Då Ivan Iljitsj døydde

Page 1

lev tolstoj

Då i van i ljitsj

D øy DD e

DÅ IVAN ILJITSJ DØYDDE

frå russ I sk ve D Ge I r Pollen

skal D 2023

l ev t olstoj

Skrifttypane i denne boka – Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk – er utvikla spesielt for Skalds klassikarar av skriftdesignaren Stefan Ellmer. Dei er ei indirekte omsetjing av dei ikoniske skrifttypane Nicolas Jenson utvikla i Venezia rundt 1470, med inspirasjon frå den britiske og amerikanske rørsla av uavhengige forlag som tidleg på 1900­talet utvikla sine eigne versjonar av desse gamle skrifttypane. Målet med skrifttypen Skald er å presentere dei nye omsetjingane i Skalds serie på ein klar, unostalgisk, open og inviterande måte, men likevel med særpreg. Utgivinga er støtta av Norsk kulturfond.

or IGI nalt I ttel : Смерть Ивана Ильича (1886)

t ekst : Lev Tolstoj

o msetjar : Geir Pollen, mno

ser I e D es IG n : Andreas Töpfer & Øystein Vidnes

sats : Øystein Vidnes

Illustrasjon : Andreas Töpfer

f ontar : Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk av Stefan Ellmer

Pa PI r : Munken Print Cream 1.8, 90 g

t rykk o G I nnb I n DI n G : Livonia Print

© skal D 2023 www.skald.no

I sbn 978 ­ 82 ­ 7959 ­ 359 ­ 1 97 882 79 59 35 91

ISBN 9788279593591

5
6

Ie I n P ause un D er rettsmøtet mot Malvinskij i den store justisbygningen møttest medlemene og statsadvokaten på kontoret til Ivan Jegorovitsj Schebeck, og samtalen kom inn på den kjende Krasovskij-saka. Fjodor Vasiljevitsj fyrte seg opp og ville prove at saka ikkje høyrde heime i denne retten, Ivan Jegorovitsj stod på sitt, medan Pjotr Ivanovitsj, som ikkje hadde blanda seg inn i diskusjonen frå byrjinga av, heldt seg utanfor og stod og bladde gjennom «Vedomosti», som akkurat var komen inn døra.

– Mine herrar! sa han, – Ivan Iljitsj er død.

Nei, er det sant?

Ja, les her, sa han til Fjodor Vasiljevitsj og rekte han den ferske avisa som det enno lukta trykksverte av.

Der stod å lese, med svart sørgjerand rundt: «Det er med djupaste sorg Praskovja Fjodorovna Golovina kunngjer for slekt og kjende at hennar høgt elska ektemann, overrettsdomar Ivan Iljitsj Golovin, gjekk bort 4. februar 1882. Gravferda vil finne stad fredag klokka eitt.»

7 I

Ivan Iljitsj hadde vore kollega av dei som no var samla her, og alle heldt av han. Han hadde vore sjuk nokre veker, og det blei sagt at sjukdomen hans var ulækjeleg. Plassen hans stod open etter han, men meininga var at om han døydde, kunne Aleksejev utnemnast i stillinga hans og anten Vinnikov eller Stabel overta stillinga til Aleksejev. Såleis var den første tanken som slo herrane som var samla på kontoret, då dei fekk høyre at Ivan Iljitsj var død, kva dødsfallet ville få å seie for forflyttingar eller forfremjingar av dei sjølve eller personar dei kjende.

«No vil eg truleg få stillinga til Stabel eller Vinnikov», tenkte Fjodor Vasiljevitsj. «Det er lenge sidan dei lova meg henne, og forfremjinga gjev meg åtte hundre rublar i lønspåslag ved sida av kontorpengane.»

«Eg må be om at svogeren min blir overført frå Kaluga», tenkte Pjotr Ivanovitsj. «Kona vil bli veldig glad. No vil ingen kunne seie lenger at eg aldri gjer noko for slektningane hennar.»

