Gustave Flaubert: Madame Bovary

Page 1

omsett av margunn vikingstad

9 788279 592570

flaubert

m adame bovary

ISBN 9788279592570

g u s tav e

f laube rt

ma rgun n vi ki ngstad (f. 1971) har hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo og har jobba som litteraturkritikar sidan 2001, først i Dag og Tid og frå 2013 i Morgenbladet. Ho har i tillegg omsett skjønnlitteratur, både teaterstykke og romanar, hovudsakleg frå fransk.

Bak kvart smil skjulte det seg ein gjesp av keisemd, kvar glede skjulte ei forbanning, kvar nyting ein avsmak, og dei beste kyssa etterlét berre eit håplaust begjær etter ei høgare vellyst på leppene.

1857

g u stave f laube rt (1821–1880) var ein av dei sentrale forfattarane i den franske romantikken, samstundes som han blir nemnd som opphavsmannen til den litterære realismen. Han skilde seg ut gjennom ein svært finstemd skrivestil, og har vore kalla ein av litteraturens store perfeksjonistar. Med debutromanen Madame Bovary (1857) fekk Flaubert sitt store litterære gjennombrot.

«Madame Bovary, det er eg!» sa Gustave Flaubert om romanen som i dag vert sett på som eit av dei viktigaste verka i verdslitteraturen. Historia om bondejenta Emma som drøymer om eit lidenskapeleg og ekstravagant sosietetsliv, har fascinert heilt sidan ho først kom ut som føljetong. Romanen kan tolkast som ein kritikk av den franske borgarskapen og grensene samfunnet sette for kvinner på 1800-tallet. Flaubert skriv underhaldande, med ein ironisk snert, og løfter det banale opp til noko større. Madame Bovary er historia om eit menneske på flukt frå verkelegheita, på jakt etter å gjere sin eigen eksistens vakrare, og som ikkje klarer å skilje mellom det viktige og det uvesentlege. Emma Bovary har gitt opphav til omgrepet bovarisme, ein tilstand der draum støtt møter verkelegheit.

madame bovary frå livet i provinsen

skalds klassikarar er ein serie av

vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.


a n d r e bø ke r i ser i en : fra nz ka f ka: Forvandlinga og andre forteljingar (2016) mary s h e lley : Frankenstein, eller den moderne Prometevs (2016) jam es joyc e : Dei døde (2017) ro b e rt m u sil : Tre kvinner (2017) Skrifttypane i denne boka – Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk – er utvikla spesielt for skalds klassikarar av skriftdesignaren Stefan Ellmer. Dei er ei indirekte omsetjing av dei ikoniske skrifttypene Nicolas Jenson utvikla i Venezia rundt 1470, med inspirasjon frå den britiske og amerikanske rørsla av uavhengige forlag som tidleg på 1900-talet utvikla sine eigne versjonar av desse gamle skrifttypane. Målet med skrifttypen Skald er å presentere dei nye omsetjingane i skalds serie på ein klar, unostalgisk, open og inviterande måte, men likevel med særpreg. Boka er støtta av Norsk kulturfond.

o r i g i n a lt i t tel : Madame Bovary. Mœurs de province (1857) tekst : Gustave Flaubert om setjar : Margunn Vikingstad s e r i e d esig n : Andreas Töpfer & Øystein Vidnes sats : Øystein Vidnes i llu str asjo n : Andreas Töpfer fo nta r : Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk, av Stefan Ellmer pa pir : Munken Print Cream 1.8, 90 g trykk o g innbind ing : Livonia Print

