Sidereventyret

Page 1


Utgitt med støtte frå Norsk kulturfond. Camilla Aasen har fått støtte frå Det faglitterære fond. B o kd e sig n : Øystein Vidnes Fo n tar: LfA Aluminia 11,7 / 14, 3 pkt, Domaine og Metro Nova Pap ir: Amber Graphic 130 g T ry k k o g in n b in d in g : BALTO print

Fram si defoto : Falkeblikk Baksi defoto : Yrjan Olsnes © SKA L D 20 22 www.skald.no

ISBN 978-82-7959-348-5


Innhald

​Forord side 7

Dan Olav og sidereventyret side 9

Flytende frukt side 19

Pionertida side 47

Den første siderbølga side 75

Sider til folket side 115

Den alternative bølga side 141

Et brusende eventyr side 163

Fruktvinrenessansen side 179

Siderskulen – praktisk og nyttig om sider side 209

Etterord side 253

Litteratur side 255 et te rord

5


8


Dan Olav og sidereventyret D a n Olav Sæ bø sit i sofaen heime på garden i Ryfylke med mor og far.

Det er juli 2020, og på skjermen er det like før juryen i Frankfurt skal avsløre vinnarane i Cider World, den uoffisielle verdsmeisterskapen i sider. Dan Olav er spent. Aldri før har fagfolk smakt på noko han har laga. Det er berre fem små år sidan han sette sin første sider, to år sidan han gjekk på siderkurs, bestemte seg for å ta sats og tok over fruktgarden. To år sidan han reiv opp gamle plommetre til fordel for nye eple til sin eigen fruktog siderproduksjon. Eit drygt halvår sidan han sette sin første kommersielle produksjon av sider. 1200 liter, totalt 1450 flasker. No står ei av dei til doms i Frankfurt, der eit ekspertpanel av trente ganar i kvite frakkar har snusa og smakt med alvorlege miner. Han står i ei lang rekke, Dan Olav. Tolv generasjonar før han har drive jorda han no har teke på seg å forvalte. Frå huset ser han vestover ut over Hjelmelandsfjorden, der ferja kryssar att og fram. Landskapet vestom fjorden bølgar mjukt i nyansar av grønt, blått og grått. Ikkje langt der ute forsvinn landet i havet. Aust for garden strekker Høgeknuten seg så langt han kan, til knappe 300 meter over havet. Mellom huset og fjorden står frukthagen på ei lita høgd. Dei veit her var frukttre på 1800-talet. Dei trur her var frukttre lenge før det. Før var det dyr, ikkje frukt, det handla om her. Smågris, slaktegris, høns, sauer og stutar. Så, for 15 år sidan, slutta far hans med dyr og tok plommer og eple til levebrød. Stelte trea, plukka frukta og leverte til det lokale fruktlageret. Berre nokre sauer vart att for å halde utmarka i hevd. Dan Olav var ikkje så interessert i å verte fruktbonde. Han utdanna seg til tømrar og fekk seg jobb i Stavanger, men eit spørsmål kvilte på han. Ville han ta over garden og flytte heim att, eller ikkje? Så lenge valet for Dan Olav D an Olav og si d e re ve n t y ret

9


stod mellom handverkarlivet i byen og å dyrke frukt for sal – som foreldra hadde gjort – vart det byen. Vendepunktet kom inn frå sidelina. Der, i oljebyen Stavanger, jobba han med ein harding, og hardingen hadde sider. Sjølv om frukta har vakse i Ryfylke i minst 200 år, er det ingen lokal tradisjon for sider der. Den tradisjonen Ryfylket og heile kyststripa frå Kristiansand til Haugesund er kjend for, er bedehus og fråhaldsrørsle. Så seint som i 50-åra var besteforeldra til Dan Olav pådrivarar for fråhald frå all slags rus og hadde fråhaldslosje på den same staden der Dan Olav no lagar sider. Difor tenkte heller ikkje Dan Olav på sider då han vurderte moglegheitene for garden og framtida si. Ikkje før han møtte denne nemnde hardingen. Først då Dan Olav fekk smake sideren hardingen hadde med seg, demra det. Når andre får til å lage sider i Hardanger, kunne vel han få til å lage sider i Ryfylke også? Sideren kunne vere det som gjorde det mogleg å både gå sin eigen veg og å bygge vidare på grunnlaget generasjonane før han hadde skapt i garden. Han kunne bygge noko nytt, skape noko og etablere ei ny, lokal næring. Kort etter sette han sin første sider, og idet han hjelpte faren å rive opp alle gamle tre og plante nye i 2018, tok han for alvor til å tenke på å overta garden. Same året reiste han til Hardanger på siderkurs, og idear tok til å bli til alvor.

10


ein liten sider ut i verda

Hausten 2019 set Dan Olav sin første kommersielle produksjon. Ein testproduksjon, tenker han. 1450 flasker som han etter planen skal selje i sitt eige gardsutsal medan han sakte og gradvis bygger opp garden og produksjonen. Tilfeldigvis endar ei av flaskene hans opp hos Bernt Bucher-Johannessen, dagleg leiar i Hanen. Bernt smakar og ringer Dan Olav: Du vil ikkje bli med ein tur til Frankfurt og Cider World, då? Dan Olav nøler. Han anar ikkje om det han har laga, er nokon kvalitet å snakke om, i alle fall ikkje i den ligaen der. Om det er verdt prisen og innsatsen å delta. Bernt overtalar han, Dan Olav sender inn. Det han forventar, er konstruktive tilbakemeldingar. Kommentarar om karakter og kvalitet frå dommarpanelet som han kan ta med seg vidare, både til kundar og når han skal utvikle sideren vidare.

et te rord

11


18

lø pan de tekst


Flytende frukt Norsk kommersiell sider- og fruktvinhistorie

N o rs k fru kt v i n h a r en over 200 år gammel tradisjon i Norge, men

historien er av ulike grunner i liten grad løftet fram i lyset. Dette er et forsøk på å utdype bildet av norsk drikkehistorie, der ølet og akevitten har rådd grunnen ganske alene fram til nå. Hovedfokuset vil være på den kommersielle delen av denne historien, på de produsentene som vokser fram på slutten av 1800-tallet og som eksisterer helt fram til dagens siderbølge overtar rundt år 2000. Når det gjelder sider, så omfattes den også av kategorien fruktvin. Begrepet sider er nært knyttet til Hardanger, og det kan se ut som det bare er der den historisk fremheves spesielt som en egen type fruktvin. Derfor vil vi videre i dette kapittelet bruke samlebetegnelsen fruktvin, også om det vi i dag kaller sider.

