Skispor i Sunnmørsalpane

Page 1

SKISPOR I SUNNMØRSALPANE

85 SPEKTAKULÆRE TOPPTURAR

PÅL-ARE VADSTEIN

Eg ynskjer å dedikere denne boka til far min, som gjekk bort vinteren 2023 av kreftsjukdom. Han skal ha stor ære for mi glede av å bruke tid i naturen. Sidan min spede barndom har han teke meg med på turar, og var oppteken av at eg skulle oppdage gledene og rekreasjonen ein får i naturen. Skiturar, fotturar, fisketurar og teltturar stod sentralt i barndomen takka vere han. Alt dette gjekk føre seg i nærområdet sjølvsagt. Ilag var vi med på den lokale fjelltrimmen til idrettslaget og sanka poeng gjennom året, med nye toppar og turar på kjøpet. Takk for turgleda du introduserte meg for i barndomen, og som eg har teke meg med på livets reise sidan.

Pål-Are Vadstein

A lle f oto: Pål­Are Vadstein

b okde S ign: Øystein Vidnes · vidnes.xyz

f ont A r: Financier Text & Söhne av Kris Sowersby

kA rtgr U nnl A g: NVE Temakart (nlod 2.0)

P AP ir: G­print 130 g

t rykk og innbinding: Balto Print

© S k A ld 2023

www.skald.no

i S bn 978­82­7959­361­4

INNHALD FORORD 8 GEOGRAFISK AVGRENSING I BOKA 10 DET UNIKE MED SUNNMØRSALPANE 12 SKREDTRYGGLEIK 14 KORLEIS BRUKE DENNE BOKA 16 VOLDA 20 Åtvaring om mogleg avhengnad ØRSTA 88 Indre ro på tinden SYKKYLVEN 224 Å sleppe seg laus STRANDA 262 Rett på sak EIN EKTE VÅRSKITUR 308 UTSTYR 311 REFLEKSJONAR KRING FJELLNAMN – GODE OG DÅRLEGE 316 ETTERORD 319 TURANE I BOKA 322 INDEKS 323

FORORD

Sunnmørsalpane er forlokkande for kvar ei fjellgeit, især for dei av oss som føretrekkjer dryge kneiker og bratte unnabakkar med ski under føtene.

Difor kjenner eg meg svært privilegert som har fått vekse opp med fjella og bur midt i hjartet av dette spektakulære området. Så lenge eg kan hugse, har tindane verka tiltrekkjande på meg. Eg kallar fjella her for min eigen bakgard, då dei er så nære og lett tilgjengelege. Det treng nemleg ikkje gå mykje tid frå eg sit heime og ser ut på dei, til eg er undervegs langt inn i eit dalføre og legg skispor etter meg. Det er ikkje alle forunnt å ta seg slik ei spektakulær bakgardsøkt mellom lunsjen og middagsmåltidet.

Når tursekken er pakka og reisa mot ein ny topp er i gang, får eg eit verdfullt avbrekk som eg haustar godt av tilbake i kvardagens syslar. I det eg stig inn i fjellheimen, mellom dei steile bergsidene, veltar eit ras av inntrykk over meg. Det dramatiske landskapet i drivkvit vinterkåpe, lyden av ski som bryt snøen, sola som klyv tinderekkja i aust, og lukta av å vere på tur. Ja, då har eg investert i kvalitetstid og trykt på pauseknappen. Utan å tenkje over det forsvinn eg inn i mi eiga boble, der eg set kropp og sjel på lading. For fjella representerer noko heilt annleis enn kvardagens plikter og gjeremål. I tynn luft mellom tindar, horn og niper kan eg roe ned og samle tankane. Dei vert ein tydeleg og viktig kontrast til kvardagens mas og kjas. Sjølv om eg brukar Sunnmørsalpane heile året, og kvar årstid er spesiell på sin måte, er det ikkje til å leggje skjul på at vinter på ski er noko av det ypparste eg kan bruke tida mi på. Jau visst er sommaren fin, han, men eg må innrømme at det fort vert ei tid som går til å drøyme seg vekk til dagar med metersdjupt pudderføre. Augeblinkar der eg kan danse nedetter fjellet med kalde og lette snøkrystallar føykjande mot andletet. Når sommaren er på hell og fjellet tek på seg haustdrakta, gjeld det å byrje å gjere seg klar. Det er noko eige med vinterturane. Anten det er i botnlaus pudder eller på finfint sløsjføre, er det lite som kan måle seg med å la skileiken styre mot fri utfalding på veg ned frå dagens tindemål. Eit skispor i snøen er vakkert, eit retteleg stykke kunstverk, spør du meg – ein signatur der menneske og natur spelar på lag. Så forsvinn det ved neste snøfall, og fjellsida

