Soga om Torstein Vikingsson

Page 1



Soga om

TORSTEIN VIKINGSSON Fr책 gammalnorsk til nynorsk ved Jon Fosse

Skald 2015



1

Denne soga byrjar med ein konge som heitte Loge. Han rådde over landet lengst nord i Noreg. Han var større og sterkare enn nokon annan i landet. Det forlengde namnet hans var Håloge, og landet tok namn etter han og vart kalla Hålogaland. Loge var den venaste mann. Han var av riseætt og hadde styrken og høgda til ætta si. Han var gift med Glod, dotter til Grim av Grimsgard, nord i Jotunheimen, som då var nord i Elivågane. Grim var den største berserken. Han var gift med Alvor, syster til Alv den gamle. Han rådde over det riket som ligg mellom to elvar. Gautelv vart den elva kalla som ligg sør for landet til kong Gaute og avgrensa Gautland. Og Raumelv var i nord og var kalla opp etter kong Raum av Raumariket. Riket kong Alv rådde over vart kalla Alvheim, og dei som ættar frå han er alle av alveætt. Dei var venare enn andre folk, nest etter riseætta. Kong Alv var gift med Bryngerd, dotter til kong 4 – 5



5

Denne sa me dagen går Viking i land åleine for å moroa seg. Han går inn i skogen. Der var det svært varmt. Og då han kom til ei fager glenne i skogen sette han seg ned og ser ei kvinne gå der. Ho var særs vakker. Ho gjekk til han og helste han på sømelegaste vis, og han tok vel imot henne. Dei snakka saman lenge, og samtalen var svært venleg. Han spurde etter namnet hennar, og ho sa ho heitte Solbjart. Ho spør om han ikkje er tyrst, så langt som han hadde gått. Viking sa at han ikkje var det. Ho tok fram eit horn frå under kappa og baud han å drikka, og han tok imot og drakk, og han vart svevnug og la hovudet sitt i fanget til Solbjart og sovna. Og då han vakna var ho borte. Drikken hadde gjort at han kjende seg underleg. Hjarta hans banka. Vêret hadde vorte gufse og kaldt og han kunne ikkje hugsa noko som før hadde vore, og aller minst Hunvor. 24 – 25



14

Litt seinare kom Ugautan for å snakka med Jøkul og sa: «Det sannaste er at eg er den eine handa di, og ikkje den venstre.» «Kva er no det for snakk?» seier Jøkul. «Det,» seier Ugautan, «vil seia at eg er vorten viss på at brørne Tore og Torstein er i live og løyner seg hjå Viking.» «Då skal eg,» seier Jøkul, «samla menn og ikkje gjeva meg før eg har livet deira.» Jøkul fekk åtti mann. Av dei var tretti frå hirda til kongen. Alle desse var vel budde og kledde. Dei var førebudde om kvelden og etla seg til å fara om morgonen. To landstrykarar var komne. Den eine heitte Vott, den andre Tommel. Og då dei var komne i seng om kvelden, sa Vott til Tommel: «Tykkjer du ikkje det er rett, broder, at vi står opp 70 – 71


vera. Otunfakse var den fremste av brørne både i styrke og vokster og i trolldomskunst. No drog dei to fosterbrørne på hærferd og herja vidt ikring i austerveg, men dei fann få vikingar, for alle som fekk nyss om dei stakk seg bort. Då var ingen mann så vidgjeten i hærferd som Torstein og Bele. Det var ein dag at dei låg ved eit nes. Fosterbrørne såg at det låg tolv skip på den andre sida av neset, alle store. Dei rodde snøgt mot skipa og spurde kven som rådde for hæren. Ein mann reiste seg ved seglet og sa: «Angantyr heiter eg, son til Hermund jarl av Gautaland.» «Du er ein evnerik mann,» seier Torstein, «kor gammal er du?» Han svarar: «Eg er no nitten vintrar.» «Kva vil du helst,» seier Bele, «gjeva opp skipet ditt og godset ditt eller stridast imot oss?» «Det er snøgt avgjort,» seier Angantyr, «sidan valet er urimeleg. Eg vil heller verja godset mitt og falla med manndom, om enden skal verta slik.» «Då førebur vi oss,» seier Bele, «og går mot einannan.»


Kvar hær budde seg då og tok opp våpna sine. Torstein sa til Bele: «Det er lite mannsleg å gå til åtak på dei med femten skip når dei berre har tolv.» «Skulle vi ikkje heller lata tre skip liggja?» seier Bele. Slik vart det. Det vart ein hard strid. Så hardfør var hæren til Angantyr at Torstein og Bele tykte at dei aldri hadde fått røyna seg hardare. Dei striddest frå morgon til kveld, og ingen kunne sjå kven som ville sigra. Den neste dagen budde dei seg på ny strid. Då sa Angantyr: «Eg tykkjer det er betre, kong Bele, at vi ikkje spiller livet til fleire menn og heller går i holmgang, og den som vinn har sigra.» Bele sa ja til dette, sidan gjekk dei i land og sopte grunnen under føtene sine og striddest mannsleg, heilt til Bele var utmødd. Då fekk han sår. Torstein meinte å sjå at Bele ikkje kunne sigra over Angantyr ettersom han var både utmødd og kraftlaus. Då sa Torstein: «Eg tykkjer det er best, Angantyr, om de avsluttar striden, for eg ser at Bele er heilt utmødd, og eg vil ikkje vera så umannsleg at eg hånar deg for å ha 116 – 117


142 – 143


Utgitt med støtte av Norsk kulturråd. Innkjøpt av Norsk kulturfond. Grafisk form: Modest [Rune Døli] Omslagsillustrasjon: Modest [Rune Døli] Font: Tiempos Text 9,3 / 14,1 pkt Papir: 100g Munken Print Cream Trykk og innbinding: Livonia Print © SKALD 2015 www.skald.no ISBN 978-82-7959-214-3



Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.