Hordnesskogen

Page 1

Friluftsfolk ønsker seg opne og gamle skogar m a n ge t i ta l s n or di s k e spørjeundersøkingar dokumenterer dette. Friluftsfolk ønsker seg skog slik den var før flatehogsten kom og øydela naturskogen. Dei ønsker seg ein variert skogstruktur og landskap som er ope og lett å ta seg fram i. Dei ønsker seg ein skog der trea får stå til dei blir gamle – at trea ikkje står for tett, og at ein får utsikt til stadig nye landskap og nye opplevingar ettersom ein går i skogen. Dei ønsker seg også utsikt til tradisjonelle kulturlandskap, og at ein skal kunne ferdast der i all slags ver og til alle årstider. I Hordnesskogen finn vi alt dette. ISBN 978-82-7959-251-8 9 7 8 8 2 7 9 5 92 5 1 8


Boka er utgitt av Samrådingsgruppe Stend i samarbeid med Skald forlag. p rosje k t l e i i n g : Jone Ottar Erdal g r a fi sk for m : Øystein Vidnes fon t: Tundra, av Ludwig Übele ba ksat s: terrafab.no pa p i r : 150 g Munken Lynx try kk o g i n n b i n di n g : Livonia Print © Samrådingsgruppe Stend 2017 Samrådingsgruppe Stend Hordnesvegen 52 5244 fana e- p ost: stend.info@gmail.com i sb n 978-82-7959-251-8 www.skald.no


kari øvsthus

[TEKST]

dagfinn aug. hole

[FOTO]

HORDNESSKOGEN event yrskogen vår


in n h a l d Forord [6] Innleiing [7] Hordnesskogen i 1779 [11] Vekslande landskap [13] Mange rom i skogen [16] Gamalskog og naturskog [19] Når gamalskogen blir borte [22] Eventyrskog – vår sjelebot [24] Bila frå mellomalderen [27] Gamle ferdselsvegar og stiar [29] Planteskog [30] Myrene og plantene [34] Svartasmoget [37] Pittemyra [38] Sjeldne orkidéar [40] Åsar i skogen [42] Skeisåsen [44] Storåsen [45] Gravåsen og Øyjordsbakken [46] Isslottet [49] Dyreliv [50] Fuglar [53] Omgitt av kulturmiljø [56] Dreier 1816: Utsikt frå Stend mot Hordnes [59] Mellom skog og innmark [62] Husdyr på beite i skogen [64] Del av kulturarven vår [66] Lenger inne i skogen [67] Skogane bakom byane [69] Bergens ettertrakta markaområde [70] Lun skog eller vindfulle fjell [71] Alle kan gå tur i Hordnesskogen [72] Tilrettelegging [75] Sopp og bær [76] Innvandrarane sin skog [79] Barnas fabelaktige skog [81] Vår idrettshall og storstue [86] Kart [88] Merka turvegar [90] Vinter i skogen [92] Litteratur, personkjelder [94]



Forord her i l andet, som i mange andre land, driv vi eit langsiktig arbeid for å ta godt vare på vår kultur- og naturarv. Ettersom verdisyn og haldningar kan variere med tida, er dette arbeidet i praksis kontinuerleg og i endring. I denne boka vil vi vise nokre av kvalitetane i ein gamal skog, Hordnesskogen, og i landskapet som ligg inntil. Skogen er no eit mykje brukt friluftsområde for Bergen og fleire nabokommunar, og er historisk dokumentert både i skriftlege kjelder og fysiske funn tilbake i tid. Boka er lagt opp som ei vandring i skogen. Vi er innom nokre utvalde område og stader, vist ved fotos tatt gjennom det siste året. Vandringa viser at skogen er ein samanhengande rik blandingsskog og naturskog – og at der er fleire parti med gamalskog. Her er stort opplevingsmangfald og biologisk mangfald. Enkelte stader kan vi sjå spor etter bruk og aktivitetar frå farne tider. Ein ekstra kvalitet blir tilført ved det kulturlandskapet som omgir skogen på fleire sider. Også her er det rom for rekreasjon og stadig nye utsikter etterkvart som vi går. Mange av dei særprega stadane inne i skogen kan vere ukjende for folk som vanlegvis held seg på det gode turvegnettet. Men om vi ser godt etter – eller tar av langs stiane og innover i skogen – kan vi ha mange fine overraskingar i vente. Vi ser at dette er ein gamal og unik skog. I dette innleiande arbeidet med å samle og formidle mangfaldet av kvalitetane som finst i skogen har vi fått gode innspel frå fleire. Ein spesiell takk vil vi rette til Jon Suul og Per Harald Salvesen. I tillegg vil vi takke alle som har bidratt med kunnskap og gode råd undervegs for å få fram denne første presentasjonen av skogen vår. Størst takk går til alle som set pris på skogen ved å oppsøke og oppleve den alle dagar gjennom heile året! Bergen, 9. januar 2017 Kari Øvsthus