E Gunnar Sødal kjører eplelass

med hest og kjerre i Ullensvang i slutten av 1940-årene.

Kvinnenes domene

Den private fruktvinleggingen, ikke minst på gårder rundt om i Sør-Norge, har nok vært mer omfattende enn tidligere antatt, selv om studiene som er gjennomført har hatt et avgrenset geografisk nedslagsfelt. Det å «legge» fruktvin privat strekker seg helt tilbake til slutten av 1700-tallet – eller enda tidligere. Det er de europeiske hagebrukstradisjoner som da når Sør-Norge og inspirerer til planting av blant annet rips, epler og rabarbra. Dette legger i første omgang grunnlaget for vinlegging blant en liten, men viktig overklasse i byene. Utover på 1800-tallet blir dette mer vanlig blant større deler av befolkningen og ikke minst på gårdene. I kokeboklitteraturen fra denne tiden finner vi et større fokus på vinlegging av frukt og bær. Fra Hanna Winsnes’ kokebok i 1846 til Minna Wetlesens kokebok i 1891 – og ikke minst Hulda Garborgs kokebok i 1899. Det var kvinnene som sto for vinleggingen, og de ulike vinene var nok på mange måter tilpasset datidens F ly te n d e f ru kt

19


C Bryggeren Olav Gjertveit, ca. 1930-årene i Hardanger.

B Høsting av epler på

Lofthus i Hardanger i 1941.

22

sin kunnskap og sine erfaringer. Men også flere nordmenn reiste ut for å søke kunnskap. Det ble etablert planteskoler i fruktområder som Hardanger, Telemark og Sogn for å sikre tilgang på trær og busker. Det plantes ut mange frukttrær og bærbusker i disse og andre områder i Sør-Norge. Et kommersielt hagebruk vokser fram, som har behov for å selge frukten og bærene i byene. Men mye av råstoffet er enten av dårlig kvalitet eller blir uegnet til å selges som hel, fersk frukt. Begrepet «flytende frukt» oppstår. For å stimulere til utvikling av flytende produkter etableres det ulike fruktutstillinger, der både helfrukt og ikke minst ulike moster og fruktviner leveres inn for bedømmelse. Ettersom hagebruket utvikler seg, kreves det mer kunnskap for å kunne forbedre både dyrking og produksjon av helfrukt, men også om hvordan Flyten de frukt


Postkort fra Ullensvang, ca. 1935.

bøndene kan bruke frukt og bær i konservering og vinproduksjon. Produksjonen øker, men avlingene varierer mye, spesielt gjelder dette epler. Dette presser fram et behov for kompetanse på hvordan en kan foredle dårlige epler til most og vin. Den krevende produksjonen av epler og den store usikkerheten i avlingene gjør at rabarbra og bærsorter som stikkelsbær og rips blir dominerende i fruktvinproduksjonen fremover. Kompetansereisene i 1890-årene

I 1898 bevilger Stortinget hele 3000 kroner til bergenseren Kristian Høye i form av et reisestipend, som han bruker til å lære «fruktvine og ciderfabrikasjon» ute i Europa. Hardangermannen Lars Aga blir også tildelt et reise­ stipend i 1896 fra blant annet Norges Vel. Han reiser for å studere fruktvinF ly te n d e f ru kt

23


46


Pionertida

Alt m å sta rte ein stad. Det er i hovudsak sju personar som utmerkjer

seg som pionerane og som utgjer den første generasjonen produsentar av moderne norsk sider. Sjur Jåstad og Olav Widding var først ute med kommersiell sider med låg alkohol på 2,5 prosent til sal i daglegvare. Njål Vindenes var den første som produserte sider for sal i norske polhyller. Av ulike årsaker vart ingen av desse ein kommersiell suksess. Sjur selde bedrifta, og Njål la inn årene før sideren tok av. Så er det dei fire store: Åge Eitungjerde i Sogn, Marius Egge i Lier, Nils Lekve og Asbjørn Børsheim i Hardanger. Desse fire starta tidleg på 2000-talet og lykkast. På kvar sine måtar har dei trakka opp stien for siderbølga som no skyller over landet.

Åge – kallen mot straumen Balestrand, Sogn, 1960. Åge Eitungjerde er seks år og står i kjøkkenet til grandtante Synneva.

Det luktar ikkje som på kjøkkenet heime, eller hos bestemor. Der luktar det ertesuppe, saltkjøt og lettsalta brosme. Flesk, poteter, kålrot og sild. Ikkje her. Grandtanta lagar brødpudding med vaniljestang og raud saus på toppen. Før var ho kaldjomfru på Restaurant Kongen i Frognerkilen i Oslo. No serverer ho Tea and bisquits og fine rettar til engelske turistar på eigen kafé i Balestrand. Synneva og alle duftene hennar kveiker ei interesse i Åge som vil forme store delar av livet hans. Om hausten, omtrent på same tida, ein blank og klår dag i oktober, då lufta er skarp og himmelen utan ei sky, står Åge i hagen på det sju mål store småbruket til besteforeldra, ein kilometer vest for sentrum av Balestrand. Han kan vende ansiktet mot den låge haustsola og såg utover Sognefjorden til Fresvik på andre sida. I ein haug rett ved fjorden ligg ifølgje soga kong Pi on e rt i d a

