Solveigs aller siste song til sin ex

Page 1


8




Mari Maria Sudu-deli-dei ( Go d o t s s o n g )

Kom Mari Maria Sudu-deli-dei, no tek vi ein svingom og dansar i vei, no går vi på golvet og lagar ståhei. Eg har kjent deg frå du vart fødd, og viss vi ikkje dansar Sudu-deli-dei, får vi finne på noko anna! Å, Mari Maria kor skal dette gå? Vi begge vil vekk i frå kvardagen grå, om allting vi ikkje kan få eller nå, vil vi smake forandringens fryd. Når det kjennest som himmelen aldri blir blå, ja, då må det snart skje noko anna! Så Sudeli-dudeli-dudeli-dei, kom Mari Maria, heihopp! og tjohei! Du elskar å danse, og lage ståhei, Ja, det er visst til det du er fødd. Og når du ikkje dansar Sudu-deli-dei, vil du helst ikkje drive med anna!

25



49



81


S li k var det det gjekk meg

122

Høyr no her skal du høyre, korleis det meg gjekk. Eg var ute på køyret, men bilen var vekk. Så tok eg ein rotur, men båten sprang lekk. Og bilen eg mangla, var og utan dekk. Eg møtte ei ljos dros, som sa eg var kjekk. Men før eg fekk fridd så var sex-bomba vekk. Så skreiv eg til «nokon som passar for meg». Og tusen svar fekk eg, frå eitt tusen kveg!




To t t & K n o l l s t o r y

Høyr no på meg litegrann, kva eg har å seia: Vil du ikkje høyra på, gløym så heile greia. Du har gått på skule, du er ein ressurs, Mens eg gjekk på bule, og vart slått konkurs. Sei, kva vart det av livet? Det vart knapt eit pust i sivet! Eg sit her og du står der. Kven gjekk rette leia? Kjærleik kom, og kjærleik for, blås i heile greia. Kvifor gjekk eg konken, mens du kakse vart? Spel den honkey tonken, ikkje altfor hardt!

141



So l v e i g s a l l e r s i s t e s o n g til sin ex

Stå ikkje slik under vindauga mitt, stå ikkje slik der og glo! Det er nok ikkje lenger oss no, det er nok ikkje meir oss to. Så kast og kassér så din tistel-bukett, du har rispa meg nok med den. Du let som ein utgått disco-kassett, reprisar igjen og igjen. Så gå, så gå, berre gå då! Nei, nei, nei, ikkje deg meir, vil eg lenger tenkje på!

161



Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.