© ska l d 2017 www.skald.no isbn 978-82-7959-257-0 ISBN 9788279592572

9 788279 592570




ix

O

fte, når charles var gått ut, gjekk ho i skapet og fann fram sigaretuiet trekt med grøn silke, som låg mellom faldane i lintøyet der ho hadde lagt det. Ho såg på det, opna det, og ho kjende til og med på lukta av fôret, som blanda seg med lukta av jernurt og tobakk. Kven høyrde det til? … Vicomten. Det var kanskje ei gåve frå elskarinna hans. Ho hadde brodert det, sikkert på ei broderramme av palisander, eit vakkert lite møbel som ingen fekk sjå, og som ho hadde sete bøygd over i time etter time, tenksam, med lange, mjuke lokkar. Ein pust av kjærleik var sleppt til mellom maskene i kanvasen; kvart sting hadde festa eit minne eller eit håp, og alle dei kryssande silketrådane var berre eit framhald av den same tause lidenskapen. Og så hadde vicomten ein morgon fått det med seg. Kva hadde ein snakka om mens etuiet låg der på den breie peishylla, mellom blomevasar og kaminur i Pompadour-stil? Ho var i Tostes. Og han, han var i Paris no; der, i Paris! Korleis var dette Paris? For eit imponerande namn! Ho gjentok det halvhøgt for seg 87


sjølv, hadde glede av det; i øyra hennar høyrdest det som malmfull klang frå dei største klokkene i ein katedral; det skein i auga hennar med ein eigen glans, sjølv på etikettane på pomadekrukkene. Om natta, når fiskeoppkjøparane køyrde forbi i kjerrene sine under vindauget deira, mens dei song La Marjolaine, vakna ho ofte opp og lytta til lyden av jernhjula, som raskt blei svakare på veg ut av landsbyen. – Dei vil vere framme der i morgon! sa ho til seg sjølv. Og ho følgde dei i tankane, der dei køyrde bakke opp og bakke ned, gjennom landsbyar og langs rette, raske landevegar i måneskinet. Etter ei lang og ubestemmeleg strekning kom dei alltid fram til ein vag stad der draumen hennar døydde ut. Ho kjøpte seg eit kart over Paris, og med fingertuppane på kartet drog ho på turar rundt i hovudstaden. Ho gjekk oppover bulevardar, stoppa på kvart hjørne, mellom strekane som var gater, framfor dei kvite firkantane som førestilte hus. Til slutt blei ho trøytt i auga og lukka dei, og da kunne ho i mørkeret sjå gassblussa blafre i vinden, mens stegtrinna på kalesjevogna blei slått ned med eit smell i søylegangane framfor teatra. Ho begynte å abonnere på Corbeille, eit dameblad, og på Sylphe des salons. Ho slukte kvar einaste spalte i teaterkritikkar, reportasjar om hesteveddeløp og soarear, interesserte seg for debuten til ei songarinne, opninga av ein butikk. Ho kjende dei nye motane, visste adressa til dei beste skreddarane, Bois-de-Boulogne-dagane og Operadagane. Ho studerte skildringane av møblering 88


hos Eugène Sue; ho las Balzac og Georg Sand og leitte i fantasien for å tilfredsstille sitt eige begjær. Til og med til bords tok ho med seg ei bok og sat og bladde i den mens Charles sat og åt og snakka med henne. Minnet om vicomten kom støtt tilbake under lesinga. Mellom han og dei fiktive personane dikta ho opp samanhengar. Men krinsen der han var midtpunkt, utvida seg litt etter litt, og det lyset som låg rundt han, løyste seg frå han og spreidde seg vidare for å lyse opp andre draumar. Paris, meir endelaust enn havet, skein for auga på Emma i ein forgylt atmosfære. Men det myldrande livet som rørte seg i virvaret var oppdelt i avsnitt, ordna i særskilde tablå. Emma såg berre to eller tre av dei, dei skygde for alle dei andre og representerte aleine heile menneskeheita. I ambassadørverda gjekk ein over skinande parkettgolv, bevegde seg i salongar kledde med speglar, sat rundt ovale bord dekte av fløyelsdukar med frynser av gull. Der fanst det kjolar med kø, store løyndommar, uro skjult bak smil. Så var det hertuginneverda; der var alle bleike; ein stod opp klokka fire; kvinnene, arme englar!, bar engelske kniplingar på underskjørtkanten, og mennene, med miskjende evner bak eit inkjeseiande ytre, sprengde hestar berre for moro, fór til Baden-Baden for sommarsesongen og gifta seg til slutt i førtiårsalderen med rike arvingar. I sideromma i restauranten der ein et middag etter midnatt i skjær av vokslysa, støya og lo ei fargerik samling av forfattarar og skodespelarar. Dei øydsla som kongar, sjølvsagt, fylte av høge ambisjonar og svimlande fantasiar. Det var eit liv over alle andre, 89