47


Siderstarten

Åge vart med sin Balholm den første som kommersialiserte ufiltrert most, rett frå frukt til forbrukar med minst mogleg forstyrrande mellomledd. Fleire følgde raskt etter i åra fram til tusenårsskiftet. Marius Egge køyrde frå Lier til Sogn med fleire lass eple, pressa og tappa hos Åge og tok det heim att til den lokale marknaden. Sjur Jåstad og andre frå Hardanger kom med sideren og juicen sin og fekk han tappa på flaske på Åge sitt anlegg. Då Åge i 2002 utvida produksjonen, kjøpte Marius Egge utstyret Åge bytte ut, og starta med det sin eigen produksjon. Ein del av grunnlaget for moderne sider var lagt. Ein handfull fruktbønder hadde starta å vidareforedle pressfrukta til juice sjølve, i staden for å levere ho til fruktlageret for ein slikk og ingenting. Ein del produksjonsutstyr var komme til landet og sett i system, og dei som såg moglegheitene, kunne leige seg inn. Teste produksjon og produkt utan tunge byrder av gjeld. Ikkje minst var det nokon som hadde vist at dette går an, og at det fanst ei dør på gløtt i marknaden og i forbrukarane sine sinn. Om vi held oss til landskapsbildet, var det som om nokon hadde sett opp eit skilt i hittil ukjende område: Her finst ein sti. Åge staka ut sin kurs. Han ville ikkje berre hente den gamle fruktvintradisjonen frå kjellarane opp i nye produksjonslokale. Han ville finne nye vegar til betre uttrykk for frukt, friskheit og alt godt ein fruktmann som Åge kan drøyme om. På same tid tenkte Asbjørn Børsheim og Nils Lekve i like baner i Hardanger. Dei såg moglegheitene i å løfte opp og fram att den lange sidertradisjonen. Dei hadde epla, fjorden, klimaet og stoltheita. Dei har kjellarar med nye ballongar og flasker med Hardangersider kvart einaste år. Like inn i det nye tusenåret starta ting å røre seg fleire stader. I Sogn, Hardanger, Lier og Bergen stilte dei seg spørsmålet: Kan vi ikkje la dette gjære? Njål, Nils, Asbjørn, Marius, Åge. Alle sette dei seg føre å lage sider. Dei fire sistnemnde møttest i Oslo, som medlemmer av VBF – Vin og brennevinleverandørenes forening. Dei undersøkte dei svenske sidrane på boks, gjekk på messer saman og hadde felles sak i å etablere den norske sideren som eit kvalitetsprodukt. Heretter vert siderhistoria eit flettverk av ulike vegar og forteljingar, som til saman dannar grunnfjellet av den moderne norske sideren.

54

P i o n erti da


et te rord

55


Asbjørn Børsheim med kona Torbjørg Austrud blant blømande epletre.

Asbjørn – lagleiaren i Hardanger I forteljinga om sider frå Hardanger er det eitt namn som dukkar opp på ny og på ny, ein som har vore med på kvart steg på vegen. Det er Asbjørn Børsheim.

På same tid som Åge selde sine første flasker eigen eplejuice i 1996, var Asbjørn Børsheim ein av deltakarane på eit siderkurs i Hardanger. Lars Sekse, fruktforskar ved det som då var Planteforsk Ullensvang forskingssenter, var initiativtakar. Ein sveitsar var kurshaldar. Målet var å ta tradisjonen vidare, inn i notida, men den sveitsiske sideren fall ikkje i smak hos hardingane. Asbjørn Børsheim har alltid lagt sin eigen sider, som den gode hardingen han er. Ein harding hadde ofte to–tre glasballongar eller eikefat med sider i kjellaren sin. Det hadde Asbjørn også. Han eksperimenterte med ulike eplesortar, og eksperimenterte for å få lågare alkoholprosent og meir smak i sideren sin. Han fekk godt ord på seg som ein habil sidermakar. Å kalle det ei interesse, ville vere å underdrive. 56

P i o n erti da


Asbjørn såg moglegheiter, men han såg også at vegen fram var lang og krunglete. Heile yrkeslivet hadde han jobba administrativt, først som driftsleiar og fruktlagerinspektør for Gartnerhallen, og deretter som rektor ved Hjeltnes gartnarskule. No ville han sette seg sjølv på prøve. Han nærma seg 50 og ville gjere noko nytt med livet sitt. Jobbe praktisk, med nevane og med kroppen. Han kjøpte seg ein gard i 2001, i ein alder av 48 år. Ein fruktgard i Ulvik på knappe 30 mål, for liten til å kunne leve av å produsere frukt til konsum og sitte att med noko særleg for jobben, meinte han. Driftsbygningen var ubrukeleg, huset var dårleg, bakkane bratte, og berre ein tredel av garden var tilplanta. Naboane lurte, men Asbjørn hadde ein plan. Ei skisse, i alle fall, og den handla om sider. Først planta han epletre. Ti–tolv sjeldne sortar, etter kvart over 20 sortar totalt. Sidereple, mateple og bordeple. Gravenstein som det næraste og fremste, augesteinen i eplehagen. Så bygde han ein driftsbygning som skulle romme produksjonslokale og plass til omvising og formidling til turistar. Frå dag éin var det sider som var kongstanken, og på eitt eller anna vis skulle han finne vegen dit. I 2002, etter å ha brukt eit år på å rehabilitere bustadhuset, flytta han og kona inn på garden, like før det første vendepunktet. Det første vendepunktet

Hardanger, november 2002. Fylkeslandbruksdirektør Ole Bakkebø og sider­pioner Sjur Jåstad leier ein tur gjennom Hardanger med besøk i ulike siderkjellarar. Med seg har dei tre spesialistar: fruktforskar Lars Sekse og vinspesialistar Tom Marthinsen i Dagens Næringsliv og Geir K. Gjerdrum i Finansavisen. Målet for turen er enkelt: vurdere kva potensial som finst i sider frå Hardanger, og kva som må til for å realisere dette potensialet. Asbjørn Børsheim er blant dei som er med og som viser fram kva Hardanger har å by på. Han er overtydd om at sider frå Hardanger kan verte så mykje meir. Meir enn sterk drikk i dunkle kjellarar, meir enn fruktbonden si personlege stoltheit, meir enn ein lokal kuriositet. Spesialistane snusar, smakar og granskar. Dommen er tredelt. 1: Hardanger har eit godt grunnlag for å lage god sider. Epla er gode. Ulike eplesortar har frisk syre og velutvikla aroma som burde eigne seg godt i ein frisk, fruktig sider. 2: Den tradisjonelle produksjonsmetoden og produksjonsutstyret er for dårleg og resultatet for varierande. Sideren må ikkje verte utsett for luft. Ureine smakar som fjøs, metall og jord må vekk. 3: Sideren er altfor sterk. Når alkoholprosenten kjem opp mot 14 prosent, smakar det mest alkohol. Eplesmaken kjem best fram ved ein alkoholprosent på 6–8 prosent. Det er eplesmak Hardanger må selje, ikkje alkohol. Pi on e rt i d a

57


Til saman produserer dei noverande seks fleire hundre tusen liter sider og omset for titals millionar av kroner kvart år. Med eit innbyggartal på eit par hundre sjeler kan ein trygt seie at det ikkje finst noka anna grend som har like mykje sider per person. Ved fjorden ligg ein nyopna gourmetrestaurant, og om sommaren strøymer turistane frå sidergard til sidergard, smakar, kjøper og legg att gode pengar og god stemning. Slikt gjer noko med ei lita bygd. Men korleis har det seg at den store siderbølga starta akkurat her?

