Skjulte perler i Sunnmørsalpane

Page 1

PÅL-ARE VADSTEIN

SKJULTE PERLER I SUNNMØRSALPANE

116 FANTASTISKE FOTTURAR



INNHALD FORORD

6

SUNNMØRSALPANE

9

KORLEIS BRUKE DENNE BOKA

10

GODE RÅD PÅ TUREN

15

VOLDA

18

Å halde seg turr på føtene ØRSTA

126

Den sunnmørske jungelen SYKKYLVEN

274

Fjellro på ei skjult perle STRANDA

314

Dragning mot fjellet SKJULTE SETERPERLER

346

DEI SOM STIKK SEG UT

381

LITTERATUR

384

TURANE I BOKA

386

INDEKS

387

FØ R R E O P P S L AG :

Frå Trandalssetra med utsikt mot Kjersetdalen. D E N N E S I DA : Kveldsstemning frå Romedalstinden på førsommaren i Sunnmørsalpane.


VO L DA KO M M U N E

26

1.3 KVASSEHORNET 1252 moh. STARTPUNKT: 656 moh. | LENGDE: 4,1 km VANSKEGRAD: MIDDEL S TUNG OPP TIL KVAS SEHORNET, KLYVING PÅ EGGA TIL TROLLVAS STINDEN

Kvassehornet er eit karakteristisk fjell sett frå Straumshamn, med ei form som liknar på fremste delen på ein båt med kjølen opp. Denne likskapen er kanskje grunnen til at fjellet også vert kalla Dalmannsbåten. Heller få tenkjer over dette fjellet som eit opplagt turmål, trass i at det har eit av Voldas mest kjende og stoltaste fjell i Trollvasstinden kneisande like bak seg. Desse to toppane heng saman ved ei sylskarp egg som er ein spektaktulær tur i seg sjølv. Lisjebøvatnet–Trollvatnet–Kvassehornet

Start frå Lisjebøvatnet ovanfor Dale på austsida av Dalsfjorden. Dalsbygda er ei idyllisk bygd knapt éi mil innover fjorden. Herifrå køyrer du vidare oppover frå fjorden, i bratte bakkar på ein smal og krunglete veg forbi gardstun og kulturlandskap. Køyr over brua til Lisjebø, slik at du er på nordsida av Dalselva. Deret-


Trollvasstinden Kvassehornet Saudehornet

27 VO L DA KO M M U N E

ter straks inn på setrevegen på venstre hand. Vegen svingar seg opp til det høgtliggande og regulerte Lisjebøvatnet vel 640 moh. Det er ei glede å vandre innover på sørsida av vatnet i god rås i starten, før ho etter kvart blir nesten vekke. Før ein kjem heilt til enden av vatnet, dreiar ein til høgre og oppover mot den tydelege botnen som sideelva kjem frå. Kryss elva heilt oppe ved Trollvatnet, som den kjende Trollvasstinden har namnet sitt frå. Peil deg så inn på den tydelege ryggen som leier opp mot bandet like nord for Kvassehornet. Då er ein komen over i ur som ligg i den bratte nordaustryggen og leier heilt til toppområdet, der to flotte vardar står som kroner på fjellet. Du står no på det sjeldan vitja Kvassehornet. I nordvest stuper fjellsida ned i Trollvatnet. Mot sørvest openberrar ei luftig egg seg, ho reiser seg opp frå eit stort, goldt botnområde med sva og berre grødefattigdom. Bak i det fjerne kneisar Bytingstinden med ein imponerande profil. I enden av egga skimtar ein toppvarden på Trollvasstinden. Om ein er på jakt etter endå fleire utfordringar, kan ein forlengje turen frå Kvassehornet ved å ta seg over den sylkvasse egga i sør og bort til Trollvasstinden. Dette er ei høvesvis lang