mellom himmel og jord, i stormfulle sfærar, noko sublimt. Alle andre menneske var fortapte, utan ein klar plass, som om dei ikkje eksisterte. Ja, jo nærmare ting var, desto meir vende ho tankane sine bort frå det. Alt det som fanst i dei nære omgivnadene hennar; ei kjedeleg landsbygd, einfaldige småborgarar, middelmåtige liv, var for henne som eit unntak i verda, ein plass ho hadde hamna tilfeldig, men bortanfor dette breidde det seg ut så langt auget kunne sjå, endelause landskap av lykke og lidenskap. I denne lengten blanda ho saman luksuslivets nyting med verkelege gleder, forfina vanar med edle kjensler. Kravde ikkje kjærleiken, likesom skjøre indiske planter, eit tilrettelagt jordsmonn, ein bestemt temperatur? Sukk i måneskin, lange omfamningar, tårer som fell på den handa ein slepper, feberen i kroppen og det ømme vemodet hang altså nær saman med balkongane på store slott som er så fulle av moro, eit budoar med silkegardiner, tjukke teppe og bognande blomekrukker, ei seng på eit podium, og med skinet frå funklande edelsteinar og silkeband på livrear. Stallguten frå skysstasjonen, som kvar morgon kom for å fôre hoppa, trampa i korridoren med dei store treskorne sine; han hadde hòl i skjorta, han gjekk berrføtt i skorne. Det var ein slik stallgut i kortbukser ho fekk nøye seg med! Når arbeidet var unnagjort, kom han ikkje tilbake meir den dagen; Charles sette sjølv hesten i stallen når han kom heim, sala av og tok på grima, mens hushjelpa kom med ein halmbunt og la den i krybba som best ho kunne. 90


I staden for Nastasie (som til slutt forlét Tostes, med masse tårer) tilsette Emma ein jentunge på fjorten år, som var foreldrelaus og såg snill ut. Ho forbaud henne å gå med bomullshette, lærte henne å snakke til herskapet i tredje person, å bere inn eit glas med vatn på eit fat, banke på døra før ein trer inn, og å stryke, stive tøy og kle på henne; Emma ville gjere henne til kammerjenta si. Den nye hushjelpa lydde utan å mukke for å sleppe å bli oppsagd; og sidan madame som regel lét nøkkelen ligge i skjenken, brukte ho å ta med seg eit lite forråd av sukker, som ho stappa i seg, aleine i senga, etter kveldsbøna. På ettermiddagen gjekk ho somme gonger til postkusken over gata for å prate litt. Frua heldt seg oppe på rommet sitt. Ho brukte å gå i ein open morgonkjole slik at det under krageslaga syntest ein lett, plissert bluse med tre forgylte knappar. Beltet var ei tjukk snor med store duskar, og på dei små granatraude tøflane hadde ho sløyfer av breie band som dekte mykje av rista. Ho hadde kjøpt seg skriveunderlag, ei mappe med skrivepapir, eit penneskaft og konvoluttar, sjølv om ho ikkje hadde nokon å skrive til; ho tørka støv av hylla, såg seg i spegelen, henta ei bok, men begynte snart å drøyme mellom linjene og lét den falle ned i fanget. Ho hadde lyst til å reise eller flytte tilbake til klosteret. Ho ønskte på same tid å døy og å bu i Paris. Same om det snødde eller regna, rei Charles langs småvegane. Han åt omelett ved kjøkkenbordet rundt om på gardane, stakk hendene inn i fuktige senger, fekk lunken blodsprut i andletet når han årelét folk, lytta til 91


