Page 1

9 7 8 8 2 7 9 5 92 42 6

k afk a

Franz Kafkas «Forvandlinga» (1915) er eit av dei mest nyskapande skjønnlitterære verka i det tjuande hundreåret. Forteljinga har blitt dramatisert, filmatisert, omarbeidd, sitert frå og referert til, og er den lengste ferdigskrivne teksten Kafka gav ut i si levetid. Kafkas verk er ofte sentrert om det vanskelege tilhøvet mellom far og son, og det vert sagt at forholdet til hans eigen far påverka både denne og andre av hans tekstar.

forvandli nga

om s et t av j on fosse

franz

kaf ka

jo n fosse (f. 1959) kjem frå Strandebarn og er no busett i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar i Oslo. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983, og har seinare gitt ut både romanar, diktsamlingar, barnebøker, essay, omsetjingar og adapsjonar. Han er ein av Noregs viktigaste, nolevande forfattarar og dramatikarar og har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar.

Då Gregor Samsa vakna i senga si ein morgon av urolege draumar var han forvandla til eit uhyrleg kryp.

1 91 5

fr a nz kafka (1883–1924) vert sett på som ein av dei viktigaste forfattarane på 1900-talet, og verka hans er ein uomgjengeleg del av verdslitteraturen. I levetida var den tyskspråklege, jødiske forfattaren lite kjend utanfor heimbyen Praha, men frå seint på 1920-talet påverka han både litteraturen og sjølvforståinga i heile det tjuande hundreåret. I dag er Franz Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda.

forvandlinga og andre forteljingar

skalds klassikarar er ein serie av

vellagra, handplukka verk i ny frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.


andr e bøker i ser ien : mary s helley: Frankenstein eller den moderne Promethevs (2016) james joyc e : Dei døde (2017) ro b ert m u sil : Tre kvinner (2017) g u stave flau bert : Madame Bovary (2017) Skrifttypane i denne boka – Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk – er utvikla spesielt for skalds klassikarar, av skriftdesignaren Stefan Ellmer. Dei er ei indirekte omsetjing av dei ikoniske skrifttypene Nicolas Jenson utvikla i Venezia rundt 1470, med inspirasjon frå den britiske og amerikanske rørsla av uavhengige forlag som tidleg på 1900-talet utvikla sine eigne versjonar av desse gamle skrifttypane. Målet med skrifttypen Skald er å presentere dei nye omsetjingane i skalds serie på ein klar, unostalgisk, open og inviterande måte, men likevel med særpreg. Boka er støtta av Norsk kulturfond.

The translation of this work was supported by a grant from the Goethe-Institut which is funded by the German Ministry of Foreign Affairs.

2. opplag o r i g inaltitlar : Die Verwandlung, Das Urteil, Ein Landarzt, Vor dem Gesetz, Ein Traum tekst : Franz Kafka · om setjar : Jon Fosse ser ied esig n : Andreas Töpfer & Øystein Vidnes i l lu str asjo n : Andreas Töpfer · sats : Øystein Vidnes fo n ta r : Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk, av Stefan Ellmer pap ir : Munken Print Cream 1.8, 90 g t rykk o g innbind ing : Livonia Print

© skald 2016 www.skald.no isbn 978-82-7959-242-6

ISBN 978-82-7959-242-6

9 7 882 7 9 5 92 42 6

Forvandlinga-9788279592426-2-opplag.indd 4

16.10.2016 12:29


innhald

Dommen Forvandlinga Ein landsens lækjar Framfor lova Ein draum

· side 7 · side 23 · side 99 · side 109 · side 113


fo rva n d l i n ga

i

D

å g r eg o r s a m s a vakna i senga si ein morgon av urolege draumar var han forvandla til eit uhyrleg kryp. Han låg på den panservorne harde ryggen sin og såg, når han lyfte litt på hovudet, den kvelvde brune buken sin delt opp i stive bogeforma valkar til ei høgd sengeteppet var ved å glida ned av og berre såvidt klarte å verta liggjande på. Dei mange små beina hans, ynkeleg tynne jamførde med omfanget hans elles, flimra hjelpelaust framfor augo hans. Kva har skjedd med meg? tenkte han. Det var ingen draum. Rommet hans, eit skikkeleg, berre litt for lite menneskerom, låg roleg mellom dei fire velkjende veggene. Over bordet der ein utpakka mønsterkolleksjon av tøyvarer låg spreidd utover – Samsa var handelsreisande – hang biletet han for ikkje lenge sidan hadde