6

Dagfinn August Hole


Innleiing mange norske byar har oppretta store og lett tilgjengelege markaområde. Oslomarka er den mest kjende av desse, og omfattar eigentleg fleire marker – vide skogar som går gjennom fleire kommunar. Desse områda er svært mykje brukt og blir sett stor pris på av innbyggarane. «Marka» har fått spesiell merksemd på grunn av den etablerte markagrensa som blir hyppig omtala på riksnivå. Omsyn til brukarane og til folkehelse har gått framfor utbygging. Dei siste åra har presset mot markagrensa auka, men forsvaret står like fullt svært sterkt. På grunn av moderne skogsdrift og flatehogst har imidlertid mykje av det som før var variert naturskog og gamalskog med høg opplevingsverdi og stort biologisk mangfald måtta vike for tett planteskog, der det biologiske mangfaldet går tapt. Verdifull naturskog er difor mange stader i dramatisk nedgang. Men framleis finst mange område med intakt og opplevingsrik gamalskog og naturskog. Naturvernforbundet i Oslo og Akershus har gjennom fleire år drive eit langsiktig arbeid for å kartlegge slike område, som vart gitt samlenamnet eventyrskogar. Etter 2009 har det skjedd fleire viktige milepælar i arbeidet. Dette året vart Markaloven vedtatt. Denne gir heimel for oppretting av verneområde på grunnlag av opplevingsverdiar. Dette var nytt her til lands. Ein omfattande rapport bestilt av Fylkesmannen

i Oslo og Akershus om kartlegging av frilufts- og naturverdiar i 32 utvalde område i Oslomarka, slo i 2012 fast at dei skogane som var karakteriserte som eventyrskogar også hadde biologiske verdiar som tilsa vern. Desse områda har altså dobbel verdi, både opplevingsmessig og biologisk mangfaldsmessig. Dette mangeårige arbeidet pågår framleis. Vern er innført for fleire av områda, og er langt framført for andre. Denne boka er skriven etter inspirasjon frå dette arbeidet. I Bergen blir «byfjell» rettmessig rekna som viktige friluftsområde, og fleire av dei er underlagt vern. Men mange folk verken maktar eller vil klatre i fjell når dei skal trene eller nyte friluftslivet. Dei ønsker flate skogområde i låglandet. Mange lokalsamfunn har dessutan ein friluftskultur som inneber å gå i marka, som i hovudstadsområdet. Men ulikt andre større byar, har Bergen ikkje tatt vare på større markaområde som er flatlendte og med gamal og opplevingsrik naturskog. Hordnesskogen har desse kvalitetane, og er eit ettertrakta friluftsområde som er spesielt lett tilgjengeleg for mange brukargrupper. Dette viser også igjen i besøkstala, ettersom Hordnesskogen er nest mest besøkt i Bergen etter Fløyen. Det framstår som eit enkelt val å ta vare på eit så unikt område for framtida, til glede for alle.

7


8


9



Hordnesskogen i 1779 w e r n e r h o s e w i n c k e l c h r i s t i e var «Conducteur for Bergens Stift» (kartsjef) på 1770-talet. Han stod for det kjende kartet frå 1776, som viser heile eigedomen Stend Hovudgard. Kartet var eitt av arbeida gjort på oppdrag av familien Krohn, som hadde hatt garden i eige frå 1765. Om vi reknar med svigerfamilien Danckertsen, var garden i denne familiens eige i hundre år, frå 1741. Krohnfamilien var av Bergens mest velhavande og hadde hand om verdifulle eigedomar, som i ein periode strekte seg frå sentrum og heilt fram til Fana prestegard. For Hordnes sin del er følgjande tekst frå 1779 tillagt Christie: «Hornæs, en beneficeret gaard under Fanøe, som har en anseelig Fyrreskov, til hvilken Hjortene tage deres Tilflukt ved stærk Vinter, eller naar Ulven indfinder sig til Fjelds, da man altid er vis paa at finde en Mængde deraf.» Skogen tilhøyrande Hordnes var med andre ord så «anseelig» at dette området fekk spesiell omtale alt i 1779. Der var tydelegvis ein stor hjortebestand i skogen også då. I tillegg var det omtale av ulv i fjellet i den tida.