ralling, undersøkte bekken, bretta opp mykje skite undertøy; men kvar kveld kom han heim til ein flammande eld på peisen, eit dekt bord, mjuke stolar og ei kone i pen kjole, nydeleg og så velduftande at han ikkje var sikker på kor lukta kom frå, kanskje det var huda hennar som parfymerte blusen. Ho sjarmerte han med tallause fine små påfunn; snart kunne det vere ein ny måte å brette lysmansjettar av papir på eller ein volang som ho bytte på ein kjole, eller så var det eit merkverdig namn på ein enkel matrett som hushjelpa hadde vore uheldig med, men som Charles, til siste bit, slukte med god appetitt. Ho såg damer i Rouen som hadde ei heil rad med dingeldangel på urkjedene sine; ho kjøpte slikt dingeldangel. På peishylla ville ho ha to store vasar i blått glas, og deretter eit syskrin i elfenbein, med eit forgylt fingerbøl. Jo mindre Charles skjønte seg på desse elegante tinga, desto meir blei han forført av dei. Dei var til lyst og glede for sansane hans og skapte trivsel i heimen. Det var som om eit lag av gullstøv blei strødd langs heile den vesle livsstien hans. Han hadde det bra, ein såg det på han; han hadde fått eit godt rykte. Bøndene heldt av han fordi han ikkje var hovmodig. Han klappa barna, gjekk aldri på kneipe og vekte elles tillit ved si moralske framferd. Han lykkast særskilt godt når det galdt katarr og lungelidingar. Av redsle for å ta livet av nokon skreiv Charles sjeldan anna ut enn roande drikke, av og til eit brekkmiddel, fotbad eller blodigler. Det var ikkje det at han var redd for kirurgiske inngrep; han årelét folk vidt og breitt, som om dei 92


var hestar, og når det galdt å trekke tenner, hadde han djevelsk harde klyper. For å halde seg à jour teikna han eit abonnement på Medisinsk Bikube, eit nytt tidsskrift han hadde fått ein brosjyre om. Han las litt i det om ettermiddagen, men på grunn av varmen i rommet, saman med fordøyinga, sovna han gjerne etter fem minutt; og der sat han, med haka i hendene og håret flytande som ei man rundt foten av lampa. Emma såg på han og trekte på skuldrene. Kvifor hadde ho ikkje i det minste ein mann som fåmælt og ivrig sleit over bøkene til langt på natt, før han i sekstiårsalderen, når revmatismen melde seg, endeleg kunne bere ei rad med ordenar på den svarte livkjolen av dårleg snitt? Ho kunne ønskt at namnet Bovary, namnet hennar, blei berømt, at ho fekk sjå det ligge framme i bokhandlarar, kunne finne det i aviser, eit namn som var kjent over heile Frankrike. Men Charles hadde ingen ambisjonar! Ein lege frå Yvetot som han nyleg hadde vore på pasientbesøk hos, hadde audmjuka han litt, ved sjølve sjukesenga, med heile familien til stades. Da Charles fortalde Emma om hendinga om kvelden, gjekk ho høglydt ut mot kollegaen. Charles blei rørt. Han kyssa henne på panna og felte ei tåre. Men ho var forbitra av skam, ho hadde lyst til å slå han, ho gjekk ut i gangen, opna vindauget og trekte frisk luft for å roe seg ned. – For ein stakkar! For ein stakkar! sa ho lågt til seg sjølv mens ho beit seg i leppa. Ho irriterte seg elles stadig oftare over han. Med åra la han seg til sjenerande vanar; ved desserten sat han og skar opp korkane frå tomflaskene; etter maten reinska 93


