Norske ulykker og katastrofar

Page 1

NO RS KE U LY KKE R O G K ATASTROFA R ISBN 978-82-7959-191-7

gaute losneg책rd

NORSKE ULYKKER OG KATASTROFAR


58


3. F LAU M A R Vekslande nedbør og temperaturar gjer at vassmengda i elvar og bekkar varierer mykje. Somme tider ligg vassdraga nesten eller heilt tørrlagde. Andre tider fører store mengder regn eller sterk snøsmelting til at elvelaupa fyllest og elvane stig over sine breidder. Flaumar har opp gjennom åra gjort stor skade på busetnad og jordbruksareal i Norge, både i flatbygdene og i meir brattlendte strok.

Storofsen – stor flaum med store følgjer Det er dramatiske tider i Frankrike, der ein nasjonal revolusjon er i gang. I Gudbrandsdalen veit folk lite om det som skjer lenger sør i Europa sommaren 1789, og dei er heller ikkje særleg opptekne av det. Dei har meir enn nok dramatikk hjå seg sjølve. Den siste tida har vêrlaget gått heilt amok. Det tok til med uvanleg stor vassmangel om våren, som følgje av berrfrost siste haust. 18. og 19. mai kom det austavind med mykje regn, så elvar og bekkar gjorde stor skade. Utover sommaren heldt det fram med austavind, regn og høge temperaturar. I slutten av juni vart heten stadig meir trykkande, og slåttonna kunne ta til to veker før normalen. Det såg ut til å bli eit kronår, betre enn nokon gong. I byrjinga av juli kom det så mørke og tunge skyer med torevêr og styrtregn, så dagane blei halvmørke. Alt regnet og den tunge heten gjorde det vanskeleg for bøndene å arbeide på marka. 21. juli sette det inn med endå meir regn, og elvane voks. Det blei mørkt som om natta, og tora rulla så det dundra mellom fjella. Unde r V e s le ofs e n i 1995 fløymde Glomma inn over landbruksareal og busetnad, og Østerdalen såg ut som ein stor innsjø. I Stor-Elvdal omringa elva Evenstad kapell mellom Rena og Koppang. Foto: Jon Hauge /Aft e n p os t e n /N TB S ca n p i x .

59


162


dig. João har ikkje fått sove meir enn fem timar i døgnet, og han har dessutan måtta fungere som tolk mellom dei norske sjøfolka og Brito de Silva, som ikkje kan engelsk. Og Brito er ikkje den einaste om bord med språkproblem … Brått kjem Brito styrtande opp på brua og ropar at det brenn om bord. João må igjen oversetje. Brito blir igjen for å styre, mens João og den norske overstyrmannen går for å sjå etter. Dei finn to fulle menn i ein lugar, men brannen hjå dei er sløkt. Men på vegen opp att til brua, skrik ei kvinne hysterisk til João at det brenn på eit dekk under dei. Verken João eller nokon av dei andre blant mannskapet har fått instruksjonar om kva dei skal gjere ved brann. Dei veit heller ikkje korleis dei skal få livbåtane ut. João spring bakover til eit av akterdekka. Det ligg døde der med forvridde kroppar. Han hjelper til med å få ut folk frå røykfylte lugarar og over i livbåtane. Redningsbåtar byrjar å komme til, og eit helikopter heisar opp dei skadde. Til slutt går João og ein annan portugisar om bord i ein livbåt. Også kapteinen forlet skuta. Men det er framleis passasjerar i live om bord …179 Dersom vi reknar i tap av norske menneskeliv, er brannen om bord på passasjerferja «Scandinavian Star» natt til 7. april 1990 den nest verste skipskatastrofen gjennom alle tider, berre slått av «Norge» sitt forlis i 1904. Etter «Estonia»-forliset i Østersjøen i 1994, er det også den nest verste skipsulykka i Norden etter andre verdskrigen. Det var 482 menneske om bord, og 158 omkom. Ein person døydde seinare av skadane. Korleis kunne ein slik katastrofe skje med ei moderne passasjerferje? Undersøkinga etter ulykka slo fast at brannen – eller rettare sagt brannane – om bord i Scandinavian Star var påsette, og at pyromanen, ein danske, sjølv omkom om bord. Men mykje gjekk verre enn det hadde trengt. Eit norsk granskingsutval slo fast at sjølv om det meste av utstyret for brannsikring og brannslokking var tilfredsstillande, var det også klare manglar. Mellom anna stod fleire branndører opne, mange av sprinklarhovuda på bildekket var tilstoppa av rust, brannalarmen hadde for låg lydstyrke, rømmingsvegane var for dårlege og livbåtane hadde manglar. « Sc andinavian Star » brann i Skagerrak 7. april 1990. Dette er den verste brannkatastrofen og den nest verste skipskatastrofen i norgeshistoria. 159 menneske omkom. Foto: Pe r Løche n/N TB S ca n p i x .

163


Om kve lde n 21. oktober 1962 gjekk hurtigruteskipet «Sanct Svithun» på grunn og forliste ved Nordøyan på Folda. 41 av dei 89 om bord omkom i ei av dei verste skipsulykkene med norske skip i norsk farvatn i fredstid. Her blir nokre av dei overlevande tekne i land i Rørvik. Foto: NT B Scanpix.

170


171


Dei verste skipskatastrofane i norsk farvatn og med norske skip i andre farvatn i fredstid* Skip

Sta d o g t i d

Om kom n e

«Akerendam» (hollandsk)

Runde, 8.3.1725

ca. 200?

«Jedinorog» (russisk)

Ramsøyfjorden, 19.10.1760

«Ingermanland» (russisk)

Oksøy fyr/Jæren, 12.9.1842

ca. 389

«Norge» (kollisjon)

Kristiansandsfjorden, 10.9.1855

40

«Vardøhus»

ved Mandal, 23.3.1887

46

«Norge» (dansk)

Rockallbanken, 28.6.1904

635 (224 norske)

«Thor»

Sveio, 1.3.1906

36

«Folgefonden»

Skånevikfjorden, 22.8.1908

26

«Malmberget» (svensk)

Helgeland, 28.11.1913

42

«Storstad» (kollisjon med «Empress of Ireland»)

St. Lawrence-elva, Canada, 29.5.1914

over tusen på «Empress» (21 norske)

Sju ishavsskuter

Vestisen, april 1917

89

«Nordanger»

Atlanteren, okt. 1919

34

«Haakon Jarl» (kollisjon)

Vestfjorden, 16.6.1924

17

«Haakon VII»

Askvoll, 6.10.1929

18

«Torefjell»

Eigerøya, 27.12.1930

24

«Ulv»

ved Island, jan. 1931

22

«Spec»

Nord-Atlanteren, febr./mars 1935

21

«Savonmaa» (finsk)

ved Mandal, 20.1.1937

26

«Lindøy»

Sognesjøen, 10.2.1946

20

«Brattegga»

Laukvik, 30.3.1946

14

«Bess»

Nordsjøen, 12.8.1951

22

Selfangstskutene «Pels», «Buskø», «Vårglimt», «Ringsæl», «Brattind»

Vestisen, 4.4.1952

79 totalt

«Laforey» (britisk)

Ytterøyane, Florø, 8.2.1954

20

«Brenning»

Stadhavet, 12.3.1956

19

«Erling Jarl» (brann)

Bodø, 8.1.1958

14

«Pelagia» (amerikansk)

Røst, 15.9.1959

32

«Elfrida»

Nordsjøen, 10.12.1959

20

«Peder Vinje»

Nordkappbanken, 13.11.1961

14

172


«Star Carrier»(brann/eksplosjon)

Madagaskar, 29.9.1961

20

«Sanct Svithun»

Folla, 21.10.1962

41

«Høegh Aronde»

Vest for Marokko, 21.3.1963

19

«Nysjø»

Hjelmsøybanken, 26.1.1964

14

«Stolt Dagali» (kollisjon)

Utanfor New Jersey, 26.11.1964

19

«Boye Nilsen»

Malangsgrunnen, 31.1.1965

14

«Dux»

Boknafjorden, 3.9.1967

14

«Etnefjell» (brann/eksplosjon)

Nord-Atlanteren, 31.10.1968

30

«Silja» (kollisjon)

Middelhavet, 24.7.1969

20

«Meteor» (brann/eksplosjon)

British Columbia, 22.5.1971

32

«Norse Variant»

Nord-Atlanteren, 22.3.1973

29 (26 nordmenn)

«Anita»

Nord-Atlanteren, 22.3.1973

32

«Gaul» (britisk)

Nordkappbanken, 8.2.1974

36

«Baune» (kollisjon/brann)

Mississippi-elva, 18.1.1974

15

«Berge Istra»

Sørkinahavet, 30.12.1975

30 (13 nordmenn)

«Frosta» (kollisjon)

Mississippi-elva, 20.10.1976

8 (amerikanarar)

«Berge Vanga»

Sør-Atlanteren, 29.10.1979

40 (9 nordmenn)

«Scandinavian Star» (brann)

Skagerrak, 7.4.1990

159 (136 nordm.)

«Leros Strength» (polsk)

Utanfor Rogaland, 8.2.1997

20

«Sleipner»

Sletta, 26.11.1999

16

«Rocknes»

Vatlestraumen, 19.1.2004

18 (1 nordmann)

«Bourbon Dolphin»

Nordsjøen, 12.4.2007

8

* Før 1946 er berre eit utval av dei større ulykkene medrekna. For minesprengde skip, sjå kapitlet om krigsulykker.

173


188


10. J E R N BA N E U LY K K E R Sidan 1854 har tog tøffa framover på norske jernbanelinjer. Toget har vore eit trygt framkomstmiddel her til lands, og det har skjedd heller få dramatiske hendingar. Men heller ikkje jernbanen er risikofri, og fleire gonger har kollisjonar ført til katastrofale ulykker i sporet.

Den første store norske jernbaneulykka Det har vore ei festhelg i Trondheim. Dovrebanen – landets nye og moderne stambane frå nord til sør – har blitt høgtideleg opna med seremoniar og arrangement i stor stil. Ei rekkje prominente personar har vore til stades – kong Haakon, kronprins Olav, fleire regjeringsmedlemmer og stortingsrepresentantar, og sjølvsagt pressa. No er feiringa slutt, og mange av gjestene skal tilbake til hovudstaden. Eit unntak er kongen og hans følgje, som skal vere igjen i Trondheim nokre dagar. Eit ekstratog med sju sovevogner er sett opp for å ta med dei som skal til Kristiania. Klokka er 23.54 sundag kveld 18. september 1921 då toget sig ut frå stasjonen, ni minutt forseinka. Ikkje langt unna er daghurtigtoget frå Tynset på veg i motsett retning. Dette toget skal eigentleg stoppe på kryssingssporet Marienborg eit par kilometer sør for Trondheim stasjon. Men toget stoppar ikkje, det held fram vidare og ut att på hovudlinja mot Trondheim. Kort tid etter ser lokføraren lysa frå ekstratoget som kjem imot gjennom Nidareidtunnelen. Han fløytar alt han kan, og set på full brems. Men ekstratoget er inne i tunnelen, og røyken frå lokomotivet gjer To gulykk a ve d Nidar e i dt u n n e l e n i Trondheim 18. september 1921 var den verste i norsk jernbanehistorie til då. Seks personar omkom og tretten vart skadde då to tog støytte saman rett sør for tunnelen. Nordgåande tog skulle eigentleg ha venta ved Marienborg, men føraren hadde ikkje oppfatta denne beskjeden. foto: Alf S ch r ø de r / Tro n dh e i m Bya r k iv

189


15. O L J E U LY K K E R På 1970-talet blei Norge ein oljenasjon, og takka vere energiformuen på havbotnen er vi eit av verdas rikaste land. Men oljevelstanden har hatt sin pris – produksjonen til havs føregår under svært vanskelege og risikable naturforhold, og oljen kan øydeleggje mykje ved utslepp både under produksjon og transport. Trass i mange tryggleikstiltak, har det skjedd stygge ulykker både på kontinentalsokkelen og langs kysten, både med tap av liv og forureining som følgjer.

Katastrofen på Ekofiskfeltet Det er styggevêr i Nordsjøen. Vinden bles med storm i kasta, og bølgjene nærmar seg åtte meters høgde. Arbeidarane om bord på den flytande bustadplattforma «Alexander L. Kielland» har fått merke vinden godt på vegen over gangbrua som knyter «Alexander L. Kielland» saman med produksjonsplattforma «Edda 2/7 C». No er eit skift nettopp slutt. På grunn av uvêret blir gangbrua heist om bord i «Alexander L. Kielland», og plattforma blir forhalt litt vekk frå «Edda». Om bord på plattforma er stemninga god. Svoltne menn nyt god mat i den varme messa. Ein del sit i kinosalens mørke og ser film, mens andre sit på lugaren og spelar poker. Det er godt å ha ein pause frå det harde arbeidet på boredekket på «Edda». Brått høyrest nokre kraftige smell som får heile «Alexander L. Kielland» til å skjelve. Lyset blir borte, og plattforma krenger brått over. Dørken forsvinn under føtene på folk, og møblar og menneske Al exande r Kie ll an d- p l attfo r ma kort tid etter kantringa 27. mars 1980. Berre pontongane er synlig over vasskorpa. Ved sida av ligg dykkarfartyet «Seaway Falcon». Plattforma var i drift, og ein frykta at den skulle skade røyrleidningar. Foto : F i n n E r i k St r ø mb e r g /Aft en pos t en /

263


271


NO RS KE U LY KKE R O G K ATASTROFA R ISBN 978-82-7959-191-7

gaute losneg책rd

NORSKE ULYKKER OG KATASTROFAR


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.