8

ligg igjen rein og ny, med blanke ark. Heilt til nokon kjem og teiknar eit spor igjen.

Frå før har eg skrive boka Skjulte perler i Sunnmørsalpane, som er ei rein fotturbok. No var det på tide å lage ei bok om ski og vinterfjellet. Etter å ha lagt tallause spor på kryss og tvers i Sunnmørske fjellsider, oppetter­nedetter­utetter­innetter, sit eg att med mange skieventyr i minnebanken. Eg håpar at denne boka kan gi inspirasjon til lesaren, og medverke til å hylle den eksepsjonelle naturen vi har rundt oss. Sunnmørsalpane er vakre i vinterkåpa, og forma på dei er ypparleg for toppturar.

Fjella er som skapte for at nokon skal signere dei med jamne, fine skispor, som skal pryde fjellet og vitne om mennesket sin instinktive trong til å finne glede og overskot i naturen. Nyt vinteren, utnytt det kvite gullet som kjem dalande frå oven – og legg mange flotte skispor i Sunnmørsalpane!

Pål-Are Vadstein

GEOGRAFISK AVGRENSING I BOKA

Omgrepet «Sunnmørsalpane» vart truleg nytta fyrste gong av Emanuel Mohn i 1882 i Turistforeningens Aarbog om fjella på «den store halvø». Men avgrensinga av Sunnmørsalpane er ikkje heilt klart definert og vert nytta ulikt mellom folk. For meg er ikkje Sunnmørsalpane absolutt alle fjella på Sunnmøre frå vest til aust, sør til nord. Kolås­halvøya og Råna­halvøya er sjølve kjerneområdet av det karakteristiske alpelandskapet på Sunnmøre. I hovudsak gjeld dette fjella som reiser seg opp frå Hjørundfjorden. Her er fjella svært varierte med nåler, pinaklar, brear og karakteristiske formasjonar. Nokre av fjella er rett nok også avrunda i forma, men det er her på desse to halvøyane at landskapet er på sitt aller villaste.

Ein finn mykje ulik topografi på Sunnmøre, alt etter om ein er i ytre, midtre eller indre strøk. Halvøyene Kolås og Råna er i midtre del av området. Dei ytre strøka er prega av kystlandskap med øyar og skjergard, medan ein i indre strøk (aust for Sunnylvsfjorden) finn høgre og meir avrunda fjell. Men det er i dei midtre strøka, rundt Hjørundfjorden, at det er verkeleg tett mellom dei markante alpine fjella.

Dette speglar seg att også i namna på fjella her. Dei fleste fjella på Sunnmøre sluttar på anten «horn», «fjell», «nipe/nibbe» eller «egg» og ikkje minst «tind». Heile 75 prosent av alle fjellnamn på Sunnmøre som har tind i namnet, er lokaliserte i midtre del. Dette seier noko om kvar i området ein finn flesteparten av dei alpine fjella.

