I novella «Fyrste kjærleik» møter vi ein namnlaus uteliggar utan andre ønske enn å få vere i fred på benken sin. Lulu forstyrrar han, og etterkvart blir han forelska. Fyrste kjærleik var ein av dei første tekstane Beckett skreiv på fransk, rett etter krigen i 1945, men han vart først utgitt i 1970 og på engelsk i 1973. I boka har Jon Fosse valt ut denne saman med fem andre kortare.
Beckett skreiv smått om det store. Med ei stadig meir minimalistisk tilnærming sirkla han rundt mennesket sitt komplekse tilvære. Personane i Becketts tekstar verkar på same tid både nyfødde og livstrøytte, og tilbyr lesaren eit nytt og uvant blikk på verda. Mest kjend er han for teaterstykka, men sjølv såg han på prosaen, og særleg dei kortare tekstane, som den viktigaste diktinga si.
Mjukt innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk, 12,0 x 18,0 cm, 128 sider, ISBN 9788279592624, kr. 249
Boka er den sjette utgitt i serien: Skalds klassikarar.