Vestlandshus: Våningshus frå Jæren til Sunnmøre

Page 1

Eva Røyrane Oddleiv Apneseth (foto)

Vestlandshus Våningshus frå Jæren til Sunnmøre

S K A LD

978 - 82-79 59 -31 3 -3

Denne boka løftar fram dei vestlandske våningshusa, gardshusa som frå 1800-talet har prega kulturlandskapet på Vestlandet. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har reist frå Jæren til Sunnmøre for å finna ut korleis det står til med denne delen av kulturarven. Dei gamle stovene er skattkister fulle av kunnskap om korleis folk før oss bygde og levde. Mange av desse husa syng på siste verset. Samstundes aukar interessa for å gjera eldre hus brukande i ei ny tid.

Vestlandshus Eva Røyrane Oddleiv Apneseth (foto)

Våningshus frå Jæren til Sunnmøre


Innhald

Lite mellombygg dobla golvplassen Håbakka, Kvinnherad

100

22

Nyehuset kom med jordmora Eikenes, Kvinnherad

104

Jærhuset står på raudlista

24

Redda Idneståvå på Mundheim Mundheim, Kvam

114

Under tegltak på sjøgarden Grødaland, Hå

34

118

Garborgheimen Garborg, Time

42

Med røykstova som vedheng Helleland, Ullensvang Langesæter, Ullensvang Midtun, Opedal, Ullensvang Sætveit, Jondal

Tykte sommarstova blei for stor Knudaheio, Time

46

Forvaltar slektsarven Nedre Risdal, Karmøy

48

Ei Sareptas krukke

6

Ei ryggrad i tunet

16

Skulle rivast – vart redda Obrestad, Hå

Derikhuset, Hillesland, Karmøy

50

Autentisk i Viga Vigatunet, Hjelmeland

56

Trong større plass Viga, Hjelmeland

62

Til minne om Ryfylke-eliten Håland, Suldal

66

Jelsa, Suldal

72

Kolbeinstveit, Suldal

74

124

Ein bustad verd å venta på Vangdal, Kvam

126

Ungfolket invaderer lemstovene Syse, Ulvik Ljono, Ulvik Oppheim, Ulvik

130

Vanleg med to høgder på Voss Vinje, Voss Fjose, Voss

146

Vetle Ringheim, Voss

154

Osgjerd, Voss

155

Fekk ny tru på gamlehuset Rekve, Voss

156

Med tilpassa kontrast Tittelsnes, Sveio

80

Bygde kjøken i skytja Austestad, Bjørnafjorden

158

På stove-safari i Sunnhordland Futastovo, Museumstunet, Stord Årskog, Fitjar Nistovo, Hjelmeland, Kvinnherad Haugahuset, Tveit, Kvinnherad Nerheim, Ølen, Vindafjord Sæbø, Etne

86

Fall for eit smykke på Misje Misje, Øygarden

164

Nye tider for lemstova Mjelde, Osterøy Kleiveland, Osterøy

166

Kan bli signalbygg i Alversund Nedre Alver, Alver

174

Vernar om dei små stovene

94 96

Påbygd og ombygd etter behov Isdal, Alver

178

Deler godene Landa, Fitjar

Gamle stover skapte ei ny grend Fløksand, Alver

182

98

Lande, Tysnes


Kven skal stella Leivestad no Leivestad, Alver

188

Langhuset på Steinsland Steinsland, Modalen

192

Vegen kom, og folket drog Instefjord, Gulen

202

Hauge, Luster

208

Kvåle, Luster

209

Inviterer gjester til gards Tveit, Askvoll

210

Eit godt hus å bu i Flugedalen, Sunnfjord

214

Tviheldt på røykstova Bø, Stryn Sætre, Stryn Nedreberg, Stryn

222

Bur romsleg i klyngetunet Sølvberg, Stryn

226

Ytre Fitje, Gloppen

230

Flølo, Gloppen

230

Lotunet, Stryn

230

Endra minst mogeleg på Jøsvoll Jøsvoll, Fjord

232

Sunnmørsstover på museum Bakkestova, Ålesund Lånastova, Ålesund

234

Løsetstova, Stordal bygdetun, Fjord

238

Øvre Liaset, Hareid

242

Øvre Riise, Hareid

245

Gardstun midt i byen Voldsdalstunet, Ålesund

248

Tar vare på barndomsheimen Skor, Ålesund

250

Gode råd til eigarar av gamle våningshus

253

Kjelder

254


Jærhuset står på raudlista

På Jæren reknar dei jærhuset, det gamle, låge gardshuset med skutar i endane, for å vera utryddingstruga. Fleire kommunar aksjonerer for å ta vare på flest mogeleg av dei vel hundre husa som framleis finst. Jærhuset er ein låg variant av den samanbygde lemstova, bygd og plassert med omsyn til vêret og vinden i det opne landskapet ved Nordsjøen, frå Stavanger og sørover mot Egersund. Langsida med inngangsdør vende alltid mot havet, skutane vende mot nordvest og søraust. Desse små tilbygga med skråtak i kvar ende av huset skapte ein smule isolasjon den gong dei vinterstid var fulle av torv, som var vanleg brensel i det trelause landskapet. Dei typiske jærhusa blei bygde medan jærbønder flest framleis budde i klyngetun. Låge husklynger med litt innmark låg som øyar i eit hav av udyrka lynghei. Med jordskiftet som skaut fart i 1880-åra og splitta dei gamle tuna, kom oppdyrkinga av Jæren. Då bygde mange nye og større bustadhus. Gamle jærhus blei ståande til forfalls og blei med tida borte eitt etter eitt. Rivinga tiltok for alvor etter siste verdskrigen. Først sist på 1990-talet gjekk alarmen: Det hasta med å berga siste resten av denne spesielle hustypen. Dei fleste av dei attståande jærhusa er bygde på 1800-talet, mange mellom 1820 og 1850, då jærbønder tente gode pengar på sildefisket. Dette jærhuset er ein vidareutvikla versjon av ein eldre bygning med rom for ulike funksjonar; skutar, svaler og fleire vernevegger av stein. Midt på 1700-talet låg det som regel ei stove og eit eldhus bak verneveggene, kanskje også eit kammers på tvers i gavlen. Frå då av flytta mange ei frittståande bu inntil. Eldhuset blei kjøken, og heile huset fekk felles tak. Slik blei jærhuset ei lemstove, alltid med stove mot nord, bu mot sør. Stova og bua var tømra rom; gangen, kjøkenet og svala på baksida var opphavleg av reisverk. Frå midt på 1800-talet vart heile huset tømra. Dei uisolerte romma langs bakveggen gjekk frå å vera lagerrom til å bli kammers. Samstundes byrja dei å byggja nye jærhus med same forma og innreiinga som det gamle, samanbygde. Tømmer hadde dei ikkje på Jæren, det måtte kjøpast frå Hardanger eller Ryfylke. Materialar frå skipsvrak som rak i land til jærstrendene, kom til nytte i både bustadhus og uthus.