Kvar grensene for Sunnmørsalpane går, er det mange meiningar om. Dei fleste er samde om sjølve kjerneområdet, men det kan visseleg vere meir diskusjon om kvar randsonene er. For meg er Sunnmørsalpane avgrensa innanfor desse områda:

• Fjella på båe sider av Hjørundfjorden, Ørstafjorden, Sykkylvsfjorden og Austefjorden

• Fjella aust for Vartdalsfjorden

• Fjella langs Dalsfjorden

• Fjella vest for Storfjorden og Sunnylvsfjorden

• Fjella nord for Hornindalen

10

DET UNIKE MED

SUNNMØRSALPANE

Å kunne renne på ski samanhengande frå ein sylskarp tind og ned til tang og tare i strandkanten 1500 høgdemeter lengre nede, er ganske unikt. Frå enkelte toppar kan ein flytte seg frå det alpine til det marine på berre 10–15 minutt om ein så må.

Taggane og dei opprivne eggene i Sunnmørsalpane har sitt opphav mellom anna i at fjellet har stått over isen og breen i istider. På denne måten har fjellet forvitra, og råskapen vart gjennomgåande for området. Med tid og stunder fekk fjellet sylskarpe egger med særeigne formasjonar, som for oss menneske er til å verte fjetra av; nåler, pinaklar, brear og karakteristiske figurar. Dalane vart fylte av brear som utvida dei i både breidde og djupne. Vi fekk stupbratte fjellsider og djupe botndalar. Breane grov ut fjordane, som saman med dei høge fjella ikring danna kjempegrøfter som skar seg beint inn i fastlandet. Såleis skal vi takke fleire istider for dette ville og dramatiske landskapet her i det nordvestre hjørnet av Sør­Noreg.

Ofte startar fjellturane i Sunnmørsalpane rett på sak, med bratt motbakke så å seie frå fyrste steg. Dette gir ei effektiv forsering av høgdemeter, og dermed vert mange av fjellturane her høvesvis korte i kilometer. Langs fjorden og dalane som trengjer inn frå fjordvikane, er det mange spektakulære hengjedalar. Lisje Trandaldalen, Konedalen og Skipedalen kan nemnast som typiske i så måte. Det er gjerne bratte oppgangar til desse dalføra. Ikkje minst må ein rekne med tettvaksne skogslier som røyner på kreftene. På vårskiturar kan det også vere strevsamt å krysse den strie elva som fossar ned frå hengjedalen på ferda si vidare mot havet.

Lite slår å flyte med to breie plankar på tørt, iskaldt, deilig og fjørlett pudder. I Sunnmørsalpane har eg tilgang på dette like i nærleiken til sivilisasjonen. Slik kan eg ta meg ein skitur i verdsklasse, også når eg eigentleg ikkje har tid til å stikke av. Heime i godstolen har eg utsikt til Vassdalstinden, Saudehornet og Kyrkjetinden. Får eg ånda over meg, skal du ikkje sjå vekk ifrå at eg står der oppe sjølv etter eit par timar. Meir luksus enn dette veit eg ikkje av.

12

Jeg kjenner intet alpeland i Norge, Sveits eller Alpene overhode som besitter så stor skjønnhet som den man finner i Sunnmøre. Der finner man rikere scenerier, fruktbare scenerier, scenerier av mer vill storhet. Men intet sted er der en så rik forening av henrivende fjellformasjoner, smilende forgrunner, innelukkede fjorder og strålende fargeglans over det hele som det deilige Sunnmøre.

Utgangspunktet

Sunnmørsalpane er kjende for høg skredaktivitet. Opp gjennom åra har det gått fleire store, landskjende snøskred her som har hatt dramatiske utfall. I vinterfjellet har vi laussnøskred, flakskred, svaskred og solskred. Alle er farlege på kvar sin måte. Faren for skred er naturlegvis noko lesaren må ta innover seg. Utgangspunktet for kvar einaste toppturgåar er at det alltid kan vere potensial for snøskredfare, både på vegen opp til toppen, så vel som under den korte og raske nedkøyringa frå dagens turmål.