23


klipt ut frå eit illustrert blad og sett inn i ei fin, forgylt ramme. Det synte ei dame som, utstyrd med pelshatt og pelsboa, sat rett opp og ned og lyfte ei tung pelsmuffe heile underarmen hennar hadde forsvunne inn i, mot åskodaren. Gregors augo rette seg dinest mot vindauga, og det gråe vêret – regndropar slo mot blekket på vassbordet – gjorde han heilt tungsindig. «Korleis hadde det vore om eg sov litt til og gløymde heile narreskapen,» tenkte han, men det lét seg slettes ikkje gjera, for han var van med å sova på høgre side, og i den tilstanden han no var i kunne han ikkje leggja seg i eit slikt lægje. Med same kva kraft han kasta seg over på høgre sida, så vippa han attende og vart liggjande på rygg. Han freista eit hundretals gonger, lét att augo for å sleppa å sjå dei kavande beina, og han gav seg fyrst då han byrja kjenna ei lett, uklår smerte i sida han aldri før hadde kjent. «Å Gud,» tenkte han, «for eit slitsamt yrke eg har valt meg. Dag ut og dag inn på reise. Kavet med forretningsreiser er mykje større enn det er heime i hovudforretninga, og dessutan er eg pålagd alle desse plagene reisinga fører med seg, suter for togsamband, dårlege måltid til ulike tider, eit alltid skiftande samvær med andre menneske, aldri varig, aldri hjarteleg. Til helvete med det!» Han kjende ein lett kløe øvst på buken, skauv seg på rygg langsamt nærare sengestolpen for betre å kunna lyfta hovudet, fann staden der det klødde, som var tildekt med små, kvite prikkar han ikkje skjøna kva

24


var, og med eitt av beina ville han røra ved staden, men drog det straks attende av di det fór kuldegysingar opp i han då han kom borti han. Så gleid han attende til sitt tidlegare lægje. «Å stå opp for tidleg,» tenkte han, «gjer ein aldeles galen. Mennesket må ha sin svevn. Andre reisande lever som haremskvinner. Når eg til dømes ein gong om føremiddagen går attende til gjestgjevargarden for å skriva ut dei tingingane eg har klart å få, fyrst då sit desse herrane og et frukost. Det skulle eg ha prøvt meg på med min sjef, eg hadde fått fyken på flekken. Kven veit forresten om det ikkje hadde vore det beste for meg. Såframt ikkje omsynet til foreldra mine heldt meg attende hadde eg sagt opp for lenge sidan, eg hadde gått fram føre sjefen og sagt han mi hjartans meining. Han hadde falle ned av pulten! Det er då òg ein måte å oppføra seg på, å setja seg på pulten og snakka frå høgda ned til sine tilsette, som forresten, sidan sjefen er så tunghøyrd, må gå tett inntil han. Men eg har ikkje heilt gjeve opp vona, for den dag eg har samla saman nok pengar til å betala tilbake det foreldra skuldar han – det treng berre å ta fem til seks år – kjem eg til å slutta med det same. Då skjer det store. Til så lenge må eg no stå opp sidan toget mitt går klokka fem. Og han såg over mot vekkaruret som tikka på ei kiste. «Himmelske far!» tenkte han. Ho var halv sju, og visarane gjekk roleg frametter, ho var til og med meir enn det, ho nærma seg kvart på. Hadde ikkje vekkarklokka ringt? Frå senga kunne ein sjå at det var stilt inn på fire,

25


som rett var, det hadde heilt sikkert ringt. Ja, men var det mogeleg å liggja og sova vidare med den ringinga som kunne rista møblar? Nå, roleg hadde han ikkje sove, men sannsynlegvis di djupare. Men kva skulle han no gjera? Det neste toget gjekk klokka sju, for å rekka det måtte han skunda seg vitlaust, og kolleksjonen var endå ikkje pakka ned, og sjølv kjende han seg ikkje særleg frisk og rørleg. Og jamvel om han rakk toget var eit torevêr frå sjefen ikkje til å koma unna ettersom forretningsassistenten hadde venta ved femtoget og alt for lenge sidan hadde gjeve sjefen melding om forsøminga hans. Han var sjefens kreatur, utan ryggrad og forstand. Kva om han sjukemelde seg? Det ville vera særs pinleg og mistenkjeleg, for Gregor hadde enno ikkje i si femårige teneste vore sjuk ein einaste gong. Og sikkert nok ville sjefen koma med den vanlege lækjaren og klaga til foreldra på den late sonen og avbryta alle innvendingar med å visa til den vanlege lækjaren, for han finst det same kva berre heilt friske men arbeidsskye folk. Og hadde han forresten heilt urett i dette tilfellet? Gregor kjende seg i røynda, bortsett frå at han etter den lange svevnen var ganske svevnug, nokså vel og var til og med heilt uvanleg svolten. Medan han i all hast tenkte over alt dette, utan å kunna avgjera om han skulle forlata senga – vekkarklokka slo nyst kvart på sju – banka det forsiktig på døra ved hovudenden av senga hans. «Gregor,» ropte einkvan – det var mora – «ho er kvart på sju. Skulle du ikkje dra?» Den