Kvassehornet

VO L DA KO M M U N E

28

1.3

egg med vedvarande klyving og fleire luftige parti på båe sider av egga. Det stiller krav til konsentrasjon over egga, og ein må kjenne seg komfortabel i denne type luftig terreng. I nordre del av egga, nærmast Kvassehornet, er det naturleg å halde seg så vidt på Dalsfjord-sida av egga. Her stuper fjellet ned mot Trollvatnet, medan det ikkje er fullt så eksponert på Kilsfjord-sida. Frå midtpartiet vert det motsett. For her må ein dreie meir over på nordvestsida, ettersom terrenget ned Kvernadalen og Kile vert meir og meir luftig, medan bratta ned mot Trollvatnet avtek noko, utan at det vert så mykje lægre skråningsvinkel av den grunn. Det luftigaste punktet på heile egga er når ein må ut i ei smal, mosegrydd hylle i toppen av den steile nordvest-veggen som stuper ned mot bakkane over Trollvatnet. Det er gode handtak og passasjen er kort, men med vegetert underlag av mose. Såleis er det ein stor føremon å gjere denne traversen når det er knaskturt. Denne egga er ei av dei luftigare eggene mellom Austefjorden og Dalsfjorden, og i høve spektakulær-skalen er ho fullt på høgde med dei flottaste egger andre stader i Sunnmørsalpane.


1.3

29

1 km

VO L DA KO M M U N E

1.4

1.5


VO L DA KO M M U N E

96 Bjørnen som vart fanga i Bjørneura Etter at ein bjørn hadde teke ein gris på Åkre, var tolmodet slutt, og bygdefolket hadde verkeleg fått nok av bjørneplaga. Karane i bygda bestemte seg for at no skulle bjørnen takast ein gong for alle. Dei tok seg opp og inn i Tussadalen. Der gjekk dei bjørnejag innover dalføret. Det gav resultat, for etter ei stund hadde dei tre bjørnar framføre seg. Dei løyste skot på det største dyret, men bjørnen reiste seg igjen og sprang vidare fram gjennom Trollgjøtta (må ikkje forvekslast med Trollgjøtta utanfor Trandal), som er like ved råsa som leier vidare inn i Tussadalen. Mennene jaga etter rovdyret, og komen fram til Tussavatnet dreiv bjørnen innover nordsida av stranda med karane på slep. Ved ura på Mjelteneset, som er eit nes som stikk ut i vatnet, smatt bjørnen inn under ein stor steinheller. Eine jegeren skaut inn i helleren, men kula fekk rekyl og slo tilbake i kneet. Det seiest at denne hendinga gav guten stiv fot for resten av livet. No sette karane i gang med å mure igjen framfor helleren der bjørnen hadde søkt tilhald. Medan nokre av gutane sat vakt ved helleren, der bjørnen no var innesperra, reiste andre ned att i bygda og henta økser, størjespyd og anna reiskap som kunne kome til nytte for å gjere ende på bjørnen inne i hola oppe ved Tussavatnet. Segna skal ha det til at bjørnen brølte så hardt at ura retteleg skalv. Det digre bjørnedyret viste seg svært seigliva, men etter tre dagar vart det omsider stilt innunder helleren. Dei kunne då drage fram ei kjempe av ein hannbjørn. Og kanskje ikkje så overraskande: Den dag i dag kallar ein denne ura for Bjørneura.


1.22 TYSSENUTEN 997 moh. STARTPUNKT: 69/78 moh. | LENGDE: 5 km VANSKEGRAD: MIDDEL S TUNG

Til Tyssenuten er det ein fin og behageleg tur som ikkje går så høgt og langt, men likevel gir ei formidabel utsikt mot Hjørundfjorden. Dessutan har fjellet ei sentral plassering og panoramutsikt over Tussadalen, med sine ville fjell og alpint kringliggande landskap. Bjørke/Åkre–Tussadalen–Tyssenuten

Følg oppgang til Tussadalen som skildra i rute 1.19, men du skal ikkje inn i sjølve Tussadalen. I det du kjem inn på anleggsvegen, tek du nordover og inn i eit lite dalføre som leier opp til knausar og ein mosegrodd rygg. Komen opp på ryggen dreiar du sørover til høgste punktet på det avrunda toppområdet.