Å kunne stå imot freistnader

Ikkje la deg lure av blå himmel og sol. Det er gjerne dei dagane med best skiforhold isolert sett, som også byr på størst skredfare – til dømes ein dag etter eit stort snøfall med mykje forlokkande pudder i solbada fjellsider. Då gjeld det å ha sjølvdisiplin og stå imot freistnadene. Som pudderhund har du sannsynlegvis sterke instinkt som trekkjer deg mot dei lunefulle, bratte fjellsidene, men det kan vere lurt å ha is i magen og la snøen få setje seg nokre dagar. Lat ikkje perfekt pudderføre trumfe tryggleik. Kom deg gjerne ut og nyt forholda, men legg rutene deretter.

SKREDTRYGGLEIK
14

VOLDA KOMMUNE

Åtvaring om mogleg avhengnad

Eg finn den aller største grunn til å gi lesaren ei kraftig åtvaring mot at dette lesestoffet kan medføre ein sterk trong til å stendig oppsøkje tindar og elles tynn luft. Før du går inn i denne guiden, tilrår eg at du gjer dine refleksjonar rundt kva det vil innebere for deg og dine nærmaste om du blir avhengig. Og korleis dette kan rokke ved den dei kjenner deg som i dag.

Det er nemleg ikkje usannsynleg at du vil verte aldeles fjellfrelst allereie etter eit par–tre vellukka toppturar. Og er du fyrst komen så langt, er eg redd for at du alt er vorten avhengig, og «tapt» til fjellet for godt. Heretter vil det lokke på deg helg etter helg, og du vil ikkje klare å stå imot. Det vil typisk freiste med pudder, sol, sløsjføre, gripande utsikt, akkurat høvelege fysiske og psykiske utfordringar, mykje trivelege turfolk og så bortetter. Dei djerve fjellkreftene har mange verktøy i kofferten.

20 VOLDA KOMMUNE

Du vil til ei viss grad få fred i sommarmånadene, men eg skal love deg at abstinensane byrjar å auke i styrke i slutten av august igjen. I september har som regel det fyrste melisdrysset lagt seg over dei høgste toppane, og då går du for alvor over i ein rastlaus og uroleg tilstand. Dei neste månadene fram mot jul vert ei kjenslemessig berg­ og­ dal­bane. For på denne tida kjem plutseleg vinteren, men så kan han reise like fort. Og så kjem han igjen. Då du trudde at no var han komen for å bli, ja, så skal ikkje det meir til enn ei veke med fønvind eller skyer frå sørvest før du står ribba igjen og må konstatere at skiføret brått forsvann endå ein gong – heilt til neste dryss.

21 VOLDA KOMMUNE

1

Storetuva er eit kort og sjarmerande toppturalternativ. Her får du noko av det aller beste av panorama til Volda sentrum og omegn. Storetuva er ikkje den høgste toppen, og heller ikkje den mest alpine, men har likevel mange andre svært gode kvalitetar som ein toppturentusiast vil verdsetje. Trass få høgdemeter får du ei overveldande utsikt når du kjem opp. Frå toppen har du eit breitt utsyn bort til bygdebyen Volda på andre sida av Voldsfjorden, som ligg der djup og blå og dannar kontrastar til vinterfjellet du no står på. I tillegg har du nærleik til fjorden heile turen. I starten har du inngangen til Austefjorden bak deg, og når du kjem opp på toppryggen, ligg Voldsfjorden for dine føter der nede. Ein annan turingrediens som er verdt å nemne her, er den idylliske Straumssetra, ei lita, skjult perle av ein støl i Sunnmørsalpane.

LENGDE : 6 km | VANSKEGRAD : LETT

MERKNADER : Orienteringsvanskar i toppområdet ved dårleg sikt og flatt lys

Nivane Molladalstindane Vassdalstinden Storetuva
STORETUVA 826 moh.
22 VOLDA KOMMUNE
Veirahaldet Råna Koppefjellet Kolåstinden Sætretindane 23 VOLDA KOMMUNE

Køyr til Straumshamn anten via Folkestad, via Bjørkedalen eller via Høydalen lengre inne i Austefjorden. Start frå gamleskulen på Straumshamn og gå opp til nærmaste gardstunet ovanfor skulen. Her startar setrevegen til Straumssetra. Spenn på deg skia her og legg i veg oppetter vegen som svingar seg oppover i den austvende lia. Gå heile setrevegen opp til Straumssetra, og ta inn på ryggen over Straumsvatnet. I moderat og jamn stigning følgjer du ryggen i nordvestleg retning. Etter kvart flatar det ut, og du kan gli i lettlynde bort til Storetuva, der ho ruvar over Folkestaddalen på eine sida og Krumsvikdalen på andre sida. Returen tek du same veg som du kom opp, i fint og snilt skiterreng.