han tennene med tunga; når han svelgde suppa, høyrdest eit gulp for kvar munnfull, og sidan han var begynt å legge på seg, såg det ut som auga, som i utgangspunktet var små, blei skovne opp mot tinningen av dei svulmande kinna. Det hende at Emma bretta den raude borda på undertøyet hans inn i vesten, at ho retta på halsbindet hans eller la vekk nokre falma hanskar som han hadde tenkt å ta på, og det var ikkje, slik han trudde, for hans skuld; det var for hennar eiga skuld, av auka egoisme og irritasjon. Iblant snakka ho òg med han om saker ho hadde lese, eit kapittel i ein roman, eit nytt teaterstykke eller ei historie frå sosietetslivet som stod i eit blad; for trass alt, Charles var jo nokon, ein som alltid var klar til å lytte og alltid klar til å samtykke. Ho opna seg også for den vesle mynden! Ho kunne ha gjort det for ein vedkubbe og for pendelen på kaminuret. Men inst inne venta ho på at noko skulle skje. Som ein sjømann i havsnaud granska ho einsemda i livet sitt med desperate auge, leitte etter eit kvitt segl i tåka i horisonten. Ho visste ikkje kva slumpen skulle føre med seg, kva vind som skulle blåse den til henne, kva strand den skulle føre henne til, om det var ein livbåt eller ein tredekkar, lasta med angst eller fylt opp av lykke like til relinga. Men kvar morgon vakna ho og håpa på at den skulle komme, og ho lytta til all støyen, kvakk til og sette seg opp, overraska over at den ikkje kom; så, mot solnedgang, var ho enda meir trist og ønskte at det var neste dag. Våren var tilbake. Ho fekk andenaud da den første varmen kom, da pæretrea blømde. 94


Allereie i byrjinga av juli talde ho på fingrane kor mange veker det var igjen til oktober, for ho tenkte at markien av Andervilliers kanskje ville invitere til ball igjen på La Vaubyessard. Men heile september gjekk utan verken brev eller besøk. Etter dette vonbrotet var hjartet hennar tomt på nytt, og rekka av like dagar begynte igjen. Dei skulle altså følgje etter kvarandre no, ein etter ein, støtt det same, tallause, og utan å bringe noko med seg! I andre sitt liv, same kor banalt det var, fanst det i det minste ein sjanse for at noko skulle skje. Iblant hende det noko uventa som førte med seg det ein og det andre, og kulissane endra seg. Men i livet hennar skjedde det ingenting, det var vel Guds vilje! Framtida var ein kolsvart korridor, og i enden var det ei dør som var godt låst. Ho gav opp musikken. Kvifor skulle ho spele? Kven skulle høyre på? Sidan ho aldri skulle sitte i korterma fløyelskjole ved eit Érard-flygel på ein konsert, med lette fingrar fare over elfenbeinstangentane og kjenne, som ein bris, begeistra applaus rundt seg, så var det ikkje verdt arbeidet med å øve. Ho lét skisseblokkene og broderiet bli liggande i skapet. Kva skulle det tene til? Ja, kva skulle det tene til? Sying gjekk henne på nervane. – Eg har lese alt, sa ho til seg sjølv. Og ho sat der og rota i glørne eller såg på regnet som fall. Så dyster ho var på søndagen da det ringde til vesper! Ho lytta som i ein bedøvd, men oppmerksam tilstand til kvart slag av den sprokne klangen frå klokkene. Ein katt spaserte sakte over taket, skaut rygg mot dei bleike 95