26


mjuke røysta! Gregor vart redd då han høyrde si eiga røyst svara, ho var utan tvil den same som før, men inn i henne, som nedanfrå, blanda det seg ei smerteleg piping som ikkje kunne undertrykkjast og som berre til å byrja med lét orda vera tydelege for så i etterklangen å øydeleggja dei slik at ein ikkje visste om ein hadde høyrt rett. Gregor hadde vilja svara utførleg og forklara alt, men nøgde seg, under desse omstenda, med å seia: «Ja, ja, takk mor, eg står opp no.» På grunn av tredøra kunne vel forandringa i Gregors røyst truleg ikkje merkast utanfrå, for mora slo seg til tols med denne forklaringa og subba derifrå. Men gjennom den vesle samtalen hadde dei andre familiemedlemene vorte merksame på at Gregor uventa nok framleis var heime, og no banka alt faren på den eine sidedøra, svakt, men med knyttneven. «Gregor, Gregor,» ropte han, «kva er det?» Og etter ei lita stund tok han opp att, no med manande og djupare røyst: «Gregor! Gregor!» Men ved den andre sidedøra klaga systera lågt: «Gregor? Er du ikkje frisk? Treng du noko?» Gregor svarte til begge sidene: «Eg er straks klar» og gjorde sitt beste for, med den mest grundige uttale og med å leggja inn lange pausar mellom kvart einskilt ord, å få vekk alt som kunne verka påfallande ved røysta. Faren vende då òg attende til frukosten sin, men systera kviskra: «Gregor, opne døra, eg bed deg alt eg kan.» Gregor tenkte slettes ikkje på å opna, men gledde seg over at han også heime synte den varsemd å låsa alle dørene om natta, som han hadde vant seg til på reisene sine.

27


e i n d r aum

J

osef k. drøymde : Det var ein vakker dag og K. ville gå seg ein tur. Men ikkje før hadde han teke to steg, så var han alt på kyrkjegarden. Der var det svært kunstige, upraktisk buktande vegar, men han gleid fram over ein slik veg som på strøymande vatn og med urokkeleg svevande haldning. Alt på lang avstand feste augo hans seg på ein nyst oppgraven gravhaug som han ville stogga ved. Denne gravhaugen lokka han nesten til seg, og han tenkte at han ikkje ville klara å koma raskt nok fram. Men av og til såg han nesten ikkje gravhaugen, han vart dekt til av faner som bukta seg i tøyet og slo imot kvarandre med stor kraft; faneberarane såg ein ikkje, men det var som om det rådde stor jubel dei imellom. Medan han endå rette augo mot det fjerne, såg han plutseleg den same gravhaugen attmed seg ved vegen,

113


ja nesten bak seg. Han sprang snøgt ut i graset. Då vegen rasa vidare under den springande foten hans vakla han og fall på kne nettopp framfor gravhaugen. To menn stod bak grava og heldt ein gravstein opp i lufta mellom seg; ikkje før var K. komen til synes så støytte dei steinen i jorda og han stod som fastmura. Med det same kom det ut or eit buskas ein tredje mann som K. straks såg var kunstnar. Han var kledd i berre bukse og i ei dårleg attknept skjorte; på hovudet hadde han ei fløyelshuve; i handa heldt han ein vanleg blyant som han, medan han kom nærare, teikna figurar med i lufta. Med denne blyanten tok han no til å skriva oppe på steinen; den var svært høg, han trong slettes ikkje å bøya seg ned, men derimot måtte han strekkja seg framover, for gravhaugen, som han ikkje ville trø på, var imellom han og steinen. Han stod altså på tå og stødde seg med venstre hand på steinflata. Med hjelp av svært dugande handsaming klarte han å få til gullbokstavar med den vanlege blyanten, han skreiv: «Her kviler – » Kvar bokstav kom rein og vakker til synes, djupt innrissa og i fullkome gull. Då han hadde skrive dei to orda såg han attende på K. som var svært ivrig etter å sjå framhaldet av innskrifta og nesten ikkje brydde seg om mannen, men berre stirde på steinen. Mannen skulle verkeleg til å skriva vidare, men han klarte det ikkje, det var ei eller anna hindring, han lét blyanten søkka og snudde seg endå ein gong mot K. No såg også K. på kunstnaren og merka at han var svært rådlaus, men