C H R I ST I E S K A RT F R Å 17 76 : Søraustre del av Hordnesskogen er innteikna nede til venstre, og inngår i det vide landskapet kring Stend. Merk at «Stawoll-kønnet» er teikna inn, med Stavollsbekken eller Pålamyrsbekken, som renn ned i det som no blir kalla Mjølkevika. Dette tjørnet var i lang tid både viktig lokalt fiskevatn og arsenal for is på Stend. Isen vart henta med slede om vinteren for å lagrast i ishuset i meieriet, for å kjøle ned mjølka om sommaren. Tjørnet vart totalt øydelagt av Bergen kommune då dei starta med å fylle boss i området frå 1960-talet og utover. Dette skulle vere berre midlertidig, etter skriftleg avtale med rektoren på Stend, men kommunen braut avtalen mange gonger. Eldre folk i Fana minnest framleis Stavollstjørnet som eit vakkert og som eit sakna landskapsområde.

11


Planteskog då stend hovudgard vart amtslandbruksskule i 1866, starta ei omfattande skogplanting i store område i tråd med rådande ideologiar. Øvst i Rådalen vart det planta gran, og denne skogen står framleis, 150 år gamal, som ein «søylehall» av grankjemper. Ingen annan stad i Norden kan vise til meir tømmer produsert per areal. Høgste treet var i 2007 43 m, og det største hadde diameter i brysthøgd på 102 cm. Dette var blant dei første granplantingane i Noreg. Det viser korleis plantefelt av gran ser ut om dei får vekse i over 100 år og bli skjøtta og tynna ut undervegs. Då kan tette og mørke felt gradvis forvandle seg til meir lysopne skogar der det veks mose, bregner, lyng, urter og buskar. Om planteskog får bli gamal, kan han difor få liknande preg som naturskog.

30


31


Sjeldne orkidéar på og v e d Pittemyra vart sommaren 2016 for første gong påvist to orkidéar (jf. foto til høgre), den eine på myra, og den andre nær ved. Orkidéen Koralrot er mest å finne i austlege stròk, og blir rekna som svært sjeldan i ytre strok av Hordaland. Det andre funnet galdt den vesle orkidéen Småtveblad, som veks mellom lyng av tyttebær, blåbær og krekling, saman med skogstjerne og andre skogblomar. Funnet av desse plantene gir signal om at her kan vere langt meir å finne om vi tek oss tid.

t r u a a r ta r i sk o g e n «Halvparten av våre truete arter lever i skogen. Derfor er det så viktig å verne skog. Kommunene er svært dårlige til å se sin egen naturarv. I løpet av de siste hundre årene har vi fjernet nesten all villmark. Dersom vi ikke hadde hatt nasjonalparkene, ville det stått ennå dårligere til. Vi har nå bare 5% skog som ligger mer enn fem km fra bebyggelsen. Det er mange nå som kjenner en reell øko-sorg. Vi samarbeider ikke lenger med naturen. Havet er sterkt skadet på grunn av temperaturøkningen. Jeg kjenner folk som går til psykolog fordi vi sliter så hardt på naturen. Vi risikerer å stå med en utslitt og nedrent klode. Artene forsvinner rundt oss». (s igmund hågvar , 2016)

40


41


Nøtteskrike. Foto: Luc Viatour / www.Lucnix.be

Nøtteskriker i seinare år har det kome ein «ny» fugl i skogen som ikkje har vore så tallrik før: nøtteskrike. Svært vakker, med eksotisk utsjånad og flotte fargar. Mange blir ståande overraska i møte med denne vakre og fargerike fuglen. Dei siste åra har det vakse opp påfallande mange nye sommareiker i skogen. Denne framvoksteren av nye eiker kan tilskrivast den aukande bestanden av nøtteskrike fordi ho om hausten grev ned hasselnøtter og eikenøtter rundt omkring i skogen, men finn kanskje ikkje alle igjen. Desse veks då opp til ny hassel og nye eiketre. Om hausten er det blitt observert kamp mellom nøtteskriker og ekorn om hasselnøttene.

54

Ugler s ta m m e n av k at t u g l e r som i lang tid har vore i Hordnesmarka synest å ha auka dei siste tiåra. I skumringa kan ugleungar iblant sitje nærast urørlege på gjerdestolpar i hagane. Om natta kan ein høyre uglene sine ulike jaktsignal frå mange kantar i skogen samstundes; heile natta held dei på med jakt og markering av revir. Då kjem dei også gjerne til husa som ligg nær skogen. Dei sit iblant på skorsteinar eller hustak og sender ut sine jaktsignal derfrå, med direkteoverføring gjennom pipe eller ventilar og inn i husa. Dette til stor underhaldning for menneska som bur der.


