Knut Rumohr– TEMPERAment

Page 1

K N U T R U M O HR

KNUT RUMOHR T E MP E R Ament

MYNDIR

97882 7959 2112



TEMPERAment a v I n g ri d N orum K o n s e r v at o r

Knut Rumohr var ein av pionerane innan moderne norsk måleri. Boka og utstillinga ­TEMPERAment tek utgangspunkt i den rik­haldige samlinga av måleri kunstnaren let etter seg i familien sin eige. Mange av måleria har aldri før vore stilte ut.1 Dei er laga i tidsspennet 1948 til 1998 og syner difor breidda i ­Rumohr si målargjerning. TEMPERAment søkjer å setje fokus på utviklinga i Rumohr sine måleri over tid; i teknikk, uttrykk og innhald, og å setje han inn i ein norsk og internasjonal samanheng. Korleis vart han motteken av kritikarane i si samtid? Korleis har han i ettertid vorte omtala i den norske kunst­ historia? Er det nokre myter kring kunsten hans som står for fall?

Fjell, 1984 (detalj)

11


Ill. 6: Komposisjon (På vei), 1968 117 x 142 cm


1970-talet: Stadig endring og nye inntrykk Etter sju år på Frønningen flytta familien attende til Oslo hausten 1973. Rumohr trengte å ha kontakt med kollegaer og å gå på utstillingar. Det gjekk ikkje an å vere kunstnar utan.75 Han sat i ulike juryar og var avhengig av å følgje med for å kunne bedømme unge kunstnarar. Sjølv om han reiste mykje og heldt ulike tidsskrift, fekk han kjensla av å hamne i ei bakevje.76 På 1970-talet hadde Rumohr mange større og mindre separatutstillingar og utsmykkingsoppdrag rundt om i Sør-Noreg og mot slutten av tiåret vitja han Færøyane. T ron g ti l e n d rin g

Kona Aagot Rumohr fortel at mannen strevde for å få til noko annleis på 1970-talet. Det skulle ikkje vere så pent. I høve utstillingane i Bergen og i Oslo på 1960-talet vart det skreve om han at han hadde funne sin stil. Det gjorde at han fekk behov for å endre den. Han ville i djupna på materien. Finne nye måtar å uttrykke seg på. Det var heilt medvite. Da var det kritikarar som sa han var helt på villspor. Men nokon skjønte at det var noko der likevel.77 Byrjinga av tiåret var ei fortsetjing av uttrykket vi såg i 1968, men i separat­ utstillinga i Kunstnerforbundet i 1970 var det likevel fleire av kritikarane som ytra seg negativt. Nokre meinte dei animalsk-organiske formene såg ut som slakt og var «… nokså påtrengende, rent ut forstyrrende»78, andre at fargekontrastane var for harde. Medan Arbeiderbladet sin kunstmeldar meinte Rumohr var «En briljant kolorist som virkelig river».79 I 1971, i høve separatutstillinga i Galleri Kim i Stavanger, uttrykte kunstmeldar Harald Riis at Rumohr var undervegs, men at «…en kunstnerisk gjenfødelse, kan ofte være en hard prosess».80 S t e rk mo d e l l e rin g o g mi l j ø f orur e inin g

I bildet Utan tittel, 1972 (ill. 7), får vi framleis ei kjensle av framgrunn og bakgrunn, men dei store formene verker meir samla og plastiske enn på slutten av 1960-talet. Fargane er få, faktisk berre gul i lag med ulike nyansar av svart og kvit, men sterke. Dei gråaktige «muskuløse» formene er modellert frå lyst til mørkt mot den klare gule bakgrunnen og kan gje assosiasjonar til truande skyer og røyk. I biletet Skyene, 1975 (ill. 8), utstilt på Kunstnerforbundet i 1977, kan vi sjå eit liknande motiv, men uttrykket er igjen i endring. Mot ein lyseblå bakgrunn har Rumohr måla svulmande organiske former i lakseraud, pastellgul, lys grøn og svart. Det heilt nye i dette biletet er penselstrøket. Det er ikkje lenger saftig og «uflidd», men tvert i mot forfina, nesten sirleg. Dei lyseblå felta står fram som kompakte og ugjennomskinlege, medan dei andre fargane er delvis lagde over kvarandre med breie, korte og særs tørre penselstrøk i ulike r­ etningar.

31


­Rumohr ­representert med fleire eldre verk på utstillinga Fokus 1950 ved Museet for ­Samtidskunst, og han vart tildelt Sogn og Fjordane Fylkeskulturpris. På slutten av 1980-talet tok Rumohr i bruk palettkniven til å legge målinga på lerretet. Palettkniven er ein knivliknande gjenstand med ikkje-skjerande, tynt og elastisk blad som vert nytta til å blande fargane på paletten, til å skrape paletten rein og i blant til å stryke fargane på lerretet. Rumohr nytta den òg til å skrape seg ned gjennom målingslaga med, slik han gjorde på anna vis seint på 1950- og tidleg på 60-talet. På 1990-talet er målinga tidvis lagt på i pastose lag slik som på 1980-talet, men uttrykket er likevel ikkje like «opphakka». Kritikarane la merke til at bileta var røffare enn vanleg og Rumohr svarte: «Ja, denne gangen har jeg brukt palettkniv direkte på lerretet i mange av bildene, for å få til den riktige kraften som jeg har vært ute etter. Jeg skifter ofte malemåte og teknikk – utfra et behov for forandring og fornyelse…»99 Kompositorisk veksla Rumohr på 1990-talet mellom å nytte framgrunn og bakgrunn slik som i biletet Sognejekt, 1995 (ill. 12), og det å dekke heile lerretet med likeverdige element i eit flatemåleri slik som i Bjerketrær, 1998 (ill. 13). Han nytta mange og sterke fargar, men ønskte å hjelpe tilskodarane inn i motiva med ei hovudfarge, da det alltid var fargane som måtte bere bodskapen.100 Sonen Vilhelm Rumohr fortel: «Jeg tror min far følte han hadde begrenset med tid igjen de siste 10 – 12 årene av livet sitt. Det var nok derfor han brukte enda sterkere farger de siste årene han malte. Han ville fortelle enda tydeligere det han opplevde og så rundt seg i naturen.»101 I Sognejekt, 1995, nytta Rumohr kjøleg turkis som hovudfarge, i lag med kvit, brunraud og olivengrøn. Han hadde òg teke i bruk svartfargen att, sjølv om han meinte det var ei flat, daud farge102. Men svartfargen er mattare, seigare og meir kolaktig enn før, noko som gjev den ein særs stoffleg karakter. I den nedre delen av biletet ser vi spora etter palettkniven som har lagt på farge etter farge i horisontale og vertikale strøk, medan den øvre delen er meir pastost og utydeleg lagt på. Særleg i det øvre store fargefeltet, men òg i den nedre delen, har Rumohr nytta seg av den butte spissen på palettkniven til å skrape seg ned til den brunraude fargen. Motivet ser ved første augekast relativt nonfigurativt ut, men om ein tek seg tid til å la det sige inn, og i tillegg les tittelen, så ser ein at eit gammalt fartøy med segl er på veg rett imot oss. Slike uventa figurative minningar går att i fleire av bileta frå 1990-talet. Fjorden og fartøya var ein viktig del av livet på Frønningen, og i dei siste åra skildra Rumohr marine motiv som brygger og båtbaugar i tillegg til ulike natur­ inntrykk. I begge typar motiv gjekk han ofte nært innpå da han meinte at nærbilete kunne vere like dramatiske som store utsnitt av fjord og himmel.103 Kunstkritikarar som Harald Flor tok vel imot dei abstraherte figurative motiva: «De nye båtmotivene med naivistisk enkle og tunge skrogformer er de mest overraskende innslagene hos Rumohr. Det gjelder ikke minst «Den røde slepebåten», der han lar farkosten yppe seg som et popkunst-signal mot den rustikke bakgrunnskoloritten.»104

40


Ill. 12: Sognejekt, 1995 141 x 116 cm


46


TEMPERAment B Y I n g ri d N orum C u r at o r

Knut Rumohr was among the pioneers of modern Norwegian painting. The book and exhibition entitled TEMPERAment are based on the extensive collection of paintings the artist left in the possession of his family. Many of the paintings have never been exhibited before.1 They were created in the time span from 1948 to 1998, and thus represent the entire range of ­Rumohr’s painting ­career. ­TEMPERAment seeks to shed light on the ­development of Rumohr’s paintings over time, i.e. of ­technique, mode of expression and content, and to place him in a Norwegian and international context. How was he received by the critics of his time? How has he subsequently been referred to in Norwegian art history? Are there myths surrounding his art that no longer hold? Skogkledd fjellside, 1994 (detalj)

47


78


Hode, 1969 167 x 132 cm


Nysne, 1996 101 x 126 cm

102


Foss om våren, 1996 69 x 88 cm



113


Frå atelieret på Frønningen


121


MYNDIR nr. 1 - 2014 Ein skriftserie frå Sogn og Fjordane Kunstmuseum Postboks 663 6804 FØRDE

www.sfk.museum.no sfkm@misf.no Musea i Sogn og Fjordane Gota 16 6823 Sandane Utgitt med støtte frå Norsk kulturfond / Made possible by funding from Norwegian Culture Fund. Redaktør / Editor: Morten Johan Svendsen Tekst / Text: Ingrid Norum Oversetting til engelsk / English translations: Francesca M. Nichols Utgitt i samband med utstillinga TEMPERAment, Sogn Kunstsenter, Lærdal 24. mai til 14. september 2014 Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde 4. oktober 2014 til 25. januar 2015 Catalogue published in conjunction with the exhibition TEMPERAment, Sogn Art Centre, May 24th to September 14th 2014 Sogn og Fjordane Museum of Fine Arts, Førde 4th October 2014 to 25th January 2015 Foto / photos: Øystein Klakegg, unntatt s. / except p. 27: Fotograf / photographer: Børre Høstland. Copyright: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur ogdesign/The National Museum of Art, Architecture and Design 112: Knut S. Vindfallet, Stavanger Aftenblad 121, 122, 123, 124, 125: Ingrid Norum Opphavsrett til alle kunstverk av Knut Rumohr: © Knut Rumohr / BONO, Oslo 2014 Visuell profil og layout / Visual identity and layout: Silje Nes • Blank Blank Papir / Paper: Munken Lynx Opplag / Print run: 1200 Trykk/Printing: Livonia Print © Musea i Sogn og Fjordane  –  www.sfk.museum.no © Forfattarane / The authors © SKALD AS 2014 Tlf. 57 65 41 55 e-post: forlag@skald.no www.skald.no ISBN 978-82-7959-211-2



K N U T R U M O HR

KNUT RUMOHR T E MP E R Ament

MYNDIR

97882 7959 2112


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.