Issuu on Google+

A ND E R S S VO R

ANDERS SVOR UT VALDE SKULPTURAR

MYNDIR

97882 7959 20 18 12

Myndir5_Svor_Cover2.indd 1

05.06.14 13:29


MYNDIR nr. 2 - 2014 Ein skriftserie frå Sogn og Fjordane Kunstmuseum Postboks 663 6804 FØRDE

www.sfk.museum.no sfkm@misf.no Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Gota 16 6823 Sandane Anders Svor Museum Redaktør: Morten Johan Svendsen Utgitt med støtte frå Norsk kulturfond  Alle foto: Øistein Klakegg Med unntak av foto s. 3 (ca. 1910) og s. 14: Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Omslag / framside: Bønn, bronse, H: 43,5 cm, ASM 25 Visuell profil og layout : Silje Nes • Blank Blank Papir : Munken Lynx og Arctic Volume Opplag : 1600 Trykk: Livonia Print © Musea i Sogn og Fjordane  –  www.sfk.museum.no © SKALD AS 2014 Tlf. 57 65 41 55 e-post: forlag@skald.no www.skald.no ISBN 9788279592082


InnhAld

FORORD 8

INNLEIING 11 Tida 12 Skulpturane 19 KOMMIS JONAR 37 Statuettane 39 Relieffa 49 Bystane

57

FRIE ARBEID

75

Skulpturgrupper 77 Statuar 91 OFFENTLEGE SKULP T UR AR

109

Urealiserte prosjekt

111

Realiserte prosjekt

137

LIV OG VERKSEMD

168

K JELDER 171 VEDLEGG 173


10


INNLEIING

Det var stille i St. Olavs gate 24 i Oslo torsdag den 2. mai 1929. Forretningsverksemda gjekk som vanleg i garden, medan avisene til bilethoggaren oppe på kvisten stadig samla seg opp. Kanskje var han bortreist nokre dagar? Ei ung dame, Ragnhild Jørgensen, som arbeidde på koffertfabrikken i bygarden, kjente seg uroa mot slutten av veka og varsla direktøren. Ho hadde kikka opp mot kvisten, mot loftsetasjen, der bilethoggar Svor hadde atelieret sitt og bustaden sin. Der såg ho ei lukka dør med nøkkelen låst frå innsida. Direktøren sende to karar ut på taket for å sjå gjennom tak­ vindauget, og der fann dei han, liggjande på golvet mellom skulpturane sine, kledd i arbeidsantrekket sitt, den tradisjonelle bilethoggarkittelen. Politiet vart tilkalla då Svor vart funnen den 6. mai. Den siste avisa Svor hadde teke inn, var frå den 30. april. Etter obduksjonen vart 2. mai rekna som dødsdato. Anders Svor vart funnen død i atelieret, mellom sine mange utkast og pågåande prosjekt. Ja, han døydde brått mitt i livsverket. Eit underleg kunstnarliv og på ulike måtar eit imponerande kunstnarskap var med det over – ei kunstnarleg verksemd prega av kampen for å overleve, kampen om merksemd, kampen om forståing og rettferd. Det skulle ikkje vere enkelt for ein talentfull bondegut å gjere karriere innan bilethoggarfaget mellom åndseliten i hovudstaden, som meinte å ha betre forstand på det som vedkjem dei skjøne kunstar. Denne tragiske historia er likevel ikkje eineståande og kan stå som eit bilete for ein heil generasjon bilethoggarar kring hundreårsskiftet frå 1800- til 1900-talet. Svor og mange av Svor sine samtidige vart gløymde lenge før dei døydde. Det er eit trekk ved kunsthistoria nettopp i denne perioden, då modernismen var i ferd med å bryte gjennom og etter kvart tok over som kunstnarleg ideal. Ei ny tid hadde starta for lengst.

Skibbrudd, 1900, bronse, replikk i skulpturparken til Anders Svor ­Museum, ASM 401 1. 1

ASM = museumssignatur + registreringsnummer i samlinga. 11


40


Henrik Wergeland 1894

Poeten og samfunnsradikalaren Henrik Wergeland (1808–1845) er i

Statuett i bronse, H: 39,5 cm

statuetten plassert sitjande på ei lita klippe, i kontakt med naturen.

ASM 415

Den romantisk førestillinga om at poeten hentar si diktargåve frå

Signatur: Bak n.t.v.: Svor 94

naturen, er her framleis levande og eit fundament for framstillinga.

Motivet: Diktar, poet, intellektuell

Wergeland er kledd i samtidas borgarlege klede. Han er ein av oss.

og riksarkivar

Berre halstørkleet kan røpe at han er noko anna enn ein vanleg kjøp-

Representert:

mann. Det klaraste poetattributtet er pennen i høgre hand som kviler

over notisblokka på kneet. Venstre hand held Wergeland under haka

Utstillingar:

medan han løftar blikket kvilelaust søkjande opp og fram.

