Framom døden

Page 1

william

faulkner

framom døden


Skrifttypane i denne boka – Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk – er utvikla spesielt for skalds klassikarar av skriftdesignaren Stefan Ellmer. Dei er ei indirekte omsetjing av dei ikoniske skrifttypane Nicolas Jenson utvikla i Venezia rundt 1470, med inspirasjon frå den britiske og amerikanske rørsla av uavhengige forlag som tidleg på 1900-talet utvikla sine eigne versjonar av desse gamle skrifttypane. Målet med skrifttypen Skald er å presentere dei nye omsetjingane i skalds serie på ein klar, unostalgisk, open og inviterande måte, men likevel med særpreg. Støtta og innkjøpt av Norsk kulturfond.

o r ig in altittel : As I Lay Dying (1930) tekst : William Faulkner om setj ar : Sivert N. Nesbø

Copyright © 1930 and copyright renewed 1958 by William Faulkner. This translation is published by arrangement with Modern Library, an imprint of Random House, a division of Penguin Random House LLC. s e r i e d esig n : Andreas Töpfer & Øystein Vidnes sats : Øystein Vidnes illustrasj o n : Andreas Töpfer fo n ta r : Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk av Stefan Ellmer papir : Munken Print Cream 1.8, 90 g try kk o g in n b in d in g : Livonia Print

© s ka l d 2021 www.skald.no isbn 978-82-7959-333-1 ISBN 978-82-7959-333-1

9 788279 593331


william faulkner

FRAMOM DØDEN f rå e nge lsk ve d si ve rt n. nesbø

s ka l d 2021


da r l

Jewel og eg kjem opp frå marka og går etter kvarandre langs stien. Sjølv om eg er fem meter framom han, kan kven som helst som held auge med oss frå bomullsbua, sjå den trasa og opprivne stråhatten til Jewel eit heilt hovud over mitt. Stien går beint som ei loddsnor, sliten glatt av føter og steikt steinhard av julisola, mellom dei grøne radene der bomulla står klar til å verte plukka, bort til bomullsbua midt på marka, der han bøyer av og svingar seg rundt novene i fire mjuke vinklar, før han fortset vidare langs marka, trakka slik av føter med minkande grannsemd. Bomullsbua er laga av grove tømmerstokkar, der tettinga for lengst har falle ut. Kvadratisk, med eit sundslite tak som hallar berre eine vegen, lener ho seg skimrande og forfallen i sollyset, med eit enkelt, breitt vindauge i kvar av dei to motsvarande veggane som vender mot stien. Idet vi når fram til bua, svingar eg og følgjer stien rundt novene. Jewel, som framleis er fem meter bak meg, ser stivt framføre seg og kliv i eitt steg inn gjennom vindauget. Medan han framleis stirer beint fram, med dei 7


bleike auga som liknar tre som er sette inn i treandletet hans, kryssar han golvet i fire steg, med det stive alvoret til ein tobakkskioskindianar kledd i lappete overall og rørleg berre frå hoftene og ned, og kliv i eitt steg ut gjennom det andre vindauget og attende på stien nett idet eg kjem rundt nova. Etter kvarandre, med halvannan meter mellom oss og Jewel no fremst, held vi fram langs stien mot foten av berghammaren. Vogna til Tull står ved kjelda, tjora til gjerdet, og med taumane surra rundt støtta til setet. Bak i vogna er det to sete. Jewel stoggar ved kjelda og tek graskarkoppen frå pilegreina og drikk. Eg går forbi han og tek til å klive oppover, og no høyrer eg saga til Cash. Idet eg når toppen, har han slutta å sage. Han står i ein haug av spon og føyer to av borda saman. Mellom skuggefelta er dei gule som gull, som mjukt gull, og langs sidene har dei bølgjande, ujamne merke etter øksebladet: ein dyktig snikkar er Cash. Han held dei to borda på sagbenken, føydde saman til eit hjørne av den ferdige kassa. Han kneler og myser langsetter kanten, så legg han dei ned og grip skarvøksa. Ein dyktig snikkar. Addie Bundren kunne ikkje ønskt seg noko betre, ei betre kasse å liggje i. Ho vil gje henne kvile og trøyst. Eg held fram med å gå mot huset, følgd av Tsjukk. Tsjukk. Tsjukk. frå øksa.