Olav – siderkongen Olav Bleie står som ein gallionsfigur i spissen av siderbølga. Han står bak både Alde sider og er no den mestseljande siderprodusenten på Vinmonopolet fleire år på rad.

Sidan oppstarten i 2014 har Olav Bleie mangedobla produksjonen år etter år. I 2021 var han ein av dei største, med ein produksjon på 120 000 liter. Men Olav er ikkje berre stor i volum. Olav er den unge kjemikaren som flytta heim og gjekk i bresjen for å heve kvaliteten i sidernæringa i heile Hardanger. Olav har eit ord med i laget om det meste som har med hardangersider å gjere, og om nokon skal skrive om sider frå Hardanger, er Olav ein av dei som oftast blir spurd om ein kommentar. Han er òg den produsenten som har jobba tettast på siderpioner Asbjørn Børsheim som nestleiar i sider­ produsentlaget i Hardanger. I 2021 stod han skulder ved skulder med Asbjørn og Åge Eitungjerde for å ta imot Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris i Oslo. Asbjørn og Olav fekk prisen saman som representantar for den fruktbare samarbeids­modellen mellom produsentane i Hardanger. Juryen peika også på at Olav har bi­ drege til å heve kvaliteten på norsk sider. Som representantar for sider­ produsentlaget var det også Asbjørn og Olav som tok imot Innovasjon Norges bygdeutviklingspris i 2021. At han enda her, var forbausande tilfeldig. Ja takk, begge delar

I 2001 var Olav Bleie 19 år. Han var akkurat ferdig med vidaregåande skule i Odda og stod på spranget til Bergen for å studere. Då slo den tre år eldre søstera hans fast at ho ikkje kom til å ta over familiegarden. Ho hadde vurdert det nøye, og konklusjonen var eintydig. Ho ville bli jordmor, ikkje fruktbonde. Dermed kom spørsmålet til Olav. Ville han ta over garden? 76

Den fø rste si der bø lga


et te rord

77


Arita – siderdronninga

I barnehagen visste Arita Åkre kva ho ville bli når ho vart stor. Ho ville bli astronaut. No siktar ho mot ein annan type stjerner.

Arita Åkre er den som leverer sider til trestjerners Michelin-restaurant Geranium i Danmark og til arrangement som Nordic Oscar Weekend i Hollywood. Arita og Edel sider har etablert eit omdømme som ein av dei aller beste siderprodusentane, ikkje berre i landet, men i verda. Sjølv meiner Arita det heile er tilfeldig. Ho meiner kven som helst kunne gjort det, for det var aldri umogleg. Skilnaden er at ho og ektemannen Gjermund Åkre var der til rett tid, og at dei faktisk gjorde det. «Eg er ein heilt vanleg person, men eg har store forventningar til meg sjølv. Det er noko som kan vere både ei plage og ein fordel når ein heile tida stiller spørsmål ved om dette er godt nok. Er eg god nok for meg sjølv, eller kan eg gjere betre? Når det spørsmålet følgjer deg heile livet, vert visjonar, tankegang og måten du utfører eit arbeid på, litt annleis. Det vert litt meir følelsar, litt meir dramatikk og du stikk deg litt meir fram.» Svart gull

Arita kjem frå Paradis i Bergen. Ho er ei Fana-jente. Fana er for Bergen noko tilsvarande det Bærum er for Oslo. Ikkje utan unntak, men generelt velståande, og den bydelen i Bergen der oljebransjen er mest synleg. I oppveksten var det bevis på kor strålande oljeeventyret har vore, på alle kantar av Arita. Ho såg velstanden generasjonen før hadde etablert og dei store og mange moglegheitene innanfor oljeindustrien. Frå ungdomsskulen var Arita fast bestemt på at det var det livet ho ville ha. Ho ville jobbe på plattform. Ho starta på ein bachelorgrad i kjemi og reiste til England på utveksling. Då ho kom tilbake, hadde vinden snudd. Oljebransjen ville ikkje lenger ha vanlege kjemikarar, dei ville ha folk med petroleumsfagleg kunnskap og erfaring frå å faktisk jobbe med oljen. Medstudentane som tidlegare hadde sett seg oljebransjen som mål, såg to alternativ framfor seg: biokjemi på laboratoriet på Haukeland universitetssjukehus eller mastergrad og doktorgrad på universitetet. Forskarlivet. Ingen av delane var gode nok for Arita. Ho la om og gjekk over på ein mastergrad i petroleumsfysikk. Det kosta, men Arita er viljesterk. Om det var det som måtte til for å nå målet ho hadde sett seg, så ofra ho det ho måtte. Sommaren 2010 stod Arita med ferdig mastergrad. I mellomtida hadde fleire vindar justert kurs. Oljekrisa i 2009 gjorde det ikkje like lett som før å 88

Den fø rste si der bø lga


et te rord

89


Det er Asbjørn som har preika om samarbeid, og som alltid terpar på at kvaliteten er det fremste og det viktigaste. Det er han som insisterer på at ikkje éin kan vere dårlegare enn resten, for elles kan alle tape. Det er Asbjørn som har drive fram det seige arbeidet med byråkratiske og politiske system. Han som gjorde jobben for å få den geografisk verna merkevara Sider frå Hardanger på plass. Ingenting har han gjort åleine, men i alt har han vore sentral. Kva no, då, Asbjørn?