Hornindalsrokken

Austre Rokkekjerringa Rokkekjerringa

Bjørkehornet Storhornet

VO L DA KO M M U N E

Tyssenuten

97


Risenosa

Nordre Skjerdingstind

Salefjellet Staven

V

Holstindane

Søre Skjerdingstind

I

D

D

A

Kårdalstindane

Årviktindane

Meraftanibba

L

A I R L E

VO L DA KO M M U N E

100

Leira–Kårdalen–Årviktindane–Holstindane

Køyr til Leira, som er neste bygd etter Bjørke når ein tek seg ut Hjørundfjorden frå fjordbotnen. Frå Bjørke til Leira går vegen mest heile vegen i tunnel. Det er vanskeleg å finne eigna parkeringsplass i enden av den kommunale vegen ved dei øvste gardane på Leira. Eg tilrår difor parkering ved fylkesvegen nede ved fjorden. Då får du deg dessutan ein fin spasertur gjennom heile grenda, opp til enden av vegen, der turen går vidare inn på ein traktorveg som leier mot ei merkt rås til Kårdalen. Følg den opp til dalmunningen. Råsa er ikkje av det beste slaget, men absolutt god nok til at ein unngår å misse henne. Komen opp i dalmunningen sneier du nordaustover opp ein tydeleg rygg. Du skal altså ikkje inn i dalføret. Etter kvart vert det ur og minkande bratt terreng etter at ryggen er passert. Så er det kryssing av snøbre og ny ur om einannan, før du kjem til kanten av fjellmassivet som stuper ned mot Viddal i nord. På det høgste punktet på denne kanten står ein bitte liten varde, og dette er òg det høgste punktet på Årviktindane. Herifrå er det mange moglegheiter. Du kan gå mot tindesystemet i vest, som


Årviktindane

A

N

E

O

LS

TIN

1.23

D

VI

IL DA R E T

H

101 VO L DA KO M M U N E

Vår Herres skosyl


Otolhornet

Nessethornet

Risenosa

Jakta

Skjerdingstindane

VO L DA KO M M U N E

122

1.29 NESSETHORNET 1089 moh. STARTPUNKT: 515 moh. | LENGDE: 8,4 km | VANSKEGRAD: TUNG

Nessethornet kan samanliknast med ein litt kortare versjon av turen til Stålberghornet lengre ute i fjorden. Ingrediensane og segmentet er temmeleg like: langt, mykje opp og ned, stor og flat slette som stuper markert ned i fjorden, og til sist ei vill utsikt til smellvakre Hjørundfjord-grender. Set av ein solskinsdag og nyt dei 8–9 km ut til Nessethornet frå Kvistadsetra. Det kan vere vel verdt det å ta seg bryet med å oppsøkje denne avbaklege toppen. Kvistadsetra–Fjellvatna–Kvamsedalen– Kjerringøyra–Nessethornet

Etter kommunereforma vart dette fjellet eit Volda-fjell. Det er mogleg å nå det utan å krysse kommunegrenser, men eg tilrår oppgang frå Ørsta kommune, nærmare bestemt frå Bondalssida med Kvistadsetra som startpunkt. Dit kjem du ved å ta av frå vegen gjennom Bondalen. Det er tydeleg skilta til Kvistad ved ei bru like ved vegen. Køyr bygdevegen vidare fram til bompengekassa, løys billett og køyr den lange setrevegen til endes.


123 VO L DA KO M M U N E

1.29

1 km


Molladalstindane Fossholtinden

Vardehornet

Åvasstinden Gopehornet

Hetta

134 Ø R STA KO M M U N E

2.3

2.3 HETTA 1125 moh. STARTPUNKT: 325 moh. | LENGDE: 3 km VANSKEGRAD: MIDDEL S TUNG

Hetta gøymer seg inst i Bukkedalen, og fjellet vert oversett av turfolk i deira iver etter å klivre Vassdalstinden. For dei som ikkje tek av oppover mot Vassdalstinden, men heller følgjer det vesle dalføret nordover, vil Hetta openberre seg i all si prakt bakanfor to vatn som er islagde til langt ut på våren og forsommaren. Staden gir ekte kjensle av å vere i eit vekkgøymt område. Hetta byr på panoramautsikt utover mot Vartdalsfjorden og storhavet, og tindane i Langedalen kjem tett på.


