i korte, ujamne støytar. Det er ikkje snorking. Han blæs som ei nise. Eg må vekke han no, det er hans tørn. Eg er òg trøytt, men kjenner ansvaret for båten. Vi kan risikere å gå ned. Eg purrar han tre gonger. Det irriterer meg at han er så morgontung. 08.15 Eg går til verkstaden for å tinge plass på slippen. 08.30 Sjefen for slippen er vekk. Han eg «kan snakke med», svarar utan å sjå på meg. Må vente litt, seier han. Seinare, etter ein lang pause: «Du kan kome inn om ein halv time.» Seinare kjem han og spør meg: «Har du hatt han ofte på? Det er ikkje fyrste gongen LIV har vore slippa her.» Det er han som gjer arbeidet. Han seier: «Det må skiftast tre boltar i kjølen. Dei må spesiallagast.»

[ 21 ]


omslag og sats: Øystein Vidnes font: Harriet Text 9,7/12 ° Papir: Munken Print Cream 90 g Trykk og innbinding: Spindylus, Kaunas Ei spesiell takk til Henning Bergsvåg, Jon Fosse, Erlend O. Nødtvedt, Agnes Ravatn, Øystein Vidnes og forlaget Skald, som har medverka til at denne boka blei til. © Skald 2014 www.skald.no isbn 978-82-7959-209-9 tidlegare utgitt av rolf sagen: Dørklinker. Dikt. Gyldendal 1968 Kvengedal. Roman. Gyldendal 1970 Morgonmannen held utstilling. Roman. Gyldendal 1971 Båten til Bergen. Dikt. Gyldendal 1974 Mørkets gjerninger. Roman. Gyldendal 1976 Sangbukken. Skodespel. Noregs Boklag 1977 Finne seg ei grein. Roman. Cappelen 1980 Sval luft strøymer mot andletet. Roman. Cappelen 1981 Springfart ved fjorden. Soga om Joran Krake. Roman. Cappelen 1986 Mercedesryttaren. Roman. Samlaget 1988 Reisa til Leit. Barnebok. 1989 Tapt sak. Høyrespel. nrk 1989 Lyden av vatn. Roman. Samlaget 1990 Eg reiste gjennom dette mørke landet og møtte deg. Dikt. Samlaget 1991 På søvnen høyrer eg. Ein song. Samlaget 1992 Frå Samuel Eydes siste tid. Roman. Cappelen 1993 Sauenes liv. Biletbok. Cappelen 1994 Den gongen eg var elvefiskar. Biletbok. Cappelen 1995 Kjærasten min og andre dikt for store og små. Cappelen 1996 Bergfri og Kakaoen leitar etter morfar. Biletbok. Cappelen 1997 Bergfri og epleslangen. Biletbok. Cappelen 1998 Blendverk. Prosastykke. Samlaget 1998 Bergfri og kattungen. Biletbok. Cappelen 1999 Sørgedans. Poesi. Samlaget 2000 Hundre bønder. Dokumentarisk roman. Samlaget 2001 Reisa til D. Noveller. Samlaget 2002 Steinar Foten og Vekkarmannen. Barnebok. Samlaget 2002 Alltid likt å lese om krigen. Forteljing. Samlaget 2003 Skog. Roman. Samlaget 2004 Josefines songar. Dikt for barn. Samlaget 2005 Kraftverk. Roman. Samlaget 2007 Lommehunden frå Ribo. Roman. Samlaget 2008 Far og son (Soga om Pjakk). Roman. Samlaget 2011


[ 4 ]


«Det er ingen som skriv slik Rolf gjer, heller ikkje eg gjer det. Han har si røyst. Men kanskje har eg lært noko om korleis det vestlandske kan sjåast av å høyra på den røysta.» Jon F o sse , Bergens Tidende «Som lesar får eg kjensla av at for­ fattaren ikkje berre overraskar meg, men også seg sjølv undervegs.» brit bildøen, Klassekampen «Kvifor er det ikkje meir snakk om Rolf Sagen?» r agna r hovland, Klassekampen

Rolf Sagen kjøper ein båt på Nordvestlandet, og med den tidlegare sjømannen Arthur som reisekamerat, legg han ut på ferd langs norske­ kysten, ei ferd som skal vise seg å endre liva til dei to reisande. I den lyriske romanen ms Liv, basert på ei loggbok frå sommaren 1970, møter den ald­ rande forfattaren Rolf Sagen seg sjølv i ung utgåve. I skildringa hans verkar landskapet nytt, fylt av framtid og poesi, men òg av fortid som han nøler med å nærme seg.

ro lf s ag en • ms liv

Om Rolf Sagen:

ro l f sag en

MS LIV

rolf sagen (f. 1940) har gitt ut meir enn 30 bøker i mange sjangrar sidan han debuterte med diktsamlinga Dørklinker i 1968 som han fekk Tarjei Vesaas debu­ tantpris for. Sagen blei fødd i Vadheim i Høyanger kommune, men voks opp i Sykkylven. Sagen var tidleg ute med å med å blan­ de dokumentarstoff og skjønnlitteratur, t.d. i collagen Kvengedal frå 1970. Roma­ nen Mørkets gjerninger, som fekk Kri­ tikarprisen i 1976, blei eit gjennombrot. Blant dei viktigaste bøkene i livsverket hans er den elleville kultboka Springfart ved fjorden og den kritikarroste roma­ nen Lyden av vatn. Rolf Sagen grunnla Skrivekunstaka­ demiet i Hordaland i 1985 og verka som lærar og dagleg leiar der fram til han pensjonerte seg hausten 2007.


MS Liv