– Det var det eg trudde, at han aldri ville kome seg på føtene att, sa Pjotr Ivanovitsj høgt. – Synd.

– Men kva var det eigentleg som feila han?

– Dokterane kunne ikkje stille diagnosen. Det vil seie, dei stilte forskjellige. Sist gong eg såg han, syntest eg at han såg betre ut.

– Og eg har ikkje vore hos han etter ferien. Eg kom meg ikkje til det.

– Hadde han formue?

– Kona har visst litt. Men det er ingenting å snakke om.

– Ja, vi må reise dit. Dei budde så frykteleg langt unna.

8

Langt unna deg, meiner du. Frå deg er alt langt.

– Eg blir vel aldri tilgjeven for at eg bur på den andre sida av elva, sa Pjotr Ivanovitsj og smilte til Schebeck. Så byrja dei å snakke om dei lange avstandane i byen, og gjekk inn til møtet igjen.

Bortsett frå dei tankane som dette dødsfallet fekk den einskilde til å gjere seg om dei omplasseringane og moglege stillingsendringane som kunne bli ei følgje av det, framkalla sjølve det faktum at ein nær kjenning var død, då dei fekk høyre om det, som alltid ei kjensle av glede over at det var han som var død, og ikkje dei sjølve.

«Nei, tenk at han er død og ikkje eg», tenkte eller følte dei. Samstundes tenkte dei som stod han nærmast, dei såkalla venene av Ivan Iljitsj, uunngåeleg også på at no måtte dei utføre nokre særs keisame høflegheitsplikter og dra til sjelemessa og til enkja i kondolansevisitt.

Nærmast av alle var Fjodor Vasiljevitsj og Pjotr

Ivanovitsj.

Pjotr Ivanovitsj hadde vore ein kamerat frå den juridiske lærestaden og syntest at han skulda Ivan Iljitsj det.

Då han hadde ete middag og fortalt kona si om dødsfallet og om dei sjansane det opna for at svogeren kunne bli overført til deira distrikt, la Pjotr Ivanovitsj seg ikkje nedpå for å kvile, men tok på seg snippkjolen og drog ut til Ivan Iljitsj.

Ved innkøyringa til bustaden stod ein karet og to kuskar. Nede, ved stumtenaren i forstova, var eit glasert kistelokk med duskar og blankpussa tresser stilt opp mot veggen. To damer i svart tok av seg pelskåpene sine. Den

9 –

eine var søster til Ivan Iljitsj, den andre ei framand. Ein kollega av Ivan Iljitsj, Schwartz, som skulle til å gå ned trappa, stansa på øvste trinnet då han fekk sjå kven som kom inn, og blunka til han, som om han ville seie: «Ivan Iljitsj har stelt seg toskete; det er noko anna med oss.»

Andletet til Schwartz med engelsk kinnskjegg og heile den magre figuren i snippkjole hadde, som alltid, noko elegant høgtideleg over seg, og dette høgtidelege, som alltid stod i kontrast til den spøkefulle karakteren hans, fekk her ein særleg spiss. Slik tenkte Pjotr Ivanovitsj.

Pjotr Ivanovitsj lét damene gå først og følgde langsamt etter opp trappa. Schwartz kom ikkje ned, men blei ståande der oppe. Pjotr Ivanovitsj skjøna kvifor: Han ville tydelegvis avtale kvar dei kunne møtast til eit parti whist same dag. Damene gjekk opp trappa og til enkja, medan Schwartz med alvorleg samanknipne, kraftige lepper og eit lettsindig blikk trekte på augnebrynet for å vise Pjotr Ivanovitsj til høgre, inn i rommet der den døde låg.