Raudlista artar ornitologar og fugleinteresserte kjem ofte for å sjå på fuglelivet i Hordnesskogen. Til dømes har Ingvar Byrkjedal ved UiB i løpet av ca. 140 turar sidan 1977, observert 74 ulike fugleartar. Mange er raudlista, og fleire av desse hekkar i skogen. Av nær truga artar kan nemnast hønsehauk, som er ein typisk art i gamal furuskog. Dessutan, bergirisk, gulspurv, sivspurv og stær. Av desse hekkar gulspurv og truleg hønsehauk i skogen, og vipene i eller like inntil. Stæren held seg som kjent elles mykje ved hus og hagar nær skogen. Ved meir omfattande og systematisk registrering over tid vil ein truleg kunne gjere nye funn. Fagfolk har uttala at fordi Pittemyra ligg så skjerma til, kan her finnast mange sjeldne artar av både fugl og insekt. Denne og andre myrer som er rekna som kystmyr, har regional verdi. Inntil skogen ligg fleire slåtteenger, som står på norsk raudliste for naturtypar. Det same gjeld områda med beiteskog og naturlege bekkeløp. Også lindetrea er raudlista. Blant raudlista dyr som lever i skogen kan nemnast pinnsvin og hare.

Hønsehauk. Foto: Krzysztof Wisniewski

Trollflaggermus

Trollflaggermus. Foto: Mnolf / Wikipedia

d e t e r k j e n t at det har vore flaggermus i skogen og området rundt i lang tid. Myrlandskap og bekkar trekkjer til seg mange insektsartar, som er mat for flaggermus. I mørkret har ein kunna sjå desse flimre kring lysstolpar, på jakt etter insekt som svermar rundt lyset. I 2016 vart stadfesta at også trollflaggermus held til Hordnesskogen. Denne arten er svært sjeldan i Noreg, og er difor raudlista. Flaggermus er ein unik art som alltid har fascinert folk; kanskje fordi dei kan likne på flygande små «dragar».

55


68


tu r o g r e kr e as jon

Skogane bakom byane al le u n d e rsøkin gar v ise r at friluftsfolk ønsker seg opne skogar. Dei ønsker at skogen skal vere slik han var før flatehogsten kom og øydela heilskapen. Dei ønsker seg variert skogstruktur og landskap; ope og lett å ta seg fram i. Dei ønsker seg ein skog der trea får stå til dei blir gamle, at dei ikkje står for tett, men at ein har utsikt til stadig nye landskap og bilde etterkvart som ein går. At ein kan gå i skogen i all slags vêr og til alle årstider. I Hordnesskogen finn vi dette.

69


b a r n e h a g a n e i n æ r o m r å d e t går ofte til Hordnesskogen for leik og turgåing. Dei lærer å tenne bål og lage mat på bål og stormkjøkken, og får dermed frå tidleg av eit godt og nært tilhøve til korleis ein kan opphalde seg i skogen og i naturen på ein god måte.

«Her er terreng for alle, som gir utfordringer til alle aldersgrupper. De yngste har mer enn nok med å fote seg langs skogsløypene oppe i skogen, men ruller også i mosen og klatrer opp bratte stier. De eldste kan hoppe fra fjell, løpe mellom trær, klatre høyt, gjemme seg eller gå langt på tilrettelagte stier. Her er noe for alle!» (tone midtun)

84

i d r e t t s l a g o g b e d r i f t s l a g frå heile Bergen kjem for å bruke Hordnesskogen alle dagar i året og store delar av døgeret. Idrettslaget Bjarg, som ligg nærast, har aleine meir enn 1500 medlemmar, og skogen blir brukt til mange ulike former for trening. Med sine aktive treningsopplegg sørger alle desse for ein stor variasjon av bruken av skogen, til glede og underhaldning også for dei som «berre» brukar skogen som turområde. Det blir også laga mange ulike arrangement i skogen for barn og ungdom. Terrengløp og skogs-rebusløp er eksempel på dette.


85


Friluftsfolk ønsker seg opne og gamle skogar m a n ge t i ta l s n or di s k e spørjeundersøkingar dokumenterer dette. Friluftsfolk ønsker seg skog slik den var før flatehogsten kom og øydela naturskogen. Dei ønsker seg ein variert skogstruktur og landskap som er ope og lett å ta seg fram i. Dei ønsker seg ein skog der trea får stå til dei blir gamle – at trea ikkje står for tett, og at ein får utsikt til stadig nye landskap og nye opplevingar ettersom ein går i skogen. Dei ønsker seg også utsikt til tradisjonelle kulturlandskap, og at ein skal kunne ferdast der i all slags ver og til alle årstider. I Hordnesskogen finn vi alt dette. ISBN 978-82-7959-251-8 9 7 8 8 2 7 9 5 92 5 1 8


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.