solstrålane. Vinden på landevegen bles opp støvskyer. I det fjerne høyrde ein iblant ein hund som hylte; og kyrkjeklokkene heldt fram med den monotone kiminga som tapte seg ut over landskapet. Snart begynte folk å komme ut frå kyrkja. Kvinnene i blankpussa treskor, bøndene i nye arbeidsblusar, barna som spratt berrhovda framfor dei, alle på veg heim til sitt. Og heilt fram til mørkeret fall, var det fem–seks karar, alltid dei same, som kasta på stikka framfor døra til vertshuset. Vinteren var kald. Vindauga var dekte av frost kvar morgon, og det hende at lyset skein mjølkekvitt gjennom dei, som gjennom matt glas, og ofte endra det seg ikkje i løpet av dagen. Allereie klokka fire måtte ein tenne lampa. På dagar med vakkert vêr, gjekk ho ned i hagen. Dogga hadde lagt seg som sølvkniplingar over kålhovuda, med lange, lyse trådar som strekte seg frå det eine til det andre. Ingen fuglar var å høyre, alt syntest å sove, espalieret var dekt med halm, og vinplanta snodde seg som ein stor, sjuk slange under skråtaket på hagemuren, der ein på nært hald kunne sjå munkelus kravle rundt med dei tallause beina sine. Presten i den tresnuta hatten som stod blant dei små grantrea ved hekken og las bøneboka si, hadde mista den høgre foten, og gipsen som skalla av i frosten, hadde spreidd seg som kvitt utslett over andletet hans. Så gjekk ho opp igjen, lukka døra, raka kolet i peisen utover, og svimeslått av varmen kjende ho tyngda av keisemd på nytt. Ho skulle gjerna ha gått ned og prata med hushjelpa, men diskré som ho var, heldt ho seg frå det. 96


Kvar dag, på same tid, opna skulelæraren, i svart silkelue, lemmane på huset sitt, og lensmannen kom forbi, med sabelen utanpå kufta. Morgon og kveld gjekk posthestane, tre og tre om gongen, over gata for å drikke av dammen. Av og til ringla bjølla på døra til ei av kneipene i nærleiken, og når det bles, gnissa dei to stengene som heldt dei små messingfata som tente som skilt utanfor barbersalongen. Den var dekorert med eit gammalt trykk frå eit motemagasin som var limt på ruta, og ei kvinnebyste i voks med gult hår. Sjølv han, barberaren, klaga over å ha hamna på feil hylle, den tapte framtida, og mens han drøymde om ein salong i ein storby, i Rouen for eksempel, i hamna, ved teateret, gjekk han dagen lang fram og tilbake frå rådhuset til kyrkja, mørk til sinns, mens han venta på kundar. Når madame Bovary løfta blikket, såg ho han alltid der, som ein vaktpost med den greske lua over øyra og kamgarnsvest. På ettermiddagen hende det iblant at det utanfor stovevindauget dukka opp eit solbrent andlet med svart kinnskjegg som smilte sakte; eit stort, mildt smil med kvite tenner. Ein vals spelte opp, og på lirekassen, i ein liten salong, begynte fingerstore dansarar å dreie rundt, kvinner i rosa turban, tyrolarar i jakker, apar i svarte frakkar, herrar i knebukser, snurra og snurra mellom stolane, sofaene og benkane og blei dobbelt så mange takk vere spegelbitar som var limte fast i hjørna med ein strimmel forgylt papir. Mannen sveiva og sveiva, kika til høgre og til venstre og mot vindauget. No og da sende han ei lang, brun spyttklyse mot stolpen, han 97