Limagarden, Gjesdal

24


25


Trong større plass

Familien på fem trong meir boltreplass enn dei 60 kvadratmetrane med golvflate det gamle våningshuset hadde å tilby. Løysinga vart eit tilbygg som skulle minna om eit uthus. Nybygget har same dimensjonen og dei same vinklane som gamlehuset, men uttrykket er frå vår tid og fortel tydeleg at det gamle har fått eit nytt vedheng. Anna Lena Kleppa, som er bonde og byggherre her på den øvste Viga-garden i Hjelmeland, fekk arkitektane Lisbet Harboe og Odd Øverdahl til å teikna tilbygget med kjøken og vaskerom i første høgda og soverom oppe. Utforminga av huset vart diskutert med fagfolk på Ryfylkemuseet for å finna ei løysing som ikkje berre dekte familien sine fysiske behov. For Kleppa var det også viktig at forma og materialbruken harmonerte med det eksisterande bygningsmiljøet. Nybygget ligg med langveggen mot nordre gavlen på gamlehuset. Sjølv om husa heng saman, kan dei ved første augekast opplevast som to separate bygg. I tunet ligg også eit svært gammalt stabbur, eit bustadhus frå 1970-talet og ei stor løe. Klyngetunet i Viga låg her fram til utskiftinga i 1821. Då flytta naboen og etablerte seg lenger nede med husa som i dag tilhøyrer eit bygdetun. Det nye tilbygget har gjeve tunet her oppe ein ny smak av klynge, med nye nover og krikar og krokar mellom husa. Helletaket på nybygget er inspirert av taka i bygdetunet. Dei firkanta hellene er lagde sidelengs med overlapp, ein måte å leggja heller på som ser ut til å vera typisk for Hjelmeland. Det gamle stovehuset ville Anna Lena Kleppa gjera minst mogeleg med. Huset hadde opphavleg villheller på baksida og teglstein på framsida. No er det teglstein på heile dette taket. Huset er bygd i 1875, men tømmeret over første høgda er truleg eldre og brukt om att frå hus i det gamle tunet, trur Kleppa. Tømmeret over stovene er nemleg øksa, nede er stokkane saga. Ei gammal dør på lemmen har årstalet 1842. Eit kråskap i huset er truleg også frå klyngetunet si tid, meiner ho. Utvendig er gamlehuset restaurert etter antikvariske prinsipp, blant anna er det brukt smidd spikar. Dei nye vindauga er kopla. Huset trong ny hovuddør, og Kleppa ville gjerne ha ei

62


63


Med tilpassa kontrast

I dette tunet på Tittelsnes er det truleg dekning for å seia at mellomalderen møter moderne arkitektur. Stova i eine enden av det okergule våningshuset skal nemleg vera frå mellomalderen. Ein gong etter 1760 kom ho som velbrukt røykstove med ljore i taket frå ein gard nærare Haugesund. Her på det nye tunet vart ho påbygd i to–tre omgangar. Ikkje før på 1940-talet skal ho ha fått dagens form med lik takhøgd over stovene og bordkledning. – Somme seier at dette skal ha vore det andre huset på Vestlandet som fekk vindauge. Det første var Baroniet i Rosendal. Men rykte som dette må me vel ta med ei klype salt, seier Terje Viland. Han og kona Eva kjøpte Vågahuset til feriebruk i 2002. Frå starten var planen å utvida buarealet med eit tilbygg på baksida. Der ligg i dag nybygget, parallelt med det gamle, og med om lag same storleik og form. Det nye stikk så vidt fram bakom nova på det gamle, og viser seg med vindauge som går frå tak til golv. Elles tilpassar nybygget seg, med trekledning, skifertak og ein vegg av stein på bakre langsida. Eigarane brukar stovene i gamlehuset. Gangen der er opna opp inn mot eit stort allrom med kjøken i første høgda på det nye. Der bak er det også bad og eit soverom. På lemmen i nybygget er det fleire soverom. Viland fortel at dei samarbeidde tett med bygningsvernkonsulenten i Sunnhordland om prosjektet. – Me måtte gå nokre rundar for å få godkjent dei store vindauga, men det ordna seg, seier han. I det gamle huset har eldste stova fått ny himling og nytt golv, huset har fått nye vindauge og skorsteinen er rehabilitert. No blir delar av kledningen skifta. Hellene på taket er frå det lokale steinbrotet på Einstabøvoll, som lenge forsynte heile Sunnhordland med takheller. Den doble og svært rause steintrappa ved inngangsdøra er også garantert kortreist.