Pjotr Ivanovitsj gjekk inn og var som vanleg i villreie om kva han måtte gjere der. Det einaste han visste, var at det aldri kunne skade å krosse seg i slike tilfelle. Om han også skulle bukke, var han ikkje heilt sikker på, og difor valde han noko midt imellom: Då han kom inn i rommet, byrja han å krosse seg og gjorde noko som kunne likne på eit lite bukk. Samstundes såg han seg rundt i rommet så godt det lét seg gjere medan han stod slik med armane og hovudet. To ungdomar, den eine gymnasiast, truleg nevøar av den avdøde, krossa seg og gjekk ut. Ei gamal kone stod utan å røre på seg. Og ei dame med merkeleg

10

heva bryn kviskra noko til henne. Ein diakon kledd i frakk, livsglad, energisk, las noko høgt med eit uttrykk som utelukka innvendingar; hustenaren Gerasim gjekk med lette steg framom Pjotr Ivanovitsj og strødde noko på golvet. Då Pjotr Ivanovitsj såg det, kjende han straks ei svak lukt av lik som gjekk i oppløysing. Sist gong Pjotr Ivanovitsj besøkte Ivan Iljitsj, hadde han sett denne bondetenaren på kontoret; han gjorde teneste som sjukepleiar, og Ivan Iljitsj var særleg glad i han. Pjotr Ivanovitsj krossa seg framleis og bukka lett i retning mellom kista, diakonen og ikona på bordet i hjørnet. Deretter, då han syntest at handa hadde gjort denne krossrørsla meir enn lenge nok, heldt han opp og gav seg til å studere den døde. Der den døde låg, slik døde alltid ligg, med dei stive lemene tungt nedsøkkte i kledningen i kista og hovudet for alltid bøygd bakover på puta, viste han fram, slik dei døde plar å vise fram, den gule, voksbleike panna med berre flekkar rundt dei innfalne tinningane og den utstikkande nasen, liksom trykt ned på overleppa. Han hadde forandra seg særs mykje, var blitt enda tynnare sidan Pjotr Ivanovitsj hadde sett han sist, men som hos alle døde var andletet vakrare og, framfor alt, meir verdig enn det hadde vore då han levde. Over andletet låg det eit uttrykk som sa at det som måtte gjerast, var gjort, og at det var gjort rett. Dessutan låg det i dette uttrykket også ei bebreiding eller påminning til dei levande. Denne påminninga oppfatta Pjotr Ivanovitsj som malplassert eller, i det minste, irrelevant for han sjølv. Noko fekk han til å kjenne seg utilpass, og difor skunda Pjotr Ivanovitsj

11

seg å krosse seg enda ein gong, for fort til å vere heilt passande, følte han, før han snudde seg og gjekk mot døra. Schwartz venta på han ute i gangen, med brei beinstilling og begge hendene leikande med flosshatten bakpå ryggen. Eit blikk på den lettsindige, sobre og elegante skikkelsen var nok til å kvikke opp Pjotr Ivanovitsj. Han skjøna at Schwartz heva seg over slikt som dette og ikkje lét seg påverke av dei deprimerande inntrykka. Eitt blikk var nok til å fortelje han: Denne episoden med sjelemessa over Ivan Iljitsj var på ingen måte tilstrekkeleg grunn til å betrakte dagsordenen som skipla, det var med andre ord ingenting i vegen for allereie same kveld å smekke i bordet og sprette ein kortstokk samstundes som tenaren sette fram fire nye lys. Det var i det heile ingen grunn til å gå ut frå at denne episoden kunne vere til hinder for å møtast og hyggje seg denne kvelden. Han kviskra det også då Pjotr Ivanovitsj gjekk forbi han, og foreslo at dei kunne møtast til eit parti hos Fjodor Vasiljevitsj. Men lagnaden ville det ikkje slik at Pjotr Ivanovitsj skulle spele whist den kvelden. Praskovja Fjodorovna, ei lita, kvapsete kvinne som, trass alt ho streva for å få til det motsette, likevel blei breiare og breiare frå skuldrene og ned, svartkledd, med hovudet dekt av kniplingar og dei same merkeleg heva bryna som dama som stod ved kista, kom ut frå gemakka sine saman med dei andre damene og sa, då ho hadde vist dei inn døra til den døde:

No byrjar straks sjelemessa, så stig på.

Schwartz stansa med eit ubestemmeleg bukk og tok

tilsynelatande korkje imot eller avslo invitasjonen. Då

12

Praskovja Fjodorovna oppdaga Pjotr Ivanovitsj, sukka ho og gjekk rett bort til han, tok han i handa og sa:

Eg veit at du var ein sann ven av Ivan Iljitsj …, og såg på han medan ho venta på at han skulle handle på ein måte som samsvara med orda.

Pjotr Ivanovitsj visste at slik han hadde mått krosse seg tidlegare, måtte han no trykkje handa hennar, sukke og seie: «Det kan du vere viss på!» Og det gjorde han også. Og då han hadde gjort det, følte han at resultatet blei som han ønskte: Han blei rørt, og ho blei rørt.

Lat oss gå inn før det byrjar; eg må snakke litt med deg, sa enkja. – Gje meg armen din.

Pjotr Ivanovitsj gav henne armen, og dei gjekk inn i rommet, forbi Schwartz, som blunka sørgmodig til Pjotr

Ivanovitsj: «Det var den whisten! Ikkje ta det ille opp, men vi må finne ein annan partnar. Så får vi heller vere fem om du kjem deg laus», sa det leikne blikket hans.

Pjotr Ivanovitsj sukka enda djupare og tristare, og

Praskovja Fjodorovna klemde takksam armen hans. Då dei kom inn i daglegstova hennar, som var tapetsert med rosa kretong og svakt opplyst av ei lampe, sette dei seg ved bordet: Ho på divanen, og Pjotr Ivanovitsj på ein låg puff med øydelagde fjører som gjorde det umogleg å sitje rett på han. Praskovja Fjodorovna ville åtvare han og få han til å setje seg på ein annan stol, men fann at denne åtvaringa ikkje sømde seg i hennar stilling, og ombestemde seg. Der han sat på denne puffen, mintest Pjotr Ivanovitsj korleis

Ivan Iljitsj hadde innreidd denne stova og rådført seg med han om den rosa kretongen med grøne blad. Då ho

13

skulle setje seg, gjekk enkja tett forbi bordet (heile denne stova var full av prydgjenstandar og møblar) og hekta det svarte sløret med svarte kniplingar fast i utskjeringane. Pjotr Ivanovitsj reiste seg halvt for å løyse det, men utan vekta av han byrja puffen å fjøre og gav han ein dytt bak. Enkja løyste sjølv kniplingane, og Pjotr Ivanovitsj sette seg att og trykte ned den opprørske puffen. Men enkja hadde ikkje fått løyst alt, og Pjotr Ivanovitsj reiste seg på ny, og igjen gjorde puffen opprør og gav til og med frå seg eit knepp. Då alt dette var over, fann enkja fram eit reint batistlommetørkle og byrja å gråte. Episoden med kniplingane og kampen med puffen hadde kjølt ned Pjotr

Ivanovitsj, og han sat med rynka bryn. Den ukomfortable situasjonen blei avbroten av Sokolov, buffétenaren til Ivan Iljitsj, som kom og melde at gravplassen Praskovja

Fjodorovna hadde peikt ut på kyrkjegarden, ville koste to hundre rublar. Ho slutta å gråte, kasta eit lidande blikk

på Pjotr Ivanovitsj og sa på fransk at ho hadde det svært tungt. Pjotr Ivanovitsj gjorde eit taust teikn som uttrykte ei fast overtyding om at dette ikkje kunne vere annleis.

– Du må gjerne røykje, sa ho med ei edelmodig og samstundes plaga stemme og byrja å diskutere prisen

på gravstaden med Sokolov. Pjotr Ivanovitsj tende seg ein sigarett og høyrde at ho spurde tenaren særs inngåande ut om ulike grunnprisar og så avgjorde kva plass han

skulle ta. Då plassen var bestemd, gav ho også ordre om kyrkjesongarar, og Sokolov gjekk.