400 6 0 0 600 823 792 vatnet FolkestadLitledalen S t o r e t u v a 600 600 600 6 00 400 400 4 0 0 681 698 672 581 826 760 Litlevatnet Straumsvatnet s t i g e n S æ t r e h o r n e t Langevatna 400 400 400 557 d a l e n K r u m s v i kS æ t r e h o r n e t Krumsviksætra 400 400 Stigedal 587 560 Ljøshaugvatnet Straumselva M e k n a k k e n Straumssætra Straume Årvika Meksæ Åshamm hamn StraumsSmåvikane BotnaKarteksport 1 km 24 VOLDA KOMMUNE

2 KLAKKEN 1256 moh.

Bjørkedalen har fleire fine toppturperler, i eit generelt litt snillare skiterreng enn området lengre nord i Sunnmørsalpane. Lisje ­Toren er eit særs fotogent fjell med sin karakteristiske og vakre profil sett frå nord, medan Klakken er den meir anonyme og høgre nabotoppen, faktisk nær 100 meter høgre. Klakken er eit godt turtips til ein roleg og slakk tur i den Sunnmørske fjellheimen, men ein må likevel vere innstilt på å bruke dagen, for det er ein heller dryg tur dersom ein må ta til å gå heilt nede ved busetnaden i Bjørkedalen og ikkje kan køyre fram til Laurdalssetra. Når du fyrst er i området tilrår eg å kombinere Klakken med ein tur opp til Lisje­Toren fyrst. Turskildringa nedanfor innheld difor båe desse destinasjonane.

LENGDE : 7 km |

VANSKEGRAD : MIDDELS TUNG

MERKNADER : Skredutsett opp ryggen ved Mjeltefjellelva.

Skavlar i toppområdet.

Lisje-Toren Felden 25 VOLDA KOMMUNE
Klakken Snøhornet

ØRSTA KOMMUNE

Indre ro på tinden

Med eitt har Sunnmørsalpane igjen vorte kvite. Lite slår å kome seg opp i gryotta før dagens gjeremål og plikter står for tur. Vintermorgonen i fjellet ligg der kald og klår. Eg traskar i veg og legg spora i snøen, og lyser framom meg med hovudlykta fram til dagsljoset sitt frambrot. Nøgd syg eg på dagens vitaminpille og nyt etter kvart godt av å ha trassa dei litt hustrige og kalde fyrste ti minutta i starten av turen. Det er mørkt og stille i skogbeltet eg stadig forserer. Snødottane ligg tjukke og saftige på kvar ei grein, og dei spinklaste greinene har måtta bøye av for vekta. Skiplankane sklir gjennom pudderet lett som ein varm kniv i smør. Eg må krøkje meg under ei grein som har lagt seg i spenn. Sekken sneier ho likevel, og snøfnugg dryssar over topplua. Tankane vandrar i det eg legg spora rundt trestammar og nedsnøa einebusker. Avstanden mellom treklyngjene vert sten­