135 Ø R STA KO M M U N E

Vallasetra–Bukkedalen–Hetta

Start ved parkeringsplassen på Vallasetra, som du når ved å følgje førre turskildring, rute 2.2. Følg skiltinga mot Vassdalstinden. Det er bratt bukkemark opp til Bukkedalen, men vel oppe i dalen flatar råsa ut, medan du følgjer elvefaret fram til ura. Her tek dei fleste normalt av vestover for å ta seg opp på Vassdalstinden, men nokre få entusiastar held i staden beint fram. For å kome til Hetta følgjer du dalføret rett fram til du kjem opp til to vatn. Desse kan du gjerne passere på austsida. Passar du på å stige jamt heile tida, er du snart i høgde med Hetta. Då er det berre å skråe bort på toppunktet.


Ø R STA KO M M U N E

142

2.6 STABBEN 880 moh. STARTPUNKT: 20 moh. | LENGDE: 5,1 km | VANSKEGRAD: TUNG

Stabben er ein markert formasjon i Skorgedalen frå Ørstafjordsida, men få tenkjer på dette som eit opplagt turmål. Som ein hoggestabbe i forma kneisar han over den koselege Skorgesetra, og toppen er faktisk berre ein kort avstikkar derifrå. Ein ekstrarunde det er vel verdt å prioritere ein dag du har teke deg fram i dalen og har tid til overs. Lystad–Skorgeura–Skorgedalen–Stabben

Ved industriområdet langs E39 på Lystad, midtvegs ut i Ørstafjorden, er det gode høve for parkering nedanfor dei karakteristiske kvernhusa som står på rekkje langs Skorgeelva. Herifrå


Stabben

143 Ø R STA KO M M U N E


ren inneber no ein kilometer gonge opp til setra Haugen. Følg Molladals-råsa opp til Høgevatnet og ta av nordaustover mot ein markert rygg. No skal du følgje heile denne ryggen bratt opp til egga. I det du gjer dei siste klyvetaka opp til høgste toppen, er oppgangen noko luftig, men overkomeleg.

Ø R STA KO M M U N E

180


1 km

2.16

2.17 2.21 2.19

181 2.18

2.20

Segna om Svide-Kari På ein av gardane på Ytre-Standal tente det ein gong ei jente frå Bondalen. Dei kalla henne Svide-Kari. På buføringsdagen, då dei førte krøtera til fjells, skulle jenta gå øvre leia og jage nokre av dyra framover til setra Haugen. Ved ein stein som heiter Storebergsteinen, vart ho teken av dei underjordiske; det var ein mann med to søner. Sønene ville ha henne til kone, men jenta gret og ba inderleg om å få sleppe ut or berget. Mannen forstod at ho ikkje ville roe seg der, og gjekk omsider med på å sleppe henne ut att. Men han lovde henne at ho skulle ha vorte sæl dersom ho hadde gitt seg til der. På kvelden kom jenta ned att til setra, men ho var ikkje lik seg lenger der ho sette seg ned forfjamsa og manisk. Om natta var ho uroleg og rastlaus. Ho hiksta og ville berre opp igjen til dei underjordiske ved Storebergsteinen. Ho klarte ikkje å legge frå seg denne lovnaden om at ho skulle verte salig og fullkomen lukkeleg. Folket stogga henne og prøvde å prate henne frå det, men jenta gav seg ikkje og vart berre bråsint. I rein rådløyse sende folket bod etter Ola-Jo, som var ein gudleg mann. Han las til henne frå bibelen såpass at ho roa seg. Endeleg gav ho frå seg tankane om å reise opp att til dei underjordiske ved Storebergsteinen. Seinare ville ikkje ho ha noko snakk om denne hendinga.

Ø R STA KO M M U N E

2.22


Ø R STA KO M M U N E

194

2.21 HØGENIPA 1082 moh. STARTPUNKT: 26 moh. | LENGDE: 2,5 km | VANSKEGRAD: KLYVING

Høgenipa er ein framtredande topp i Hjørundfjorden, men likevel er han knapt vitja. Sjølv om der var folk så tidleg som i 1870 for å utføre landmåling, er toppen framleis uvanleg som fjelltur. Det er tydelegvis ein topp for spesielt interesserte, og det gjer at det er særs kjekt å stå på toppen og vite at du er ein av faktisk ganske få som veit om denne løyndomen og faktisk har vore der. Høgenipa utgjer ein del av det same fjellmassivet som den meir kjende og trafikkerte Langnestinden. Frå toppen er utsikta overveldande, med panorama mot fjella aust for Hjørundfjorden. Rett og slett ei kjensle av reint velvære. Ytre-Standal– Vardane–Lågenipa–Høgenipa

