
6 minute read
INFORMASJONARBEID OG INTERESSEPOLITIKK TRYGG ORGANISASJON
NU har alltid arbeidd for ein trygg og inkluderande kultur, og sidan hausten 2020 har vi jobba desto meir med å rette fokus på at NU skal vere ein trygg organisasjon, da det på denne tida kom eit opprop mellom anna Aftenposten om #Metoo i folkemusikkmiljøet.
I 2020 oppretta NU verneombod der ein frå styret og ein frå kontoret vart vald ut. Denne ordninga har vi jobba med å utvikle i 2021 slik at lag og medlemmer skal kunne ha trygge personar å kontakte dersom dei opplever uønskt åtferd eller treng råd og tips frå nokon nøytrale personar. Ordninga vil bli endå meir utvikla i 2022 med rutinar for varsling mm.
Advertisement
Vi har gjennom året samarbeidd godt med FolkOrg og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) på dette området for at vi i fellesskap skal jobbe for trygge organisasjonar og trygt miljø for våre medlemmer og lag. Hausten 2021 sendte vi saman ut ei undersøking til alle medlemmer organisasjonane der føremålet var å kartlegge førekomst av uønskt eller grenseoverskridande åtferd dei siste fem åra. Undersøkinga vart gjort av Opinion. Frå NU svarte 625 personar, litt færre enn frå FolkOrg.
Resultatet viser at heile 15 prosent har opplevd uønskt eller grenseoverskridande åtferd dei siste fem åra.
På bakgrunn av resultatet frå denne undersøkinga, vil vi halde fram med å jobbe for ein trygg organisasjon og bruke også 2022 til å utvikle ressursar for laga våre rundt dette særs viktige temaet.
Informasjonskanalane til Noregs Ungdomslag har vore medlemsbladet Ungdom, Facebook og nyheitsbrev til tillitsvalde lokallaga og fylkeslaga. I tillegg har nettsidene ungdomslag.no, sommarleiren.no, folkepedia.no og husetibygda.no vore i aktiv drift. NU er òg med på å administrere nettsida bunadbruk.no. Det er ei heimeside som er laga i høve prosjektet med å nominere den allmenne bunadbruken i Noreg til UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv. Etter ei felles statusoppdatering, har administrasjonen vorte samde om å legge sida ungdomshus. no på is, da den per no ikkje gir ein god oversikt over ungdomshusa.
Landsmøtet i 2021 vedtok at NU ikkje lenger skal gi ut medlemsbladet Ungdom fire gongar i året. Dei frigjorde ressursane skulle fordelast på nytt med eit mål om å gi fleire medlemmer i Noregs Ungdomslag betre informasjon via andre kanalar. Dette inkluderer eit årleg magasin som går ut til alle medlemmene, med både reportasjeinnhald og informasjon frå årsmeldinga. Vi har halde fram å kalle dette årlege magasinet for Ungdom. Den elektroniske utgåva av Ungdom frå 2021, ligg på issuu. com/noregsungdomslag.
Samarbeidet med Norsk Barneblad har halde fram, der barnemedlemmer i NU mellom 6 – 14 år får tilsendt Norsk Barneblad fire gongar i året, om dei ønsker det. Det er bestemt å slutte med eige innstikk i Norsk Barneblad, og det var derfor ingen utgivingar med eige innstikk 2021.
Det vart i 2021 sendt 24 nyheitsbrev (i 2020: 31). Det er framleis eit høgare tal enn eit normalår, grunna behovet for informasjon knytt til korona-pandemien.
SOSIALE MEDIUM
Noregs Ungdomslag er på desse flatene i sosiale medium:
– Facebook blir brukt til å formidle saker frå nettsida, å informere om arrangement, tillegg til at det blir lagt ut bilde frå arrangement og annan relevant informasjon til følgarane. Ved utgangen av 2021 hadde Noregs Ungdomslag 2 982 følgarar (2 911 følgarar på Facebook utgangen av 2020). I tillegg til FB-sida Noregs Ungdomslag, har vi òg eigne Facebook-sider for Sommarleiren, Folkepedia og Huset i Bygda.
– Instagramkontoen @ungdomslag blir brukt til å dele bilde, gjerne frå aktivitetar eller artig arkivmateriale. På slutten av året hadde Noregs Ungdomslag 1 185 følgarar.
I tillegg har NU eigen Instagram-profil for @sommarleiren, samt at vi er med på å drifte instagramkontoen @bunadbruk.
– Snapchat: Noregs Ungdomslag har ein Snapchat-konto med brukarnamnet «ungdomslag». Denne blir primært brukt til å kommunisere med sommarleir-deltakarar.
– Flickr: Bildealbum frå større arrangement blir lagde ut på Flickr-kontoen til Noregs Ungdomslag.
– Vimeo.com og YouTube: Videoar som blir produserte av Noregs Ungdomslag blir lagde ut i vår eigen kanal på Vimeo. com og YouTube.
– NU brukar emneknaggen #levandelokalkultur.
Interessepolitikk
Då koronapandemien kom til Noreg mars 2020, fekk det kraftige konsekvensar for alle ledd av organisasjonen vår. Spesielt prekært var det for lokallaga som plutseleg mista utsiktene sine til driftsinntekter på ubestemt tid. I samarbeid med HiB, Musikkrådet og Kulturalliansen innhenta vi raskt informasjon frå laga våre og mange teikna eit dystert bilde av lagsøkonomien. Sjølv om kompensasjonsordning for frivillige lag og organisasjonar kom på plass i 2020, har det vore naudsynt å bruke mykje tid på kontakt med styresmaktene også i 2021.
I forkant av Stortingsvalet analyserte vi partia sine partiprogram for stortingsperioden 2021 – 2024. Vi studerte m.a. partiprogramma og rangerte kva parti som hadde best politikk for frivilligheita. HiB - Vestland arrangerte også møte med Vestland fylkeskommune og ulike politiske parti, Kulturalliansen og Vellenes fellesorganisasjon Her deltok òg generalsekretæren NU. Tema var kulturbygg.
15. april deltok NU og HiB stortingshøyring om den nye barne og ungdomsmeldinga: Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og
125-ÅRSJUBILEUM
Mange av lokallaga NU fekk støtte til å halde lokale jubileumsarrangement 2021, og det var stor variasjon og mykje kreativitet i arrangementa. Her ser du glimt frå feiringane til Leikarringen Symra, Mjeldalen Ungdomslag og Iveland UL.
Lansering av koronastøtteordning på 5 000 000,- til samvirkeeigde hus. NU og Huset i Bygda var ein sterk pådrivar for å få til denne ordninga. Her er dagleg leiar av Grorud samfunnshus Steinar Arnesen, kulturminister Abid Raja og generalsekretær i NU Kai Roger Vatne.
unge (Meld. St. 18 (2020-2021). Her var HiB spesielt opptatt av å ha ein stad å utøve aktivitetar er viktig for utviklinga av lokalt kulturliv og å gi gode tilbod til barn og ungdom. Gode fysiske møteplassar medverkar difor til gode kultur- og fritidstilbod, samhald og til identitet knytt til heimstaden. Samstundes motverkar manglande satsing på organisasjonseigde kulturbygg dette.
20. juni deltok generalsekretær, Kai Roger Vatne, saman med Frilynt og Norsk Amatør teaterforbund i eit møte med Kultur rådet for å diskutere støtteordningane til amatørteaterfeltet, og spesielt støtteordninga til nasjonale aktørar som ikkje fungerer og ikkje har hatt auke i tildelingane dei siste åra. Vi hadde fokus på at ein bør gjere endringar i ordninga som gjer den meir føreseieleg og rettferdig for dei som får midlar.
3. august hadde generalsekretær, Kai Roger Vatne, og Christoffer Knagenhjelm møte med kulturdepartementet for å snakke om støtteordning for organisasjonseigde bygg som er organisert som samvirke eller andelslag, då desse ramlar utanfor dei støtteordningane som finst til frivilligheita. Det var då einigheit om at NU skulle forvalte denne ordninga på vegner av Kulturdepartementet og at støtte ordninga skulle vere på 5 000 000,- kroner. Ordninga blei offentleggjort i eit møte med Kulturminister Abid Raja og Noregs Ungdomslag på Grorud Samfunnshus, som var eit av husa som ikkje kunne søke på den ordinære kompensasjonsordninga til Kulturdepartementet.