80


81


Redda Idneståvå på Mundheim

I 1884 vart dette våningshuset så vidt redda frå ein storbrann ved hjelp av våte ullteppe. Hundre år seinare var Kåre Nes redningsmannen. Han flytta huset heim til seg for å hindra at det blei borte. – Eg har alltid likt denne lemstova, eg synest ho har så harmoniske proporsjonar. Men eg hadde vel ingen klar plan då eg flytta henne hit, seier Kåre Nes. Han bur på garden Nes, ein god kilometer innom Mundheim der Idneståvå var det siste gamle gardshuset som stod att etter klyngetunet på Mundheimsgarden. Det var tidleg i 1990-åra at eigaren kasta inn handkledet. Han takka nei til hjelp frå fylkeskommunen til å restaurera huset. Då var Kåre Nes i gang med å vøla eldhuset og stabburet på eigen gard, han ivra for å ta vare på kulturarven og tenkte at dette var ein sjanse han ikkje kunne lata gå frå seg. Med god dugnadshjelp og støtte frå fylkeskonservatoren vart huset teke ned og lagt på lager i løa til Kåre. Der låg det i fem år før familien på Nes fann ut at denne bygningen var nett det dei trong for å koma i gang med gardsturisme. I 1997 var lemstova ferdig oppattbygd på nye murar. – Eg var oppteken av at ho skulle bli nett slik ho hadde vore. I dag tenkjer eg at eg nok var vel konservativ, eg skulle ha tenkt litt meir praktisk-økonomisk. Til dømes kunne eg ha laga kjellar under heile huset, seier Kåre Nes. Idneståvå har namnet sitt fordi ho låg inst i klyngetunet. Ho var lenge det største og finaste huset på Mundheim. Bonden som bygde dette nye gardshuset i 1863, kosta på seg ei staseleg dobbel inngangsdør med fint listverk. Den originale døra er på plass. Inne i stovene har Kåre Nes kopiert golvborda som var lagde i eit spesielt mønster. Maken har Kåre berre sett i spesielt påkosta hus, så han undrar seg over korleis slik utsmykking hamna i ein vanleg bondeheim. Samstundes var det opphavleg steinheller på golvet i det romslege kjøkenet, som seinare har fått tregolv på heile ni kvadrat. Skiferen framme på taket kjem frå Sollesnes, på bakre delen er det villheller, truleg frå eit lokalt hellebrot. Stova i vest er noko eldre enn den i aust. Ved hjelp av eit nytt tilbygg langs bakveggen er det laga kjøken og bad bak

114


115


Sætveit, Jondal: – Det er barnet mitt dette, seier Egil Sætveit. Han snakkar om lemstova han har feriert i dei siste 70 åra. Heile livet har han stelt med denne bygningen som i 1880 vart sett saman av fleire bygningar med til dels svært gammalt tømmer. Midtrommet med den store grua har ei stove på kvar side. Det kvitmåla huset ligg i eit klyngetun der mange har blitt buande. Fleire av bustadhusa, blant anna den raude lemstova, er nyleg restaurert.