Asbjørn ser lyst på framtida. Nyleg har han tilsett Anna Gursli Langasæter som dagleg leiar i sSiderprodusentlaget, ei stilling som no er auka til 100 prosent. Gartnarskulen på Hjeltnes jobbar med å få på plass ei eiga fagskule­ utdanning i frukt og sider. Det er snakk om eit frukt- og sidersenter på forskingsstasjonen til Nibio på Lofthus, eit senter Asbjørn håpar kan verte eit nasjonalt senter med spisskompetanse på sider. To ulike forskingsprosjekt jobbar med å definere smakane i sider, og med resultat frå desse i hand, skal Ssiderprodusentlaget definere eigne kvalitetskrav, slik at ein framtidig sider som ønskjer å bere merket Sider frå Hardanger, 112

Den fø rste si der bø lga


først må gå gjennom ein kvalitetssjekk. Tilsvarande system er vanlege i både sider frå Normandie og store delar av vinverda. Alt for å sikre at ikkje ein einaste dårleg Sider frå Hardanger når ein kunde. Asbjørn ser sider vekse fram i fleirfaldige andre delar av landet. Somme i same stil som i Hardanger, andre som noko heilt anna. Det er berre positivt, meiner Asbjørn. Når vi vert fleire, vert vi sterkare over heile landet, både med sider og fruktvin. Kanskje kjem ei tid for eit nasjonalt siderråd? Uansett vil Hardanger alltid ha sin plass, meiner Asbjørn.

Den verdskjende Champagneeksperten Richard Juhlin og Asbjørn Børsheim under innspelinga av NRK-serien Nesevis i 2011, då Juhlin meinte at eple frå Hardanger var verdas beste eple å lage sider av.

113


114


Sider til folket Siderbølga skyl over landet. Sidereventyret faldar seg ut rundt oss. Her er nokre glimt av det som skjer akkurat no, i det nye siderlandet Noreg.

J ø ss , j a m m e n h a r dei fått det til der i Hardanger, tenker resten av

landet, i alle fall den delen av landet som tenker på sider og slikt. Desse unge, kule Hardangerprodusentane som formeleg gløder i haustsola på Instagram, med tøffe logoar og røffe nevar som bognar av eple. Dei har klart det. Dei har klart å ta familiegardane og gjere dei til sine eigne, skape sine liv og røre der og bygge verdiar som kan stå seg til smårollingane vert store. Noko for kommande generasjonar. At dei har fått pengane til å gå komfortabelt rundt på toppen, er klimakset. Bildet er som henta ut av ein draum fleire ber på, og i kjølvatnet av siderbølga frå Hardanger dukkar det stadig opp nye produsentar. Når dei har klart det der, går det vel an her også? To store hinder er rydda av vegen. Det eine var den lange, vanskelege vegen til kunden. Løyve til gardsutsal frå 2016 gjorde draumen om ei tilleggsnæring i flytande form realistisk. Gjorde det attraktivt og lønsamt for fleire å sette i gang. Det andre store hinderet var at sider var så perifert. Så få dreiv med det, få kjøpte det, nesten ingen snakka om det, og det var i alle fall ikkje nokon som kunne vise og fortelje korleis sideren skulle lagast. All aktiviteten knytt til sider, spesielt i Hardanger, har løyst dette. No boblar og ploppar det i gjærlåsar både hist og pist. Ein del stader har det stått slik og ploppa i kjellarar nesten kvar haust, når frukta har komme i hus. Andre igjen har gjæra ymse frukt til sats i det skjulte, som ledd i å brenne sine eigne uedle dropar. Det boblar i øl med frukt, mjød med frukt og ymse grenseoverskridande kreasjonar. No, når Hardanger har bana veg og vist kva som er mogleg å få til med norsk frukt, står ein bråte av desse småskala-­boblarane klare til å følgje etter, og kanskje utfordre hardingane. Ivrige etter å vise heile breidda av det som er råd å få ut av eplet og dei S i d e r t i l f ol k et

115


136


fann eit sverd frå vikingtida på Storåkeren. På same stad dyrka oldeforeldra eple, plommer, jordbær og bringebær tidleg på 1900-talet, og no har Kristine og Carlos nyleg planta 1700 nye epletre i den same, gamle jorda. Då Kristine og Carlos overtok garden etter hennar foreldre i 2014, stod det nokre epletre att etter oldeforeldra, men det var mjølkeproduksjon det handla om. På 90 mål med eiga jord og 70 mål leigd jord dyrka dei gras til fôr, og framleis er det dette som er hovudproduksjonen på garden. Kårfolket er pensjonistar meir i teorien enn i praksis, og er sterkt involverte i mjølkeproduksjonen. Carlos kjem frå Andalucia i Spania. Den spanske sideren har røter i andre delar av landet, men Carlos kom til Skarbø med ein vintradisjon i årene. Familien hans laga alltid vin av eigne druer til eige bruk, og då Carlos og Kristine kom til Skarbø, var det som om epla frå dei gamle trea etter oldefar kalla på han, så då laga dei sider. Først smått til eige bruk, og gradvis meir og meir, og no har dei altså planta ut desse nye 1700 epletrea. Kommande sesong går 1200 tre til i jorda. Kristine og Carlos har også starta ysteri på garden, som selde sin første ost i 2017, hundre år etter at «Bygdens Meieri», som låg på garden, stengde dørene. Dei har tre ungar på to, fire og seks år, og så har dei «vanlege» fulltidsjobbar utanom garden i tillegg. Carlos jobbar i Stranda kommune på teknisk etat, Kristine er forskar på NMBU. Ho er antropolog

et te rord

137


140


Den alternative bølga L at d et v e re sa g t : Det er ikkje slik at alle norske siderprodusentar

vil gjere og gjære som dei gjer i Hardanger. Det er ikkje berre Hardanger som definerer korleis ein norsk sider kan eller bør vere. Nokre produsentar avviser blankt fleire av dei grunnleggande dogma som er i ferd med å verte etablerte i moderne siderproduksjon, hentar inspirasjonen frå andre kjelder enn det hardingane har gjort og spelar etter sine eigne, sjølvvalde reglar. Sider slik vi kjenner han i dag, er eit ungt produkt, og produsentane er nye og i vekst. Difor er det heilt naturleg at sideren som produkt er i utvikling, mot større breidde og variasjon. Når Hanen våren 2022 lyser ut konkurransen Norsk drikke, er det med ein ny produktkategori: sursider. Sursider er eit forsøk på å definere sideren sin motsats til surølet, som i fleire år har vore i trendtoppen innan mikrobrygg. Eit anna ord ein kan bruke, er natursider, som i siderversjonen av naturvin, også dette ein tydeleg trend i tida. Når begrepet sursider no blir introdusert i konkurransen, er det eit forsøk på å namngje den trenden ein har sett i siderverda dei siste par åra, med somme siderprodusentar som markerer seg på siderscena med sidrar som i stil skil seg markant frå den siderstilen som dominerer mellom anna i Hardanger, og som vi her omtalar som den moderne norske sideren. Som vi har sett, vart den moderne norske sideren og siderstilen som dominerer i den norske siderverda i dag, etablert av dei tidlege pionerane på 2000-talet, og foredla vidare av dei produsentane som har komme etter, mellom anna i Sørfjorden. Det som generelt karakteriserer denne sider­stilen, er at han er halvtørr og fruktig, med reine aromaer frå frukta. Syrefriske, aromatiske eteeple dominerer som råstoff, medan somme har eit innslag av andre typar eple. I produksjonen av denne siderstilen nyttar somme produsentar tilsett kommersiell gjær, andre lèt sideren gjære spontant. TempeD e n alte rn at i ve b ølga

E Ingeborg Lindheim og Eivin Eilertsen står bak Lindheim Ølkompani.

141



mellom hans og hennar heimstader. Han studerte rørslevitskap ved NTNU, ho starta og droppa fag etter fag, kjende uroa i kroppen og tok jobb på Nidar i staden. Det pappa Torstein gjorde då han fekk høyre at dottera hans hadde funne seg ein kar i Asia, var å sette karen i arbeid. «Vi driv denne campingplassen her. Kan du hjelpe meg å bygge ei kabelbane?» Resultatet, om det var tilsikta eller ikkje, var at Ingeborg og Eivin dreiv campingplassen i tre månader kvar sommar dei neste ti åra. Resten av året jobba og studerte dei i Trondheim og var skibomsar i USA. Øl, frukt, sider

I 2012 droppa dei Trondheims-livet, overtok garden og flytta til Gvarv. 100 mål dyrka mark, 1000 mål totalt. Kva skulle dei no finne på? I USA hadde dei sett den store og varierte mikro-øltrenden, så dei bestemte seg for å skaffe seg eit bryggeri. Dei visste at øl bestod av vatn, humle, malt og gjær. Av desse fire var det berre vatnet dei sat på sjølve, og sjølvsagt villgjær, men det finst jo alle stader. Malt og humle måtte dei kjøpe, mest frå utlandet. Kva anna hadde dei som kunne sette preg på det dei gjorde, gje det røter? Dei såg rundt seg på garden. Eple, morell, kirsebær, plomme. Nabogardane hadde endå meir. Stikkelsbær, rabarbra, solbær og ymse anna. Dei vurderte verdiane, gjorde nokre prioriteringar, tok nokre val. På ein tur i USA leigde dei ein stor lastebil, køyrde til ein vingard i staten Washington med kontantar i handa og kjøpte 20 brukte eikefat som det nyleg hadde vore raudvin på. Dei køyrde fata til ei hamn, leste dei over i ein konteinar og fekk dei sende til Noreg. I 2014 sleppte dei sitt første fatlagra øl med kirsebær på den norske marknaden. Den norske marknaden var ikkje klar. Kva var dette for noko? Fatlagra øl – åja, fatøl? Ikkje det, nei? Dei måtte stadig forklare og forsvare seg. I utlandet var det enklare. Der skjønte folk kva det var dei dreiv med. Ingeborg og Eivin heldt på sitt. Lærte seg korleis dei skulle jobbe med fata, med gjærkulturen, temperaturen, fuktigheita og lengda på gjæringa. I 2016 var dei sikre. Fatlagring var vegen dei måtte gå, om dei så måtte forklare seg halvt i hel på vegen. Dei såg at dei trefte ein nerve. Ikkje hos alle, men hos nokre, hos dei som var litt leie av det vanlege ølet, som på den tida var både pils og IPA. Dei såg at stadig fleire spurde etter nettopp det fatlagra ølet med frukt, heller enn dei meir konvensjonelle øltypane dei laga. I 2015 tok dei metoden dei hadde lært frå øl og overførte den til sider. I begge tilfelle er det i grunnen sukkervatn ein jobbar med. I øl er det vørter med sukker frå malt som må gjære på ein viss måte. I sider er det eplemosten som er sukkervatnet. Villgjær og eikefat fungerer på tilsvarande måtar uansett kva type sukkervatn ein puttar i dei. Sjølvsagt er det mogleg å lage sider på denne

D e n alte rn at i ve b ølga

147


164

lø pan de tekst


vært en energisk og selvbevisst mann, der han satte i gang med å gjøre både skogen drivverdig og ikke minst forvandle innmarka om til en blomstrende frukt- og bærhage. Frants Michaelsen giftet seg i 1898 med Benedicte Paulsen fra Sarpsborg. De fikk sammen hele seks barn. To av dem skulle overta fruktvinproduksjonen nesten 35 år senere, under norsk fruktvins storhetstid. Det var kanskje Frants mor som satt med kunnskapen om å lage fruktvin. Fruktvin var ofte en oppgave for kvinnene, mens det var mennene som stod for ølet og brennevinet. Den hjemlige fruktvinleggingen har røtter tilbake til 1700-tallet, og fikk en oppblomstring på andre halvdel av 1800-tallet fordi sukker ble mer tilgjengelig og rimeligere. Men også en prest ved navn Anders Berg fra Son ved Drøbak skal ha inspirert Frants til å starte med fruktvinproduksjon. Men først måtte både frukttrær og bærbusker plantes ut og gi avlinger. Dette tok han til med først i stort monn de første årene av 1900-tallet, da en liten produksjon av fruktvin på både rips, blåbær og tyttebær allerede skal ha vært i gang. Ifølge han selv plantet han fra 1903 til 1908 nærmere 1300 frukttrær Et b ru se n d e e ve n t y r

165


166

lø pan de tekst


av eple, pærer, kirsebær og plommer. Dette ble senere kuttet drastisk ned til ca. 450 trær og ble supplert med bærbusker – og ikke minst rabarbra. Det kan nok være han fikk hjelp med utviklingen av hagebruket av ulike offentlig ansatte gartnere, noe som var vanlig på den tiden. Behovet for mer frukt var nok allerede til stede, for i 1911 averterer han etter nedfallsepler. Det var egne «nedfallsepler» som gikk i produksjonen av fruktvinen, mens de andre gikk med båt inn til Kristiania og ble solgt på torgene der. Nå er fruktvinproduksjon godt i gang på Røed gård, til tross for at det er midt i oppløpet til forbudstiden. I forbindelse med 1. verdenskrig ble det i 1916 innført et midlertidig forbud mot salg av brennevin og hetvin som ble stadfestet ved folkeavstemningen i 1919, hvor hele 61,6 % av innbyggerne i Norge stemte for et slikt forbud. Men dette rammet ikke norsk fruktvin, fordi den ifølge Lov om rusdrikk av 1904 ikke kunne inneholde mer enn 15 % alkohol. Et alkoholnivå som de slet med å overholde og som gjorde at de blant annet måtte vanne ut vinen. En teknikk som ikke akkurat styrket renommeet, men salget gikk likevel greit under krigsårene. Hetvinsforbudet ble derfor ikke et juridisk problem for norske fruktvinprodusenter som Røed gård, men konsekvensene av både forbudet og sterke Et b ru se n d e e ve n t y r

167


Atle – Fruktvin til Michelin Atle Tærum leverer fruktvin og andre varer til åtte Michelin-restaurantar og er den som for alvor har fått topprestaurantar til å slå opp auge og dører for fruktvin. Ein av hovudgrunnane til at det vart slik, er ein krevjande landbrukspolitikk.

A Besøk frå Oslo og restaurant Kontrast. Atle Tærum står øvst i biletet.

188

I 1891 kom Torgeir og Eli Tærum over fjellet frå Aurland og slo seg ned på Skott Gård Nordre, ved Drammenselva i Øvre Eiker. Dei hadde med seg sju ungar og ein tradisjon for fruktdyrking. Femti mål med flat, fulldyrka mark må ha vore som ein luksus for familien frå Indre Sogn, og dei klarte seg godt. Dei sju ungane vart til tolv, og eldstejenta Marta Tærum vart den første kvinnelege legen i Drammen. Eldsteguten Atle starta bananplantasje på Cuba, før han slo retrett og tok med seg fire brør til Canada og USA i staden. Seinast i går sende Atle, den notidige, ei helsing til ein slektning i Montana. Atle er fjerde generasjon i si slekt på Skott Gård Nordre, nummer fire i ei rekke fulltidsbønder på garden. Dei 50 måla fulldyrka mark har no blitt til 470 mål. 150 mål er framleis skog. Kvar generasjon har levd etter den rådande landbrukspolitikken. Av alle næringar i det norske samfunnet er landbruket blant dei som i størst grad er politisk styrte. Kva som vert produsert, kvar og til kva pris, er ikkje overlate til marknaden eller kvar einskild bonde, men styrt gjennom tilskotsordningar, prisavtaler og samvirkelag. Vil ein gjere noko heilt anna enn det som det er politisk stemning for, må ein vere budd på å stå heilt åleine, utan nokon garanti for å få omsett ei vare. Oldeforeldre og besteforeldre dreiv allsidig husdyrhald, i tillegg til ein frukthage til eige bruk. Då far hans tok over, var den rådande politikken korn i aust og husdyr i vest. På den måten skulle ein utnytte ressursane i heile landet, var tanken då. Dermed dyrka foreldra til Atle korn på det meste av sine 470 mål og levde komfortabelt med det. I 90-åra vart det spørsmål om frukt, og Atle planta 350 plommetre. Han vurderte morellar, som ein gjeng i Telemark satsa på, men fann ut at risikoen vart for stor. Morellar kravde større investeringar, og avstanden til klynga i Telemark vart for stor til at det var noko hjelp å hente der. I 1992 overtok Atle garden, og frå år 2000 har han vore bonde på fulltid. Før det hadde han gått på landbrukshøgskule og jobba som sjefsagronom i gjødseldivisjonen i Norsk Hydro. Han hadde sett gardsbruk på fem mål i Malawi og enorme bruk på ein million mål i Russland. Han var aldri i tvil om at dei 470 måla jord ved Drammenselva var staden han høyrde til, og at det var han som skulle ta over som bonde på fulltid når far hans trappa ned. Fruktv i n­r en essan s en


et te rord

189


196


I 2021 leverer Atle produkt til åtte ulike Michelin-restaurantar, i tillegg til fleire trendy barar. Han har kutta litt ned på plommene, 1600 tre får halde når han gjer det meste av jobben med eigne hender. Han leverer framleis plommer til Coop, og på sine nattlege turar frakta han 17 tonn dit sist haust. Han lagar alkoholfrie safter, nokre etter kundar sine ønske og spesifikasjonar, andre etter eigen gane. Han lagar ikkje meir enn rundt 800 liter isplommevin årleg. Produksjonen av hylleblomevin er ikkje spesielt stor heller, men det er ikkje målet. Den dagen Atle ikkje har eigne råvarer til å lage meir vin, skal han ikkje lage meir heller. Hugs: For Atle er det drivande spørsmålet korleis han best kan drive garden sin innanfor sine rammer, og korleis han kan gjere det beste ut av det han har, når kornprisen ikkje heng med. Fruktvinen er ein del av løysinga på utfordringa Atle står overfor i møte med den rådande landbrukspolitikken. Med frukta og vidareforedlinga kjenner han seg friare, meir uavhengig, som herre i eige hus. At han har komme på menyar på fleire Michelin-restaurantar, kallar Atle ein stor bonus. Akkurat kva det er som gjer at han har fått så godt feste der, kan han ikkje heilt sette fingeren på. Han har ikkje gått aggressivt ut i marknadsføringa, har ikkje reist til Cider World i Frankfurt for å markere seg på den internasjonale scena for sider og fruktvin. Han har delteke og gjort det godt på Dansk vinskue og på konkurransen Norges beste eplemost, sider og fruktvin i regi av Hanen. Han har også teke imot nysgjerrige journalistar i tunet, og då Monica Berg på Himkok, ein av verdas beste bartenderar, tok kontakt, sa han sjølvsagt ja. Han er veldig oppteken av råvarene, av at kvaliteten i flaska er heilt avhengig av kvaliteten i frukta. Han er bevisst på korleis han driv jorda si. Litt kunstgjødsel får trea få, men elles følgjer han økologiske prinsipp og er ekstremt kresen på sprøytemiddel. Dessutan har han ein tydeleg strategi: Alle varer leverer han personleg. Skal han levere ein kasse til ein bar, kjem han med kassen, set han på kjølen og set seg i baren. Pratar med kundane, høyrer kva dei synest. Får straks tilbakemelding på det han leverer. På godt og vondt, men som oftast på godt. Han kjenner kundane, og kundane kjenner han. Han driv ikkje med show, og har ikkje eingong skilt ved vegen. «Det skal ikkje vere lett å finne fram til godsakene», spøker han. Til sommaren blir han 66, og kan gjere som han vil. Han humrar. Ungane på 23, 28 og 32 er hjelpsame, men ingen av dei har sagt dei vil overta. Han håpar sjølvsagt ein av dei vil gjere det, men ønsket må komme frå dei sjølve. Enn så lenge skal han halde fram, med trea, buskene, jorda, fruktvinen og kundane.

F ru kt vi n­re n e ssa n se n

197


208


Siderskulen praktisk og nyttig om sider Dei sju siderkategoriane Kva tenkjer du på når me seier sider? Du har kanskje drukke sider i barndommen som du trudde var brus. Og du har rett, det var akkurat det det var. Innhaldet var kanskje dette: Vatn med kolsyre, eplejuice frå konsentrat, sukker, aroma, surheitsregulerande middel (sitronsyre, natriumsitrat) og konserveringsmiddel (kaliumsorbat). Dei seinare åra har det òg kome mange alkoholhaldige siderprodukt i dagleg­varebutikkane. Boksar på boksar i kjølediskane. Det er heller ikkje dette me i denne boka vil kalle sider, det liknar meir på rusbrus. Innhaldet i dei boksane kan sjå slik ut: Vatn med kolsyre, eplevin, pærejuice, surheitsregulerande middel (sitronsyre), søtstoff (aspartam, acesulfam K), konserveringsmiddel (kaliumsorbat, e220-svoveldioksid), aroma, fargestoff (karamell e150a) og antioksidant (askorbinsyre). Så kva er det me meiner med sider? I utgangspunktet er sider berre gjæra eplemost – akkurat som vin er gjæra druesaft. Høyrest enkelt ut? Har du smakt vin, skjønar du at det er meir enn berre kvit og raud vin. Vin smakar ulikt etter kvar druene er dyrka, kva druetype som er brukt, kven som lagar vinen, lagring, prosess og kva stil vinmakarane vil ha på vinen. Slik er det òg med sider. Dei fleste sidrane er laga av pressa eple og gjær. Likevel smakar dei ulikt. Sider er ikkje berre ein type sider, men eit koppel av ulike stilar og kombinasjonar. Ei leikegrind av smakar, bruksområde og opplevingar. Ei verd av ulike smakar, ei verd der nesten alt går an. Ei verd der eplet har hovudrolla, men andre hjelparar og medspelarar bi­ dreg inn med sine karakterar og gjer det potensielle mangfaldet uendeleg. Å dele sider inn i ulike kategoriar er relativt nytt og ikkje direkte enkelt. Her si det e rsk te urord len

209


228


Sider til mat Ein frisk og fruktig sider er den perfekte aperitiff – ein god start på alle måltid når noko skal feirast, eller når ein berre skal kose seg. Dei fleste sidrane i kategorien Norsk klassisk sider vil fungere godt til dette, så sant dei ikkje er for søte. Dei fleste vil nok òg føretrekke dei som er perlande og ikkje dei flate til dette føremålet. Vidare vil perlande sider med tilsett bær som bringebær kunne gje litt meir florale tonar. Norsk sider er ofte rik på syre og friskheit, noko som fungerer veldig godt til mat. Tørr norsk sider er veldig matvenleg og vil passe til dei aller fleste matrettar. Du kan nesten tenkje at sider i større grad er «universalsmurning» enn vin. Likevel er det nokre tips og grunnreglar som gjeld for sider og mat, på same måte som vin – eller øl, for den saks skuld. Syrlege, friske sidrar vil passe godt til feit mat. Til svinekjøt er sider fantastisk. Eit heitt tips er å prøve klassisk norsk sider til juleribba. Det ein ofte manglar, er bitterheit, som fungerer godt til kraftigare kjøt- og viltrettar. Her kan sider på bitre sidereple gje meir tannin og passe godt. Sidrar som er tilsette humle, vil òg ha aromaer og lette bitterstoff som vil passe til litt kraftigare mat som gryter eller pizza. Til sterkare krydra mat, som til dømes asiatisk og meksikansk mat, vil sider som har høgare sødme, passe godt. Sødmen vil bidra til å dempe og «kjøle ned» mat med for eksempel mykje chili. Tørre, spontangjæra sidrar, eller flaskefermenterte sidrar som har preg av gjær, brøddeig, kjellar eller animalske tonar, vil kunne passe godt til tørka og utvikla mat som spekeskinke, fenalår og modne, faste ostar. Ein slik sider kan du med hell prøve til bacalao eller tørrfisk. Til kraftige blåmuggostar – prøv issider! Sødmen matchar det salte og dei kraftige smakane, medan syra vil passe godt til feittet i osten. Likar du ostar med tilsette urter, prøv gjerne smaksette sidrar med raude bær. Dei grøne, botaniske tonane matchar godt urtene i osten. Dette tipset kan du overføre til fleire av dei smaksette sidrane: Er det tonar i maten som går att i den smaksette sideren, er det høgst sannsynleg eit godt parti. Smaksett sider med bær vil òg kunne passe godt til grøne salatar med kylling eller ost. Regelen om søt drikke til søte rettar som dessertar, gjeld her òg. Prøv issider eller klassiske norske sidrar med høg sødme til dessert. Friskheita og syra vil òg reinske opp og gje deg ei fantastisk oppleving. si det e rsk te urord len

229


18 mm

back: 188 mm

Å lage fruktvin og sider er ein gamal tradisjon med djupe røter i Noreg. Dette er forteljinga om den kommersielle norske sider­ produksjonen. Det handlar om unge bønder som satsar, om fantastiske råvarer og om eit tradisjonsprodukt som vi nesten hadde gløymt at vi hadde.

18 mm

front: 188 mm

aasen bucher-johannessen haalien

Noko er i gjære. Den norske sideren vinn gullmedaljar i inter­ nasjonale kåringar og blir servert på verdas beste restaurantar. Det veks fram norske siderregionar i både Hardanger, Sogn og Telemark – kvar med sin særeigne stil. Siderprodusentane har mangedobla seg dei siste tiåra – og talet held fram med å auke. Kva ligg bak den plutselege suksessen?

27 mm

256 mm

ISBN 978-82-7959-348-5

I S B N 9 78 - 82 - 7 9 5 9 -3 4 8 - 5

S K A L D. N O


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.