9. november deltok både NU og Huset Bygda på innspelshøyring til statsbudsjettet for 2022. Her var vi opptatt av speloverskot til kulturformål, momskompensasjon til kulturhus og kartlegging av organisasjonseigde kulturhus. NU og HiB var òg invitert på felles status og innspelsmøte for idrett og frivilligheit 20. desember. Her trakk Christoffer Knagenhjelm m.a. fram slitasje blant frivillige lag og organisasjonar som følgje av koronapandemien, behov for stabilitet og straumkompensasjon.

18. november deltok generalsekretær, Kai Roger Vatne, og Christoffer Knagenhjelm på kulturkonferansen til Vestland fylke. Her hadde dei felles innlegg om organisasjonseigde kulturhus, levande lokalsamfunn og kor viktig husa er for lokale kulturaktivitetar.

Forutan koronaarbeidet vart det i 2021 levert høyringssvar om:
– Høyringsinnspel til stimuleringsordning i koronakrisa.

– 19. mars: Felles purring på statleg strategi for folkemusikk og folkedans sendt frå representantskapet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

– 20. mars: Både NU og HiB hadde høyringsinnspel til Barne og Ungdomskulturmeldinga.
– Skriftleg innspel til Kulturrådet om driftstilskot til amatørteaterfeltet

– Skriftleg høyring til Statsbudsjettet 2022
– Skriftleg høyring til endringar i grunnstøtta for frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar
– Brev til Kulturdepartementet frå NU, Frilynt og NATF om utfordringar med støtteordningane til Nasjonale aktørar innan amatørteaterfeltet, og krav om endringar av kriteriar (oktober 2021)
– Innspel til Norges andre periodiske rapport om arbeidet med konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven av 2003 til UNESCO i 2021.
I 2021 deltok Noregs Ungdomslag på fire innspelsmøte om støtteordningar til frivilligheita regi av Frivillighet Norge, vi hadde to møte med Kulturministeren, vi deltok på to høyringar på stortinget, vi hadde eit møte med Kulturrådet og vi hadde eit møte med Kulturdepartementet.
I tillegg til dette jobba vi tett saman med Kulturalliansen, Frivillighet Norge og LNU for at støtte- og kompensasjonsordningane til frivilligheita skulle bli best mogleg. Arbeidet som Noregs Ungdomslag har gjort i denne perioden har ført til at vi har fått kompensasjonsordningar som har fungert betre for våre lag, og har med anna gitt støtte til tapte leigeinntekter.