124


125


Ungfolket invaderer lemstovene

Ein ny generasjon rykkjer inn i gamle lemstover i Ulvik. Familiar med born lagar nye kjøken og bad, friskar opp fargane, sliper golv, vøler taket der det trengst, men er elles opptekne av å ta best mogeleg vare på desse husa slik dei er. – Alt er litt skeivt her, men det likar me, det er litt av sjarmen med gamle hus. Jorid Lekve Eide og Frode Halvorsen står i mellomstova, som før var gang, og ser mot vetlestova, som er blitt kjøken. Dei har laga ny inngang og bad på baksida av huset der det gamle kjøkenet var. Oppe på lemmen har dei restaurert arka som er blitt nytt soverom der, elles er alt ved det gamle. Dei flytta frå Oslo til Ulvik med eitt barn i 2013, har fått endå eitt og har overteke det gamle hovudhuset på garden besteforeldra hennar kjøpte i 1970. Jorid har vakse opp i eit nyare hus på dette tunet. Ho har fått jobb på Olav H. Haugesenteret i Ulvik, mannen har fleire deltidsjobbar i bygda. Dei driv i tillegg eit gardsbakeri i den restaurerte løa, der dei sel nybaka brød kvar fredag. Begge er utdanna biletkunstnarar. – Me ville ut av byen då me blei foreldre, men det tok litt tid å landa avgjerda om å flytta heim att, det kjendest så definitivt. Men då me hoppa i det, skjøna me fort at det var heilt rett, og no kjennest det godt å slå røter i kjend jord, seier Jorid. Garden heiter Syse. Husa her vart ståande då klyngetunet vart splitta og andre familiar tok med seg sine hus og flytta til nye tun. Eldste delen av lemstova er frå sist på 1700-talet, huset fekk dagens form kring 1860. Snart skal store, tunge skiferheller løftast ned frå taket, som treng nytt sutak. Men skiferen skal tilbake på plass. Dei har fått tilskot frå Kulturminnefondet og lokale stiftingar til dette arbeidet. Arbeidet på huset blir utført med leigd hjelp, sjølve stiller dei som handlangarar. – Me har vore heldige og fått tak i gode handverkarar, men har stått nokre år i «kø». Det er mangel på fagfolk som kan handtera hus som dette på rett måte, seier Jorid Lekve Eide.

Frode Halvorsen og Jorid Lekve på Syse har pussa opp ved å kombinera gammal materialbruk med ny.

130


131


Fekk ny tru på gamlehuset

Torstein Rekve visste ikkje kva han skulle gjera med gamlehuset på garden. Han tykte heile huset var eit lappverk med mykje ròte og lite å ta vare på. Men noko skjedde, renoveringa er i full gang, gamlehuset skal bli kårhus. Eldste stova i dette huset er den einaste bygningen som står att etter klyngetunet på Rekve. Tømmeret her er framleis synleg, men det er skada og kjem til å bli dekt til. Ute i gangen og oppe på lemmen er planen å la delar av dei gamle tømmerveggene koma til sin rett. Huset var i dårleg forfatning, og kommunen ville at Rekve skulle riva det då han skulle byggja nytt våningshus i 2010. At han i staden fekk bruka huset som lager, redda bygningen. I mellomtida modna tanken om å setja gamlehuset i stand. Tanken om måten å gjera det på har også endra seg. – Først tenkte eg på å setja inn vindauge med utanpåsette sprosser, slik mange gjer for å spara pengar, men som de ser, så er dei nye vindauga av den skikkelege sorten. Dei utvendige listene har utskoren dekor som høver til det gamle huset, eg har reparert den gamle steintrappa, og skiferen skal tilbake på taket, seier han. Fasaden mot tunet blir nesten som før. Men byggherren på Rekve synest han må kunna unna seg moderne komfort i det gamle huset. Det blir blant anna varme i golva og automatisk ventilasjon. Romdelinga i første høgda blir delvis endra. Huset får stove, kjøken, bad og to soverom nede. Oppe kjem det ei loftsstove og to soverom. Rekve seier han har angra nokre gonger på at han gjekk i gang med denne rehabiliteringa som blei så omfattande. No gler han seg til alt er ferdig.

Torstein Reve har gått i gang med ein stor jobb. Han ser fram til å vera ferdig med restaureringa av det gamle gardshuset.