– Eg gjer alt sjølv, sa ho til Pjotr Ivanovitsj og flytta til sides eit album som låg på bordet; og då ho såg at oska på

14

sigaretten truga med å falle ned på bordet, skauv ho utan

å nøle oskebegeret bort til Pjotr Ivanovitsj og sa: – Eg ville halde det for hykleri å fortelje deg at sorga gjer det umogleg å ta seg av praktiske ting. Er det noko som kan, om ikkje trøyste, så få tankane inn på noko anna, så er det nettopp bekymringane mine for han.

Igjen tok ho fram lommetørkleet som om ho skulle til å gråte, men stramma seg plutseleg opp, som om ho overvann seg sjølv, og byrja å snakke roleg:

– Men det er ei sak eg vil ta opp med deg.

Pjotr Ivanovitsj bøygde seg lett, for at fjørene i puffen, som straks byrja å røre på seg under han, ikkje skulle sprette opp.

– Dei siste dagane leid han frykteleg.

– Han leid veldig?

– Åh, frykteleg. Dei siste timane, ikkje berre minutta, heldt han ikkje opp å skrike. Tre døgn i strekk skreik han, utan å endre stemme. Det var uuthaldeleg. Eg kan ikkje forstå korleis eg heldt det ut. Det kunne høyrast gjennom tre dører. Åh, kva har eg ikkje mått tole!

– Og var han verkeleg fullt medviten? spurde Pjotr Ivanovitsj.

– Ja, kviskra ho, – til siste slutt. Han tok avskil med oss eit kvarter før han døydde, og bad til og med om at Volodja blei ført ut av rommet.

Tanken på lidingane til dette mennesket han hadde kjent så godt, først som ein glad gut, ein skolekamerat, og så som ein vaksen kollega, fylte plutseleg Pjotr Ivanovitsj med gru, trass i den ubehagelege vissa om at han og denne kvinna

15

berre sat der og hykla. Han såg igjen føre seg denne panna, nasen som trykte på leppa, og han blei redd for sitt eige liv.

«Tre døgn med skrekkelege lidingar og så døden. Det same kan jo plutseleg, i neste no, hende meg òg», tenkte han og blei ein augneblink skremd. Men like fort, han visste ikkje sjølv korleis, fekk han hjelp av den vanlege tanken at dette hadde hendt Ivan Iljitsj og ikkje han, og at det ikkje måtte og kunne hende han. Slik han hadde tenkt på det, ville tungsinnet ta overhand, og det måtte ikkje få skje, som det stod tydeleg skrive i andletet til Schwartz. Med dette resonnementet slo Pjotr Ivanovitsj seg til ro og byrja interessert å forhøyre seg om detaljane i korleis

Ivan Iljitsj hadde døydd, som om døden var noko typisk for Ivan Iljitsj og ikkje for han sjølv.

Etter å ha teke føre seg ulike detaljar om dei i sanning fryktelege fysiske lidingane som Ivan Iljitsj hadde mått halde ut (desse detaljane fekk Pjotr Ivanovitsj kjennskap

til berre gjennom den verknaden lidingane hadde hatt på nervane til Praskovja Fjodorovna), fann enkja det tydelegvis naudsynt å gå over til saka.

– Akk, Pjotr Ivanovitsj, det er så tungt, så frykteleg tungt, så frykteleg tungt, og igjen tok gråten henne.

Pjotr Ivanovitsj sukka og venta medan ho snytte seg.

Då ho var ferdig, sa han: – Du kan tru meg … og så tok ho opp samtalen att og

kom fram med det som openbert var den viktigaste grunnen til at ho ville snakke med han, nemleg at ho ville spørje han ut om korleis ektemannens død kunne skaffe

henne pengar frå statskassa. Ho gav inntrykk av at ho

16

ville be Pjotr Ivanovitsj om råd når det galdt pensjonen, men han merka at ho allereie ned til dei minste, sjølv for han ukjende detaljar visste om alt som kunne trekkjast ut av statskassa etter dette dødsfallet, og at det ho eigentleg ville vite, var om det ikkje fanst måtar å kare til seg enda meir på. Pjotr Ivanovitsj anstrengde seg for å kome på noko, men etter å ha tenkt seg om og, som det sømer seg, kjefta litt på styresmaktene for gjerrigskapen deira, sa han at det neppe var mogleg å få meir. Då sukka ho og byrja tydelegvis å tenkje på korleis ho skulle bli kvitt gjesten. Han skjøna det, sløkte sigaretten, reiste seg, trykte handa hennar og gjekk ut i gangen.