88 ØRSTA KOMMUNE

dig større, og brått har eg kome ut or skogen og over i opnare lende. No står eg i dalmunningen, og terrenget flatar ut. Eg gir meg sjølv tid til å stogge opp og kjenne godt etter på stilla. Høyrer berre eigen pust og eigne rørsler idet tek retning innover dalføret. Det einaste som bryt stilla, er knirkelyden som vert skapt av friksjonen mellom binding og skor. Ikkje eit vindpust, ikkje ei sky. Dagsljoset sig på, og eg får staka meg ut eit høveleg retningsval i sida mot toppen. Eg skjer av dalføret og byrjar på den verkelege motbakken. Hovudlykta er komen i sekken, og dei fyrste solstrålane kastar glans på tinden eg jaktar. Eg stig raskt i det bratte lendet, der spora går i sikksakk med fine og jamne drag i søket etter stendig tynnare luft. Så kjem eg til ein knekk i terrenget som eg har peika meg ut som ein mogleg stad for ein femminuttars. Med overkroppen bøygd over stavane senkar eg pulsen og lèt blikket gli over tindepanoramaet framføre. Kulissane er overveldande. Tronge fjordar er innelukka av steile bergsider som stig mot himmelen, der dei endar i sylskarpe spir og dramatiske fjellformasjonar.

Flogfjell, stupbratte gjøl, hamrar og opprivne sår i landskapet

89 ØRSTA KOMMUNE

24 HYNINGANE 1018 moh.

Ein tur til Hyningane gir store kontrastar med panaroma til Sunnmørsalpane eine vegen og til øyriket og kysten den andre vegen. Eg tilrår særskilt turen som kveldstur på våren, då vil du få med deg nydeleg solnedgang på kjøpet. Hyningane er sjeldan vitja, men fleire og fleire er i ferd med å oppdage dette løyndomsfulle og veleigna toppturområdet ytst i Ørstafjorden.

LENGDE : 4 km | VANSKEGRAD : Middels tung

MERKNADER : Skavlar på toppen, som smalnar av mot nordvest med stup og steile sider.

Ta deg til Liadal og køyr opp til øvste garden på Halse, på same måten som i førre ruteskildring (rute nr. 23). Gå så fram i retning Liadalssetra, men drei til høgre og skrå nordaustover oppgjennom til Leitet. Dette er ein idyllisk støl. Hald no fram i same retning, med Svenskedalen på høgre hand. Turmålet er i sikte mest heile vegen, så du slepp å lure på kor langt det er att til kvar tid. Ryggen flatar no litt ut, før han bratnar til ei kort kneik igjen opp til topps. I toppområdet må du halde god avstand

94 ØRSTA KOMMUNE
Saudehornet Akslahornet Hyningane Langheida Eidskyrkja 400 B j ø r n d a l e n Liadal 1000 649 S k å l a s k a r e t 800 800 800 400 400 400 600 600 6 0 0 200 200 Liadal svegen L i d a Liadalsdalen V a r d a n e S k å l a E g g a Svenskedalen voll HåHalse Leitet 2 0 0 4 0 0 Nykkjavatnet Blåfjellvatnet Nakkevatnet L i a d a l s n i p a B l å f j e l l e t Sandvika Flesjen 600 1045 800 8 0 0 800 600 6 0 0 445 450 453 642 643 665 666 667 667 667 1018 80 925 982 Stillevadet m u n n e n Ø r s t aH y r n i n g a n e S t a b b e n H e s t e r y g g e n T v G r ø t h o r n e t 8 00 6 0 0 600 600 400 H e i d s k r e d h o r n Skorgedalen B j ø r n a s t i g h o r n e t L a n g h e i d a Skorgesætra 23_Hyningane2 0 0 1 km 95 ØRSTA KOMMUNE

SYKKYLVEN KOMMUNE

Å sleppe seg laus

Eg står på toppen og har nett teke meg ein velfortent kvil etter dei nådelause motbakkane på vegen opp hit. No er det tid for den faste prosedyren før nedrensla. Eg riv fellar or ski. Knepper klemmene på skorne og strammar til. Spenner skia på og triv sekken. Dobbeltsjekkar at tryggleiksutstyret er på plass og fungerer. Stakar ut kursen ned att.

No skjer det, eg bikkar ut for sida. Ein, to, tre, og vips, er eg i gang! No byr fjellet opp til dans. Frå toppen leikar eg meg ned mot fjorden igjen i full fart. Tinden regisserer scena i det eg dansar nedover sida, medan pinaklar, brear og karakteristiske fjellformasjonar utgjer kulissane. Langt der nede blenkjer ein blånande og brådjup fjord i solskinet. Han speglar fjella ikring, og ein eller annan stad i biletet finst eg som ein ørliten prikk i

224 SYKKYLVEN KOMMUNE

det gigantiske fjellriket. Det heile veltar over meg, dramatisk og overveldande, men likevel finn eg slik ei ro og harmoni i landskapet. For ei lita stund, nesten utan å merke det sjølv, melder eg meg totalt ut av omverda. Det går på autopilot no, og eg finn takt og rytme. Er i flytsona og har ei kjensle av kontroll. Svingane sit perfekt, og fjellet speler på lag. Svisj, svosj, som hjå ein ekte pudderhund tek instinktet over. Her skal det ikkje sparast på noko, nei, det er full gass. Iveren det utløyser, minner meg på kvifor eg på nytt og på nytt orkar å streve i timevis i brattlendte motbakkar for nokre skarve minutts skikøyring ned att. I pudderføre og med breie plankar under beina har eg gjort unna ei høveleg tidtrøyte i ei oppriven og utettervend fjellside, bada i dagens seine solstrålar.

225 SYKKYLVEN KOMMUNE

64 SKOPPHORNET 1236 moh.

Heilt ytst i Hjørundfjorden ruvar Skopphornet som eit stort og markert landemerke ovanfor den idylliske, litle bygda Hundeidvik. Skopphornet viser særleg godt att i landskapet sett frå Festøya, der du kanskje sit i bilen og ventar på ei ferje. Toppplatået er stort og vidt, men alle som tek seg hit må vere heilt klår over at det stuper ned i steilbratte sider både i vest og aust. Dette er ikkje turen å legge ut på i dårleg sikt, med andre ord –her må ein kunne orientere seg i lendet. Men på klårversdagar ligg den fantastiske sørryggen bada i sol, og innbyr til ei jamn, fin, 700 høgdemeters nedkøyring frå toppen og ned til Storevatnet. Derifrå krusar du vidare nedover Megardsdalen, forbi Megardsstøylen, og heilt tilbake til utgangspunktet nede i Hundeidvika.

LENGDE : 6 km | VANSKEGRAD : Middels tung

MERKNADER : Skredutsett i sørsida frå Mevatnet og Storevatnet, og opp til topplatået. Stup og bratte renneformasjonar i toppområdet mot vest og aust.

Tidleg på vinteren må du starte ved eit sandtak nede i Hundeidvika. Då ventar ein dryg anmarsj fram til Megardsstøylen, der stigninga verkeleg byrjar. Seint på sesongen kan du køyre fram til ei rundkøyring og den vanlege starten på sommarruta

226 SYKKYLVEN KOMMUNE
227 SYKKYLVEN KOMMUNE

STRANDA KOMMUNE

Rett på sak

Eg er på veg til ein tind heilt i mi ånd. For turen til denne tinden er rett på sak. Regelrett på sak. Ikkje noko tullball. Ikkje nokon lang anmarsj før oppstigningsarbeidet byrjar. Ikkje noko opp, ned, opp, ned, opp. Ikkje noko bortetter, langsetter, utetter og attover. Ingen bortkasta meter utan å kome meg høgre opp i same slengen. Nei, dagens utvalde tind går ikkje rundt grauten. Han leikar ikkje med meg på den måten. For denne tinden er dønn ærleg. Ingen falske horisontar. Ei heller ingen fortoppar som lurer meg trill rundt. Dette er heil ved.

Oppe i dalmunningen hevar eg hovudet mot aust. Høgt og langt der oppe lokkar varden. Eg veit kvar eg skal. Det er berre å gyve laust på neste bratte, bryte seg opp, heile tida med fjord­

262 STRANDA KOMMUNE

utsikt. Det vert brattare og brattare, og det er lite meir å hente på sikksakk­gåinga. Eg hiv ski og stavar på ryggen og kler meg i stegjarn og isøks. Skaresnøen ber meg. Samstundes veit eg at sola vil tine underlaget akkurat passe til eg skal ned att med ski under føtene. Så, best som det er, står eg rett framfor varden. Eg er komen opp, og landskapet ikring openberrar seg. Endå meir fjell. Stein på stein, med lag etter lag av snø over seg. Langt der nede i låglandet er ikkje snø. Men der er hus. Der er folk. Eit staseleg hotell står der òg. Eg veit at nokon vedar. Nokon køyrer gjødsel på markene. Nokon er ute på fjorden og testar fisket. Og kva med landhandelen midt i bygda, nokon er sikkert der òg? Og eg er på tinden. Og har det kanskje best av alle.