Anders Svor Museum, gips, ASM 166 1898, Høstutstillingen

Som ein karakteristikk av poeten og samfunnsdebattanten kunne dei realistiske detaljane i kombinasjon med den romantiske scenen kanskje vore tilstrekkeleg som ramme for den skrivande føregangsmannen, men Svor gjer det meir komplisert, både for seg sjølv og for oss. Over venstre kne ligg ein ytterfrakk i falder med referanse til det klassiske draperiet. Og under høgre fot ligg ein vidbremma hatt. Svor baserer framstillinga på element som står mot kvarandre, og som kan assosierast som motsetnadsfylte. Har poeten kasta frakken i det fine vårvêret for å feste «Vi ere en nasjon vi med…» ned på papiret, eller varslar frakken at samfunnsdebattanten har budd seg på hardare vêr, storm og nedbør? Den vesle statuetten av den store diktaren og poeten er laga same år som Svor reiste til Paris, truleg i samband med 50-årsmarkeringa for poeten sin død. Om han laga statuetten i Paris er ukjent, men det er lite truleg. Kunstnaren Svor har gått laus på oppgåva med stor iver, og for å syne alt han har lært og kan, trekkjer han inn ei rekkje element som opnar for ulike tolkingar. Svor ønskjer å fortelje ei kompleks historie, og slik sett gjer han rett i å bruke mange verkemiddel, men resultatet er overlessa, og han klarer ikkje heilt å få fram modellen sin indre styrke. Utan å idealisere motivet leikar Svor seg i denne eine vesle figuren med mange ulike element inspirerte av stildrag og særmerke frå ulike tidsepokar. 41


Fridtjof Nansen 1896

Det er lite usemje om at Fridtjof Nansen (1861–1930) er mellom våre største nasjonalheltar. Ideen om å portrettere og slik heidre dei store nasjonalheltane er i seg sjølv ein del av ein nasjonalromantiske idé. Den framleis unge Nansen, 35 år, vrir hovudet lett mot venstre og ser målretta opp og fram, inn i framtida. Blikket hevar seg over og forbi flokken framfor bysten. Svor karakteriserer motivet ved å ta med heile skulderbreidda i framstillinga av den atletiske mannen og det karakteristiske jakkeslaget, som ein kan sjå på fleire foto av Nansen Byste i bronsepatinert gips, H: 68 cm

frå denne tida. Etter ekspedisjonen over Nordishavet kom Nansen hausten 1896,

ASM 9 Signatur: Bak på skulderblad t.v.: A. Svor 96

nær sagt på uforklarleg vis, heim til Kristiania med polarskuta Fram

Motiv: Vitskapsmann, polarforskar, humanist

etter å ha møtt skipet att i Tromsø nokre veker tidlegare. Etter denne

og diplomat. Nobels Fredspris (1922)

utrulege ekspedisjonen vart han mest sett på som eit orakel, og han

Representert:

vart hylla på ein måte vi knapt kjenner frå andre samanhengar. Polar-

• Nasjonalmuseet, Oslo, marmorversjon

forskaren vart ein pioner for moderne norsk vitskap.

Frammuseet, Oslo, bronseversjon

• Norsk

Sjøfartsmuseum, Oslo, gipsversjon

Å kome på sokkel midt i livet er, med unnatak av diktatorar og kongelege, heller ikkje heilt vanleg, sjølv for nasjonalheltar. Med Nansen

Utstillingar:

sin popularitet draup det ganske sikkert nokre sal på bilethoggaren

1900, Verdsutstillinga i Paris

Svor også. I brevet frå 1926 som eg nemnde i innleiingskapittelet, skriv

1900, Blomqvist Kunsthandel, Oslo

han: «Efter hjemkomsten utførte jeg en buste av Fridtjof Nansen som

1901, Wangs Kunst- og Antikvitetshandel,

senere blev bestilt i marmor til Kunstmuseet.» Denne versjonen er re-

Oslo

presentert fleire stader, og Svor nytta bysten av Nansen til profilering

1905, Charlottenborg, København

av eige kunstnarskap på fleire utstillingar i Noreg og i utlandet. Svor

1913, Brighton, England

laga fleire versjonar av Nansen, men det er nok denne som formidlar

1915, Charlottenborg, København

idealet best, i ei balansert og vakker framstilling av den unge helten.

60


61


102


Livet, 1921 Versjon i bronse 1979 Skulpturparken til Anders Svor Museum ASM 430. 103


114


115


Løve Truleg 1899

Nationaltheatret vart reist i åra 1896–1899. Utsmykkingsoppgåvene

Statue i granitt, H: om lag 200 cm

vart delt mellom fleire kunstnarar.

Kongeinngangen til Nationaltheatret, Oslo

Løve er ein av svært få statuar frå Svor si hand med dyr som motiv, og det einaste kjente arbeidet i granitt. Løva symboliserer makt og styrke. Dette ser ut til å vere ei sterk og godlynt løve som kosar seg på plassen sin.

138


139


158


Etter badet 1916

Skulptur i bronse, H: 178 cm Replikk i skulpturparken til Anders Svor Museum, 1979 ASM 220 Signatur: På plint bak t.v.: A. Svor 16 Merkt: AS Bronseskulptur KH 79 HN Motiv: Allegorisk Representert: •

Bislett Bad, Oslo

Utstillingar: •

1925, Høstutstillingen, katalog nr. 167, bronse, pris kr 10 000

Modellutkast til fontene med skulpturen Etter badet i sentrum.

159


Jørgen Løvland 1927

Byste i bronse, H: 79 cm

I samband med markeringa av Utanriksdepartementet sitt

Utanriksdepartementet

100-årsjubileum i 2005, vart ein replikk av Løvland-bysten sett opp

7. Juni-plassen i Oslo, bronseversjon 2005

ved sida av hovudinngangen til departementet på 7. juni-plassen i

Replikk støypt i 2005 og sett opp av Utan-

Oslo. Støypinga vart gjort med utgangspunkt i gipsversjonen i Anders

riksdepartementet framfor departementet

Svor Museum.

på 7. juni-plassen i Oslo.

166


167


A ND E R S S VO R

ANDERS SVOR SELECTED SCULPTURES

MYNDIR

97882 7959 216 17 2

Myndir5_Svor_Cover2.indd 2

05.06.14 13:29


Anders Svor