Soga om Fridtjov den Frøkne

Page 1

SO GA OM

www.skald.no ISBN 978-82-7959-205-1

FRIDTJOV DEN FRØKNE

Soga om Fridtjov frå Framnes og hans kjærleik til Ingebjørg, dotter til kong Bele, er ei av det mest kjende norrøne sogene utanfor Noreg. Denne nye omsetjinga er av Jon Fosse og basert på det opphavlege og lengste handskriftet av soga frå 1300-talet. Dette er ei underhaldande og lettlesen forteljing, som samstundes gjev godt innsyn i både tru, skikkar og mentalitet i vikingtida.

SOGA OM

FRIDTJOV DEN FRØKNE Frå gammalnorsk til nynorsk ved Jon Fosse



5 No er å seia om brørne at dei møtte kong Ring og han hadde større følgje, då gjekk menn imellom dei og bad om semje slik at det ikkje vart nokon ufred. Kong Ring sa at han ville semjast om kongane kom under hans velde og lét han gifta seg med Ingebjørg den fagre, syster deira, og fekk ein tredjedel av all eigedomen deira. Kongane gjekk med på det, for dei såg at overmakta var for stor, så vart semja fastsett, og bryllaupet skulle stå i Sogn når kong Ring kom for å møta henne han var trulova med. Brørne fór heim med følgjet sitt og var svært misnøgde. Då Fridtjov trudde at brørne snart kunne koma heim, sa han til kongsdottera: vel har de teke imot oss, og fagert, og Balder husbond har ikkje gjort oss noko, men når de veit at kongane dykkar er 22 – 23


heimkomne skal de breia lintøyet dykkar over disesalen, av di han er høgst her på garden kan vi sjå dette frå garden vår. Kongsdottera seier: de har ikkje gjort som andre menn, men då de kom var det venene våre som kom. Så fór Fridtjov heim og morgonen etter gjekk han tidleg ut og han kom inn att og kvad: Må eg seia mennene mine: no er det slutt på gledesferder, ikkje lenger lystige gå til skipet, for no heng lintøy lyst til bleiking. Då gjekk dei ut og såg at heile disesalen var tekt av lyst lintøy. Bjørn sa då: no må kongane vera komne heim, og då får vi ikkje sitja lenge i ro, og det tykkjest meg klokast å samla folk, og så vart gjort, det samla seg mange menn. Brørne fekk snart høyra kva Fridtjov hadde gjort, og


om flokken hans. Kong Helge sa då: det undrar meg at Balder skal tola all skam av Fridtjov og følgjet hans, no skal vi senda menn til han og spørja kva semje han vil by oss, elles skal han få bod om å fara frå landet, for eg ser ikkje at vi har styrke til å stridast med han denne gongen. Hilding fostre bar ærendet frå kongane fram for Fridtjov, og for Fridtjovs vener. Han sa: for at dei skal semjast med deg, Fridtjov! krev kongane at du hentar skatt frå Orknøyane, som ikkje har vore kravd inn sidan kong Bele døydde, for kongane treng pengane når dei skal gifta bort Ingebjørg, syster si, med mykje lausøyre. Fridtjov seier: berre éin ting kan føra til fred oss imellom og det er vyrdnad for dei farne foreldra våre, men desse brørne kjem ikkje til å vera trufaste mot oss, likevel vil eg semjast om all eigedomen min får vera i fred medan eg er borte, det vart lova og stadfest med eid. No førebur Fridtjov ferda si, og valde seg djerve og dugande menn, dei var atten i alt. Mennene spurde Fridtjov om han ikkje fyrst ville fara til kong Helge og semjast med han og 24 – 25


be seg fri frå Balders vreide. Fridtjov seier: den lovnad gjev eg at eg aldri skal be kong Helge om fred. Deretter gjekk han om bord på Ellide og dei styrde utetter Sognefjorden. Men då Fridtjov var faren heimanfrå sa kong Halvdan til Helge, bror sin: det ville styrkja styret vårt om vi hemnde brotsverka til Fridtjov, no skulle vi brenna garden hans og setja ein storm på han og mennene hans slik at dei aldri skulle spørjast meir. Helge sa at slik fekk det bli. Sidan brende dei opp heile garden på Framnes, og tok alt som der var, deretter sende dei bod etter to seidkoner, Heidi og Hamglom, og gav dei pengar for at dei skulle senda så stort eit uvêr på Fridtjov og mennene hans at dei alle skulle forkomast i havet, og dei seida og sette seg på hjellen med galder og forgjering.


26 – 27


SO GA OM

www.skald.no ISBN 978-82-7959-205-1

FRIDTJOV DEN FRØKNE

Soga om Fridtjov frå Framnes og hans kjærleik til Ingebjørg, dotter til kong Bele, er ei av det mest kjende norrøne sogene utanfor Noreg. Denne nye omsetjinga er av Jon Fosse og basert på det opphavlege og lengste handskriftet av soga frå 1300-talet. Dette er ei underhaldande og lettlesen forteljing, som samstundes gjev godt innsyn i både tru, skikkar og mentalitet i vikingtida.

SOGA OM

FRIDTJOV DEN FRØKNE Frå gammalnorsk til nynorsk ved Jon Fosse


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.