156


157


Gamle stover skapte ei ny grend

Sidan 1999 har dei restaurert gamle stover, reist tilbygg, flytta på hus og bygd heilt nytt. Resultatet er ei ny lita grend med to fastbuande familiar og to bustader til fritidsbruk på Fløksand i nye Alver kommune nord for Bergen. I 1999 var det slutt på at arbeidarane ved Toro-fabrikken i Arna ferierte ved sjøen her ute på Holsnøy. Rieber & Søn selde garden som hadde vore feriestad for tilsette sidan i 1960åra. Roar Hansen og Anne Kvalheim kjøpte det gamle våningshuset, Helge Furnes Samuelsen ei tomt med mykje skog og ei ubrukeleg hytte. Samuelsen, som er arkitekt, teikna eit tilbygg til dei nye naboane. Sjølv reiv han hytta og sette i gang med å hogga skog. Han skaffa seg utsikt mot sjøen og tilgang på ei kondemnabel lemstove som han fekk gratis. Dette huset flytta han til tomta si i 2003. Han har lafta om og reparert, bygd på huset mot nord, og sett opp ein steingavl mot sør, og han byggjer framleis. – Det har vore ei stor glede å halda på med dette. Når eg er utsliten, ventar eg berre til energien kjem tilbake. Og det er ei stund sidan eg slutta med å laga framdriftsplanar, seier han som kjem frå byen for å jobba her ute to gonger i veka. Ein tredje byfamilie hadde tidlegare slege seg ned i eit gammalt våningshus like ved. Arkitekt Samuelsen teikna eit tilbygg til dette huset for Knut Rio og Annelin Eriksen. Familiane i det nye nabolaget skaffa seg sauer for å ha nokon til å stella kulturlandskapet, og dei bygde ei ny grindløe i lag. Rio/ Eriksen supplerte eigedommen sin med endå ei gammal stove dei fekk flytta hit. Dette huset fekk ny eigar då Rio med familie flytta frå Fløksand, og arkitekten fekk endå eit oppdrag. Han vart beden om å teikna eit nybygg som kunne koplast på den gamle stova. Resultatet blei eit moderne vestlandshus i massivtre, ein heilårsbustad. Den påbygde lemstova til familien Rio/Eriksen er i dag feriehus på deling for to familiar. Roar Hansen og Anne Kvalheim bur delvis i mellomalderen. Den nordre stova i det kvite bustadhuset deira er ei røykstove frå 1500-talet. Her var det spor etter moldbenker langs veggene og likluka er synleg i veggen. Moldbenkene dempa trekken utafrå, og utan eigen utgang for dei døde, trudde folk dei lett kunne koma tilbake som gjenferd.

182


183


Vegen kom, og folket drog

Langs E39, på veg til ferja i Oppedal i Gulen, passerer du ei husklyngje inst i Risnesfjorden. Det er garden Instefjord der fem gardsbruk har hatt felles klyngetun. Framleis ligg stovehusa tett, men talet på fastbuande har minka mykje. Tre av fem bustadhus ligg på opphavleg stad. To hus vart flytta i samband med utskiftinga. Det kvite huset lengst til venstre på biletet var tidlegare næraste nabo med det brune. Ein familie flytta lenger vest. Alle dei fire attståande husa er litt ombygde, alle har fått ark, fleire har rive steinveggen i gavlen som verna mot vind og vêr frå fjellet. To hus har skifta frå torvtak til skifer, eitt frå skifer til panner. Fleire har skifta vindauge, alle har lagt inn bad og toalett. Det brune huset er det eldste i tunet, her er det snakk om tømmer som kan vera frå 1600-talet. Tre av dei fire gamle gardshusa er feriehus. Det er òg den vesle kvite stova heilt til høgre. I dag er det berre fem fastbuande i Instefjord, fram til 1990-åra var det vel 20 menneske i grenda. Før siste verdskrigen var dei 40. Då var det omgangsskule på garden. Skulen rullerte mellom stovene, eitt år i kvart hus.