I spisestova med uret som Ivan Iljitsj hadde vore så glad for at han hadde kjøpt i eit antikvariat, møtte Pjotr Ivanovitsj presten og enda nokre kjenningar som var komne til sjelemessa, og han såg også ei vakker ung frøken som han kjende, dottera til Ivan Iljitsj. Ho var kledd i heilsvart. Midja hennar, som var svært smal frå før, verka enda smalare no. Ho hadde eit dystert, resolutt, nesten sint andletsuttrykk, og nikka til Pjotr Ivanovitsj, som om han hadde skuld i noko. Bak dottera stod, med same fornærma uttrykk, ein kjenning av Pjotr Ivanovitsj, ein rik ung mann, undersøkingsdomar og forlova med henne, hadde han høyrt. Han nikka trist til han og ville gå inn i rommet til den døde då sonen til Ivan Iljitsj, ein gymnasiast som likna uhyggjeleg på far sin, dukka opp nede i trappa. Det var den same vesle Ivan Iljitsj som Pjotr Ivanovitsj hugsa frå jusstudiet. Auga hans var heilt raude av gråt, og elles slik dei er hos uvaska gutar i tretten-fjortenårsalderen. Då

17

guten fekk sjå Pjotr Ivanovitsj, rynka han panna alvorleg og skamfull. Pjotr Ivanovitsj nikka til han og gjekk inn til den døde. Sjelemessa byrja – vokslys, jamring, røykjelse, tårer, hulking. Pjotr Ivanovitsj stod med rynka bryn og såg ned på føtene sine. Han keik ikkje ein einaste gong bort på den døde, lét seg ikkje påverke av noko som kunne gjere han svak, og var ein av dei første som gjekk ut. Gangen var tom for folk. Gerasim, hustenaren, kom springande ut frå rommet til den avdøde, lempa med sterke hender pelsane frå kvarandre for å finne den som høyrde til Pjotr Ivanovitsj, og rekte han den.

– Vel, min gode Gerasim, sa Pjotr Ivanovitsj for å seie noko. – Det er trist, dette?

– Det var Guds vilje. Vi skal alle den vegen, sa Gerasim og viste dei kvite, tette bondetennene sine, og som ein mann midt i travlaste arbeidet opna han døra kvikt, ropte på kusken, hjelpte Pjotr Ivanovitsj på plass og var med eit sprang tilbake på trappa, som om han allereie tenkte på kva som stod att å gjere.

Pjotr Ivanovitsj syntest det var særleg godt å kunne trekkje inn frisk luft etter lukta av røykjelse, lik og karbolsyre.

– Kvar skal eg køyre deg? spurde kusken.

– Det er ikkje seint. Eg har tid til å køyre innom Fjodor Vasiljevitsj.

Så drog Pjotr Ivanovitsj. Og sanneleg fann han dei ikkje i ferd med å avslutte første robber, slik at det høvde fint å steppe inn som femtemann.

Den l I vsh I stor I a som Ivan Iljitsj hadde lagt bak seg, var den enklaste og vanlegaste og fryktelegaste.

Ivan Iljitsj var førtifem år gamal og overrettsdomar då han døydde. Han var son av ein embetsmann som hadde gjort karriere i ulike ministerium og departement i Sankt Petersburg, alle av det slaget som gjev folk ein posisjon der dei, sjølv om alle kan sjå at dei ikkje er i stand til å utføre eit skikkeleg arbeid, likevel har så lang tenestetid og så høg rang at dei ikkje kan seiast opp, men i staden får fiktive stillingar med ikkje-fiktive gasjar på mellom seks og ti tusen rublar, som dei så sit med til dei er eldgamle.