114


ikkje kunne fortelja kva årsaka var. Alt det tidlegare livlege ved han var borte. Også K. vart dimed rådlaus; dei bytte hjelpelause augnekast; det låg føre ei stygg mistyding som ingen av dei kunne oppklåra. I utide byrja no òg ei lita klokke frå gravkapellet å ringja, men kunstnaren veifta med den lyfte handa og ho gav seg. Etter ei lita stund byrja ho om att; denne gongen ganske svakt og gav seg straks, utan særskild oppmoding; det var som om ho berre ville prøva klangen sin. K. var utrøysteleg på grunn av stoda til kunstnaren, han byrja å gråta og hulka lenge inn i hendene han heldt framfor andletet. Kunstnaren venta til K. hadde roa seg og valde så, sidan han ingen annan utveg fann, likevel å skriva vidare. Den fyrste vesle streken han laga var frigjerande for K., men det var tydeleg at kunstnaren berre svært motviljug fekk han til; skrifta var heller ikkje lenger så vakker, framom alt syntest det å mangla gull, bleik og usikker strekte streken seg framover, men bokstaven vart svært stor. Det var ein J, han var nesten ferdig då kunstnaren rasande sparka til gravhaugen med den eine foten så molda fauk kringom i lufta. Endeleg forstod K. han; det var ikkje lenger tid til å beda om tilgjeving; med alle fingrane grov han i molda som nesten ikkje ytte motstand; alt tyktest førebudd; berre for syns skuld var det lagt opp eit tynt jordlag; like under opna det seg eit stort hòl med bratte vegger som K., snudd på rygg av ein mjuk straum, sokk ned i. Men medan han der nede, endå med bøygd nakke og lyft hovud, alt vart

115


teken imot av det ugjennomtrengjelege djupet, dreiv namnet hans med mektige ornament over steinen der oppe. Bortrykt av dette synet vakna han. (1919)


merknad

Tekstane i denne boka er sette om etter Franz Kafka, Sämtliche Erzählungen (Köln 2007) og står i den rekkefylgd dei fyrste gong vart utgjevne. Franz Kafka (1883–1924) er mest kjend for romanane Prosessen (1925) og Slottet (1926), som han sjølv ikkje ynskte utgjevne, men som venen Max Brod likevel gav ut etter Kafkas død. Kafka var ikkje ferdig med desse romanane, dei er meir eller mindre utkast, medan forteljingane som er med i denne boka, henta frå fleire samlingar, vart utgjevne medan Kafka levde, og slik han sjølv ynskte dei utgjevne. Fleire kjennarar av forfattarskapet meiner at det er i forteljingane Kafka når sitt høgste som diktar, ikkje i romanane. Jon Fosse h ain b u rg a n d e r do n au i m a i 2 0 1 5


9 7 8 8 2 7 9 5 92 42 6

k afk a

Franz Kafkas «Forvandlinga» (1915) er eit av dei mest nyskapande skjønnlitterære verka i det tjuande hundreåret. Forteljinga har blitt dramatisert, filmatisert, omarbeidd, sitert frå og referert til, og er den lengste ferdigskrivne teksten Kafka gav ut i si levetid. Kafkas verk er ofte sentrert om det vanskelege tilhøvet mellom far og son, og det vert sagt at forholdet til hans eigen far påverka både denne og andre av hans tekstar.

forvandli nga

om s et t av j on fosse

franz

kaf ka

jo n fosse (f. 1959) kjem frå Strandebarn og er no busett i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar i Oslo. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983, og har seinare gitt ut både romanar, diktsamlingar, barnebøker, essay, omsetjingar og adapsjonar. Han er ein av Noregs viktigaste, nolevande forfattarar og dramatikarar og har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar.

Då Gregor Samsa vakna i senga si ein morgon av urolege draumar var han forvandla til eit uhyrleg kryp.

1 91 5

fr a nz kafka (1883–1924) vert sett på som ein av dei viktigaste forfattarane på 1900-talet, og verka hans er ein uomgjengeleg del av verdslitteraturen. I levetida var den tyskspråklege, jødiske forfattaren lite kjend utanfor heimbyen Praha, men frå seint på 1920-talet påverka han både litteraturen og sjølvforståinga i heile det tjuande hundreåret. I dag er Franz Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda.

forvandlinga og andre forteljingar

skalds klassikarar er ein serie av

vellagra, handplukka verk i ny frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Forvandlinga og andre forteljingar  

Franz Kafkas Forvandlinga og andre tekstar i nyomsetjing av Jon Fosse er starten på ein ny klassikarserie med verdslitteraturens viktigaste...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you