s. 202–203: Stigestrand, Hyllestad

202


203


Eit godt hus å bu i

– Eg har ikkje allverdas sans for kontrastar til det tradisjonelle i arkitekturen. Forsøk på den slags blir sjeldan vellukka, seier Erik Solheim. Tilbygget til lemstova hans i Flugedalen i Førde er tilpassa bustadhuset frå 1880-åra. Tilbygget midt på bakre langveggen er plassert der mange hus av denne typen har eit utbygg i form av ei ark eller ein glasveranda. Nybygget frå 1990-åra, som blant anna har supplert huset med bad og vaskerom, er bygd med same proporsjonar som huset elles og med same dimensjonar på sperrer og kledning. Kring 1909 kom det første tilbygget på dette huset, ei lita ark i takflata som vender mot dalen. Ho vart bygd då eine broren til bonden kom heim frå Amerika og trong ein plass å bu. I arka fekk han ein hybel på to gonger to meter. I dag er hybelen ein del av ei loftsstove. Tømmeret i lemstova frå 1880 er av god kvalitet. Tettvaksen gammal furuskog vart til nybygg på dette tunet etter ein hauststorm som sist i 1870-åra gjorde stor skade i skogen. Heile huset vart bygd av ny material den gongen. Her er det ikkje snakk om ombruk av gamle stover. – Me tok nyleg ned kledningen på framsida av huset og såg at det er same tømmeret overalt. Berre nokre få stokkar oppe på lemmen tyder på gjenbruk, seier Erik Solheim. Den snart 140 år gamle kledningen var det berre å spikra opp att. I den eine tømra delen av huset har han i dag kjøken. Han har stove i den andre, eit rom som i oppveksten hans var bestestove. Opphavleg var stova utan oppvarming, men far hans sette inn omn med røyr til ei pipe som kvilte på lemsgolvet. Tømmerveggene i dette huset har fått stå i fred utan måling eller kledning av noko slag. Golvet er gammalt, berre i gangen var det dårleg og måtte bytast. – Det finst ikkje betre golv å gå berrføtt på enn ubehandla furugolv, seier Erik Solheim. Han har høvla vekk målinga på eit gammalt kjøkengolv for å henta fram treverket der. Også i tilbygget er golv, vegger og tak i ubehandla furu. Oppe på lemmen har han gjort eit lyddempande tiltak. Han har lagt gipsplater oppå det gamle golvet og eit nytt golv med ulike

Lemstova i Flugedalen vart som ny brukt som kårhus ei tid. Dei gamle på garden flytta inn i nyehuset, ungfolket vart buande i den gamle stova til venstre på biletet. Erik Solheim har ikkje berre denne lemstova å ta hand om her inst i Flugedalen. På tunet står åtte hus, bygde frå 1500-talet og framover. Lemstova frå 1880 er det yngste. I Sunnfjord kallar dei gamle stover utan lem for sperrestover.

214


215


Endra minst mogeleg på Jøsvoll

Eigarane av begge dei torvtekte husklyngene i det gamle fellestunet på garden Jøsvoll i Stordal har fått pris for godt bygningsvern. Beviset er ein blå plakett, festa på veggen over inngangsdøra både i Framgarden og i Ytstetunet. Det var Godt vern-prisen, som Fortidsminneforeininga på Sunnmøre deler ut i samarbeid med Sunnmørsposten, som hamna på dette tunet i 2009. Her er to store sunnmørsstover og fleire mindre uthus. I utkanten av Ytstetunet ligg også ein driftsbygning. Stova på Ytstetunet skil seg ut. Ho er meir enn tjue meter lang og samansett av mange tømra rom. Midt i huset er takvinkelen snudd, gangen og kjøkenet ligg på tvers med lem over. På begge sidene av dette tverrbygget er ei stor stove med full takhøgd. I eine enden av huset er det eit soverom med lem over, i den andre eit kammers, eit soverom og ein komplett snikkarverkstad med trapp opp til lemmen der det også er eit soverom. Det innhaldsrike huset har stover som er uventa store, synest dei som kjem inn i dei for første gong. Den eldste kan vera frå 1500-talet, huset er truleg påbygd i fleire omgangar til det fekk dagens form i 1763. Skøyteløparen Per Ivar Moe budde her i sitt første leveår frå 1944 til 1945. Han besøkte ofte barndomsheimen til mora, arva garden av ein onkel og har restaurert bygningen i tett samarbeid med fylkeskonservatoren. – Eg har vore oppteken av å ta vare på historia her. Målet var å endra på minst mogeleg. Tømmeret var uvanleg godt. Der det var dårleg, er det sett inn nytt, og me fekk laga eit enkelt bad i eine soverommet. Me synest dette huset blei ei perle, seier Moe, som selde eigedommen i 2014. Også utvendig er minst mogeleg endra. Den lange fasaden som vender mot elva, er måla gul, mot vegen er kledningen raudrosa, og delar av ytterveggen er utan kledning. Alle vindauge og dører er originale. Under den eldste stova er det ein liten potetkjellar. Til Ytstetunet på Jøsvoll høyrer ikkje berre store flate bøar, men 1600 mål med skog og ein kilometer av Stordalselva, der dei vanlegvis håvar i land mange laksar i løpet av ein sesong. Lakseretten var venteleg sterkt medverkande til at den nye eigaren punga ut sju millionar for garden. Har han bruk for det, kan han skryta av at ein av dei som har vore her på laksefiske, er den engelske artisten Eric Clapton.