Syt for å ta deg til Ytre-Standal, som du kan nå anten ved å kome frå Festøya i nord eller frå nabobygda Store Standal i sør. Start frå brua ved den knappe svingen som går gjennom grenda. Ta så inn på ein traktorveg som leier mot ei dyrkamark. Ved enden av marka peikar du deg ut ei linje mot dei store mastene på ryggen


Søre Sætretind

Nordre Sætretind

Kolåstinden Langnestinden Høgenipa

Romedalstinden Storkopptindane

Svintinden

2.21

195 Ø R STA KO M M U N E


ven, ein liten tind med ei stupbratt sørside. Den neste stupbratte veggen på rekkja er då Seljeneshornet. Du skal vidare opp i skaret på nordaustsida av dagens turmål. Herifrå går ei bratt og luftig egg mot toppen tilbake i sørvestleg retning. Du held delvis sida ned mot Hjørundfjorden. Terrenget er mosegrodd heilt til topps, så det er viktig at underlaget er turt. Førebu deg på ein god del klyving i luftig terreng. Denne sisteetappen kan forresten gi visse assosiasjonar til den meir kjende Liadalsnipa i Ørstafjorden.

Seljeneshornet

Ø R STA KO M M U N E

270

Segna om trollmannen på Molaupen Heilag-Olav var på veg utetter Hjørundfjorden med skipet sitt då det ved Nes bles opp til ein orkan frå nord. Det viste seg at det var ein trollmann på Molaupen som hadde stelt i stand dette vêrkaoset, i det han hadde skapt seg om til ein orm. Han hadde lagt på sum ut i fjorden og låg der og bles og laga slik uroleg sjø. For å få slutt på denne plaga gjekk då Heilagkongen fremst i skipet og fyrte opp eld. Det vart då stilt akkurat rundt båten, slik at dei kunne ro rett gjennom orkanen og bort til der ormen låg. Ormen var fanga, og Olav kasta han kraftfullt opp i bergveggen slik at det vart merke etter ormen. Dette merket finst den dag i dag.


Molaupssåta

271

STARTPUNKT: 0 moh. | LENGDE: 3 km | VANSKEGRAD: KLYVING

Molaupssåta er sjølve definisjonen på kva slags fjell som er meinte med denne boktittelen. Dette er ein innertiar av ei skjult perle, og turen gir ei pakkeoppleving av overveldande dimensjonar. Turen kan best karakteriserast som vegetert klyving frå tare til tind. Dette i eit avbakleg område av Hjørundfjorden, der starten går frå den veglause og fråflytta strandgarden Molaupen på austsida av fjorden, tvers overfor Ytre-Standal. På toppen kjem du tett på taggar og pinaklar på eine sida, og fjorden og Kolåshalvøya på den andre sida. Molaupen–Molaupsnakken–Molaupssåta

Molaupen er ein veglaus, fråflytta strandgard, så her krevst det litt logistikkplanlegging med transport via sjøvegen. Heilt frå strandkanten reiser dagens turmål seg majestetisk opp over dei skogkledde, bratte liene. Frå kaia leier ein fin, oppmura liten gardsveg opp til tunet, der det no står berre husmurane igjen. På denne plassen budde det folk fram til 1950-åra.

Ø R STA KO M M U N E

2.46 MOLAUPSSÅTA 913 moh.


SY K KY LV E N KO M M U N E

284

3.4 LISJEHORNET 1198 moh. STARTPUNKT: 53 moh. | LENGDE: 4,4 km VANSKEGRAD: KLYVING

Ein tur til dette kvasse fjellet er ein artig rangletur i karakteristisk alpint miljø. Fjellet vert også kalla Høgekeipen, og Itljehønnjet på sykkylvsdialekt. Slettegjerde–Straumsheimdalen– Straumsheimskaret–Lisjehornet

Der Sykkylvsfjorden møter Fetvatnet, finn du Straumgjerde sitt stadionlegg på Slettegjerde. Frå godt tilrettelagd parkeringsplass her tek du til på god rås opp til setra i Straumsheimdalen, som er eit ynda turmål for sykkylvingar. Du skal no innover til den tronge og skuggefulle dalbotnen, skjerma for sol bak den steile og mektige fjellveggen frå Trollkyrkja. Ein snøbre må kryssast for å kome opp til skaret lengre oppe, som leier inn på egga mot Lisjehornet. Vel oppe på skaret har du fin oversikt nedover det store dalføret fremst i Riksheimdalen og vidare vestover mot kjende Hjørundfjord-fjell. Følg ryggen i nordleg retning, han


285 SY K KY LV E N KO M M U N E

Lisjehornet

3.4

Storevatnet


oppover elva. Her må du stri med greiner som piskar deg ned att og set deg på ei retteleg motivasjonsprøve. Stå på, for straks er du over tregrensa og i ope lende. Før du går vidare, kan det vere verdt å riste kleda for flått og andre gratispassasjerar som har vorte med deg på veg opp gjennom skogsbeltet. Etter ei stutt strekkje i retning framover dalen dreier du nordover og følgjer ein fin rygg heilt opp til toppvarden. Der ventar ei flott utsikt over møbelbygda, men utvis varsemd på kanten med dei steile fjellveggane ned mot Straumsheimdalen. No kan toppsamlaren krysse av ein eksklusiv topp på lista si.

SY K KY LV E N KO M M U N E

288

3.5


Dravlausegga

Nordre Hammarsettinden

Urfjellet

Geita

E N D A L V E L L E

3.6

289

VANSKEGRAD: MIDDEL S TUNG

Geita er vel verd eit besøk, og prioriter gjerne ein tur opp hit ein kveld du har litt tid til overs. Dette er ikkje lange turen, og trengsel på toppen er ei ikkje-eksisterande problemstilling her. Frå «Geiteryggen» er du nær oppunder den sylskarpe egga mellom Trandal og Velledalen. Frå toppen er det jamvel mogleg å gå over til Trandal via Raudemolsegga. Velle–Drivdalen–Geita

I sørenden av Fetvatnet kjem du over i nedste delen av Velledalen. Køyr gjennom den koselege grenda Velle med mange fine gardsbruk langs vegen. Ved ein stad som heiter Djupedalen, går det ei bru over elva. Her, like ved brua, er det tilrettelagt for parkering for dei som vil på tur til Regndalen og Drivdalen. For å kome deg til Geita må du velje Drivdalen og følgje ope lende oppover mot Drivdalsvatnet. Derifrå endrar du retning til høgre

SY K KY LV E N KO M M U N E

3.6 GEITA 910 moh. STARTPUNKT: 25 moh. | LENGDE: 3,5 km


ST RA N DA KO M M U N E

316

4.1 KÅPEFJELLET 1271 moh. STARTPUNKT: 420 moh. | LENGDE: 5,9 km | VANSKEGRAD: TUNG

Ein kan trygt seie at dette fjellet kjempar om merksemda i den sunnmørske fjellheimen, der det er plassert mellom Smørskredtindane, Brekketindane og Slogen. Med slike naboar er det utfordrande for kvart eit fjell å stikke seg ut i landskapet. Som tur er det eit meir lettgått alternativ til mange av dei andre rutene i dette området, og som bonus får du med deg Svartdalen – ein skjult juvel på ruta på veg til Kåpefjellet. Liasetra–Liadalen–Habostaddalen– Svartdalen–Kåpefjellet

I underkant av 3,5 km frå Stranda sentrum kan ein ta av frå Dalevegen, i ein bratt og knapp sving opp til vegen som er skilta til Engeset. Frå dei øvste gardane på Engeset er det mogleg å køyre 4 km innover til Liasetra og parkere der. No startar dagens fjelltur med vandring i det som kan opplevast som meir eller mindre flatt terreng sørover på ein autostrada av ei rås. Strengt


Leirvasshornet

Nordre Smørskredtind Kåpefjellet

4.1 4.1 E N H A B O S T A D D A L

317

teke stig du 200 m på vel 3 km før du skal ta ut av denne råsa. Dette er ei av dei mest trafikkerte råsene i Sunnmørsalpane, og ho går til Patchellhytta og vidare til Slogen. Langt framme i dalføret kjem det ned ein bratt sidedal i aust, med eit imponerande elvegjøl og eit flott fossefall. Ta no retning oppover mot dette dalføret og følg elva og fossen på venstre og nordaustleg side. Vel oppe i dalmunningen kryssar du elva og går inn i Svartdalen, dalføret som er lengst sør. I det du stig inn i dalen, veit du med eitt at du no har kome til ein heilt unik skatt i Sunnmørsalpane, som særleg gjer inntrykk på grunn av det grøne brevatnet som kjem frå breen inst i den skuggelagde dalbotnen. Frå vatnet vert det å ta laust på den dryge motbakken opp til ryggen som leier til topps. Hald deg på austsida av ryggen, for vestsida er luftig. Etter kvart som du nærmar deg Kåpefjellet, vert ryggen breiare, og det er herleg for kropp og sjel å vandre lett og sutlaust oppover til toppvarden.

ST RA N DA KO M M U N E

1 km


Nordre Smørskredtind Store Smørskredtind Vardenibba

Sandgrovhorna

ST RA N DA KO M M U N E

320

4.3 VARDENIBBA 1345 moh. STARTPUNKT: 420 moh. | LENGDE: 6,7 km | VANSKEGRAD: TUNG

Dei ukjende perlene ligg tett i dette området, som samstundes også har nokre av dei mest vitja fjella i Sunnmørsalpane. Mellom kjendisar som Slogen, Smørskredtindane og Brekketindane er her også alternative turmål som du med stort sannsyn får heilt for deg sjølv. Over Habostaddalen heng Vardenibba med sin loddrette nordvegg over dal og bre. Patchellhytta–Vardenibba

Det er mange måtar å kome seg til Patchellhytta på; til dømes frå Skylstad i Norangsdalen, frå Langseterdalen på Urke eller frå Liasetra på Engeset i Stranda. Felles for alle desse startpunkta er at det er godt skilta til Patchellhytta. Turmålet gir eigentleg seg sjølv når du står ved Patchellhytta og ser opp. Det er farbar veg opp den bratte ryggen som leier til toppunktet. Ta utgangspunkt i å halde deg på austsida av breen nedanfor Brekketindane. Du treng ikkje å ta deg inn på breen for å kome til Vardenibba. Fyr-


Søre Brekketind

Lisje Brekketind

Store Brekketind Vardenibba

Brunstadhornet Skartinden

4.3

321 ST RA N DA KO M M U N E

L E N D D A S T A B O A H


svært bratt, og det er til og med strekt opp eit system av tau langs råsa, som ein kan halde seg i. Når du kjem opp på kanten, rett over tregrensa og like ved Hestefjellet, flatar terrenget ut og vert samstundes meir myrlendt. Så viser støylen seg endeleg fram, og det er berre å vandre i lett terreng bortover den siste sjarmøretappen. Vel framme ventar rein og skjær sunnmørsk, eventyrleg setreidyll mellom stolte Dalsfjord-fjell over ein blånande og trong fjord.

S K J U LT E S E T E R P E R L E R

352

5.2

1 km


353

| KOMMUNE: VOLDA

Meksetra er nok ei av dei aller best gøymde setrane i heile Sunnmørsalpane. Setra ligg koseleg til på ei høveleg høgd over Voldsfjorden, med vakker utsikt innover Austefjorden frå ein litt uvanleg vinkel. Skogen kryp stadig oppover, så sjølve støylen vert nok meir og meir skjult av vegetasjonen. Meksetra er eit overmåteleg godt tips til ein passe roleg og avbalansert sundagstur, med ikkje så altfor mange høgdemeter å legge under seg. Det er få som veit om denne skatten og har han som eit opplagt turmål ein finvêrssundag, så du vert neppe uroa her.

S K J U LT E S E T E R P E R L E R

5.3 MEKSETRA 340 moh. STARTPUNKT: 42 moh. | LENGDE: 1 km


Mannen i Austefjorden som vart bergteken

S K J U LT E S E T E R P E R L E R

364

Ein gong vart ein mann på Langvatn bergteken. Langvatn er nabogardane til Nes, og grendene ligg rett under Nessetra og Neshornet. Dette hende ein sommardag då mannen reiste på skogen for å hente never til vøling av hustaka. Men då han ikkje kom att til måltidet om kvelden, vart folket heime rett engstelege. Dei samla grannelaget og byrja leite etter mannen. I skogen ropte dei etter han, men det var knyst stille tilbake. Heile bygda kom til og gjekk manngard i innmark og utmark, men utan resultat. Plutseleg, etter tre døgn, kom mannen ruslande heim att, utan verken øks eller never og elles tydeleg forfjamsa. Folket tykte at han var så rar der han kom traskande, og dei fretta han om kva som hadde hendt. Mannen kunne då fortelje at han hadde vorte bergteken, og at det hadde vore berre falskleik frå huldra, alt i hop. I skogen hadde det nemleg spelt så fint og forlokkande frå ein haug, og då han gjekk bort for å finne ut kven som spelte, visste ikkje han meir før han sjølv hadde kome inn i haugen. Der var det retteleg liv og røre, og dei åt, spelte, dansa og drakk. Ei vakker jente ville danse med han, og gjorde seg så lekker at det vart «grove ting», som segna seier. Slik heldt det på til andre dagen også, og over til den tredje. Men på denne dagen, då dei skulle setje seg til bords, kom mannen til å nemne Jesu namn før maten. Då såg han at all mat og drikke var berre skit og lort. Han krossa seg, og då sende huldrefolket han sporenstreks på dør ut av haugen. Då rådde ikkje mannen med seg sjølv før han var heimattkomen.


365

Maken til bortgøymd seter skal ein leite lenge etter, for dette må heilt klårt vere ei av dei minst trafikkerte setrane i Sunnmørsalpane det framleis står hus på. Dårleg rås understøttar den teorien. Setra ligg på ei grøn, austvend slette over Kalvatn. Om ein vil ta ein litt annleis setretur og prøve noko nytt, så kan Eidssetra anbefalast som turmål. Måen–Eidssetra

Turen til Eidssetra utgjer fyrste del av turen til Skredefjellet, skildra lengre framme i boka, turrute 1.12. Start frå ein garasje som står like ved Månanesvegen på Måna. Ved garasjen tek du nedover ein kort skogsveg og over ei bru, som leier inn på eit beite ved enden av Kalvassvatnet. Herifrå går ruta på skrå sørvestover oppover i open blandingsskog. Du må vere konsentrert på veg oppover lia, fordi råsa forsvinn fleire stader. Hjortetrakk kan skape ytterlegare forvirring og leie

S K J U LT E S E T E R P E R L E R

5.8 EIDSSETRA 370 moh. STARTPUNKT: 70 moh. | LENGDE: 1,5 km | KOMMUNE: VOLDA


PÅL-ARE VADSTEIN

SKJULTE PERLER I

SUNNMØRSALPANE

SUNNMØRSALPANE ER EI SKATTEKISTE for turgåarar og fjellfolk, og har mange kjende toppar. I denne boka tek den fjellrøynde og lokalkjende Pål-Are Vadstein deg med på oppdagingsferd til mindre opptrakka stiar. Boka er ein døropnar inn til dei ukjende delane av Sunnmørsalpane, der det kryr av tindar, horn, egger, niper og setrar som få kjenner til.

PÅL-ARE VADSTEIN

SKJULTE PERLER I SUNNMØRSALPANE

Boka inneheld 116 fotturar, inkludert 15 setrar, i Ørsta, Volda, Sykkylven og Stranda. Rutene er rikt illustrerte og graderte etter vanskegrad. Turane passar både for erfarne fjellfolk som vil ha inspirasjon til nye ruter, og familiar som er ute etter enklare søndagsturar.

PÅ L-A R E VA D ST E I N ( f. 1 9 82 )

er frå Ørsta, sjølve hjartet i Sunnmørsalpane. Han er utdanna ingeniør og lærar og arbeider som prosjektleiar i bygg- og anleggsbransjen. Fritida brukar han til å utforske kvar krik og krok i Sunnmørsalpane, og det er knapt ein fjelltopp i området han ikkje har vore på.

S K A L D. N O

I S B N 9 78 - 82 - 7 9 5 9 -3 3 4 - 8

116 FANTASTISKE FOTTURAR


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.