2 minute read

Kartlegging av uønskt åtferd i organisasjonen

Opinion har gjort ei undersøking som viser at 11,2 prosent av dei som svara, har opplevd uønskt åtferd i forbindelse med NU-arrangement.

I eit opprop i Aftenposten hausten 2020 uttrykte sentrale personar i folkemusikk og folkedansmiljøet at tida var overmoden for å opne auga for at seksuell trakassering òg skjer vårt miljø. Dei etterlyste at miljøet grip inn og tek ansvar, og det vart mellom anna sett gang ei undersøking for å kartlegge omfanget. No er resultata av spørjeundersøkinga klar.

Advertisement

Denne undersøkinga vart gjort av Opinion i samarbeid med FolkOrg og Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Alle medlemmer knytte til ein eller fleire av desse organisasjonane vart inviterte til å delta i undersøkinga.

Det var til saman 1 306 personar som svarte på spørjeundersøkinga. Av desse svara 625 at dei var knytte til Noregs Ungdomslag.

Av desse var det 70 personar frå NU som har opplevd uønskt åtferd i løpet av dei fem siste åra. Dette svarer til 11,2 prosent av dei som deltok i undersøkinga.

KVAR OPPLEVER NU-MEDLEMMER UØNSKT ÅTFERD?

Når vi ser på svara om kvar folk har opplevd uønskt åtferd, ser vi tydeleg at FolkOrg sine medlemmer i større grad svarer større arrangement, medan flest av NU sine medlemmer har opplevd denne åtferda på lokalt nivå eller fylkesnivå. Dette er kanskje ikkje overraskande, sidan FolkOrg sine arrangement som oftast er større og trekker til seg fleire folk.

Det er likevel påfallande at respondentar frå alle miljøa har høg treffprosent kategorien “anna”.

31 prosent av NU-medlemmene har svara at den uønskte åtferda var stadfesta som “anna”, og kor den uønskte hendinga da har skjedd, veit vi ikkje. Det kan vere private arrangement med same folk som i miljøet, eller arrangement som ikkje har vorte plukka opp av dei 14 andre kategoriane ein kunne velje mellom.

Eit gjennomgåande problem som undersøkinga har avdekt, er mangelen på informasjon om korleis ein melder frå om uønskt åtferd. Heile 50 prosent av NU-medlemmene svarer at dei ikkje veit korleis dei skal varsle dersom dei opplever noko uønskt.

Korleis Prate Om Det Lokalt

Verneomboda har ei rekke tips til korleis ein kan ta opp temaet varsling og tryggleik lokallaga. Mellom anna skal det lagast plakatar med NU sine etiske retningslinjer på, som lokallaga kan henge opp på sine møteplassar.

– Lokallaga må tørre å prate om desse tinga når dei startar opp aktivitetane, tørre å løfte det opp lokalt og drive med bevisstgjeringsarbeid, seier Moen.

Dei to verneomboda meiner at viss ein er flinke med å opplyse byrjinga, så vil det etter kvart bli meir naturlege varslingsrutinar, og fleire vil vite kva dei skal gjere.

Hauknes, verneombod

Foto:

Verneomboda

Arbeidet med å få på plass verneombod i NU starta hausten 2020. Verneomboda er til for at medlemmene skal ha kontaktpunkt dersom ei sak er vanskeleg å løyse lokalt, eller om ein treng råd for korleis ein skal ta ein sak vidare.

Solveig Brekke Hauknes og Bjørn Arve Moen er dei første verneomboda i NU, og dei vart valde inn i november 2020. For dei er det viktig at alle medlemmer og lag veit at dei kan ta kontakt med dei.

– Det treng ikkje nødvendigvis å vere eit varsel for å ta kontakt med oss, det kan òg vere spørsmål eller berre at ein treng hjelp til å komme vidare med ei sak, seier Moen.

Brekke Hauknes understrekar at dei er der for å lytte og høyre på dei som tek kontakt med dei, og at dei saman med den som tar kontakt, finn ut kva ein bør gjere vidare.

– Alt som kjem til oss er konfidensielt, og vi gjer ingenting utan at den som tek kontakt vil det – med mindre det gjeld veldig graverande saker som må varslast for til dømes politi, seier ho.

Målet til verneomboda og NU er at alle medlemmer skal vere trygge i miljøet. Da må ein løfte opp temaet i lokallag og til medlemmer, slik at alle veit korleis ein kan førebygge uønskt åtferd, men òg korleis ein kan varsle eller finne trygge personar å prate med dersom ein opplever noko.

This article is from: