1 minute read

TILSKOT OG ØKONOMI

Noregs Ungdomslag har ein samansett økonomi, finansiert av medlemskontingent, ulike deltakaravgifter, og offentlege drifts- og prosjektmidlar. NU forvaltar Frifondmidlar som laga kan søke på, og vi søker òg om momskompensasjonsmidlar på vegner av lokal- og fylkeslaga. Organisasjonen er godkjend som mottakar av skattefrie gåver.

DRIFTSTILSKOT

Advertisement

Generelt driftstilskot

Noregs Ungdomslag fekk eit generelt statstilskot over budsjettet til Kulturdepartementet, der føremålet er å støtte arbeidet vårt med å skape engasjement og levande lokalmiljø. I 2021 fekk

NU kr. 1 930 000. Dette er ein auke på kr. 240 000 samanlikna med året før. Dette er ein stor auke frå 2020, og kjem av at vi fekk kr. 200 000 i auke til vårt husarbeid, og kr. 40 000 i indeksregulering av tidlegare tilskot.

Barne- og ungdomsarbeid

Noregs Ungdomslag fekk i 2021 kr. 1 503 334 i tilskot frå Barne- og likestillingsdepartementet til barne- og ungdomsarbeidet. Dette er ein auke på kr. 13 671 samanlikna med 2020.

Tilskotet er utrekna etter tal på medlemmer under 26 år og tal på lokallag med minst fem medlemmer under 26 år, og vi får òg støtte utifrå kor mange kurstimar vi har sentralt i denne aldersgruppa.

Teaterarbeid

Noregs Ungdomslag fekk i 2021 kr. 821 954 i tilskot frå Kulturrådet, som har overtatt forvaltninga av denne tilskotsordninga frå Teateralliansen. Dette er ein auke på kr. 16 117 frå 2020, denne auken er lik indeksregulering.

Kompetansehevingstilskot

NU fekk i 2021 tildelt kr. 131 640 frå Studieforbundet kultur og tradisjon til kompetanseheving, ein nedgang på kr. 473 frå 2020. Tilskotet er utrekna etter totalt studietimetal organisasjonen.

Prosjektilskot

Mykje av av arbeidet er finansiert heilt eller delvis av prosjektmidlar og eksterne tilskot. Kvart år sender vi søknader til ulike instansar for å finansiere aktivitet og prosjekt innanfor ulike fagområde.

FRÅ FØREMÅL TILSKOT

Lotteri-og stiftelsestilsynet Stimuleringsmidlar koronapandemien 101 452

Kulturdepartementet Støtte til forvaltning av støtteordning 500 000

Håløyglagets teatergruppe Te-Nord spelte åpningsscena av Hulda Garborgs' teaterstykke Rationelt fjøsstell, i høve 125-årsjubileet til NU.

Foto: Rolf Aleksejunas Øvrum Christensen for Oslo teatersenter

This article is from: