4 minute read

MØTESTADER

SOMMARLEIREN

Styret vedtok å avlyse Sommarleiren 2021 på grunn av koronasituasjonen. Leiren skulle ha vore på Trøndertun Folkehøgskole i Melhus første veka i juli. Det blir jobba med Sommarleiren gjennom heile året. Sommarleirutvalet samarbeider med administrasjonen om å planlegge kurs, tema og aktivitetar for leiren. Sommarleirutvalet har bestått av Nina Byttingsmyr (leiar), Ida Haugen Skulstad, Neri Bakkjen, Ørjan Johannesen Larsen og Cathrine Ringsrud.

Advertisement

Administrasjonen har kunna prioritere å bruke tid på å legge grundige planar og starte arbeidet med Sommarleiren 2022 i god tid.

Da NU har avlyst sommarleiren to år på rad grunna koronasituasjonen, vedtok styret at ein skulle arrangere ei haust samling for ungdom i 2021. Vi gjekk inn i eit samarbeid med samlinga dei arrangerer for ungdom: HilmarUNG. NU skulle her bidra med fire kurs: impro, SFX-sminke, swing og

Gisund Leikarring

Gisund Leikarring markerte 125-årsjubileet til NU med å dramatisere eventyret ”Ringelihorn”, fritt etter Regine Normann. I framsyninga brukte dei musikk frå folkeviser og runddans-slåttar – som Bendik og Årolilja, Bukkevisa, Ridum ridum, Katta låg pun omna, vals, polka, reinlender og marsj. Tenåringen Kaja var med og spelte prinsen. I framsyninga deltok òg ballettdansarar frå Senja kulturskole.

Leikarringen fortel om stor aktivitet undervegs i arbeidet og mange trivelege øvingar i lag, der dei kom seg gjennom koronatida utan å miste medlemmer.

UngtDemokrati. Grunna manglande påmelding til desse kursa, vart dei dessverre avlyste.

NORDLEK 2021

Etter planen skulle det ha vore NORDLEK-stemne i Tammerfors (Tampere) Finland denne sommaren. Grunna COVID-19 vart det allereie i 2020 bestemt at stemnet vart avlyst og flytta til 2026 saman med BARNLEK Finland.

NORDLEK 2024

I 2021 vart det bestemt at Arendal skal vere stemnestad for det nordiske folkedansstemnet NORDLEK i 2024. Aust-Agder Ungdomslag blir lokal arrangør av stemnet. Det har i 2021 vore jobba med eit forprosjekt for å sette gang arbeidet med å planlegge stemnet, det har vore mange møte med kommunen i Arendal og det har vore arbeidd med å finne personar som vil vere ein del av hovudkomiteen samt ta på seg andre roller stemnet.

KVEN VEIT?

Kven veit? er ei landsomfattande kunnskapstevling for alle over 14 år. I 2016 vart administrasjon av tevlinga sett ut til kontoret til Huset i Bygda Sogn og

I 2021 deltok 52 tevlande lag frå 26 medlemslag. Vinnar var Teaterlaget i BUL Oslo. Stadige nedstengingar grunna korona-pandemien vanskeleggjorde gjennomføringa for einskilde lag. Dette medverka til at 12 lag fordelt på sju lokallag fullførde ikkje tevlinga i 2021. Til samanlikning var det 2020, 66 lag frå 30 ulike medlemslag som fullførde tevlinga, mens eit lag trakk seg grunna covid-19 – pandemien.

TEMA KVEN VEIT: NU 125 ÅR!

Kven veit? er ei tradisjonsrik kunnskapstevling i regi av Noregs Ungdomslag. I

2021 var den 58. gongen tevlinga vert gjennomført. I strategien for sentrale tilskipingar er det fastsett at Kven Veit? skal vere ei kunnskapstevling som aukar interessa og kunnskapen om aktuelle tema. I 2021 var temaet NU 125 år og deltakarane vart testa på alt frå skipingsdagen til NU, brasiliansk kaffi, rokokko-moten i Europa og kven som skreiv spelstykket Rationelt Fjøsstell.

125-ÅRSJUBILEUM

I 2021 kunne NU feire 125 år som organisasjon. Dette vart markert på fleire ulike vis, og vi skulle gjerne gjort meir dersom vi ikkje hadde vore bundne av ei rekke smitteverntiltak. Dette vart gjennomført:

MINNESAMLING Som ein del av feiringa, vart det oppretta ei side på minne.no der kven som helst kunne legge inn sine minne frå ungdomslaget. Det vart lagt inn seks minne i 2021. Sida er framleis open og personar kan fortsette å dele minne i tida framover.

LOKALE JUBILEUMSARRANGEMENT

Styret NU vedtok å sette av pengar som skulle fordelast til lag som ville arrangere lokale jubileumsarrangement i løpet av hausten. Alle lag kunne søke om midlar mellom 2 000,- og 20 000,-. 25 lag fekk tildelt tilskot på totalt 261 500,-. 21 lag gjennomførte arrangement i 2021, medan to lag fekk utsett gjennomføring til 2022.

SKIPINGSDAGEN 12. JULI

For å markere skipingsdagen til NU vart alle lag og hus oppmoda om å heise flagget til topps denne dagen. Sidan vi ikkje kunne treffast fysisk til ein stor fest, vart det sendt ei digital helsing frå leiar Torbjørn Bergwitz Lauen denne dagen. Det vart laga ein film på åtte minutt med tale spelt inn på Kaffistova og i BUL Oslo sitt lokale.

JUBILEUMSBOK

Med jubileum høyrer det sjølvsagt med å gi ut ei ny bok om alt det spennande som har skjedd dei siste åra. Boka “Levande lokalkultur – Noregs Ungdomslag 19962021” summerer dei siste 25 åra etter 100-årsjubileet. Det er Jan Kløvstad som har lagd ned det store arbeidet med å lage denne boka på heile 530 sider. Boka vart lansert på landsrådsmøtet vårt oktober. Boka “Kaffikoppens kulturelle kraft” vart også lansert rundt same tid.

Rationelt Fj Sstell

I samband med jubileet fekk vi forfattar og dramatikar Olaug Nilssen til å skrive ein moderne versjon av manuset “Rationelt Fjøsstell” som opphaveleg vart skrive av Hulda Garborg i 1896, skipingsåret til NU. Dette er eit av det mest populære stykka i ungdomslaga, og gjennom nyskrivinga håpa vi å kunne inspirere fleire lag til igjen å ta i bruk manuset. Ein smakebit på stykket vart vist under Landsrådsmøtet oktober av gruppa Te-nord.

Eg Ser P Deg

I 2020 fekk vi tilsegn på søknad til Kulturrådet si tingingsverkordning om å lage ny musikk til jubileet. Vi fekk med oss komponistane og utøvarane Jorun Marie Kvernberg, Knut Sævik og Runar Gudnason. Saman laga dei ein heilt ny låt med songtekst som skulle vere med å feire 125-årsjubileet. Låta vart kalla “Eg ser på deg” og vart lansert digitalt november 2021, noko forsinka grunna pandemien. I tillegg fekk vi med oss koreograf og dansar Sigurd Johan Heide til å lage ein heilt ny dansekoreografi til denne låta. Dansen fekk vi spelt inn på film med 11 dansarar frå ulike NU-lag. Målet er at alle skal kunne vere med å danse “Eg ser på deg” slik at den blir brukt rundt i heile landet, og at vi kan lage nye filmar av dansen med fleire lag som tek dansen i bruk.

Gro Raatama brenn for folkekulturen i Lakselv. Rekruttering står høgt på ønskelista.

Foto: Tone Ingvaldsen

This article is from: