Issuu on Google+

N OMI N E RT TI L D E U TSC H E R BUC H P R E I S 2 011

Men jenta veks opp i ein familie i oppløysing. Mora orkar ikkje å vere mor, og den alkoholiserte faren er fråverande. Broren er for liten til å gi opp håpet om at alt ein dag skal bli betre. Jenta prøver å rømme frå det som omgir henne: familien sitt tyranni, dei systemtru lærarane, den autoritære staten.

*** «Ein av dei mest radikale og rørande oppvekst­ romanane i det tyske språket. Ingen tvil: Jenta til Angelika Klüssendorf er ei heltinne for vår tid.» ALEXANDER C AMMAN, Die Zeit

ISBN 978-82-7959-189-4

f o rfat tarfo to : Hans Peter Scha efer

j e nta

A nge l i k a K lü s s en do rf (f. 1958) er fødd i Ahrensberg (Hamburg) og er i dag busett i Berlin. Frå 1961 til ho utvandra til Vest-Berlin i 1985, budde ho i Leipzig i Aust-Tyskland. Klüssendorf var ein aktiv motstandar av DDR-regimet og ein av redaktørane bak det opposisjonelle, handlaga litteraturtidskriftet Anschläge. I 1990 debuterte ho som forfattar og har sidan utgitt fleire romanar og novelle­samlingar. Klüssendorf har motteke fleire stipend og prisar.

I forfattaren Angelika Klüssendorfs litteratur møtest ytterpunkta, det sterke treff det svake, det støyande det stille. Jenta er skjør og samstundes brutal, historisk og aktuell.

a nge li k a k lü sse ndorf ·

I Angelika Klüssendorfs kritikarroste oppvekst­ roman frå DDR møter vi ei namnlaus tenåringsjente. Ho er tøff og den raskaste i klassa i langdistanse. Jenta elskar bøker, kan fortelje historier og får dei andre til å le. Ho er forelska i ein eldre gut, akkurat som dei andre jentene.

ang e li k a k lü sse nd orf

JENTA roman

«Med sin uredde prosa, fortalt i umiddelbar notid, er Klüssendorfs roman ei meisterleg oppvising i presisjon.» Times Literary Supplement «Denne romanen viser korleis ein kan hamne utanfor samfunnet, utan å romantisere den utanforståande si rolle.» Süddeutsche Zeitung «Litteraturen framstår hos Angelika Klüssendorf som eit overlevingsmiddel, noko som kan gi indre støtte.» FRIEDMAR APEL, Frankfurter Allgemeine Zeitung


utgi tt m e d støtte f rå Ghoete-Institut ori g i nalti tte l: Das Mädchen Omslag sf oto: © plainpicture/amigo-pictures O m slag og sats: Øystein Vidnes F ont: Greta Text 11/14,2° papi r : Munken Print 90 g Try kk og i nnb i ndi ng : Spindylus, Kaunas © Sk ald 2013 www.skald.no i s b n 978-82-7959-189-4


Til Anna og Jakob


1

Drit flyg gjennom lufta, streifar greinene på eit lindetre, treffer taket på ein buss som køyrer forbi, landar på stråhatten til ei ung dame, klaskar ned på fortauet. Folk på gata stoppar og ser opp. Sola brenn svovelgult, og det regnar drit, men ikkje frå himmelen. Det er postmannen som først oppdagar kvar det kjem frå, og med overraska og forferda blikk følgjer dei peikefingeren hans mot eit vindauge i tredje etasje av ein bygard. Huset liknar på alle dei andre i gata, sot­flekkar, kulehol frå krigen, murpuss som skallar av. I det opne vindauget dukkar eit jentehovud opp, ein tynn arm strekker seg langt ut, og straks flyg den neste klumpen gjennom lufta. Folk stiller seg ved inngangane og følgjer med på hendinga. Den unge dama held den tilskitna stråhatten langt bort frå kroppen, nokon roper etter politiet, postmannen hoppar til sides idet ein lort fell rett framfor føtene hans. Så slår vindauget igjen med eit brak – eit under at ikkje glasruta blir knust. Etter ei stund dreg folk vidare, kvar til sitt.

7


Det var stinkdyrangrepet, tenkjer ho som står i skuggen av gardinene. I det fjerne rusar ein motor, det er heitt og innestengt, keisemda har breidd seg raskt ut i rommet igjen, som ein gass som kveler pusten hennar. Ho kjenner ei banking bak tinningane, går inn på kjøkenet, vaskar hendene sine og stikk munnen under krana. Jenta er tolv år, broren Alex er seks, dei har vore innestengde i fleire dagar. Toaletta i slike bygardar er alltid ute i gangen, ein halv etasje ned, så det har samla seg ein masse lort i bøtta. Alex sender leikebilane sine nedover strykebrettet, som står skrått opp mot veggen, og ned i ei skoøskje. Ho har lyst til å slå bror sin. I timevis sit han slik, stirer på bilane sine og lagar brummelydar. Ho tek ein bil og kastar han frå den eine handa til den andre – ingen reaksjon. Ho langar ut, og endeleg: Han krøkjer seg saman og ser opp på henne. Kom og leik, seier ho. Han mumlar det vanlege vrøvlet sitt – vil ikkje, la meg i fred – og rikkar seg ikkje. Kom no, seier ho, og denne gongen har stemma ein tone som får han til å lyde. Han følgjer henne inn på soverommet til mora. Ho trekker frå gardinene. På andre sida ligg ein liten verktøyfabrikk. Snart skal mennene ha pause. Ho kler av seg og leiter etter undertøy i skapet til mora, hektar ein BH over det flate brystet sitt, smyg på seg ei raud blondetruse, og snører til linninga så stramt at ho ikkje sklir ned over hoftebeina. Med stumpen av ein leppestift målar ho munnen. Ho tek dei høghæla skoa

8


til mora, klatrar opp på bordet framfor det opne vindauget og stig inn i skoa. Med ei hand på midja ser ho over mot fabrikken. Etter ei stund tek ho handa ned og berre står der. Så snart arbeidarane dukkar opp i vindauget på fabrikken, begynner ho med eit alvorleg smil å dreie på hoftene, slik ho har sett på TV. Ho kommanderer bror sin til å klappe i hendene, høgt, og ho roterer fortare, men mennene glor berre stumt. Då ho hadde ei liknande framsyning i vindauget for nokre dagar sidan, jubla og klappa dei og ropte bravo. Ho stoppar opp ein augneblink, set rumpa opp i lufta. Skam deg, høyrer ho ein mann rope. Sola blendar henne, ho ser ikkje kven som roper, anar ikkje om han er gammal eller ung, om han meiner det alvorleg. Skam, det kjenner ho tydeleg, er meir opphissande enn keisemd. Ho tenkjer på ei stille avsky i mora si stemme når ho høyrer dette ordet. Ho held fram med å bevege seg, med armane ut. Sjølv når mennene for lengst har gått tilbake til arbeidet, dansar ho, med eit uttrykk i ansiktet som om dansen var noko ho gjorde for seg sjølv. Så klatrar ho oppheta ned frå bordet, kastar dei raude lakkskoa inn i eit hjørne. Alex sit på golvet og riv ei avis i små strimlar. Ho ler og seier: No er det din tur. Broren vil ikkje at ho skal kle han ut. Ho tenkjer på korleis mora pryler henne med eit grått lêrbelte og er heilt andpusten etterpå. Ho siktar på panna til broren med fingeren, pang, skrik ho, og ein gong til, pang, pang, pang, og så bankar ho på panna hans, slik ein bankar på ei dør. Kom an, reis deg, seier ho, vi må gjere deg fin. Med resten

9


av leppestiften målar ho sirkelrunde flekkar på kinna hans og smør til leppene hans. Då han prøver å verne seg, fikar ho til han. I auga hans ser ho den same redsla ho kjenner, og det gjer henne rasande. Tei still, freser ho, endå han er stum som ein fisk. Viljelaus lèt han henne kle av han, men då ho prøver å hekte saman BH-en på ryggen, innser ho at det ser latterleg ut, Alex er endå magrare enn ho. Ho høyrer magen sin murre og går inn på spiskammeret og hentar den siste pakken med kavring. Ho stikk ein kavring ned i sennepsglaset, og medan ho tygg, kjenner ho korleis den sterke smaken breier seg velgjerande ut i panna. Ho veit ikkje kva klokka er, timane svevar forbi som skyformasjonar som forsvinn i horisonten. Ho ser på bror sin. Alex med dei lange, blonde krøllene er mora sin yndling. Men det betyr ikkje mykje, for også han kan når som helst falle i unåde, vere ein rampunge, ein bortskjemd lausunge, som må straffast. Han sit på golvet igjen, held rundt beina sine, gyngar frå side til side. Då dei høyrer nøkkelen i låsen, held dei pusten. Straks ser ho leilegheita med mora sine auge. Dei har late alt flyte, det eine rommet er skitnare enn det andre. Mora går sakte forbi dei, utan å sjå på dei. Ho har hjartet i halsen, lukkar auga, eigentleg vil ho berre vekk, og av og til får ho det til.


2

I v it ne må le t h ennar står det at ho har gode evner, men ikkje bruker dei. Ho har alltid den same dagdraumen: I etterkrigstida hjelper ho seg sjølv og broren gjennom hungersnauda som meistertjuv og svartebørsdronning. I skogen bygger ho eit hus av stein eller tre, med peis eller omn – bileta endrar seg, ho innreier det komplett, spiskammeret er fullt av den lekraste mat, i hagen har ho planta grønsaker, om kvelden sit ho og broren ved bordet, dei et poteter som er ferske frå jorda. I friminutta stiller ho seg bort til dei kviskrande, fnisande jentene og lèt som ho høyrer til. Dei siste dagane har dei sunge ein song frå Vest: «Am Tag, als Conny Kramer starb» – jentene kan teksten og syng versa om og om igjen. Ho etterliknar rørslene til dei andre jentene og prøver å leve seg like mykje inn i songen som dei, prøver å sjå like vill ut i ansiktet som dei. Det hender at ho av ivrige lærarar blir erklært som sosialtilfelle og ein av dei betre elevane blir

11


oppnemnd som fadder for henne. Ho må vise henne leksene, tole dei velmeinande orda hennar, la seg såre av viktigperfaktene hennar. Ein gong blir ho invitert heim til ei jente ho har fått som fadder. I det ho helsar på mora til Katrin, stirer ho som fortrolla på dei store naseborene hennar, det ser ut som dei høyrer til på ein hest. På rommet til Katrin skjuler ho misunninga si bak eit flautt flir medan ho ivrig granskar det pent oppstilte jentejuglet på hyllene. Ho seier ja til å leike «Prins og prinsessebryllaup», men då vil ho ha ei gåve. Katrin gir henne eit blått klede med sølvstjerner på. Det er til prinsen, seier Katrin og legg sjølv eit gullsjal om skuldrene. Gir du det til meg? Ho spring eit par skritt, lèt det blå stjernekledet vaie i lufta. Kvifor det? seier Katrin og ser forundra på henne Fordi, seier ho. Det får eg ikkje lov til av mamma. Dette svaret gir henne ein gneiste av håp. Mor di treng ikkje å få vite det, ho prøver å få stemma til å låte samansverjande. Katrin tenkjer seg om, så ristar ho på hovudet. Ho tek til å tigge, gi det til meg, seier ho, eg må ha det. Ho fyk rundt, opp på senga, over golvet og roper: Gi det til meg, ver så snill, ver så snill, gi det til meg, ho svingar kledet som ei fane. Dei jagar kvarandre gjennom rommet, ler høgt og skingrande. Ho forsonar seg med å gå heim utan stjernekledet. Då mora til Katrin opnar døra, ligg dei med heite ansikt på golvet og

12


etterliknar dyrestemmer, ho uler som ein ulv. Mora til Katrin ser på henne med ublide auge og gir dottera beskjed om at det er på tide å sende besøket heim. Katrin lyder med ein gong og følgjer henne til døra. Etter at ho har henta broren i barnehagen, vil ho gjerne få litt meir ut av dagen. Ho bestemmer seg for å teste reaksjonsevna til bilførarane – yndlingsleiken hennar, som ho har funne på sjølv. Ho står på fortaus­ kanten, og rett før ein bil skal køyre forbi henne, spring ho lynraskt over gata. Hittil har Alex vegra seg for å vere med og leike, men i dag følgjer han eksemp­ let hennar og stormar over gata, bremsene kvin og hjartet hennar hamrar.


N OMI N E RT TI L D E U TSC H E R BUC H P R E I S 2 011

Men jenta veks opp i ein familie i oppløysing. Mora orkar ikkje å vere mor, og den alkoholiserte faren er fråverande. Broren er for liten til å gi opp håpet om at alt ein dag skal bli betre. Jenta prøver å rømme frå det som omgir henne: familien sitt tyranni, dei systemtru lærarane, den autoritære staten.

*** «Ein av dei mest radikale og rørande oppvekst­ romanane i det tyske språket. Ingen tvil: Jenta til Angelika Klüssendorf er ei heltinne for vår tid.» ALEXANDER C AMMAN, Die Zeit

ISBN 978-82-7959-189-4

f o rfat tarfo to : Hans Peter Scha efer

j e nta

A nge l i k a K lü s s en do rf (f. 1958) er fødd i Ahrensberg (Hamburg) og er i dag busett i Berlin. Frå 1961 til ho utvandra til Vest-Berlin i 1985, budde ho i Leipzig i Aust-Tyskland. Klüssendorf var ein aktiv motstandar av DDR-regimet og ein av redaktørane bak det opposisjonelle, handlaga litteraturtidskriftet Anschläge. I 1990 debuterte ho som forfattar og har sidan utgitt fleire romanar og novelle­samlingar. Klüssendorf har motteke fleire stipend og prisar.

I forfattaren Angelika Klüssendorfs litteratur møtest ytterpunkta, det sterke treff det svake, det støyande det stille. Jenta er skjør og samstundes brutal, historisk og aktuell.

a nge li k a k lü sse ndorf ·

I Angelika Klüssendorfs kritikarroste oppvekst­ roman frå DDR møter vi ei namnlaus tenåringsjente. Ho er tøff og den raskaste i klassa i langdistanse. Jenta elskar bøker, kan fortelje historier og får dei andre til å le. Ho er forelska i ein eldre gut, akkurat som dei andre jentene.

ang e li k a k lü sse nd orf

JENTA roman

«Med sin uredde prosa, fortalt i umiddelbar notid, er Klüssendorfs roman ei meisterleg oppvising i presisjon.» Times Literary Supplement «Denne romanen viser korleis ein kan hamne utanfor samfunnet, utan å romantisere den utanforståande si rolle.» Süddeutsche Zeitung «Litteraturen framstår hos Angelika Klüssendorf som eit overlevingsmiddel, noko som kan gi indre støtte.» FRIEDMAR APEL, Frankfurter Allgemeine Zeitung


Jenta