Slik var geheimeråd Ilja Jefimovitsj Golovin, unyttig medlem av diverse unyttige institusjonar.

Han hadde tre søner. Ivan Iljitsj var den nest eldste. Den eldste gjorde same karriere som faren, berre i eit anna departement, og nærma seg allereie den ansienniteten då ein får denne gasjen for inaktivitet. Den tredje sonen var ein tapar. Han hadde hatt ulike stillingar, men øydelagt for seg sjølv overalt, og var no tilsett ved jernbanen: Både faren, brørne og især konene deira mislikte ikkje berre å

19 II
94

Den D ø D sau G nebl I nken som forteljinga om overrettsdomaren og samfunnsstøtta Ivan Iljitsj Golovin munnar ut i, er så ribba for litterære attributt at han like gjerne kunne ha golde ein hund eller ein katt: «Han trekte pusten, stansa midt i andedraget, strekte seg ut og døydde.» Kva førte Lev Tolstoj fram til denne kompromisslaust nakne skrivemåten, der eit stoff som lett kunne ha fylt ein heil roman, blir skore ned til ei langnovelle?

Bakteppet er den åndelege krisa som forfattaren opplevde allereie medan han skreiv på Anna Karenina , det vil seie i åra mellom 1875 og 1877, og som førte til at han tok avstand frå dei store romanane som først og fremst har gitt han klassikarstatus i verdslitteraturen: Korkje Krig og fred eller Anna Karenina var sannferdige nok i sine skildringar av det russiske livet. Dei eksistensielle spørsmåla forfattaren streva med, kjem til syne i kontrasten mellom det konvensjonelle, meiningstomme overklassetilværet som får Anna til først å kaste seg i armane på sjarmøren Vronskij, og så, når han blir lei av henne, søkje døden framfor toget, og det jordnære, enkle landsens livet som gjer Levin og Kitty til eit lykkeleg par. Tolstoj kjende begge ytterpunkta frå sitt eige liv, og

95
merknad

valde til slutt det siste som vegen til fred med seg sjølv og dei siste spørsmåla. Då Ivan Iljitsj døydde, publisert i 1886, var det første skjønnlitterære arbeidet etter Anna Karenina og er skriven av ein greve som heller vil vere bonde.

Ivan Iljitsj er ikkje usympatisk, berre alminneleg. Vaksenlivet har han innretta etter den skikk og bruk andre, dei såkalla høgareståande i samfunnet, har definert for han. Over alt har han søkt det behagelege, lette og friksjonslause og på den måten mista sitt eige liv og sin eigen død av syne. Ein dryg mannsalder etter Tolstoj kalla Heidegger det å leve «ueigentleg». Først då kreftsjukdomen og dødsangsten rammar den vellykka domaren, tvingar det ubehagelege spørsmålet seg fram: «Kan det vere at eg ikkje har levd slik eg skulle?» Det blir vendepunktet i ei smertefull sjølverkjenning der det ikkje er dokterane eller familien eller kollegaene, men hustenaren Gerasim, ein praktisk, jordnær bondegut, som med si medkjensle og naturlege innstilling til sjukdomen viser vegen ut av mørkeret og fram til ein død som meir liknar ein gjenfødsel: «Han leitte etter den tidlegare vanlege dødsangsten sin og fann han ikkje. Kvar er han? Kva for død? Der var ingen angst, for døden var der ikkje.»

