Issuu on Google+

isbn: 978-82-7959-069-9

erna osland

bli kjent med fritz som vil hjelpe dyra i afrika, dunja som lærer bestefar å lese, ingrid som er så forelska og mikkel som ikkje liker at broren er forelska. i denne boka er det mange forteljingar. dei er om jenter og gutar. og om bokstavar. for det er bokstavane som får ting til å skje!

d n a l s o a n r e


Til Astrid ***

skald 2011 Illustrasjonar: stIna langlo Ørdal grafIsk desIgn: laIla MjØs / Blæst PaPIr: arctIc VoluMe 130 g trykk: sPIndulys © skald 2011 tlf. 57 65 41 55 www.skald.no 3. opplag

IsBn 978-82-7959-169-6

.....................

Illustrasjon: Stina Langlo Ørdal Grafisk design: Laila Mjøs, Blæst Papir: Arctic Volume 130 g Trykk: Spindulys © SKALD 2011 Tlf 5765 4155 forlag@skald.no www.skald.no ISBN 978-82-7959-169-6

til astrid


innhald

i for ingrid ..... 7 regn ..... 15 tre mandlar p책 nasen ..... 21 fire hender ..... 31 prinsesse p책 hest ..... 39 dyra i afrika ..... 51 ekte lort ..... 63 rett heim ..... 73


tre mandlar p책 nasen


22


Gustav var forelska. Han trudde i alle fall det. Han hadde nemleg aldri vore det før. Men han tenkte at det kunne vere noko slikt som hadde slått ned i han. For om han såg ei viss jente, så hende det same kvar gong: Han blei varm. Han blei kald. Og heilt stum. Av den grunn fekk han aldri sagt henne at han elska henne. Han såg henne kvar dag. Dei tok same buss til skolen. Jenta var på bussen når han kom på, og ho var der når han gjekk av. Men ho såg aldri på han, for ho sat med nasen ned i ei bok. Kvar dag hadde ho ei ny bok. Men den same nasen!

23


Ein nydeleg nase. Med tre avlange frekner. Tre ørsmå mandlar. Verdas finaste frekner, syntest Gustav. Dei vistest forresten berre når han kom heilt nær henne. Og så veldig nær var det best å ikkje komme, kjende han. For da begynte han straks å bli varm. Og kald. Og heldigvis – tenkte han nett da – stum. For elles hadde han vel plumpa ut med litt av kvart. Så han hadde det tryggast litt unna. Når han kom på bussen, sette han seg eit stykke frå henne. Men alltid slik at han kunne sjå henne. Sjå kor ho bøygde seg over boka. Sjå kor mjukt ho bledde. Sjå kor fin ho var. Litt finare for kvar einaste dag, syntest Gustav. Men ein dag klarte han ikkje å la vere. Han sette seg nærare enn han brukte. Han sette seg så nær at han kunne lese tittelen på boka ho hadde med. DEN LØYNDOMSFULLE HAGEN, stod det. Ein hemmeleg hage – var det verkeleg ein hage

24


ho sat og las om? Han skulle gjerne ha gått inn i ein hage med mandeljenta! Men han fekk vel nøye seg med å lese boka? Klassen hans hadde jo bibliotektime i dag, så det kunne ordnast på null komma null. Da han kom på skolebiblioteket, fekk han vite at han måtte vente i to veker på boka om den hemmelege hagen. – Du får komme igjen da, sa bibliotekaren. Men Gustav ville ikkje vente. Han måtte ha ei bok no i dag på bussen heim. Han gjekk langs hyllene. Kva for ei bok skulle han ta? Ho måtte ha ein tittel som passa til ei mandeljente med sin eigen hemmelege hage.

25


Der såg han ei bok som han kunne bruke! FENGSLA, stod det på henne. Dei orda kunne vere noko å halde opp for mandeljenta om ho stakk hovudet ut frå hagen.

Da Gustav kom på bussen, passa han på å setje seg slik at han såg mandeljenta. Så tok han fram boka og gjorde som han las. Og sjølvsagt såg han opp rett som det var. Jenta sat som vanleg og las. Men kikka ho ikkje bort på boka hans? Gustav bøygde seg over boka si ei stund før han plutseleg såg opp på nytt. Jo, ho sat og kikka på han!

26


Ho kikka – så vidt – opp av boka si og rett bort på hans. Men straks ho merka at han såg på mandelnasen hennar, stirte ho inn i boka igjen. Og ho såg ikkje opp igjen, ikkje da han gjekk av bussen eingong! Neste morgon sat ho der igjen. Med ei ny bok. HEILT PASSELEG VILL, stod det på henne. Med eit lite hjarte på! Gustav blei varm. Så blei han kald. Og så blei han glad. For no visste han kva han måtte gjere. Han sette av garde til biblioteket. Han måtte låne ei ny bok. Han måtte gi mandeljenta eit svar! – Boka du venta på, er ikkje kommen tilbake enno, sa bibliotekaren. – Skal eg hjelpe deg å finne ei ny? Gustav takka nei. Han måtte finne ei sjølv, ei som passa til mandeljenta og orda ho hadde halde fram på bussen i dag tidleg.

27


Han tok seg god tid. Og endeleg, der fann han den boka han ville ha. Ho hadde ei jente på omslaget – utan frekner på nasen, men han tok henne likevel. JEG ELSKER DEG! Han gledde seg til å komme på bussen. Han skulle ta opp boka og sitje bak permane og kikke på jenta med mandelnasen.

Ville ho kikke tilbake på han? Ho gjorde ikkje det. Ho sat heilt stille bak si eiga bok. Berre da han gjekk av, gløtte ho forsiktig opp. Og kanskje smilte ho? Det var ikkje godt å seie, for det var berre auga og den øvste frekna på den fine nasetippen hennar som stakk fram. Neste morgon sat ho rett ved døra da han kom inn. Ho sat med ei bok med tittelen skriven på

28


langs. Det var bilde av ein gjeng ungdommar. Tenk at ho las så vaksne bøker! Handa hennar skygde for bokstavane lengst nede. Men ho flytta litt på fingrane så han fekk lese alt. VI BARE GJØR DET Gustav kjende han blei både varm og kald. Og verre blei det da ho strekte handa i vêret og trykte inn stoppknappen! Han lukka auga. Og da han opna dei igjen, hadde ho reist seg. Ho var alt på veg mot døra. Gustav kom seg på beina. Han skunda seg etter henne. Visst ville han komme for seint på skolen! Både ho og han ville komme for seint. Om dei i det heile kom seg på skolen i dag? Bussen kjørte vidare. Gustav stod igjen. Han stod igjen med ei jente med tre mandlar på nasen.

29


isbn: 978-82-7959-069-9

erna osland

bli kjent med fritz som vil hjelpe dyra i afrika, dunja som lærer bestefar å lese, ingrid som er så forelska og mikkel som ikkje liker at broren er forelska. i denne boka er det mange forteljingar. dei er om jenter og gutar. og om bokstavar. for det er bokstavane som får ting til å skje!

d n a l s o a n r e


Kyss ein bokstav