støytte lirekassen mot kneet, for den stive reima skar inn i skuldra; og snart treg og dvelande, snart rask og livleg, trengde musikken durande gjennom eit forheng av rosa taft under eit messinggitter i arabeskmønster. Det var melodiane som blei spelte på teatera, sungne i salongane og dansa til under skinande lysekroner, ekko frå verda utanfor, som no nådde Emma. Sarabandar i det uendelege svirra gjennom hovudet hennar, og som ei bajadere på eit teppe med blomemotiv dansa tankane hennar etter musikken, svinga seg frå draum til draum, frå vemod til vemod. Når mannen hadde fått nokre småpengar i lua si, slo han eit gammalt blått trekk om lirekassen, tok den på ryggen og gjekk sin veg med tunge steg. Ho såg etter han. Men det var særleg under måltida i den vesle stua i første etasje at ho ikkje heldt ut med det heile lenger, omnen det rauk frå, døra som skreik, veggene det draup frå, det fuktige steingolvet; alt det bitre i livet hennar låg servert på tallerkenen, syntest ho, og det var som om eimen frå kjøtgryta kom frå botnen av hennar eiga sjel, slik som andre kvalme dunstar. Charles brukte tid på å ete; ho knaska på nøtter eller leika, lent mot olbogen, med ein kniv og laga riper i voksduken. Ho lét no alt skure og gå i huset, og den gamle madame Bovary, som kom til Tostes for å vere der nokre dagar i fasten, var overraska over endringa. Ho som hadde vore så sirleg og raffinert, lét no dagane gå utan å kle seg, gjekk med grå bomullsstrømper, brukte talglys. Ho gjentok at det galdt å spare, for dei var ikkje rike, la til at 98


ho var svært fornøgd, svært lykkeleg, at ho likte seg godt i Tostes, og andre nye talemåtar som lukka munnen på svigermora. Forresten lét ikkje Emma til å ville følgje råda hennar lenger; ein gong da den gamle madame Bovary hadde hevda at herskapet burde halde eit auge med religionsutøvinga til tenarskapet, hadde ho svara henne med eit så rasande blikk og eit så iskaldt smil at svigermora ikkje hadde våga seg på fleire slike råd. Emma blei vanskeleg å ha med å gjere, lunefull. Ho skulle ha sine eigne matrettar og rørte dei ikkje, éin dag skulle ho berre ha mjølk, og dagen etter eit dusin koppar med te. Ofte skulle ho absolutt ikkje gå ut, så heldt ho på å koke over, sette opp vindauga, kledde seg i lette kjolar. Når ho hadde skjelt ut tenestejenta, gav ho henne gåver eller sa at ho kunne gå på besøk til naboane, og iblant slengde ho alle småmyntane i pungen til dei fattige, sjølv om ho knapt var ømhuda av seg og ikkje mottakeleg for sorgene til andre, i det skilde ho seg ikkje frå andre frå landet, som alltid ber med seg spor i sjela av noko hardhuda frå det faderlege opphavet. I slutten av februar kom far Rouault og overrekte i eigen person til Charles, til minne om lækinga si, ein staseleg kalkun, og han blei verande tre dagar i Tostes. Når Charles var hos pasientane sine, heldt Emma faren med selskap. Han røykte på soverommet, spytta på eldbukkane i peisen, snakka jordbruk, kalvar, kyr, fjørkre og kommunestyre; i den grad at ho da han drog, lukka døra etter han med ei kjensle av glede som overraska henne. Elles skjulte ho ikkje lenger forakta si for noko 99


eller nokon; ho begynte iblant å gi uttrykk for underlege meiningar, ho kritiserte slikt som folk likte, og rosa perverse eller umoralske saker, noko som fekk ektemannen til å sperre opp auga. Skulle dette elendet vare evig? Skulle ho aldri komme ut av det? Ho var da like mykje verd som alle desse andre kvinnene som levde lykkeleg? Ho hadde sett grevinner på Vaubyessard som var tjukkare rundt midja, og som oppførte seg mindre danna, og ho rasa mot Guds urettferd, ho lente hovudet mot veggen og gret; ho misunnte dei deira stormfulle liv, maskeradeball, frekke forlystingar og all villskapen som ho ikkje hadde opplevd, og som dei skulle kunne gi henne. Ho blei bleik og fekk hjarteklapp. Charles gav pålegg om valeriana og kamferbad. Alle forsøka hans lét berre til å irritere henne enda meir. Visse dagar prata ho febrilsk, men det oppkava blei følgt av ein plutseleg slapp tilstand der ho sat utan å snakke, utan å røre på seg. Det einaste som da kunne få liv i henne igjen, var å helle ei flakse med eau de Cologne på armane. Ettersom ho støtt klaga over Tostes, tenkte Charles at sjukdommen kanskje hadde med staden å gjere, og når ideen hadde slått rot, begynte han for alvor å vurdere og flytte til ein annan stad. Frå no av drakk ho eddik for å slanke seg, blei råka av tørrhoste og mista appetitten heilt. Det kosta for Charles å forlate Tostes etter fire års opphald og akkurat da han begynte å få fotfeste. Men var 100