263 STRANDA KOMMUNE

72 LØFONNFJELLET 1178 moh.

Løfonnfjellet og naboen Rødsethornet er to fjell som kneisar på austsida av den lange og flotte fjellrekkja langs Strandadalen, heilt inst på Rånahalvøya. Løfonnfjellet har fått namnet sitt etter at ei fonn frå dette fjellet ein gong tok ei løde, som er eit dialektord for løe/fjøs. Rødsethornet reiser seg over gardane Rødset. Ein topptur til Løfonnfjellet frå Fjørstad er ein skitur av den klassiske, gamle sorten, og om du har krefter og motivasjon att, kan det vere ein god idé å ta med seg Rødsethornet i same slengen.

LENGDE : 5 km | VANSKEGRAD : Lett

MERKNADER : Skredutsatt der ruta går under Heimste Blåhornet.

Køyr nedover eller framover Strandadalen, alt etter om du kjem frå Stranda eller Hellesylt. Framanfor gardane på Fjørstad står eit kvitt forsamlingshus om lag 100 meter frå vegen, på austre side. Her er det lagt til rette for parkering med betaling. Start turen her og gå opp i den vestvende skogslia heilt opp til Fjørstadsetra. På vegen opp går du gjennom beitelandskap og spreidd lauvskog, og du held til høgre for Tverrelva. I skoggrensa følgjer du ein morenerygg og passerer setra. Om lag ein kilometer etter

4 0 0 Emdalsgjerdet Emdalen Slettvollen 40 0
264 STRANDA KOMMUNE
971 Rødset 600 60 0 800 800 1 000 4 00 400 D a le v e g en 1178 1085 h o r n e t R ø d s e tn Fjørstad Fram-Fjørstad Heimfjørstadsætra 80 0 6 0 0 4 0 0 J u k l e s t r i k e t 1 0 0 0 1000 Blåhornv Fj Karteksport Løfonnfjellet L øfonnfjellet 1 km 265 STRANDA KOMMUNE

I

SUNNMØRSALPANE

kan du renne tusen høgdemeter frå steilande tindar ned til taren i fjøra på under ein time. Med dette skiparadiset i bakhagen vaks forfattar Pål-Are Vadstein opp, og som vaksen nyttar han framleis flesteparten av sine vakne timar til å spore opp dei vakraste rutene til dei mest spektakulære toppane. Dei beste har han samla i denne boka.

Her finn du 85 turar for heile sesongen – frå første snøfall til dei siste, solfylte skidagane langt utpå seinvåren. Rutene er rikt illustrerte og graderte etter vanskegrad. I tillegg inneheld boka gode råd om utstyr, skredtryggleik og fjellvit. Boka er perfekt for deg som drøymer om å klokke inn dei klassiske sunnmørstoppane, men óg for deg som jaktar ukjende perler og mindre opptrakka stier.

ISBN 9788279593614

PÅL-ARE VADSTEIN (f. 1982) er frå Ørsta, sjølve hjartet i Sunnmørsalpane. Han er utdanna ingeniør og lærar og arbeider som prosjektleiar i bygg- og anleggsbransjen. Fritida brukar han til å utforske kvar krik og krok i Sunnmørsalpane, gjerne med ski på beina, og det er knapt ein fjelltopp i området han ikkje har vore på. Tidlegare har han skrive boka Skjulte perler i Sunnmørsalpane: 116 fantastisk fotturar.

SKALD.NO

ISBN 978-82-7959-361-4

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.