232


233



Forfattar Eva Røyrane (f. 1956) voks opp i Ølve i Kvinnherad. Som journalist i Bergens Tidende frå 1987 til 2013 har ho skrive mykje om bygdeliv, arkitektur og bygningsvern. Ho har blant anna også jobba ved NRK sitt distriktskontor i Sogn og Fjordane og har vore tilsett ved Universitetet i Bergen. Røyrane har tidlegare gjeve ut bøkene Ei reise i Hardanger, Arkitekturguide Bergen, Fabrikkbyane i Hardanger – Husa i industrilandskapet, salssuksessen Norges låver (SKALD 2014), Av stein (SKALD 2017), Klyngetunet. Den norske landsbyen (SKALD 2018) og Byuniversitetet i Bergen (SKALD 2018). Fotograf Oddleiv Apneseth (f. 1955) bur i Bygstad i Sunnfjord. Han var fotograf i Bergens Tidende frå 1987 til 2007. I 1997 fekk han 2. premie i den verdsomfattande konkurransen World Press Photo. I tillegg har han vunne prisen for Årets bilde i Norge 1994 og 2005, samt fleire andre norske presseprisar. Han var festspelfotograf for Festspillene i Bergen i 2000 og 2001 og har medverka i 15 ulike bøker, mellom anna Jølster (SKALD 2008), Tvisynt tvilar. Eit portrett av Oddvar Torsheim (SKALD 2001), salssuksessen Norges låver (SKALD 2014), Av stein (SKALD 2017) og Klyngetunet. Den norske landsbyen (SKALD 2018).

Bokarbeidet har fått tilskot frå Sparebanken Vest Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse Hordaland fylkeskommune Forfattaren har motteke støtte frå Det faglitterære fond.

Grafisk design: Silje Nes – Stipla Font: Moderat Papir: Magno Natural 120 g Trykk: LivoniaPrint © SKALD 2020 e-post: forlag@skald.no www.skald.no ISBN 978-82-7959-313-3


Eva Røyrane Oddleiv Apneseth (foto)

Vestlandshus Våningshus frå Jæren til Sunnmøre

S K A LD

978 - 82-79 59 -31 3 -3

Denne boka løftar fram dei vestlandske våningshusa, gardshusa som frå 1800-talet har prega kulturlandskapet på Vestlandet. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har reist frå Jæren til Sunnmøre for å finna ut korleis det står til med denne delen av kulturarven. Dei gamle stovene er skattkister fulle av kunnskap om korleis folk før oss bygde og levde. Mange av desse husa syng på siste verset. Samstundes aukar interessa for å gjera eldre hus brukande i ei ny tid.

Vestlandshus Eva Røyrane Oddleiv Apneseth (foto)

Våningshus frå Jæren til Sunnmøre


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.