co r a

Så eg gøymde unna egga og bakte i går. Kakene vart retteleg gode. Vi ventar oss mykje av hønene våre. Dei er gode til å verpe, i alle høve dei få vi har att, etter pungrotter og den slags. Og slangar òg, om somrane. Ein slange kan bryte seg inn i eit hønsehus snøggare enn noko anna. Så når dei no enda med å koste så mykje meir enn det herr Tull hadde trudd, og etter at eg lova at skilnaden i talet på egg ville vege opp for det, vart eg nøydd til å vere meir forsiktig enn nokon gong, sidan det var eg som fekk trumfa dei gjennom. Vi kunne ha skaffa oss billegare høner, men eg lova det, slik frøken Lawington bad meg, då ho rådde meg til å skaffe ein god rase, for herr Tull òg innrømmer at kyr eller grisar av god rase løner seg i det lange løp. Så når vi no miste så mange av dei, hadde vi ikkje råd til å nytte egga sjølve, for eg ville ikkje at herr Tull skulle kjefte på meg, sidan det var eg som hadde fått trumfa dei gjennom. Så då frøken Lawington fortalde meg om kakene, tenkte eg at eg kunne bake dei og tene nok på éin gong til å auke nettoverdien på flokken tilsvarande to høner. Og at ved å spare på egga eitt om gongen ville sjølv 9


ikkje egga koste noko. Og den veka verpa dei så godt at eg ikkje berre fekk lagt unna nok egg til å bake med, utover dei vi hadde planlagt å selje, eg fekk òg spart opp nok til at verken mjølet eller sukkeret eller brennet kom til å koste oss noko. Så eg bakte i går, med større aktsemd enn eg nokon gong før i mitt liv har bakt, og kakene vart retteleg gode. Men då vi kom til byen denne morgonen, fortalde frøken Lawington meg at dama hadde ombestemt seg og ikkje skulle ha noko selskap likevel. «Ho burde ha teke dei kakene uansett», seier Kate. «Vel», seier eg, «eg vil tru at ho ikkje har noko bruk for dei no lenger.» «Ho burde likevel ha teke dei», seier Kate. «Men dei der rike byfruene kan ombestemme seg. Fattigfolk kan ikkje det.» Gods gagnar ikkje i Herrens åsyn, for han kan sjå beint inn i hjartet. «Kanskje eg kan selje dei på basaren på laurdag», seier eg. Dei vart retteleg gode. «Du får ikkje to dollar stykket for dei», seier Kate. «Nei, men det er jo ikkje slik at dei har kosta meg noko», seier eg. Eg sparte dei og bytte eit dusin av dei mot sukkeret og mjølet. Det er ikkje slik at kakene kosta meg noko, for som herr Tull òg skjønar, var egga eg gøymde unna, mange fleire enn dei vi hadde tenkt å selje, så det var som om vi hadde funne egga, eller at dei hadde vorte gjevne til oss. «Ho burde ha teke dei kakene når ho så godt som hadde gjeve deg sitt ord», seier Kate. Gud kan sjå beint inn i hjartet. Om det er viljen hans at einskilde folk har ei anna 10


oppfatning av rettsinn enn andre, er det ikkje opp til meg å stille spørsmål ved dei lovene han har utferda. «Eg vil tru at ho aldri har hatt noko bruk for dei», seier eg. Dei vart retteleg gode òg. Teppet er drege heilt opp til haka hennar, sjølv om det er varmt, og berre hendene og andletet stikk fram. Ho er stødd opp mot puta, med hovudet heva slik at ho kan sjå ut vindauget, og vi kan høyre han kvar gong han nyttar øksa eller saga. Om vi var døve, kunne vi nesten berre sjå på andletet hennar og høyre han, sjå han. Andletet hennar er magra bort slik at beina er synlege like under huda, som kvite liner. Auga hennar er som to stearinlys når du ser dei blafre og forsvinne ned i ein jernlysestake. Men den ævelege og uendelege sæle og miskunn er henne ikkje gjeve. «Dei vart retteleg gode», seier eg. «Men slett ikkje som dei kakene Addie brukte å bake.» Du kan sjå at det er jenta som har vaska og stroke putevaret, om det no nokon gong har vore stroke. Kanskje det vil openberre blindskapen hennar for henne, der ho ligg takka vere omsut og miskunn frå fire menn og ei gutejente. «Det finst ikkje ei kvinne her ikring som kan bake som Addie Bundren», seier eg. «No skal du berre sjå at ho straks er på beina igjen og tek til å bake, og då vil vi ikkje lenger ha stort å selje.» Ho lagar ikkje ein større bulk under teppet enn det ein staur ville gjort, og det einaste som vitnar om at ho framleis pustar, er lyden av maisskolmane i madrassen. Ikkje eingong håret på kjaken hennar rører seg, sjølv om jenta står like over henne og blafrar med ei 11


vifte. Medan vi ser på, flyttar ho vifta over i den andre handa utan å stogge. «Søv ho?» kviskrar Kate. «Ho freistar berre å sjå Cash der nede», seier jenta. Vi kan høyre saga i bordet. Det høyrest ut som snorking. Eula snur seg og ser ut vindauget. Smykket hennar ser svært fint ut saman med den raude hatten. Ein skulle ikkje tru at det berre kosta tjuefem cent. «Ho burde ha teke dei kakene», seier Kate. Eg kunne hatt god bruk for dei pengane. Men det er ikkje slik at dei kosta meg noko, bortsett frå bakinga. Eg kan seie til han at kven som helst kan gjere ein feil, men det er ikkje alle som kan kome seg ut av det utan tap, kan eg seie til han. Det er ikkje alle som kan svelgje feila sine, kan eg seie. Nokon kjem gjennom gangen. Det er Darl. Han ser ikkje inn idet han passerer døra. Eula følgjer han med blikket medan han fortset og forsvinn ut mot baksida. Handa hennar hevar seg og rører perlene varsamt, og så håret. Då ho ser at eg kikar på henne, vert blikket hennar tomt.


da r l

Pappa og Vernon sit på verandaen bak huset. Pappa tømmer snus ned i underleppa frå loket på snusøskja, medan han held leppa dregen ut mellom peikefingeren og tommelen. Dei ser seg ikring idet eg går over verandaen og dyppar graskarkoppen i vassbøtta og drikk. «Kvar er Jewel?» seier pappa. Då eg var gut, lærte eg kor mykje betre vatn smakar når det har stått ei stund i ei sedertrebøtte. Kjølig, men samstundes lunka, med ein veik smak slik den varme julivinden i sedertrea angar. Det må stå i minst seks timar, og når ein drikk, må det vere frå ein graskarkopp. Vatn bør aldri drikkast frå metall. Og om natta er det enno betre. Eg brukte å liggje på madrassen i gangen og vente til eg kunne høyre at dei sov, alle saman, så eg kunne stå opp og gå ut til bøtta på baksida. Ho var svart då, hylla var svart, den stille yta på vatnet var berre ei rund opning av inkje, der eg kanskje kunne sjå ei stjerne eller to i bøtta før eg rørte vatnet vake, og kanskje ei stjerne eller to i ausa òg, før eg drakk. Etter det var eg større, eldre. Då brukte eg å vente til alle hadde sovna, så eg kunne liggje med skjorteflaket oppe 13


og høyre at dei framleis sov, og kjenne meg sjølv utan å ta på meg sjølv, og kjenne den kjølige stilla som bles over lemane mine, og tenkje på om Cash låg bortanfor meg i mørkeret og gjorde det same, og kanskje hadde gjort det i to år allereie, før eg kunne ha ønskt det eller hadde kunna. Føtene til pappa er kraftig forvridne, tærne hans er samanklemde og bøygde og skamfarne, utan teikn til tånagl på dei minste, etter det harde, fuktige arbeidet i heimelaga sko då han var gut. Støvlane hans står ved sida av stolen. Dei ser ut som om dei er vortne hogne på med ei stump øks av råjern. Vernon har vore i byen. Eg har aldri sett han fare til byen i overall. Det er kona hans, seier dei. Ho har òg vore lærar ein gong. Eg slyngjer restane frå ausa på bakken og tørkar munnen på skjorteermet. Det kjem til å regne før i morgon tidleg. Kanskje allereie før det vert mørkt. «Nede på løa», seier eg. «Han spenner føre.» Nede og tullar med den hesten. Han kjem til å gå vidare gjennom løa, inn på marka. Hesten vil ikkje vere å sjå: Han er oppe mellom småfurene, der det er kjølig. Jewel plystrar, skingrande og éin gong. Hesten snøftar, så får Jewel auge på han, han glimtar ein augneblink brikande fram mellom dei blåe skuggane. Jewel plystrar igjen; hesten kjem luntande ned bakken, stivbeint, med rykkande og spissa øyre, han rullar med dei umake auga og stoggar sju meter unna, med breisida til, og stirer over skuldra på Jewel i ein årvaken og kokett positur. «Kom her, gut», seier Jewel. Han rører seg. Rører seg så snøgt at håra hans hyfser seg og slår, lik kvervlande 14


flammetunger. Medan han hiv på mana og halen og rullar med auga, gjer hesten enno eit byks før han stoggar, med føtene samla, og ser på Jewel. Jewel går roleg og jamt mot han, med armane ned langs sida. Bortsett frå beina til Jewel er dei som to figurar skorne ut for eit tablå, ville i sollyset. Idet Jewel nesten kan nå han, reiser hesten seg på bakbeina og sparkar etter han. Så vert Jewel fanga inn i eit glitrande kaos av hovspark, som i ein illusjon av venger; imellom dei, under den oppreiste, bankande bringa, rører han seg med den bivrande mjukleiken til ein slange. Ein augneblink før rykket slår ned i armane hans, vert heile kroppen hans hiven opp, horisontal, piskande mjuk som ein slange, til han finn naseborene til hesten og igjen landar på bakken. Så står dei urørlege, trugande, stive, hesten er bakoverbøygd på dirrande, spente bein, med hovudet senka; Jewel står med hælane nedgravne i jorda, medan han stenger for andedråttet til hesten med den eine handa, med den andre klappar han halsen med korte strok, tallause og kjærlege, medan han forbannar hesten med usømeleg argskap. Dei står i ein stiv, fælsleg klinsj, hesten skjelv og gryntar. Så er Jewel brått på hesteryggen. Han flyt oppover i ein bogen kvervel, som eit piskeslag der kroppen hans formar seg etter hesten i svevet. I enno ein augneblink står hesten breibeint med hovudet senka, før han igjen bryt ut i rørsle. Dei bykser ned skråninga i ei rad ryggbrekkande støytar, Jewel høgt oppe, sogen fast som ei igle mot hestenakken, ned til gjerdet, der hesten samlar seg i ein rykkande gange og stoggar. 15


«Ja vel», seier Jewel, «du kan gje deg no, om det rekk for deg.» Inne på løa glir Jewel av hesten før han får stogga. Hesten går inn på båsen, Jewel følgjer etter. Utan å sjå seg bak spenner hesten etter han og smeller ein hov i veggen, kvast og høgt som eit pistolskot. Jewel sparkar han i magen; hesten kastar hovudet bakover og blottar tennene; Jewel slår han i andletet med knyttneven og stig opp på trauet. Medan han held seg i høykorga, senkar han hovudet og kikar ut over veggane på båsen og gjennom døropninga. Stien er tom; herifrå kan han ikkje eingong høyre Cash sage. Han strekkjer seg opp og dreg til seg høy i hastige famnar og stappar det hardt ned i krybba. «Et no», seier han. «Få det forbanna fôret i deg medan du har høve, din forfisne faen. Din helsikes jævel», seier han.



m erkna d

William Faulkners nyskapande og på einskilde område utfordrande roman As I Lay Dying er trass sin beskjedne storleik eit av dei store prosahovudverka frå modernismen, saman med Til fyret av Virginia Woolf og Ulysses av James Joyce, for berre å nemne dei aller mest nærliggjande eksempla. Diktaren og omsetjaren Pentti Saarikoski skriv ein stad at dei store bøkene, dei som vert haldne for å vere klassikarar, bør setjast om på nytt kvart trettiande år, for slik å halde dei levande i kulturen og for å halde samtalen kring dei i gang. Ei omsetjing er ein freistnad, ei utrøyning: Slik kan det til dømes gjerast, men samstundes på mange andre måtar òg. Somme omsetjingar er tett bundne til tida dei vart omsette i; dei kan etter kvart opplevast som trå og ulaglege, eller det kan vere at dei lener seg for mykje på einskilde tendensar eller tidsavgrensa praksisar, og dimed ikkje lenger høver like godt til å verte lesne i den nye tida. Andre bøker greier seg betre. Somme klassikarar har i omsett form halde seg fint i femti, hundre år og meir og kan framleis lesast av vanlege lesarar med stort utbytte. Og om dei ikkje direkte kan lesast med stort utbytte, kan dei i alle høve studerast på universitetet, på litteraturvitskap eller nordisk eller engelsk eller kva område boka no høyrer inn under. 253


Pentti Saarikoski var sjølv ein røynd og aktiv omsetjar: I tillegg til sin eigen litterære produksjon, som var rik og samansett, omsette Saarikoski ei brei vifte av titlar til finsk, frå engelsk og gresk og fleire andre språk, og han er antakeleg den einaste som i løpet av eit liv har omsett både Homers Odysseen og Joyces Ulysses, og det trass i at han døydde berre 46 år gamal. Sjølve tittelen As I Lay Dying henta Faulkner frå Odysseen, i omsetjinga av William Marris frå 1925. I teksten tittelen er henta frå, er det kong Agamemnon som ligg og held på å døy, etter at Klytaimnestra har gjeve han banesår, og til Odyssevs seier han følgjande: «As I lay dying, the woman with the dog’s eyes would not close my eyes as I descended into Hades.» I den norske 1922-utgåva, omsett av Peter Østbye, kan vi lese at: «Min løftede arm sank kraftløs til jorden, medens jeg lå med sverdet i bryst og kjempet med døden. Hjerteløs snek hun seg bort, og ikke engang mine øyne lukket hun eller min bleknende munn, skjønt jeg vandret til Hades.» Det er altså framom noko uavvendeleg Agamemnon ligg, ein mørk vegg eller eit teppe, kan ein kanskje tenkje seg, eitkvart ukjent og løynt som kvelvar seg over han, og som han ikkje har noko å stille opp mot. I Faulkners roman er det Addie Bundren som ligg for døden og som etter kvart døyr, og ho vert liggjande daud lenge. Først heime, medan familien ventar på at sønene Darl og Jewel skal kome heim frå eit ærend faren sender dei av garde på, og etter kvart ei dryg veke om bord i den muldyrforspente vogna, som tråklar seg gjennom det fiktive Yoknapatawpha, som byggjer på Faulkners eige Mississippi, i sommarvarmen, gjennom eld og vatn, flaumstore elver og låvebrann, og enno ei tid, mot Jefferson, der resten av familien til Addie er gravlagde, medan talet på gribbar som sirklar 254


over vogna, aukar, samstundes med at dei andre familiemedlemane jamt har sine private ærend som forseinkar jordfestinga. I både den engelske og den norske omsetjinga av Odysseen er det to moment som er sentrale: «As I lay dying» / «medens jeg [...] kjempet med døden», og «as I descended into Hades» / «skjønt jeg vandret til Hades.» I begge utgåvene av teksten ligg Agamemnon så å seie i denne augneblinken og døyr, og det er ei rørsle i dette biletet, han snakkar medan døden rører seg inn i han, får han til å døy, det er ikkje eit avklåra og fiksert bilete, døden endrar han så å seie medan han ligg der og snakkar. Han er på veg til Hades; han døyr, men han talar framleis. Kvar skal vi trekkje grensa, setje den endelege streken? I Faulkners roman kan sjølv dei daude tale, frå innsida av kista, og kvifor ikkje? Den daude mora i familien Bundren vert tildelt eit spitefullt og hatande kapittel der ho feller sin dom over samlivet og familielivet, og erkjenner syndene sine, både dei av kjøtet og dei i ånda. Det er i forlenginga av desse tankane eg har landa på tittelen «Framom døden», sidan han tek vare på både det ufråvikelege ved døden, rørsla som finst i det å liggje og vite at døden er på veg, og dei mørke vokalane som kling saman med lydane i originalen. På svensk heiter boka «Medan jag låg och dog», på tysk «Als ich im Sterben lag», men i mine auge er ikkje «Medan eg låg og døydde» eller «Medan eg låg døyande» fullgode titlar på norsk, dei verkar for direkte omsette, og ein finn heller ikkje støtte for dei i Østbyes Agamemnon. Den førre norske omsetjinga fekk elles den noko friare tittelen «Dødens dager», og på dansk har omsetjaren valt «I min siste time», eit forslag som i mine øyre ikkje berre er vel fritt i høve til originalen, men som òg har ei påfallande opphoping av lyse vokalar, som flyttar tittelen langt unna alvoret i opphavet. 255


Kva er døden? Lækjaren Peabody vert send bod på for å kome til garden der Addie ligg. Ho er enno ikkje daud då han kjem, men det er like før ho skal fare. For å spare pengar har han vorte tilkalla såpass seint at det ikkje finst noko håp om at Addie kan reddast, om det nokon gong fanst håp. I det han kjem inn i rommet der Addie ligg, ser han dottera som står og veiftar henne, og han ser at Addie ikkje har lenge att. I tankane formulerer han det følgjande: «Eg kan hugse då eg var ung, då såg eg føre meg at døden var eit reint kroppsleg fenomen; no veit eg at det berre ligg til sinnet – og i sinnet til dei som har mist. Nihilistane seier at døden er slutten; fundamentalistane seier at det er byrjinga; i røynda er det ikkje meir enn ein einsleg leigetakar eller ein familie som flyttar ut av ei leilegheit eller ein by.» Romanen As I Lay Dying består av 59 delar, fortalde av 15 ulike førstepersonsforteljarar, som kvar får eit varierande tal kapittel til rådvelde. Somme får berre eitt, andre får fleire. Ulike talemåtar, tenkjemåtar og veremåtar kjem til syne gjennom talen. Her er lek og lærd, bonde og byfant, apotekar, prest og skulelærar, det barnleg naive, landleg jordbundne fornuftige og det stjerneomkrinsande galne. Ein ting er korleis karakterane oppfattar seg sjølve, ein heilt annan korleis dei gjev kvarandre att. Byfolk legg gjerne kraftig på når dei gjenfortel bøndene sine ord og handlingar, og sjølv den språkmektige, poetiske og stadig meir sinnsforvirra Darl vert gjengjeven på ein heilt annan måte av andre samanlikna med korleis han sjølv opplever å formulere seg. Så å seie alle karakterane i boka har sine eigne motiv, sine eigne grunnar til å gjere som dei gjer, tenkje slik dei tenkjer. For syttenårige Dewey Dell er reisa til byen eit høve til å freiste å verte av med barnet som veks i magen hennar, som ungdomen 256


Lafe har planta der medan dei plukka bomull før på sommaren. Yngsteguten Vardaman håpar at leiketoget han ein gong har sett i Jefferson, framleis køyrer rundt på skjenene i butikkvindauget, at det ikkje er selt til bygutar. Vardaman er elles kanskje den som opplever dødsfallet til mora som mest røyndomsforrykkande: Gjennom ei samanblanding og samanknyting av mora sin død og det faktum at ein stor fisk han nett har fanga, skal verte eten av familien, vert mor-fisken eit umogleg og uhandterleg symbol for han. Det er det som er bakgrunnen for at han borar hòl i kisteloket natta før avreise, så fisken skal kunne ande. Fortvilinga han opplever når han trur at mora har sumt av garde i elva, heng òg saman med dette. Cash ønskjer seg ein grafofon, ei tidleg musikkavspelingsmaskin, ein forløpar til grammofonen, men faren stel pengane hans før han kjem så langt. Jewel byrjar reisa ridande på sin eigen hest og ikkje i vogna med dei andre, i ei trassig og avvisande framvising av eigenrådigheit og avvising av fars- og slektskap. Anse nyttar likferda, som jo samstundes er ein retteleg odyssé gjennom uvêrsrestar, flaum og brann, til endeleg å få sett inn nye tenner i munnen, med pengar stolne frå sonen Cash og dottera Dewey Dell, og til å gifte seg med den kvinna han låner ein spade av for å grave hòlet han skal leggje den førre kona si i. Kva vil Darl? Kva er hans motiv? Det er han som har fått flest kapittel i boka, 19 i talet. Lenge er han ein nesten allvitande betraktar: Han ser mora døy sjølv om han ikkje er til stades, han ligg under framandt tak og lyttar til regn, han freistar å tømme seg sjølv for svevn; samstundes veit han kva folk tenkjer, han kjenner sanningar ingen andre har skoda gjennom, som at Dewey Dell er gravid, og at Jewel er eit uekte barn. Mot slutten av forteljinga tenner han på låven der mora ligg, i håp om at kista skal brenne inne og heile 257


den skammelege reisa kan få ein slutt. På mange måtar er ferda frå Bundren-garden til Jefferson òg ei reise stadig djupare inn i forvirringa og oppløysinga av sansing og sannkjenning – og av språket vi nyttar til å skape meining og heilskap av omgjevnadane. Mot slutten er det ikkje berre språk og syntaks hjå Darl som vert løyste opp – sjølve strukturen i teksten vert spegla av at Darl er det prismet teksten veks ut frå: stadig meir fragmentert, stadig meir splintra, med stadig meir spreidde nedslag, om enn med ein utvitydig, kvernande og indre logikk. Faulkner hevda sjølv at As I Lay Dying vart skriven i løpet av ein periode på seks veker, om natta, medan Faulkner jobba på elektrisitetsverket. Når kolet var skufla inn i omnen og skiftet roa seg, snudde han trillebåra på hovudet, la arket mot trillebårbotnen og skreiv. «I wrote it in six weeks, and I didn’t change a word», skal Faulkner ha sagt seinare. Sjølvsagt er ikkje dette heilt sant, men det er ei god skrøne, og ho har dimed ein god del sanning i seg, og faksimiler av originalmanuskriptet syner at det faktisk heller ikkje er så mykje som skil soga frå røynda. Ein retteleg kraftprestasjon var skrivearbeidet i alle høve, ein «tour de force», som Faulkner sjølv omtalte det som, og den særeigne krafta som ligg i romanstoffet og språket, er noko av grunnen til at boka framleis har denne mørke energien som gjer at ho held ved lag posisjonen sin som ein klassikar, for ikkje å seie som ei av dei beste bøkene frå det førre hundreåret, og som gjer at ho no, 29 år etter førre freistnad, på nytt kjem i norsk språkdrakt, og denne gongen, endeleg, får ein vel seie, på nynorsk. Sivert N. Nesbø b e r g e n , s e p t e m b e r 2 02 1


an d re bø ke r i s eri en : fr an z kaf ka : Forvandlinga og andre forteljingar (2016) mary s h e lley: Frankenstein, eller den moderne Prometevs (2016) j am es j oyce : Dei døde (2017) g ustave f lau b ert : Madame Bovary (2017) ro b ert m usil : Tre kvinner (2017) sa mu e l b ec kett : Fyrste kjærleik og annan kortare prosa (2018) g e rtru de stein : Alice B. Toklas’ sjølvbiografi (2018) g eorg b ü chn er : Lenz (2018) ste fan zweig : Sjakknovelle og andre tekstar (2019) j o h a n n wol fgang vo n g o ethe: Valskyldskapane (2019) e m i ly b ro n të: Stormfulle høgder (2019) an to n ts j e khov : Dama med hunden og andre forteljingar (2020) a h m et m ithat : Felâtun bey og Râkım efendi (2020) lu i g i p i r an d ello : Ein, ingen og hundre tusen (2020) virg in ia wo o lf: Til fyret (2021) fu m i ko h ayash i: Lausgjengar. Notat frå eit ustadig liv (2021)


9 788279 593331

faulkner

framom døden

omsett av sivert n. nesbø

william

faulkner

s i v ert n . nesbø (f. 1982) kjem frå Førde og er busett i Bergen der han arbeider som leiar på Skrivekunstakademiet. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2013 og har sidan gitt ut fleire kritikarroste romanar og ei barnebok. Framom døden er hans første omsetjing.

Kor ofte har eg lege under regn på eit framandt tak og tenkt på heime.

1930

w i l liam cuthbert fau l kn er (1897–1962) er rekna som den store modernisten blant dei amerikanske forfattarane som debuterte i mellomkrigstida. Romanane hans bora djupt i både menneskesinnet og kulturen og har gitt dei amerikanske sørstatane ein heilt eigen plass i litteraturen. Faulkner fekk Nobelprisen i 1949. Han skreiv både lyrikk, skodespel, noveller og essays, men det er romanane han er mest kjent for og som har sikra han ettermælet som ein av dei verkeleg store amerikanske forfattarane.

framom døden

Framom døden skildrar ei dødsreise. Vi møter familien Bundren medan mor Addie ligg for døden, og følgjer dei gjennom eld og vatn på den lange ferda for å jordfeste liket. Først etter ti pinefulle dagar får dei endeleg lagt henne til kvile. I møte med bibelske prøvingar trer personane fram med alle sine lyter og egosentriske motiv. Forteljinga ovrar seg gjennom eit vell av ulike stemmer, og vi kjem tett på det grunnleggjande menneskelege. Faulkner plukkar frå kvarandre den tilsynelatande velordna verda i dei nordamerikanske sørstatane og syner fram uhyggelege skuggesider. Framom døden er blant dei best kjende verka til Faulkner og er eitt av dei viktigaste verka i det tjuande hundreåret.

skalds klassikarar er ein serie av

vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.