Tolstoj er nøye med å plassere handlinga i ei autentisk historisk ramme. Vi les at Ivan Iljitsj var «ein av dei første som omsette forordninga av 1864 i praksis», det vil seie den moderniseringa av det russiske rettsvesenet som tsar Aleksander II sette i verk dette året, og som mellom anna innebar at rettsforhandlingane blei opne og juryar innførte. Eit anna moment i den same konteksten er dei tenestereisene Ivan Iljitsj gjennomfører til dei såkalla gamaltruande, ei sekt som braut ut av den russisk­ortodokse kyrkja då patriark Nikon i 1654 bestemde at den gamle liturgien skulle

96

reviderast for å svare betre til den gresk­ortodokse. Striden gjekk mellom anna ut på om ein skulle krosse seg med tre eller to fingrar. Nikon gjekk inn for tre, dei gamaltruande – eller skismatikarane, som dei òg blir kalla – heldt fast på to, og var villige til å utsetje seg for hån og forfølging for å sleppe å spotte sin Gud med den tredje fingeren.

Samstundes som Tolstoj oppheld seg ved slike historiske detaljar, hadde Då Ivan Iljitsj døydde ikkje kunna romme eit heilt menneskeliv viss det ikkje var for alt som blir utelate frå forteljinga. Her er ingen poetisk natur eller utbrodert familieidyll som kunne ha kasta eit formildande skjær over den meiningslause sjukdomen. I staden kviler det eit nådelaust blikk på dei omgivnadene som lyg og læst som ingenting for å halde den uunngåelege enden på avstand frå deira eige liv, der selskap og teaterbesøk framleis veg tyngst. Samstundes som Ivan Iljitsj etter kvart lid verre moralske enn fysiske kvalar, blir den sjuke, døyande kroppen vist fram som han er, med alle sine skrantande funksjonar, sjølv dei mest private. «Det blei også gjort særskilde tilpassingar for avføringa hans, og kvar gong var det ei like stor pine», skriv Tolstoj – og omsetjaren får følgjande djupt menneskelege kommentar frå redaktøren sin: «Er verkeleg sjølve avføringa meint, eller toalettgangen?» Nei, her er ingen toalettgang, Tolstoj skriv det som står der, i omsetjinga, sjølv om den sjuke er så brydd at han bed Gerasim om orsaking for at han må bere ut og gjere bekkenet reint etter han. Sjølvsagt er Tolstoj ute i pedagogisk ærend når han lèt talerøyret sitt blotte «dei unge kvite tennene» og svare: «Kvifor skulle ikkje eg gjere det? De er jo sjuk.» Slik kunne Då Ivan Iljitsj døydde fort ha kollapsa i påtrengjande moralisme. Når forteljinga i staden blir eit meisterverk som framleis, snart

97

150 år etter at det blei skapt, grip djupt i lesaren, kjem det nettopp av at forfattaren har mot og evne til å seie det som det er, korkje meir eller mindre.

Geir Pollen

oslo, februar 2023

a n D re bøker I ser I en:

franz kafka : Forvandlinga og andre forteljingar (2016)

mary s helley : Frankenstein, eller den moderne Prometevs (2016)

james joyce : Dei døde (2017)

G ustave flaubert : Madame Bovary (2017)

robert mus I l : Tre kvinner (2017)

samuel beckett : Fyrste kjærleik og annan kortare prosa (2018)

Gertru D e s te I n : Alice B. Toklas’ sjølvbiografi (2018)

Geor G b üchner: Lenz (2018)

stefan zwe IG : Sjakknovelle og andre tekstar (2019)

johann wolf G an G von G oethe: Valskyldskapane (2019)

em I ly bronte ¨ : Stormfulle høgder (2019)

a nton tsjekhov: Dama med hunden og andre forteljingar (2020)

ahmet m I that : Felâtun bey og Râkım efendi (2020)

lu IGI PI ran D ello: Ein, ingen og hundre tusen (2020)

v I r GI n I a woolf: Til fyret (2021)

f um I ko h ayash I : Lausgjengar. Notat frå eit ustadig liv (2021)

w I ll I am faulkner: Framom døden (2021)

franz kafka: Prosessen (2022)

jane austen: Northanger Abbey (2022)

fernan D o P essoa: Å vere ein annan (2022)

Kan det vere at eg ikkje har levd slik eg skulle?

ISBN 9788279593591

97 882 79 59 35 91

omsett av geir pollen
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.