det nødvendig, så var det ikkje noko å gjere med det! Han tok henne med til Rouen, til konsultasjon hos den gamle læraren sin. Det var ei nervøs liding: ho trong luftendring. Etter å ha forhøyrt seg rundt fekk Charles vite at det i Neufchâtel-distriktet låg ein større landsby som heitte Yonville-l’Abbaye, der legen, som var polsk flyktning, hadde dratt sin veg veka før. Så han skreiv til apotekaren på staden for å få vite innbyggjartalet, avstanden til nærmaste kollega, kor mykje forgjengaren hadde tent per år, osb.; og da svaret var tilfredsstillande, bestemte han seg for å flytte til våren, om ikkje helsa til Emma blei betre. Ein dag da Emma rydda i ei skuffe med tanke på flyttinga, stakk ho seg i fingeren. Det var ein ståltråd frå brurebuketten. Appelsinblomknoppane var gule av støv, og det sølvkanta silkebandet begynte å trevle seg opp. Ho kasta den i elden. Den tok fyr raskare enn tørr halm. Så blei den til ein raud busk i oska, som sakte svann bort. Ho såg den brenne. Dei små bæra av papp eksploderte, messingtrådane vrei seg, gullbandet smelta; og papirrosettane skrumpa saman og svevde langs peisplata som svarte sommarfuglar, før dei forsvann opp i pipa. Da dei drog frå Tostes i mars, var madame Bovary gravid.


omsett av margunn vikingstad

9 788279 592570

flaubert

m adame bovary

ISBN 9788279592570

g u s tav e

f laube rt

ma rgun n vi ki ngstad (f. 1971) har hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo og har jobba som litteraturkritikar sidan 2001, først i Dag og Tid og frå 2013 i Morgenbladet. Ho har i tillegg omsett skjønnlitteratur, både teaterstykke og romanar, hovudsakleg frå fransk.

Bak kvart smil skjulte det seg ein gjesp av keisemd, kvar glede skjulte ei forbanning, kvar nyting ein avsmak, og dei beste kyssa etterlét berre eit håplaust begjær etter ei høgare vellyst på leppene.

1857

g u stave f laube rt (1821–1880) var ein av dei sentrale forfattarane i den franske romantikken, samstundes som han blir nemnd som opphavsmannen til den litterære realismen. Han skilde seg ut gjennom ein svært finstemd skrivestil, og har vore kalla ein av litteraturens store perfeksjonistar. Med debutromanen Madame Bovary (1857) fekk Flaubert sitt store litterære gjennombrot.

«Madame Bovary, det er eg!» sa Gustave Flaubert om romanen som i dag vert sett på som eit av dei viktigaste verka i verdslitteraturen. Historia om bondejenta Emma som drøymer om eit lidenskapeleg og ekstravagant sosietetsliv, har fascinert heilt sidan ho først kom ut som føljetong. Romanen kan tolkast som ein kritikk av den franske borgarskapen og grensene samfunnet sette for kvinner på 1800-tallet. Flaubert skriv underhaldande, med ein ironisk snert, og løfter det banale opp til noko større. Madame Bovary er historia om eit menneske på flukt frå verkelegheita, på jakt etter å gjere sin eigen eksistens vakrare, og som ikkje klarer å skilje mellom det viktige og det uvesentlege. Emma Bovary har gitt opphav til omgrepet bovarisme, ein tilstand der draum støtt møter verkelegheit.

madame bovary frå livet i provinsen

skalds klassikarar er ein serie av

vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.